Askeladden barnehages ABC



Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Måken barnehages ABC

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

10/60-14/N-211//AMS

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Sandeid skule SFO Årsplan

Bli kjent med Orre Barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Maurtuå Barnehage. SAMAN SET ME SPOR

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Bli kjent med Varhaug idrettsbarnehage

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

HAREID KOMMUNE Syverplassen barnehage

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

HÅ KOMMUNE BJORHAUG BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

MOTLANDSMARKA BARNEHAGE

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Plan for Liabygda SFO

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE... et informasjonsskriv.

INFORMASJON om førestellinga:

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Månadsplan for Hare November

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE... et informasjonsskriv.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Barnehagebruksplan

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

MØTEINNKALLING. Utval for levekår SAKLISTE 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

VELKOMEN TIL HAUS BARNEHAGE

Informasjon til foreldre

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Informasjonshefte Tuv barnehage

Stemnehandboka for NKSF

Plassebakken Barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Plan for overgangar. for barn og unge

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Månadsbrev for ROSA mars 2015

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Måken barnehages ABC

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Velkomen til Mork barnehage

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Transkript:

Askeladden barnehage Askeladden barnehages ABC eit informasjonshefte Kontoradresse: Postadresse: Telefon: Telefax: Org nr: Stokkalandsvegen 2, Stokkalandsvegen 2, 51 43 94 80 964 969 590 4363 Brusand 4363 Brusand

A Adresse Stokkelandsvegen 2 4363 Brusand Allergiar Gje beskjed om barnet er allergisk mot noko, slik at me kan leggja til rette på best mogleg måte. Avdelingar Barnehageåret 2015/ 2016 har me tre avdelingar; Småtroll; 1 åringane Tusseladdane; 2 åringane Askeladdane; 3-6 åringane Arrangement I løpet av eit barnehageår inviterer me til ulike arrangement. Me har Vårfest i april, Grillkveld i august, FN kafé i oktober og foreldrekaffi i desember. B Barnevernet Barnehagen har meldeplikt til barnevernet når det er mistanke om omsorgssvikt, vold i heimen eller seksuelle overgrep. Elles samarbeider me med barnevernet gjennom sos. ped møter, der me kan rådføra oss om me har spørsmål. Betaling Ein betalar for 11 månadar, juli er betalingsfri. Bleier Dersom barnet bruker bleier må de ta med dette sjølv. Me ynskjer at de sendar med vanlege bleier, ikkje up & go. Personalet heng opp lapp på plassen når barnet treng nye bleier. Brukerundersøking Kvart år deltek me i ein nasjonal bruker undersøking. Denne undersøkinga tek de på nett, og de får utdelt bruker namn og passord for kvart år. Undersøkinga gjeld for alle barna i barnehagen. Bursdag 1-3 åringane Bursdagsbarnet får krone. Me har ei samling for heile avdelinga der me sendar opp rakettar, syng og dansar. Barnet får velja ein varmrett den dagen det er selskap. 4-5 åringane Bursdagsbarnet får krone. Me yng for barnet i samlinga, sendar rakettar og har ein leik barnet sjølv får velja. Barnet får velja varmrett denne dagen. Dersom fleire barn har bursdag innan same veke/ månad hendar det at me slår saman bursdagane og tek ei felles feiring. Då får barna vera med og bestemma litt kvar på korleis dei vil ha det. 2

