VESTNES KOMMUNE. Permisjonsreglement. Politisk behandla: møtedato: utvalgssak:



Like dokumenter
Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet Behandling: Framlegg utarbeidd i møte: 0 Generelle bestemmelsar

Permisjonar utan løn utover ramma på 12 mnd.

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Geir Inge Lien Leiar SP Randi Bergundhaugen Nestleiar H Astrid Egset Medlem AN

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Mareno Kennet Nakken Medlem FRP FELLESLISTE

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

PERMISJONSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

Nissedal kommune Rådmann

MELAND KOMMUNE PERMISJONSREGELMENT

Permisjonsreglement: Vedteke av kommunestyret i k-sak 30/11 den Saknr. Arkivkode Dato AHE 11/

Permisjonsreglement Gjeldande frå 15. juni 2011

Jølster kommune Permisjonsreglement Gjeld frå I N N H A L D 1.0 GENERELT PERMISJON VED OPPLÆRINGS- OG UTVIKLINSTILTAK...

Permisjonsreglement Sund kommune

PERMISJONSREGLEMENT FOR VÅGSØY KOMMUNE. Vedtatt av ADMU 15.september 2005 Sak 003/05

5. PERMISJONSVEDTEKTER

Balestrand kommune Permisjonsreglement

Permisjonsreglement for Volda kommune

SOGNDAL KOMMUNE. Permisjonsreglement. SOGNDAL KOMMUNE Tenestetorg og IKT

PERMISJONSREGLEMENT FOR AGDENES KOMMUNE

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.

Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 17/64

PERMISJONSREGLEMENT FOR TILSETTE I RADØY KOMMUNE.

Permisjonsreglement for Trysil kommune

P E R M I S J O N S- R E G L E M E N T

SOGNDAL KOMMUNE. Permisjonsreglement. Vedteke i administrasjonsutvalet Revidert desember 2008, som følgje av endringar i HTA pr.1.5.

INNHOLD Svangerskapskontrol, Svangerskapspermisjon Omsorgspermisjon, Fødselspermisjon, Foreldrepermisjon,

1. OMFANG - LØNNSANSIENNITET - FERIEPENGER - PENSJONSMEDLEMSKAP

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Permisjonsreglement Vedteke i kommunestyret , sak K 11/66

Permisjonsreglement. Færder kirkelige fellesråd

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

PERMISJONSREGLEMENT FOR ANSATTE I MARKER KOMMUNE

Visma web for leiarar sjukefråvær og permisjonar

Side 1 av 6 PERMISJONSREGLEMENT

I punktene 2.1 til 2.7 nedenfor følger veiledende norm /eksempler på permisjonsgrunner for å kunne innvilge lønnede permisjoner :

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE FOR KOMMUNALE FOLKEVALDE I HAREID KOMMUNE

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Søknad om permisjon fremsendes skriftlig og skal godkjennes av virksomhetsleder.

Permisjonsreglement og retningslinjer

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

PERMISJONSREGLEMENT FOR OPPLAND FYLKESKOMMUNE

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

Permisjonsreglement for Leirfjord kommune

PERMISJONSREGLEMENT HORTEN KIRKELIGE FELLESRÅD

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

HATTFJELLDAL KOMMUNE PERMISJONSREGLEMENT

Permisjonsreglement for Norsk Fosterhjemsforening

Permisjonsreglement for Oppland fylkeskommune. Vedtatt av administrasjons- og likestillingsutvalget i sak 2/2005

Dersom arbeidstaker mener det er fattet vedtak i strid med lov- og avtaleverk, kan skriftlig klage fremmes overfor rådmann.

TYSNES KOMMUNE LIVSFASEPOLITIKK

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset - formannskapssalen Møtedato:

Vedtatt av: Byrådet Vedtatt: Erstatter: Eier/ Byråd for finans ansvarlig:

PERMISJONSREGLEMENT FOR BARDU KOMMUNE(VEDTATT I ADM UTVALGET )

Møteinnkalling TYDAL KOMMUNE. Administrasjonsutvalget. Dato: Administrasjonsutvalgets medlemmer og varamedlemmer.

Permisjonsreglement Vedtak: ADU sak: 11/01 Gjeldande frå:

3.4 Pensjonsordning Ordføraren vert innmeldt i pensjonsordninga for folkevalde i 100 % stilling.

SØR-VARANGER KOMMMUNE

PERMISJONSREGLEMENT FOR ANSATTE I LEBESBY KOMMUNE. Lebesby kommune

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

Reglement for godtgjersle til folkevalde. Vedteke i kommunestyre sak 21/16.

