Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter Det er no opna for elektronisk registrering av sett hjort og felte dyr med slaktevekter gjennom www.settogskutt.no (På smarttelefon: app frå Norges jeger og fiskeforening). Gjennom elektronisk registrering unngår ein å registrere ufullstendige opplysingar, som til tider vert gjort på papirskjema. Kommunen kan importere tala frå sett og skutt direkte til Hjorteviltregisteret, noko som er med på å redusere sjansen for feil i talmaterialet. Alle jegerar har tilgong til å registrere opplysingar i sett og skutt. Valda står sjølvsagt fritt til å lage seg andre ordningar for kven som skal registrere. Dette dokumentet er meint som ei rettleiing i bruken av sett og skutt. 1. Innlogging Gå inn på www.settogskutt.no og logg inn med jegernummer og fødselsdato. 1
2. Opplysingar om kvar ein har jakta. Ein oppgjev opplysingar om kva vald eller jaktfelt ein har jakta på. I Hjorteviltregisteret har kvart vald og kvart jaktfelt i alle kommunar fått sitt eige nummer. Det er dette som må brukast ved innlogging. På listene med kontaktinformasjon til valda og jaktfelta som Landbrukskontoret sender ut før jakta står desse nummera. Denne informasjonen ligg også på heimesidene til Landbrukskontoret: www.landbrukskontoret.no Loggar ein inn med valdsnummer vil ein få opp ei liste over alle jaktfelt og kan velje frå denne. Døme: Gurskøy nordvest storvald i Herøy kommune, jaktfeltet Sandvik. Valdsnummer: 1515V0006 Jaktfeltnummer: 1515J0010. På siste side i dette dokumentet ligg liste over vald- og jaktfeltnummer slik organiseringa var hausten 2013. 2
Ved innlogging med valdsnummer får ein opp ei liste over jaktfelt som ein kan velje frå. Om ein skal registrere opplysingar på fleire ulike vald må ein logge ut og logge inn att på nytt for å endre valdet. 3
3. Vel type opplysingar du skal registrere. A) Sett hjort. B) Slaktevekt C) Avslutting av jaktsesongen (berre for valdsansvarleg) 4
4. Registrere sett hjort og felte hjort Vel dato med å klikke på datoen i kalenderen eller ved å bla fram riktig dato i fana øvst til venstre. Dagar der det har vore registrert opplysingar vil vere grøne. Til høgre får ein fram namn og telefonnummer til jaktleiar på jaktfeltet og valdsansvarleg. Til høgre finn ein også oversyn over talet på jegerar, tima det har vore jakta samt kor mange dyr ein har sett på dette jaktfeltet i inneverande jaktår. 5
Vel terrengtype (innmark, utmark eller begge) For jakt i utmark registrerer ein om det er drivjakt eller posteringsjakt. Ruter med gul bakgrunn er knytt til innmark, medan ruter med grøn bakgrunn er knytt til utmark. Det skal førast sett hjort observasjonar for den tida ein var ute på jakt. Ein skal til dømes ikkje føre sett hjort ein ser frå bil på veg heim frå jobb. Ein skal føre sett hjort frå alle dagar ein har vore på jakt. Det er viktig å inkludere dei dagane ein ikkje har sett dyr også. 6
Fyll inn talet på sette hjort. Dei dyra ein eventuelt har felt skal også vere med i sette dyr. 7
Fyll inn talet på skotne hjort. Trykk på send inn for å lagre opplysingar. Om det ikkje er fylt ut fullstendige opplysingar vil ein få ei feilmelding. Dette er med på å luke ut feila ein ofte ser på sett hjort observasjonar som er ført på papirskjema. Er registreringa vellykka kjem ein tilbake til bilete på side 4, og får melding om at registreringa har vore vellykka. 8
