Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE OSTERØY
Framtidas Osterøy Høgre vil at Osterøy skal vere ei god kommune å leve i og ei attraktiv kommune å busetje seg og etablere bedrifter i. Tryggleik for den einskilde krev spreiing av makt, vern om eigedomsretten, bevaring av natur og miljø, betre sosialt tryggingsnett og gode vilkår for verdiskaping. Ansvar for komande generasjonar, ansvarleg økonomisk politikk, og vern om varige verdiar, lokal kultur og identitet er sentrale i vårt grunnsyn. Høgre har tru på deg. Dersom du får leve slik du sjølv ynskjer, trur Høgre du vil gjere det beste ut av det. Ingen kan bestemme kva du meiner er eit godt liv. Du skal ha rett til å velje, og til å lukkast - eller mislukkast. Samfunnet skal ha eit tryggleiksnett som hjelper deg dersom du treng det. Difor vil Høgre kjempe for retten din til å velje sjølv. Det er dine ynskje som skal styre, ikkje kva som er foremålstenleg for byråkratiet. Fridom er òg ansvar. Fridom til å velje sjølv vil seie at ein må ta ansvar for konsekvensane.
Samfunnsutvikling I komande periode vil vi oppleve ein vekst i busetnaden som er ute av takt med både inntekter og statlege overføringar. Det er difor avgjerande at ein fører ei nøktern politikk som held kommunen sin økonomi bærekraftig. Vi vil føra økonomisk ansvarleg politikk som ikkje set kommunen sin handlefridom i fare med å: Føra heilskapleg økonomisk politikk. Arbeida for raskare sakshandsaming med tydelege resultatmål. Arbeida for langsiktig planlegging av bustadområde. Selje unna kommunale bygg som står ubrukt..
Næringsliv Det er sers viktig for Osterøy si utvikling at tilstrekkelege næringsareal finst til disposisjon med digitale kommunikasjonslinjer, knyting til kollektivtransport og med moglegheiter for transport både over land og på fjordane. Difor vil vi: Medverke til snarleg realisering av Espevoll næringsområde. Sikra tilstrekkeleg næringsareal i kommuneplanen med god avstand til bustadområde. Få fjerna store rekkjefylgjekrav til mindre private utbyggingsplanar som kommunalt verkemedel til utbygging av offentleg infrastruktur.
Samferdsle Som øykommune må Osterøy ta vare på alle eksisterande transportlinjer mot fastlandet men også vurdere alternative samband. Dette styrkjer beredskapen og spreier trafikkmønsteret. Eit godt kollektivtilbod er viktig for framkomst og for miljø. Brukarane treng pålitlege og hyppige avgangar for å velje bort personbilen. Vi vil: Styrkja vedlikehald og utbetring av kommunale vegar. Forsere utbetringa av Vesetgjelet. Arbeide for å betre trafikktryggleiken på vegar der born og unge ferdast. Auke kollektivtilbodet til Arna stasjon saman med "Park and Ride" på Espevoll.
Skule og barnehage Høgre vil ha ein god skule for alle born, med høg kvalitet og gode tilhøve for læring og sosial utvikling, uavhengig av fagleg styrke og kva skule dei går på. Ein god skule krev ei sterkare satsing på lærarane og skuleleiinga og ein god skule vil bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Difor vil vi: Sikra full barnehagedekning som også tek høgde for tilflyttinga. Leggje til rette for utbygging av både private og kommunale barnehagar og skular. At alle skular skal ha dei same rammevilkåra for læring med rettvis fordeling av ressursane.
Kultur, idrett og frivillig arbeid Osterøy er kjent for lange og sterke tradisjonar innafor kultur og idrettsliv. Høgre meiner at eit levande og rikt kulturliv er viktig for livskvalitet, læring og helse. Vi vil: Styrkja kommunalt samarbeid med grendaråd, fiviljuge lag, organisasjonar og velforeningar, og bruka desse som høyringsinstansar i lokale saker. Byggje fleirbrukshall på Valestrand/Hauge som høver til idrett, symjing, framsyningar og konsertar. Ta ungdomsrådet på alvor og gje desse mynde.
Omsorg og helse Høgre meiner at innbyggjarane skal vera sikra eit best mogleg helsetilbod av høg kvalitet når dei treng det, med målgrupper som spenn frå svangerskap til eldreomsorg. Osterøy skal vera ein god kommune å bli gamal i. Førebyggjande tiltak bidrar til at eldre held seg friske, og motverkar einsemd og mangel på sosialt nettverk. Difor vil vi: Oppretthalda den gode omsorga på Osterøytunet og i heimetenesta, slik at dei som ynskjer det kan ha eit godt tilbod ved å bu heime. Vidareføra arbeidet med Familiens hus.
Av ulike grunnar fell nokre av oss utafor arbeidsmarknaden, skulen og pensjonsordningar. Målsetninga er å hjelpa folk attende dit dei kan hjelpe seg sjølve. For fleire vil faste rutinar, meiningsfylt arbeid, og sosial kontakt - som til dømes Opro byr på - vera aktivitet nok til å hjelpa folk vidare. Vi vil: Støtta tiltak som gir unge sosialklientar aktivitetstilbod som kan setja dei i stand til deltaking i ordinært arbeidsliv. Støtta tiltak til rusførebygging, samt hjelp og omsorg for rusmisbrukarar.
Natur og miljø Osterøy er ei perle av ei øy i Nordhordland, med unike natur- og friluftsopplevingar. Vi har eit viktig ansvar for å sørgje for at komande generasjonar får nyte dei same opplevingane som det vi gjer i dag. Høgre vil arbeide for ei berekraftig utvikling der økonomisk vekst ikkje går ut over natur og miljø. Vi vil auke bruken av alternative energikjelder og bruka dei tradisjonelle energikjeldene meir effektivt. Difor vil vi: Skjerma etablerte turområde og landbruksareal utan skog for utbygging.
Fokusere på energisparande tiltak ved nybygg og rehabiliteringar i kommunal regi. Redusere transportbehovet til Bergen gjennom å stimulere til etablering av næringsverksemd på Osterøy. Sikra at utbyggingsplanar i venta vekstperiode skjer i eit tempo og omfang som tek omsyn til miljø, kollektivtransport, behov for skular, barnehagar og at anna infrastruktur er tilrettelagt og har nok kapasitet. Arbeida for at eigedomsretten vert ivareteken. Høgre vil gjere det lettare å få byggja bustad på eigen eigedom. Arbeida for å styrkja sjølvråderetten og at kommunen tek omsyn til at Osterøy tek vare på si eigenart.
Våre øvste kandidatar 1. Ingemar Tepstad (1949), Fjellskålnes 2. Berit Borge (1960), Borge 3. Atle Solberg (1952), Kleiveland 4. Hjalti Heimir Gislason (1973), Loftås 5. Kathrine Skår (1984), Halland 6. Ole Johannes Mjøs (1963), Votlo 7. Katrine Ahmer (1973), Hanstveit 8. Inge Halland (1954), Halland 9. Hilde Kristin Rongved Brunsvik (1993), Øvre Mjelde 10. Roald Reime Fosse (1974), Loftås 11. Veronica Orvedal-Kiil (1981), Hamre 12. Svein Olav Hanstvedt (1956), Hanstveit https://www.facebook.com/groups/osteroy.hogre/ http://osteroy.hoyre.no