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

Dokumenttype: Dokumenteigar: Dokumentnummer: Versjon: Gjeld for: Handbok Personalsjef RMKS Personalhandboka

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

PERMISJONSREGLEMENT Endringsdato : Versjon nr: 4 Utarbeidet av: HR-enheten

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Permisjonsreglement Bardu kommune 2014

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

PERMISJONSREGLEMENT for Midtre Gauldal kommune. Vedtatt i administrasjonsutvalget. 1 av 7

Overeinskomst HELSE FØRDE HF NORSK SYKEPLEIERFORBUND. Del B : /7. (rvm '/ Affa-

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

Permisjonsreglement. for Dønna kommune. Vedtatt i kommunestyret sak 49/14. Foto: Erlend Haarberg

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

EKSEMPEL PÅ PERMISJONSREGLEMENT Utarbeidet av KA til bruk for KAs medlemmer etter lokalt vedtak

Eventuelle forfall / melding om møtande varamedlem må meldast til Sølvi Legård epost solvi.legard@vaksdal.kommune.no

Samnanger kommune. Prøvetidsreglement. (reglement og rutinar for prøvetid) Vedteke av administrasjonsutvalet

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Ny forskrift om tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel mv. 13. januar 2015

PERMISJONSREGLEMENT FOR FOLLDAL KOMMUNE

ARBEIDSREGLEMENT FOR KVITESEID KOMMUNE Godkjent av administrasjonsutvalet i sak 2/12

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Øyer kommune PERMISJONSREGLEMENT. Personalhåndboka FORSLAG TIL REVIDERT 1. GENERELT

A R B E I D S REGLEMENT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Visma personalskjema. Brukarrettleiing for Fjaler kommune. Elektronisk registrering av fråvær, ferie og timeføring i Visma

Reglement for godtgjering til folkevalde Ørskog kommune

2 Kommunale møte Reglementet gjeld møte i kommunestyre, formannskap, forvaltningsutval og administrasjonsutval, heretter kalla folkevalde organ.

Saksnr. Arkivkode Journalnr. Sakshandsamar Dato 17/1349 FE /4273 DRI

Indre Fosen kommune PERMISJONSREGLEMENT. Vedtatt i Administrasjonsutvalget (ADMU) Side 1 av 8

ARBEIDSREGLEMENT FOR SUNNFJORD KOMMUNE

for Kvinesdal kommune Vedtatt av administrasjonsutvalget Revidert av administrasjonsutvalget

Transkript:

VESTNES KOMMUNE Permisjonsreglement Politisk behandla: møtedato: utvalgssak: Administrasjonsutvalget 24.09.2012 23/2012 Formannskap 26.11.2012. 123/2012 Kommunestyret 13.12.2012 142/2012

Permisjonsreglement Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Rune Håseth Dato: 18.09.2012 Revidering av permisjonsreglement Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet 24.09.20 12 23/2012 Formannskapet 26.11.2012 123/2012 Kommunestyret 3.12.2012 142/2012 Saksprotokoll i Kommunestyret -13.12.2012 Vedtak: 0 Generelle bestemmelsar 0. 1. Omfang av reglementet Reglementet gjeld alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold og etter 2 mnd. tilsetjing. Permisjonar kan uansett ikkje gjevast for tidsrom som fell etter utløp av avtaleperioden. Søknad om permisjon skal så langt det er mogeleg gjerast i god tid, og skal grunngjevast. Der reglementet stiller krav om grunngjeving skal dette framleggast utan unntak. Søknad som ikkje er rett utfylt, manglar grunngjeving, og/eller dokumentasjon skal returnerast til søkaren utan handsaming. 0.2. Lønsansiennitet Ansiennitet og andre lønsbestemmelsar etter HTA 12. Permisjon med heil eller delvis løn avbryt ikkje opptening av lønsansiennitet. Det same gjeld sjuke-og svangerskapspermisjon og tvungen verneplikt. Permisjon utan løn for å utføre offentlege ombod og ombod i arbeidstakarorganisasjonane blir rekna med i lønsansienniteten. Utdanningspermisjon utan løn blir medrekna med inntil 3 år, dersom utdanninga har verde for vedkomande sitt arbeid i kommunen. 0.3. Pensjonsordninga Arbeidstakar som har permisjon med løn opprettheld pensjonsmedlemskapen sin i pensjonsordninga (KLP). Dersom permisjon utan løn vert innvilga for eit tidsrom utover 1 månad, vert vedkomande meldt ut av pensjonsordninga. I så fall får arbeidstakaren tilbod om frivillig medlemskap etter dei reglane som gjeld i dei respektive pensjonsordningane. Slikt tilbod vert sendt direkte frå KLP. 0.4. Avgrensingar Heil eller delvis velferdspermisjon utan løn som ikkje er heimla i Arbeidsmiljølova 10-2.(4) er avgrensa til 2 år. Sjå elles 3.2(perm.regl) om omsorgspermisjon. For utdanningspermisjon som har heimel i opplæringsplana kan permisjon gjevast for inntil 4 år. Elles gjeld dei avgrensingane som går fram av den enkelte paragraf, med tillegg for administrasjonssjefen sine fullmakter etter 13. Dersom ikkje anna er presisert i den aktuelle paragrafen gjeld tidsavgrensingane for kvart enkelt permisjonstilfelle