C Celsius I Askeladden barnehage er me mykje ute uansett vêr og vind. Det hender me ikkje går ut dersom det er for kaldt, for sterk vind eller sølepyttane er for djupe. Me tek alltid ei sikkerheits vurdering på uvêrs dagar. D Dokumentasjon Kvart barn har si eiga læringsbok i barnehagen. Føremålet med denne er å dokumentera barnet si læring og utvikling. Me dokumenterer med bilete og tekst. I tillegg prøvar me så godt me kan og fortelja litt frå dagen i hentesituasjonen. E Endring av barnehageplass Dersom de ynskjer å endra barnehagetilbodet må dette gjerast på Hå kommune si heimesida, via Barnehageportalen. Endringar kan skje to gonger i året, før 15. august og ved oppstart etter nyttår. E- post Barnehagen: post.askeladden.barnehage@ha.kommune.no Epost styrer: HaldisMartine.Brattgjerd@ha.kommune.no F Fagområde Me arbeidar ut frå rammeplanen når me planlegg månadsplan og årsplan. Rammeplanen er delt inn i sju fagområde, og me prøver å nå over alle fagområda i dei ulike aktivitetane. FAU FAU står for foreldra sitt arbeidsutval. Foreldrerådet er samlinga av alle foreldre/ føresette i barnehagen. Dei kan kalla inn til eigne møter. Dei vel sjølv representantar til FAU. Ferie Barna skal ha minimum fire veker ferie i løpet av eit barnehageår. Tre av desse skal vera samanhengane om sommaren. Alle kommunale barnehagar i Hå kommune held stengd dei to siste veke i juli, veke 30 og 31, så den tredje veka må tas i samband med desse to vekene. Den 4. veka kan de ta som enkle dagar eller ei heil veke. De må melda frå om ferie minst ei veke i forkant. Dette skal gjerast på gul lapp som heng i garderoben. I samband med skulen sine feriar (haust, vinter og påske) heng me opp lapp i garderoben der de kan skriva om barnet skal ha fri/ ferie. Dersom de skriv dykk opp innan gitt frist vil dette verta registret som feriedagar. Sommarferielapp vert sendt ut i god tid før 1. april, som er svarfristen for kor tid barnet skal ha sommarferie. Foreldremøte Me har to foreldremøter i året, eit på hausten og eit på våren. På våren er det FAU som har ansvaret for møtet. Foreldresamtale Me inviterter til to foreldresamtalar i løpet av året, ein på hausten og ein på våren. På hausten snakkar me om barnets trivsel og utvikling. På våren går me igjennom ulike kartleggingsskjema, der me ser på barnets læring og utvikling. I tillegg snakkar me sjølvsagt om trivsel. Me ynskjer alle skal nytta seg av tilbodet og koma på samtalane! 3

Forsikring Barna i barnehagen er forsikra til og frå barnehagen, samt den tida dei er i barnehagen. Kommunen har eigen forsikringsavtale med Waco. Fotografering Me tek barnehagebilete ei gong i året. Frukt Barna får frukt kvar dag, ca klokka 14.00. Me prøver å tilby ulike typar frukt og grønsaker. I tillegg får dei ei skive eller knekkebrød til dette måltidet. Fyrstehjelp Personalet skal ha kunnskap i grunnleggjande fyrstehjelp, og har kvart år eit personalmøte der dei vert kursa i bl.a. hjerte- og lunge redning. G Gym Me er så heldige at me har ein eigen gymsal på loftet! Den nyttar ofte til gymnastikk kjekt for både store og små me H Heimesida På heimesida finn de mykje nyttig informasjon; alt frå nyheiter, månadsplanar og årsplan. Adressa er: www.ha.no/askeladden-barnehage/ Helsestasjon Me tek kontakt med helsesøster for råd og veiledning. I tillegg er ho representert på sos. ped møta våre. Høgtider I følgje Rammeplanen skal barna skal få kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar. Me markerar jul og påske i barnehagen. Me prøvar òg å markera andre kulturar sine høgtider, så langt det let seg gjera. I Informasjon De får informasjon via den daglege kontakten, månadsplanar, trollposten, heimesida og foreldresamtalar. Elles er det viktig å følgja med på baksida av døra i garderoben, den fungerer som ein informasjonsvegg. J Jul Desember er ei fin tid i barnehagen. Me er opptekne av at advents- og juletida skal vera ei koseleg tid, prega av ro og fred. K Kjøpe dagar Dersom det er ledig kapasitet i barnehagen er det mogleg å kjøpa dag/ dagar. Pris for kjøp av dag finn de på heimesida til Hå kommune. Betalinga vert lagt til den vanlige rekninga de får ein gong i månaden. 4

