Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 28.01.2015 Tidspunkt: 12:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd. Varamedlemmar møter bare etter særskilt innkalling. Det vert ei orientering ved konst. einingsleiar Grete Lid på KOS om erfaringane med Øyeblikkeleg hjelp plass som vart opna 1. september 2014 og erfaringar med Samhandlingsreforma som har ført til eit auka trykk i tenestene.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 1/15 PS 2/15 PS 3/15 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker Skule- og barnehagestruktur - ei fagleg utgreiing PS 4/15 Vedtekter for barnehagane i Kviteseid frå 2015 PS 5/15 Val av nytt varamedlem til Samarbeidsutvalet for Brunkeberg Oppvekstsenter Lukka
PS1/15Godkjenningavprotokoll
PS2/15Referatsaker
Kviteseid kommune Arkiv: B12 Saksmappe: 2015/134-1 Sakshand.: Ellen Marie Prag Dato: 20.01.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 3/15 28.01.2015 Kommunestyret 05.02.2015 Skule- og barnehagestruktur - ei fagleg utgreiing Faktiske tilhøve: Kommunestyret gjorde i møtet 18.12.2014 følgjande vedtak: Kommunestyret ber rådmannen gjennomføre ei fagleg utgreiing kring framtidig skule- og barnehagestruktur i Kviteseid kommune. Frist 1. mai 2015. For å sikre ei felles forståing av omgrepet fagleg utgreiing, legg administrasjonen i denne saka fram framlegg til disposisjon for dokumentet som kommunestyret får til handsaming 1. mai. Det er også lagt ved framlegg til tidsplan for arbeidet med utgreiinga. Vurdering: Slik rådmannen ser det, må ei fagleg utgreiing kring framtidig skule og barnehagestruktur ta utgangspunkt i ei drøfting av omgrepet kvalitet, kva som skal kjenneteikne den gode barnehage og skule i Kviteseid kommune. Deretter må ein sjå på dei tilboda som finst i kommunen i dag; organisering, storleik og ressursar ved kvar av einingane. Vidare må dokumentet vise ein oversikt over barne- og elevtalsutvikling fram til d.d. og vidare utvikling, så langt ein har oversikt framover i tid, inndelt i krinsane Brunkeberg, Kviteseid og Vrådal. Utgreiinga må så synleggjere utviklinga av ressurssituasjonen, både i høve kommunen sin økonomi, og tal på tilsette. Det finst også forskings- og erfaringsmessige grunngjevingar for skuletilbod av ulik storleik, som ein vil ta med i utgreiinga. Samstundes vert det henta inn synspunkt frå faginstansar, som PP-teneste og skulehelsetenesta/barne- og ungdomspsykiatri. Rådmannen vil vidare sjå på ulike alternativ for framtidig organisering av barnehage- og skuletilbod i kommunen med ei økonomisk kalkyle for kvar av alternativa. Den faglege utgreiinga vil avslutningsvis legge fram ei tilråding for framtidig skule- og barnehagestruktur, gjeldande frå barnehage-/skuleåret 2016/2017. Etter kommunestyret si handsaming, vert utgreiinga sendt ut på høyring. Rådmannen vil sette ned ei mindre arbeidsgruppe til å jobbe med utgreiinga, beståande av rektorar, styrar og tillitsvalde. Kommunalsjefen har sekretæransvar. Mellombels status for arbeidet vert presentert for HOO i møte 25.03.
Framdriftsplan for den faglege utgreiinga Det er eit stort arbeid som skal gjerast, på relativt kort tid. Likevel har ein ambisjonar om å få ferdig arbeidet innan fristen, etter slik framdriftsplan: 18.12.2014 Vedtak i kommunestyret 28.01.2015 HOO gjer vedtak om disposisjon og framdriftsplan Innan 01.02 Etablering av arbeidsgruppe Innan 01.03 Møte med samarbeidsutvala i kvar krins, samt PPteneste/skulehelsetenesta/barne- og ungdomspsykiatri Innan 01.05 Framlegg til fagleg utgreiing ligg føre til politisk handsaming Framlegg til disposisjon vert som følgjer: 1. Innleiing, bakgrunn for utgreiinga 2. Kvalitet i barnehage- og skuletilbodet i Kviteseid kommune 3. Barnehage- og skulestrukturen i kommunen frå 2004 til d.d 4. Utvikling av barne- og elevtal frå 2004 til d.d for dei ulike krinsane 5. Utvikling av tal tilsette i skule- og barnehage 6. Kommunen si økonomiske utvikling 7. Framtidig skule- og barnehagestruktur a. Forskings- og erfaringsmessige synspunkt b. Alternativ organisering av barnehage- og skuletilbodet i kommunen, inkl. kostnadsoverslag for kvart av alternativa 8. Rådmannen si tilråding. Rådmannen si tilråding: Hovudutval for oppvekst og omsorg vedtar framlegg til disposisjon for fagleg utgreiing kring skule- og barnehagestruktur i Kviteseid kommune, samt framdriftsplan for arbeidet. Utvalet sluttar seg til framdriftsplanen for arbeidet.
