Ut på tur i Vindafjord 2016 Turkart og informasjon finn ein på www.vindafjord.kommune.no (kultur og fritid - friluftsliv) Foto Dagny Nernes
9 turar: Vikebygd Sætrafjellet 524 m.o.h. Denne turen går frå kyrkja i Vikebygd til Sætrafjellet aust for Skjeljavika. Ein føl vegen opp mot Vikestølen, og tek til høgre ca. 100 meter etter ein har kryssa elva over i bru. Her tek ein inn på en traktorveg frem til ein går inn i skogen, deretter føl ein merkja løype oppover i fint skogsterreng til ein er over skogsgrensa ved Slåtteskar. Det er fleire gode utsiktspunkt undervegs. Etter å ha gått opp det meste av Slåtteskar så går ein langs Slåtteskarnuten i ope terreng mot Stemmevatnet og vidare fram til Sætrafjellet. Det er og mogeleg å ta ein rask tur opp på Slåtteskarnuten i same rennet, den ligg berre 200m frå stien, den byr på flott utsikt over Vikebygd og nordover. Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja. Avstand: 7,4 km Tidsbruk: 2 t og 10 min Vanskegrad: Blå - middels Terreng: Grusveg, traktorveg, sti, litt myr, men rimeleg tørt terreng for det meste. Anndalsvatn. Foto: Siri Nonslid Vats Hovda 530 m.o.h. Traktorvegen slynger seg oppover i kulturbeite og i fin bjørkeskog heilt opp til Frierane. Ved Friarane står Friarbenken og info.tavle om namnet Friarane. Her er også ein turkasse m/bok som du bør skriva deg inn i. Stien vidare til Hovda er godt merka og skilta - nokre bratte parti, men flott panoramautsikt i alle retningar på toppen. Tilkomst og parkering: Kjør 2,5 km frå Knapphus mot Ølen og ta av til høgre med skilt mot Blikrabygda. Følg vegen 4 km ned til Sørhus. Her tek du vegen til venstre sjå TURSTI-skilt her. Kjør om lag 300 m til du kjem til Vestvoll til P-skilt Avstand: Om lag 3 km opp til toppen Tidsbruk: 1,5 2 timar opp til toppen. Vanskegrad: Blå tur Terreng: Traktorveg til Frierane, brattare sti vidare til Hovda. Anbefaler fjellsko Vikedal Ulvevold 275 m.o.h. Frå Låkafossen følger du skilta/raude pinnar inn på fin traktorveg. Eit stykke oppe i lia kjem du til Ole s steinbu. Turen går vidare på fin traktorveg som går over i sti. Følg raude pinnar innover til skilt som viser veg til Ilstveit/Imsland, kanskje ein rundtur. Men målet er rett fram til sandstranda der postkassen er. Eit anna alternativ er no rett nord og du kjem inn på sti til Koladalen, ein ny rundtur. Tilkomst og parkering: Frå Vikedal sentrum tek du av til Roaldkvam. Køyr rett fram også ved Ørnesbrua som du snart kjem til etter 3 km. Etter 7,2 km er du framme ved Låkafossen der turen startar, her står også infotavla. Parker ved kalkingsannlegget, men det må vera plass igjen til tankbil. Parker eventuelt over brua borte ved vegkryss. Avstand: Det er ca 1,8 km fram til Ulvevoldsvatnet. Tidsbruk: Ca 2 timar tur/retur. Terreng: Fin traktorveg halve turen. Turen går så over i litt varierande terreng over bekker og myrar, så ha gode tette sko. Imsland Fatet 560 m.o.h. Sætrafjellet. Foto: Roald Årvik Skjold Anndalsvatn 25 m.o.h. Turbeskriving: Stien startar ved gjerdeklyvar på motsatt side av vegen. Følg merka sti oppover beite. Denne første delen av stien bort mot Anndalsvatnet, er også ein del av Dragseidstien. Følg merka sti