Å bygge ein kystby på Sotra er eit kvantesprang inn i framtida, både for Fjell kommune og for heile Region vest.



Like dokumenter
Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Logo og visuelt uttrykk er laga av Grandpeople i samarbeid med reklamebyrået Oktan.

Straume sentrum: Frå kjøpesenter til by

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Til deg som bur i fosterheim år

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Fjell kommune: Postadresse: Besøksadresse: E-post:

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Frå visjon til realitet November 2012

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Scenario og ny områdeplan i 3D for Knarvik bystruktur og byrom først, deretter bygningane?

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

KOLLEKTIVPRIORITERING // VERDISKAPING // TRYGGLEIK // MILJØ

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Program OSTERØY HØGRE

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

Notat - utvikling av kommunesenteret Falkhytten

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID


Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Adresseføresegner, Sund kommune

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Samhandling i praksis

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

2 247 mill OMSETNING (2018) BESØKENDE (2018) ANTALL BUTIKKER m² AREAL. Sartor Storsenter

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Program for. Sykkylven Venstre

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Reguleringsplanlegging 8.desember Eksempel frå planprosessar i Knarvik, Lindås kommune

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Brukarrettleiing E-post lesar

Med god informasjon i bagasjen

Namning av vegar i Fræna Kommune

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Til veljarane i Tysnes

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

MÅLØY 2012 KVITT REFLEKTERAR HIMMELLYS OG SYNER EI LYSNING I SENTRUM, HIMMELENS OG LYSETS ALLMENNING

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Fjell kommune Copyright Design og Layout: Telefon: Postadresse: Besøksadresse: E-post:

Trygg og framtidsretta

O M R Å D E R E G U L E R I N G F O R S E 1, S E 2 o g S E 3 + B 1 B I L D Ø Y N A I F J E L L K O M M U N E

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Program for Masfjorden Venstre

HORDALANDD. Utarbeidd av

6. trinn. Veke 24 Navn:

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

Brukarrettleiing. epolitiker

Program for. Årdal Venstre

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Transkript:

Sotra Kystby

Visjonen er å gjere Sotra Kystby til eit av Nordens mest attraktive regionsentrum bygd på trivsel, aktivitet, estetikk og bærekraftige løysingar. Nå er kystbyen i ferd med å reise seg på Straume og Bildøy i Fjell kommune. I åra som kjem vil Sotra Kystby vekse fram gjennom ei kontinuerleg urban utvikling. Logoen til Sotra Kystby er inspirert av kystens blå bølgjer. Beine kantar representerer arkitekturen og det grøne symboliserer kystlandskapet og miljøprofilen. Det fremste kjennemerket langs kysten, ein måke, har fått plass inne i logoen. Det gule og oransje skjæret frå soloppgangen peikar mot ei optimistisk framtid for Sotra Kystby. 2 3

Sotraplassen blir den sentrale møtestaden i Sotra Kystby. T.v. inngang til Sartor Storsenter, midt i bilete ser vi oppgangen til Allmeningen og t. h. den nye gågata som får namnet Nygata. Illustrasjon: Nordic Office of Architecture/Haptic Architects/MIR Innhald Å bygge ein kystby på Sotra er eit kvantesprang inn i framtida, både for Fjell kommune og for heile Region vest. Innhald Velkommen side 6-7 Kystby for framtida side 8-9 Ein pulserande region side 10-11 Intervju Ove Trellevik side 12-13 Ein ny plass å bu side 14-15 Bildetangen side 16-17 Folkevekst i Sotra Kystby side 18-19 Sotraplassen side 20-23 Nygata side 24-27 Allmenningen side 28-31 Mellombygget side 32-33 VilVite Sotra Kystby side 34-35 Parkering side 36-37 Helselandsbyen side 38-39 Sotra Arena side 40-41 Kysteventyret side 42-43 Utgåve #2 Juni 2013 Utgjevar: Sotra Kystby Ansvarleg hos utgjevar: Thomas Skålnes Ide/Design: Oktan Bergen AS Tekst: Vigleik Brekke, Jan Arthur Nilssen, Thomas Skålnes/Oktan Bergen AS. Trykk: Skanner grafisk Opplag: 30.000

Om kystbyen 2002 Hordaland fylkeskommune peikar ut Straume i Fjell kommune som regionsenter i denne delen av fylket. velkommen til sotra kystby Utbygginga av Sotra Kystby er godt i gang. Vi får eit nytt og flott sentrum i Fjell kommune. Saman med nabokommunane Sund og Øygarden får vi eit attraktivt regionalt sentrum som også Askøy og Bergen Vest vil ha glede av. Alt i 2002 peika Hordaland fylkeskommune ut Straume som sentrum i Region vest. Områdeplanen for utvikling av sentrum i kystbyen vart vedteken samrøystes av Fjell kommunestyre 16. juni 2011. Planar for resten av det som utgjer Sotra Kystby er vedtekne eller under utarbeiding. Første fase av utbygginga skjer på Straume. Når Sotrasambandet står ferdig, startar andre fase av utbygginga på Bildøy. Alt i november neste år kan vi markere opning av sentrale deler av sentrum i kystbyen. Bergen kommune tenker på samme måte rundt utvikling av nye bydelssentre som det Fjell kommune gjør når de planlegger byen sin på Straume. Bybanen vil på sikt binde så vel Straume, som de nye sentrene i Bergen kommune sammen på en effektiv måte. Det tar lang tid å skape en by. En by består ikke bare av en bymessig bebyggelse, men også av folk som har en bymessig innstilling. Ordet urban er noe som klinger positivt for meg. Jeg tenker at det betyr inkluderende. Et sted der folk er åpne og inkluderende er et urbant sted. Sotra Kystby skal vere ein by for heile regionen vår. Eit veksande folketal fortener ein moderne by som tilbyr alt dei treng, og som samstundes tek vare på dei folkelege verdiane. Ranveig Frøiland Kommunestyremedlem i Fjell/Styreleiar Helse Bergen Det er ei stor glede å vere vitne til ei samfunnsutvikling som bidreg til buog livskvalitet og verdiskaping. Det er fantastisk å sjå at vi bygger oss ned til sjøkanten, der strilen høyrer heime. Tom-Christer Nilsen Fylkesordførar Ordførar Eli Årdal Berland i Fjell kommune fotografert i turområdet i Sotra Kystby. Foto: Line Møllerhaug Velkommen til Sotra Kystby! Eli Årdal Berland, ordførar Fjell kommune Filip Rygg Byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen kommune Eirik Glambæk Bøe Arkitekturpsykolog 6 7

