HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga 01.03.2010 REGLEMENT FOR TAKSTAR OG RABATTORDNINGAR FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND GAMALT BILLETTSYSTEM (BUSPOS) Gjeldande frå 1. mars 2010 og inntil vidare 1. GENERELLE REGLAR Reglementet gjeld for område som har elektronisk billettering med BusPos. Ruter i Nor-Way Bussekspress har eigne takstføresegner og takstane kan avvike frå det som gjeld i dette regulativet. For nærare informasjon, sjå takstregulativ for Nor-Way Bussekspress. Rutetraséane i fylket er delt opp i soner, som er definert gjennom fyrste og siste haldeplass i den einskilde sone. Ved takstfastsetjing skal talet på soner frå påstiging til avstiging leggjast til grunn. Ved reise gjennom sone 110 (Bergen sentrum), skal denne sona ikkje telja med ved takstfastsetjing. Takstar går fram av dei til ein kvar tid gjeldande taksttabellar. Minstetakst gjeld for inntil to soner. Sal, fornying og bruk av kort er uavhengig av rutelag. Ved overgong til ny rute/linje betalar ein berre ein gong for same sone. Gyldig billett må framvisast for å få overgongsbillett. Under reisa må gyldig reisebevis (billett/kort) alltid kunna framvisast. 2. EINSKILDBILLETTAR Det skal løysast billett ved påstiging, og den reisande må ta vare på kvitteringa under reisa. 2. 1 Vaksen billett Det skal løysast vaksenbillett frå fylte 16 år. 2. 2 Barnebillett Barn frå 4 år og opp til fylte 16 år får 50% rabatt på ordinær pris. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. Ved tvil om alder kan det krevjast gyldig legitimasjon. 2. 3 Honnørbillett Honnørreisande får 50% rabatt på ordinær pris og gjeld:
2 a) personar over 67 år b) uføre som har uførepensjon etter lov om folketrygd av 28. februar 1997 nr. 19 12-2 til 12-7 c) blinde d) ektefelle/registrert partnar som reiser saman med person som har rett til honnørbillett etter pt. a), b) og c) Døvblinde sine reisefylgje reiser gratis. Kvar døvblind kan ta med ein fylgjeperson gratis. Den som gjer krav på honnørbillett, skal legitimera seg med gyldig legitimasjon, det same gjeld ektefellen/partnaren. Personar som ikkje har fylt 67 år, men har uførepensjon, skal i tillegg syna legitimasjon frå trygdekontoret. Blinde skal i tillegg syna legitimasjon frå blindeforbund. Døvblinde syner eigen tilleggslegitimasjon. 2. 4 Sentrumsbillett For reise innan sone 110 kan det løysast sentrumsbillett. Sentrumsbillett gjev ikkje rett til overgong, og kan ikkje nyttast som tilleggsbillett ved periodekortreise. 2. 5 Familiebillett Ein vaksen eller honnørreisande på enkeltbillett kan ta med seg eitt barn (mellom 4-16 år) gratis. Barn inntil fylte 4 år reiser gratis. 2. 6 Gruppebillett Ei gruppe er når tre eller fleire reiser saman. Vaksne i gruppa får 17% rabatt på ordinær pris. Barn og honnørreisande får ikkje særskild rabatt. Barn under 4 år reiser gratis og tel ikkje med i talet på reisande. 2. 7 Nattakst For nattbussrutene gjeld eigen taksttabell. Kort kan ikkje nyttast. 2. 8 Student-/lærling-/elevmoderasjon Skulemoderasjonsordning gjev 17% rabatt når student/elev reiser minst 7 soner på rute med gjennomgåande takstar. Overgongsordninga gjeld. 2. 9 Moderasjon for vernepliktig personell og sivile tenestepliktige Vernepliktig mannskap (fyrstegongsteneste og HV-mannskap) og sivile tenestepliktige får 50% rabatt på vaksen einskildbillett. Minstetakst er lik minstetakst for vaksen einskildbillett. Moderasjonen gjeld for den tenesteperiode som er innført i vernepliktsboka for alle reiser med rutebil, herunder innkallingsreiser, tenestereiser, permisjonsreiser som Forsvaret betalar og dimisjonsreiser. Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID) tener som legitimasjon for alle reiser med buss. For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som legitimasjon. 3. MAGNETSTRIPEKORT Magnetstripekort kan nyttast uavhengig av rutelag, innafor dei soner som er definert på korta. All bruk av magnetstripekort skal registrerast i kortlesar.
