Mars 2016-27. årgang Ungdommens kulturmønstring UNG KULTUR MØTAST UKM Bykle og Valle HOVDEN GRENDEHUS sundag 13.mars kl. 1630 Opent hus frå kl 16 og utover, du er velkomen til å rusle rundt og kikke på kva for aktivititetar ungdomane har drive på med denne helga! Støtt opp om ditt lokale UKM og ungdomane som gler seg til å gi deg denne opplevinga! Inngang: 0-18 år gratis, andre kr 50. Matsal / kiosk BYKLE OG VALLE Arr. Valle og Bykle kommunar v/kultur og fritid
KULTURMIDLAR 2016 Kulturmidlar for 2016 blir inntil vidare ikkje lyst ut, før levekårsutvalet har vedtatt justert budsjett for Kultur og fritid (jf. vedtak i kommunstyret PS 69/15). SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS SKULEÅRET 2016/17 Har du plass, og ikkje ønskjer endring i opphaldstida, treng du ikkje å søkje. Søknadsskjema finn du på valle.kommune.no Under fana: Sjølvbetening - skjema A-Å - barnehageplass. Søknadsfrist 1. april. SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) SKULEÅRET 2016/17 Søknadsskjema finn du på valle.kommune.no Under fana: Sjølvbetening - skjema A-Å - skulefritidsordning. Søknadsfrist 1. april. INNMELDING 1.KLASSE SKULEÅRET 2016/17 Alle barn som er født i 2010 og som bur i Valle kommune, eller som skal flytte hit innan skulestart, skal byrje på skulen torsdag 18. august 2016. Innmeldingsskjema til 1. klasse ligg på valle.kommune.no under fana Sjølvbetening - Skjema A-Å - Skule - Innmelding. Frist for innmelding 1.april. IDRETTS OG KULTURSTIPEND FOR UNGDOM Levekårsutvalet vedtok i februar nye retningslinjer for tildeling av utviklingsstipend for ungdom. Ordninga gjeld for ungdom i alderen 13-21, som ønskjer å satse spesielt og målretta innafor idrett eller kultur. Meir informasjon om ordninga finn du på heimesida til Valle kommune. Søknadsfrist i år er 1. april. KOMMUNALE LEIKEPLASSAR Valle kommune har kr. 100.000 på budsjettet for 2016 øyremerkt til kommunale leikeplassar. Velforeiningar kan søkje om midlar til oppgradering på post@valle kommune.no Spørsmål kan rettast til Torleif Homme på telefon 901 01 955. Søknadsfrist 1. april. INFORMASJON OM DIGITAL POST FRÅ VALLE KOMMUNE Du har kanskje fått post frå kommunen i Altinn? No kan du velje å få kommunal post i DIgipost eller e-boks. Frå og med 1.1.2016 er alle statlege etatar pålagde å sende ut post digitalt til innbyggjarane, etter kvart vil fleire offentlege etatar leggje om til digital postforsending. Valle kommune ynskjer å vere i forkant av denne utviklinga, og har no sett i gong med digital postsending. For deg som innbyggjar betyr det at du får posten din raskare, og du får samla all posten på ein stad. Du kan også posten din frå kommunen der du er bare du har tilgang til nett. Opprett digital postkasse Du kan velje mellom to ulike postkassar Digipost eller e-boks. På same måte som du kan velje mellom ulike bankar og forsikringsselskap, skal du enkelt kunne velje den postkassen som passar best for deg. Når du mottek digital post frå Valle kommune, vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Les meir om korleis du oppretter din digitale postkasse på e-boks eller Digipost på www.norge.no. Trygt og enkelt Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt frå det offentlege. Brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ynskjer. Du bruker ID-porten til innlogging for å lese din digitale post frå det offentlege. Frist for innsending til Bygdenytt i april er tysdag 29. mars. sentralbord@valle.kommune.no
