Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO Vedtekne av kommunestyret i Sveio 01.11.2010
2 Retningslinjer for reduksjon i foreldrebetaling i barnehagar: Vedtekne av kommunestyret i Sveio 1.11.2010. 1. FORMÅL Kommunen skal ha retningslinjer for reduksjon i foreldrebetaling i samsvar med gjeldande sentralt fastsette lovar og forskrifter. 2. SØSKENMODERASJON Det blir gitt 30 % reduksjon i foreldrebetalinga for søsken nr.2 og 50 % reduksjon i foreldrebetalinga for søsken nr. 3 og vidare. Private barnehagar har dei same moderasjonsreglane som dei kommunale. Moderasjon i betaling blir ikkje gitt i forhold til ekstrabetaling for kost. Foreldre/føresette treng ikkje søkja om søskenmoderasjon. For søsken som går i ulike barnehagar (private og kommunale) blir det gitt moderasjon som om dei går i same barnehage. Dersom søsken har ulike tilbud, blir moderasjonen gitt på det tilbudet som kostar minst. Moderasjon omfattar søsken som bur fast saman/har same bustadadresse. Born blir rekna som fast busette på den adressa der dei til ei kvar tid er registrert i folkeregisteret. Dette betyr at samværsforeldre ikkje skal ha søskenmoderasjon for andre og tredje barn. 3.REGLAR FOR REDUKSJON PÅ ØKONOMISK GRUNNLAG 3.1.Søknadsprosedyre Informasjon om høve til å søkja betalingsreduksjon i barnehagar skal gjerast kjent på kommunen sine heimesider. Eige søknadsskjema er utarbeidd for formålet og må nyttast. Barnet det blir søkt om betalingsreduksjon for, må vera busett/folkeregistrert i Sveio og ha plass i offentleg godkjent kommunal eller privat barnehage. Familiar med samla inntekt under 3 G kan søkja betalingsreduksjon på økonomisk grunnlag. Kor stor reduksjonen skal vera skal fastsetjast ut frå samla brutto inntekt til familien/hushaldet. Foreldre/føresette har sjølv ansvar for å søkja om betalingsreduksjon. Vanleg betalingssats vil bli nytta inntil eit eventuelt vedtak om betalingsreduksjon er fatta. 3.2.Søknadsfrist og vedtaksperiode Søknadsfrist er 1.juni for born som får barnehageplass i hovudopptaket. Vedtaket om betalingsreduksjon gjeld for eit barnehageår om gongen. Det må søkjast på nytt for kvart år med nye oppdaterte opplysningar og ny dokumentasjon. Ved tildeling av barnehageplass etter hovudopptaket, kan ein søkja utanom fristen.
3 Søknadsdato er først gjeldande når skjema er fullstendig utfylt og all dokumentasjon på inntekter er vedlagt. Betalingsreduksjonen skal gjelda frå den første dagen i den påfølgjandemmånaden til registrert søknadsdato. 3.3. Opplysningar som skal liggja til grunn for fastsetting av reduksjon i foreldrebetaling Den samla brutto årsinntekt og ytingar i familien/hushaldet blir lagt til grunn for fastsetjing av betalingsreduksjon. Alle inntekter og ytingar til hushaldet skal dokumenterast, men barnetrygd, stønad til livsopphald og stønad til barnetilsyn skal ikkje reknast som inntekt. Følgjande inntekter og ytingar skal leggjast til grunn (frå søknadsskjema): OPPLYSNINGAR OM INNTEKTER I HUSHALDNINGA Arbeidsinntekt Yrket til mor/sambuar i hushaldninga ved kopi av utbetaling siste månad og siste likningsattest Yrket til far/sambuar i hushaldninga Trygdeytingar i hushaldninga med kopi av månadutbetaling eller stadfesting frå NAV. Studielån/stipend Barnebidrag Andre inntekter med kopi av siste utbetaling Samla brutto inntekter pr.år Gjeld arbeidsledighetstrygd, attføring, sjukepengar, overgangsstønad, kontantstøtte. Gjeld ikkje barnetrygd, sosialstønad og hjelpestønad med kopi av med kopi av Eventuelt introduksjonsstønad, bustøtte, barnepensjon, andre inntekter ANDRE TILHØVE Sosialstønad Ja Nei (Set kryss ) Om ja skal vedtak om sosialstønad leggjast ved Stønad til barnetilsyn Ja Nei (Set kryss) Om ja skal stadfesting frå NAV leggjast ved.
