INFORMASJONSAVIS. frå FARNES SKULE HAUST 2014. Til heimen kjære elevar og føresette!

Like dokumenter
Årdal kommune Farnes skule

INFORMASJONSAVIS. frå FARNES SKULE HAUST 2015

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Foreldremøte 19. september 2018

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Til deg som bur i fosterheim år

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule


Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Forskrift om ordensreglement for skolene i Tysfjord kommune

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Forskrift om reglement for orden og åtferd ved skulane i Herøy kommune

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Sirdal kommune Skuleeininga

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

TOKKE SKULE - Orden - og samspelsreglar på Tokke skule

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Forskrift om ordensreglement for skulane i Austevoll

Elevpermisjonar. Retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

FORSKRIFT OM ORDEN OG ÅTFERD I GRUNNSKOLEN. Aukra kommune

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Sandeid skule SFO Årsplan

Informasjonshefte Tuv barnehage

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune. Innhald

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Verksemdplan for Ålvik skule

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune (Revidert etter høyring i brukargruppene)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Informasjon til elevane

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULANE I FØRDE OG SFO I FØRDE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

ORDENSREGLEMENT. Ordensreglement for Tryggheim Strand

Foreldremøte Harøy skule Vel møtt!

Temakveld - rus. Vel møtt, til skulens første russeminar for føresette (?).

Reglar for orden og oppførsel. Gol skule

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Forskrift om ordensreglar for Granvin barne- og ungdomsskule Vedtekne i SU 13. september 2017

Trafikksikringsplan Hillestveit skule

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

1. AVDEKKING AV MOBBING

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Ordensreglement for Høyland skule

Transkript:

INFORMASJONSAVIS frå FARNES SKULE HAUST 2014 Farnes skule har dette skuleåret 19 klassar, 3 avdelingar i SFO, 345 elevar og 64 tilsette. Farnes skule har to skulebygg, eitt for barnesteget og eitt for ungdomssteget. Farnes skule - barnesteg tlf. 57 66 53 50 Personalrom tlf. 67 66 53 45 Farnes skule - ungdomssteg tlf. 57 66 53 25 Personalrom tlf. 57 66 53 30 Per Kristian Pedersen - rektor tlf. 57 66 53 10 SFO dagleg leiar tlf. 57 66 54 59 Til heimen kjære elevar og føresette! Velkomen til eit nytt skuleår! Eit nytt skuleår er i gang att! For fleire av dykk er dette vorte ein vane, men for dei aller yngste er dette ei spanande tid. Det er vorte skuleungar av dei små. Foreldre, og ikkje minst besteforeldre tykkjer dette er stort, og kanskje litt vemodig. Vetleguten/vetlejenta har vorte stor. Med alder veks ansvaret, og travelheita tek over. Mamma/ pappa og bestemor/ bestefar får ikkje styre tida på same måte som før. No har pliktene i samfunnet teke tak. Korleis kan vi som vaksne i familien forholde oss til dette? Det beste vi kan gjere er å gi hjelp og støtte til ungane våre. Gode vanar og klare reglar for kva som er rett og gale må vere ei prioritering. Kva gjer vi, og korleis får vi det til? Formålsparagrafen i Opplæringaslova, skulen sitt overordna dokument, seier mellom anna: Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring. Ein kan ikkje kjøpe det viktigaste ungane treng for pengar. Her er det eigeninnsats som tel. Å kunne stille opp for dei, ha klare reglar, samt å vere gode rollefigurar er noko av den viktigaste ballasten vi kan gje dei. For å få til dette, må vi prioritere tida noko som vi alle meiner vi har for lite av. Då er det viktig å tenkje at ungane er på lån for ei tid, før dei skal ut i verda og stå på eigne bein. Velkomen til samarbeid i eit nytt skuleår! Per Kristian Pedersen - rektor-

