Informasjon til foreldre Til deg/dykk som er nye foreldre ved Helland barnehage



Like dokumenter
Informasjon til foreldre

Informasjon til foreldre

HELLAND BARNEHAGE ÅRSPLAN 2014/2015

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

VELKOMMEN TIL (navn på avdeling)

ADRESSE BEREDSKAP. Kalfarv. 59, 5018 BERGEN TLF.: 1. etg etg Kontor / -40 E-post:

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Informasjonshefte

Sandeid skule SFO Årsplan

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Plan for Liabygda SFO

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

ÅRSPLAN TRESFJORD BARNEHAGE

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Referat frå foreldremøte 2 september 2010

Foreldreundersøking i skule 2006

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

Bjørnehiet SFO - informasjon

10/60-14/N-211//AMS

RANHEIMSLETTA BARNEHAGE

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Maurtuå Barnehage. SAMAN SET ME SPOR

INFORMASJON OM TRONSTUA BARNEHAGENE OG AVDELINGENE: Tyrihans Skogly Veslefrikk Tommeliten Gullegget

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Dok.dato: Vår Ref: 03/ Arkiv: N-211. Barnehagane skal fremje lokal kultur og lokalt ordtilfang hos barna.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

SJØPOSTEN. September 2012

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Innhald: 1. Satsingsområde. 2. Tema for året. 3. Periodeplan. 4. Kompetanseutvikling tilsette. 5. Barnegruppa. 6. Personalgruppa. 7. Dagsrytme. 8.

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

FAU/SU I SKODJE BARNEHAGE

SEPTEMBER 2014 INFORMASJON TIL FORELDRE OG FORESATTE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR revidert 2013

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

Bli kjent med Bergetippen barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

HAREID KOMMUNE Syverplassen barnehage

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

VELKOMMEN TIL TEMPLARHEIMEN BARNEHAGE

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Handlingsplan Rosseland SFO

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side Retningslinjer side Reglement side Samarbeidsutvalet side 3. 5.

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

VELKOMEN HEFTE GLESNES BARNEHAGE

GRØNNSTEIN-GLØTT. Informasjonsskriv for Sildråpen barnehager, Åsvang. avd. Grønnstein September 2015.

VELKOMMEN TIL HAVERSLIA BARNEHAGE BARNEHAGEÅRET

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Askeladden barnehages ABC

VEILEDER. Klær og utstyr

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Tiltaksplan mot mobbing

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Bikkjestykket barnehage

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Fagertun Barnehage. Årsplan Del 3. - Praktisk informasjon fra A til Å. Kalfarveien 59, 5022 Bergen

Til deg som bur i fosterheim år

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ein felles møtestad Årsplan 2013/2014

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

VELKOMMEN TIL MYRA BARNEHAGE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Klær og utstyr i barnehagen

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Transkript:

Informasjon til foreldre Til deg/dykk som er nye foreldre ved Helland barnehage TILVENNING Det er viktig for oss at de opplever at den første tida i barnehagen går bra. Dette vil danne grunnlaget for at barnet vil oppleve barnehagen som ein trygg og god stad å vere. For at barnet ditt skal få ei gradvis tilvenning er de velkomne til å vere saman med barnet dykkar den første tida i barnehagen. Nokre barn treng kort tid (ein tre dagar) for å verte trygge, medan andre treng noko lengre tid til tilvenning nokre veker. Vi gjer avtalar etter kvart som vi ser korleis det går; med korte dagar dei første dagane. Det er viktig at du er tilgjengeleg for barnet dei første dagane og at du alltid seier frå når du gjeng. For barnet er det viktig at vi får informasjon som er viktig å vite om i barnehagen, derfor ber vi dykk tenke gjennom ting som kan vere av betyding. De får vedlagt nokre skjema som skal leverast inn ved oppstart av barnehageåret: Informasjonsskriv om medisinering i barnehagen (s. 6) Bli kjent skjema, for dei minste barna. (s. 7) Forespørsel om samtykke. (s. 8) Skjema for helseopplysningar/kontaktpersonar. (s. 9) Kartlegging av minoritetsspråklege barn i barnehagen (s. 10) For dei minste barna som begynner ny i barnehagen treng vi noko meir utfyllande opplysningar. Det kan vere ei god hjelp for alle partar at vi på eit tidleg tidspunkt får vite mest mogeleg om barnet. Derfor har vi sett opp nokre punkt som vi ber om at de svarar på. Sett opp stikkord som viser kva barnet er vand med ut i frå stikkorda under kvart punkt. 1

