2013/2014. Jotunheimen Jostedalsbreen. Luster Sogndal Balestrand Høyanger Vik Leikanger. Norsk



Like dokumenter
HER KOMMER EIN TEKST ETTER KVART SOM SKAL STÅ HER

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

2007/2008 Norsk. Jotunheimen Jostedalsbreen. Balestrand - Vik - Leikanger - Sogndal - Luster

Lei et feriehus.... der du trodde det var umulig!

2015/2016

Norsk. 2014/2015

2016/2017

Norsk. 2014/2015

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

FJORDEN GJENNOM EN NASJONALROMANTIKERS ØYNE

Kviknes Hotel i Balestrand - Unike opplevingar ved Sognefjorden

Juvet Landskapshotell

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Luster hundeklubb sine trimpostar 2010

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Til deg som bur i fosterheim år

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

RV52 - den viktigaste vegen mellom Aust og Vest for reiselivet i Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

BÅTRUTER PÅ SOGNEFJORDEN FRÅ 2010

Sommartur til Sverige,

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Jotunheimen. Otta - Bismo. Bismo - Otta

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

5 stk flotte bustadtomter til sals

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Rapport resultat spørjeundersøking

Fra tare til tind. m/ HEMO Travels Vårskitur 2012

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 223 M55 Arkivsaksnr.: 13/829

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Aktivitetsoversikt Luster kommune (2013) (Eit utkast over ulike aktivitetstilbod- møteplassar mm. i bygdene)

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

DEN GODE HARDANGERKJENSLA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Magne Svåi Arkiv: 130 N00 &13 Arkivsaksnr.: 13/1884

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Breheimen nasjonalparkstyre hadde møte I møte vart søknaden handsama.

Storestølen Fjellstue

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Dette er Skarvheimen. Naturopplevelser for livet.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

FRILUFTSLIVETS VEKE 2013

Dublin juli 2018

6.-7. juli Indre Sogn

MEDLEMSINFO. august 2009

STI GJENNOM LERKESKOG

AKTIV HEILE ÅRET Denne presentasjonen skal ikkje kopierast eller vidareformidlast.

Om Fjord Tours AS. To av de mest kjente merkevarene i norsk reiseliv. Fjord Tours skreddersyr gruppeturer for grupper over 10 personer.

Brukarrettleiing E-post lesar

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Opplev toppen av Fjord Norge!

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

EINHAUGEN Ein bit av Halsa kan bli din!

Møteprotokoll. Sakliste

mmm...med SMAK på timeplanen

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Stilling ledig med bilde, full utlysingstekst og Førde-tekst. Ønskjer du toppleiarstilling i Førde Kommune?

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Referat frå MINTA møte

Den kulturelle skulesekken Lokal plan - Selje kommune 2012/ /2016

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kulturhistoriske registreringar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

camping hytter butikk kafé

NORSKE TINDEVEGLEDERE - NORTIND SØKNADSSKJEMA FOR OPPTAK TIL TINDEVEGLEDERKVALIFISERING

Kva er økologisk matproduksjon?


Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre, AU

Transkript:

2013/2014 Norsk Jotunheimen Jostedalsbreen Luster Sogndal Balestrand Høyanger Vik Leikanger www.sognefjord.no

Korleis komme hit? Avstandar med bil (til Sogndal) Frå Via Km Køyretid Oslo Gol / Hemsedal 330 5 t Oslo Fagernes / Filefjell 350 5,5 t Oslo Lillehammer / Lom / Sognefjellet 495 7 t Bergen Voss / Lærdalstunnelen 235 3,5 t Bergen Gudvangen / Nærøyfjorden (Ferje til Kaupanger) 162 4 t Bergen Voss / Vikafjellet 220 4 t Bergen Lavik / Balestrand 255 4 t Trondheim Otta / Lom / Sognefjellet 420 6 t Trondheim Otta / Stryn / Skei 550 7 t Kristiansand Haukeli / Odda / Voss 540 8 t Velkommen til Sognefjord! Finn kart og vegbeskrivelse på f.eks www.maps.google.no Fly Fleire daglege direkte ruter frå Bergen (30 min) og Oslo (45 min). Rutetider: www.wideroe.no Ekspressbåt Daglege avgangar frå Bergen sentrum til Sogndal sentrum. Båten er også innom Vik, Balestrand og Leikanger. Rutetider: www.norled.no Sommarrute Bergen-Flåm, daglege avgangar. Sognefjord Fjærland Ekspressbuss Fleire daglege avgangar frå Bergen, Oslo, Lillehammer, Ålesund og Trondheim. Buss frå Oslo og Trondheim også via Otta/Sognefjellet om sommaren. Ekspressbåten til Sogn Rutetider: www.fjord1.no, www.nor-way.no Tog Fleire gonger dagleg korresponderer tog frå/til Bergen og Oslo med den bratte og spennande Flåmsbana. Korrespondanse med buss eller båt til Sogndal, Leikanger, Balestrand mm. Rutetider: www.nsb.no eller www.flaamsbana.no Inn til Norge Fly: www.norwegian.no, www.wideroe.no, www.sas.no Ferje: www.colorline.com, www.dfds.no, www.fjordline.com, www.stenaline.no Innhald Fjorden 6 Kulturminne 10 Fossar 11 Breen 12 Fjell 16 Fjellturforslag 21 Arrangement 22 Attraksjonar 24 Aktivitetar 28 Fiske 36 Klima / årstider 38 Overnatting 42 Servering 46 Praktisk informasjon 63 Kontaktinformasjon 67 3

Sognefjord - store nasjonale attraksjonar LENGST STØRST HØGST ELDST Den lengste fjorden, Sognefjorden, ligg midt i Fjord Norge og strekkjer seg heilt inn til foten av nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. I dette området er naturen både dramatisk og gjestmild, og innbyr til spennande og forfriskande aktivitetar for heile familien. I Jostedalsbreen Nasjonalpark får du oppleve den største isbreen på det europeiske fastlandet, der den strekkjer mektige armar av blåis ned i frodige dalar. Jotunheimen Nasjonalpark består av dei høgste fjella i Norge, og den nasjonale turistvegen som går her, Sognefjellsvegen, er den høgste fjellovergangen i Nord Europa. Nokre av dei høgste fossane i Norge ligg også ved Sognefjorden. Jostedalsbreen / Nigardsbreen Sognefjellsvegen / Jotunheimen Nasjonalpark Levande bygdesamfunn byr på ekte kulturopplevingar. Her ligg unike opplevingssenter og museum, som Norsk Bremuseum, Breheimsenteret, Sogn Folkemuseum, Sognefjord Akvarium og Den norske bokbyen. Fleire av dei mest kjende stavkyrkjene finn du også her. Urnes Stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Urnes Stavkyrkje Opplev også store og spennande arrangement, som Fjellsportfestivalen, High Camp, Gamalostfestivalen, Jotunheimen Rundt, Balejazz, Kjeringi Open, Blåe Tonar under Breen, Fanaråken Opp, Boknatt, Molden Opp, Norsk Brefestival, Vidasete Opp, Esefjorden rundt og mykje meir. Størst på aktivitetstilbud! Brevandring Fjellturar Kajakkpadling på brevatn og fjordar Rafting Sommarski Grotteturar Sykkelturar Båtturar Fjellklatring Gardsbesøk Isklatring Alpinski Juving Fiske og mykje meir! Om kommunane i Sognefjord Luster Luster kommune er ein nasjonalparkkommune med heile tre nasjonalparkar; Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Nokre av landets største attraksjonar ligg i Luster; Jostedalsbreen, Nigardsbreen, Breheimsenteret, Urnes Stavkyrkje, Sognefjellsvegen, Jotunheimen og Feigumfossen, og få stader i landet finn du eit betre og breiare aktivitetstilbod. Sogndal Sogndal kommune er eit viktig trafikknutepunkt for bussar mellom nord og sør/ aust og vest, og har eigen flyplass, hurtigbåt til Bergen og ferje til Gudvangen. I tillegg har kommunen attraksjonar som De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Kaupanger Stavkyrkje, minnesmerke over slaget ved Fimreite, samt Norsk Bremuseum og Den Norske Bokbyen i Fjærland. Sogndal vert i 2011 kåra til Norges beste UTEstad på grunn av dei flotte moglegheitene til variert friluftsliv som omkransar bygda. Balestrand Balestrand kommune ved Sognefjorden var fyrsteval for Keisar Wilhelm II, Hans Dahl, IC Dahl og ei rekkje andre kunstnarar,skribentar og fotografar. Arven etter dette miljøet er særs synleg i bygda gjennom ein heilt særeigen arkitektur med hotell og store villaer i sveitserstil og drakestil. Leikanger Leikanger kommune grensar til Balestrand i vest og Sogndal i aust. Med den den høgste gjennomsnittstemperaturen i Norge og 1000 mm nedbør i året, er kommunen ideell for dyrking av frukt og bær. Det er over 80.000 frukttre i Leikanger. Her finn du og den flotte Kvinnefossen, den 8 m høge Baldersteinen og det unike Henjatunet. Vik Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden og omfattar bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes, Arnafjord og strendene, i tillegg til Vik sentrum. Statuen av Fridtjov den Frøkne, sett opp av Keisar Wilhelm II, er eit landemerke i Vik, men her er også to vakre middelalderkyrkjer, Hopperstad Stavkyrkje og Hove Steinkyrkje. Båttur til veglause Finnafjorden og Finnabotn. Høyanger Høyanger Kommune er lokalisert på begge sider av Sognefjorden med god forbindelse over fjorden med ferje. Bygda Høyanger er største senteret og på nordsida av fjorden finn vi tettstadane Kyrkjebø, Vadheim og Lavik. På sørsida av fjorden finn du Ikjefjord, Bjordal, Søreide og Ortnevik. 5