5. Registrering av slaktevekt I bilete frå side 4 vel ein alternativ 2 slaktevekt. Ein kjem då til sida som er vist ved sidan av. Dyra i lista vert henta frå dei opplysingane som er registrert i samband med sett og skotne hjort. Det er ikkje høve til å legge til dyr på lista. Dette betyr at ein må føre sett hjort observasjonar før ein kan få registrert slaktevektene. Ein vel målemetode. Vi ber om at de anten veg dyra eller registrerer dei med ukjent slaktevekt. 9
6. Avslutting av sesongen Berre valdsansvarleg eller jaktleiar på det einskilde jaktfeltet skal gjennomføre dette! Om ein i bilete på side 4 vel alternativ 3 avslutte sesongen kjem ein til denne sida. Ein får her ei oppsummering av kva hjort som er sett, skote og registrert slaktevekter for på kvart jaktfelt. Om ein avsluttar sesongen er det ikkje lengre høve til å registrere opplysingar gjennom sett og skutt for jakta. Dette må difor berre gjerast når ein er sikker på at alle opplysingar er lagt inn. Det er ikkje naudsynt å gjennomføre avslutting av sesongen for at kommunen skal kunne importere data til Hjorteviltregisteret. 10
NUMMER TIL DEI ULIKE VALDA OG JAKTFELTA I HERØY, ULSTEIN OG HAREID I 2013 HERØY 2013 1515J0036 Espeset og Gjertnes 1516J0003 Indre Flø 1517J0002 Hareidsberget 1517V0010 SKAU hjortevald Nummer Namn 1515J0037 Leine 1516J0004 Roppen 1517J0003 Nevstad 1517J0015 Snipsøyr 1515V0006 Gurskøy Nordvest storvald 1515J0038 Voldsund og Ytre Leine 1516V0006 Garnes hjortevald 1517J0004 Bjåstad/ Bigset 1517J0026 Kvammen 1514J0022 Hide 1515J0039 Remøy 1516V0009 Garshol/Botnen hjortevald 1517J0005 Kalholen/ Røyset 1517J0027 Alme 1515J0007 Tarberg 1515J0040 Runde 1516V0007 Hasund/Strandabø 1517J0006 Rise Nedre 1517J0028 Ulset 1515J0010 Sandvik 1515J0041 Berge/Flusund 1516V0011 Osnes hjortevald 1517J0007 Rise Øvre 1 1515J0047 Rafteseth 1515J0042 Myklebust 1516V0005 Ringstaddalen hjortevald 1517J0008 Hammarstøylen 1515J0049 Moltustranda 1515J0043 Igesund og Vike 1516J0008 Fjelle 1 1517J0025 Rise Øvre 2 1515V0007 Indre Herøy storvald 1515J0044 Kvalsund/Teige 1516J0009 Løset 1517J0030 Gjerde/ Teigane 1515J0003 Leikongsæter/Bakken 1515J0045 Kopperstad 1516J0010 Svora/ Moldskred 1517J0031 Holstad 1515J0005 Leikanger 1515J0046 Kvalsvik/Nerland 1516J0011 Ringstad 1 1517V0006 Hjørungavåg hjortevald 1515J0020 Tjørvåg Indre/ Aurvåg 1515J0048 Sande 1516J0012 Ringstad 2 1517J0016 Liaset 1515J0021 Dragsund/Myrvåg Ulstein 2013 1516J0013 Rystebakkane/Myrane 1517J0017 Øvrelid 1515J0022 Djupvik/Nykrem Nummer Namn 1516J0014 Haddal ytre 1517J0018 Hjørungdal/Haugen 1515J0023 Tjørvåg Ytre 1516V0008 Dimnøya hjortevald 1516J0015 Haddal indre 1517J0019 Engeskaret/Åsen 1515J0024 Myrvåg/Myrvågnes 1516V0010 Eiksund storvald 1516J0033 Fjelle 2 1517J0020 Hjørungnes/Korshamn 1515J0025 Aurvåglid 1516J0023 Eiksund/Ødegård 1516J0034 Fjelle 3 1517J0021 Liavåg 1515J0027 Tjørvåg Midtre 1516J0024 Eika/Nordre 1516J0035 Fjelle 4 1517J0022 Nedrelid 1515J0028 Tjørvåg Midtre Indre 1516J0025 Eika Søndre 1516V0002 Ulstein/Skeide hjortevald 1517J0029 Pilskog 1515J0029 Tjørvåg Indre 1516J0026 Havåg 1516J0036 Skeide 1517V0013 Hovledet hjortevald 1515J0004 Rauvik/Kleppe hjortevald 1516J0027 Selvåg 1516J0037 Ulstein 1517V0012 Håbakk hjortevald 1515V0008 Ytre Herøy hjorteviltområde 1516J0032 Håheim 1516V0004 Vik/Hofset hjortevald 1517V0011 Nakkane 1515J0033 Bø 1516V0001 Flø hjortevald HAREID 2013 1517J0009 Hovden 1515J0034 Torvik og Nærøy 1516J0001 Ytreflø Nummer Namn 1517J0010 Mork 1515J0035 Føystad/Røyra 1516J0002 Midtflø 1517V0002 Hareidsdalen hjortevald 1517J0011 Nesset 11