3 Alle kort kan fornyast på bussen. Fyrstegongs kjøp av Periodekort, Ungdomskort, Honnørkort og Studentkort, må finne stad på ein av ekspedisjonane. Ein kan fornye korta på bussane. Magnestripekort er følsame kort som kan verta øydelagt av m.a riping på magnetstripa og magnetar (t.d. i ei handveske). Øydelagte kort vert generelt ikkje erstatta, sjå pkt 4. 3. 1 Rabattkort vaksne Rabattkort for vaksne gjev ca 17% rabatt og kan oppdaterast med 6 eller 12 reiser. Kortet er ikkje personavhengig, og utan tidsavgrensing. Kortet er definert for eit gjeve sonetal. Rabattkort kan nyttast av fleire i same reisefylgje. 3. 2 Barnekort Barn kan nytta Barnekort som kan oppdaterast med 5 eller 10 reiser utan særskild rabatt. Barnekort har same avgrensingar som Rabattkort. 3. 3 Honnørkort Honnørkort har 10 reiser, og gjev ikkje særskild rabatt. Kan berre nyttast saman med gyldig legitimasjon, jf. pt.2.3. 3. 4 Periodekort vaksne/barn/honnør Periodekort kan nyttast til uavgrensa tal reiser innafor dei soner det er definert for. Periodekort gjeld for ein månad frå dato til dato (t.d. frå og med 16.02 til og med 15.03). Kortet lyder på namn, er utstyrt med foto og kan berre nyttast av den person det er skrive ut til. 3. 4. 1 Reiselengjing utover gydige soner Ved reiselengjing utover dei sonene ein har gyldig periodekort for, vert det tilleggsbillettert etter einskildbillettakst. Minstetakst er vaksen einskildbillett, og billetteringsgrunnlaget er talet på soner utan gyldig periodekort. 3. 5 Verdikort Med verdikort kan ein løysa vaksen einskildbillett med 17% rabatt. Verdikort kan nyttast til betaling for alle billetteringsformer, men gjev ikkje ekstra rabatt til barn eller reisande på honnør-, sentrums- eller famieliebillett. Verdikort må oppdaterast med minst kr. 200,-. Overgongsordninga gjeld. 3. 6 Dagskort Dagkortet gjev eit uavgrensa tal reiser innanfor området med eins takst i Bergen. Dagskort er personavhengig og er gyldig i 24 timar frå første gong produktet vert brukt/aktivert, men er ikkje gyldig på nattruter. Det er lik pris for alle og ingen særskild rabatt for andre grupper (t.d barn/honnør/student/vernep./sivilt.).
4 3. 7 Ungdomskort Ungdomskort er gyldig for personar i aldersgruppa 16-19 år (frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 20 år) som er busette i Hordaland. Kortet lyder på namn, er utstyrt med foto og kan berre nyttast av den person det er skrive ut til. Ved kontroll må det synast gyldig legitimasjon. Ungdomskort er gyldig på buss-, ferje- og snøggbåtrutene i fylket samt på lokaltog, og gjeld fram til eller frå fylkesgrensa. Kortet gjeld for ein månad frå dato til dato, jf. pkt. 3.4. Selskap utan elektronisk billettering godtek Ungdomskort med gyldig salskvittering som reisebevis. 3. 8 Student-/lærling-/elevkort Studentkort kan kjøpast av heiltidsstudentar ved universitet og høgskular (også i andre fylke), elevar ved vidaregåande skular samt lærlingar og lærekandidatar. Ein lærling er den som har lærekontrakt med sikte på fagprøve/sveineprøve, og ein lærekandidat er den som har ein opplæringskontrakt med sikte på mindre omfattande prøve enn fag- og sveineprøve. Studentkort gjeld ikkje for vaksenopplæringselevar. Øvre aldersgrense er 30 år. For studentkort gjeld same reglar som for Periodekort (jf. pkt 3.4 og 7.2-7.4). Studentar og elevar ved vidaregåande skular kan kjøpa og fornya kortet mot framsyning av gyldig student-/skulebevis frå utdanningsinstitusjonar i Noreg, med dokumentasjon for betalt semesteravgift. Studentar ved utdanningsinstitusjonar i utlandet må syne fram internasjonalt studentkort (ISIC-card). Lærlingar og lærekandidatar må på lik line med studentane/skuleelevane vise gyldig legitimasjon og ein av fylgjande tilleggsbevis: - Personleg ID-kort frå bedrift, merka Lærling eller Lærekandidat - Kopi av lærekontrakt - Stadfesting frå bedrift om at vedkommande er lærling/lærekandidat og periode for lærekontrakt, påført namn og fødselsdato. Personar som ved kontroll ikkje kan vise gyldig bevis må betala gjeldande tilleggstakst. Studentkort gjev 40% moderasjon i høve til periodetakst, runda opp til næraste 5-kroner. Selskap utan elektronisk billettering godtek Studentkort med gyldig salskvittering som reisebevis. 3. 9 Skulereisekort Skulereisekort for grunnskulen er gyldig frå kl 05:00 til kl 19:00. Skulereisekort for vidaregåande skular er gyldig frå kl 05:00 til kl 23:00. Skulereisekort er generelt sperra for bruk laurdagar, sundagar, feriedagar og fridagar. Skulereisekort kan generelt berre nyttast til 2 reiser pr skuledag for den person det er utstedt til, og for dei sonene kortet er gyldig i. Elevar som misser Skulereisekortet må dekka reiseutgifter fram til nytt Skulereisekort er motteke.
