20 på Marienlyst 23 i distrikta

Like dokumenter
NRK Nynorsk mediesenter er ein døropnar

Nytt tiltak etter modell av NRK Nynorsk mediesenter

Fire har fått fast jobb

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

Frå venstre: Jonas Sætre, Gry Brekke Hustveit, Ingvild Nave, Ingrid Brandal Myklebust og Christian Wiik Gjerde

Eit senter prega av tillit og god lagånd

NRK og nynorskprosenten

Kvinnestyrt NRK Nynorsk mediesenter

Frå venstre: Astrid Marie Grov(1984), Ingvil Aaen Torpe (1982), Kristin Vestreim (1982), Mari Langva (1986) og Gunn Evy Auestad (1986).

Fleire nynorskpraktikantar i fast arbeid i NRK

Kursverksemda i Stortinget

Nynorsk mediesenter. Status Stolt nynorsk. Dyktig. Frodig. Framfus

- Lærerikt og kjekt, men svært travelt

88,5 % av nynorskpraktikantane arbeider i media

-r%i' Nynorsk mediesenter. Status av. Stolt nynorsk Dyktig - Frodig - Framfus. ' é

NRK Nynorsk mediesenter

SJØPOSTEN. September 2012

Nynorsk mediesenter. Status pr Stolt nynorsk. Dyktig. Frodig. Framfus

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

- Vellukka omtale for Nynorsk mediesenter

Vi er stolte og glade

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

KULTURDEPARTEMENTET SIN

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

14. Radio og TV. Liv Taule

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

rsk rn1 II' ^ ff LI u IL^^fJ

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Åttande kullet. Prosjektleiar Marianne Mikkelsen i NRK FleRe saman med nynorskpraktikantane Eline Buvarp Aardal, Håvard Tvedte og Ingunn Viken.

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Vel nynorsk for barnet ditt!

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Gode søkjartal, mest vestlendingar

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Nokon kjem til å komme (utdrag)


I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

1-ff-^^^ nt^^ Status per

NYNORSK MEDIESENTER rapport 2003

Vurderingsrettleiing 2012

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Søkjartalet vårt auka mykje i 2014, trass i dystre utsikter til arbeid i media. Over femti søkjarar i april og førti i oktober.

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv

Bjørnehiet SFO - informasjon

Nynorsk mediesenter. Status Stolt nynorsk. Dyktig. Frodig. Framfus

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kva er klokka? Kva er klokka? Kva er klokka?

Inntekt i jordbruket 2013

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

1 Utgreiing av søknaden

GODKJENNING AV MØTEBOKA Det vart merka at språket i møteboka vekslar mellom nynorsk og bokmål. Dette må verte betre.

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

MAL /VEGVISAR FORRETNINGSPLAN FOR ETABLERARAR Sjå også Bedin Bedriftsinformasjon sitt oppsett og omtale av forretningsplan

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Tiltaksplan mot mobbing

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

:00-15:00 MERK!

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kommunedelplan for oppvekst

Årsmøte Ænes og Mauranger Bygdalag

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vi mistet skolen vår: Gjemnes-skolen.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

Skriftlig eksamen. AKT2001 Aktiviseringsfag. Våren Privatister/Privatistar. VG2 Aktivitør. Utdanningsprogram for Design og håndverk/handverk

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Carl Frode Tiller Kven er redd? Skodespel

Vurdering av allianse og alternativ

Alderspensjon frå folketrygda

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Rutine for oppfølgingsmøte:

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

Transkript:

20 på Marienlyst 23 i distrikta - Vi høyrer dei over alt. Det er eit vanleg omkvede når vi møter folk som kjenner att nynorskpraktikantane våre på ulike kull. Neste spørsmålet er ofte kor mange som er her og der, men det klarer vi ikkje å svare på lenger. Det har vorte for mange å halde styr på. - Difor har vi talt opp kva som er stoda per dags dato. Det arbeider 20 tidlegare nynorskpraktikantar i NRK på Marienlyst, fem arbeider for riksnettet på Tyholt og ved distriktskontora er det 18. Totalt 43 i NRK, seier Magni Øvrebotten. Men NRK Nynorsk mediesenter skal ikkje berre lære opp nynorskbrukande journalistar for NRK, sjølv om det er der dei kan vere mest trygge på å få bruke nynorsk. Sju tidlegare nynorskpraktikantar arbeider i avis og andre media og seks er informasjonsfolk. Resten av flokken på 70 studerer eller har satsa på anna arbeid. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko Å ha sjefen sjukmeld i fleire månader, og ikkje sette inn nokon i staden, medførde ekstra pengar for oss i år. - Det var dei tilsette som måtte ta støyten når eg var vekke på grunn av augeoperasjonar, og då var det naturleg å bruke pengane til det dei tykte vi trong mest. Nye møblar og utstyr i kurs- og undervisingslokalet vårt, seier Magni Øvrebotten. Dei gamle møblane var ikkje tilpassa at det skulle vere undervising i lokalet, men no møter eit oppussa og nymøblert rom det nye kullet.