PRIMÆR KONTAKTENE OG DEIRA OPPGÅVER MÅL: Primærkontakt er ein vaksen som har særskild merksemd for ditt barn. Ved at vi deler barnegruppa mellom dei tilsette, sikrar vi at alle barna vert sett og at barnet får den omsorgen det skal ha med oss. I tilvenningsperioden er primærkontakt særskild viktig. Primærkontakta står for tryggleik og nærheit, og hjelper barnet til å fungere i lag med dei andre barna. METODE: Primærkontakta skal gjennom dagen, både inne og ute, ha positiv kontakt med sine primærbarn. Dei skal prate, leike, oppmuntre og trøste i dei nye situasjonane barnet ditt møter i løpet av barnehagedagen. Samtidig skal den vaksne gi utfordringar, oppmuntre og vere særskild merksam på sine primærbarn. Den vaksne skal også legge til rette for god kontakt og kommunikasjon mellom heim og barnehage. Forslag til tiltak som kan hjelpe barnet: Bilder i ein liten album av mor, far og andre nære personar. Kosedyr barnet er glad i. Du vil få informasjon om kven som blir ditt barn sin primærkontakt ved oppstart. 2

UTSTYRSLISTE Bleier Eingongsserviettar Salve ved sår rumpe Tøflar sklisikre eller innesko Truseskift / underty Strømpebukse Sokkar Genser Bukse Regnklede og støvlar Tjukk genser Tjukke raggar Dress Ullkle skift (stilongs, body, trøye) Vogn til å sove ute i barnehagen Seler til vogn om nødvendig Myggnett til vogn Vår/sommar T skjorte Shorts Tynn jakke Solhatt / bomullshue Joggesko/sandalar Parkdress Solkrem Solbriller Haust / vinter Votter Hals/buff Hue vindtett Ull sokkar Ull/fleece bukse Ull/fleece genser Vinterdress Støvlar med ullsåle Vintersko med ullsåle Tips: Vi anbefalar at barna blir smurt med solkrem/uva krem før dei kjem i barnehagen, og kuldekrem kvelden før. Barnehagen smøre barna etter måltid. Haust, vinter og tidleg vår er det godt med ull innerst, den vil regulere varmen til barnet når det gjeng frå kaldt/vått ute til varmt inne. 3

INFORMASJON OM OPPHALDSTIDER Barnehagen er open 06.45 16.30. Maksimal opphaldstid pr. dag er 9 timar. Overtidsbetaling etter 16.30 er 200 kroner pr påbegynt halvtime. Timekjøp er 40 kr timen. Vis respekt for at tilsette si arbeidstid er fram til 16.30. Innan 16.30 skal ein ha teke farvel med barna og rydda avdelinga. FORELDREBETALING PR 01.01.2010 Heil plass 2.330,- 4 dagar pr veke 2.000,- Halv plass 1.300,- 3 dagar pr veke 1.535,- 2 dagar pr veke 1.050,- INFORMASJON OM KOSTPENGAR Det vert lagt til ein sum for kost pr månad, dette vert fakturert saman med ordinær foreldrebetaling. Tillegg ved heil plass: 260 kr Tillegg ved 4 dg/v plass 208 kr Tillegg ved 3 dg/v plass: 156 kr Tillegg ved halv plass: 130 kr Tillegg ved 2 dg/v plass: 104 kr For dette får barna: mjølk til to måltid pr dag, tørrmåltid/lunsj kvar dag frukt/grønnsaker etc. på ettermiddagen varm lunsj som vert laga på avdelinga ca 2 gonger pr mnd fødselsdagmarkeringar/høgtider Barna må ha med nistepakke til frokost, kl 08.30. INFORMASJON OM PEDAGOGISK INNHALD Barnehagen utarbeider Utviklingsplan og Årsplan som skal godkjennast av Samarbeidsutvalet ved barnehagen. Desse planane og meir informasjon finn de på heimesida til Vestnes kommune og finn der Helland barnehage og kvar avdeling. Utifrå desse dokumenta vert det gitt informasjon om innhaldet i barnehagen til foreldre gjennom månadsplan og/ vekeplanar. Mykje viktig pedagogisk og praktisk informasjon kjem fram der. 4