Sognefjellsvegen / Skjolden inst i Sognefjorden Sognefjorden har fleire spesielle fjordarmar som strekkjer seg inn mellom stupbratte fjell og endar i små, idylliske bygder. Den mest kjende av desse fjordane er den smale Nærøyfjorden, som no er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Du kan vere med på ulike båtturar og oppleve fjordane heile året. Andre freistande fjordaktivitetar er kajakkpadling, fjordrafting, fisketurar, robåtturar, bading og mykje meir. Sogn Fjordmuseum på Kaupanger fortel historia om livet ved fjorden, og på Sognefjord Akvarium i Balestrand lærer du om livet i fjorden. Lusterfjorden Særprega fjordarmar Nærøyfjorden - smal og dramatisk Den verdskjende Nærøyfjorden er den smalaste, villaste og mest dramatiske fjordarmen i verda, og er lista på UNESCO si verdsarvliste. Fjella reiser seg bratt og høgt opp frå vatnet og skapar ei trolsk stemning. Blir du med ferja på Nærøyfjorden, frå Kaupanger til Gudvangen, får du oppleve noko av det mest spesielle landskapet Norge kan by på. Sognefjorden - og dei vakre fjordarmane Lusterfjorden - inn mot Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen Landskapet kring Lusterfjorden er svært malerisk, og mange store kunstnarar har lete seg inspirere av den spesielt vakre naturen her i enden av Sognefjorden. Lusterfjorden strekkjer seg heilt inn til foten av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen, og frå Skjolden i aust til Solund i vest, er Sognefjorden heile 204 km lang. Fjærlandsfjorden - inn mot Jostedalsbreen Den smale og vakre Fjærlandsfjorden er omkransa av bratte, skogkledde lier og strekkjer seg heilt inn mot den majestetiske Jostedalsbreen. Fjordvatnet her har ofte ein nydeleg, lysegrøn farge pga. breelvane som renn ut i fjorden. 6 Sognefjorden ligg midt i Fjord Norge, og er med sine 204 km Norges lengste og djupaste fjord. På det meste er fjorden over 1300 m djup og fjella langs fjorden går opp i Finnafjorden - veglaus og eksotisk Finnafjorden er den minste av fjordarmane, men kanskje også den mest spesielle. Nesten utilgjengeleg ligg fjorden der med berre eit smalt sund før den vidar seg ut innover mot Finnabotn. Her stuper fjella rett i fjorden. 7 over 1700 m.

Foto: Marcin Skiba Foto: Samferdselsfoto Foto: Frithjof Fure Opplev Hardangerfjord Opplev Sognefjord Kjøp dagsturar på turistkontora! Opplev: Nærøyfjorden (Kaupanger - Gudvangen) og Flåmsbana Cruise på Lustrafjorden Fjærlandsfjorden, Norsk Bremuseum og Bøyabreen Sogndal - Bergen t/r Jostedalsbreen: Breheimsenteret, Nigardsbreen, Øyhopping i ytre Sogn JostedalsBrebussen inkl. brevandring Gaularfjellet - Fossestien Urnes Stavkyrkje RIB-båt tur til Finnabotn Balestrand/Leikanger - Flåm Strendene (Vik - Ornevik) Opplev Fjordsightseeing i Norge Foto: Samferdselsfoto Foto: Terje Rakke Opplev kysten av FjordNorge Opplev Lysefjord Vi sel også billettar til andre ferjer, båtar og aktivitetar i området Vanlege bilferjer går mange gonger kvar dag, heile året. Ferja Mannheller - Fodnes (Rv 5) går f.eks. kvart 20. minutt på dagtid og ca. kvar time om natta. For dei fleste rutetabellar og online booking mm, sjå www.fjord1.no, www.norled.no For charterbåtturar og andre båtturar sjå www.fjordcruise.no, www.chartercruise.no, www.torvis.no, www.discoversognefjord.com 8 Vi tilbyr sightseeing langs hele kysten av FjordNorge samt på de 3 største fjordene. Vi har også charterbåter for grupper. Turistruter Lysefjord Hardangerfjord Sognefjord - Bergen-Flåm Nordfjord - Bergen-Selje Flaggruten - Bergen-Stavanger Booking: Charter & Turisme Tlf +47 51 86 87 00 booking@norled.no www.norled.no Selje Nordfjord Oslo 15 Geiranger E 39 Jostedalsbreen Florø Førde SOGN OG FJORDANE 13 Sogndal Øvre Årdal E 16 Sognefjorden 13 Flåm Voss Myrdal E 39 Eidfjord Norheimsund Bergen 7 HORDALAND Hardangerfjorden E 134 E 39 Haugesund Oslo BUSKERUD HARDANGER Odda 13 TELEMARK Haukeligrend Oslo E 134 13 ROGALAND Kjerag Lysebotn Preikestolen 9 Stavanger Suleskard Lysefjorden AUST-AGDER VEST-AGDER 44 E 39 Oslo Egersund E 18 9 Kristiansand DAGLEGE avgangar frå: Oslo Lillehammer Bergen Førde nor-way.no Photo: Terje Borud/www.visitnorway.com 9