TILTAKSPLAN MOT MOBBING FARNES SKULE Mål: Alle skal inkluderast i eit mobbefritt skulemiljø. 1. Farnes skule sine reglar mot mobbing Vi skal ikkje mobba andre. Vi skal hjelpa elevar som blir mobba. Vi skal også vera i lag med elevar som lett blir åleine. Vi skal fortelja det til kontaktlæraren og til dei heime når vi ser at nokon vert mobba. 2.Tiltak som skal førebygga mobbing på Farnes skule Tiltak : Skulen vil bruke ordensreglementet og vurdering i orden og åtferd aktivt for å ivareta eleven sitt psykososiale miljø. Ansvar: Elevar Foreldre Lærarar Adm. Alle klassar skal ha reglar for arbeid og samvær i klassen. Desse reglane skal underskrivast i oppstartmøte med rektor om hausten. Reglane skal følgjast opp jamleg. Rektor/inspektør skal ha faste treffpunkt med klassane to gonger i året der mobbing er tema. Oppstartmøte med rektor/inspektør om hausten. Oppfølgingsmøte med inspektør/event. rektor i vårhalvåret. Eventuelt fleire møte ved behov. Trivsel og klasse-/skulemiljø skal alltid vera på dagsorden på møta i alle råd og utval: Klasseråd/klassemøte Elevråd Personalmøte FAU SU Trivsel skal vera tema på alle elevsamtalar og alle elev- /foreldresamtalar. I desse samtalane skal det arbeidast med å utvikla god sosial kompetanse hjå alle elevar. Tema på elev-/foreldremøta kvar haust: - Førebygging av mobbing - Korleis kan vi skapa eit godt klassemiljø? - Møtet skal munna ut i ein plan for klassemiljøtiltak. - Foreldre får informasjon om deira rett til å få eit enkeltvedtak i forhold til 9a-3 Inspeksjon: Vi skal ha ei god vaktordning med aktive lærarar og administrasjon som involverer seg og følgjer opp. Eldre elevar som ynskjer det, kan få vere elevvakter Personalet skal informera kvarandre ved å ta opp ting som har skjedd og informera om elevar som treng spesiell oppfølging. Dette skal skje på husmøta og i andre høvelege fora. 2

Elevane skal bli kjende med kvarandre: - Fadderordning 1. og 4.kl. - Aldersblanding - Styrke samvær og samarbeid på klassesteget Elevar, foreldre og tilsette skal arbeide for å skape eit godt klasseog elevmiljø, t.d. gjennom følgjande tiltak: - Venebenk på skuleplassen på barnesteget - Venskapsgrupper - Familiegrupper - Stjerneven/stjerneunge - Hemmeleg ven - Munnlege fødselsdagsgåver - Loggbok - Tenkjebok - Leik - Turar/overnattingsturar - Få høve til å gå utafor skulen sitt område i friminutta (u- steget) - Massasje - Festar/diskotek - Samtalegrupper 3.Tiltak vi skal bruka for å avdekka om elevar på Farnes skule vert mobba Tiltak : Skulen si leiing skal informere 2 gongar for året alle tilsette ( Lærarar, assistentar, kontorpersonale, vaktmeistar, reingjeringspersonale) om deira handlings- og varslingsplikt. Lærarane og administrasjonen skal aktivt observera gjennom heile skuledagen, m.a. gjennom inspeksjonsordninga. Elevane skal observera, sjå etter og seia frå, munnleg, med lappar, i loggbok eller i postkasse. Vi skal sjå spesielt etter dei som er åleine. Tema i alle elevsamtalar: - Kontaktlærarar skal stilla følgjande spørsmål: Blir du mobba? Blir elevar i klassen mobba? Blir andre elevar på skulen mobba? - Elevane må vera opne og fortelje om mobbing. Ansvar: Elevar Foreldre Lærarar Adm. Trivsel og mobbing skal vera tema i alle elev-/foreldresamtalar. Trivsel og mobbing skal vera tema på alle klassemøte/klasseråd. Lærarane skal arbeida for å få til ein god dialog. Elevane må vera opne om mobbing. Samtale med - rådgjevar - helsesøster (helsesirkelen) - PPT Elevar tek sjølve kontakt. Kontaktlærar formidlar kontakt. Foreldra må vera observante i samvær med barna. Alle foreldre må snakka med barna sine og melda frå til skulen ved mistanke om mobbing. Foreldra må ha god dialog med kvarandre. Spørjeundersøking om mobbing og trivsel: - Undersøking blant elevane kvart år før haustferien. - Undersøking blant foreldra i regi av FAU kvar haust. 3

4.Tiltak vi skal bruka når det er oppdaga at elevar ved Farnes skule vert mobba. Tiltak: Når mobbing vert avdekka, gjer vi følgjande: 1. Ved tilfelle av mobbing må leiinga på skulen straks bli informert. 2. Ved brot på 9a-3 er skulen pliktig til å fatte eit enkeltvedtak om barna sitt psykososiale miljø. 3. Samtale med mobbar og mobbeoffer kvar for seg. 4. Møte mellom mobbar og mobbeoffer. 5. Kontakt/møte med heimane. - Konsekvensar vert bestemt i kvart einskild tilfelle (sjå liste under). - Inngå skriftleg avtale/kontrakt. - Avtale oppfølging. 6. Oppfølging - Informasjon til personalet. Alle skal ta ansvar. - Sjekkpunkt i samsvar med avtale/kontrakt som er inngått. Døme på konsekvensar: - Bortfall av friminutt ute (småskulesteget) - Mobbaren går saman med inspiserande lærar i friminutta (b- steget) - Mobbaren sit ved adm.kontora i friminutta - Utelukking frå klasseturar/fellesarrangement - Mobbaren må ha følgje av foreldra på klasseturar/fellesarrangement - Åtferdsmerknad (u-steget) - Foreldra følgjer den som mobbar til og frå skulen - Gjensitting og event. byrje tidlegare - Utvising Ansvar: Elevar Foreldre Lærarar Adm. Om mobbing: Alle barn og unge som er tilskodarar til denne utstøytingsprosessen, som kan vere svært brutal og grufull, blir ille ved og opprørte. Det er skoleplikt i Noreg, og alle barn og unge må gå på skolen. Derfor har dei òg sterke rettar. Alle har rett til eit trygt og godt læringsmiljø utan mobbing. 4