4 3.4. Utrekning Det vil bli rekna reduksjon i foreldrebetalinga av gjeldande maksimalpris. Prosent reduksjon Samla bruttoinntekt pr.år Grunnbeløpet til folketrygda 60 % Under 172 375 kr Under 2,58 G 40% 172 375 kr - 187 742 kr Under 2,81 G 20 % 187 742 kr 205 781 kr Under 3,08 G Inntektsgrensene skal regulerast årleg pr.1.05. i samsvar med grunnbeløpet i folketrygda (G) for det påfølgjande barnehageåret. Einslege forsørgjarar som har krav på støtte til barnetilsyn frå NAV, kan få ein reduksjon frå kommunen på differansen mellom den støtta dei får frå NAV og dette reglementet sin maks. reduksjon- dersom dei kjem under den inntektsgrensa som her er sett. 3.5. Ved endringar i inntektstilhøva Ved endringar i inntektstilhøva som endrar grunnlaget for betalingsreduksjon, har føresette plikt til å gi melding til kommunen. Foreldrebetalinga skal justerast påfølgjande månad etter at endringsmeldinga er motteken. Dersom det ikkje blir meldt frå om endring, kan kommunen krevja tilbakebetalt for reduksjon i foreldrebetaling som ein ikkje hadde rett på. 3.6. Klageadgang Det er kommunestyret i Sveio som skal fastsetja reglar for redusert foreldrebetaling. Fastsetting av betalingsreduksjon er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova og utløyser klagerett. Klagen skal sendast til kommunen ved skule-og barnehagekontoret. Om kommunen ikkje gir klagar medhald vil klagen gå vidare til Fylkesmannen for handsaming. 4. BETALINGSREDUKSJON ETTER OPPLÆRINGSLOVA Born som mottar spesialpedagogisk hjelp i barnehage etter opplæringslova 5-7, har rett til å få denne hjelpa gratis. Det skal som følgje av dette gis reduksjon i foreldrebetalinga for den tida barnet får spesialpedagogisk hjelp. For resten av tida i barnehage kan kommunen krevje betaling. Det er den direkte tida barnet mottar hjelp som det skal gis reduksjon i foreldrebetalinga for. Ressursar til f.eks opplæring av personalet, planleggingstid og pausar for personalet skal ikkje liggja til grunn for utrekninga av reduksjonen. Tid som blir nytta til rådgjeving av føresette, skal heller ikkje telja med i grunnlaget for utrekning. (Ref. Rundskriv F-39-01 frå Kunnskapsdepartementet om reglane for fritak i foreldrebetalinga) Søknadar forankra i punkt 3 og 4 skal handsamast av skule-og barnehagekontoret.
5 Ikkje offentleg! Søknad skal sendast til skule-og barnehagekontoret, Postboks 40, 5559 Sveio SØKNAD OM BETALINGSREDUKSJON I BARNEHAGE PÅ ØKONOMISK GRUNNLAG BARNET DET BLIR SØKT OM BETALINGSREDUKSJON FOR Namn på barnet Fødselsnr Adresse Postnr. Poststad Namn på barnehagen OPPLYSNINGAR OM FØRESETTE Kven har omsorg for barnet? Tal på dagar/veke med plass i barnehage: Pris: Begge foreldra Mor åleine Far åleine Delt omsorg Andre Namnet til mor/namnet til sambuar i hushaldninga som søkjer om betalingsreduksjon Fødselsnr. Adresse Postnr. Poststad E-postadr.til mor Tlf. arbeid Mobiltlf. Sivilstatus Gift Sambuar Einsleg Namnet til far/namnet til sambuar i hushaldninga som søkjer betalingsreduksjon Fødselsnr. Adresse Postnr. Poststad E-postadr.til far Tlf. arbeid Mobiltlf. Sivilstatus Gift Sambuar Einsleg OPPLYSNINGAR OM SØSKEN TIL BARNET Namn Født Namn på barnehage eller skule
6 OPPLYSNINGAR OM INNTEKTER I HUSHALDNINGA Arbeidsinntekt Yrket til mor/sambuar i hushaldninga ved kopi av utbetaling siste månad og siste likningsattest Yrket til far/sambuar i hushaldninga Trygdeytingar i hushaldninga med kopi av månadutbetaling eller stadfesting frå NAV. Studielån/stipend Barnebidrag Andre inntekter med kopi av siste utbetaling Samla brutto inntekter pr.år Gjeld arbeidsledighetstrygd, attføring, sjukepengar, overgangsstønad, kontantstøtte. Gjeld ikkje barnetrygd, sosialstønad og hjelpestønad med kopi av med kopi av Eventuelt introduksjonsstønad, bustøtte, barnepensjon, andre inntekter ANDRE TILHØVE Sosialstønad Ja Nei (Set kryss ) Om ja skal vedtak om sosialstønad leggjast ved Stønad til barnetilsyn Ja Nei (Set kryss) Om ja skal stadfesting frå NAV leggjast ved. Alle inntekter må dokumenterast. Søknadar som manglar dokumentasjon vil bli sendt i retur utan handsaming. Ny søknad må sendast kvart år. Søknadsfrist er 1.juni. Søkjar stadfestar med dette: At alle opplysningar som er gitt i søknaden er rette og fullstendige. Å kjenna til at ved endringar i bruttoinntekt i året, skal det søkjast påny med ny dokumentasjon, om det har noko å seia for foreldrebetalinga. Å kjenna til at feil opplysningar vil medføra full pris og eventuelt krav om etterbetaling av moderasjon. At kommunen har rett til å undersøkja inntektstilhøva som er oppgitt her, med NAV, likningskontoret eller andre offentlege kontor. UNDERSKRIFTER Stad Dato Namn Stad Dato Namn