Fossar ved Sognefjorden Fleire stader ved Sognefjorden kan du oppleve majestetiske fossar som kastar seg utfor steile fjellsider. Fleire av desse er blant dei høgste fossefalla i Norge. I mai, når snøen smeltar i fjellet, er mange fossar så store at du kan høyre den kraftige duren av dei på lang avstand, og ein varm sommardag er det ei forfriskande oppleving å gå så tett inntil ein foss at du kjenner den kjølige vinden frå fossen og får ein dusj av friskt fjellvatn i ansiktet. UNESCO verdsarv Urnes stavkyrkje Dei mest kjende fossane Kulturminne Feigumfossen, Luster Den 218 meter høge Feigumfossen ligg idyllisk til på sørsida av Lusterfjorden. Du kan gå den korte turen opp til fossen, eller nyte synet frå den nasjonale turistvegen langs nordsida av fjorden. 10 Dei eldste kulturminna frå Indre Sogn går attende til 7-8 tusen år før Kristus, som pilspissar og steinøkser. Frå jarnalderen har vi fallossteinar, og frå folkevandringstida 400 til 600 etter Kristus finst fleire runesteinar. Området spela ei viktig rolle i vikingtida og ved samlinga av Norge. Då Harald Hårfagre starta med samlinga av Norge, hadde han alt kongemakt i Sogn med utgangspunkt i storgarden Husabø. Her finn me og den kjende Baldersteinen. I følgje Fritjofs Saga er steinen reist over vikingkongen Fritjof den frøkne. Diktsyklusen om Fritjof lokka mange kunstnarar og turistar til området, og førte til at den tyske keisaren, Wilhelm II, i 1913 fekk reist ei kjempestatue av Fritjof på Vangsnes. På Nornes i Sogndal finn me også ein bautastein til minne om det viktige slaget ved Fimreite 15. Juni 1184. Frå mellomalderen i tida etter kristninga har området rike kulturminne, først og fremst dei mange stavkyrkjene. Den eldste er Urnes stavkyrkje frå 1100-talet, som står på UNESCO si verdsarvliste. Området har og to flotte steinkyrkjer frå mellomalderen: Hove og Dale. I siste halvdel av 1800-talet auka talet på turistar i området vårt. I Kroken i Luster skapte Gerhard Munthe ein samlingstad der nokre av dei fremste nasjonalromantiske målarane møttest. Også i Balestrand vart det skapt eit levande kunstnarmiljø. Fleire slo seg ned og bygde villaer i sveitserstil ved fjorden. Balestrand er framleis kunstbygda i Sogn. Fjellklatrarar og eventyrar søkte til den spennande fjellheimen. Mest kjend er engelske William Cecil Slingsby, som var den første til å nå toppen av Store Skagastølstind, i 1876. Turistrafikken førte til bygging av mange hotell. Nokre er framleis i drift, og er viktige kulturminne. Mest kjende er Walaker, Mundal og Kviknes. Området har også særprega bygningar frå vår tid, som til dømes Norsk Bremuseum og Breheimsenteret. I dag blomstrar kulturlivet i Indre Sogn, med store festivalar, konsertar, friluftsarrangement og mykje meir. Kvinnafossen Kvinnafossen, Hella Kvinnafossen har 120 meter fall, og ligg rett ved riksvegen mellom Leikanger og Hella. Under snøsmeltinga, eller når det har regna mykje, driv vatnet over bilvegen. Drivandefossen, Mørkridsdalen / Luster Drivandefossen finn du i vakre og frodige Mørkridsdalen i Skjolden, innerst i Sognefjorden. Stien til Åsetevatnet og DNT-hytta på Fast går forbi like ved fossen. Her får dei fleste seg ein svalande dusj i drevet av fossen (derav namnet). Fotturen opp til fossen tek 15-20 minutt. Feigumfossen

Jostedalsbreen Nasjonalpark - og dei vakre brearmane Med sine 500 km 2, er Jostedalsbreen den største isbreen på det europeiske fastlandet. Denne gigantiske ismassen dekkjer både fjelltoppar og djupe dalar i nasjonalparken, og strekkjer mektige armar av blåis ned i frodige dalar nær fjordane våre. Mange vert forundra når dei finn ut kor lett tilgjengeleg fleire av desse brearmane er, og at det kan vere nesten like varmt ved isen som ved fjorden. 12 I Jostedalen, Fjærland og fleire andre stader kan du bli med erfarne og lokalkjende breførarar på brevandring. På Nigardsbreen i Jostedalen er det mellom anna daglege familieturar heile sommaren. Besøk nasjonalparksentra Norsk Bremuseum og Breheimsenteret for å lære meir om Jostedalsbreen Nasjonalpark. Norsk Bremuseum, Fjærland Nasjonalparkkommune I 2008 blei Luster Kommune med sine tre nasjonalparkar (Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen) utpeika som nasjonalparkkommune. Statusen som nasjonalparkkommune er eit kvalitetsstempel for kommunar med villmarksnatur, og kommunar som får bruke denne tittelen har store naturområde med uvurderleg verdi. 13 Breheimsenteret, Jostedal. Mellombels tilbod sommaren 2012. Nytt bygg klart mai 2013. Nigardsbreen

Dei mest kjende brearmane Nigardsbreen, Jostedal Dette er ein av dei lettast tilgjengelege brearmane. Etter ein kort båttur over brevatnet kan du komme tett inn til blåisen på eiga hand, eller bli med breførarar opp på isen. Barn over 6 år kan delta. Flatbreen / Supphellebreen, Fjærland Flatbreen ligg meir enn 1000 moh. Oppe ved brefronten og Flatbrehytta er utsikta til fjorden fantastisk. Det tek 2-3 timar å gå opp. Du kan køyre bil til Supphellebreen. Bergsetbreen, Jostedal Den majestetiske Bergsetbreen ligg berre ein times lett gange frå bilvegen, og er truleg ein av dei aller vakraste brearmane. Austerdalsbreen, Veitastrond The finest ice-scenery in Europe, sa den engelske fjellmannen W.C. Slingsby om Austerdalsbreen og dei imponerande brefalla Odin, Tor og Loke. Hit kjem du etter ein lett fottur frå Tungestølen. Breheimsenteret, Jostedalen Transport til breen JostedalsBrebussen Daglege avgangar Sogndal - Nigardsbreen (Jostedal) Samband frå Balestrand, Leikanger, Vik, Flåm, Lærdal, Årdal mm. Passar for dei som vil på brevandring, kajakkpadling, juving, rafting eller berre sjå breen og Breheimsenteret Rundturbillettar (inkl. brevandring, bremuseum og buss) til sals på turistkontora Brebåten, Jostedal Sesong: Dagleg ca 10. juni 1. sept (ca kl 10 18) Går fram og tilbake heile dagen i sommarsesongen mellom parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet og Nigardsbreen. Brebussen, Fjærland Daglege avgangar frå ferjekaien i Fjærland via Norsk Bremuseum til Bøyabreen og Supphellebreen med korrespondansar frå Sogndal, Flåm og Balestrand m.fl. i sommarsesongen Passar for dei som vil sjå breen og besøke Norsk Bremuseum mm Rundturbillettar (inkl. båttur, buss og bremuseum) til sals på turistkontora Sesong: 1. mai - 30. sept. Bøyabreen, Fjærland Bøyabreen ser du på nært hald frå riksvegen. Tek du turen bort til Brævasshytta, kan du kjøpe deg mat og nyte utsikten til breen frå dei store panoramavindauga i restauranten. Nigardsbreen Med førar til breane Blir du med breførarar på tur, kjem du også til fleire andre vakre brearmar, både i Jotunheimen og Jostedalen (som t.d. Austdalsbreen og Tunsbergsdalsbreen). 14 For guida breturar og andre aktivitetar, sjå side 28. 15 Isbreen er alltid i rørsle, og blokker med is kan falle av fronten. Ein må difor aldri gå på breen utan førar, eller gå forbi sperringane som er sette opp rundt brearmane. Nigardsbreen

Turtagrø, Hurrungane / Jotunheimen Jotunheimen er eit av Norges mest populære turområde både sommar og vinter. Dessutan er Hurrungane-massivet i Vest Jotunheimen eit eldorado for fjellklatrarar og andre fjellsportentusiastar, med meir enn 20 toppar over 2000 meter. Turtagrø i Luster, ved foten av Hurrungane, har lange klatretradisjonar og blir kalla klatresportens vugge. Fjellførarar tilbyr klatreturar i tindane og føring over breane mm. Rundt påsketider vert det sett kvistar i snøen langs fleire av rutene i Jotunheimen, Breheimen og andre fjellområde, slik at skigåarar finn lettare fram. På Sognefjellet Sommarskisenter kan du gå på langrennsski i preparerte løyper om sommaren. Breheimen Nasjonalpark Breheimen er fjellområdet mellom dei to nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. Fotturen gjennom Mørkridsdalen vert rekna for ein av dei vakraste fotturane i Norge, og den Norske Turistforeningen kåra denne ruta til den mest florarike turen. Det finst mange stølar og store fiskevatn i området, som vert nytta mykje av både lokalbefolkninga og tilreisande. Jotunheimen Nasjonalpark - og andre vakre fjellområde Jotunheimen Nasjonalpark- dei høgste fjella i Norge Heile Jotunheimen nasjonalpark er prega av høge fjell og brear, og her finn du dei høgste fjella i Norge. Dei tre høgste toppane er Galdhøpiggen (2469 moh), Glittertind (ca. 2465 moh) og Store Skagastølstind (2405 moh). Stølsheimen Stølsheimen landskapsvernområde er karakterisert av mange stølar i eit kupert fjellandskap som grensar ned mot eit dramatisk fjordlandskap. Innanfor verneområdet ligg den veglause og eksotiske Finnafjorden i Vik kommune. Jostedalsbreen Nasjonalpark - den største isbreen Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen. Sjå meir info i eige kapittel, side 12. Saurdalen, Balestrand 16 Køyrer du den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom kommunane Lom i aust og Luster i vest, får du sjå Store Skagastølstind (Storen) og mange andre imponerande toppar på nært hald. Det går buss over Sognefjellet frå Otta til Sogndal to gonger dagleg i sommarsesongen, med korrespondanse frå Oslo og Trondheim. Det er også mange andre flotte fjellområde rundt fjorden. Kontakt turistkontora for meir informasjon. For guida fotturar, klatring og andre aktivitetar sjå side 28. Vinter i Turtagrø / Jotunheimen

