Utsleppsløyve etter forureiningslova til Sunnhordland Lufthavn AS for drift av Stord Lufthamn, Sørstokken Fylkesmannen gir Sunnhordland Lufthavn AS utsleppsløyve med heimel i forureiningslova 11, jf. 16. Løyvet gjeld frå dags dato. Ved endringar som kan ha noko å seie for miljøet, skal verksemda søkje om dette, sjølv om utsleppa ligg innanfor dei fastsette grensene. Verksemdsdata Verksemd Sunnhordland Lufthavn AS Gateadresse Flyplassvegen 344 Postadresse 5410 Sagvåg Kommune og fylke Stord kommune, Hordaland Org.nummer (verksemd) 972 111 481 Gards- og bruksnummer 60/14 NACE-kode og bransje 52.230 Andre tenester tilknytt lufttransport Referansane til Fylkesmannen Løyvenummer Anleggsnummer Risikoklasse 1 2011.221.T 1221.0084.01 3 Løyve gitt: 19. oktober 2011 Endringsnummer: Sist endra: Kjell Kvingedal e.f. seksjonssjef Ingrid Torsnes senioringeniør Løyvet er elektronisk godkjent og har difor inga underskrift 1 Jf. forureiningsforskrifta. Kapittel 39.Gebyr til statskassen for arbeidet til Klima- og forureiningsdirektoratet med løyve og kontroll etter forureiningslova
1. Utsleppsforhold Løyvet gjeld forureining frå drift av lufthamn. Løyvet omfattar mellom anna utslepp i samband med avising av rullebane, avising av fly, brannøving, kjemikaliebruk, oljeholdig avløp, avfallshandtering og tiltak mot akutt forureining. Ved vesentlege endringar som har verknad på utsleppsforholda skal verksemda søkje om endring av løyvet, sjølv om utsleppa ligg innanfor dei fastsette grensene. 2. Generelle vilkår 2.1 Ansvarsforhold Sunnhordland Lufthavn AS er ansvarleg for at verksemda vert driven i samsvar med vilkåra i utsleppsløyvet. Løyvet fritar ikkje verksemda frå å innhente løyve for område som ikkje er regulert i forureiningslova. 2.2 Utsleppsavgrensingar Utslepp av prioriterte stoff oppført i vedlegg 1 er berre tillate dersom dette går tydeleg fram av vilkåra i løyvet, eller dei er så små at dei må sjåast på som uvesentlege for miljøet. 2.3 Plikt til å redusere forureining All forureining frå verksemda, også utslepp til luft og vatn og dessutan støy og avfall, er isolert sett uønskt. Verksemda pliktar å redusere utsleppa sine, også støy, så langt dette er mogleg utan urimelege kostnader. Plikta gjeld også utslepp av komponentar det ikkje er sett spesifikke grenser for gjennom vilkår i punkt 3. 2.4 Plikt til førebyggjande vedlikehald For å halde dei ordinære utsleppa på eit lågast mogleg nivå, og for å unngå utilsikta utslepp, skal verksemda syte for førebyggjande vedlikehald av utstyr som kan ha noko å seie for utslepp. System og rutinar for vedlikehald av slikt utstyr skal vere dokumenterte, jf. internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt7 2. 2.5 Tiltak ved auka fare for forureining Dersom unormale driftstilhøve eller andre grunnar fører til fare for auka forureining, pliktar verksemda å setje i verk tiltak for å eliminere eller redusere den auka forureiningsfaren, og også om nødvendig, redusere eller innstille drifta. Verksemda skal så snart som mogleg informere Fylkesmannen om unormale tilhøve som har eller kan føre til forureining. Akutt forureining skal varslast i samsvar med punkt 8.4. 2 Internkontrollforskrifta. Systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder
2.6 Internkontroll Verksemda pliktar å ha ein internkontroll. Internkontrollen skal sikre og dokumentere at verksemda følgjer opp krava i dette løyvet og i forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter til desse lovene. Verksemda pliktar å halde internkontrollen oppdatert. Verksemda pliktar alltid å ha oversikt over alle aktivitetar som kan føre til forureining og kunne gjere greie for risikotilhøva. 3. Utslepp til vatn 3.1 Utsleppsavgrensingar 3.1.1 Baneavising Det er tillate eit årleg forbruk av baneavisingskjemikalie med eit kjemisk oksygenforbruk på inntil 5000 kg målt som KOF 3 pr. år. Baneavisingskjemikalie skal ikkje innehalde giftige tilsetningsstoff. Det skal førast driftsjournal over type og forbruk av baneavisingskjemikalie. Journalen skal vere tilgjengeleg ved kontroll eller når Fylkesmannen ber om det. 3.1.2 Flyavising Det er tillate eit årleg forbruk på av flyavisingskjemikalie tilsvarande 5000 liter 100 % glykol til avising av fly. Normalt forbruk av 100 % glykol pr. veke skal ikkje overstige 600 liter. Unntaksvis (1-2 veker i året) kan ein bruke maksimalt 1000 liter 100 % glykol. Dersom det blir nytta avisingskjemikalie med giftige tilsetningsstoff, så skal det godtgjerast at PEC/PNEC 4 for tilsettingsstoffet i resipienten er < 1. Dette gjeld akkumulert effekt. Det skal førast driftsjournal over type påføringsmetode og forbruk av flyavisingsvæske. Journalen skal vere tilgjengeleg ved kontroll eller når Fylkesmannen ber om det. 3.2 Utsleppsreduserande tiltak 3.2.1 Baneavising Snø på rullebane, taksebane og flyoppstillingsplass skal i størst mogeleg grad fjernast ved brøyting, skraping og feiing/børsting, før avisingsmiddel blir nytta. Ein kan bruke formiatbaserte avisingskjemikalie. Unntaksvis kan ein nytte urea, men ein skal ikkje overskride grensa for kjemisk oksygenforbruk, jf. punkt 3.1.1. Dersom 3 KOF: Kjemisk oksygenforbruk. Utrykk for innhaldet av organisk stoff som kan brytast ned ved kjemisk oksydasjon. 4 PEC/PNEC er utrykk for miljørisiko av eit stoff. Ved PEC/PNEC < 1 vert miljørisikoen vurdert som akseptabel.
nye middel blir vurdert brukt, skal desse også overhalde grensa på kjemisk oksygenforbruk. Nye middel skal gjerast greie for i melding til Fylkesmannen. Ved fare for overbelastning av nedbrytingskapasiteten i grunnen langs rullebana, så må det setjast i verk tiltak. Aktuelle tiltak kan vere gjødsling og tilsåing. Slike rutinar skal vere inkludert i internkontrollen. 3.2.2 Flyavising Ved påføring av flyavisingskjemikalie skal ein bruke den metode og utstyr som gir minst mogeleg bruk og avrenning av kjemikalie til resipient. Flyavising skal skje på oppstillingsplattformen. Snø som inneheld flyavisingskjemikalie skal lagrast på ein slik måte at det ikkje blir direkte avrenning til Prestkonevatnet. Dersom miljøovervakinga viser negative konsekvensar for resipientane må ein vurdere tiltak som oppsamling av glykolen og bortkøyring av snø. Ved store mengder snø og trong for tilleggsdeponi, så skal dette plasserast slik at avrenninga går til sjø med god gjennomstrøyming og ikkje til ferskvassresipientane. 3.3 Oljeholdig avløpsvatn Oljehaldig avløpsvatn frå verkstader eller likande skal reinsast tilfredstillande i oljeutskiljar eller tilsvarande reinseeining. Restkonsentrasjonen av olje i avløpsvatnet skal ikkje overskride 5 mg/l. Avløpet frå oljeutskiljaren går pr. i dag til terreng. Når offentleg leidningsnett er tilgjengeleg bør avløpet koplast på dette. 3.4 Brannøving Varme brannøvingar skal gjennomførast på øvingsfelt som er godkjent etter forureiningsregelverket. Øving for å trene på røykdykking kan gjennomførast ved Stord lufthamn. Containerane skal plasserast på ei betongplate med kant rundt. Det kan brennast reint trevirke som blir tent på med raudsprit. Under øvinga skal ein sløkke med vatn og pulver. Avløpsvatnet skal prøvetakast før vidare handtering. Dersom avløpsvatnet er utan forureining kan det førast til kommunal avløpsleidning. Anlegget kan brukast til øving på kvardagar mellom kl. 07.00 og 19.00. 3.5 Overflatevatn Verksemda skal handtere avrenning av overflatevatn frå uteareal slik at det ikkje fører til skade eller ulempe for miljøet. 3.6 Sanitæravløpsvatn Verksemda skal leie sanitæravløpsvatnet til offentleg avløpsnett.