NYE TELEFONTIDER VALLE LEGEKONTOR FRÅ 1.MARS Telefontid legekontoret, resepsjonen: 08.00-12.00 og 13.00-15.00 Telefontid legar: Hallvard Mosdøl kl. 13.30-14.30 måndag, tysdag og torsdag Siri Urdal Vigrestad kl. 08.30-09.00 måndag, onsdag og fredag Turnuslege kl. 08.30-09.00 måndag, onsdag og torsdag INNBYGGJARANE I VALLE KOMMUNE FÅR MEDISINSK KJERNEJOURNAL 1. mars 2016 får alle innbyggjarar i 29 kommunar kring Sørlandet sykehus si kjernejournal. Det kan vere til stor hjelp i akutte situasjonar. Kjernejournal er ei ny elektronisk teneste. Den syner helseopplysningar som er særskilt viktig dersom du treng akutt hjelp, og får behandling ein stad du ikkje har vore før. Kjernejournal er eit supplement til pasientjournalar hjå fastlege, legevakt og sykehus. Om lag 2,5 millionar innbyggjarar har fått sin kjernejournal, og første sykehus som skal ta dette i bruk i 2016, er Sørlandet sykehus. 1. mars blir det automatisk oppretta ei kjernejournal for alle med folkeregistrert adresse i kommunane som sokner til Sørlandet sykehus. Ønskjer du ikkje å ha ei kjernejournal, kan du når som helst reservere deg. Det gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no/kjernejournal og gå til innstillingane for din kjernejournal. Har du spørsmål om kjernejournal eller andre tenester på helsenorge.no, kan du ringe brukerstøtte 800HELSE (800 43 573). Du finn også meir informasjon på www.valle.kommune.no. NOMELAND BEDEHUS Tysdag 7mars kl.19.00 Møte v/elin Fagerbakke Song: Ånund Lund Enkel servering Alle hjarteleg velkomne.
K u l t u r k a l e n d e r e n Valle kultursenter TORSDAG 10.MARS 00 Alder: alle Gjengen endar som vanleg opp på vanvittige eventyr, denne gang reiser dei ikkje bare sjø- og landevegen, men dei dreg også opp i høgda! www.valle.kommune.no/kva-hender 3.3. kl 17 3.3. 4.3. Arabisk dans for damer på Valle frivilligsentral. Kvedarstund heime hos Kirsten Bråten Berg. Kvinnens internasjonale bønedag. Nomeland bedehus. 5.3. Basar Garane grendelag. Kl 2000 Alder: 12 år Året er 1204, og det er borgarkrig i Noreg. På den eine sida står Birkebeinarane, fattige folk som har fått namnet sitt fordi dei surrar bjørkenever rundt føtene for å halde varmen. Erkefienden er Baglerne, som er støtta av danskane og den rike pavekyrkja. Med våpen i hand regjerer dei Austlandet. Med m.a. Jacob Oftebro, Kristofer Hivju, Stig Henrik Hoff, Thea Sofie Loch Næss, Bjørn Sundquist. Regi : Nils Gaup. ÅRSMØTE VALLE MÅLLAG Det vert årsmøte torsdag 10. mars kl 1900 i Oveinang grendehus. Vanlege årsmøtesaker. Servering. Årsmøte i Vel møtt! Valle frivilligsentral Valle Frivilligsentral har sitt årsmøte onsdag den 16. mars kl. 18.00 i kommunestyresalen. Vanlege årsmøtesaker. Har du forslag til saker kan du sende dei til leiaren av Frivilligsentralen innan 1. mars til: marja-leena.steinbru@valle.kommune.no Enkel servering. 9.3. Kl 11 10.3. og 20 10.3. 11.3. 13.3. Kl 1630 16.3. 19.3. 20.3. 30 22.3. Kl 10 27.mars 30 2.4. Kl 12 10.4. Kl 16 23.4. 24.4. Kl 17 26.4. Basar valle bygdeheim. Årsmøte Valle mållag, Oveinang grendehus. Fotokveld Skafsåheii fjellkyrkje. UKM konsert og utstilling, Hovden grendehus. Årsmøte Valle frivilligsentral. Valle allidrettsklubb. Pasjonskonsert i Bykle kyrkje. Påskebasar Oveinang grendehus. Påskekonsert i Hylestad kyrkje. Basar Hylestad soknehus, arr. Hylestad bygdekvinnelag. Rose, konsert i Storstoga med Kirsten Bråten Berg, Gabriel Fliflet, Anders Røine. Valle allidrettsklubb. På grensa til allsong, familiekonsert med byglandskoret Kong Hanes Eftf. Storstoga, inngang kr 200. Førehandskjøp gjerne billettar i Velkomstsenter, Valle kommune. Konsert i Hylestad kyrkje v/viggo Wilmhelsen og saksofonist Donnie Sanders. 28.4. Sjef i eige liv, foredrag v/ingvar Wilmhelmsen i Storstoga. VALLE ALLIDRETTSKLUBB Laurdag 19.mars Vallehalli kl 18 og utover.
