MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Like dokumenter
MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juli Frå eit av arbeida som Broderinemda hadde med på utstillinga på Torgdagen i Hillesvågen.

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / Desember 2015

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / januar 2012

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / juni 2017

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / juni Frå torgdagen i Hillesvågen. I år kunne ein og få kjøpe blomar og staudar

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3/ august Kardemaskina var populær då det var sommaraktivitet på Flatøy

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / juni 2014

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember Primstaven ynskjer alle lesarane ei fredfull og god jul

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Primstaven ynskjer alle lesararne God Jul

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / januar 2010

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / nov 2016

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 3 / juni 2015

Primstaven ynskjer alle lesarane GOD JUL

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / mars 2015

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / september Sommardag i Hillesvågen

Skål i karveskurd. Vil du lære denne gamle handverkstradisjonen, kan du melde deg på kurset vårt i haust.

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / desember 2018

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / mars Primstaven ynskjer alle lesarane sine GOD PÅSKE

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / november Elevarbeid frå eitt av kursa til Ingvild Skår

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / Desember 2016

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 5 / desember Me ynskjer ei god og fredfull jul og eit godt nytt husflidsår for alle våre medlemar

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 6 / desember Me ynskjer alle ei God og fredfull Jul og eit retteleg Godt Nytt år.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 april 2014

Kom skal vi klippe sauen

Årsmøte Ænes og Mauranger Bygdalag

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

SJØPOSTEN. September 2012

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Held fram med nytt styre og nytt namn fredag 15. august :12. Ny leiar for Coloria, Elna Tvedt Bauge (53). 1 / 9

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

OFFISIELL ÅPNING AV FÅREFESTIVALEN. Fredag 23. september kl 20.00

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Å arrangere et loppemarked byr på en stor arbeidsinnsats fra medlemmenes side, så det var ingen stor oppslutning om å gjennomføre det sist høst.

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 1 / april Vakkert tauarbeid på flykesårsmøte i Hordaland Husflidslag.

SJØPOSTEN HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE. Februar Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag»

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr.1, januar/februar 2018

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 4 / september 2013

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Stemnehandboka for NKSF

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

linselusa bak er prøveleiaren

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

Bjørnehiet SFO - informasjon

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Nokon kjem til å komme (utdrag)

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / mars 2018

Til medlemane i Voss Husflidslag

ASKØY HUSFLIDSLAG MEDLEM AV HORDALAND HUSFLIDSLAG OG NORGES HUSFLIDSLAG KURSKATALOG HØSTEN 2013 BROKADESTOFF TIL ASKØYBUNADEN SELGES HOS

mmm...med SMAK på timeplanen

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

Kvam herad. Utegruppe /naturavdeling ved Tolomarka barnehage og Sjydnahaugen barnehage. Arkiv: N-211 Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Mali Grete N.

5. Soknerådsmøte mai Referat

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Vekeplan 9. klasse. Namn:.. Veke 38. Eng British English. RLE: Likeverd og likestilling Natur:

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Rapport Camp Svalbard vinter 2016

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG. Nr 2 / april 2010

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

lunsj. Helt til slutt fikk vi lov å komme inn i huset igjen og smake på brød som de spiste i Jernalderen.

Skule- og barnehagetilbod

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

ELGHUNDNYTT NR

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Transkript:

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 3 / juni 2011 Eit nytt hoppetau vert laga på torgdagen i Hillesvågen. Brita Hekland, nestleiar i Hordaland Husflidslag var instruktør under reipslaginga.

TORGDAGEN I HILLESVÅGEN Veret hadde vore ustabilt dei siste dagane, kaldt og surt, og dei nye telta me hadde sett opp kvelden før låg midt på plassen då me kom om morgonen. Men telta kom på plass att og sola kom fram. Veret vart så fint som me hadde håpa på. Eit jamnt sig med folk kom det heile dagen. Dagen vart slik som ein torgdag skal vera. Mange utstillarar var det også i år, nokre gamle og nokre nye. Me fekk demonstrasjon av mange ulike teknikkar, og folk fekk prøve seg på veving med brikker, bandveving på grind, veving på bordvev, spinning og sying av skinnfell. Bunadsnemnda og broderinemnda viste fram arbeid og orienterte om aktiviteten sin. Elles var det sal av mange ulike produkt. For borna var det fleire aktivitetar i år. Noko heilt nytt var det å laga reip av opprevne gamle dynetrekk. Brita Hekland frå Hordaland Fylkeshusflidslag tok seg tid til å vere med og laga hoppetau med minireiparbane. Det vart laga om lag 55 hoppetau denne dagen. Birger og Finn, og Leiknes Blåseorkester skapte i år som i fjor den rette stemninga med musikken sin. Stompekakene gjekk ned fortare enn gjengen på kjøkkenet kunne steika og betasuppa metta så folk kunne sleppa og laga middagen den dagen. Nok ein vellukka torgdag. Vigdis Olsen og Rita Amundsen frå broderinemnda ventar på sola. Kald start på dagen for Ingunn Haug, Brita Rydland og Rannveig Reigstad frå bunadsnemnda. 2 Ingebjørg Tolleshaug t.h og Linda Rognhaugen med eit stort utval i fine strikka og sydde produkt. To gjesteutstillarar, som og har vore med oss tidlegare, hadde med flotte strikka og tova produkt.