Vakre fjellovergangar Fotturar og fjellklatring Sognefjorden er omringa av høge, majestetiske fjell, og dei fleste vegane inn og ut av dette området går difor gjennom vakre fjellområde. Her kan du gå fotturar, klatre, gå på ski og fiske, eller berre slappe av og nyte den friske lufta og den imponerande utsikta. Sognefjellet Norges første nasjonale turistveg Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet, Fv 55, mellom Luster og Lom, er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa (høgste punkt 1430 moh). Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark. Gaularfjellet Rv 13 Langs denne ruta frå Dragsvik (Balestrand) til Moskog (Førde) kan ein sjå mange vakre, små fossar og elvar, turen kan med hell kombinerast med ein tur langs fossestien. Vegen er særskilt kjent for dei 9 hårnålssvingane ein køyrer gjennom på Balestrandssida av fjellet. På toppen er det flott utsikt. Vikafjellet (Stølsheimen) Vikafjellsvegen, Rv 13 mellom Vik og Vinje/Voss, går gjennom flotte fjellområde, og er eit godt utgangspunkt for fotturar eller skiturar både på Vikafjellet og i Stølsheimen. Karakteristisk for Stølsheimen er alle dei gamle stølane. Sognefjellet Andre fjellovergangar Ei rute det er fint å ta med i ein rundtur er Tindevegen, som knyter Årdal saman med Luster og Sognefjellsvegen om sommaren. Dette er ein litt smal og svingete bomveg som ikkje passar for store bussar. Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal, (Fv 243), er ei fin rute å kombinere med ein rundtur til f.eks. Nærøyfjorden og Flåmsbana. Dei mest kjende fjellturområda rundt Sognefjorden er Jotunheimen Nasjonalpark, Jostedalsbreen Nasjonalpark, Breheimen Nasjonalpark og Stølsheimen, men det er mange flotte turar å velje mellom i kvar einaste bygd ved fjorden. Du kan spasere langs fjorden, vandre på kulturstiar og historiske vegar eller gå fjellturar som gjev deg unik utsikt til fjordar, fjell og brear. Fleire stader kan du også vere med på spennande guida spaserturar, fotturar, brevandring og klatreturar (sjå side 28). Stort nettverk av stiar og fjellhytter Den Norske Turistforening (DNT) har mange merka ruter og trivelege hytter i fjella rundt fjorden, og Luster er den kommunen i Norge som har flest DNT-hytter. Standarden varierer frå flotte turisthytter med matservering, til enkle sjølvbetjeningshytter. Du kan gå fotturar frå hytte til hytte eller bruke hyttene som utgangspunkt for dagsturar i fjellet. Sesong og vær Sognefjorden er eit flott turområde heile året, men juli, august og september er dei aller beste månadane for fotturar i høgfjellet. Ver merksam på at vêret uansett skiftar raskare i høgfjellsområda enn i låglandet, og uver og tåke kan komme brått på. Utstyr og informasjon Førebu deg på alle typar vêrtilhøve når du legg ut på langtur, og ta med kart, kompass / GPS, regnklede osv. Topografiske turkart får du kjøpt hjå bokhandlarar og turistkontora i området. På turistkontora får du også lokal informasjon om flotte fotturar du ikkje bør gå glipp av! Vikafjellet 18 Fleire av fjellvegane er opne heile året, men enkelte er vinterstengde. For informasjon om vegar og køyreforhold sjå www.vegvesen.no eller ring tel. 175 (frå utlandet ring (+47) 815 48 991). For informasjon om bussrutene over fjella, ring 177 eller (+47) 57 65 95 12 eller sjå www.fjord1.no Finn meir info på www.sognefjord.no, www.turistforeningen.no og www.ut.no Molden, Hafslo

Fuglesteg (DNT-hytte) Flotte fjellturforslag Total Fjelltur Start gangtid (t/r) Vanskegrad Særpreg 1 Bergsetbreen Krundalen/ 2-3 t Lett Breutsikt, ein av Norges Jostedalen vakraste familieturar 2 Fuglesteg Fortun 3 t Lett / middels Flott steinhus og utsikt til Skjolden og fjorden 3 Austerdalsbreen Tungestølen/ 3 t Lett The finest ice scenery in Veitastrond Europe, (W.C. Slingsby) 4 Raudmelen Balestrand - Sentrum 6 t Tung Panoramautsikt over Sognefjorden (0-978 m.o.h.) 5 Viasethovden Garden Lunde i 4-6 t Middels Flott fjordutsikt Feios (Vik) 6 Molden Mollandsmarki/ 3 t Middels Unik utsikt til Sognefjorden Hafslo 7 Storehaugen Sogndal 3-4 t Middels Flott utsikt til Sogndal og fjorden Lufthamn Haukåsen 8 Fossestien Balestrand 3-4 t Middels Langs vegen kan du sjå Gaularfjellet 14 fossar og sju fjellvatn 9 Nuken Sogndal 5-6 t Middels Populær tur med utsikt sentrum til stølar og bygder 10 Flatbreen Supphelledalen/ 5 t Tung Flott bre- og fjordutsikt Fjærland 20 11 12 Fannaråken Turtagrø / 6 t Tung Topp i Jotunheimen, Jotunheimen alpint landskap, flott utsikt Saurdalen Balestrand 3-4 t Lett / middels Godt utgangspunkt for fleire Saurdalen turalternativ 21 Kjøp kart og turskildringar på turistkontora. For hytte-til-hytte turar, pakketips m.m. sjå www.turistforeningen.no og ut.no

Arrangement 2013 finn du på sognefjord.no Arrangement 2013 Dette er dei arrangementa me hadde oversyn over då Sognefjordguiden gjekk i trykken. Sjå www.sognefjord.no for oppdaterte lister, eller kontakt turistkontora, så får du vite meir om kva som skjer i området. Mai 09. - 12. High Camp Turtagrø 10. - 12. Balejazz Balestrand 11. - 12. Opningshelg i Den norske Bokbyen Fjærland 24. - 26. Kulturdagane på Skjolden Skjolden 25. - 26. Norsk Brefestival, Jostedal Jostedal 31.5-2.6 Gamalostfestivalen Vik August 3. Mensen Ernst Minneløp Fresvik/Vik 10. Fridtjovspelet Vik 10. Buff Fanaråken opp Fanaråken 16. - 17. Sogn gamaldansfestival Gaupne 18. Sognefjellsmarsjen Sognefjellet 30.8-1.9 Fjell og Fjordmoro Sogndal Juni 1. - 9. Lustramarknaden Gaupne 8. - 9. LustraBalder i Parken Gaupne 8. Gøyanger Høyanger 15. Molden Opp Marifjøra 22. - 23. Boknatt i Den norske Bokbyen Fjærland 23. - 29. Yogakurs på Turtagrø hotell Turtagrø 28. - 30. Lerum Sognefjord Cup Sogndal/Luster Juli 1. - 5. Workshop med steinbygger Dan Snow Turtagrø 5. - 6. Jotunheimen rundt, sykkelritt Jotunheimen 5. - 7. Smak av ord med mat i Hurrungane, Turtagrø hotell Turtagrø 6. Sognefjellrittet Sognefjellet 6. Sognefjordrittet Skjolden/Sogndal 7. Vidasete Opp Feios 27. - 28. Fres Festival Vik 31.7-10.8 Fridtjovjubileet 1913-2013 Vik September 6. - 8. Turtagrø Fjellfilmfestival Turtagrø 21. Sesongavslutning i Den norske Bokbyen Fjærland Andre arrangementslister Fotballkampar Sogndal, Fosshaugane Campus www.sogndalfotball.no Kino, konsertar og teater i Sogndal, Sogndal Kulturhus www.sogndal.kulturhus.no Konsertar på Meieriet i Sogndal www.meieriet.no *I tillegg til desse fins det mange lokale arrangement rundt om i Sognefjordområdet, mellom anna i samband med 17.mai, Jonsok, Olsok osv. Ta kontakt med det lokale turistkontoret for meir informasjon om slike arrangement og sjå www.sognefjord.no. 23