videre til ein traktorveg. Her følger ein skilt til Anndalsvatnet. Når ein kjem ned til vatnet kan ein velge å ta til høgre eller venstre rundt vatnet bort til turkassen i nordenden. Tilkomst og parkering: Ta av frå E-134 i Isvik mot Vikebygd, etter ca 2 km tar ein av til venstre mot Haraldseidvågen. Parkering i vegkrysset i Haraldseidvågen. Avstand: Ca 5 km Tidsbruk: 1 ½ - 2 timar t/r. Vanskegrad: blå tur, familietur. Terreng: noko myrlendt og litt lauvskog enkelte plasser, beitemark, traktorveg og sti. Ha på godt fottøy. Øktarenuten Foto: Stine Helen Marken Hovda. Foto: Jon Olav Velde Sandeid Øktarenuten 532 m.o.h. Turbeskriving: Frå parkeringsplass følgjer ein god traktorveg opp gjennom beiteområde. Under vegs er det to rasteplassar, den første i det den første stigningen er over (fin utsikt over Sandeid), neste er eit solid steinbord før siste stigningen mot toppen. Tilkomst og parkering: Frå vegkrysset i Sandeid, køyr mot Knapphus på Fv 46. Køyr ca 0,5 km, ta av til høgre rett etter Vestbøelva. Her Står det tursti skilt. Køyr til endes på grusveg til parkeringsplass med oppslagstavle. Avstand: Ca 4 km. Tidsbruk: Ca 2 timar til toppen. Vanskeleggrad: Raud tur - Middels hard. Terreng: Traktorveg gjennom beiter som går over i sti ope terreng med godt utsyn. Følg merka skogsveg austover i lett terreng. Etter ca. 800 m kryssar vegen ein bekk. Fortsett i merka sti til stien kryssa skogsveg. Herfrå er det god sti fram til Fatet. Ca. 400 m. Nyt utsikten. Tilkomst og parkering: Køyr Fv 46 til Imsland, ta av frå Saudavegen inn på Ølmedalsvegen og følg denne ca 3 km. Ta av til Ilstveitsvegen og følg denne ca 100 m. Ta til høyre før postkassestativ, kjør gjennom eit gardstun til du ser ein bomveg. Følg vegen opp til parkering. Frå Saudavegen til parkering går det ca 5-10 min. Avstand: ca. 2,5 km. Tidsbruk: Ca 1 time Vanskegrad: blå tur. Terreng: Skogsveg og sti. NB! Bomveg! Svartafjell. Foto: Vindafjord kommune Ølen Svartafjell 491 m.o.h. Svartafjell, høgaste punktet mellom Øklandsvatnet og Ølen. Frå toppen får du god utsikt i mange retningar. Det er merka sti frå parkeringsplassen på Opheim. Bør ha støvler /fjellsko p.g.a. våte parti. Stien går mot sør-vest, i småkupert terreng. Etter ca 1 km svinger stien mot sør, krysser ein bekk og stig mot Lille Eivindsåsen. Stien dreier så mot vest. Du er over halvvegs når du møter merka sti mot Øklandsvatnet. Stien går sør for Svartatjørn på veg til toppen. Frå toppen kan du gå tilbake til parkeringsplassen eller følgja den merka stien vidare vestover mot Klungland (Økland, mellom Ølen og Sandeid). Tilkomst og parkering: Køyr E-134 fra Ølen mot Etne. Sving av mot Opheim. Her er det god parkeringsplass. Avstand: Ca 4 km. Tidsbruk: 2-3 timar. Vanskegrad: Blå tur. NB! Parkeringsavgift! Ølensvåg - Bukkenibba 489 m.o.h. ovafor Frønsdal Fatet. Fotograf: Jarle Nordtveit Turen startar midt i Ølensvåg sentrum via bilveg vest for Vågen bedehus. Etter nokre 100 meter på bilveg går turstien vidare omlag 1 km på skogsveg. Resten av turen går på merka sti. Stien går gjennom skogsmark, over myrar og til slutt i ope fjell-landskap. På toppen er det flott utsikt til Frønsdal og utover Vats.
