Vinterklatring i Bodøområdet 2016-oppdatering Sørveggen på Preikestoltinden Småtindtraversen Jørgen Vestvatn på Fuzzy, Valviktinden. Mars 2016. Sveinung Bertnes Råheim
Fauske 6 7 8 Glufsa 5 Mosetraversen 4 2 3 Alternativ start 1 Fauske 116 Sørveggen... M5, R 8 tl / 330m, 60-90 0.! Tynnsikra! Standplassar. Krev leiting / graving. Vedvarande rute med mykje tynnsikra klatring på tynn is og mose på forholdsvis bratte sva. Dei to siste taulengdene går på fjell og er betre sikra. Teknisk crux er den korte 7. taulengda, ein teknisk kamin (glufsa). Snø- og isforhold vil vere svært avgjerande for kor seriøs ruta er. Er det solid med isplaster vil ruta vere enklare enn om det er tynn/dårleg is. Det går an å starte høgare oppe, dette vil gje ein noko enklare start (sjå stipling på bilde). 1. taulengde: Ein del isdekte sva. Snøbakke siste 20 m. Tynnsikra. Ca M3. 2. taulengde: Snøbakke rett opp, så travers mot høgre, svakt stigande. Etterkvart bratt armgangstravers ("Mosetraversen") i 4 m. Tynnsikra. M4/M5. 3. taulengde: Opp snø, så mosesva til nytt snøfelt. Travers opp venstre til stand i riss. Tynnsikra. M2. 4. taulengde: Travers ca 15 m, så opp liten renne (M3), deretter bratt snøbakke til stand. Tynnsikra, M3. 5. taulengde: Følg rennesystem opp høgre, mose, is og fjell. Deretter bratt snøtravers mot høgre til stand. Tynnsikra og seriøs. Ca M4. 6. taulengde: Bratt mose- og issva opp til snøfelt. Travers høgre og opp renne. M3. Tynnsikra og seriøs. 7. taulengde: "Glufsa". Stigande travers høgre til kamin. Klatre kamin, stand på oversida (kort taulengde). Glufsa/kaminen er ei blokkoppstabling. Kan klatrast direkte eller ut høgre. M5. 8. taulengde: Klatre rett opp, deretter travers høgre inn i markert dieder. Opp dette til bratt vegg. Ut venstre til frasprengt blokk, opp på denne og topp ut. M4. Retur: Ned Østeggen. 3 rappeller. FG: Kristian Vindvik, Lene Pedersen & Sveinung Bertnes Råheim 19.3.2016.
Fauske Kristian Vindvik langt over sikring på tynn is på 6. taulengde i sørveggen på Preikstoltind. Sveinung Bertnes Råheim 117
Gildeskål p 1225 Ulvetanna Grusdynga Langstrakt 4 1. store 5 Stortind 1 2 3 7 6 Gildeskål Småtindane Småtindane er den lett synlege, kvasse tinderekka sør for Bodø. Dei seinare år har Småtindane vorte eit paradis for bratt skikøyring. Fleire av rennene på nordsida er etterkvart køyrt på ski. Småtindane har og mykje interessant vinterklatring. Ein del av rennene er for smale / bratte til å køyre på ski. Fleire av toppane vil og krevje klatring. For klatring generelt i Småtindane er det Fjellfører for Bodø (1996) som gjeld. Småtindane er og kalla Beiartindane, Breiviktindan eller berre det lokale "Tindan". 1. Sfinxen vinter...? Parker like etter Asgottsletta ved utløpet av elva Tindåga. Følg Tindåga til myrdraga i Sørdalen 476 moh. Du er då i utløpet av Sørdalen og ser "Sfinxen" som ein einsleg monolitt inne i dalgryta. Rund "Sfinxen" på høgre side og ta sikte på skaret mellom denne og toppen bakom (p 1225). Klyv opp til foten av vestveggen på p1225. Traverser 100 m på bratt snø til skaret og følgj sørausteggen til topps. Retur same veg. Kjell Eugen Andersen & Torgeir Kjus feb 1988. 3. Midtre renne... Bratt skirenne. Renna er sannsynlegvis gått opp første gong av Erik Vike, Sture Enevoldsen & Bjørn P. Arntzen feb 1988. 4. Ulvetanna (2. store)... Vinterbestigning frå søraust (Breivikdalen). Bjørn Petter Arntzen & Torgeir Kjus 1989 5. 1.nål via Småtindrenna. miks 3 Småtindrenna er ei skirenne, 30-40 0 bratt. Oppe i skaret byr 1. nål på ca 1 taulengde moderat miksklatring. Retur: Rappell ned i skaret. Bjørn Petter Arntzen & Roar Eikeland 1988. 6. Festbrems...1 Opp enkel renne på Stortind. Brattast i starten. Sigurd Gjertsen & Anne Marit Thorset Gjertsen 20.1.2007 7. Vestveggen på Stortind...? Vinterrute opp vestsida av Stortind. Ingen detaljer er kjent. Jan Christian Andersen & Jørn Hansen 1981. 2. Y-renna... Bratt skirenne 84