Frå Jemen og Setesdal Kull 16. Frå venstre: Hans-Olav Rise (1991), frå Ulsteinvik, Katrine Nybø (1986), frå Ørsta/Trondheim, Wilhelm Støylen (1980), frå Kvamsøy/Oslo, Ingunn Rauk (1983), frå Grendi, Bygland kommune, Setesdal/Bergen og Raymond Lidal (1986), frå Bømlo i Hordaland/Jemen. Det er ikkje ofte vi hentar folk heilt frå Jemen til Førde for å sjekke ut om dei eignar seg som nynorskpraktikantar, men det skjedde då kull 16 vart plukka ut. Eg får ikkje kjent på handtrykket og sett dei skikkeleg i augo på Skype, seier Magni Øvrebotten, som forklaring på kvifor Raymond Lidal måtte reise så langt for å kome inn. På kull 16 er det tre menn og to kvinner, i alderen 20 til 31 år. Tre sunnmøringar, ein sunnhordlending og ein setesdøl. Ingunn Rauk er frå Setesdal, og derifrå har vi aldri hatt nynorskpraktikantar før. Det var kjekt at vi endeleg lukkast med det, seier Øvrebotten. Dei byrjar på opplæringa i Førde 3. januar og er ferdige som nynorskpraktikantar til 1. juli 2012. Du finn meir om bakgrunnen deira på nettsida: http://bit.ly/rpmveo

- Kvar dag er som ei heildagsprøve Kull 15. Frå venstre: Sondre Dalaker, Agnese Bremere, Susanne Egset, Maria Pile Svåsand og Lars Erik H. Andreassen Slik skildrar ein av karane på kull 15 korleis det å vere nynorskpraktikant. Dei byrja på opplæringa 22. august og fire av fem reiser frå Førde til jul. Frå 3. januar skal dei i to månaders ekstern praksis. Lars Erik Andreassen skal til mp3 og P3 Natt/Helg på Tyholt i Trondheim, Sondre Dalaker skal vere i NRK Sogn og Fjordane, Maria Pile Svåsand i NRK Hordaland, Agnese Bremere i Kulturnytt i NRK P2 og Susanne Egset skal til NRK Dagsnytt. Maria Pile Svåsand: - Å vere praktikant er det mest morosame, travle, skumle og vanskelige eg har gjort. Læringskurva er nesten loddrett. Sjølv om vekene flyr, kjennest det som eg har vore her i årevis fordi eg har opplevd så mykje. Krava er store, men utbytet er enormt. Eg gler meg veldig til å kome ut i ekstern praksis, sjølv om det blir litt trist å forlate den trygge hamna i Førde. Nynorsk Mediesenter er ei enorm moglegheit, og eg er verkeleg privilegert. Lars Erik Andreassen: - Tida hos NRK Nynorsk mediesenter har vore travel, utfordrande, og heilt fantastisk! Steget frå vidaregåande skule til praksis i NRK har vore stort, men trass i