Denne foto-montasjen viser korleis Sotra Kystby kan byggjast ut. I biletet er ikkje Straume Idrettspark komen med, der mellom anna den nye fleirbrukshallen Sotra Arena ligg. Idrettsparken ligg utanfor bildekanten, nede til venstre. For fleire detaljar om delar av Sotra Kystby sjå dei enkelte artiklane i dette magasinet. Illustrasjon: AppsPro 7 2006 Ein kystby for framtida Fjell kommune vedtar Kommunedelplan for Straume 5 6 Sotra Kystby er namnet på det området på Straume og Bildøy i Fjell kommune som no er midt i ei omfattande byutvikling. 10 Ein kystby for framtida 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 Sartor Storsenter Fjell rådhus Helselandsbyen på Straume Straume Næringspark Sotra vidaregåande skule Bildøyhallen Bildetangen Straumsfjellet Panorama Solsiden Straume Sjøfront Straumehagen 4 11 1 9 3 2 Fjell kommune har over 500 øyer, holmar og skjer. No skal kommunen òg få ein eigen by, som også blir sentrum i Region vest. I juni 2011 vedtok Fjell kommunestyre områdeplanen som ligg til grunn for utbygginga på og ved Sartor Storsenter, det som vert sentrum i Sotra Kystby. Her blir det no etablert ein by for framtida, med menneske i sentrum. Trivsel og estetikk skal prege den nye byen, og kystkulturen haldast i hevd. Sotra Kystby skal bli ein by utan like! Kystbyen dekker eit areal på 10.000 dekar, og vil få 5000-6000 nye bustader, eit heilt nytt bysentrum på Straume, og omfatte idrettspark, næringsareal, turområde, helseinstitusjonar, kulturhus og ei rekkje andre tilbod og aktivitetar. Vidare vil kystbyen omfatte Straumssundet, midtre-bildøy og Bildetangen lengst nord på Bildøy. Området der Sartor Storsenter ligg i dag vil utgjere kjernen i kystbyen. Eit stort parkeringsanlegg under bakken med plass til 1500 bilar vil fjerne bilparkeringa rundt senteret og gi plass til breie gater med fortau og sykkelvegar, koselege gågater og opne møteplassar. Her blir det også kino, fleire butikkar, restaurantar, bustader, servicebygg og kontorareal. Med miljølok over dagens riksveg 555 vil Fjell rådhus og helselandsbyen bli knytt tettare opp til handelsområdet i kystbyen. Massane som vert tekne ut frå fjellet for å lage parkeringsanlegget, blir frakta i tunnel til Straumssundet, der det skal byggjast ca 250 bustader i sjøkanten og tilhøyrande kai- og småbåthamn. Kystbyen vil strekke seg over til midtre-bildøy og knytast til Bildøyhallen og Sotra vidaregåande skule. Nordover til Bildetangen er det i hovudsak planlagt bustader. På Bildetangen, lengst nord på Bildøy, kan det bli plass til bustader for fleire tusen innbyggarar, hotell, kulturhus, næringsareal, kafear, parkar, småbåthamn og vrimleområde langs sjøen. Sotra Kystby vil få eit av landets flottaste idretts- og aktivitetsanlegg. I Straume Idrettspark er det mellom anna sett opp ny fleirbrukshall, tre fotballbaner ute og ein stor innandørs fotballhall i tillegg til baner for sandhandball og 3,5 km turløyper. 8 9

Om Region vest 2007 Fjell kommunestyre vedtar planprogram for Straume Sentrum. På kartet ser det ut som Sotra og Region vest er i utkanten av Europa. Økonomisk sett er det motsette tilfelle: Fjell, Sund og Øygarden representerer ein av dei mest framgangsrike regionane i verdsdelen. 60 23 33 N 005 19 24 Ø Ein pulserande Region Vestlandet er den drivande krafta bak Norges gode økonomi. Næringslivet her er internasjonalt orientert, og det har alltid vore ein sterk tradisjon for innovasjon og nye idear i vår del av landet. Dette pregar i høgaste grad òg Region vest. Eit ekspansivt og nytenkande næringsliv gjer at regionen er i sterk vekst. Nye verksemder blir etablert i høgt tempo, og svært kompetent arbeidskraft flyttar hit. Sotra Kystby vil bli eit kraftsentrum i ein pulserande region: Sotra og Øygarden var den regionen i landet som hadde høgast etableringsfrekvens av verksemder mellom 2000 og 2009. Talet på arbeidsplassar vaks raskare enn talet på innbyggarar. I 2012 var det heile 260 nyetableringar i Fjell kommune. I Fjell kommune auka talet på arbeidsplassar med 30 prosent mellom 2000 og 2009, den fjerde største veksten blant norske kommunar. I 2010 var auken på 6,8 prosent. For Sotra og Øygarden var samla vekst på nærmare 40 prosent mellom 2000 og 2009. I 2011 var det 13.821 arbeidsplassar her. Innhold.indd 4 12.11.12 10:14 Bergensregionen vil få 60.000 nye yrkesaktive dei neste 20 åra, ifølgje Statistisk Sentralbyrå. Tilgjengelege næringsareal for etablering av både kompetanse-intensive og areal-intensive verksemder, er viktig for å handtere denne veksten. I Sotra Kystby er det lagt til rette for cirka 500.000 kvadratmeter nytt næringsareal. Mellom 15 og 20 milliardar kroner blir investert i Sotra Kystby dei neste 10 åra. Fleire tusen nye bustader vil bli bygd i den nye byen. Kjelde: Hordaland Fylkeskommune, Fjell kommune, SSB. PAGE 07 Foto: Rune Bendiksen 10 11