Tilkomst og parkering: Turen startar frå E-134 i Ølensvåg sentrum og ein kan nytta parkeringsareal ved butikkar eller bensinstasjonen. Avstand: Omlag 3,5 km. Tidsbruk: Omlag 3 timar tur/retur. Vanskegrad: Raud tur. Terreng: Bilveg, traktorveg og sti, ein del bratte bakkar i starten. Bukkenibba. Foto : Kjetil Espeland Bjoa Kulturstien 30 m.o.h. Turbeskriving: Start frå parkeringsplass på Utbjoa fergekai. Her er informasjonstavle og skilt som viser veg. Første del av turen går på veg, men går fort over på sti. Turen går i lett, kupert terreng med ein del fuktige område inni mellom. Kulturstien passerar 4 helleristningsfelt og to felt med skålgroper i berg. I dag ligg her også fem gravrøyser langs stien, tidlegare har her vore fire til. Bak eksisterande naustmiljø i Utbjoavågen finn ein rester etter gamle båtstøer som kanskje kan vere frå før-reformatorisk tid. Det er sett opp skilter med informasjon på nokre av fornminna. Deler av turen går i strandsona, og du er aldri lengre vekk enn at du kan ta deg fram til sjøkanten om du vil ha fritt utsyn mot Sunnhordlandsbassenget i nord. Det eine fornminne, ei gravrøys ligg strategisk plassert i innløpet til Utbjoavågen med god utsikt til sjøen og busetnaden i vågen. Nistepakken kan du nyte på eit berg i strandkanten, og om du tar ein sein kveldstur i finveret kan du også nyte solnedgangen i vest. Tilkomst og parkering: Ta av frå E 134 ved Ølensvåg og følg fylkesveg 543 til Utbjoa fergekai. Parkering og informasjonstavle på kaien. Avstand: Rundtur på om lag 3 km. Tidsbruk: Rundturen tar om lag 1-2 timar. Terreng: Sti med nokre fuktige område. Kystlandskap med kupert terreng og variert vegetasjon. 7 tilrettelagde turar - for alle, men her kan ein og gå med barnevogn, sykle og bruke rullestol Sandeid - Sentrum via Helgevoll Dersom ein startar ved kyrkja nytta ein gangfeltet langs riksvegen ned mot sentrum til avkøyringa for Haugesund Sparebank/ teknisk bygg Vindafjord kommune og Nortura. Stien går vidare på gardsveg opp til ein når Rødneelva og så på traktorveg/ tursti langs elva opp til Helgevoll (Rødnebrua). Turen går så attende til utgangspunktet via bilveg for Helgeland/Fjellstøl Tilkomst og parkering: Ein kan starte turen enten ved Sandeid kyrkje/samfunnshus oppslagstavle ved parkeringsplass, eller ved Haugesund Sparebank/teknisk bygg Vindafjord kommune i sentrum av Sandeid. God parkering begge stader. Avstand: Rundtur ca 3 km. Vanskegrad: Grøn tur, tilrettelagt. Terreng: Asfalt og grusveg. Sentrumsnært område med lite bakkar. Likvik. Foto: Sverre Emil Grunnaleite. Ølen Olalia Haugesund Turistforeining eig Olalihytta. Ny hytte og ny turveg opna sommaren 2014. Nå kan du koma inn til hytta med sykkel, barnevogn og rullestol (krev rullestol med gode terreng eigenskapar). Det er lett terreng. Hytta ligg omlag 100 m høgare enn parkeringsplassen. Litt stigning opp til det vesle vatnet Tosko. Ved Tosko er du omlag halvvegs og terrenget endrar seg frå skog til opent lende. Vegen går forbi Ongelsvatnet, og det siste stykket inn til hytta er stort sett nedoverbakke. Du kan overnatte på hytta. Meir info www.ut.no Tilkomst og parkering: E-134 frå Ølen til Opheim. Parkeringsplass på fjellet ved Opheim. Avstand : Omlag 5 km ein veg Tidsbruk: Til fots, omlag 3timar t/r + pausar. Mindre med sykkel. Terreng: Turveg. NB! Parkeringsavgift! Sandeid. Foto: Gro Heggebø Kulturstien. Foto: Ingrid Johannessen Ut På Tur i Vindafjord vart støtta