Alkoholpolitiske retningsliner for Flora kommune Perioden 2016-2020 Vedteke i Flora bystyre 15. mars 2016, bystyresak 021/16
1. Innleiing Flora kommune sin alkoholpolitikk skal i løyveperioden 2016-2020 bygge på alkohollova sitt formål om å begrense skader forårsaka av alkoholbruk, og redusere forbruk av alkohol. Dei alkoholpolitiske retningslinene skal til ei kvar tid ligge innanfor dei vedtekne gjeldande lover og forskrifter. Retningslinene skal vere styrande for alkoholpolitikken i kommunen under det sittande bystyret. Sal, servering og skjenking av alkoholhaldig drikk skal kun skje ved at det er gjeve kommunalt løyve til dette. Flora kommune ønskjer å praktisere prinsippet: Lett å få, svært lett å miste. Det vert ikkje sett tak på tal sals- og skjenkeløyver i inneverande bystyreperiode. Kommunen sin alkoholpolitikk skal vere eit viktig verkemiddel for i størst mogleg utstrekking å avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan innebere. Retningslinene skal samstundes vere med på å gje rammer for trygge og positive opplevingar rundt stader der det er naturleg å servere alkohol. Kommunen sine retningsliner for sal og skjenking av alkohol er eit tydeleg signal om kommunen si haldning til rusmidlar. Retningslinene skal også vere eit viktig bidrag/verkemiddel i arbeidet med å skape bevisste haldningar til rusmidlar hos innbyggjarane i kommunen. Kommunen skal jobbe for, og legge til rette for eit trygt og godt lokalsamfunn for innbyggjarane, jfr Folkehelselova 4. Flora kommune tek avstand frå organisert kriminalitet. Med referanse til Stortingsmelding 7 (2010-2011) punkt 4.8 MC-kriminalitet, og innstilling frå Justiskommiteen i innst. 58 S. (2011-2012) vert klubbar og kriminelt miljø som her er omtala og forklart, erklært uynskte i kommunen. Desse skal ikkje gjevast skjenkeløyve. 2. Målsetting for kommunen sin alkoholpolitikk Avgrense samfunnsmessige og individuelle skadar som alkoholbruk kan innebere. Bidra til eit aktivt førebyggjande arbeid i kommunen. Gje innbyggjarane i Flora ein kontrollert tilgang på alkoholhaldige varer innanfor dei lover og reglar som er gjeldande. 3. Ansvar og delegering Retningslinene vert godkjent av Flora bystyre, etter tilråding frå Levekårsutvalet, som har ansvar for løyvesaker etter alkohollova. 3.1 Delegering til Formannskapet Bystyret delegerer til formannskapet å gjere hastevedtak etter 13 i kommunelova ved særskilde høve. Når denne hasteparagrafen vert nytta skal vedtaket rapporterast ved første påfølgande møte i bystyret. 3.2 Delegering til rådmannen Bystyret delegerer følgjande til rådmannen: Gje løyve til skjenking i slutta lag (ambulerande løyve). Gje løyve til skjenking ved einskildhøve. Før løyve kan gjevast skal der ligge føre vandelskontroll. av styrar og avløysar, jfr. alkohollova 1-7c. Gje utvida eller innskrenka opning- og skjenketider ved ambulerande og einskildhøve, likevel innanfor gjeldande lovverk og forskrift. Godkjenne utvida eller innskrenka skjenkeareal ved einskildhøve. Godkjenne endring av styrar og avløysar for alment kommunalt løyve.