0.5. Avgjerdsmynde Avgjerd etter permisjonsreglementet ligg til administrasjonssjefen eller den han/ho gjev mynde. Avgjerd kan klagast inn for administrasjonsutvalet til ny handsaming. I utgangspunktet gjeld avgjerdsmyndet slik: Permisjonar med løn innanfor ramma på 2 veker Administrasjonssjefen Permisjonar med løn utover ramma på 2 veker Administrasjonsutval Permisjonar utan løn inntil 12 mnd. Administrasjonssjefen Permisjonar utan løn utover ramma på 12 mnd. Administrasjonsutvalet Delegert mynde: Administrasjonsutvalet gir administrasjonssjefen fullmakt til å innvilge permisjonar etter 3.2 og 4 utover ramma på 12 månader. Søknad om permisjon i samband med avtening av militær førstegangsteneste, blir av administrasjonsutvalet delegert til administrasjonssjefen. 0.6. Utvida avgjerdsmynde Administrasjonsutvalet kan delegere ytterlegare avgjerdsmynde til administrasjonssjefen

1 Alvorleg sjukdom 1.1 Ved alvorleg sjukdom i næraste familie kan arbeidstakar få permisjon med løn i inntil 10 dagar. Permisjonen gjeld familiemedlemmer i rett opp eller nedgåande linje eller ektefelle. Ordninga gjeld og sambuar, sambuar sine barn og ektefelles tidlegare barn. Sjukdom utover 3 dagar må stadfestast av lege 1.2 Ved alvorleg sjukdom i nær familie, eller hos andre som står arbeidstakaren nær, kan permisjon med løn gjevast i inntil 3 dagar. Som nær familie reknar ein søsken, svigerforeldre, svigerinne og svoger. AML 12-10 gir elles rett til permisjon utan løn i inntil 60 dagar for pleie av nære pårørande i heimen i terminalfasen. Sjå folketrygdlova 9-12. ang løn. 1.3 Alle permisjonar etter 1 skal grunngjevast i søknaden. Føresetnaden er at permisjonen det er søkt om skal nyttast til direkte omsorg/pleie i samband med sjukdom eller ulukke. Sjukdommen og behov for pleie må stadfestast av lege. 1.4 Permisjonar utover 1 kan gjevast, men då utan løn. 2 Dødsfall 2.1 Ved dødsfall i næraste familie vert det gitt permisjon med løn i inntil 5 dagar. Permisjonen gjeld familiemedlemar i rett opp eller nedgåande linje eller ektefelle.(barn, foreldre) Ordninga gjeld og sambuar, sambuar sine barn og ektefelles tidlegare barn. Ved dødsfall i nær familie kan permisjon med løn gjevast for inntil 3 dagar. I tillegg kan det gjevast fri med løn til naudsynte reisedagar. Som nær familie reknar ein søsken, svigerforeldre, svigerinne og svoger. 2.2 I samband med gravferd til arbeidskollega kan det gjevast permisjon med løn for å delta i gravferda. Dei same reglane gjeld for pensjonert kollega si gravferd. Driftsleiar tek avgjerd om kven som deltek. Slike permisjonar er avgrensa til halv dag dersom ikkje særlege grunnar ligg føre. 2.3 I samband med minnestund kan det gjevast permisjon med løn for naudsynt tid. Alle permisjonar etter 2 skal grunngjevast i søknaden. Permisjon etter 2.1 må ikkje takast seinare enn 3 dagar etter gravferda.