Produkt: Stavkyrkje Hopperstad Stavkyrkje Stad: Vik i Sogn Kartref.: C3 Fortidsminneforeninga Tel: (+47) 57 67 88 40 www.stavechurch.com Sesong: medio mai medio sept Produkt: Museum De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum Stad: Kaupanger Kartref.: C4 Tel: (+47) 57 67 82 06 www.dhs.museum.no Sesong: mai - sept Frå første halvdel av 1100-talet og ei av dei eldste stavkyrkjene våre. Ein populær turistattraksjon med sin karakteristiske utsjånad med tak over tak i fleire etasjar. Den rikt utskorne vestportalen er rekna blant dei eldste romanske portalane i landet. Alterbaldakinen frå 1300-talet er eineståande i sitt slag i Noreg. Dette er eit av dei eldste og største folkemusea i landet. Her er stort friluftsmuseum, med gardsdrift, og omfattande utstillingar. Sogn Fjordmuseum er avdelinga for fjordkultur. Dette museet har gratis inngang og er ope i juni, juli og august. Her er m.a. ei eineståande samling av båtar frå Sogn. Attraksjonar Det fantastiske Sognefjordlandskapet, med buldrande fossefall, blå brear, frodige dalar, tronge fjordarmar, massive fjellrekkjer og idylliske bygder har lokka til seg oppdagarar, fjellklatrarar og kunstnarar i meir enn 150 år. Her finn du spennande kultur med nasjonale kulturskattar. Levande bygder byr på ekte kulturopplevingar, unike opplevingssenter, museum, kunstgalleri, stavkyrkjer og historiske stader. Urnes Stavkyrkje er den eldste stavkyrkja i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Foto: Jiri Havran Produkt: Akvarium Sognefjord Akvarium Stad: Balestrand Kartref.: C4 Tel: (+47) 57 69 13 03 www.kringsja.no/akvarium.html Sesong: mai - sept Fjordsenter med informasjon om Sognefjorden, ligg i sentrum av Balestrand. Her kan ein studere over 100 ulike artar frå fjorden og sjå modellar og utstillingar. Film til lokale folketonar. Fiskeaktivitetar og bruk av robåt og kano. Galleri. Bryggerestaurant. Produkt: Bruktbøker Den norske bokbyen Stad: Fjærland Kartref.: B3 Tel: (+47) 57 69 22 10 www.bokbyen.no Sesong: mai - sept Den norske bokbyen i Fjærland har fleire hundre tusen bruktbøker til sals. Gamle fjøs og naust er tekne i bruk til bokutsal, og gjev ei spesiell ramme rundt bøkene. Nokre av bokutsala er kombinert med kafe, husflidsutsal, turistinformasjon og kunstgalleri. Produkt: Nasjonalparksenter Breheimsenteret Stad: Jostedal Kartref.: A4 Tel: (+47) 57 68 32 50 www.jostedal.com Sesong: 1. mai - 30. sept Produkt: Bremuseum Norsk Bremuseum Stad: Fjærland Kartref.: B3 Tel: (+47) 57 69 32 88 www.bre.museum.no Sesong: april - okt (nov - mars på førespurnad) Produkt: Ciderkjellar Ciderhuset Stad: Balestrand Kartref.: C3 Tel: (+47) 90 83 56 73 www.ciderhuset.no Sesong: Sommarrestaurant. Ope på bestilling resten av året. Produkt: Gardsbesøk Anestølen Stad: Anestølen, Sogndal Kartref.: B4 Tel: (+47) 95 96 56 16 Sesong: 20. juni - 20. aug tirsdag og torsdag Breheimsenteret er eit informasjonssenter for to nasjonalparkar, Jostedalsbreen og Breheimen. Senteret brann ned sommaren 2012, men skal byggast opp att og vere klart til sommaren 2013. I 2012 vil mellombelse løysingar vere på plass, slik at booking til aktivitetar, lunsjrestaurant, turistinformasjon og andre tenester vil vere tilgjengelege. Gå ikkje glipp av panoramafilmen frå breen og opplevingsutstillinga om klimaendringar. Eksperimenter med 1000 år gamal is frå Jostedalsbreen. Reis gjennom tida og opplev jorda frå fødsel til klima-scenario for 2040 og 2100. Alt saman i flott arkitektur av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn. Ciderhuset har ciderkjellar og destilleri der vi lagar eplecider, dessertvin og fruktbrennevin; hage med 100 fruktsortar. Prøvesmaking og omvising, gregoriansk song under kvelvet, kulturhistorisk vandring for grupper på bestilling. Sommarrestaurant med rustik a la carte meny av lokale råvarer. Sal av heimelaga syltetøy, nedlagt frukt og Balholm friskpressa. Geitestøl med ca 600 geiter. Vertskapet demonstrerer mjølking og ysting, og du får smaksprøvar av fersk geitost. Vi serverer ekte norsk stølsmat, og sel brun geitost, samt lokallaga souvinirar. Området rundt stølen er flott turterreng for familieturar. Produkt: Stavkyrkje Urnes Stavkyrkje Stad: Urnes Kartref.: B4 Fortidsminneforeninga Tel: (+47) 57 67 88 40 www.stavechurch.com Sesong: mai - sept Produkt: Stavkyrkje Kaupanger Stavkyrkje Stad: Kaupanger Kartref.: C4 Fortidsminneforeninga Tel: (+47) 57 67 88 40 www.stavechurch.com Sesong: juni - aug Produkt: Galleri Galleri Walaker 300 Walaker Hotel Stad: Solvorn Kartref.: B4 Tel: (+47) 57 68 20 80 www.walaker.com Sesong: april - sept Produkt: Skulptur Jonsok Stad: Skjolden Kartref.: B5 Sesong: Heile året 25 Den eldste stavkyrkja i landet (1132) og den einaste av stavkyrkjene på Unesco si liste over dei fremste kulturskattane i verda. Kyrkja har ornamentikk frå 1060-talet og er særdeles rikt dekorert. Ligg vakkert til på sørsida av Lustrafjorden. Her finn vi og dei eldste spora etter kyrkjebygging i Noreg. Den største stavkyrkja i Sogn (ca 1150). Ho har vore i kontinuerleg bruk som soknekyrkje i over 850 år. Mellomalderkonstruksjonen er bevart og kyrkjerommet blir bore av 22 stavar, det største tal stavar som er funne i ei stavkyrkje. Det meste av interiøret er frå 1600-talet. Bygningen, slik han står i dag, vart bygd i 1883 med materialar frå tømmerkyrkja i Solvorn, bygd ca 1600. I den bevaringsverdige fjøsbygningen vert det arrangert utstillingar av lokale og nasjonale kunstnarar. Første utstilling opnar 28. april kl 13.00 og andre utstilling opnar 8. juli kl 13.00. Aluminiumsskulpturen Jonsok er laga av Kati Casida, ei amerikansk kunstnar som har sine røter i Lusterområdet. Skulpturen symboliserar eit jonsokbål og vart avduka i 2011.