at kvar dag følast litt som ein heildagsprøve, har eg aldri hatt det kjekkare. Denne hausten har eg fått prøve meg som journalist og på berre nokre få månader har eg laga TV-sak til Vestlandsrevyen og vore med direkte på NRK alltid nyheiter. Etter jul forlèt eg nynorskreiret, då skal eg til Trondheim der MP3 og P3 Natt/helg ventar. Eg er sikker på at det halve året hos NRK nynorsk mediesenter har forma framtida mi ganske mykje, og eg er takksam for all lærdommen og røynsla eg tek med meg vidare. Agnese Bremere: - For meg har Nynorsk mediesenter vore ei dør inn til ei anna verd. Eg kom rett frå studiar og lange dagar på lesesal, til ein travel kvardag på ein nyheitsdesk. Det har absolutt gitt meirsmak! I løpet av tida ved Nynorsk mediesenter har er lært handverket på svært kort tid, eg har blitt mykje betre kjend med fylket mitt, eg har treft veldig mange dyktige og hyggelege folk, og eg har blitt meir trygg på meg sjølv! Sondre Dalaker : - Livet som nynorskpraktikant er rått. Enkelt og greitt. Livet utanom må setjast litt på vent nokre månader fordi læringskurva er veldig bratt, men det er likevel heilt fantastisk moro og utan tvil verdt kvart einaste minutt! Eg har storkost meg sidan eg byrja og lærer nye ting kvar einaste dag i eit knallgodt arbeidsmiljø med fantastiske kollegaer. NRK Nynorsk mediesenter er ein døropnar og ein rakettrampe. Det einaste som står mellom ein nynorskpraktikant og toppen av journalistverda er kor mykje arbeid ein vil leggja ned sjølv. Susanne Egset: - Å verte nynorskpraktikant er det luraste eg nokon gong har gjort. Eg har blitt broten ned og bygd opp på alt frå språk, stemmebruk, intervjuteknikk og teknisk utstyr. Eg har lært så mykje eg ikkje trudde var mogleg på berre få månader. Vi har hatt profesjonelle førelesarar, og blitt kasta rett ut i situasjonar ein er nøydde å takle som journalist. Etter ei svært intensiv opplæring, med store mengder praksis og grundig oppfølging, har faglærarar og vaktsjefar klart å gjere meg trygg på både radio- nettog TV-journalistikk. Dessutan har vi hatt eit stort fokus på språk, og fått grundig innføring i alt frå grammatikk og språkhistorie til språkbruk i dei forskjellege journalistsjangrane. Eg veit eg kjem til å dra nytte av alt eg har lært på Nynorsk Mediesenter, og er evig takksam for at eg har fått æra av å stå på same springbrettet som så mange dyktige folk har gjort før meg.

Fast tilsetting Mathias Oppedal (1985) vart fast tilsett i NRK Rogaland i sommar. Han arbeider for det meste som nettjournalist, og vart lånt ut til nettredaksjonen i NRK. no. i ein månad etter 22. juli. Oppedal har arbeidd i NRK Rogaland sidan mars 2010, då han var ferdig med praksisen sin der. Han er den tredje nynorskpraktikanten som får fast tilsetting i NRK Rogaland. NRK Nynorsk mediesenter gav meg ryggrad til å bruka nynorsk uansett. Tidlegare flakka eg når eg skulle velja målform. Nå har eg forstått at nynorsken er som ei potet; ho smakar godt, seier Mathias Oppedal. Medarbeidargransking Våren 2012 får vi ei eiga medarbeidargransking for NRK Nynorsk mediesenter, basert på røynslene til kull 14 og 15. Begge kulla vert spurde når dei er ferdige med halvåret som nynorskpraktikantar. Det er Bitten Kallerud, i Organisasjonsstaben i NRK, som er fagleg ansvaret for denne medarbeidargranskinga. Det er andre gongen det vert gjort ei eiga gransking for NRK Nynorsk mediesenter, den fyrste var gjort for kull åtte og ni.

Kursverksemda Året 2011 vart det store året for medietreningskurset vårt. Nynorskkurset var mest populært i fjor, men også i år er det mange som har sett kor viktig det er med god nynorsk formidling. Kurskalenderen viser at vi har hatt 20 kurs og foredrag i 2011, og desse fordelar seg mellom medietrening, nynorskkurs, beredskapsøvingar, presentasjonskurs og foredrag. På kundelista står mellom andre Havforskingsinstituttet, energiselskap frå tre fylke, Lotteritilsynet, LO Stat, Helsedirektoratet, Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Bondelag, Hordaland fylkeskommune og fleire kommunar. Nytt av året er det at Wenche Eikum, som er kursansvarleg i NRK Nynorsk mediesenter, er fast tilsett i 60 prosent stilling. På denne måten sikrar vi at kursverksemda kan halde fram og utvikle seg. Vi har nokre ferdig utarbeidde kurs, som vi heile tida prøvar å tilpasse det kundane treng. Neste år kjem vi mellom anna til å tilby eit oppfølgingskurs i nynorsk, med endå meir skrivetrening. Kvar vert nynorskpraktikantane av? Per 01.12.2011 har vi sendt frå oss 70 nynorskpraktikantar, og 71,5 % av dei har heil- eller deltidsarbeid i media. 43 av dei arbeider i NRK. Totalt har 23 fast arbeid i media, 18 i NRK. I NRK er det tidlegare nynorskpraktikantar i Dagsnytt, Dagsrevyen, Utanriks, NRK.no, NRK Super, NRK Radio Super, Kulturnytt, NRK P1, P2 og P3, Torget (intranettet i NRK) og ved distriktskontora i Rogaland, Hordaland, Sogn og