3 Fødsels - /adopsjons - og omsorgspermisjon 3.1 Ein viser til gjeldande lovverk på området, m.a. Arbeidsmiljølova, Hovudtariffavtalen og Folketrygdlova. (Under føresetnad om at ein søkjer NAV om foreldrepengar vert permisjon innvilga) 3.2 I tillegg kan det gjevast heil permisjon utan løn for kvart barn, men slik at lønna og ulønna permisjon samla for begge foreldra (også fosterforeldre) ikkje overstig 3 år. Slik ulønna permisjon kan ikkje gjevast for meir enn eitt år om gongen, og evt. ulemper for avdeling/eininga må takast med i vurderinga. 3.3 Ein tek atterhald om eventuelle organisatoriske endringar i permisjonstida. Dersom slik endring skjer skal vedkomande få melding om dette, og saman med driftsleiar drøfte kva som skal skje. Arbeidstakaren har rett til å stille saman med tillitsvalde til slike drøftingar. 3.4 NB! Dersom søknaden gjeld delvis permisjon (redusert arbeidstid), viser ein til Arbeidsmiljølova 10-2 om redusert arbeidstid - samt til 12-6 om delvis permisjon. Løna og uløna permisjon skal ikkje overstige totalt 6 år. 4 Redusert arbeidstid Arbeidstakar som av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har behov for å få redusert si arbeidstid, har etter Arbeidsmiljølova 10-2 rett til dette dersom arbeidstidsreduksjonen kan gjennomførast utan særleg ulempe for verksemda. 4.1 Dersom kravet om redusert arbeidstid er grunna i helsemessige årsaker kan kommunen stille krav om legeattest. 4.2 Dersom kravet er grunngjeve med sosiale årsaker kan uttale frå lege, sosialkurator eller annan sakkunnig vere aktuelt. 4.3 Redusert arbeidstid kan og vere aktuelt av andre velferdsgrunnar, men ein legg vekt på lova sin ordlyd om "vektige velferdsgrunnar og det må ligge føre særlege behov. 4.4 Ordninga med redusert arbeidstid skal vere tidsavgrensa, og det vert ikkje inngått avtale utover 2 år utan ny vurdering. Arbeidstakaren skal i god tid før avtalen går ut, ta kontakt med arbeidsgjevar med ny søknad dersom dette er aktuelt. 4.5 Arbeidstakaren har rett til å få tilbake opprinneleg arbeidstid når avtaletida er ute, og kommunen pliktar å legge tilrette for dette.

4.6 Dersom årsakene som gav grunn til slik ordning fell bort i løpet av avtaleperioden, skal arbeidstakaren melde frå om dette til arbeidsgjevaren. Retten til redusert arbeidstid fell då bort, og kommunen kan krevje at arbeidstakaren straks går tilbake til normal arbeidstid. Det er i slike tilfelle ein føresetnad at tilhøva i verksemda ligg tilrette for dette. 4.7 Retten til å kome tilbake til opprinneleg stilling gjev ikkje stillingsvern utover det som gjeld andre arbeidstakarar i verksemda, og vert gjeven med atterhald om organisatoriske endringar. Dersom slike endringar skjer skal vedkomande arbeidstakar få tilbod om drøftingar med personaladministrasjonen, og har rett til å stille med tillitsvalde dersom vedkomande ønskjer det. 4.8 Gjeld den reduserte arbeidstida omsyn til barn, gjeld det t.o.m. barnet er 6 år. 5 Tilvenning av barn i barnehage o.l. Ved tilvenning av barn i barnehage/daginstitusjon o.l., vert permisjon med løn innvilga med inntil 1 heil dag evt. natta før dersom ein må vere saman med barnet den første dagen. Ved særleg behov og under føresetnad av at barnehagen/ daginstitusjonen krev at ein av foreldra er til stades, kan permisjonen utvidast til inntil 3 dagar (netter) Attestasjon frå barnehagen/daginstitusjonen må framleggast. Dersom begge foreldra er tilsett i kommunen, gjeld permisjonen samla for begge foreldra. 6 Første skuledag Foreldre som ønskjer å følgje barn til skulen på første skoledagen kan få permisjon med løn i inntil 1 dag - evt. natta før. Det same gjeld ved innskriving av barn i skule/førskule, avgrensa til 1 dag samla for desse formåla. Dersom begge foreldra er tilsett i kommunen, gjeld permisjonen samla for begge foreldra. 7 Bryllaup For eige bryllaup kan det gjevast fri med løn i 1 dag. Permisjonen skal takast på bryllaupsdagen eller dagen før/dagen etter. 8 Undersøking/behandling hos lege, tannlege o.l. 8.1 Undersøking og behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut o.l. skal så langt det er mogeleg leggast til fritida. Dersom dette ikkje er mogeleg kan permisjon med løn innvilgast. 8.2 Slik permisjon vert og gjeven i inntil 6 dg. pr. år for følgje av barn til og med det kalenderåret barnet fyller 15 år, til undersøking/behandling på sjukehus m.v., med tilsvarande føresetnader som i 8.1.

