SAMNANGER KOMMUNE 1 av 17 MØTEINNKALLING Utval: Kommunestyret Møtedato: 06.11.2013 Møtetid: 14:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller ugildskap må meldast snarast råd til ekspedisjonen (tlf. 56 58 74 00 eller e- post postmottak@samnanger.kommune.no ), som vil kalla inn varamedlem. I denne innkallinga kjem det to tilleggssaker som også skal opp til handsaming i møtet 06.11.2013. Hovudinnkallinga vart sendt ut 30.10.2013. Ordførar 1
2 av 17 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 057/13 09/164 Tilslutning av nye deltarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd 058/13 09/507 Bir Privat - renovasjonsavgift 2014 Oversikt faste saker Godkjenning av innkalling og sakliste Eventuelle merknader til protokoll frå førre møte Delegerte vedtak/referatsaker Utvalet sitt kvarter 2
SAMNANGER KOMMUNE 3 av 17 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Arnved Soldal Lund Arkivkode: FE-026, FA-C20 Arkivsaksnr: 09/164 Løpenr: 13/5433 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Formannskapet 22.10.2013 042/13 ASL Kommunestyret 06.11.2013 057/13 ASL TILSLUTNING AV NYE DELTAKARKOMMUNAR I BERGEN OG OMLAND FRILUFTSRÅD 22.10.2013 FORMANNSKAPET Handsaming i møtet: Marit Asse (Krf) sette fram følgjande framlegg: Samnanger kommune støttar at Kvam og Osterøy vert nye deltakarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd. Samrøystes vedteke. FORM-042/13 VEDTAK: Samnanger kommune støttar at Kvam og Osterøy vert nye deltakarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd. Dokument som er vedlagt: Førespurnad om å gjenomføre vedtak i samanheng med godkjenning av Kvam og Osterøy kommunar som nye deltakarkommunar i BOF. Kva saka gjeld: Kvam herad og Osterøy kommune har søkt om opptak i Bergen og Omland Friluftsråd. 1
4 av 17 I vedtektene for BOF heiter det i 1 Tilslutning frå nye deltagerkommuner må godkjennes av årsmøte og kommunestyrene i alle deltagerkommunene Styret i BOF legg opp til å gjennomføra handsaminga og vedtak i alle deltakarkommunane før årsskiftet slik at årsmøte i 2014 kan gjera endeleg vedtak. Vurderingar og konsekvensar: Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) sitt formål er å samarbeide med deltakarkommunane, offentlege einingar og interesseorganisasjonar for å: sikre, tilrettelegge og drifte friluftsområde til allment bruk, og å skapa større forståing for friluftslivet sin betyding, betre friluftslivkulturen og spreiing av friluftsliv. I førespurnaden frå BOF var det ikkje informasjon om kva det vil innebera dersom Kvam herad og Osterøy kommune vert deltakarkommunar. I dei oppgåvene som er skildra i BOF sine vedtekter vil ei auke i deltakarkommunar kunne vera positiv. Ein større organisasjon har større høve til å få gjennomført dei oppgåver dei har. Organisasjonen kan òg få meir tyngde i sitt arbeid. BOF vil òg få meir inntekter i form av medlemskontingent, men òg fleire friluftsområdar å drifta. Styre i BOF har handsama spørsmålet og oppmodar kommunestyret i deltakarkommunane til å gje si tilslutnad til at Kvam herad og Osterøy kommune vert nye deltakarkommunar i Bergen og Omland Friluftsråd. 2
5 av 17
SAMNANGER KOMMUNE 6 av 17 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kenth P. Opheim Arkivkode: FE-231 Arkivsaksnr: 09/507 Løpenr: 13/4808 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Formannskapet 22.10.2013 040/13 KPO Kommunestyret 06.11.2013 058/13 KPO BIR PRIVAT - RENOVASJONSAVGIFT 2014 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Samnanger kommune (SK) vedtek at BIR AS delegerast fullmakt til fakturering og innkrevjing av avfallsgebyret på vegne av SK, jfr 11 i Forskrift og handtering av hushaldningsavfall. Avfallsgebyret tilhøyrar SK. 2. SK vedtek at prisen på renovasjonstenesta vert uendra for 2014. Beløpet for ein minimumskunde vert då kr. 1520,- for 12 tømmingar, 6 tømmingar pr halvår + eit tillegg på kr 26,- pr. restavfallstømming utover dette. Alle prisar er ekskl. mva. 22.10.2013 FORMANNSKAPET Handsaming i møtet: Samrøystes vedteke. FORM-040/13 VEDTAK: 1. Samnanger kommune (SK) vedtek at BIR AS delegerast fullmakt til fakturering og innkrevjing av avfallsgebyret på vegne av SK, jfr 11 i Forskrift og handtering av hushaldningsavfall. Avfallsgebyret tilhøyrar SK. 2. SK vedtek at prisen på renovasjonstenesta vert uendra for 2014. Beløpet for ein minimumskunde vert då kr. 1520,- for 12 tømmingar, 6 tømmingar pr halvår + eit tillegg på kr 26,- pr. restavfallstømming utover dette. Alle prisar er ekskl. mva. 5
7 av 17 Dokument som er vedlagt: BIR Privat budsjett 2014 Finansiering av bossug i Bergen over andre BIR-kommuners avfallsgebyr.pdf Kva saka gjeld: Frå det interkommunale renovasjonsselskapet BIR har me fått oversendt framlegg til satsar for renovasjonsavgift for 2014. Det er gjort framlegg om å halda uendra satsar, dvs. at det er ein reell nedgang i prisane. I vedlegg er det gjort greie for kva som er tenkt gjennomført i 2014 og kva som er status for BIR privat. Eigarkommunane i BIR har nyleg fått oversendt skriv frå Norsk Industri der dei hevder at vedtaka om renovasjonsavgifta i dei einskilde kommunane er ulovleg. Dei grunngjev dette med at det ikkje er lovleg at innbyggjarane i dei andre kommunane betaler for drift og investering av boss-suget i Bergen. Sjå vedlegg. Vurderingar og konsekvensar: Når det gjeld skrivet frå Norsk Industri vil dette verta handsama som eige sak. Rådmannen har vore i kontakt med BIR som vil koma med ei med ei tilbakemelding om vidare arbeid med dette. Dersom det vert konsekvensar for fastsetting av avgifta i 2014, får me koma attende til dette. 6
8 av 17
9 av 17
10 av 17
11 av 17
12 av 17
13 av 17
14 av 17
15 av 17
16 av 17
17 av 17