Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Bispemøtet Dato: 16.juni 2014 Deres ref.: 14/40-1 INW Vår ref.: 2014/3701 Norheim Kompetanseutviklingsplan for prester 2014 - høring Vedlagt oversendes høringssvar fra det teologiske fakultet. Vennlig hilsen Trygve Wyller Dekan Dag Myhre-Nielsen fakultetsdirektør Det teologiske fakultet Postadr.: Postboks 1023 Blindern, 0315 Oslo Kontoradr.: Domus Theologica Blindernveien 9 Telefon: +4722850300 Telefaks: +4722850301 postmottak@teologi.uio.no www.tf.uio.no Org.nr.: 971 035 854
2 Til Bispemøtet: Høyring om kompetanseutviklingsplan for prestar 2014 Som ein av aktørane på EVU-feltet for prestar i Den norske kyrkja takkar Det teologiske fakultet for høvet til å uttale seg om det framlegget til kompetanseutviklingsplan som her ligg føre. Det skjer for tida viktige endringar innanfor feltet. Frå 2014 har Bispemøtet fått hovudansvaret for å forvalte EVU for prestane i Den norske kyrkja, mellom anna med oppgåva å utvikle mål og planar for kompetanseutviklinga. Denne endringa inneber ei tydeleggjering og styrking av arbeidsgjevaransvaret i høve til kompetanseutviklinga for prestar, noko som fakultetet meiner planutkastet speglar. Generelt til planen Fakultetet vil streke under det positive i den solide og ambisiøse satsinga på etter- og vidareutdanning for prestar som planutkastet legg opp til. Dette gjeld dei rammevilkåra med finansiering og permisjonsordningar som arbeidsgjevar stiller opp med for at prestar skal kunne ta etter- og vidareutdanning. I dette ligg ei tydeleg og naudsynt forplikting frå arbeidsgjevar. I same retning peikar breiddesatsinga som planutkastet legg opp til når det gjeld temaområda som skal prioriterast innanfor etter- og vidareutdanninga, og det vitnar om ei solid satsing på feltet når det blir lagt opp til sentralt initiert vidareutdanning på masternivå i eit omfang på minimum 2000 studiepoeng årleg. Fakultetet vil vidare seie seg nøgd med at bispemøtet i framlegget held fast på mastergradane i praktisk teologi og klinisk sjelesorg som det primære rammeverket for vidareutdanninga til prestane. Dette er avgjerande for ei kompetanseutvikling som er solid fagleg forankra. Ei innvending mot framlegget er etter fakultetets meining at visjonane manglar. Det seier mykje om rammeverket og ordningane som EVU for prestar skjer innanfor, og det er sjølvsagt naudsynt i denne typen
3 dokument. Men vi etterlyser at det blir sett tydelegare ord på kvifor kompetanseutvikling er livsviktig for prestane i ei kyrkje og i eit samfunn i sterk endring. Rammevilkåra for kyrkja er i ferd med å bli grunnleggjande endra i det norske samfunnet. Samfunnsendringar og religiøse endringar, mellom anna gjennom aukande religionspluralisme, stiller nye krav til kyrkja og kyrkja sine medarbeidarar. I denne situasjonen treng vi at prestane som religiøse leiarar er godt skolerte og får vidareutvikla kompetansen sin. Generelt vil fakultetet òg peike på at det er viktig å ha auge for og å sikre ein balanse mellom landsdekkjande, nasjonale kurs og dei kursa som blir initierte og gjennomførte lokalt og regionalt (prosti, bispedømme). Dei nasjonale kursa vil kunne medverke til å gje impulsar inn det lokale og regionale frå eit vidare perspektiv. Ein vekselverknad mellom det nasjonale og det lokale/regionale vil ha avgjerande verd. Kommentarar til einskilde punkt Under punkt 1 om forankring i overordna mål saknar fakultetet eit punkt om den teologiske grunnutdanninga som dei teologiske fakulteta forvaltar. Kompetanseutvikling vil med naudsyn byggje på den grunnutdanninga som prestane har med seg. Det er ei viktig utveksling mellom grunnutdanninga og vidareutdanninga. Fakulteta treng vidareutdanninga for å kunne gjere den teologiske grunnutdanninga betre. Dette gjer gjennom å nytte ein dialogisk metode for gjensidig læring. Her står utdanningsinstitusjonane i eit kontinuerleg kvalitetsutviklingsarbeid. Når det gjeld punkt 2 om forståinga av kompetanseutvikling meiner fakultetet det kan vere grunn til å nemne det potensialet for samhandling med utdanningsinstitusjonane som finst når det gjeld utdanningsporteføljen. Her er det ikkje berre snakk om å utvikle eigne kurs for vidareutdanningsfeltet, men òg vil det vere mogleg å tenkje seg utnyttinga av eksisterande utdanningstilbod som institusjonane har. Fakultetet har òg god røynsle med å la studentane i grunnutdanninga knyte kontakt med prestar i praksis, gjennom felles fordjuping.
