Konfirmant 2017. Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkjer. Tema for året: "Loved" www.kyrkja.no/fjell/konfirmant



Like dokumenter
Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje.

Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer.

Konfirmant Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje. Tema for året: "Loved"

Konfirmant eit år du seint vil gløyma Informasjonshefte Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell sokn 2008 VEDLEGG 1 AVTALE OM DELTAKING I KONFIRMASJONSTIDA...11, 12 VEDLEGG 2 INNSKRIVINGSSKJEMA...

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Velkomen som konfirmant!

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Hugs fristen på registrering måndag 10. sept!

Velkomen som konfirmant

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

k o n f i r mant 2013

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Informasjon fra Olsvik menighet

Konfirmanthefte. Bugården menighet

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Velkommen! Nå er det din tur til å bli konfirmant i Førresfjorden menighet

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Vi kan tilby et spennende opplegg som vi tror vil falle i smak hos de fleste. Ta en kikk og se om dette er noe for deg.

Velkommen som konfirmant. i Tynset- menigheten e!

Velkomen til konfirmanttida

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

KONFIRMANT 2016/2017 Vågsøy sokn

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Foreldreundersøking i skule 2006

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Plan for undervisning

Konfirmant. Førde, Holsen, Haukedalen. Undervisning Nattcup Fasteaksjonen Gudsteneste Kristuskrans Nesholmen Aktivitet Felleskap Bibel Vener

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Informasjon fra Olsvik menighet

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG

Konfirmant. Kirken i Skedsmo, Pb. 313, 2001 Lillestrøm Velkommen! pamelding fortsetter: Andre opplysninger (sykdommer, allergier o.l.

2014 / / 20 5

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Konfirmant. Kirken i Skedsmo, Pb. 313, 2001 Lillestrøm Velkommen! pamelding fortsetter: Andre opplysninger (sykdommer, allergier o.l.

Velkommen til infomøte konfirmasjon 2017

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

I denne brosjyren finner du spørsmål og svar for deg som vurderer å konfirmeres i kirken.

SJØPOSTEN. September 2012

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Velkommen til infomøte konfirmasjon 2019

Semesterplan hausten 2016

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Velkomen som konfirmant

DEN NORSKE KIRKE. Informasjon fra Olsvik menighet

Konfirmant Jeg? Informasjon til konfirmanter og foresatte. KIRKEN i OPPEGÅRD ØNSKER DEG VELKOMMEN!

Du er med dette invitert til å være

Velkomen til konfirmanttida

Velkommen til infomøte konfirmasjon 2020

SAUHERAD & NES MENIGHET

Utsikten 16. og 17. okt SENTRALADMINISTRASJONEN

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

VELKOMMEN SOM KONFIRMANT i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje !

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret 2019/2020

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Rutine for oppfølgingsmøte:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Velkommen til infomøte konfirmasjon 2017

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

Konfirmasjon i Kråkerøy menighet 2013 Spørsmål og svar for deg som vurderer å konfirmeres i kirken

Velkomen som konfirmant

Tiltaksplan mot mobbing

Orientering om konfirmasjonstida Sauherad & Nes menighet

Velkommen til konfirmasjon!

Velkommen til konfirmasjon!

Informasjon fra Olsvik menighet

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Til deg som går i 5.klasse!

Orientering om konfirmasjonstida Sauherad & Nes menighet

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Konfirmasjon. i Kråkerøy menighet Til deg som vurderer å konfirmeres i kirken

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Hei! LysVaken i Myrbostad kyrkja. Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til:

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Konfirmant 2017? Skoger og Konnerud menigheter

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

KONFIRMANT - JEG??? Velkommen som konfirmant i Tananger Menighet. Husk å meld deg på innen 22.juni 2012 Påmelding skjer på nettsiden vår.

KonfirmantiKyrkja2018/19

Informasjonshefte for Trondenes-konfirmanter 2014/2015 TRONDENES- KONFIRMANT 2014/2015

Transkript:

Konfirmant 2017 Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkjer Tema for året: "Loved" www.kyrkja.no/fjell/konfirmant

Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell 2017! Det nærmar seg konfirmasjonstid for dykk som er fødde i 2002. Vi i kyrkja held på å planlegge konfirmantåret, og håpar at du vil vere med! Kva er konfirmasjon eigentleg? Konfirmasjonstida heng saman med dåpen. I dåpen fekk du trua som gåve, og i konfirmasjonen får du moglegheit til å stadfeste at du vil leve i denne trua. Gud ønskjer også å stadfesta at han har omsorg for deg og elskar deg. Det vil vi snakke mykje om i konfirmasjonstida. Konfirmanttida er ei spennande tid der du får vere med på mykje gøy, får anledning til å samtale og grunne på dei store spørsmåla i livet, og moglegheit til å bli kjend med mange nye ungdommar og vaksne. Konfirmantåret er eit år du seint vil gløyma! Individuell tilrettelegging Vi vil gjere det mogleg for alle som ønskjer det, å vere konfirmant. Det kan vere mange årsaker til at det kan vere vanskeleg å følgje det ordinære opplegget som er sett opp. Om det er funksjonshemmingar, sosiale vanskar, sjukdom, eller anna som gjer det utfordrande for konfirmanten å følgje opplegget, ønskjer vi svært gjerne å kome i kontakt med foreldre/føresette og konfirmanten slik at vi saman finn ei god løysing for di konfirmasjonstid. Ulike tiltak kan til dømes vere: ein-til-ein undervising, undervising i mindre grupper eller anna tilrettelegging. Registrering For å bli registrert som konfirmant i Fjell må du fylle ut registreringsskjemaet på nettsida www.kyrkja.no/fjell/konfirmant/registrering Før du gjer det, anbefaler vi både konfirmanten og foreldre/føresette å lese infoheftet slik at du har eit godt inntrykk av kva det vil seie å vere konfirmant i Fjell. Registreringa er noko konfirmanten og foreldre/føresette bør gjere saman. Frist for registrering er 22. juni! - 2 -

Kontakt med heimen Foreldresamlingar Det blir nokre samlingar med foreldre/føresette i konfirmasjonstida: Infomøte i Foldnes kyrkje torsdag 16. juni kl. 19.00. Velkommen! T14 Kick-off 14. september. Fokus på interessegruppene. Tema- og informasjonssamling i januar. Fokus på T15-Fasteaksjonen T15 Wrap-up i april. Kappeutdeling og info om konfirmasjonsdagen. Informasjon De vil få tilsendt viktig informasjon i Konfirmantposten som Kyrkjekontoret sender ut 2 til 4 gonger, og på nettsida vår (www.kyrkja.no/fjell/konfirmant) skal det alltid ligge oppdatert informasjon. Semesterplan for undervisingsgruppene blir sendt ut til konfirmantar og foreldre/føresette i august og desember. Informasjonen vil hovudsakleg bli sendt ut via e-post, men påminning om viktige samlingar kan òg kome på sms direkte til konfirmanten og foreldre/føresette. Undervisningssamlingar Alle konfirmantane får undervisning i den kyrkja dei tilhøyrer, og blir fordelte etter skule og barneskulekrins. Undervisninga er som regel rett etter skuletid. Har de spesifikke ønskje om kva gruppe konfirmanten skal gå i, eller kven han/ho skal gå saman med, må dette presiserast på registreringsskjemaet. Ved registrering etter 22. juni er det ikkje sikkert at vi kan innfri desse ønskja. Undervisninga tek til i september. Interessegrupper Alle konfirmantane er med i ei interessegruppe i tillegg til undervisingssamlingane. I desse gruppene får konfirmantane vere ein del av ungdomsarbeidet og andre aktivitetar i kyrkja. Etter T14-dagen vil konfirmantane kunne registrere kva interessegrupper dei helst vil vere med i. I tillegg til nye interessegrupper vil desse gruppene vere Leir, TenSing Lukas, KRIK, Basement, Landroklubben, Lysmesse m.m. Det kjem meir informasjon om desse gruppene på T14-dagen. - 3 -

Gudstenester Gudstenesta er kyrkjelyden si storsamling. Gud møter oss, vi møter Gud og vi møter kvarandre. Konfirmantane skal delta på minimum åtte gudstenester i tillegg til konfirmasjonsgudstenesta i mai. På kvar gudsteneste skal konfirmantane fylle ut eit gudstenesteark for å registrere frammøte. Dette arket skal leverast til presten eller kyrkjevertane når gudstenesta er slutt. Viss konfirmantane går på gudsteneste andre stadar enn Fjell, Foldnes og Landro kyrkje, må dei få underskrift på at dei har vore til stades, og levere denne til konfirmantlærar. Vi oppfordrar foreldre/føresette til å slå følgje med konfirmanten til gudstenestene. Ung messe I løpet av året vil det bli arrangert fleire "Ung Messe" i alle tre kyrkjene. Dette er gudstenester spesielt tilpassa ungdom, og vi vil anbefale desse for konfirmantane. Ungdom er med i planlegging og gjennomføring av gudstenesta, noko som gjer at all musikk, forkynning og liturgi er meir ungdommeleg enn det vil vere på ei alminneleg gudsteneste. Etter gudstenesta er det kyrkjekafé; eit sosialt møtepunkt med noko godt å ete. Lysmesse Søndag 4. desember skal nokre av konfirmantane vere med på å lage lysmesse i alle tre kyrkjene. Dette er stemningsfulle gudstenester der alle konfirmantar og foreldre er særskild velkomne. Vi tenner lys i mørkret og les tekstar som fortel om frelsaren som kjem. Ei flott adventsgudsteneste for heile familien. - 4 -