Godkjenne framlagt internkontrollsystem frå den einskilde sals-, serverings- og skjenkestad. Fastsetje og krevje inn det årlege gebyret kommunen kan krevje av dei som har kommunalt salseller skjenkeløyve. Ved særlege høve vurdere og godkjenne redusert løyvegebyr for frivillige lag og organisasjonar ved einskildhøve. Engasjere kontrollørar som skal kontrollere sals- og skjenkestadene slik alkohollova føreset. Gjennomføre reaksjonar og gjere einskildvedtak ved brot på lov og forskrifter. Løyvehavar skal i samband med vedtaket orienterast om konsekvensar ved ytterlegare prikktildelingar. Rådmannen rapporterer vedtekne reaksjonar og inndragingar til Levekårsutvalet fortløpande. 3.3 Delegering til Levekårsutvalet Flora bystyre delegerer til Levekårsutvalet å handsame klager på vedtak rådmannen har gjort etter alkohollova og serveringslova. Utvalet kan gjere om rådmannen sitt vedtak til gunst for søkjaren. Saka oversendast til Fylkesmannen som klageinstans dersom vedtaket vert oppretthalde i Levekårsutvalet. 4. Løyveperiode I samsvar med endring av alkohollova 1-6, gjeldande frå 1. januar 2016, vert eksisterande løyver for sal og skjenking av alkohol vidareført i inntil 4 nye år utan krav om ny søknad, og vert gjeldande i lengste tid til 30 september 2020. Nye løyver som vert omsøkt i bystyreperioden vert gjort gjeldande i inntil 4 år og med opphøyr seinast 30. september 2020. Etter neste kommuneval må bystyret igjen ta stilling til ei eventuell forlenging av løyva i inntil 4 nye år utan krav om ny søknad. 5. Vilkår for sals- og skjenkeløyver 5.1 Definisjonar: Alkoholfri drikk: drikk som inneheld under 0,7 volumprosent alkohol. Alkoholsvak drikk: Drikk som inneheld frå og med 0,7 til og med 2,5 volumprosent alkohol. Alkoholhaldig drikke gruppe 1: Drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Alkoholhaldig drikk gruppe 2: Drikk som inneheld over 4,7 og mindre enn 22 volumprosent alkohol. Alkoholhaldig drikk gruppe 3: Drikk som inneheld frå og med 22 til og med 60 volumprosent alkohol. 5.2 Tidsrom for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk gruppe 1 kan skje frå kl 08.00 til kl 20.00 på kvardagar. På dagar før søndagar og helgedagar skal sal og utlevering opphøyre kl 18.00, unntatt dagen før Kristi Himmelfartsdag. 1. og 17. mai er her ikkje å rekne som helgedagar. Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk gruppe 1 skal ikkje skje på søndagar og helgedagar, 1. og 17. mai. Påske-, pinse-, jule- og nyttårsafta skal sal og utlevering opphøyre kl 16.00. 5.3 Retningsliner for plassering av alkoholhaldig drikk i daglegvarebutikkane Alkoholhaldig drikk skal ikkje vere plassert ved inngangsparti, eller slik at varen er direkte synleg når kunden kjem inn i forretninga. Dette inneber også at det ikkje er høve til å sette varen oppå reolane. Plassering av alkoholhaldig drikk skal vere separat frå det som er å rekne som matvarer. Alkoholhaldig drikk skal plasserast på ein slik måte at den ikkje kan forvekslast med alkoholfri og alkoholsvak drikk. Det skal frå den enkelte søkjar leggast fram detaljert skisse som syner slik plassering.
5.4Vilkår for salsløyver Salsløyve kan tildelast daglegvareforretningar og andre spesialutsal. Vesentleg karakterendring av salsstaden i løyveperioden føreset ny løyvesøknad straks. 5.5 Tidsrom for skjenking av alkoholhaldig drikk 5.5.1 Opningstider Serverings- og skjenkestadene i Flora kommune kan frå og med søndag til og med torsdag halde ope til kl 01.30. På fredag og laurdag, og på dagar før bevegelige helgedagar, kan stadene halde ope til kl 03.00. 5.5.2 Skjenketider Skjenketida frå og med søndag til og med torsdag er frå kl 08.00 til kl 01.00 for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2. For alkoholhaldig drikk i gruppe 3 er skjenketida frå kl 13.00 til kl 01.00. Skjenketida for fredag og laurdag, og for dagar før bevegelige helgedagar, er frå kl. 08.00 til kl 02.00 for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2. For alkoholhaldig drikk i gruppe 3 er skjenketida frå kl. 13.00 til kl 02.00. 5.5.3 Konsumering All konsumering av alkoholhaldig drikk skal seinast vere avslutta ½ time etter skjenketids slutt for dei respektive alkoholgrupper. Dette gjeld både uteservering og inneservering. 5.6 Uteservering Skjenkeløyve kan gjevast for uteareal som er ein naturleg forlenga del av ein godkjent skjenkestad. Dersom skjenkestaden ikkje eig grunnen for omsøkt uteservering, må det føreligge godkjent leigeavtale med grunneigar før løyve kan gjevast. Skjenkeløyve kan gjevast ved særlege friluftsarrangement som festivalar, konsertar, messer etc., unntatt dersom dei har barn og ungdom som målgruppe. Skjenkeareal på uteservering må vere klart avgrensa mot areal som ikkje er skjenkeareal. Musikk eller underhaldning må ikkje vere til vesentleg ulempe for dei som bur eller oppheld seg ved område der uteservering foregår. 