4. Grunnforureining Aktiviteten skal vere innretta slik at det ikkje skjer utslepp til grunnen som kan føre til nemnande skadar eller ulemper for miljøet. Verksemda pliktar heile tida å ha oversyn over mogleg forureina grunn som finst på området. Ein skal til ei kvar tid ha oversikt over faren for spreiing, og vurdere om det er trong for undersøkingar og tiltak. Viktige område kan vere grunnen der flyavising skjer, og gamle brannøvingsfelt. Dersom det er nødvendig å setje i verk undersøkingar eller andre tiltak, skal Fylkesmannen varslast om dette. Graving eller andre tiltak som kan påverke forureina grunn må ha løyve etter forureiningslova, ev. godkjenning frå kommunen 5. 5. Testing og substitusjon av kjemikalie Med kjemikalie meiner vi her kjemiske stoff og stoffblandingar som blir brukte i verksemda, som fly- og baneavisingskjemikalie, drivstoff, vaskemiddel, hydraulikkvæsker og brannsløkkingsmiddel. Kjemikalie som blir nytta på ein slik måte at det kan medføre fare for forureining, skal vere testa for kor lett dei lét seg bryte ned, toksisitet og kor lett dei blir akkumulerte i naturen. Berre laboratorium som er godkjende i samsvar med Good Laboratory Practice (GLP) og/eller akkreditert i samsvar med NS-EN/IEC 17025:1999, kan utføre testane. Verksemda pliktar å etablere eit system for substitusjon av kjemikalie. Faren for skadelege effektar på helse og miljø av dei kjemikalia som blir nytta skal heile tida vurderast, og om det finst alternativ. Både skadelege effektar knytt til produksjon, bruk og endeleg disponering av produktet, skal vurderast. Der det finst betre alternativ, pliktar verksemda å nytta desse så langt det er mogleg utan urimeleg kostnad eller ulempe 6. 6. Støy Verksemda skal utarbeide eit støysonekart for flyplassen og sende dette til kommunen og Fylkesmannen. Støysonekartet skal vise raude og gule soner jf. T-1442. Støysonekartet skal haldast oppdatert. Verksemda skal kvart femte år kartlegge innandørs støynivå ned til 35 db L paeq,24h, jf. forureiningsforskrifta kapittel 5. Neste oppdatering er seinast 30. juni 2012. 5 Jf. forureiningsforskrifta. Kapittel 2. Opprydning i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid 6 Jf. produktkontrollova 3a
7. Avfall 7.1 Generelle krav Verksemda pliktar, så langt det er mogleg utan urimelege kostnader eller ulemper, å unngå at verksemda fører til at det blir danna avfall. Særleg skal verksemda avgrensa innhaldet av skadelege stoff i avfallet mest mogleg. Verksemda pliktar å syte for at alt avfall, også farleg avfall, blir handtert i samsvar med gjeldande reglar for dette fastsette i eller med heimel i forureiningslova og avfallsforskrifta 7. 7.2 Handtering av farleg avfall Verksemda skal handtere farleg avfall i samsvar med gjeldande reglar for farleg avfall. Farleg avfall som blir lagra i påvente av levering/henting skal verksemda sikre, slik at lageret ikkje fører til avrenning til grunn, overflatevatn eller avløpsnett. Lageret skal òg sikrast mot avdamping av forureining til luft. Lageret skal dessutan sikrast mot uvedkomande. 