Fjordane og Nordland. I statusrapportane tek vi heretter berre med dei fem siste kulla, elles vert desse rapportane altfor omfangsrike. På nettsida www.nynorskmediesenter.no finn du alle kulla og vi oppdaterer jamleg kvar det blir av nynorskpraktikantane. Kull 14 03.01. 30.06. 2011 Jonas Sætre (1986) er tilkallingsvikar i NRK.no, Ingrid Brandal Myklebust (1986) er vikar i NRK Dagsrevyen. Ingvild Nave (1990) tek Europastudiar ved Universitetet i Bergen, og frilansar for NRK Hordaland., Gry Brekke Hustveit (1983) er frilansar på fleirkamera og Christian Wiik Gjerde (1981) r vikar i NRK Radio Super, som reporter og produsent. Kull 13 23.08.2010 28.02.2011 Vegard Troøyen Foseide (1984) er fast tilsett som informasjonskonsulent i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Hans Henrik Løken (1988) er tilkallingsvikar i NRK Sporten. Hilde Zahl (1982) er tilkallingsvikar på Tyholt, mest som reporter og programleiar i Kveldsåpent i NRK P1. Karl Kristian Langeland (1984) er vikar og programleiar i NRK Sogn og Fjordane og Hans Kristen Hyrve (1985) er tilkallingsvikar i RadioSelskapet og sendeleiinga i NRK P2.

Tolvte kullet 04.01. til 30.06. 2010. Frå venstre: Astrid Marie Grov (1984) er vikar i Språkrådet, Ingvil Aaen Torpe (1982) er vikar og vaktsjef i Norge i dag, i NRK Hordaland. Kristin Vestreim (1982) er vikar i Kulturhuset i NRK P2. Mari Langva (1986) har foreldrepermisjon og Gunn Evy Auestad (1986) er vikar i NRK.no. Ellevte kullet 24. 08. 2009 til 28. 02. 2010 Frå venstre: Mathias Oppedal (1985) er fast tilsett i NRK Rogaland, Aleksander Vallestad (1983) er vikar i NRK Hordaland, Sara Myhren Kornberg (1987) er vikar i Nattradioen i NRK P1, og byrjar ved nyttår som vikar i NRK Hedmark og Oppland. Simon Solheim (1990), er vernepliktig journalist i Forsvarets Mediesenter og tilkallingsvikar i Dagsnytt.. Bjørn Ivar Voll (1985) er vikar i NRK Møre og Romsdal Tiande kullet 05. 01. til 30. 06. 2009 Frå venstre; Ingunn Thon (1986) som er fast tilsett i NRK Super. Malin Olivia Dahlberg (1982) er fast tilsett informasjonsrådgjevar i Norske Kunstforeninger, Ingvild Ryssdal (1983) er vikar i NRK Dagsnytt/Alltid Nyheter, Anna Gytri (1984) er fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane og Siri Kleiven Strøm (1987) er vikar i NRK Hordaland.

Visjon og verdiar Stolt nynorsk er visjonen til NRK Nynorsk mediesenter. Vi skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i dialekten og språket sitt. Gode nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på Internett gjer oss stolte av språket vårt og røtene våre. Vi skal ale opp fleire gode, nynorskbrukande føredøme i etermedia. Det finst ikkje meir eigna kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio, fjernsyn og Internett. NRK Nynorsk mediesenter skal og medverke til at nynorskbrukarar flest blir trygge nok til å bruke språket sitt, og såleis auke det språklege og kulturelle mangfaldet i medie- og samfunns-debatten. Dyktig - frodig framfus Dette er verdiane NRK Nynorsk mediesenter byggjer på. Dei skal seie noko om kva vi vil vere og kva som skal prege både dei som arbeider her, og dei som får opplæringa si ved senteret. Det skal vere kvalitet i alle ledd, slik at dyktig vert omdømet til NRK Nynorsk mediesenter. Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet, ein kultur og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar, og for å ta sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon som NRK Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på for å gje nynorsken innpass på nye område. Nynorskbrukaren må vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Difor nyttar det ikkje å stå med hua i handa, ein må vere litt framfus i den positive tydinga av ordet: Våge å merke seg ut, stå for noko og vere noko. POSTADRESSE: BESØKSADRESSE: ELEFON: E-POST: NRK Nynorsk mediesenter NRK Nynorsk mediesenter, Leiar : 57 72 42 30 nynorskmediesenter@nrk.no Postboks 100, NRK Sogn og Fjordane Faglærarar : 57 72 42 74 6801 Førde Prestebøen 2, Sentralbord: 57 72 42 42 NETT: 6800 Førde Telefaks: 57 72 42 75 www.nynorskmediesenter.no