BASAR Valle bygdeheim onsdag 9. mars kl. 11.00-17.00 Inntekta går til trivselstiltak på dagsenteret. Sal av suppe, eplekake og kaffe. Vi er takksame for gåver som kan leverast på bygdeheimen innan kl. 11.00 onsdag 9. mars. Alle hjarteleg velkomne. Mvh Gunlaug og Bjørg FOTOKVELD m/ Jostein Hellevik Fredag 11. Mars kl 19:00 Skafsåheii fjellkyrkje Ymse andre innslag Kollekt til Fjellkyrkja Servering av Ambrosiabrød, kaffi og saft Arrangør: Fjellkyrkjelaget
13. februar sendte me 250 sekker med klede, sko og anna utstyr til Ukraina. Takk til deg som kom med sekker fulle av klede og sko, og ein stor TAKK til alle 11 sterke kara og kvende som stilte opp og fekk alle sekkane på bilen. Takk til Nomeland bedehus for lagringsplass. For Open Heart Astrid Nomeland SJÅ HER - set av desse datoane allereie i dag: Hylestad kyrkje 26. april 2016 kl.19.00: Konsert v/viggo Wilmhelsen og saksofonist Donnie Sanders frå USA. Storstoga i Valle 28. april Foredrag v/ingvar Wilmhelsen. Temaet er: Sjef i eige liv. Han er lege og professor med hypokonderi som spesialfelt. Han har og gitt ut fleire bøker, og er ein kjent foredragshaldar som samlar fulle hus der han kjem. Kona, som er songarinne, vert med for å bidrage med song. Kvinnenes internasjonale bønedag. Nomeland bedehus 4. mars kl.19.00 Prosjektet som me støtter i år er Cuba: Førebyggje familievald og hjelpe ofra. Det blir vekselleing, andakt, song, noko å bite i og moglegheit for å gje ei gåve til prosjektet. Alle kvinner er varmt velkomne Besøksven Diakoniutvalet driv besøksteneste. Me har fleire som ønsker besøk.kan du tenke deg å vere besøksvenn? Kontakt Astrid Nomeland, tlf.911 48 355, for meir informasjon. Velkomen til KVEDARSTUND torsdag 3.mars heime hos Kirsten Det vert morosamt og interessant både for heilt ferske songarar og kvedarar, og for dei røynde. Vi kvedar stev og finn fram lokalt songstoff, i tillegg til dei gode gamle skule-songane. Det er Valle kulturskule som står for tilbodet, som rettar seg mot vaksne, men barn er velkomne til å vere med! Kyrkjekonsertar 20. mars (Palmesundag) Bykle kyrkje kl. 19.30 Pasjonskonsert med Filip Bråthen Hansen (fiolin), Jasmine Deliler (song) og Bernard Emmelkamp Billettar kan kjøpast i døra. Pris: 100 kr. 27. mars (Påskedag) Hylestad kyrkje kl. 19.30 Påskekonsert med «Tidløs». GOD PÅSKE! - ROSE - Robert Burns tekstar med nye tonar Med Gabriel Fliflet, Kirsten Bråten Berg og Anders Røine. Storstoga i Valle, sundag 10. april kl 1600 Inngong:kr. 150/100 (student/honnør) Etter konserten blir det servert haggis, Robert Burns sin livrett, på Bergtun. Kr. 150,-. pr tallerken. Arr. Setesdal spelemannslag