Kviteseid kommune Arkiv: A10 Saksmappe: 2015/135-1 Sakshand.: Ellen Marie Prag Dato: 20.01.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 4/15 28.01.2015 Vedtekter for barnehagane i Kviteseid frå 2015 Vedlegg: 1 Vedtekter for barnehagane i Kviteseid frå 2015 - framlegg Faktiske tilhøve: Gjeldande vedtekter for barnehagane i Kviteseid vart vedtatt i 2013. Ved opptaket i mars/april 2014 vart det gjort nokre erfaringar i høve prioriteringar, som det kan vere nyttig å få tydeleggjort i nye vedtekter. I tillegg har styrarane hatt ein grundigare gjennomgang av dei vedtektene som gjeld, og har lagt inn framlegg til nokre mindre endringar. Styrarane tilrår i pkt 4, Barnehagetilbod, å kutte ut tal på plassar, i og med at dette kan variere frå år til år. Vurdering: Rådmannen er samd i at ein kan ta ut tal plassar for kvar barnehage i pkt 4, Barnehagetilbod. Då kan vedtektene framleis gjelde, sjølv ved t.d. variasjon i barnetal ved den einskilde barnehage. No har alle barn som fyller 1 år innan utgangen av august rett på plass ved søknad til hovudopptaket. Liste over kriterium ved tildeling av plass i ein barnehage er likevel ikkje tatt ut. Dette med tanke på kven som blir prioritert ved opptak til den eine barnehagen framfor den andre. Siste punkt vert difor: 9. Viss to eller fleire barn konkurrerer om same plass i ein barnehage, får eldste barnet plass. Det er elles berre mindre redaksjonelle endringar i framlegget. Rådmannen si tilråding: Hovudutval for Oppvekst og omsorg vedtar endringar i vedtekter for barnehagane i Kviteseid kommune, gjeldande frå hovudopptakt for barnehageåret 2015/2016, slik dei ligg føre
Kviteseid kommune Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid Vedteke i Hovudutval for Oppvekst og Omsorg (HOO), den 28.01.2015
1. Eigartilhøve Kviteseid kommune eig, driv og fører tilsyn med desse barnehagane: Kviteseid barnehage Brunkeberg oppvekstsenter Straumsnes oppvekstsenter, Vrådal 2. Styring Barnehagane vert drivne i samsvar med Lov om barnehagar (bhgl) (2012 06-22 nr.54) med forskrifter og merknader, Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2006-03-01 nr 266 med seinare endringar) og dei kommunale vedtak som til ei kvar tid gjeld. Hovudutvalet for oppvekst og omsorg (HOO) er styringsorgan for dei kommunale barnehagane. Barnehagane er administrativt knytt til administrasjonen for skule og barnehage, med kommunalsjef for skule og barnehage som øvste leiar. Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (SU), jf. bhgl 4. Alle foreldre/føresette til barna i barnehagen utgjer barnehagen sitt foreldreråd. I samarbeidsutvalet skal det vere to representantar frå foreldre, og to for dei tilsette. Det er ein representant for eigar med vara. Styrar er sekretær for utvalet. Oppvekstsentra har eit felles samarbeidsutval for skule og barnehage, jf barnehagelov 5. I dette utvalet skal det vere to representantar for dei tilsette i barnehagen, og to frå foreldrerådet i barnehagen. 3. Barnehagen si oppgåve Barnehagen skal vere både eit omsorgs- og eit læringsmiljø for barna. Saman med heimen skal barnehagane sikre barna individuell og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, læring og etisk rettleiing. Barnehagen skal skape eit godt miljø for barna, med vekt på allsidig leik og samvær med andre barn og vaksne. Barnehagane skal arbeide med å utvikle det einskilde barns personlegdom, samt hjelpe barna til å utvikle evne til toleranse og omsorg for andre. Barnehagen skal bygge si verksemd på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv. (Jf