Ved innlegging på sjukehus må lege stadfeste evt. behov for følgje/tilsyn. For følgje av barn over 15 år vert det som hovudregel gjeve permisjon utan løn. (Eigne reglar for kronisk sjuke barn) 8.3 Nattevakter har rett til permisjon med løn for undersøking/behandling på sjukehus og liknande, samt ved følgje av barn som nemnt i 8.2, der ein ikkje sjølv kan påverke tidspunktet for undersøkinga / behandlinga, og der bytte av vakt ikkje let seg gjere. Det er ein føresetnad at undersøkinga / behandlinga finn stad før kl. 12.00 den dagen ein skulle gå av vakt, for at permisjon med løn skal verte aktuelt. 8.4 Fastsett/avtalt frammøtetidspunkt må alltid gå fram av søknaden. 8.5 Permisjon for følgje av nære pårørande til undersøking og/eller behandling vert som hovudregel gitt utan løn. Ved trekk i løn kan ein søkje NAV om refusjon for tapt arbeidsforteneste (stadfesting frå lønskontoret er nødvendig) 9 Deltaking i hjelpekorps/kriseteam 9.1 Arbeidstakarar som er knytte til Røde Kors Hjelpekorps eller Norsk Folkehjelp sine beredskaps og ettersøkingsgrupper får permisjon med løn i samband med utrykking / leiteaksjonar 9.2 I samband med deltaking i kriseteam vert det gitt permisjon med lønn. 10 Utføring av tillitsverv/ombod 10.1 Ein viser til Hovudtariffavtalen kap. I 14 der det heiter at arbeidstakar som er pålagt å utføre kommunale eller andre offentlege verv vert gitt permisjon, og kan etter søknad få behalde si lønn dersom ikkje innkallande instans dekkjer tapt arbeidsforteneste. Arbeidstakaren pliktar på førehand å kontakte næraste overordna om permisjon. Med offentlege tillitsverv meiner ein ombod som er oppretta ved lov eller med heimel i lov, herunder soknerådsmedlemar, domsmenn, skjønnsmenn og rettsvitne. 10.2 Permisjon med lønn er avgrensa til inntil 12 dagar pr. kalenderår. Avgrensinga gjeld likevel ikkje for utføring av kommunale verv for Vestnes kommune. 10.3 For utføring av kommunale verv i annan kommune vert det gjeve permisjon utan lønn. 10.4 Arbeidstakar som vert vald eller tilsett i faste tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonen sine sentrale eller distrikts / fylkesorgan, eller tilsett som funksjonær i organisasjonen, vert innvilga permisjon i inntil 4 år. Retten til permisjon i samband med ordinære ulønna tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonane er regulert i Hovudavtalen.