Intervju Ove Trellevik 2011 Ankerhagen blir tatt i bruk. Dette er det første leilegheitsbygget i Kystbyen. Den nye områdeplanen for Straume blir vedtatt i Fjell kommune 16. juni, og legg dermed grunnen for omdanninga av Straume sentrum. Region vest skal vere den mest attraktive regionen i bergensområdet. Vi skal vere best på offentleg tenesteproduksjon, næringsutvikling og det beste området for folk å bu i. Den mest attraktive regionen -Utviklinga av Sotra Kystby er rett og viktig, og gjer vår region til eit endå meir attraktivt bustadområde, seier Ove Trellevik, leiar i Regionrådet Vest. Foto: Line Møllerhaug 12 Slik formulerer leiaren for Regionrådet Vest, Ove Trellevik, sin visjon for utviklinga i området vest for Bergen. Regionrådet Vest består av kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Trellevik er også ordførar i Sund kommune og sjette kandidat for Høgre i Hordaland ved stortingsvalet hausten 2013. -Vi ligg langt framme innan fleire av dei næringane der Norge har spesielle fortrinn. Vår region har eit innovativt og dynamisk næringsliv og er mellom dei fremste i verda både innan olje/gass og havbruk. Vi skal legge tilhøve godt til rette for ei vidare utvikling av næringslivet, seier Trellevik og held fram: - Næringslivet må sikrast rekruttering, og dei som arbeider i regionen må kunne bu her. Vi treng mange fleire bustader og gode handels- og fritidstilbod. Difor er utviklinga av Sotra Kystby rett og viktig. For å ta imot 150.000 nye innbyggarar i bergensområdet, er det avgjerande med gode småbymiljø rundt Bergen. Sotra Kystby gjer regionen vår til eit endå meir attraktiv bustadområde. -Korleis skal vi ta vare på bygdene? -Heile regionen og kystkulturen vil komme styrka ut av etableringa av Sotra Kystby, fordi vekst og utvikling vil spreie seg utover i regionen. Aksane mellom kystbyen og Skogsvåg, Ågotnes og Rong vil få gode kommunikasjonar og tilrettelegging for næringsliv og bustader. At Askøy, med Kleppestø som eit naturleg sentrum, er med i regionen er ein vesentleg styrke og gir oss eit folketal på over 60.000. -Når blir regionen ein kommune? -Ei vidareføring av det tette samarbeidet vi har mellom kommunane og med næringslivet er det viktigaste for vår framtidige utvikling. Ei samanslåing av Fjell, Sund og Øygarden til ein kommune om ikkje for lang tid, er ei realistisk og god løysing. Saman med Askøy som eigen kommune, vil det gje oss to store kommunar som saman vil utgjere ein endå sterkare region. Ove Trellevik meiner det er viktig å utnytte tida godt fram til nytt Sotrasamband står ferdig i 2021. -Vi må få på plass straksløysingar innan kommunikasjon, med meir innfartsparkering og betre bussamband både i regionen og til Bergen. Vi har alle føresetnader for å vere den mest attraktive regionen også før brua står klar, seier Trellevik. 13

Nye bustader 2012 Åpningsfest for Sotra Kystby 8. juni saman med 1000 skulebarn frå Fjell, Sund og Øygarden. Byggestart for parkeringsanlegget under Sartor Storsenter, som vil få plass til 1500 bilar. Nye bustader i kystbyen STRAUME SJØFRONT Ved Straumssundet skal Veidekke Eigedom bygge 250 leilegheiter eit fantastisk bustadområde ved sjøen, med eige kaiområde og båtplassar. FOLK I FJELL Grafen til høgre viser folketalsutvikling i Fjell kommune sidan 1971 det året Sotra-brua blei opna for trafikk. Prognosane fram til 2040 er basert på analyser frå Fjell kommune. 2010: 21.823 2040: 41.900 40.000 30.000 SOLSIDEN Aust for Grønamyrsvegen skal Liegruppen bygge Solsiden, som vil få cirka 150 leilegheiter i tillegg til næringsareal. All parkering skal leggast under og bak busetnaden. Det er populært å bu på Sotra og i Øygarden. I 2011 auka folketalet med 2,3 prosent på Sotra og 2,7 prosent i Øygarden. ØYGARDEN 4.419 SUND 6.409 Kjelde: Hordaland fylkeskommune 2012 FJELL 22.720 1971 1971: 6.936 1981 1991 2001 2011 2021 2031 2040 20.000 10.000 - Livet er blitt enklare Mette Karlsen og familien har budd i leilegheit i Ankerhagen på Straume i snart to år. Ho angrar ikkje eit sekund på avgjerda om å flytte til ein meir urban stad. - Her har vi det som plommen i egget. Før budde vi i stor einebustad med alt det fører med seg av arbeid Ordførar Eli Årdal og ansvar. Berland i Etter Fjell kommune at vi kom fotografert til Ankerhagen er livet blitt i turområdet i Sotra Kystby i det sola står opp og dei første turgåarane alt er i gang med morgonturen. (Foto: Line Møllerhaug) 14 Foto: Rune Bendiksen mykje enklare. - På Straume har vi alt vi treng. Eg, mannen min og ungane våre stortrivast og er her for å bli. Vi gler oss til ei spennande og fruktbar tid med utbygginga av Sotra Kystby. F.v.: Sara Karlsen, Øyvind Karlsen, Mia Nilsen Samuelsen, Mette Karlsen og Espen Nilsen Samuelsen STRAUMSFJELLET På Straumsfjellet like ved Sartor Storsenter skal Obos Ulveseth Straumsfjellet AS bygge 210 leilegheiter. Straumsfjellet vil utgjere ein markant og attraktiv del av nye Straume. Ein ny plass å bu Nærleik til sjø og natur, eit dynamisk næringsliv i sterk vekst, gode tilbod innan helse og omsorg, samt godt oppvekstmiljø for barn og unge lokkar stadig fleire til området. Det er òg viktig at Sotra ligg nært Bergen. Reisetida med bil er knapt 15 minutt frå Bergen sentrum til Sotra Kystby, og med buss tek det berre litt lenger tid. I framtida vil reisetida bli endå kortare og kollektivtilbodet betre. Nytt vegsamband, superbussar og framtidig bybane vil gjere kommunikasjonen til og frå Sotra moderne og effektiv. I Kystbyen er det lagt til rette for ei omfattande og variert utbygging av bustader. For heile byen er det planlagt mellom 5000 og 6000 bustadeiningar. Dei vil bli bygde på Straume, ved Straumssundet og på Bildøy. Det blir stor variasjon i einingane for å sikre tilbod til menneske i ulike livssituasjonar. I dag har dei fleste på Sotra og i Øygarden eienbustader, mens undersøkingar viser at stadig fleire ønskjer andre bustader. Dei aller fleste nye bustadene vil vere leilegheiter, og 25 prosent vil vere mindre eitt- og to-roms leilegheiter. 15