5 3. 10 Mellombels skulereisekort Kortet vert nytta for skyss frå/til vidaregåande skule ved skulestart, når søknad om permanent Skulereisekort er til handsaming. Kortet vert nytta som mellombels reisebevis inntil permanent Skulereisekort eventuelt vert utlevert. Kortet er gyldig i 4 veker (20 skuledagar) innan 30. september. Tapte og øydelagte kort vert ikkje erstatta. Elles gjeld reglar som for Skulereisekort. 4. OVERGONG Ved overgong(ar) til ny rute/linje må gyldig billett(ar) framvisast. Overgong må finna stad på næraste haldeplass for rute/linje det vert omstege til, eller næraste naturlege knutepunkt. Overgong gjeld ved vidarereise, men ikkje ved returreise. Med returreise meiner ein tilbakereise med same linje eller med andre linjer langs same trasé eller langs tilgrensande traséar som ligg innan naturleg gongavstand frå fyrste busstrasé. Overgong må finna stad innan 1 time etter at fyrste billett er kjøpt, med tillegg på 10/15 minuttar for kvar sone det er løyst billett for, (15 min. opp til og med 4 soner, vidare 10 min.). Gyldig overgongstid skal gå fram av billetten. På grunn av rutestruktur og selskapa sine driftsopplegg, kan dei reisande verta pålagd overgong og må løysa ny billett ved terminalar/omstigingshaldeplassar. Ein får overgong til tredje buss ved framsyning av billett frå fyrste og andre buss. Overgangstid frå fyrste billett gjeld. 4. 1 Overgong til bussrute utan elektronisk billettering Ved overgong der eitt av rutelaga ikkje har elektronisk billettering, skal det billetterast etter reglane i avstandstakstregulativet. Einskildbillettprisen vert redusert med fastdelen, for vaksen kr. 7,- og barn kr. 5,-. 4. 2 Overgong mellom ulike transportmiddel. Når rutebil inngår i reisestrekninga før og etter ferje/lokalbåt/snøggbåtstrekning, kan ein for andre rutebilstrekning nytta overgongsordninga. Unnateke Snøggbåtruta Kleppestø - Bergen vert det ikkje gjeve takstreduksjonar for båtstrekningar. 4. 3 Overgong rabattkort Overgongstida er 60 minuttar for 2 soner og 90 minuttar for 3 soner eller meir. Overgangsreglar elles som einskildbillett. 5. SKULESKYSS Reglar for skuleskyss går fram av eig skuleskyssreglement. Elevar som nyttar skulereisekort må ved kontroll visa gyldig legitimasjon.
6 6. REFUSJONAR Krav om refusjonar skal rettast til rutelaga sine ekspedisjonar. 6. 1 Rabattkort Rabattkort er gyldig så lenge det er restreiser på kortet. Rabattkort vert ikkje refundert seinare enn ein månad etter takstauke. Rabattkort vert å refundera med kortpris fråtrekt brukte reiser til full pris. Kort med restverdi under kr.50,- vert ikkje refundert. 6. 2 Periodekort generelt Periodekort kan innløysast i den perioden det gjeld for. Ein reknar at kortet har vore nytta dagleg til og med den dag kortet vert innlevert (postlagd) til rutelaget. Salskvittering må framleggjast. Refusjon vert gjeve som fylgjer: Periodekortpris med frådrag av to reiser pr. dag til einskildbillettpris minus 17% rabatt (rabattkorttakst). Kort med restverdi under kr. 50,- vert ikkje refundert. 6. 3 Periodekort i sjukdomshøve Periodekort som grunna sjukdom ikkje kan nyttast skal dersom refusjon vert kravd, leverast inn (postleggjast ) til rutelaget. Refusjon vert gjeve mot legefråsegn, med 1/30 del av periodekortprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, soframt dette er meir enn 10 dagar. Ein reknar at kortet har vore i bruk til og med innleveringsdagen. Har kortet som fylgje av omstenda, ikkje kunne vore levert inn til rutelaget, kan refusjon likevel ytast mot fullgod legitimasjon for det antal dagar kortet ikkje har vore nytta. 6. 4 Tap av periodekort Ved tap av periodekort vert det gjeve refusjon etter dei generelle reglane i pt. 7.2 so framt gyldig kvittering kan framleggjast. Når rutelaget mottek salskvittering skal kortet sperrast for vidare bruk. 6. 5 Verdikort Kort med restverdi over kr 50,- vert refundert ved innlevering til rutelaget. 6. 6 Ungdomskort Kortet kan ikkje refunderast, og tapt kort vert ikkje erstatta. 7. REISEGODS O.L. 7. 1 Barnevogner og rullestolar Barnevogner og rullestolar vert teke med gratis så langt plassen tillet det.