4 Punkt 3 om nasjonale målsetjingar for kompetanseutviklinga inneheld viktige moment som fakultetet i det store og heile sluttar seg til. Men vi meiner det er viktig å presisere at det ikkje berre er det som skjer i kyrkja og i samfunnet som bør vere utgangspunkt for kompetanseutviklinga. Ein annan viktig dimensjon er òg den fagutviklinga som skjer i teologien. Utgangspunktet er at basis for prestetenesta er ei profesjonsutdanning i teologi. Det er tradisjon for at lutherske prestar har sterk autonomi, knytt til ei fagleg sjølvstendig dømmekraft. Det krev òg fagleg oppdatering innanfor teologifaget. Eit mål må vere at prestane gjennom vidareutdanninga skal få innsikt i og kunnskap om forskingsfronten innanfor fagdisiplinane. Fakultetet stussar over punkt 4e, der mangel på samhandling mellom praksisfelt og akademia i utviklingen av kurstilbud blir omtala som ein risikofaktor i arbeidet med kompetanseutvikling. Dette vil vi meine er ei unaudsynt negativ vikling. Faktisk er utdanningsinstitusjonane sjølve svært opptekne av vidareutdanning og at denne naturleg nok må vere relatert også til praksisfeltet. Tenkinga er, slik vi har vore inne på, at utdanningsinstitusjonane treng vidareutdanninga med tanke på fagutvikling som kan kome den teologiske grunnutdanninga til gode. Her vil vi meine det ikkje er nokon motsetnad mellom utdanningsinstitusjonane ønskjer og det som er dei kyrkjelege behova. Når det gjeld kursplanane (s. 4), synest fakultetet dei temaområda som er gjort framlegg om både er tenlege og relevante. Men vi saknar bibel og interreligiøse studiar i oversikten. Internasjonalisering og utvekslingar over landegrensene bør òg vere ein del av porteføljen i kompetanseutviklinga. Eit sentralt punkt er det økumeniske arbeidet, som fakultetet meiner det er viktig å løfte fram i denne samanhengen. Ei sak som ikkje er nemnt i framlegget, men som fakultetet likevel finn naturleg å nemne, er rolla til Kompetanserådet. Saman med dei andre institusjonane som tilbyr profesjonsutdanning i teologi, har Det teologiske fakultet vore ein del av rådet. Dei tre teologiske fakulteta eig mastergraden i praktisk teologi, og er naturleg nok ansvarlege for undervisningstilbodet i graden. Fakultetet meiner Kompetanserådet framleis bør ha ansvar for å samordne kurstilbodet innanfor mastergraden i praktisk teologi. Det er viktig med ein tett dialog med bispemøtet, og det er naturleg at Kompetanserådet her ivaretek kontakten med
5 bispemøtet på vegne av fakulteta. Ut frå dette vil fakultetet gjere framlegg om at punkt 5i under Rammer blir endra slik: Kompetansetilbudene utvikles i dialog med utdanningsinstitusjoner og arbeidstakere. Undervisningstilbudene innenfor mastergradene utvikles av de aktuelle utdanningsinstitusjonene i dialog med Bispemøtet og arbeidstakerne.