Klær Barna må ha minst eit sett med ekstra skifteklær liggjande i barnehagen. I tillegg må dei ha ull/ fleece til å under dress/ regnklær. Det er foreldra sitt ansvar å sjekka at det til ei kvar tid er nok skifteklede i korga - sjekk derfor korga med jamne mellomrom. Ein liten hugseregel: dersom barnet kjem heim med noko av skiftekleda ta med nytt dagen etter! Kleda bør mekast med namn, slik at personalet veit kven som eig kleda. Kosthald Me ynskjer å tilby barna eit variert og sunt kosthald i barnehagen. Me tilbyr grove kornprodukt i form av brød og knekkebrød. Me har eit variert og sunt utval i pålegg og tilbyr grønsaker i tillegg. Kostpengar Kostpengane er for tida 300,- i månaden, for fulltidsplass. L Leiker Barna kan ha med seg leiker eller kosedyr i barnehagen, men me kan ikkje ta ansvar for leikene. Hugs å merka leikene med namn. Lunsj Barna får lunsj kvar dag ca klokka 10.45/ 11.00. Me serverer eit sunt og variert måltid med brød, pålegg og grønsaker. Eit par gonger i månaden har me middag eller havregraut. M Medisin Dersom me skal gje medisin til barnet gjera må foreldra fylla ut eit eige medisinskjema. Barnehagen er ikkje plikta til å gje barna medisin, og me ynskjer i utgangspunktet minst mogleg ansvar for medisinering. Maten i barnehagen Me serverer tre måltid i løpet av dagen. Frukost: mellom 7.00 8.30. Dei som skal eta frukost må koma innan 8.15. Lunsj: ca. kl. 10.45 Mellemat: ca kl. 14.00 Miljøretta helsevern Barnehagen må forhalda seg til retningslinjene i Veileder til forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler m.v. Forskrifta sitt formål er å bidra til at miljøet i barnehagen fremmer helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold samt forebygger sykdom og skade. Det ligg link til forskrifta på heimesida til barnehagen. N Nærmiljøet vårt Ikkje langt frå barnehagen har me sjøen med fine strender. På den andre sidan av vegen er det byggefelt med kjekke leikeplassar. Brusand har og ein del spredt bebyggelse der det vert drive med gardsdrift og jordbruk. Hovudproduksjonen er mjølk og gulrøter. Naturen rundt oss har store variasjonar; sjø, strand, skog, fjell og hei ligg godt til rettes for turar og utflukter. Me brukar nærmiljøet på ulike måtar og er glade i å koma oss ut på tur! 5

O Opphaldstid Maksimal opphaldstid for det enkelte barn er 9 timar pr. dag. Opningstid Barnehagen har heilårsdrift. Opningstida er frå klokka 06.45 16.15. Me har stengt helger og heilagdagar, jul- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag stenger me klokka 12.00. Opptak Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars. De må søkja elektronisk på Hå kommune si heimeside, via Barnehageportalen. Oppseiing Oppseiing skjer elektronisk på Hå kommune si heimeside, via Barnehagportalen. Det er ein månad oppseiingsfrist, gjeldande frå 1. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp med verknad etter 1. april utan at ein må betala for resten av barnehageåret. Overgangsobjekt Dette kan f. eks vera tytt, kos, leike eller klede som knyter saman foreldra/ heimen og barnehagen. Dette er svært viktig for barnet for at dei skal kjenna seg trygge, og dei skal alltid få lov å ha med seg overgangsobjektet. P Planleggingsdagar I løpet av eit år har me fem planleggingsdagar. Desse dagane er barnehagen stengd. PPT; Pedagogisk Psykologisk Teneste Den pedagogisk psykologiske tenesta skal saman med andre rettleiingstenester i barnehage og skule hjelpa barn og unge, foreldra og personalet med å utvikla gode læringsvilkår for barn og unge som treng hjelp. Dette kan vera innan områda: lærevanskar, språkvanskar, lese- og skrivevanskar og psykologiske vanskar. Porten Hugs alltid å lukk porten etter dykk! Det er alltid ein vaksen som skal opna eller lukka porten. Me ynskjer ikkje at barna skal gjera dette pga tryggleiken, i tillegg til at dei kan koma på å gjera det når dei er ute og leikar i barnehagen. Q R Rammeplan Rammeplan for barnehagar legg grunnlaget for arbeidet vårt i barnehagen. S Samarbeidsutvalet; SU SU skal vera eit rådgivande, kontaktskapande og samordna organ. SU består av 2 representantar frå foreldra og 2 representantar frå personalet. Styrar er sekretær for SU, og har møte- tale og forslagsrett. Samtykkeskjema Alle foreldre/ føresette må svara på eit samtykkeskjema når dei søker barnet inn i barnehagen. Då spør me om samtykke i forhold til bil, buss, bilete m.m. 6