Produkt: Museum Safthuset Stad: Sørheim Kartref.: B5 Tel: (+47) 90 13 73 02 www.lerum.no Sesong: mai sept 1909 bygde Kari og Nils H. Lerum Safthuset på Sørheim. Her starta dei saftproduksjon i industriell samanheng. Produksjonen av saft og syltetøy vart seinare flytta til Sogndal, og verksemda er i dag kjend som det store Lerum-konsernet. Omvising for små og større grupper, 40 kr pr pers. Produkt: Kyrkje Hove Steinkyrkje Stad: Vik i Sogn Kartref.: C3 Fortidsminneforeninga Tel: (+47) 57 67 88 40 www.stavechurch.com Sesong: medio juni - medio aug Frå ca 1170. Rike gravfunn frå romartida peikar ut Hove som eit tidleg høvdingsete. Kyrkja vart i 1880-åra kjøpt og restaurert av arkitekt Blix, som redda ho frå riving. Innvendig har kyrkja vakker og fargesterk dekor og mellomaldersk interiør. Arkitekt Blix vart gravlagd under kyrkjegolvet. Produkt: Kraftstasjon Jostedal Kraftverk Stad: Jostedal Kartref.: B4 Tel: (+47) 57 68 92 00 www.statkraft.com Sesong: ca 20.juni - ca 20.aug Omvisning tre gonger dagleg frå mån fre, kl. 10, 12 og 14. Guidinga inneheld omvisning i maskinsalen, plakatutstilling og lysbileteframsyning, m.a. frå kraftutbygginga i Jostedal. Varigheit ca 45 min. Alle møter ved guidekontoret (informasjonsbygget) utanfor tunnelinngangen for nærare informasjon. Produkt: Kyrkje Gaupne Gamle Kyrkje Stad: Gaupne Kartref.: B4 Fortidsminneforeninga Tel: (+47) 57 67 88 40 www.stavechurch.com Sesong: juli Gaupne gamle kyrkje er frå 1647 og har fleire spor frå den tidlegare stavkyrkja, bl.a. portalplankane med drakeornament datert til 1100-talet. Interiøret vitnar om stor målarglede, og er rikt på detaljar og gamalt inventar. Andre attraksjonar (For naturattraksjonar, sjå side 6-21.) Produkt Namn Kartref. Stad Tel Web Museum Sogn Fjordmuseum C4 Kaupanger 57 67 83 26 www.dhs.museum.no Munthehuset B4 Kroken/Luster 57 68 35 00 www.munthehuset.no Norsk Reiselivsmuseum C3 Balestrand 57 69 14 57 Hoyanger Industrimuseum C2 Høyanger 57 71 15 14 www.visithoyanger.no Massnes Villmarkmuseum C1 Bjordal 57 71 05 46 www.visithoyanger.no Kristianhus Båt- & motormuseum C3 Vik 57 69 56 86 Historisk stad Vikøyri strandsitjarstad C3 Vik 57 69 56 86 Borgstova C3 Vik 57 69 65 50 Wittgenstein plakett B5 Skjolden 97 65 51 47 www.skjolden.com Slaget ved Fimreite - minnestein C4 Nornes 97 60 04 43 www.sognefjord.no Henrik Angell - minnestein B4 Luster 97 60 04 43 www.sognefjord.no Moahaugane, gravhaugfelt C3 Vik 57 69 56 86 Galleri / utstilling Tørvis Bre-, Ski- og Fjordhotell B4 Marifjøra 57 68 35 00 www.torvis.no Haukaas Emaljeverksted C3 Balestrand 57 69 14 19 www.solveighaukaas.no Bryggehuset B5 Skjolden 57 20 30 30 www.skjolden-brygge.no Turtagrø hotell B5 Turtagrø 57 68 08 00 www.turtagro.no Gaupne Hotell B4 Gaupne 99 20 61 10 Balestrand Art Village C3 Balestrand 57 69 12 55 www.visitbalestrand.no Kyrkje Kvamsøy kyrkje C3 Balestrand 57 69 15 48 (on req.) Stedje kyrkje C4 Sogndal 57 67 99 85 www.sogndal.kyrkja.no Statue Kong Bele statuen C3 Balestrand Baldersteinen C3 Leikanger Runesteinen from the 1100 C4 Sogndal Gjest Baardsen statue C4 Sogndal Fridtjov den Frøkne C3 Vangsnes 57 69 56 86 Produkt: Kyrkje St. Olafs kyrkje Stad: Balestrand Kartref.: B5 www.visitbalestrand.no Sesong: mai - sept Gamalost - vikingane sin ost BLI KUNDE DU OG! Lokalbank -uansett kvar du bur Den engelske kyrkja vart bygd i 1897. Kyrkja er ein kopi av dei gamle stavkyrkjene og er underlagt erkepiskopen i Gibraltar. I sommarsesongen er her anglikanske messer ved engelske prestar. Produkt: Kyrkje Dale Steinkyrkje Stad: Luster Kartref.: C3 www.sognefjord.no Sesong: juni - aug Sept - mai: på bestilling Dale Kyrkje, i bygda Luster, er ei særmerkt steinkyrkje frå 1200- talet, med mellom anna gotisk arkitektur og veggmåleri frå 1400- talet. Ope for besøkande. Ein tusenårig kulturskatt med røter i vikingetida, som vert produsert av TINE Meieriet Vik i Sogn. Meieriet med eigen ostebar der ost kan nytast med god drikke* til. *Ostebaren har alle rettigheter. VIK Nettbank SMSbank Mobilbank Personleg kontakt og rask handsaming er det eg likar best med banken Tlf. 57 68 27 00 -du kan snakka med oss! www.luster-sparebank.no 6868 Gaupne Tlf. 57 68 27 00 27

Produkt: Padletur på Lustrafjorden Fjord Seal Stad: Marifjøra Kartref.: B4 Tel: (+47) 95 77 41 96 www.fjordseal.com Sesong: mai - sept. Turen tek ca. 4 timar og eignar seg for heile familien. Etter ein kort instruksjon padlar me mot Solvorn. Undervegs besøkjer me kobbeflokken og tek ein lunsjpause. Ta med di eiga nistepakke, drikke, ekstra klede / handklede og gløym ikkje kamera det blir garantert fire opplevelsesrike timar. Turen er tilpassa nybyrjarar. Barn 7-14 år skal padle saman med ein vaksen i ein tandem-kajakk. Produkt: Gardsbesøk Eide Gard Stad: Skjolden Kartref.: B5 Tel: (+47) 95 10 96 43 www.eidebesoksgard.no Sesong: mai sept. På Eide Gard kan du bli kjent med ei unik gardshistorie. Du kan sjå forskjellige dyr langs fine turstiar. Vår koselege gardskafe syter for god mat, som du kan nyte i idylliske omgivnader. Eide er ein plass for heile familien. Velkommen til oss! Guida aktivitetar Sognefjordlandskapet er fullt av kontrastar, og her ligg forholda tilrette for store naturopplevingar og forfriskande aktivitetar. Det er svært få plassar i verda du kan finne eit så stort utval aktivitetar innan eit så lite område! Enten du ønskjer å slappe av, eller søkjer fysiske utfordringar, så vil du finne passande aktivitetar der du kjem i nær kontakt med naturen. Dyktige guidar tek deg med på organiserte aktivitetar som er tilpassa folk i alle aldrar. Produkt: Juving Leirdalen Bre og Juv Stad: Leirdalen Kartref.: B4 Tel: (+47) 47 02 78 78 www.breogjuv.no Sesong: juni - sept Utstyrt med våtdrakt, flytevest og hjelm tek me oss fram i elvefaret med svømming og lett klatring. Me sklir ned fossefall, og hoppar frå klipper av ulik høgd. Kvar deltakar kan sjølv bestemme sin eigen utfordring, og kor høgt ein vil hoppe fra. Me kan garantere ein våt og artig oppleving! Produkt: Fjellklatring Norgesguidene AS Stad: Hurrungane, Sognefjellet, Jotunheimen Kartref.: A4 Tel: (+47) 92 05 40 57 www.norgesguidene.no Sesong: juni sept Spektakulære dagsturar med førar på legendariske fjell som krev klatring for å nå toppen. Dette gir deg moglegheit for å komme på Store Skagastølstind, Store Austabotntind, Skeia eller andre klatretoppar i Jotunheimen og Hurrungane. Norgesguidene stiller med nødvendig klatreutstyr. Brevandring Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet, og i Sognefjordområdet kan du bli med erfarne breførarar på brevandring i Jostedal, Fjærland, Jotunheimen og andre stadar. Desse breførarane kjenner breen og området godt, veit kvar det er trygt å gå og guidar deg gjennom den blå isverda. Produkt: Brevandring Jostedalen Breførarlag Stad: Nigardsbreen, Jostedal Kartref.: A4 Tel: (+47) 57 68 31 11 www.bfl.no Sesong: mai - sept Jostedalen Breførarlag tilbyr ulike breturar på Nigardsbreen kvar dag heile sommaren. Her finst lette familieturar for alle over seks år, og lengre blåisturar for dei som ynskjer meir utfordrande opplevingar. Du treng ikkje ha erfaring for å delta, og dei fleste breturane er ikkje kondisjonskrevjande. Produkt: Kulturvandring Balestrandguidane Stad: Balestrand Kartref.: C3 Tel : (+47) 57 69 12 55 www.visitbalestrand.no Sesong: mai - sept Guida tur langs kulturminna i bygda. Grundig forklaring og skildring av det du ser langs ruta. Turen kan avsluttast med eit besøk på Sognefjord akvarium. Turistkontoret har foldar som beskriv ruta. Produkt: Naturvandring Balestrandguidane Stad: Balestrand Kartref.: C3 Tel : (+47) 57 69 12 55 www.visitbalestrand.no Sesong: mai - sept Guida turar frå sentrum i Balestrand i variert terreng og vansklegheitsgrad. Familievenleg. Kart og informasjon får du på turistinformasjonen. Produkt: Brevandring Leirdalen Bre og Juv Stad: Leirdalen Produkt: Brevandring Norgesguidene AS Stad: Smørstabbreen, Sognefjellet, Produkt: Aktivitetssenter Fjordstova Stad: Skjolden Kartref.: B4 Jotunheimen, Austerdalsbreen Kartref.: B5 Tel: (+47) 47 02 78 78 Kartref.: A4 Tel: (+47) 97 65 51 47 / www.breogjuv.no Tel: (+47) 92 05 40 57 (+47) 92 61 21 13 Sesong: juni - sept www.norgesguidene.no www.skjolden.com Sesong: mai sept Sesong: heile året Brevandring på Tunsbergdalsbreen, Norges lengste brearm. I små grupper tek me oss inn til Jostedalsbreen Nasjonalpark med RIB båt. Herifrå går me i lett terreng fram til breen. Etter ein spennande bretur, mellom høge istårn og langs djupe bresprekker er det godt med lunsj og kaffe ved lavoen, før me returnerar. Blåisvandring på Bøverbreen, brevandring i høgfjellet med spektakulær utsikt til Smørstabbtindane, Fannaråken og Hurrungane. Turen startar frå Sognefjellshytta over gamle stiar mot breen, kor vi går ein spanande rundtur mellom istårn og bresprekker. Ein koseleg opplevelsestur kor du lærer noko om flora, bre og fjell. Fleirbrukshus med kafe, symjebasseng, klatrevegg, sykkel- og kajakkutleige, treningsrom, solarium, turistkontor, utstillingar og bibliotek. Nordic Walking