av: Skjold - Likvik Start og mål på Vikanes. Ein går forbi Skjold Arena og barnehagen, utover mot tuppen av Vikaneset, til veien deler seg. Vel veg til høgre, så til venstre etter ca 150 m. Følg grusveg ned til Likvik. Litt bratt bakke ned. Her er strand, benker, gapahuk og wc. Tilkomst og Parkering: Ta av frå E 134 til Skjold i plankryss, ta til venstre i rundkjøring. Kjør ca 1 km til skilt med Vikanes på venstre side. Parkeringsplass ligg på høgre side oppe i bakken. Avstand: Ca 1 km ein veg Tidsbruk: 45 min, avhengig av lengde på stopp i Likvik. Vanskegrad: Grøn tur, tilrettelagt. Terreng: Ein del flate parti, men også nokre bakkar. Både asfalt og grus. Olalia. Foto Knut-Arild Sørensen, Friluftsrådet Vest
Vats Frå Aurdal til Fjellgardsbakken Gjennom denne dalen, Aurdalsdalen, har det vore ein gamal ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid i gamle dagar. I dag går det traktorveg innover heilt over til Steinsland i Sandeid. Du finn også ein del namneskilt langs vegen innover. Ved brua på Fjellgardsbakken er det sett opp hagebenk og turkasse med bok i. Tilkomst og parkering: Kjør om lag 3,2 km på E 134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal ta av til høgre. Følg denne vegen til endes - 1,4 km - og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle Avstand: 1,7 km. Tidsbruk: Om lag 45 min å gå opp til rasteplssen m/småpausar. Terreng: Lett å koma seg fram på fin grusveg. Følg traktorveg heilt opp til Fjellgardsbakken. Vegen går langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i slakt terreng til du kjem til Aurdalselva på ny ved Fjellgardsbakken. Vikebygd. Foto: Vindafjord kommune Bjoa - Kolbeinshauglia Start frå parkeringsplass i enden av skogsbilveg. Her er informasjonstavle. Turløypa går i retning søraust, gjennom Ølsdalen. Turen går i fint skogsterreng, lett skrånande innover dalen. Turen innover på skogbilvegen er ein flott familietur som både kan syklast, køyrast med barnevogn og rullestol. Der vegen kryssar elva er tilrettelagt rasteplass med bord og benker, om lag 1,5 km frå parkeringsplass. Det er mogleg å gå vidare innover dalen, totalt 3 km fram til nedstigninga mot Ølensvåg. For rullestolbrukarar vil det vere vanskeleg å komme over brua. Tilkomst og parkering: Ta av frå E 134 ved Ølensvåg og følg fylkesveg 543 til Bjoa. Etter ca. 15 km ta av i kryss skilta til Dalen. Følg kommunal veg sørover dalen ca. 4 km fram til Eikåsbrua. Ta av på skogsbilveg til venstre før brua og følg denne ca. 1 km opp til parkeringsplass. Ved parkeringsplass er informasjonsskilt. Avstand: 1,5 km fram til rasteplass Tidsbruk: ca. 40 minutt gange. Terreng: Skogbilveg, skogsterreng i lett skrånande dal. Imsland - Ølmedal rundt Turen går rundt Ølmedalsvatnet på asfalt. Lett kupert. Fin tur i flotte omgivnader. Postkassen finn du i enden av vatnet, ved brua. Tilkomst og parkering: Kjør til Imsland og parker ved bygdahuset. Avstand: 7 km rundt vatnet. Tidsbruk: Om lag 1,5 2 timar i roleg turfart. (Rask gange 1 time) Terreng: Asfalt, bilveg. Foto Ola Skipevåg Fellestur til Bjønndalen Ut på tur gruppa vil i år igjen arrangera ein fellestur til Bjønndalen. Dette vert søndag 28.august. Turen vil bli leia av kjentmann og open for alle som vil væra med. Meir informasjon om programmet og informasjon kjem i avis og på kommunen sine nettsider Felles informasjon 9 turar Inni brosjyra finn ein informasjon om 9 ulike turmål i Vindafjord kommune. Dersom