Farnes Skulemusikk frå slutten av 50-talet ORDENSREGLEMENT FOR FARNES SKULE (Vedteke i Samarbeidsutvalet 07.02.2013) Mottoet vårt er: DET NYTTAR Å BRY SEG Vi vil at skulen vår skal vera ein trygg og triveleg arbeidsplass. Vi må vera venlege og syna omtanke for kvarandre. Både vaksne og eldre elevar har eit særleg ansvar overfor yngre elevar. Mottoet vårt er: DET NYTTAR Å BRY SEG FELLESREGLAR: Du skal møta presis til timane og passa på at du har med deg skulesakene dine. Du skal ha bokbind på alle bøker og ta godt vare på alt utstyr. Du skal visa respekt for det andre eig. Du må vera roleg i timane slik at alle kan få gjort arbeidet sitt. Leksene du får, gjer du skikkeleg til avtalt tid. Du skal ikkje kalla eller plaga nokon eller godta at andre blir plaga. Det er viktig at du løyser konfliktar ved å snakka med andre. Du må ta ansvarsveka på alvor og syta for at det er fin orden både inne og ute. Du må følgja reglane for bruk av inne- og utesko. Du skal ikkje ha med deg farlege leiker på skulen. Du må ikkje ha med deg eller bruka tobakk eller rusmiddel på skulen. Eting og drikking skal ikkje føregå i timane utan særskild løyve frå læraren. Tilsvarande gjeld for bruk av elektronisk utstyr eventuelt anna i timane. Energidrikk og brus vert ikkje tillete på skulen framover. I samarbeid med elevrådet og kantinedrifta vil skulen tillate drikke som vert seld frå kantina. Eting og drikking skal ikkje føregå i timane utan særskild løyve frå læraren. Tilsvarande gjeld for bruk av elektronisk utstyr eventuelt anna i timane. I timane skal mobiltelefonen vere avslått, og leggjast på avtalt plass i klasserommet. Det er ikkje lov å kommunisera munnleg, skriftleg eller digitalt med andre enn lærarar under prøvar. Du kan bruka sykkel eller sparkesykkel åleine til skulen frå slutten av 4. klasse, og skulen oppmodar alle om å bruka sykkelhjelm. På skuleturar skal både elevar og lærarar bruka hjelm. 5

BARNESTEGET: Du skal ikkje ha med deg rulleskøyter/rullebrett på skulen. Det er ikkje lov å springa eller bråka i gangane/undervisningsareala. Du skal vera ute i friminutta. Om vinteren kan du leika deg i snøen, men snøballkasting må skje i eit bestemt område. Du må ha særskilt løyve til å gå utanfor skulen sitt område i skuletida. Det er til vanleg ikkje høve til å eta snop på skulen, utan ved særskilde høve. UNGDOMSSTEGET: I friminutta kan du gå frå skulen sitt område utan særskild løyve. Ytterklede og utesko skal oppbevarast på tilvist plass. Når du kjem utanfrå, skal du bruka tilvist inngang. Respekter klassar i arbeid når du skiftar rom. Du kan berre bruka rulleskøyter/rullebrett på tilvist plass. Sikringsutstyr skal nyttast. Du må passa på at sykkelen/sparkesykkelen vert parkert på rett plass og låst. Ordenselevane har eit særleg ansvar for å halda orden i klasseromma/landskapa på ungdomssteget Berbare pc-ar skal vera innelåst i klasserom i friminutta. KVA SKJER OM VI BRYT ORDENSREGLEMENTET? Det kan bli kravd erstatning om du skadar eller øydelegg noko som tilhøyrer skulen eller noko som høyrer til ein annan elev. Jfr. Lov om skadeerstatning. Når større ting vert stolne, blir spørsmålet om melding til politiet tatt opp med foreldra. Brot på vedtekne ordensreglar for bruk av mobilt samband på Farnes skule fører til at lærar tek frå eleven mobiltelefonen. Varigheit minimum ein halv dag. Dersom saka gjentek seg eller vert vurdert som alvorleg, som t.d. krenking av personar, vert telefonen dregen inn for ein dag. Det vert skrive årferdsmerknad, og dei føresette vert varsla om hendinga. Føresette vert og orientert om retten til å melde saka til politiet. Brot på reglane kan og føra til: - irettesetting frå lærar, rektor eller andre tilsette - merknad - brev heim - bortvising * - utelukking ** - nedsett ordens- og åtferdskarakter på ungdomssteget Du har rett til å få forklara deg før desse konsekvensane vert tekne i bruk. * BORTVISING 2.10 i Opplæringslova: «Kommunen kan fastsetja i ordensreglementet at elevar på klassetrinna 8-10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar, og at elevar på klassetrinna 1-7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Rektor sjølv vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruka andre hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar på klassetrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.» ** UTELUKKING - Rektor kan også gjera vedtak om å utelukka deg frå ekskursjonar o.l. viss du har vist ei åtferd som tilseier at dette kan vere aktuelt. 6