11 Andre permisjonar m. løn/dispensasjonar m.v.. I spesielle og særskilt grunngjevne tilfelle kan administrasjonssjefen innvilge permisjon med løn innanfor tidsramma på 2 veker, også utover avgrensingane i dei enkelte paragrafane. Tilsvarande kan administrasjonsutvalet innvilge permisjonar med løn utover 2 veker. 12 Permisjonar utan løn Permisjon utan løn kan innvilgast til andre velferdsføremål dersom det er grunngjeve, herunder nasjonale meisterskap, og ikkje fører til særleg ulempe for etaten/kommunen. Administrasjonssjefen kan avgjere slike permisjonar for eit samla tidsrom på inntil 12 mnd. Tidsavgrensinga gjeld uavhengig av om permisjonen er gitt for 12 mnd. under eitt, eller den vert gjeven for fleire korte periodar som i samanheng vil overskride 12 mnd. Alle permisjonar utover 12 mnd. vert avgjort av administrasjonsutvalet etter tilråding frå administrasjonssjefen. 13 Overgang til anna stilling 13.1 Permisjon for overgang til anna kommunal stilling, i eigen kommune, kan gjevast for inntil 2 år. Det er ein føresetnad at den stillinga ein går over til ikkje er ei fast oppretta stilling. Reglementet gjev såleis ikkje høve til å halde på fleire faste stillingsheimlar samstundes. 13.2 Arbeidstakar kan få heil eller delvis permisjon i inntil 1 år for overgang til eiga næringsverksemd. Slik permisjon er utan løn. 13.3 Det vert som hovudregel ikkje gjeve permisjonar for overgang til anna arbeid utanfor den kommunale verksemda. 13.3.1 Under spesielle føresetnader og etter særleg grunngjeving kan likevel administrasjonsutvalet gje slik permisjon for å gå inn i vikariat/engasjement som gjev arbeidstakaren ei fagleg utvikling som er til nytte for kommunen. 13.3.2 Administrasjonsutvalet kan innvilge permisjon dersom søkaren har fått arbeid for prosjekt i utviklingsland, t.d. gjennom NORAD, FN og liknande. 13.3.3 Det kan gjevast permisjon i inntil 1 år for overgang til anna arbeid utanfor den kommunale verksemda, dersom arbeidstakaren har samanhengande tenestetid som fast tilsett i kommunen på minst 5 år. Ny permisjon kan som hovudregel ikkje gjevast før ein har opparbeid ny tenestetid på minst 5 år. Administrasjonsutvalet har i særlege tilfelle høve til å gje utviding av permisjonstida. 13.4 Permisjonar etter 13 kan berre gjevast dersom slik permisjon ikkje er til særleg ulempe for avdelinga/etaten.

14 Utdanningspermisjonar Ein skil her mellom grunnutdanning, etterutdanning og vidareutdanning. I tillegg har ein kurs/opplæring av ulike typer som ikkje fell inn under nemnte utdanningstypar. Permisjonsreglementet er på dette området delt i to, der ein på den eine sida tek føre seg tilfelle der utdanninga er heimla i vedteken opplæringsplan, og på den andre sida permisjonar som tek sikte på høgare utdanning som ikkje er ein del av det området kommunen prioriterer på gjeldande tidspunkt. Følgjande reglar gjeld: 14.1 Kurs/ikkje eksamensretta opplæring: Permisjon med løn vert innvilga dersom opplæringa fell saman med opplæringsplana si målsetting og vedkomande høyrer til målgruppa. 14.2. Kurs/ikkje eksamensretta opplæring på område som fell utanfor opplæringsplana: Permisjon vert som hovudregel innvilga utan løn. 14.3 Grunnutdanning: Med grunnutdanning meiner ein den utdanninga som vert krevd for den stillinga ein er tilsett i. Det vert til vanleg ikkje gjeve permisjon med løn til slik utdanning 14.4 Etterutdanning og leiarutdanning: Permisjon med løn kan innvilgast dersom utdanninga skjer som følgje av dei behov som kommunen har for ajourføring/kompetanseauke innan vedkomande stillingsområde. Søknaden skal i utgangspunktet vere heimla i opplæringsplana. 14.5 Vidareutdanning: Dersom opplæringa er ein prioritert del av kommunen sin opplæringsplan ut frå behov for kompetanse på aktuelle område, kan permisjon med heil eller delvis løn vurderast. Dersom utdanninga er ein del av den tilsette si personlege karriereutvikling, og ikkje særleg viktig for rekruttering til kommunale stillingar, vert permisjon innvilga utan løn 15 Eksamen I samband med avlegging av eksamen/heimeeksamen vert det for alle tilsette etter søknad gitt permisjon med løn for eksamensdagen(ane), samt 2 lesedagar for kvar eksamen. Det er ein føresetnad at vedkomande ville hatt ordinært arbeid dei 2 dagane umiddelbart før eksamen, og at faget har betyding for kommunen. Stadfesting frå skule på eksamensdag(ar) vert å legge ved søknaden. For eksamen, der faget ikkje har betyding for kommunen, vert det gitt permisjon utan løn på eksamensdag og inntil 2 lesedagar. Permisjon til prøveeksamen som ikkje er obligatorisk vert gitt utan løn 16 Bindingstid Utdanningspermisjonar med heil eller delvis løn er betinga av bindingstid, til vanleg tilsvarande 50% av utdanningstida, men avgrensa til minimum 1 år og maksimum 2 år.