Sjukdom Sjuke barn skal haldast heime. De som foreldre må vurdera barnets allmenntilstand. Som hovudregel bør barn med feber eller akutte diarè (dvs oppkast og/eller diare) haldast heime. Barn med akutte diarè kan venda tilbake til barnehagen 48 timar etter dei har blitt symptomfrie. (Folkehelseinstituttet). Ved smittsame sjukdomar og lus er det viktig at barnehagen får beskjed. Då heng me opp lapp med informasjon om sjukdomen, slik at alle foreldre kan vera merksame i forhold til sitt barn. Gje alltid beskjed dersom barnet ikkje kjem i barnehagen pga av sjukdom eller av andre grunnar. Skifteklede Pass alltid på at det er nok skifteklede i korga. I tillegg må de passa på at det er klede som passar til årstida. Viktig at de merkar kleda med namn, slik at personalet veit kven som eig kleda. Skule og skuleklubb Etter jul startar dei eldste barna med skuleklubb i barnehagen. I tillegg har me skuleklubb på Ogna skule, saman med dei andre som skal byrja i 1. klasse på Ogna. Me ynskjer at overgangen frå barnehage til skule skal verta best mogleg, og samarbeider godt med skulen og dei andre barnehagane for å få dette til. SmartSMS Me bruker eit kommunikasjonsprogram som heiter Smart SMS. Gjennom det kan me senda både SMS og epost til dykk som foreldre. Då kan me senda ein beskjed til heile avdelinga, eller heile barnehagen. De kan ikkje svara på SMS`en, men på eposten. Soving Dei minste søv ute i vogn i soveskuret. Steg for steg Me arbeidar med sosial kompetanse gjennom eit opplegg som heiter Steg for steg. I tillegg legg me vekt på sosial kompetanse i det daglege; her og no situasjonar og i planlagde samlingar. T Telefon Kontoret 51 43 94 80 Styrar mobil 415 32 633 Småtroll 992 14 881 Tusseladdane 992 14 879 Askeladdane 992 14 897 Tillatelse Kvart år får foreldre/ føresette utdelt eit skjema der de må kryssa av for kva barnet kan vera med på/ ikkje vera med på. F.eks; sitja på med privat bil, reisa med tog, vera med på bilete i media og liknande. Sikkerheten går alltid fyrst, så dersom me f. eks skal ut og kjøra bil har me bilputer Tilvenning Alle barn skal ha minimum 3 dagar med tilvenning når dei byrjar i barnehagen. Barna reagerer veldig ulikt når dei byrjar i barnehagen, nokon treng meir tid med tilvenning før dei er trygge enn andre. 7

Tradisjonar Me har ein del årlege tradisjonar i Askeladden barnehage som me tykkjer det er viktig å halda fram med. F. eks; Koka påskeegg Påskedag med ulike aktivitetar Kyrkjebesøk i samband med jul eller påske. Overnattingstur for 6 åringane Komledag i samband med potethenting Karneval i februar Vårfest i april Sommarfest/ grillkveld for gamle og nye barn i august, FAU har regi. FN kafè Julekafè Nissefest på loftet i desember Tur Me er flinke til å nytta nærmiljøet vårt og gå på tur. Av og til reiser me på lengre utflukter med buss eller taxi, f. eks til Jærmuseet og Sjøredningsmuseet i Varden. U Uteklær Viktig med gode uteklær, som passar til all salgs vær! Pass på at barna har uteklær som passar til årstida. V Vandelsattest Alle tilsette, både faste og vikarer, må skaffa seg vandelsattest hjå Politiet før dei får tilsetjing i barnehagen. Vedtekter Vedtektene for dei kommunale barnehagane finn de på heimesida til barnehagen eller på Hå kommune si heimeside. W Webside Barnehagen har en web portal på kommunens webside. www.ha.no/askeladden-barnehage X, Y, Z, Æ, Ø Å Årsplan Kvart år lagar me vår eigen årsplan som me arbeidar etter. Årsplanen får det utdelt ved oppstart av nytt barnehageår eller de finn den på heimesida vår. 8