Sandra Herøy frå Fedje spann nydeleg kvalitetsgarn av ull frå eigne sauer Grete Vetås instruerer ivrig elev i brikkevev og bandvev To ivrige sjarmerande småjenter vil gjerne lære vevkunsten Erfaren brikkevevjente frå Ågotnes, som alt beherskar teknikken godt EI STOR TAKK OG HELSING Anna Østerbø, mangeårig aktiv medlem i Nordhordland Husflidslag, har feira 90 årsdagen sin. Laget sender varme helsingar. Nordhordland Husflidslag har vore så heldige og overtatt vevstolen hennar. Den vert sett opp i vevstova på Dale og skal nyttast i kurssamanheng. Tusen takk for ein god vev. Ei stor gåve for laget. Helsing 3 Aud Marit Halland, leiar

Vårmøtet hjå Keipane Kystlag Om lag 20 personar hadde funne vegen til Sæbøvågen den 2. mai til medlemsmøte i husflidslaget. Eigar av den gamle slippen og verkstaden, Evy B. Dame, som og er leiar for Keipane Kystlag, fortalde ivrig og engasjert om historia til Slippen. Ho viste fram gamle reiskapar som er tatt vare på, båtar dei har fått og restaurert og den gamle slippen som bestefaren hennar kjøpte under krigen. Me fekk og høyre historia om skitbåten Oskar. Båten var brukt til å frakta byskit frå kaggedoa i by`n til kompostering i haugar rundt om i Nordhordland, for så å hamne som gjødning på gardane rundt om, visstnok ei ettertrakta vare. Evy og medhjelparane hennar serverte oss ei varmande og god fiskesuppe i verkstaden, noko som gjorde godt i den kalde nordavindstrekken. Ei interessant og hyggjeleg kveldsstund i Sæbøvågen. NB. Veit du om at nokon av medlemmane ikkje har fått Primstaven, ver bra og meld frå til Anne Grete Breisnes eller Aud Marit Halland. Elles minner me om at medlemmane sjølv kan gå inn på www. husflid.no og rette opp evt. feil i medlemsregisteret 4

TORGDAG I BERGEN I år fekk Nordhordland Husflidslag invitasjon til å vere med på Torgdagen i Bergen. 5 medlemmer deltok med sal av eigne produkt og marknadsføring av laget. Me delte ut brysjyrer og kursoversikt for hausten og interessa var stor. Det var mykje folk i byen og mange ville sjå og snakke om det me hadde med, både turistar og byfolk. Og sjølv om dagen starta med regn og låg temperatur, gjekk salet bra. Etter kvart kom sola fram, temperaturen steig og stemninga var som ho skal vere på ein skikkeleg torgdag med lått og løye, sang og toradarspel og fjordabåtar som kom og gjekk. Ein kjekk dag i by`n der Nordhordland Husflidslag fekk synt fram litt av mangfaldet i laget. I tillegg til utstillarane me ser bilde av, deltok Beate Kolstad med glassmykke og Anne Grete Breisnes med vevde tekstilar. Kjersti Børilden med vakre produkt i skinn og vev Jarl Hansen med stort mangfald i maritime husflidsprodukt av tre og tau Karin Larson Eide med stort utval av fargerike rosemåla produkt 5