Bildetangen 2013 Miljøtunnelen frå parkeringsanlegget til Straumssundet står ferdig. Fleibrukshall og fotballhall står ferdig i Idrettsparken. Vinnar av arkitektkonkurranse om utforming av Sotraplassen blir offentleggjort. Tilgang til sjøen er noko dei fleste av oss set pris på. Uansett kva by vi besøker i Norge eller i utlandet søkjer vi mot sjøen og alt det liv og den vrimmel som føregår der. Bildetangen er ei halvøy sør i Sotra Kystby. Illustrasjon: AppsPro kystbyen med menneska i sentrum Tilgang til sjø har gjort at vi har kunne bu, arbeida og leva på Sotra gjennom generasjonar. Ein ny kystby må sikre tilgangen til sjø slik at byen aktivt kan bidra til å styrkje vår identitet og tilknyting til sjøen. Illustrasjon: OPUS/Link/Mir Enten du har besøkt Nyhavn i København, Nice i Frankrike eller Bryggen i Bergen så veit du at lite kan måle seg med å nyte ein varm sommerdag på ein kai eller bryggjekant midt i ein by. Med sitt mangfald av mulegheiter og aktivitetar er sjøen ein premissgjevar for det livet vi opplever her. Ei rekkje aktivitetar føregår langs sjøen. I kystsamfunnet si fortid har sjøen vore ein naturleg møteplass for innbyggjarar. Ein plass der folk har møttes i fellesaktivitet enten det var fiske, ferdsel eller handel. I det moderne samfunnet vert sjølina framleis nytta aktivt til desse formåla, men sjøområde er i dag også ettertrakta område for rekreasjon. For strilane her langs kysten har denne tilgangen til sjø gjort at vi har kunne bu, arbeida og leva på Sotra gjennom generasjoner. Når det no reiser seg ein by her, må vi sikre tilgang til sjø slik at ein by aktivt kan bidra til å styrkje vår identitet og tilknyting til sjøen. Alt ein innbyggjar på Bildetangen har behov for skal ein finne i gang og sykkelavstand. Dette gjer også sitt til at målet om mindre bilbruk kan nåast. Med tilgang til sjø kan også sjøvegen nyttast til kollektivtransport. Ein ny offentleg tilgjengeleg kaifront vil i framtida sørgje for at Sotra Kystby får ei sjøvending, der innbyggjarane kan samlast i felles aktivitetar, båtliv og byliv. Kaien må vera dimensjonert for å ta imot større seglbåtar og skuter, lokale fartøy som skal døypast, kollektivtransport på sjøvegen og ved tilhøve der fleire båtar samlast samstundes ved større folkearrangement. Det er ikkje ønskjeleg at ein slik kai skal nyttast til eit industrielt føremål med lessing av varer og material. I tilknyting til kaien vil det vera naturleg å etablera sjørelaterte næringsverksemder med behov for tilkomst til sjø. Kjem du sjøvegen, vert dette ditt første møte med kystbyen. Hotell, kulturhus, sjøliv og gode byrom vil gjere dette til eit strategisk viktig punkt der innbyggjarar og gjester vil samlast til rekreasjon og oppleving. Bildetangen skal sikre innbyggjarane i Sotra Kystby tilgang til sjøen og havet, men også vera tilkomststad for dei som kjem sjøvegen med båt og som ønskjer å oppleve det mangfaldige tilbodet av aktivitetar og liv Sotra Kystby vil ha å tilby. 16 17