8. Førebyggjande og beredskapstiltak mot akutt forureining 8.1 Miljørisikoanalyse Verksemda skal gjennomføre ein miljørisikoanalyse av verksemda si, og vurdere resultata med tanke på akseptabel miljørisiko. Verksemda skal kartleggje moglege kjelder til akutt forureining av vatn, grunn og luft. Verksemda skal dokumentere miljørisikoanalysen og han skal omfatte alle tilhøve ved verksemda som kan medføre akutt forureining med fare for helse- og/eller miljøskadar inne på eller utanfor området til verksemda. Om produksjonstilhøva blir modifiserte og endra, skalverksemda oppdatere miljørisikoanalysen. Verksemda skal ha oversikt over dei miljøressursane som ei akutt forureining, med dei helse- og miljøkonsekvensane ho fører med seg, kan få følgjer for. 8.2 Førebyggjande tiltak På grunnlag av miljørisikoanalysen skal verksemda setje i verk risikoreduserande tiltak. Verksemda skal vurdere tiltak med tanke på å redusere sannsyn og konsekvensar. Verksemda skal ha eit oppdatert oversyn over dei førebyggjande tiltaka. 8.3 Etablering av beredskap Verksemda skal, på bakgrunn av miljørisikoanalysen og dei risikoreduserande tiltaka som er sette i verk, etablere og vedlikehalde ein beredskap mot akutt forureining om det trengst. Beredskapen skal heile tida vere tilpassa den miljørisikoen som verksemda representerer. Minst ein gong i året skal ein øve på beredskapen mot akutt forureining. 7 Avfallsforskrifta. Gjenvinning og handtering av avfall
8.4 Varsling om akutt forureining Verksemda skal varsle akutt forureining eller fare for akutt forureining i samsvar med gjeldande forskrift 8. Verksemda skal også, så snart som mogleg, varsle Fylkesmannen i slike tilfelle. 9. Overvaking av resipient Målsetjinga i vassforskrifta 9 er at alle vassførekomstar skal ha minst god økologisk tilstand innan 2021. Vassførekomstane ved flyplassen er i dag forureina. Verksemda skal syte for overvaking av effektar av utsleppa til Prestekonevatnet og Stokktjørna i samsvar med eit overvakingsprogram. Det må gjennomførast tiltak som sørgjer for at vassførekomstane har minst god økologisk tilstand innan 2021. Det er utarbeidd eit utkast til miljøovervakingsprogram i samband med søknaden. Det endelege overvakingsprogrammet skal leggjast fram for Fylkesmannen for eventuelle merknader innan 1.februar 2012. Overvakinga skal vere representativ for verksemda sine faktiske utslepp. Overvakingsprogrammet skal inngå i internkontrollen. Programmet skal mellom anna skildre målemetode, prøvetakingsmetode og utveljing av måleperiodar. Data ein får fram ved overvaking i vatn, medrekna sediment og biota, skal registrerast i databasen Vannmiljø. Data skal leverast på importformatet til Vannmiljø, som finst på http://vannmiljokoder.klif.no. Her finst òg oversyn over kva informasjon som skal registrerast i samsvar med kodeverket til Vannmiljø. 10. Rapportering til Fylkesmannen Verksemda skal rapportere innan 1. mars året etter utsleppsåret via www.altinn.no. Rapportering skal gjerast i samsvar med rettleiaren til Klima- og forureiningsdirektoratet til eigenrapportering frå verksemdene, sjå www.klif.no. Verksemda skal i samband med rapportering av utsleppsdata til Fylkesmannen peike på uvissa i datamaterialet og kommentere dette. 11. Utskifting av utstyr Dersom verksemda skal skifte ut utstyr som gjer det teknisk mogleg å motverke forureiningar på ein vesentleg betre måte enn då løyvet vart gitt, skal Fylkesmannen få melding om dette på førehand. Når verksemda byter ut utstyr skal det liggje til grunn at ein nyttar dei beste, tilgjengelege teknikkane med sikte på å motverke forureining. 8 Forskrift om varsling av akutt forureining eller fare for akutt forureining 9 Forskrift om rammer for vassforvaltninga