Formålsparagrafen, bhgl 1) Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling (Bhgl 1), og barna har rett på medverknad tilpassa alder og føresetnader (bhgl 1 og 3). Barnehagen skal ta vare på kulturverdiar, talemål, sed og skikk i bygda. Samstundes skal barnehagen gje kunnskap om og innsikt i den verda han er ein del av. Med utgangspunkt i rammeplan for barnehagen skal samarbeidsutvalet i kvar barnehage fastsetje ein årsplan for den pedagogiske verksemda. Årsplanen skal handsamast i SU innan 1. oktober. Nynorsk er målforma i barnehagen. Side 2
4. Barnehagetilbod Kviteseid kommune kan gje fylgjande barnehagetilbod: Barnehage/ avdeling Dagar Opningstid Alder Kviteseid barnehage 5, 4, 3 og 2 dagar 9 timar 1 5 år Straumsnes oppvekstsenter Vrådal 5, 4, 3 og 2 dagar 9 timar 1 5 år Brunkeberg oppvekstsenter 5, 4, 3 og 2 dagar 9 timar 1 5 år Barnehagane er stengde i vekene 28, 29 og 30, samt jol og påske. Personalet har 5 planleggingsdagar pr. år. På desse dagane er barnehagane stengde. Planleggingsdagane samordnast så det langt råd med skulen. 5. Opptak av barn 5a. Søknad om opptak Det kan søkjast om plass for alle barn som bur i kommunen. Søknadsfrist til hovudopptaket er 1. mars kvart år. Søknad på fastsette skjema, anten elektronisk eller i papirutgåve. Søknader som kjem inn etter søknadsfristen vert handsama i etteropptak. Søknaden skal sendast til Kviteseid kommune, Kviteseidgt 13, 3850 Kviteseid. 5b. Hovudopptak Det skjer eitt hovudopptak i kommunen, etter søknadsfristen 1. mars. Opptaksutvalet, sett saman av leiarane i barnehagane, står for eit samordna opptak. Utvalet har sekretær oppnemnd av kommunalsjef. Leiar i kvar barnehage gjev innstilling til opptaket for sin barnehage. Søknader som kjem inn etter 1. mars, vert behandla under etteropptak ved ledig kapasitet. Sjå pkt. 5e. Opptaksreglane og foreldrebetaling skal følgje søknadsskjema når desse vert sende ut til søkjar. Vedtektene skal følgje melding om opptak. 5c. Opptakskriterium Alle barn som fyller 1 år innan utgangen av august i nytt barnehageår, har rett på plass. Jf bhgl 12a. Ved prioritering til dei ulike barnehagane i kommunen, vert desse opptaktskriteria følgd: 1. Funksjonshemma barn. 2. Barn som barnevernet har fatta vedtak om, etter barnevernslov 4-4 og 4-12. 3. Barn som er tilrådd av annan faginstans 4. Sysken bør få plass i same barnehage 5. Barn av einslege forsytarar. 6. Barn som skal byrje på skulen neste år 7. Barn av foreldre som er yrkesaktive og/eller i utdanning 8. Barn av foreldre der ein er vekependlar. 9. Viss to eller fleire barn konkurrerer om same plass i ein barnehage, får eldste barnet plass. Side 3
Dersom det er ledig kapasitet kan barn frå andre kommunar bli vurdert. Dette må ikkje medføre ekstra kostnader for Kviteseid kommune. 5c. Opptaksperiode og oppseiingsfrist Barnehageåret varer frå midten av august (skulestart) til midten av august neste år. Barn som får plass, beheld denne til skulestart eller til plassen vert sagt opp. Barn frå andre kommunar må søkje på nytt kvart år. Foreldre som ønskjer at barnet skal endre barnehagetilbodet kan søkje om dette på eige skjema, med søknadsfrist 1. mars eller ved behov. Barnehageplassen må seiast opp før den 1. i kvar månad, og oppseiingsfristen er ein månad. Oppseiinga skal vere skriftleg. Heimen betalar for barnet til oppseiingstida er gått ut. Barn som skal byrje på skulen, og som ikkje ønskjer å nytte plassen i august, må seie opp plassen før 1. juli 5d. Klage på opptak Dersom søkjar vil klage på vedtak i opptaksutvalet, skal klaga sendast Kviteseid kommune, Kviteseidgt 13, 3850 Kviteseid innan 3 veker etter at vedtak er mottatt. Klaga vert då handsama på nytt i Opptaksutvalet. Får dei som klagar medhald i klaga, er saka avslutta. Får klagaren ikkje medhald i klaga, går saka vidare til den kommunale klagenemnda til endeleg avgjerd. 