Folkevekst i Sotra Kystby 2014 I november opnar det nye parkeringsanlegget. Kommunedelplan for Bildøyna godkjent. Alle prognosar tyder på at folkeveksten på Sotra vil skyte fart når nytt Sotrasamband er på plass, slik den gjorde ved opning av Sotrabrua i 1971. Bildetangen vil vera eit godt alternativ for å handtere veksten av «nye strilar». Dess fleire innbyggjarar som bur tett samla i Sotra Kystby, dess betre vil kollektivtilbodet bli. Det er ikkje Ordførar utenkeleg Eli at Årdal kystbyen Berland i framtida i Fjell kommune kan skape fotografert grunnlag i for turområdet ein bybane i Sotra heilt ut Kystby til vår i det region. sola står opp og dei første Illustrasjon: turgåarane OPUS/Link/Mir alt er i gang med morgonturen. (Foto: Line Møllerhaug) 18 Det vert mange fleire strilar i åra som kjem. Tidlegare i vår kom den gledelege og etterlengta stadfestinga av at eit nytt Sotrasamband vil verte prioritert i Nasjonal Transportplan. Dersom prosjektet vert starta opp i år 2017, kan eit nytt samband alt stå klart rundt år 2021. Vert veksten så høg som prognosane tilseier, der bergensområdet vil få ein vekst på ca 160.000 innbyggjarar fram mot 2040, kan etableringa av nye bustader i hovudsak skje på to måtar. Den eine er spreidd og vilkårleg. Den andre er ei planlagt utvikling, der vi kan styre veksten og utviklinga i ei retning som vil skape gode bumiljø og gje positive verknader for heile regionen. Ny vekst nye moglegheiter Det er naturleg at nokon kan frykte at ein høg vekst vil verta negativ for dei eksisterande bumiljøa. Men ein slik vekst vil først og fremst skape nye moglegheiter for enda betre bumiljø for alle som bur, arbeider og lever i regionen. Nye etableringar vil kome som fylgje av denne veksten. Dess fleire innbyggjarar som bur tett samla i Sotra Kystby, dess betre vil kollektivtilbodet bli. Det er ikkje utenkjeleg at Sotra Kystby i framtida kan skape grunnlag for ein bybane heilt ut til vår region. I tillegg til eit betre kollektivtilbod, kan det tenkjast at ein by vil ha rom for eit nytt kulturhus, grøne parkar der innbyggjarane kan møtast i kvardagen, og rundt torga ligg små butikkar og trivelege kafear der folk kan sitja og nyta livet og aktiviteten i omgjevnadane sine. Den dagen snora vert klipt på den nye Sotrabrua, må vi vere klare til å setje nøkkelen i døra på den første bustaden på Bildetangen. Slik kan Bildetangen vere med å takle den folkeveksten som kjem, samt gje nye moglegheiter for innbyggjarane i Sotra Kystby og heile regionen. 19

I dag 2015 Sotraplassen Opning av Sotra Kino med fem kinosalar og 625 sitteplassar. Opning av nytt vitensenter. Byggestart for Regionens hus på 13 etasjar. Områdeplan for Bildøyna godkjent. Byar veks vanlegvis steg for steg. Å planlegge og utvikle ein by frå grunnen av, er sjeldan kost. Derfor er bygginga av Sotra Kystby unik. Sotra kystby på teiknebordet 20 Her kjem Sotraplassen, den sentrale møtestaden i Sotra Kystby. I det nye bygget t.v. skal Sparebanken Vest og Peppes Pizza halde til. Foto: Line Møllerhaug Frå Straume til Bildetangen veks det fram ein kystby, bygd for framtida etter ein overordna visjon. Hjarta i byen blir det urbane området ved Sartor Storsenter på Straume, med Sotraplassen som det mest markante byrommet. Plassen blir utforma av Nordic Office of Architecture, som tidlegare i år vann arkitektkonkurransen i konkurranse med 28 andre forslag. Nordic, som med sine 113 arkitektar er eit av Norges største arkitektkontor, var med og forma bydelen Bjørvika i Oslo. No skal selskapet gje form til Sotraplassen med utgangspunkt i vinnarforslaget Da Straume ble til by. Plassen kjem i området mellom Sartorparken og dagens Sartor Storsenter, og skal bli ein møtestad for menneske og for aktivitetar, kultur, næring og offentlege tenester. - Dei fleste kjøpesenter manglar uterom. Mange har prøvd å skape hyggelege oppholdsplassar i uterommet, men få har lykkast. Det spesielle i denne byutviklinga er at kjøpesenteret er utgangspunktet, noko som er ei dristig, men veldig spennande tilnærming, meiner arkitekt John Arne Bjerknes, partner og dagleg leiar i Nordic. Han har stor tru på at Sotra Kystby vil bli vellukka, og meinar at kombinasjonen av plassen og høghusa er heilt unik i norsk samanheng. - Den krafta utbyggjarane viser i denne byutviklinga har slått oss over ende. Vi ser fram til å bli ein del av den, seier Bjerknes, og viser mellom anna til det gode samspelet mellom privat næringsliv og det offentlege i byutviklinga. 23 21

I framtida Utforminga av Sotraplassen er inspirert av øylandskap, svaberg og båthus. Inspirert av kysten I Nordics forslag er Sotraplassen delt inn i ulike nivå, på grunn av høgdeskilnadene i terrenget. Arkitektteamet har sett for seg svaberg når dei har teikna inn trappene. Dei ulike nivåa gir rom for variert bruk, frå marknadsboder og serveringsstader til intimkonsertar eller offentlege arrangement. Det vil òg vere mogeleg å bruke heile plassen som eit amfi og konsertstad for 2000 menneske. Vinterstid 21 kan deler av plassen isleggast og brukast som skøytebane. Materialet i bygningane rundt plassen skal vere robust, inspirert av landskapet rundt. I utforminga av høghuset har arkitektane tatt omsyn til sollyset. I tillegg var vindtilhøva eit sentralt element. - Vind var eit viktig kriterium i arkitektkonkurransen. Vi er opptatt av at utforminga ikkje skal forsterke vinden slik at det blir ein plass som folk vil bruke, seier administrerande direktør Ernst M. Einarsen i Sartor Holding AS. 22 Den nye Sotraplassen, med høghuset som eit landemerke, skal bli ein møtestad for menneske og for aktivitetar, kultur, næring og offentlege tenester. Illustrasjon: Nordic Office of Architecture/Haptic Architects/MIR 23