KARAKTERAR I ORDEN OG ÅTFERD. 3.7 i Forskrifta «I orden og åtferd skal desse karakterane nyttast: - God (G). Eleven syner vanleg god orden og åtferd - Nokså god (Ng). Eleven syner under vanleg god orden og åtferd. - Lite godt (Lg). Karakteren skal nyttast berre i særhøve. Den vurderinga skulen gir av orden og åtferd, må haldast skild frå vurdering av dei reint faglege prestasjonane. Ein skal ta omsyn til eleven sine føresetnader, og til vanleg ikkje leggja avgjerande vekt på enkelthendingar. Hovudgrunnlaget skal vera orden og åtferd hos eleven det siste halve skoleåret. Ved fastsetjing av karakter i orden tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god arbeidsinnsats og følgjer ordensreglane som er fastsette for kvar skule. Ugyldig fråvær skal reknast som brot på ordensreglane. Ved fastsetjing av karakter i åtferd tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skuleområdet og elles når skulen har ansvaret for tilsynet med elevane. Ein skal særleg leggja vekt på korleis eleven ter seg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan også ta omsyn til korleis elevane ter seg mot kvarandre på skulevegen.» Det er fastsett nærare kriterium for fastsetjing av karakterar i orden og åtferd. Desse vert delte ut på foreldremøtet om hausten. SKULERUTA FOR GRUNNSKULANE I ÅRDAL 2014/2015: August Skulestart måndag 18.august 10 skuledagar September 22 skuledagar Oktober Haustferie måndag 06.til fredag 10.oktober(v 41) 18 skuledagar November 20 skuledagar Desember Siste skuledag før jul: Fredag 19.desember 15 skuledagar Januar Første skuledag: Måndag 05.januar 20 skuledagar Februar Vinterferie: måndag 16. til fredag 20.februar 15 skuledagar (v 8) Mars Siste skuledag før påske fredag 27. mars 20 skuledagar April Første skuledag etter påske: Tysdag 07. april 18 skuledagar Mai Elevfri dag: 15.mai 17 skuledagar Juni Siste skuledag: Fredag 19.juni 15 skuledagar Til saman: 190 skuledagar 7