PRAKTISK INFORMASJON Syt for at det alltid er minst eit klesskift i barnehagen. Held barnet ditt på å slutte med bleie, må det vere ekstra med skiftety. Alle dressar og regnty skal ha strikk under beina og dei må være utan hol. Vi er ute i all slags ver og vi ønskjer å bruke nærmiljøet til barnehagen aktivt, derfor er det heilt nødvendig at kleda er i god stand. Alle klede, sko og støvlar skal være merka! Det heng diverse bestillingslister for merkelappar i garderoben. Barna skal ha tøflar eller sko til innebruk. Familieplakat. Vi sender med dykk ein plakat kor de festar på bilde av familien til barnet. Denne blir laminert i barnehagen, og hengt opp. Det er ikkje høve til å ta med eigne leiker i barnehagen. Vi feirar fødselsdagen til barnet i barnehagen med krone, kongekappe og sunn meny. Vi legg mest vekt på barnet denne dagen. Barnehagen har ikkje ei fastlåst oppmøtetid, men på dagar med faste aktivitetar i barnehagen og turdagar må barnet møte til kl. 10.00 om det skal rekke aktiviteten. Vi kan også ta spontanturar ut ifrå barnehagen sitt område. Det er derfor fint om de gir beskjed om de kjem etter kl. 10 eller ved anna fråvær. Foreldra SKAL sei ifrå viss barnet blir henta av andre enn mor eller far. Eit personale skal alltid ha melding når barnet kjem og når barnet forlet barnehagen. Det er foreldre sitt ansvar til å gi beskjed om dette til personale. Sei ifrå også viss barnet er sjuk eller har fri. Ved parkering skal bilmotoren vere slått av. Parker på merka felt; ikkje i skråninga overfor porten, Nedre. Ikkje framfor helikopterlandingsplassen på Øvre. Barna skal ikkje gå utanom porten før dei går ilag med foreldra. Ved brann i barnehagen har kvar avdeling fast oppstillingsplass, ved vidare evakuering blir barna flytta til motsatt barnehagebygg. Ved brann under kveldsarrangement skal alle møte ved parkeringsplassen utanfor gartneriet. FØLG MED PÅ TAVLA I GARDEROBA FOR INFORMASJON! DE VIL OGSÅ FINNE INFORMASJON OM BARNEHAGANE GENERELT OG HELLAND BARNEHAGE SÆRSKILT PÅ VESTNES KOMMUNE SINE HEIMESIDER www.vestnes.kommune.no 5

INFORMASJONSSKRIV OM MEDISINERING AV BARN I BARNEHAGE Vi ønskjer å sikre at medisinering av barn i barnehagetida vert handsama på ein sikker og god måte. Dette stiller krav til personale og til dykk som foreldre/føresette. Dette informasjonsskrivet gir ei kort orientering om kva vi ønskjer av hjelp frå dykk. Så langt som mogeleg bør medisinering verte gitt utanom barnehagetida, men barnehagen kan inngå ein avtale om å overta ansvaret for medisinering om driftsleiar finn det forsvarleg. Dersom det er nødvendig at medisin skal verte gitt i barnehagetida, skal ein ha ein skriftleg avtale på dette (eige skjema i barnehagen). Det skal fyllast ut legemiddelkort før det vert gitt medisin i barnehagen (eige skjema i barnehagen) Legemiddel bør ligge i doseringøskje som er merka med barnet sitt namn, dato og innhald. Legemiddel som ikkje vert fylt i doseringøskjer bør leverast i originalemballasje merka med barnet sitt namn og bruksanvising frå apoteket. Barnehagen leverer ev medisinrestar til dykk. Foreldre/føresette er ansvarleg for opplæring og informasjon til dei personane som skal gi ut medisin i barnehagen. Driftsleiar skal ta avgjera om personale skal ta del i legemiddelhandtering dersom det ikkje er gitt nødvendig opplæring. For meir utfyllande informasjon ta kontakt med driftsleiar 6