I dag Nygata Dagens utsnitt av nygata Tas av Line 2016 Sannsynleg tidspunkt for opning av hotell i Sotra Kystby. Illustrasjon: Nordic Office of Architecture/ Haptic Architects/MIR Utanfør Glassgården på Sartor Storsenter kjem det nye bygningar og eit nytt gateløp som fører inn til Sotraplassen. Her kjem NYGATA Utanfor Glassgården på dagens Sartor Storsenter blir det store endringar dei neste åra. Her kjem eit heilt nytt gateløp som fører inn på den nye Sartorplassen. Foto: Line Møllerhaug Sotratrappo, parkeringsplassar, bilveg og ulik bygningstruktur må vike for ei heilt ny gågate, Nygata. Den skal gå frå Bildøyvegen i sør til Sotraplassen, som er plassert i området utanfor dagens Sparebanken Vest-fasade. Nygata vil binde saman den store plassen med bustader og butikkar i sør-enden av Sartor-området. Bygningane til venstre i biletet skal rivast i løpet av 2014 for å gjere plass til butikkar og hotell. Desse planane er ein del av det heilskaplege konseptet som er utforma rundt Sotraplassen slik dette er presentert i vinnarutkastet til arkitektkontoret Nordic. Her legg ein vekt på at bygningsmasse og gater som er knytt til Sotraplassen skal utformast under eitt for å skape optimale vind- og soltilhøve, i tillegg til ivaretaking av ein visuell heilskap. 24 25 27

I framtida Nygata blir ei gågate med butikkar og kafear med uteservering når veret tillet det. Slik skal det skapast ei gate med vekt på trivsel og mangfald. EI LEVANDE GÅGATE Arkitektteamet i Nordic har vore opptatt av å bruke aktive fasadar, innandørs torg og overdekka areal for å forsterke festplassen og livet i byen også i tilstøytande gater. I Nygata blir det butikkar og kafear i første etasje, medan øvrige etasjar mellom anna vil innehalde, kontor, bustader og hotell. Bygningsmassen er utforma for å skape eit best mogeleg lokalklima, med med minst mogleg vind og gode soltilhøve også på vinterstid. Høghuset på Sotraplassen i enden av Nygata vil kaste skuggar, men utforminga av huset gjer at skuggane i hoveudsak kjem over taket på kjøpesenteret. Bygningane skal få sin eigen Sotra Kystby-identitet, eit lokalt forankra arkitektonisk uttrykk. Robuste kvalitetsmaterialar og ei gjennomtenkt utforming skal vere inspirert av landskap og topografi i kystbyen. Aktive fasadar, innandørs torg og overdekka areal skal prege Nygata. Illustrasjon: Nordic Office of Architecture/Haptic Architects/MIR 25 26 27

Eit nytt bygg ut mot Grønamyrsvegen er i ferd med å reise seg. Her blir det butikkar i dei to nederste etasjane, og kino i tredje og fjerde etasje. Foto: Line Møllerhaug I dag Allmenningen 2016 Oppstart bygging av infrastruktur på vestsida av Straumssundet og Bildetangen. Frå Straumsfjellet, via Grønamyrsvegen og til Sotraplassen. Den nye allmenningen i Sotra Kystby vil binde saman viktige deler av sentrum. Allmenningen tar form Området på austsida av Sartor Storsenter, mot Grønamyrsvegen, er ein hektisk byggjeplass. Før den nye allmenningen kjem på plass, må delar av storsenteret rivast og byggjast opp att. Fram til no har det vore parkering og varelevering i dette området. I framtida vil tungtrafikken vere borte frå denne gata, som då vil bli brukt til nærtrafikk og ha sykkelfelt, fortau og ein allé med flotte tre. Her skal det også bli ein fin, open plass med oppgang til allmenningen tvers gjennom senteret. Ved allmenningen vert det inngang til den nye kinoen, kafear og restaurantar. 28 29 31

I framtida Om to år er Sotra Kino klar til bruk. I vår var det oppstart av arbeidet med bygningen der den nye kinoen skal vere. Sotra Kino opnar i 2015 - Planleggingsarbeidet er fullført, og no i vår starta vi opp arbeidet med foajeen ved Grønaplassen. Vi reknar med offisiell opning i mai 2015, seier styreleiar i Sotra Kino, Ernst M. Einarsen. Sotra Kino ligg langs Allmenningen som går mellom Grønamyrsvegen og Sotraplassen. Inngangen vert frå Allmenningen, og på biletet kan ein sjå inngangspartiet under to av kinosalane som stikk ut frå bygningen, markert med lilla farge. Det blir også inngang til kinoen fra innsida av senteret. Sjølve kinolokalet ligg i tredje og fjerde etasje og skal ha fem kinosalar og 625 sitjeplassar. I tredje etasje på illustrasjonen kan ein sjå foajeen til kinoen. Plassen på bildet vil få namnet Grønaplassen, og bli ein viktig del av moderniseringa av heile Grønamyrsvegen. 29 30 31 Frå Grønaplassen går Allmenningen t. v. over første etasje i Sartor Storsenter og til Sotraplassen. Inngangen til kinoen blir frå Allmenningen. Rett fram er foajeen til kinoen. Illustrasjon: Arkitekt Rolv Eide/3D Pro 31