ÅRSPLAN FOR SAMARBEID HEIM-SKULE VED FARNES SKULE Etter avtale: Foreldra har kome med ynskje om eit møte pr. år der dei kan kome saman og diskutere eit tema dei er opptekne av. TID MØTE TEMA ANSVAR Jan./febr. Planleggingsmøte til klasseforeldremøte Kontaktlærar og klassekontakt + event. elevrep. drøftar innhaldet i møtet. Klassekontakt og event. andre foreldre Jan./febr. Klasseforeldremøte Tema til diskusjon Kont.lærar/kl.kontakt Etter avtale Aktivitetskveld, turar m.m. Hyggeleg samvere for elevar med Klassekontakt føresette/fam. Før 15. sept. Planleggingsmøte til klasseforeldremøtet Kontaktlærar og klassekontakt + event. elevrep. drøftar inn- Kontaktlærar haldet i møtet. (Ev. telefonkontakt) Før 15. sept. Klasseforeldremøte Val av klassekontakt. Orient. om skuleåret. Bli einige om fellesarr. for skuleåret, sjå også utviklingspl. - SAMTAK Oktober Elev-/foreldresamtale 2.-10.klasse Elev-/foreldresamtale 1.kl. Evaluering av einskildelevar. Grunngjeving og rettleiing til terminkar. for 9.-10.kl. Planleging av arbeidet det neste halve året. Oppsummering av samtalen i eige skjema, kopi heim Ca. 30 min. Bli-kjend-samtale Nov. Elevsamtale med alle elevar Drøfte arbeidet til eleven og fokusere på faglege og sosiale mål som er sett opp Kontaktlærar/ klassekontakt Kontaktlærar / heimen Kontaktlærar TID MØTE TEMA ANSVAR Okt. Foreldremøte 10.klasse Kast Masken Adm./kontakt-lærar Rusførebyggjande arbeid Okt./nov. Foreldremøte 6. klasse «Foreldre som gode støtte-spelarar.» Rusførebyggande arb. Kontaktlærar / adm./rusmiddelkons./ppr Desember Julefest Elevråd/lærar-teama/adm. Ca.15.jan Utdeling av karakterbøker for 8.-10.kl. Kontaktlærar Januar Elev-/foreldresamtale 8.-10. klasse Evaluering av einskildelevar. Grunngjeving og rettleiing til terminkarakterane. Planlegging Kontaktlærar / heimen av arbeidet det neste halve året. Oppsummering av samtalen i eige skjema, kopi heim. Ca. 30 min. Januar Individuelle møte 10.kl. Særinntak Rådgjevar Mars/april Elevsamtale med alle elevar i 8.- Drøfte arbeidet til eleven og fokusere på Kontaktlærar Mars 10.klasse Elev-/foreldresamtale 1.-7. klasse faglege og sosiale mål som er sett opp. Evaluering av einskildelevar. Oppsummering av samtalen i eige skjema, kopi heim. Ca. 30 min. Kontaktlærar Mars Foreldremøte 1.kl. «Foreldre som gode støtte-spelarar.» Rusførebyggande arb. Kontaktlærar / adm./rusmiddelkons./ppr April/mai Foreldremøte 7.kl Orientering om overgang til u-steg/ leirskule Adm/rådgjevar/ Kontaktlærar Mai Elevsamtale Drøfte arbeidet til eleven og fokusere på Kontaktlærar 1.-7. klasse faglege og sosiale mål som er sett opp. Juni Kulturarrangement i Paviljongen m/grillarr. Adm./FAU/ Kontaktlærar Juni Eksamensfest 10. kl Vitnemål 10. kl. Kontaktlærar/elevråd/adm./Fau Juni Ca. 1 veke før skuleslutt Kontaktlærar Vurderingsskjema 1.-7.kl. Karakterbøker 8.-9.kl. Elevar og foreldre har høve til å kontakte lærarar med spørsmål om grunnlaget for karakterane Kontaktlærar I tillegg kan foreldre få åleinesamtale med lærar når dei ynskjer det.vurderingsskjemaa ligg i elevarkivet; foreldre og elevar har innsynsrett i si elevmappe. 8

RÅD OG UTVAL VED FARNES SKULE Råd og utval ved skulen er grundig omtala i Opplæringslova kapittel 11 Organ for brukarmedverknad i skolen. Her finn ein retningslinene for samansetjing, val og ansvarsområde. Det er avgjerande for ein god skule at brukarorgana fungerer godt. Rektor og dei tilsette har eit særleg ansvar for å leggja til rette for brukarmedverknad, men foreldra/føresette og elevane må ta eit sjølvstendig ansvar for å fylla retten til medverknad med rèelt innhald. SAMARBEIDSUTVALET Årdal kommune 1 repr. Rektor Andre tilsette 1 repr. Arbeidsutvalet i foreldrerådet 2 repr. Lærarkollegiet 2 repr. Elevrådet 2 repr. Føresette - Lærarar - Elevar K L A S S E K O N T A K T A R * Alle foreldre/føresette er medlemmer i Foreldrerådet ved skulen. * Foreldrerådet har eit valt arbeidsutval, FAU, med 1 repr. Frå kvart årssteg og leiar som vert vald på årsmøtet. SKULEMILJØUTVALET: 7 repr.(elevar og føresette har fleirtal) 2 elevar, 2 føresette, 1 frå andre tilsette, 1 politisk vald og rektor. ORGANISERING AV ELEVRÅDSARBEIDET Retningslinene for organisering av elevrådsarbeidet finn ein i Opplæringslova kapittel 11, 2. Fordi vi har ein stor skule med barnesteget og ungdomssteget i kvar sin bygning, har vi delt ansvaret for og organiseringa av elevråda tilsvarande. Dette inneber at kontaktlæraransvaret for 2. 7. klasse er lagt til ein lærar på barnesteget, Signe Endresen og for 8.-10.klasse til ein kontaktlærar på ungdomssteget, Randi Brekke. I samråd med rektor skal dei to kontaktlærarane organisere felles møtepunkt mellom elevråda for å ivareta heilskapen i elevrådsarbeidet og saker som gjeld heile heile skule. Innkalling og referat frå møta kan ein finna på heimesida, http://www.ardal.kommune.no/inde.php?cat=190285 SAMARBEID OM ARRANGEMENT FOR ELEVANE: Kvart år arrangerer elevrådet ved skulen arrangement der vi er avhengige av hjelp frå foreldre. Haustfesten for 7.-10.kl.: Julefest for 8.-10.kl.: Avslutningsfesten for 10.kl.: Foreldre i 7. klasse hjelper til. Brev til klassekontaktane vert sendt ut i oktober. Foreldre i 8. klasse hjelper til. Brev til klassekontaktane vert send ut i desember. Foreldre i 9. klasse hjelper til. Brev til klassekontaktane vert send ut i mai/juni. 9