Andre guida aktiviteter Aktivitet Bedrift Kartref. Stad Tel Web Aktivitet Bedrift Kartref. Stad Tel Web Brevandring Breogfjell C4 Sogndal 41 14 60 70 www.breogfjell.no Jakt Tørvis Bre-, Ski- og Fjordhotell B4 Marifjøra 57 68 35 00 www.torvis.no Fjærland kayak & glacier B3 Fjærland 92 85 46 74 www.kayakglacier.no Kajakk Fjærland kayak & glacier B3 Fjærland 92 85 46 74 www.kayakglacier.no Ice Troll A4 Jostedal 97 01 43 70 www.icetroll.com FjordSeal B4 Marifjøra 95 77 41 96 www.fjordseal.com Båttur Norway Fjord Cruise C3 Leikanger 57 65 69 99 www.fjordcruise.com Ice Troll A4 Jostedal 97 01 43 70 www.icetroll.com Målsnes Fjordopplevingar C3 Balestrand 47 85 53 23 www.facebook.com/malsnes.fjord Klatrepark Trollsteinen B5 Fortun 95 07 69 00 www.fortunsdalen.no Tørvis Bre-, Ski- og Fjordhotell B4 Marifjøra 57 68 35 00 www.torvis.no Klippeklatring Breogfjell C4 Sogndal 41 14 60 70 www.breogfjell.no Charter Cruise C3 Vik 57 69 65 55 www.chartercruise.no Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Norled C4 Sogndal 51 86 87 00 www.norled.no Norgesguidene AS A4 Jostedal 92 05 40 57 www.norgesguidene.no Fjord1 C4 Sogndal 55 90 70 70 www.fjord1.no Kultur/ Gamle strandsitjarstad Vikøyri C3 Vik 57 69 56 86 www.sognefjord.no/vik Ice Troll A4 Jostedal 97 01 43 70 www.icetroll.com Historisk vandring Knaken C4 Kaupanger 48 00 48 17 www.knaken.no Elvefiske Vik Jakt- og fiskelag C3 Vik 57 69 75 10 www.vik-jfl.no Ciderhuset C3 Balestrand 90 83 56 73 www.ciderhuset.no Fisketur Norway Fjord Cruise C3 Leikanger 57 65 69 99 www.fjordcruise.com Lamaturar Skjolden Llamas B5 Skjolden 97 42 53 69 www.skjoldenllamas.net Charter Cruise C3 Vik 57 69 65 55 www.chartercruise.no Rafting Ice Troll A4 Jostedal 97 01 43 70 www.icetroll.com Målsnes Fjordopplevingar C3 Balestrand 47 85 53 23 www.facebook.com/malsnes.fjord RIB-turar på fjorden Charter Cruise C3 Vik 57 69 65 55 www.chartercruise.no Fjellklatring Breogfjell C4 Sogndal 41 14 60 70 www.breogfjell.no Skikurs Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Norgesguidene AS A4 Jostedal 92 05 40 57 www.norgesguidene.no Fottur / Topptur Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Skitur Balestrandguidane C3 Balestrand 57 69 12 55 www.visitbalestrand.no Jostedalen Breførarlag A4 Jostedal 57 68 31 11 www.bfl.no Breogfjell C4 Sogndal 41 14 60 70 www.breogfjell.no Nes Gard B4 Høyheimsvik 95 23 26 94 www.nesgard.no Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Norgesguidene AS A4 Jostedal 92 05 40 57 www.norgesguidene.no Jostedalen Breførarlag A4 Jostedal 57 68 31 11 www.bfl.no Nørdstedalseter turisthytter A5 Fortun 95 07 63 82 www.nordstedalseter.no Norgesguidene AS A4 Jostedal 92 05 40 57 www.norgesguidene.no Ice Troll A4 Jostedal 97 01 43 70 www.icetroll.com Skredkurs Breogfjell C4 Sogndal 41 14 60 70 www.breogfjell.no Gardsbesøk Anestølen B4 Sogndal 95 96 56 16 Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Bjørk Gard A5 Fortun 57 68 62 64 www.bjork-gard.no Norgesguidene AS A4 Jostedal 92 05 40 57 www.norgesguidene.no Ciderhuset C3 Balestrand 90 83 56 73 www.ciderhuset.no Sommarski Sognefjellet Sommarskisenter A6 Sognefjellet www.skjolden.com/sommarski Henjatunet C3 Leikanger 57 65 40 14 www.henjatunet.no Vik Skisenter/Vik Turistinformasjon C3 Vik 57 69 56 86 www.vikskisenter.no Skjolden Llamas B5 Skjolden 97 42 53 69 www.skjoldenllamas.net SPA BesteBakken B4 Hafslo 90 16 84 49 www.bestebakken.no Naustvoll Gard C3 Kvamsøy 99 22 72 40 www.naustvollgard.no Trugetur Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Urnes Gard & Hjortefarm B4 Urnes 90 60 02 18 www.urnes.no Balestrandguidane C3 Balestrand 57 69 12 55 www.visitbalestrand.no Nesøyane gjestegard B4 Veitastrond 57 68 78 19 www.nesoyane.com Ice Troll A4 Jostedal 97 01 43 70 www.icetroll.com Grottetur Norgesguidene AS A4 Jostedal 92 05 40 57 www.norgesguidene.no 30 Isgrottetur Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Isklatring Breogfjell C4 Sogndal 41 14 60 70 www.breogfjell.no Fimbul Jostedal A4 Jostedal 99 45 09 21 www.fimbuljostedal.no Mange av aktivitetsbedriftene tilbyr også 2- og 3 dagars turar (t.d.: kombinasjon av kajakktur og fjelltur, kajakktur og brevandring mm) 31 Jostedalen Breførarlag A4 Jostedal 57 68 31 11 www.bfl.no Norgesguidene AS A4 Jostedal 92 05 40 57 www.norgesguidene.no