Presentasjonsgudsteneste I september skal alle konfirmantane presenterast for kyrkjelyden i den kyrkja dei høyrer til. Alle konfirmantar må møte på si presentasjonsgudsteneste. Dette er ei heilt vanleg gudsteneste, men som ein del av forbøna blir alle konfirmantane lest opp og bedt for. På presentasjonsgudstenesta vil alle konfirmantane òg få utdelt sin konfirmantbibel. Fjell kyrkje: Søndag 18. september kl. 11.00 Ekerhovd, Tellnes og Kolltveit krins. Søndag 25. september kl. 18.30 Algrøy, Skålevik, Syltøy, Knappskog og Ulveset krins Foldnes kyrkje: Søndag 11. september kl. 11.00 Brattholmen, Bjorøy og Hjelteryggen krins Søndag 18. september kl. 11.00 Foldnes og Liljevatnet krins Landro kyrkje: Søndag 25. september kl. 11.00 Spjeld, Landro, Misje og Ågotnes krins. Konfirmasjonsgudsteneste Konfirmasjonsgudstenesta er ei høgtideleg avslutning på konfirmasjonstida. I utgangspunktet skal alle bli konfirmert i den kyrkja dei soknar til, men dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, går det heilt fint å be om ei anna kyrkje eller ein annan dag. Fjell kyrkje: Laurdag 6. mai kl. 10.30 Ekerhovd, Skålevik, Algrøy og Syltøy kl. 12.30 Kolltveit Søndag 7. mai kl. 10.30 Ulveset kl. 12.30 Knappskog og Tellnes Foldnes kyrkje: Laurdag 6. mai kl. 10.30 Foldnes kl. 12.30 Foldnes Laurdag 13. mai kl. 10.30 Hjelteryggen kl. 12.30 Liljevatnet Søndag 14. mai kl. 10.30 Brattholmen og Bjorøy kl. 12.30 Brattholmen Landro kyrkje: Laurdag 13. mai kl. 10.30 Landro og Misje kl. 12.30 Landro og Spjeld Søndag 14. mai kl. 10.30 Ågotnes Endringar på grunn av soknedeling 1.november 2015 blei Fjell kommune delt inn i tre sokn. Dette får konsekvensar for nokre av konfirmantane frå Knappskog krins. Tidlegare har konfirmantar frå Knappskog kunne velje mellom konfirmasjon i Fjell eller Landro kyrkje. Nå er det satt opp nye soknegrenser, så alle frå Knappskog krins soknar til Fjell kyrkje. Unntaket er konfirmantane frå Spjeld, som soknar til Landro kyrkje. - 5 -

Arrangement T14 Kick-off! Onsdag 14.september kl. 18.00 i alle tre kyrkjene Konfirmantåret startar med ei høgtideleg og festleg samling i kyrkja di. Denne dagen er for både konfirmantane og foreldre/føresette. På T14 vil du få info om konfirmantåret og om alle dei ulike interessegruppene. I august vil de få eit brev i posten med invitasjon til T14-dagen. T15 Fasteaksjonshelga: 1. - 2. april T15 Storsamling Laurdag 1. april blir det ei storsamling i Foldnes kyrkje for alle konfirmantane i Fjell! Denne kvelden er det kick-off til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon som skal vera dagen etter. Kvelden blir fylt med underhaldning, viktig info om Fasteaksjonen, konsert, kiosk og god stemning! T15 Fasteaksjonen Fasteaksjonen er Kirkens Nødhjelp sin årlege innsamlingsaksjon. Alle konfirmantane er med på å gå med bøsse i sitt nærområde søndag 2. april. Foreldrehjelp Til T15 treng vi hjelp frå foreldre både på laurdag og søndag til mellom anna baking, praktisk hjelp og vakthald. Meir info om dette kjem på foreldresamlinga i januar. Foto: Erlend Angelo/Kirkens Nødhjelp T15 Wrap-up! Omlag ei veke før konfirmasjonen er det Wrap-up for alle konfirmantar og konfirmantlærarar i kyrkjene. Det blir underhaldning, kake og brus, og ein sjanse til å sjå tilbake på konfirmantåret. På slutten av kvelden inviterer vi alle foreldre/føresette til ei kort infosamling om konfirmasjonsdagen. Under denne infosamlinga vil konfirmantane få utdelt kappane dei skal bruke under konfirmasjonen. - 6 -