VIKTIG INFORMASJON! FRI FOR ELEVAR UTANOM VANLEG FERIETID: I 2-1 Rett og plikt til grunnskuleopplæring, heiter det: Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ei offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter I 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa, heiter det vidare: Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute. Retningsliner for elevfri utanom skuleferiane: 1. Kven kan gi fri: 1.1. Kontaktlærar kan gje ein elev fri i inntil 3 dagar. Grunngjeven søknad i meldingsboka eller elektronisk. 1.2. Rektor kan gje ein elev fri i inntil to veker. Grunngjeven søknad i eige brev, i meldingsboka eller elektronisk. 1.3. Søknader utover to veker vert ikkje innvilga, men i svaret frå skulen vert foreldra informerte om retten til å ta elevane ut av skulen for å gi dei privat opplæring, jfr. Opplæringslova 2-13. 2. Vilkår: 2.1. Elevane har både rett og plikt til opplæring. Prinsippielt fell ansvaret for at elevane får undervisning/opplæring over på foreldra når dei ber om å få ta elevane ut av skulen. 2.2. Ved fråvær må foreldra og skulen vera samde ein plan for skulearbeidet. 2.3. Skulen skal sjå til at elevane ikkje er så mykje borte at det går ut over opplæringa. ELEVOPPLYSNINGAR/INNSYNSRETT: Elevopplysningar vert lagra i skulen sitt arkiv. Alle foreldre/føresette har rett til å sjå det som er lagra om barna deira i elevmappene på skulen. Alle elevar har innsynsrett frå 1.klasse. INFORMASJON FRÅ SKULEN OM ELEVAR NÅR FORELDRA IKKJE BUR SAMAN. Til vanleg har alle foreldre, sjølv om dei ikkje bur saman, rett til informasjon frå skulen. Reglar for dette er fastsett i KUF-rundskriv F36/98. Avtale om korleis dette kan gjerast, må avtalast med kontaktlærar. FLYTTING FRÅ ÅRDAL/ADRESSEENDRING I ÅRDAL: Flytting må meldast til skulen så tidleg som mogleg. Ved skifte av skule skal berre dei opplysningane som er naudsynte for den vidare skulegonga sendast til den nye skulen. Elev/føresette skal gjerast kjende med kva som vert sendt og ha høve til å uttale seg. Adresseendring i Årdal må også meldast til skulen snarast råd. SKULEMJØLK: Elevane på barnesteget får høve til å kjøpa lettmjølk, ekstra lett mjølk og laktosefri mjølk på skulen. ATTGLØYMDE KLEDE M.M.: Attgløymde klede m.m.: - for småskulesteget vert alt samla i korgene i garderobane til kvart årstrinn. - for mellomsteget heng det utanfor klasseromma ei stund, men etter kvart blir alt samla i hyller i nedgangen til kjellaren/tilfluktsromma på barnesteget. - Alt frå spesialrom som gymsal, musikk og kunst og handverk vert også samla i nedgangen til kjellaren. - på ungdomssteget samlar vaktmeister saman attgløymde klede. Verdisaker som klokker, smykke, nøklar o.l. tek sekretæren for barne- og ungdoms-steget vare på. Ta kontakt! 10