NOREG SITT UNIKE BIDRAG TIL KULTURARVEN BESØK STAVKYRKJENE Borgund stavkyrkje ca 1180 og besøkssenter Hopperstad stavkyrkje ca 1130-1140 www.allegro.no Photo: VisitFlåm/M. Rakke, H. Valderhaug Urnes stavkyrkje ca 1132 Kaupanger stavkyrkje ca 1190 Knaken kafé Hove steinkyrkje ca 1170 Gaupne gamle kyrkje ca 1647 Vill og vakker natur verdas beste grunn til å besøke Flåm Vakre Flåm er ein heilårsdestinasjon innerst i Aurlandsfjorden, ein sidearm av Sognefjorden. Opplev Flåmsbana, den utrulege togreisa mellom Flåm og høgfjellsstasjonen Myrdal ved Bergensbanen. Den 20 km lange reisa byr på eineståande utsikt og ein høgdeforskjell på nesten 900 meter. Gode kommunikasjonsforbindelsar gjer at Flåm i dag er eit knutepunkt, lett tilgjengeleg enten du reiser med bil, båt, tog eller buss. Kombiner gjerne eit opphald i Flåm med fjordcruise på vakre Nærøyfjorden, på UNESCOs verdsarvliste. Velkommen til Flåm! 32 Fortidsminneforeninga Tlf. 57 67 88 40 33 Sogn og Fjordane avdeling Foto: Finn Loftesnes, Jiri Havran, Håkon Li. Design: cuatroelefantes.com Vestreim 6854 Kaupanger info@stavechurch.com www.stavechurch.com www.fortidsminneforeningen.no 2012 FMF Sogn og Fjordane Veg Tunnel Jernbane Ferje Postboks 75, NO-5742 Flåm Tel: (+47) 57 63 21 00 Fax: (+47) 57 63 23 50 e-mail: flaamsbana@visitflam.com www.flaamsbana.no Sognefjordguiden_2012.indd 2 20.01.12 11.30

Sognefjellet - Jotunheimen - eit eldorado for friluftsinteresserte! Hurrungane, Jotunheimen Sognefjellsvegen FV 55 Høgste fjellovergangen i Nord Europa Norges første, nasjonale turistveg Kåra til ei av dei vakraste sykkelrutene i verda (The Guardian, januar -07) Forfriskande aktivitetar Brevandring Fotturar Fjellfiske Toppturar Klatring Grotteturar Rafting Vardevandring Kajakkturar på fjellvatn, brevatn og fjorden Sommarskisenter (langrenn) Store attraksjonar Jotunheimen Nasjonalpark Norges høgste fjell Sognefjorden Norges lengste fjord Jostedalsbreen Nasjonalpark Urnes stavkyrkje - UNESCO verdsarv Breheimsenteret - nasjonalparksenter Breheimen Nasjonalpark Galdhøpiggen - Norges høgste fjell 34 Arrangement Jotunheimen rundt (sykkelritt) High Camp Sognefjellsmarsjen Fanaråken Opp Sognefjellsrittet Sognefjordrittet Norsk Brefestival Musikkfestivalar mfl Triveleg overnatting Nærare 50 overnattingsbedrifter i alle priskategoriar Matopplevingar Langs Nasjonal turistveg Sognefjellet fins det mange skjulte matskattar. Matopplevingar knytt til aktivitetar, overnatting, gardsrestaurantar, gardsbutikkar og lokalmatutsal har etter kvart blitt ein del av reiseopplevinga. Meir informasjon finn du her: Visit Sognefjord AS Tel: +47 99 23 15 00 www.sognefjord.no Skjolden, Lusterfjord / Sognefjord

Fortunselva Fisketrygdeavgift Før du kan kjøpe fiskekort for lakseførande vassdrag, må du gå på eit postkontor eller Internett (www.inatur.no/fiskeravgift) og betale fisketrygdeavgift til staten. Enkelte stader er laksen totalfreda, men i desse vassdraga kan du vanlegvis likevel få kjøpt fiskekort for å fiske etter aure. Sesong I fjellvatna kan du oftast fiske så snart isen er vekke om våren, og i dei fleste lakseførande vassdraga kan du fiske frå omlag 1.juli til 15.september. Ver merksam på at reglane varierer frå elv til elv, og at nokre elvar også er opne for fiske tidlegare enn dette. Lusterfjorden / Sognefjorden Fiske Ved Sognefjorden finst det fleire hundre gode fiskevatn. Dei fleste vatna ligg i fjella rundt fjorden, og området er difor ideelt for dei som ønskjer å kombinere fisking med fjellturar. Fjellauren du får i desse klare, friske vatna er rekna for å vere ei delikatesse. Fiske i fjorden I fjorden kan alle fiske fritt med stang og handsnøre heile året, men for fiske med garn gjeld eigne reglar. Ver også merksam på at det fleire stader ikkje er tillete å fiske ved elvemunningane, og at du då må gå meir enn 100 meter vekk frå munningen (eller grensa mellom elv og sjø), før du kan fiske. Kontakt dei lokale turistkontora for meir informasjon om guida fisketurar, utleige av båtar, lokale fiskereglar og sal av fiskekort mm. Det er også mange lakseførande elvar ved Sognefjorden, der ein kan fiske etter laks eller sjøaure. Området har lange fisketradisjonar, og fleire lakseelvar har hatt høg status heilt frå slutten av 1800-talet. Fiske i fjorden er gratis heile året, og du kan mellom anna få sjøaure, torsk, hyse, kviting eller sei på kroken. 36 Du kan fiske frå brygger, svaberg og strender, eller leige båt. Nokre stader er det også mogeleg å bli med på guida fisketurar. Dei fleste som tilbyr overnatting ved fjorden og vatna, har dessutan båtar til disposisjon for kundane sine. Fiskereglar og fiskekort Fiskerettane i elvane og vatna tilhøyrer vanlegvis grunneigarane i dei aktuelle områda, og sal av fiskekort vert dei fleste stader organisert av lokale grunneigarlag el.l. Desse fiskekorta får du som oftast kjøpt på turistinformasjonar, kioskar, bensinstasjonar, overnattingsstader e.l. Prisar I dei fleste tilfelle kan du kjøpe fiskekort for ein dag, ei helg, ei veke eller eit heilt år. Prisane varierer frå plass til plass, og eit dagskort kan koste frå kr 50,- og oppover. Barn under 16 år fiskar gratis (i perioden 1.januar 20.august) der det ikkje finst laks og sjøaure. 37

Klima / årstider Ei reise innover Sognefjorden er ei reise i skiftande klima. Dei indre delane av Sognefjorden har eit svært godt klima med stabile vintrar og varme somrar, noko som gjer det særs veleigna å dyrke bær og frukt her. Sidan området ligg på grensa mellom vest og aust, har det ein kombinasjon av kystklima og innlandsklima. Turistsesongen er primært frå medio mai til medio september, men Sognefjorden er vakker til alle årstider. Vår Våren kjem til Sognefjorden rundt påsketider, og i mai er naturen kanskje på sitt aller vakraste. Då er fossane ofte svært store, bakkane grøne, fjelltoppane kvite og lufta er forfriskande klar. Fyrst i mai byrjar plomme- og morelltrea å blomstre og mot slutten av månaden er dei frodige bygdene pynta med blomstrande eplehagar. Været kan variere frå kjølig vårluft til mildt sommarvær. Dei fleste vinterstengde fjellovergangane er opna att i mai. 38 Sommar Sommaren varer som regel frå juni til og med august. Dagstemperaturane kan variere frå 10 til 30 grader, men ein bør stort sett vere forberedt på temperaturar mellom 15 og 25 grader. Lange, solrike dagar, lyse sommarnetter og frisk luft er med på å gjere frukt og bær uvanleg gode i dette området. Det er vanlegvis mest folk i området dei tre siste vekene i juli, pga. fellesferien i Norge, så då er det lurt å bestille overnatting og aktivitetar på førehand. Haust Om hausten kler Sognefjordområdet seg i vakre haustfargar, først i fjellområda, så ved fjorden. Mange meiner at dette er den beste tida for fjellturar i området. Då er snøen vekke, elvane er små og det er tørt og fint å gå alle stader mellom raud lyng og gullfarga busker. Dette er også tida for å smake på nyplukka plommer, eple og pærer, eller kanskje litt ferskpressa juice, eit velsmakande minne frå Sogn. Vinter Frå byrjinga av november er det ikkje uvanleg med eit lite snøfall, men snøen legg seg vanlegvis ikkje i låglandet før julemånaden. Lauvet fell av trea, og det er på det mørkaste, før snøen malar landskapet kvitt. Skitrekka ved fjorden er vanlegvis opna til juleferien og held ope til og med påskeferien. Januar og februar kan vere tørre og kalde, med temperaturar rundt 10-15 minusgrader. 39