Praktisk informasjon Økonomi Alle konfirmantane betalar ein kontingent på kr. 750,- Dette dekkjer utgifter i samband med undervisning og arrangement, og reingjering av konfirmantkappene. I tillegg til kontingenten kjem utgifter til interessegruppene. Prisen på desse vil variere. Kyrkjelyden har kjøpt økonomiske tenester hos kommunen, så rekninga blir sendt frå Kommunekasseraren i Fjell. Kommunekasseraren treng personnummer til den av foreldra som skal betale. Vi ber derfor om at dette blir oppgitt på registreringa. Rekninga blir sendt ut i mars/april/mai. Dåpsattest Er konfirmanten døypt andre stader enn i Fjell sokn (Fjell, Foldnes eller Landro kyrkje), må de sende kopi av dåpsattest til oss, slik at det formelle er i orden. Dersom du ikkje har dåpsattesten tilgjengeleg, kan du bestille ein kopi frå kyrkja der konfirmanten er døypt. Dåpsattesten kan sendast som brev eller e-post, eller leverast til konfirmantlærar. Ikkje døypt? Dåpen er ein føresetnad for konfirmasjon. Dersom du ikkje er døypt, kan du vere med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs. Kvart år blir ei handfull konfirmantar døypte i samband med konfirmasjonstida, og vi set opp dåpskurs og dåpsgudsteneste for desse konfirmantane i februar/mars. Avtale for konfirmasjonstida Konfirmantlærarane skal syte for: godt førebudde samlingar å gi viktig informasjon skriftleg at dei obligatoriske utgiftene ikkje blir høgare enn det som er fastsett i infoheftet at programmet ikkje blir endra utan særleg viktige grunnar å gi melding ved endring av semesterprogrammet Konfirmanten skal: møte til dei samlingane som planen føreskriv gjere sitt til at det blir eit positivt miljø under samlingane gi melding dersom det er noko ein vil endre på Foreldre må gi melding på førehand dersom konfirmanten ikkje kan møte til dei oppgitte samlingane. For at konfirmanttida skal bli ei god tid, er vi avhengige av at foreldra motiverer konfirmanten, går saman med dei til gudsteneste, deltek på foreldresamlingane og les den informasjonen som blir sendt ut. Stadig uro under samlingane vil bli tatt opp med foreldre/føresette. Ved meir enn 20% fråvær blir det kalla inn til ekstraundervising. I verste fall kan det bli grunnlag for utsetjing av konfirmasjonen. Ved registrering på www.kyrkja.no/fjell/konfirmant stadfestar konfirmanten og foreldre/føresette at dei er kjende med og aksepterer avtalen. - 7 -

Ansvarlege for konfirmasjonstida Soknerådet er ansvarleg for konfirmasjonsopplegget, og har vedteke konfirmantplanen for Fjell. Kateketen, kyrkjelydspedagogen, prestane og andre tilsette har saman ansvar for konfirmantundervisninga. Har de noko å utsetje på opplegget, så ta gjerne kontakt med ansvarleg konfirmantlærar eller Kyrkjekontoret så vi kan ta ein prat om det du tenkjer på. Vi håpar dette informasjonsheftet gir svar på det meste omkring konfirmasjonstida som kjem, og inviterer til eit godt samarbeid mellom heim og kyrkje. Har de spørsmål: ver frimodige og ta kontakt! Venleg helsing konfirmantteamet i Fjell Mildred Heggernes, Terje Aannerød, Bjarte Nese, Petter Ekerhovd-Ottersen, Maria Tveten, Eirik Austeng og Beate Sørhus - med ønskje om ei minnerik konfirmasjonstid! Er det noko du ikkje får svar på i dette heftet, ta gjerne kontakt med kyrkjelydspedagog Beate Sørhus. Tlf.: 55 09 74 63/ E-post: beate.sorhus@fjell.kommune.no Besøksadresse: Temahuset (Tytebærbrekko 2), Straume. (2.etg., over Jysk) Opningstider: måndag-fredag, kl.9-15 www.kyrkja.no/fjell/konfirmant - 8 -