RLE: RELIGION, LIVSSYN OG ETIKK. Kunnskapsdepartementet fastsette ny læreplan i religion, livssyn og etikk for grunnskulen frå 1. august 2008, og erstatta læreplanen i Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL). I RLE-faget er det rett til eit begrensa fritak frå dei delar av undervisninga som foreldre, ut frå eigen religion eller eige livssyn, opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til andre livssyn. ERSTATNING FOR ØYDELAGDE BRILLER/KLEDE: Skulestyresak nr.19/74 og nr.20/6-75 seier at skulen har ansvar for øydelagde briller når skaden skjer i skuletida. Skaderapport blir utfylt same dag - av læraren som var til stades. Ved fastsetjing av erstatning skal ein gå ut frå rekning som viser kva reparasjonen har kosta. Til vanleg vert det ikkje betalt ut erstatning for klede, men det har vore tilfelle der elevar i spesielle høve også har fått erstatta dette. INFORMASJON OM LÆREBØKER: Det skal vere bokbind på lærebøkene heile skuleåret, jfr. Ordensreglement for Farnes skule. Dersom lærebøker vert stygge eller øydelagde på grunn av skribling, medvite øydelegging eller slurv, vil dette medføre eit erstatningsansvar. Erstatningsbeløpet vert avskrive med 20% for kvart år i høve til innkjøpspris. FREMJING AV ERSTATNINGSKRAV I SAMBAND MED HÆRVERK/UAKTSEMD: På skulestyremøte 29/10-74 vart "LOV OM SKADEERSTATNING: ANSVAR I VISSE SÆRLIGE FORHOLD" gjort gjeldande ved alle skulane i kommunen. Barn og ungdom under 18 år plikter å erstatte skade som de forvolder forsettlig eller uaktsomt, for så vidt det finnes rimelig under hensyn til alder, utvikling, utvist adferd, økonomisk evne og forholdene ellers". "Foreldre plikter å erstatte skade voldt av barn og ungdom under 18 år, pr. i dag inntil kr. 5000.- RUTINAR VED SKADE PÅ ELEVAR Når ein elev er uheldig og skader seg på skulen slik at vedkomande må til lege, har vi desse rutinane: Skulen sender/følgjer eleven til lege/tannlege og det vert skrive intern skademelding av lærar Det skal fyllast ut klp-skademelding av lege/tannlege som skal sendast til forsikringsselskap Vi orienterer foreldra/føresette om uhellet. Foreldra/dei føresette betaler eventuelle legerekningar. Foreldra/dei føresette tar kontakt med trygdekontoret for eventuelt å få refundert utgiftene Trygdekontoret vurderer om dette kan registrerast som yrkesskade. Viss det skjer, blir utgiftene refundert. Viss eleven skader seg på veg til eller frå skulen, følgjer vi same rutinane som nemnt ovanfor, men refusjonskravet blir sendt til Årdal kommune (Farnes skule) som sender det vidare til kommunen sitt forsikringsselskap. BRUK AV SYKKELHJELM Alle elevar ved Farnes skule får gjennom eit samarbeid mellom Årdal Tenk Tryggleik, Farnes skule og FAU ved Farnes skule utdelt sykkelhjelm og sykkellykter i samband med at dei har sykkelprøve om våren i 4.klasse. Siktemålet er då at dei skal bruke hjelm når dei syklar for å hindre alvorlege hovudskader ved uhell, og bruke lys på sykkelen når dei syklar i mørke eller ved dårleg sikt. Skulen oppmodar alle elevar om å nytte hjelm ved sykling til og frå skulen. Alle elevar skal bruke hjelm når dei syklar i skuletida. SKULEN SINE SAMARBEIDSPARTAR: Skulelege, kommunelege tlf. 57 66 53 90 Helsesøster ungdomssteg torsdagar 08.30 14.30 tlf. 46 93 66 31 Helsesøster barnesteg tys(oddetal) tors 08.00-15.00 tlf. 57 66 54 22/97 56 32 71 Fysioterapeut tlf. 57 66 53 82/99 22 48 39 Skuletannlege tlf. 57 66 30 44 Leiar PPT Vibeke Fusche Moe tlf. 57 66 53 20 Audiopedagog Elisabeth Formo tlf 57 66 53 21 Spesialpedagog Liv Kari Kvam tlf. 57 66 53 44 Rektor for Årdal kommunale musikk-og kulturskule, Sigyn Øren tlf. 57 66 53 19 11

SKULEHELSETENESTA: 5 6 år: Skulestartundersøking. (helsesøster og skulelege ) Undersøking i gruppe av fysioterapeut Oppsummeringsmøte med skulen. 1 klasse: Zippys venner 2 klasse: Polio/DT/kikhostevaksine. Zippys venner 3 klasse: Helseundersøking hjå helsesøster, vekt/lengde, syn 5 klasse: Helseundersøking hjå helsesøster. Helsesirkel, syn og høyrsel, høgde og vekt. Pubertetsundervisning i grupper, jenter. 6 klasse: MMR vaksine Pubertetsundervisning i grupper, gutar. 7 klasse: HPV vaksine ( 3 doser, kun jenter) 8 klasse: Individuell samtale med helsesøster. Helsesirkel, syn, høgde/vekt Prosjekt Alle har ei psykisk helse 9 klasse: Mantou og BCG vaksine på indikasjon Prevensjonsundervisning i grupper Prosjekt Alle har ei psysisk helse 10 klasse: Polio/DT/kikhostevaksine Undervisningsgrupper se/samliv. Prosjekt Alle har ei psysisk helse Samtalegrupper ved behov. Høyrselstest ved behov. Kontortid for helsesøster haust 2014: Farnes skule u.steg Anne Berit Lerum: torsdag - kontorfløyen tlf. 46 93 66 31 mellom kl 08.30 14.30 Farnes skule barnesteg Siv Smedegård: tys(oddetal), tors -kontor tlf. 97 56 32 71 kl 08.00 15.00 SKULESKYSS Måndag - fredag: Spesialtransport Frå Myri til Jotunplassen: kl. 08.10 Frå Myri: kl. 08.15 Frå Haug til skulen: kl. 08.05 Frå Jotunplassen til Myri: kl. 13.50 *Tysdag, torsdag og fredag Frå Jotunplassen til Myri: kl. 14.50 Til Myri: kl. 15.20 Frå skulen til Haug: kl. 14.45 Skulen har tilbod om bussfølgje til/frå skulebussen for dei minste elevane 1. april 2011 vart det innført elektroniske reisekort for buss og i Sogn og Fjordane Pris: Varierer etter reiselengda kortet skal gjelde for, men gir ca 40% rabatt ved 20 t/r reiser pr månad. Periodekortet gjeld frå og til bestemte haldeplassar og kan nyttast på overgang buss/buss, båt/buss og buss/båt. Kortet skal presenterast ved kvart byte av transportmiddel. Periodekortet er personleg og skal ha påtrykt foto og namn. Bestilling kan også skje over disk der ruteselskapa har ekspedisjonar.ferdig kort vert sendt til deg i posten, utlevert i skranke eller på anna høveleg vis dersom du ber om det på skjemaet. Elevar kan og få skjema for utfylling på skulen. Kontant kort: Periodekort: Fyller på med 300, 500 eller 1000 kr. Trekker 14 kr på kortet pr tur. (ingen rabatt) Kortet er personleg, og gjeld for 30 dagar fra salsdato. Pris frå Trondteigen er 270 kr og fra Lykkja 320 kr. For begge korta er det 100 kr i depositum. 12