Småtindtraversen Småtindtraversen er ein av Norges flottaste og tøffaste traverser der heile åtte av elleve toppar byr på vedvarande og luftig klyving med innslag av klatring og rappellar. Skildringa her er i hovudsak verbal med enkelte skisser og baserer seg på første vintertur over traversen. Stortind... M1-4 Rute nr 6 er muligens enklaste veg opp. Ryggen frå vest er eksponert og forholdsvis moderat (M2) opp til markert hammer. Denne har fleire vegval, førstebestigarane gjorde vanskeleg miksopptak ca MI5. Deretter "Skjærsilden" til topps, lang, sugande motbakke. Ned: Mot sør til tydeleg austvendt svakheit ned mot skaret mot 1. Store. Rappellfeste med full rappell til platå. Rappell 2 frå riss via kiler. mot og gå forbi 2. Nål på sørsida 2. Nål... M3 Klatre frå aust, ca M3. Frå toppen, klatre ned (M2) og avslutt med rappell frå blokk siste 10 m. 3. Nål var nedsnøga og var dermed ikkje nemneverdig. Ulvetanna (2. store)...ai4, M4 Klatre sørvestvend renne med is og snø i ei full taulengde (AI4, R). Andre taulengde litt mot høgre, så rett opp og slakt venstre vis snø, is og mose (M2, R). Deretter kort rissopptak (M4) til stand (ca 50m). Kryss snøfelt og klyv litt ned for så å runde inn og opp sørryggen (M2). Ned 1. nål... ca grad M3 Nede i skaret, gå forbi 1. nål og klatre frå austsida. Dieder, M3+. Rappell frå blokk på toppen. 1. Store... M4+ Inn i Nordveggen. Opp venstre i ein slags brei kamin med to parallelle riss. Ca M4+, god sikra. Vidare opp slakt drag mot venstre før renne/dieder som går mot høgre tek deg til topps. Middels sikra, snø, is, mose og klippe. Full taulengde frå Ulvetanna ved å klyve mot aust så langt som råd, så rappell til du er nede i skaret. Langstrakt... M4 Gildeskål Ved 1. store sitt auststup, lokaliser blokk mot mot sør og balanserappell ned. Kryss snøfelt 85
Klatre nordveggen. Snø, is mose og litt klippe, ca M4 60m. Følg ryggen/eggen på Langstrakt heilt aust. Å finne rappellfeste her kan by på utfordringar. Rappeller ned mot aust til i ly av blokker. Skaftet... M3 Kryss under denne på sørsida. Klatre opp (M3). Ingen sikringsmulegheiter på det vesle topppunktet, ta stand ved siste sikringspunkt. Er tungsikra, kan vere seriøs. Rappeller frå blokker på søreggen, klyv ned til skaret under "Grusdynga" (Snødynga). Grusdynga... M2 Klatre opp snøbakker med innslag av is (M2). Hald fram opp snøbakken (kalla "Langdryg) til Durmålstind. Her er både hengeskavlar og skredfare moment å ta hensyn til. Durmålstind er høgaste punkt, deretter ned via Sautind og ned bratte bakkar til bilen. FG vinter Signar Nilsen & Kristian Vindvik 25-26. februar 2016. Utstyr: 2x60m tau, 6-7 kamkiler, 2 kilesett, 4-5 hekser, mosekrok(er), 2-3 bankebolter, 2-3 isskruer (ikkje brukt), diverse cordelette-tau for rappellfestebygging. I tillegg biuvakkutstyr, m.m. Førstebestigarar brukte 2 dager. Gildeskål 86 Signar Nilsen leiter fram rappellfeste på 1.Store. Kristian Vindvik