TILVENNING (dette skrivet skal vere oppdatert og leverast barnehagen ved oppstart til hausten) NAMN: FØDD: 1. MAT Kopp, tut-kopp, flaske Graut/middagsglas Brødmat 2. SOVING Kor mange gonger, ca tidspunkt Kor lenge Smokk Safe Kosedyr Seng/vogn Leggerutiner (trillast, sitte saman med og lignande) 3. BLEIER Bleier eller tørr Do-trening 4. BRINGING/HENTING Når barnet kjem og når det vert henta (ca tider) Kven vil vanlegvis bringe/hente barnet ( er det andre enn mor/far skal barnehagen ha beskjed i forkant kvar gong) 5. LEIKER/SONGAR/BØKER Leiker barnet likar godt heime 6. Er der songar/bøker barnet kan og likar godt Leikekameratar som og går i barnehagen 7. ORD OG OMGREP BARNET SKJØNAR 8. ANNA 7

Helland barnehage FORESPØRSEL OM SAMTYKKE BARNET SITT NAMN : KØYRETILLATING: Barnehagen tek ikkje med barn i privatbilar i barnehagetida. Om ein skulle kome i ein situasjon der dette likevel er aktuelt, vil ein ta dette opp med foreldre/føresette for den eine gangen. Det kan vere aktuelt med buss ev hurtigbåt. Barnet vil då vere sikra med godkjend sikkerheitsutstyr. Eg/vi gir tillating til at mitt/vårt barn kan vere med på buss: Ja Nei Eg/vi gir tillating til at mitt/vårt barn kan vere med på hurtigbåt: Ja Nei TUR I FJØRA: Gå på tur i fjøra utan redningsvest, dersom minst ein av personale har førstehjelpskurs. Eg/vi gir tillating til at mitt /vårt barn kan vere med på fjøretur: Ja Nei FOTO: Helland barnehage brukar foto i dokumentasjon av innhald i barnehagen. Bilda vert hengt opp i barnehagen, samla i eigne permar/cdàr. Vi legg fram dokumentasjon på Vestnes kommune sine heimesider. Av og til vert vi avbilda i avisene. Det kan også verte aktuelt å bruke video til å dokumentere kvardagen til barna i barnehagen. Eg/vi gir tillating til å ta bilde av barnet i barnehagen for bruk i barnehagen Ja Nei Eg/vi gir tillating til å sette inn bilde av mitt/vårt barn i avisa eller kommunen/barnehagen sine heimesider, med fornamn knytt til bildet Ja Nei Eg/vi gir tillating til videofilming av barnet i barnehagen Ja Nei ANDRE ØNSKJER OM SÆRSKILDE OMSYN: KOMMENTARAR: Stad/dato foreldre/føresette Underskrift 8

SKJEMA FOR HELSEEOPPLYSNINGAR KONTAKTPERSONAR VED SJUKDOM BARN: Helland barnehage Namn:.. Fødselsdato: FØRESETTE: Mor: Arbeidsstad: Far: Arbeidsstad: TLF. MOB.TLF........ Kontaktmailadresse: Anna kontaktperson som kan kontaktast ved ev. sjukdom i barnehagen: Anna kontaktperson Arbeidsstad:.... HELSEOPPLYSNINGAR: Har barnet delteke i vanleg vaksinasjonsprogram? Har barnet sjukdom/allergiar/plager som barnehagepersonale bør ha kjennskap til?.. den / 20 Stad 9

KARTLEGGING MINORITETSSPRÅKLEGE BARN I BARNEHAGEN I samband med tildelt barnehageplass ønskjer ein følgjande opplysningar om barnet for å kunne gi eit best mogeleg barnehagetilbod. Barnet sitt namn Kva land kjem foreldra/føresette ifrå? Mor Far Når kom familien til Noreg? Er barnet fødd i Noreg? Dersom ikkje, kvar? Har barnet søsken? Kvar budde familien før de flytta hit? Kva språk nyttar familien Mor Far Meistrar de norsk? I kva grad? Mor Far Barnet sitt morsmål er: Kva språk nyttar de i heimen? Mellom foreldra Mellom foreldra og barnet Mellom søsken? Brukar barnet morsmålet sitt i heimen? Brukar barnet norsk heime? 10