5e. Etteropptak Leiinga ved den einskilde barnehage står for opptak til plassar som er ledige når handsaming av klager etter hovudopptaket er ferdig, og for plassar som vert ledige i løpet av året. 6. Foreldrebetaling Kommunestyret fastset foreldrebetalinga etter framlegg frå Hovudutvalet. Det vert betalt for 11 månader per år, 5 om hausten og 6 om våren. Heimane får ikkje fråtrekk i foreldrebetalingssatsane for einskilde fri- eller fråversdagar som t.d. planleggingsdagar for personalet, jol eller påske. Heller ikkje når barnet må vera heime. Etter søknad kan kommunen la vere å krevja betaling for den tida barnet er borte frå barnehagen, når fråveret er samanhengande på meir enn ein månad. Når fråveret er planlagd, t.d. feriar, må det søkjast på førehand. Ved sjukdom må legeattest eller annan dokumentasjon av særskilte tilhøve fylgje søknad om fritak i etterkant. Denne søknaden vert handsama administrativt i barnehagen/oppvekstsenteret, som gjev melding om evt. fritak til fellestenestene. Det blir gjeve syskenmoderasjon, etter dei satsar kommunestyret til ei kvar tid har vedtatt. Utgifter til mat er etter sjølvkostprinsippet, og kjem i tillegg til foreldrebetalinga. Manglande betaling kan føre til at plassen blir sagt opp. Etter Opplæringslova 5-7 skal spesialpedagogiske tiltak vera gratis. 7. Arealutnytting Kviteseid kommune har følgjande norm for arealutnytting i barnehagelokalet: 4,5 m2 leike- og opphaldsareal pr. barn over 3 år og 6 m2 for barn under 3 år. Utearealet skal tilsvare innearealet x 3. Side 4
8. Erstatning Kviteseid kommune har ulykkesforsikring for barn. Kommunen er ikkje erstatningspliktig for eigendelane til barn i barnehagen. 9. Teieplikt Alle tilsette i barnehagen har teieplikt, jf 20 bhgl, slik reglane gjeld i forvaltningslov 13 13f. 10. Bemanning Ved kvar barnehage skal det vere ein styrar/dagleg leiar som har godkjent førskulelærarutdanning. Ved oppvekstsentra har rektor det overordna ansvaret, styrar er assisterande einingsleiar. Det er ei grunnbemanning på 2 pedagogiske leiarar og ein fagarbeidar/assistent på 18 barn, når barna er over 3 år. For barn under 3 år gjeld same grunnbemanning for 9 barn. Vedtak om dispensasjon frå utdanningskravet etter barnehagelov 17 og 18 er delegert til kommunalsjef (Jf det kommunale delegeringsreglement). Etter bhgl 19, skal tilsette ved tilsetting legge fram politiattest av nyare dato. 11. Internkontroll og tilsyn Barnehagane følgjer Kviteseid kommune sine vedtekne internkontrollrutiner, med tilpassing til barnehagens verksemd. Kommunen som barnehagemynde fører tilsyn med barnehagane etter bhgl 16. 12. Delegering Rådmannen kan gjere endringar i vedtektene som er av administrativ karakter. Side 5
Kviteseid kommune Arkiv: Saksmappe: 2015/25-1 Sakshand.: Berit Lundeberg Dato: 06.01.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 5/15 28.01.2015 Val av nytt varamedlem til Samarbeidsutvalet for Brunkeberg Oppvekstsenter Faktiske tilhøve: Heidi Åmot, AP, har fått fritak for alle kommunale verv ut perioden. Utvalet må velje nytt varamedlem til Samarbeidsutvalet for Brunkeberg Oppvekstsenter. Valnemnda si tilråding: Eli Taugbøl, V, vert valt til nytt varamedlem til Samarbeidsutvalet for Brunkeberg Oppvekstsenter.