ein går alle desse turane i perioden 19.03.2016 01.11.2016. er ein med i trekninga av gåvekort á kr. 2 500 kr. På kvart turmål finn ein postkasse med eit kodeord og ei bok til å skrive namn i. Noter kodeord på tilvist plass i borsyra kodeorda vil til slutt bli ei setning. Når ein har alle orda på plass, send inn brosjyra til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, innan 07.11.2016 7 turar I tillegg er det lagt til rette 7 lettare turar for alle, også for barnevogner, sykkel, rullestolbrukarar og rørslehemma. Her er det også sett opp postkassar med kodeord og ei bok til å skrive namn i. Her er nok å ha samla 5 av 7 ord for å være med i trekninga. Same opplegg som for dei 9 andre turane. Fargekodar for kor hard turen er Svart : Krevjande Raud: Hard Blå: Middels Grøn: Lett (enkelte er også tilrettelagt for sykkel, barnevogn og rullestol). #VakreVindafjord Turkart og info finn ein på www.vindafjord-kommune.no kultur og fritid - friluftsliv Fjellgardsbakken. Foto: Jon Olav Velde Vikebygd Rundtur rundt nullen Ein startar med å gå over på vestsida av vegen, følgjer sykkelstien 100 meter og tek av inn mot barnehagen og skulen. Gå inn porten til barnehagen og fortset forbi skulen. Ta gjerne ein pause og prøv dei unike styrketreningsapparata i treningsparken på nedsida av skulen. Fortsett så ned bakken på sykkelstien, forbi trygdebustadene og ned til Plassabakeriet. Helgene sommartid vil du kunne ta deg ein matbit her. Fortsett langs sjøen bort til småbåthamna. Her finn du turkassen. Dette er ein flott plass å ta pause eller ta eit bad på stranda. Etterpå går ein opp forbi kyrkja til hovudvegen, går denne nordover og går inn på sykkelstien igjen oppe ved butikken. Følg sykkelstien tilbake til Bygdahuset. Tilkomst og parkering: Parkering ved Bygdahuset som ligg ved idrettsanlegget nord i bygda. Avstand: Ca 2,4 km. Terreng: Asfaltert veg. Kolbeinshauglia. Foto: Ingrid Johannessen Andre organiserte turar i Vindafjord 2016: 17. april Skjold på tvers (www.iskjold.no) 16. mai Ølmedalrundt (www.vindafjord-il.no) 14. august Fire på ein dag, Vats (www.vatsnett.com) 30. oktober Hardhausen, Vikebygd (www.vikebygd.org) TellTur (i samarbeid med Friluftsrådet Vest) Nå kan du registrera turane dine elektronisk, enten med SMS eller direkte på nettet, og vera med i konkurranse om å nå flest turmål i Nord-Rogaland og Sunnhordland. I år vil det vera over 100 turmål i vår region med i TellTurprogrammet. Opprett din eigen brukar på nettportalen TellTur (www.telltur.no), finn nye turmål og registrer turane dine. Her kan du halda oversikt over turane og poenga dine og konkurrera med deg sjølv og andre om fine premiar. Meir info på TellTur! På norges mest populære turapp UT.no turguide finn du alle turane i kartversjon. God tur! Hugs bandtvang og vis omsyn. NB! Enkelte turmål er først tilgjengeleg når snøen er vekk.
INFORMASJON KODEORD (7 turar) Sandeid - Sentrum via Helgevoll KODEORD (9 turar) Vikebygd Sætrafjellet Skjold Likvik Skjold - Anndalsvatnet ølen - olalia Vats - Hovda Vats Aurdal til Fjellgardsbakka Sandeid - Øktarenuten Vikebygd Rundtur rundt nullen Vikedal - Ulvevold Bjoa Kolbeinshauglia Imsland - Fatet Imsland - Ølmedal rundt Ølen - Svartafjell Ølensvåg Bukkenibba Namn: Adresse: Bjoa Kulturstien Poststed: Telefon: Alder: Under 15 år Over 15 år Namn: Adresse: Poststed: Vindafjord kommune Kulturkontoret Rådhusplassen 1 5580 ØLEN Telefon: Alder: Under 15 år Over 15 år