12. Eigarskifte Dersom verksemda blir overdregen til ny eigar, skal verksemda sende melding til Fylkesmannen så snart som mogleg og seinast éin månad etter eigarskiftet. 13. Nedlegging og driftsstans Dersom flyplassen blir nedlagt eller heile/delar av aktiviteten stansar for ein lengre periode, skal eigaren eller brukaren gjere det som til ei kvar tid er nødvendig for å motverke fare for forureiningar. Dersom noko ved anlegget kan medføre forureiningar eller det er avfall som kan verke skjemmande etter nedlegginga eller driftsstansen, skal verksemda gje melding til Fylkesmannen på førehand og i rimeleg tid. Fylkesmannen kan fastsetje nærare kva tiltak som trengst for å motverke forureining. Fylkesmannen kan påleggje eigaren eller brukaren å stille garanti for dekking av framtidige utgifter og mogleg erstatningsansvar. Ved nedlegging eller stans skal verksemda syte for at det blir teke hand om råvarer, hjelpestoff, halvfabrikat eller ferdig vare, produksjonsutstyr og avfall på forsvarleg måte, og syte for at farleg avfall blir handtert i samsvar med gjeldande forskrift 10. Tiltaka verksemda set i verk i samband med dette skal rapporterast til Fylkesmannen innan 3 månader etter nedlegging eller stans. Rapporten skal også innehalde dokumentasjon på korleis kjemikalierestar og ubrukte kjemikalium blir disponerte og namn på mogleg(e) kjøpar(ar). Ved nedlegging av verksemda skal den ansvarlege syte for at driftsstaden blir sett i tilfredsstillande stand att med tanke på miljøet. Dersom verksemda ønskjer å starte verksemda på nytt, skal ho gje melding til Fylkesmannen i god tid før planlagt oppstart. 14. Tilsyn Verksemda pliktar å la representantar for forureiningsstyresmakta føre tilsyn med anlegget når som helst. 10 Avfallsforskrifta. Kapittel 11. Farleg avfall
VEDLEGG 1: Liste over prioriterte stoff, jf. punkt 2.2 Utslepp av prioriterte stoff er berre omfatta av løyvet dersom dette går fram av vilkåra. Metall og metallsamband: Arsen og arsensamband Bly og blysamband Kadmium og kadmiumsamband Krom og kromsamband Kvikksølv og kvikksølvsamband Forkortingar As og As-samband Pb og Pb-samband Cd og Cd-samband Cr og Cr-samband Hg og Hg-samband Organiske samband: Bromerte flammehemmarar: Penta-bromdifenyleter (difenyleter, pentabromderivat) Okta-bromdifenyleter (defenyleter, oktabromderivat) Deka-bromdifenyleter (bis(pentabromfenyl)eter) Heksabromcyclododekan Tetrabrombisfenol A (2.2`,6,6`-tetrabromo-4,4`isopropyliden difenol) Klorhaldige organiske samband 1,2-Dikloretan Klorerte dioksin og furan Heksaklorbenzen Kortkjeda klorparafinar C 10 - C 13 (kloralkan C 10 - C 13 ) Mellomkjeda klorparafinar C 14 - C 17 (kloralkan C 14 - C 17 ) Klorerte alkylbenzen Pentaklorfenol Polyklorerte bifenyl Tensida: Ditalg-dimetylammoniumklorid Dimetyldioktadekylammoniumklorid Di(hydrogenert talg)dimetylammoniumklorid Triklorbenzen Tetrakloreten Trikloreten Triklosan (2,4,4'-Trichloro-2'-hydroxydiphenyl ether) Nitromusksamband: Muskxylen Alkylfenol og alkylfenoletoksylat: Nonylfenol og nonylfenoletoksilat Oktylfenol og oktylfenoletoksilat Dodecylfenol m. isomerar 2,4,6tri-tert-butylfenol Polyfluorerte organiske samband (PFCs) Perfluoroktansulfonat (PFOS) og samband som inneheld PFOS Perfluoroktansyre (PFOA) Tinnorganiske samband: Tributyltinn Trifenyltinn Polysykliske aromatiske hydrokarbon Dietylheksylftalat (bis(2-etylheksyl)ftalat) Bisfenol A Dekametylsyklopentasiloksan Vanlege forkortingar Penta-BDE Okta-BDE, octa-bde Deka-BDE, deca-bde HBCDD TBBPA EDC Dioksin, PCDD/PCDF HCB SCCP MCCP KAB PCF, PCP PCB DTDMAC DSDMAC DHTMAC TCB PER TRI NF, NP, NFE, NPE OF, OP, OFE, OPE PFOS, PFOS-relaterte samband TBT TFT, TPT PAH DEHP BPA D5