Butikkar i det nye bygget over Baker Brun: Elkjøp, Optiker Bakketeig, Vita, Bik Bok, Til bords, Big Bite, Carlings, Citybag, Haaland Eurosko, Glitter, Wow og Sartor Parfymeri. Foto: Line Møllerhaug Mellombygget 2018 Oppstart bygging på Bildetangen. Startskotet for utbygginga av Sotra Kystby gjekk 8. juni 2012, då over 1000 skulelevar teikna kystbyen og ordførar Eli Årdal Berland i Fjell kommune fyrte av ein symbolsk salve i parkeringsanlegget. Vel eitt år etter, i juni 2013, var det første bygget sentralt i kystbyen ferdig innflytta. Mellom dei 13 butikkane som har fått nye lokale i nybygget over Baker Brun, er Til bords (t.v.) og Carlings (t.h). Foto: Line Møllerhaug Første steg i kystbyen Førebels har det nye bygget berre tilkomst via eit rulleband over Baker Brun inne i Sartor Storsenter. Når Allmenningen, gangvegen tvers over senteret, står ferdig neste haust, vil dei 13 butikkane i bygget også få inngang frå utsida. Dette bygget vil danne den sørlege fasaden mot Allmenningen. Den nordlege fasaden mot Allmenningen er også i ferd med å reise seg. Her blir det butikkar i to etasjar, medan kinoen med fem salar og 625 sitteplassar samt vitensenteret kjem i tredje og fjerde etasje. Det andre bygget som står ferdig i kjernen av Sotra Kystby, er vendt ut mot Sotraplassen. Her flytta Sparebanken Vest og Peppes Pizza inn i juni/juli 2013. På andre sida av Sartorvegen opna Meny butikk i Sartorgården i mars 2013, der kontor og leilegheiter vert tekne i bruk i andre halvår 2013. Coop Obs! Hypermaked opna ny butikk i juli 2013 og Sotras første sushirestaurant opna i Sartor Storsenter i juni 2013. 32 32 33

VilVite Sotra Kystby 2021 Sotrasambandet er forhåpentlegvis på plass, med ny bru og moderne veg mellom Bergen og Sotra/Øygarden. Store superbussar fraktar folk mellom Sotra Kystby og Bergen sentrum på ca. 10 minutt med avgang kvart 5. minutt. Eit nytt vitensenter er under planlegging sentralt i Sotra Kystby. Dersom planane blir realiserte, vil VilVite Sotra Kystby kunne opne i mai 2015. Planlegger VilVite VilVite Sotra Kystby kan bli plassert i tredje etasje over Sartor Storsenter og ved sida av Sotra Kino. Illustrasjon: Bruns / Northern Light VilVite Sotra Kystby vil vere eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter for folk i alle aldre, men med hovudvekt på barn og unge. Morosame opplevingar, spennande aktivitetar, utforsking og eksperimentering innan naturvitskap og teknologi vil stå sentralt på vitensenteret, som vil bli ein stad for moro og læring samstundes. VilVite på Sotra kan bli plassert i tredje etasje i det nye bygget som kjem der Sparebanken Vest har hatt kontor. Då blir vitensenteret næraste nabo med Sotra Kino. Det vert også vurdert å integrere Vil Vite aktivitetar ute på Sotraplassen og inne i Sartor Storsenter. Det er VilVite i Bergen, Sartor Holding AS og Sartor Storsenter som står bak planane om eit vitensenter i Sotra Kystby. Dei nederlandske selskapa Bruns og Northernlight er engasjert i eit forprosjekt. 34 35

Parkering 2021 Miljølokk over riksveg 555 er truleg også på plass, slik at Grønamyrvegen kan forlengast til Fjell Rådhus og miljøloket klargjerast for utbygging til leilegheiter og næringsføremål. I grunnen under Sartor Storsenter er det no sprengt ut to gigantiske hallar, i det som blir Norges største parkeringsanlegg i fjell. Opninga er i november neste år. gigantiske hallar under sartor Gigantiske hallar er sprengde ut i fjellet under Sartor Storsenter for å gje plass til parkering for 1500 bilar. Dagslyset til høgre på biletet kjem ned gjennom ei av sjaktene til heisane som skal gå opp til sentrum av kystbyen. Gjennom utgangen i det fjerne blir steinmassar frakta til Straumssundet, for å redusere lastebiltransporten gjennom bustadområde på Straume. Foto: Line Møllerhaug Dei underjordiske hallane er 250 meter lange, 17 meter breie og 18 meter høge. Sprengingsarbeidet vart avslutta i juni, og innreiinga av dei svære hôlromma kan dermed ta til. Dei to hallane skal få fire parkeringsdekk med plass til 1500 bilar. Med bilane fjerna frå overflata blir det plass til gågater, grøntområde, opne plassar og meir areal til bustader, butikkar og spisestader i Sotra Kystby. Anlegget blir bygt på same måten som Klostergarasjen i Bergen. Massane frå sprenginga er tatt ut gjennom ein underjordisk tunnel til Straumssundet. Der blir steinen mellom anna brukt som fundament for nye bustadprosjekt ved sjøen. Parkeringsarealet inne i fjellet blir fritt for søyler, og får innkøyring sør for Sartor Storsenter. Plasseringa i sør har bakgrunn i at det skal byggast ein ny veg frå Sotrabrua, via eit nytt kryss i Arefjordspollen og til den sørlege enden av Sotra Kystby. Denne vegen vil bli det beste alternativet for dei som skal til Straume Industriområde, Straume Idrettspark og det nye parkeringsanlegget. Frå parkeringsanlegget vil det gå 12 moderne og raske heisar opp til kystbyen. 4 sjakter på mellom 30 og 40 meters høgde skal sprengast ut, og heisane skal vere installert i desse før jul 2013. Fire heisar kjem opp inne i senteret ved Ankertorget, og fire kjem opp utanfor ICA Supermarked. To heisar kjem opp ved Sartorparken, der Rema 1000 og den nye Meny-butikken i Sartorgården ligg. Dei to siste heisane kjem opp i Nygata, som blir ei heilt ny gågate. Det er også planlagt for eit framtidig parkeringsanlegg med plass til ca. 900 bilar og innkøyring i nord, ved Coop Obs! Hypermarked. 36 37