SOMMARHELSING FRÅ STYRET Me kan sjå attende på ein svært aktiv vår med handarbeidstreff, besøk hjå Keipane Kystlag og torgdag i Hillesvågen. Laurdagsope med kafe og sal av medlemane sine produkt i Hillesvågen har me hatt heile tida. Nokre laurdagar har me fått besøk av lag og grupper som melder frå at dei kjem. Då vil dei ha varm mat også. Bunadsnemnda har stilt opp og tatt ansvaret for å laga betasuppe. Den har falle særdeles godt i smak. Noko me stadig får tilbakemeldingar om. Dersom me skal ha ope kvar laurdag i heile sommar, må me ha folk som kan setja av ein laurdag til dugnad. Ta kontakt med leiar på tlf. 94857312 dersom du kan hjelpa til. Me har ny opningstid frå kl 10.30 til 14.30. Til hausten startar me opp att med medlemsmøte 29.aug. Me må få ferdig nye vedtekter som samsvarer med lov om samvirkeføretak for P/L Husflidstova. Ver gild og delta med det. Hugs at P/L Husflidstova er laget sin butikk. 5. september vert det handarbeidstreff der brikkevev er tema. 10. september markerer me Husflidsdagen 11. september er Kulturminnedagen. 12.-16. september vil me laga opplegg retta mot den kulturelle skulesekken. Tema er spor i naturen. Me fargar med planter, brukar ull, nyttar det til strikk og vev. 3.oktober vitjar Torild F. Velure oss, og syner fram sjølvkomponerte hattar og fortel frå husflidsorganisasjonen. 7. november vert det nytt handarbeidstreff der me lærer å laga julehjarte. 19. november skipar me til husflidsmesse i Knarvik. Dei som vil vera med som utstillarar, kan allereie melda frå til Aud Marit Halland, e-post: am-ah@online.no eller Kjersti Børilden, e-post: k-boeri@online.no. Medlemmer som kan jobba dugnad må setja av denne dagen. Det kjem påmeldingsskjema i neste nummer av Primstaven. Det er førstemann til mølla prinsippet som gjeld. Ver raskt ute. Julemøtet 5. desember vert avslutninga på dette husflidsåret. Så ynskjer me alle medlemmane våre ein riktig god sommar! 6

KURS HAUSTEN 2011 Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris Lefse/flatbrød Arild Hagenes 12 24 og 25 Knarvik vg 99034535 Helg sept skule kr 740 Grønlandsperle Dagmar Lygre 8 jul 97033172 16 november Hillesvåg kr 920 Veving/flatvev Aud Marit Halland 25 Dale 56373278 48 aug Grendahus kr 2 360 Pilfletting Lise Dyrhovden 14 23 og 24 56367257 Helg sept Hillesvåg kr 830 Skinnfell Kjersti Børilden 99361071 2012 merknad nedst på arket 34 feb Hillesvåg kr 1 730 Veving av band til Kjersti Børilden 99361071 21 og 30 nordhordlandsbunad Grete Vetås 90672804 12 jan Hillesvåg kr 740 Tauverk Svein Harald Bjørke 5 Austrheim 95272861 16 okt vg skule kr 920 Broderi kurs Annlaug Helland 12 Austrheim plattsaum 91577062 15 sept vg skule kr 875 Plantefarging Magnhild Rønhovd 21 20 mai 3 t 56367001/94780147 Helg 2 til 4 Sept 18 t Hillesvåg kr 1 365 Kvinnebunad Mona Stordal 5 nordhordlandsbunad 41680766 32 sept Hillesvåg kr 1 640 Herrebunad Airin Espelid 6 nordhordlandsbunad 55240860 44 sept Hillesvåg kr 2 180 Strikkekurs Ingrid Hopland 7 Heklekurs 95887296 16 sept Hillesvåg kr 920 Qvilte kurs, veske Anne Kristin Øvretveit 15 Knarvik Stoff og Vidaregåande kurs 90476032 12 aug Søm kr 740 Dreiekurs Mathias Sætre 12 8 og15 56169298 Helg sept Austrheim kr 740 Brigding av Aud Marit Halland 01.jan Dale sokkeband 56373278 10 okt Grendahus kr 650 Spinning med rokk Vigdis Valde 11 15 og16 97740380 Helg okt Hillesvåg kr 695 Spinning med Vigdis Valde 11 22 og 23 handtein 97740380 Helg okt Hillesvåg kr 695 Merknader: Påmelding til skinnfellkurset må vi ha 7 så tidlig som muleg p.g.a. lang leveringstid på skinna vi skal bruke. Materialutgifter kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmer i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta. Påmelding til kursleiar. Bindande påmelding.

UNDER GAUKETRE Du glade gauk oppi lerkeskogen skal tru du veit kva eg har i hugenskal tru du veit at eg ynskjer meg det ikkje nokon skal ynskja seg. For alt eg spring over veg og vangar og stilt meg listar på mosegangar, du smett så var ifrå grein til grein, og eg vert støtt lite grann for sein. Og sår i hugen, så må eg venda, og aldri heller, så vil det henda, for- nei, eg vil ikkje seia det førenn eg sit under gauketre. Aslaug Låstad Lygre POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss: Øyvor H. Larsen, Bruvegen 44, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: oyvorhl@c2i.net Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: agbrei@online.no Utgjevar: Nordhordland Husflidslag, Returadr.: Anne Grete Breisnes, 5943 Austrheim 8