7 7. 2 Levande dyr Hund/katt kan takast med i rute dersom dei vert haldne i band og ikkje er til sjenanse for medpassajerer (t.d. allergikarar). Reisande som har med levande dyr må følgje eventuelle instruksjonar frå sjåføren. Førarhund saman med betalande blind, og politihund saman med fullt betalande polititenestemann i uniform vert prioritert og reiser fritt. Elles skal det løysast barnetakst for hund. Maksimaltakst kr 40,-. Rabattkort eller Verdikort kan nyttast. 7. 3 Syklar og ski Syklar vert teke med dersom plassen tillet det. For desse vert det rekna barnetakst. Maksimaltakst kr 40,-. Rabattkort eller Verdikort kan nyttast. Ski som kan takast med i skihaldar eller bussen sitt bagasjerom, vert frakta gratis. Det same gjeld samanbundne ski og stavar som kan takast med inn i bussen dersom sjåføren finn det tilrådeleg. 7. 4 Bagasje Handbagasje i bagasjehylle, under setet eller på passasjeren sitt fang vert frakta gratis. På lengre ruter der det vert nytta bussar med bagasjerom kan ein fritt ta med reisegods på inntil 30 kg. Nærare reglar går elles fram av Vedtekter for reiser for rutebil m.v. som Transportbedriftenes Landsforening har utarbeidd, og som er godkjent av Samferdselsdepartementet. 8. TAKSTFASTSETJING OG INNTEKTSFORDELING AV PERIODEKORT/STUDENTKORT PÅ GJENNOMGÅANDE STREKNINGAR SOM OMFATTAR BUSS/FERJE/BÅT For gjennomgåande reiser med buss/båt/ferje kan periodekort/studentkort seljast til ein pris tilsvarande busstakst på den aktuelle strekninga. Ved prisfastsetjing av periodekort i kombinasjon buss/snøggbåt, skal snøggbåtstrekninga inndelast i soner som i sum avspeglar taksten på den aktuelle strekninga. Ved prisfasttsetjing av periodekort i kombinasjon buss/ferje skal ferjestrekninga prisfastsetjast til kr 22,- per km. I riksregulativet for ferjetakstar er det fastlagt korleis takstavrekninga mellom buss og ferje skal gjennomførast. Riksregulativet: Månedskort for buss og ferje For månedskort for buss- og ferjereiser er det den samlede reisestrekningen som skal legges til grunn ved prisberegningen av månedskortet. Taksten skal deles mellom trafikkmidlene/selskapene pro rata etter andelene av totalstrekning på en slik måte at ingen selskap får en andel mindre enn halvparten av laveste månedskortpris for voksne.
8 TAKSTER FOR MÅNEDSKORT MED UBEGRENSET ANTALL REISER Gjeld frå 1.januar 2009 Strekning Sone Månedskort kr 0-2,9 km 1-3 535 3,0-5,9 km 4-6 570 6,0-8,9 km 7-9 635 9,0-11,9 km 10-12 700 12,0-14,9 km 13-15 755 15,0-17,9 km 16-18 795 For distanser utover tabellen regnes kortprisen ut på denne måten: Enkeltbillett koster 139, 06 øre pr. km. x (sone + 6). Avrundes til nærmeste hele krone. Månedskort koster kr 363 + 13 enkeltbilletter. Avrundes til nærmeste tall delelig med 5. Kortene takstberegnes etter den sone som samlet reiselengde tilsier. Dersom ferjesambandet er plassert i en annen takstsone enn lengden tilsier, skal soneplasseringen legges til grurm ved takstberegningen. Månedskort utstedes for bam og voksne. Prisen for bam er 50 % av prisen for voksne, avrundes til nærmeste tall delelig med 5.