Påhugg Anleggstunnel til Straume sjøfront Utkjøring fra 2.etg. Utkjøring fra 1.etg. Opsjon Varmesentral Sjakt 1 Sjakt 2 Utkjøring fra 4.etg. HALL A Utkjøring fra 3.etg. Sjakt 4 HALL B Sjakt 3 Innkjøring 3. e tg. Innkjøring 4. e tg. og destinasjonar i regionen. Ein by for framtida treng framtidas løysingar innan samferdsel. Her er helselandsbyen i Fjell kommune sett frå lufta. I planane for Sotra Kystby skal det leggast miljølok over dagens riksveg 555 til høgre i biletet. Når dette vert realisert vil Fjell Rådhus og helselandsbyen bli knytt tettare opp til handelsområdet i kystbyen, som ligg utanfor høgre bildekant. Foto: Fjell kommune 2025-2028 DET BLIR SLUTT PÅ BIL-KØENE til og frå Sotra. Når det nye Sotrasambandet kjem på plass, vil det både komme ny bru og ein moderne veg mellom Bergen og Sotra/Øygarden. Mykje tyder på at det vert bygd ei ny firefelts bru (bilete), slik også politikarane i Fjell kommune ønskjer. Ut frå eksisterande planar vert det oppstart av byggearbeidet i 2017/18, og anlegget kan stå ferdig få år seinare. Blir det som fylkesmannen og fylkesrådmannen har gått inn for, blir det også bybane til Sotra Kystby. SOTRASAMBAND er viktig av to hovudgrunnar: 1. Veksten innan næringsliv og auken i folketalet, og det regionale samarbeidet i heile bergensregionen, har skapt eit stort transportbehov mellom Sotra/Øygarden og Bergen og omegn. 2. Noverande Sotrabru/Rv.555 har verken standard eller kapasitet til å handtere den venta auken i trafikken. 35% I 2008 VAR cirka ein tredjedel av dei som køyrde over Sotrabrua busette i Bergen. Tar ein med Askøy og andre kommunar, var 45% av dei passerande busette på bergenssida (Reisevaneundersøkinga / Sotrasambandet). NORGES STØRSTE I FJELL INNE PÅ SARTOR STORSENTER kan ein frå tid til anna høyre drønn og kjenne ristingar frå store dynamittsalver. Under senteret er arbeidet i gang med å sprenge ut Norges største parkeringsanlegg i fjell. I NOVEMBER 2014 OPNAR 1500 parkeringsplassar under Sartor Storsenter. Med bilane fjerna frå overflata blir det plass til gågater, grøntområde, opne plassar og meir areal til bustader, butikkar og spisestader. DET ER VEIDEKKE SOM er hovudentreprenør for bygginga av parkeringsanlegget. Det blir bygt på same måten som Klostergarasjen i Bergen, men med plass til 500 fleire bilar. Anlegget får innkøyring sør for Sartor Storsenter. Plasseringa i sør har bakgrunn i at det skal byggast ein ny veg frå Sotrabrua, via eit nytt kryss i Arefjordspollen og til den sørlege enden av Sotra Kystby. Denne vegen vil bli det beste alternativet for dei som skal til Straume Industriområde, Straume Idrettspark og det nye parkeringsanlegget. FRÅ PARKERINGSANLEGGET vil det gå 12 moderne og raske heisar opp til kystbyen. Fire kjem opp inne i senteret ved Ankertorget, og fire kjem opp utanfor ICA Supermarked. To heisar kjem opp ved Sartorparken, der Rema 1000 ligg Helselandsbyen PÅ to hjul GJENNOM BYEN Det er fint å kunne bevege seg fritt i handlegater utan at ein nødvendigvis må vere inne i eit senter. Det er supert at det er lagt opp til eit bilfritt sentrum i kystbyen, og at ein kan gå og sykle utan å måtte ta omsyn til mykje trafikk rundt seg. Tenk å kunne ete reker utan at bilar peiser forbi deg - det er jo genialt! og den nye Meny-butikken i Sartorgården kjem i 2013. Dei to siste heisane kjem opp i Nygata, som blir ei heilt ny gågate. I halvdel av dette DET ER OGSÅ PLANLAGT for eit framtidig parkeringsanlegg med plass til ca. 900 bilar og innkøyring i nord, ved Coop Obs! Hypermarked. tiåret håpar vi at Bybanen også går til Sotra Kystby, med endestopp på Bildetangen. Dette vil vere i tråd med ønskje frå Fjell kommune, fylkesmannen og fylkesrådmannen.. TANKAR OM BYEN ARVE, SKOGE i fjell Dei viktigaste helsetenestene i Sotra Kystby er samla på eit lite område på Straume. Velkommen til Helselandsbyen! Helselandsbyen Helsesenter, omsorgsbustader, legevakt, ambulanse, distriktspsykiatrisk senter og sjukeheim: Dette er berre nokre av tenestene som er lokalisert rett ved riksveg 555 på Straume. Med eit framtidig miljølôk over vegen, vil dette området naturleg henge saman med handelsområdet i Sotra Kystby. Innbyggjarane i kystbyen skal ha gode helsetenester når dei treng det. Med tanke på den folkeveksten som er venta dei neste åra, er det naudsynt å utvikle eit godt helse- og omsorgstilbod på kommunalt og regionalt nivå. Tilbodet må også ta høgde for den kraftige veksten i talet på eldre som ein vil sjå i Fjell dei neste åra ei utvikling som vil ha stor innverknad på etterspurnaden etter helsetenester i kommunen. Saman med nabokommunane og Helse Bergen har Fjell kommune utvikla mange samhandlingsprosjekt innan helse og omsorg på Straume. Samhandlingsreforma krev at kommunane skal ha eit godt tilrettelagt tilbod for dei pasientane som vert utskrivne frå sjukehusa. I tillegg skal kommunen utvikla tilbod lokalt som kan medverke til at ein unngår innlegging på sjukehus, til dømes øyeblikkeleg hjelp-senger (fire senger for Fjell og Sund). I helseområdet på Straume er det etablert fleire tilbod som kan reknast som ein del av samhandlingsreforma. Mellom anna vert pasientane følgde godt opp på den intermediære avdelinga i eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. 38 39