TRANSPORT AV ELEVAR I PRIVATE BILAR I samband med ekskursjonar av ulik art kan det vere aktuelt å nytte tilsette ved skulen eller foreldre som sjåførar. Slik transport av elevar/barn skal vere godkjent av foreldra. Skulen må ha melding dersom foreldre reserverer seg mot slik transport. Kravet er som elles at transporten skjer på forsvarleg måte. Bilane må vera i forsvarleg stand, og reglar vedrørande sikring av barn i bil må vera oppfylt. LEKSEHJELP Farnes skule har tilbod om leksehjelp for alle elevar i 1.-4.klasse. Leksehjelpa skal bidra til betre læring gjennom tidleg innsats og styrka skulen si rolle som verktøy for sosial utjamning. Leksehjelpa er gratis, og det er frivillig for elevane å delta. Tilbodet er 1 time i veka for 1.klasse, 2 timar for 2. og 3.klasse og 3 timar for 4.klasse, og vil verte organisert slik tabellen under syner: Måndag Onsdag Torsdag Kl.13.30-14.00: 1.klasse Kl.13.30-14.00: 1.klasse Kl.13.30-14.30: 2.klasse Kl.13.30-14.30: 2.klasse Kl.13.30-14.30: 3.klasse Kl.13.30-14.30: 3.klasse Kl.13.30-14.30: 4.klasse Kl.13.30-14.30: 4.klasse Kl.13.30-14.30: 4.klasse Leksehjelpa vil føregå i klasserommet til elevane med lærar eller assistent til stades. KVAR KAN DE SOM FORELDRE / FØRESETTE SØKJA HJELP? Nyttige adresser: Foreldreveiledningsprogrammet www.foreldreveiledning.dep.no Dette har som mål å støtta og styrka foreldre i arbeidet med å oppdra barn. Her finn du: a. informasjon om progammet, b. Temahefte som kan vera nyttige for deg som forelder. c. Oversikt over bøker, hefte og videoar om samhandling mellom foreldre og barn. Bekymringstelefonen for foreldre 810 03 940 (nærtakst) Bekymringsmail: bekymring@vfb.no Er du bekymra for barn og ungdom i nærmiljøet ditt kan du ringa bekymringstelefonen. Her møter du fagpersonar med erfaring frå arbeid med barn og unge. Du kan vera anonym. Du treng heller ikkje vera redd for at du utleverer nokon. Vi lyttar til deg, snakkar med deg og hjelper deg. Vi har sjølvsagt teieplikt. Enkelte gonger kan ei samtale vera hjelp nok i seg sjølv. DEN DIGITALE VERDA I Kunnskapsløftet og dei nye læreplanane, er det vedteke at det å bruka digitale verktøy er ein grunnleggjande ferdigheit på linje med å lesa, skriva, rekna og uttrykkja seg muntleg. Farnes skule er godt i gang med å ta i bruk IT-verktøy i arbeidet med skulefaga. I tillegg arbeider vi med å vidareutvikla heimesida vår til å bli eit enno betre verktøy for digital kommunikasjon mellom lærar, elev og føresette. I tillegg til at IT-utstyr er kostbart, kan det både brukast og misbrukast. Utviklinga skjer så fort at vi som er vaksne lett kan detta av lasset i høve til korleis elevane orienterer seg på dette området. Skule og føresette har difor eit felles ansvar i å oppdra elevane til god bruk av dataverktøyet. 13