5.7 Avgrensingar ved handsaming av skjenkesøknader Skjenkestaden anbefalast å ha meir enn ein godkjent stadavløysar. Det skal som hovudregel ikkje gjevast løyve i undervisningssenter/lokaler for barn og ungdom. Det skal som hovudregel ikkje gjevast skjenkeløyve på stader berekna kun for barn og ungdom, ungdomsklubbar og liknande. Det kan fastsetjast redusert skjenketid for skjenkeløyve der lokalet ligg i bustadområder. Det skal utvisast varsemd med å gje skjenkeløyve ved kultur- og idrettsarrangement. 5.8 Vilkår ved einskildløyve Ved større einskildarrangement skal det før løyve vert gjeve, leggast fram plan for opplæring og informasjon til vakter, servitørar og andre som skal bidra under arrangementet. Helsedirektoratet sin "guide til god internkontroll" kan nyttast som mal for ein slik plan. 6. Inndraging av sals- og skjenkeløyver 6.1 Generelt Innføring av ordninga med prikktildeling vart vedteke i forskrift FOR-2015-10-26-1225, gjeldande frå 01.01.2016. Bestemmelsane om prikktildeling og inndraging gjeld der kontroll gjennomført i samsvar med alkoholforskrifta, eller rapport frå andre myndigheiter, avdekker at innehavar av kommunalt sals- eller skjenkeløyve ikkje har oppfylt sine plikter etter alkohollova, bestemmelsar gjeve i medhald av
alkohollova, bestemmelsar i lov eller i medhald i lov som har samanheng med alkohollova sitt formål, eller plikter som følgjer av vilkår i løyvevedtaker. Ved overtredelsar som følgjer nedanfor, skal kommunen tildele løyvehavar eit bestemt tal prikkar. Likearta brot avdekka ved same kontroll skal vurderast som eitt einskild brot. 6.2 Overtredings- og inndragingsperiode Dersom løyvehavar i løpet av ein periode på to år er tildelt til saman 12 prikkar, skal bystyret inndra løyvet for eit tidsrom på ei veke. Dersom det i løpet av toårsperioden vert tildelt fleire enn 12 prikkar, skal bystyret auke lengda på inndraginga tilsvarande. Ved berekning av toårsperioden skal tidspunkta for overtredelse leggast til grunn. Toårsperioden gjeld uavhengig av om løyvet er fornya i løpet av perioden. Ved overdraging starter ny periode ved overdragingstidspunktet. 6.3 Prikktildeling Følgjande overtredelsar fører til tildeling av åtte prikkar: Sal, utlevering eller skjenking til person som er under 18 år Brot på bistandsplikta Brot på krav om forsvarleg drift Hindring av kommunal kontroll Følgjande overtredelsar fører til tildeling av fire prikkar: Sal og utlevering til person som er openbert påvirka av rusmidlar, skjenking til person som er eller må antakast å verte openbert påverka av rusmidlar Brot på sals-, utleverings- og skjenketidsbestemmelsane Skjenking av alkoholhaldig drikk i gruppe 3 til person på 18 eller 19 år Brot på alderskravet til den som sel, utleverer eller skjenker alkoholhaldig drikk Følgjande overtredelsar fører til tildeling av to prikkar: Det vert gjeve adgang til lokalet til person som er openbert påverka av rusmidlar, eller løyvehavar sørger ikkje for at person som er openbert påverka av rusmidlar forlet staden Manglar ved løyvehavar sin internkontroll Manglande levering av omsetningsoppgåve innan kommunen sin frist Manglande betaling av løyvegebyr innan kommunen sin frist Brot på krav om styrar og avløysar Gjentatt narkotikaomsetnad på skjenkestaden Gjentatt diskriminering Følgjande overtredelsar fører til tildeling av ein prikk: Brot på kravet om alkoholfrie alternativ Brot på reglar om skjenkemengde Konsum av medbrakt alkoholhaldig drikk Gjester tek med alkohol ut av lokalet Brot på krav om plassering av alkoholhaldig drikk på salsstad Brot på vilkår i løyvevedtaket Brot på reklameforbodet Andre overtredelsar som er omfatta av alkohollova 6.4 Særlege omstende Dersom det ligg føre heilt spesielle og særs formildande omstende, kan kommunen tildele færre prikkar for ein overtredelse enn kva som føl av oversikta i punkt 6.3.
Dersom det ligg føre særleg skjerpande omstende, kan kommunen tildele fleire prikkar for ein overtredelse enn kva som føl av oversikta i punkt 6.3. Bystyret kan ved særs skjerpande omstende også auke lengda på inndraginga utover det som nemnt i punkt 6.2. I dei alvorlegaste tilfelle kan løyvet inndragast for resten av løyveperioden. Dersom ovannemnde omstende vert lagt vekt på, skal dette begrunnast særskilt i vedtaket. 6.5 Kommunen sine rutinar ved overtredelsar Der det ligg føre grunnlag for prikktildeling, skal kommunen sende ut førehandsvarsel om tildeling av prikkar, jfr. Forvaltningslova 16. Kommunen bør iverksette vedtak om inndraging innan fire veker etter vedtaksdato.