Vinjehuset. Program. våren 2015

Like dokumenter
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

august 2013 NESETDAGANE.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Månadsplan for Hare November

Mandag 20/06. Søndag 26/06. Tirsdag 21/06. Lørdag 25/06. Onsdag 22/06. Fredag 24/06. Torsdag 23/06

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

INFORMASJON om førestellinga:

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Vinjehuset. Program. Hausten 2014

Haust Elles minner vi om andre oppgåver som vi ynskjer at bokbåtkontaktane skal utføre.:

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Sandeid skule SFO Årsplan

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

«Ny Giv» med gjetarhund

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

MEDLEMSINFO. august 2009

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

oktober Valle i setesdal

7.-8. august 2015 NESETDAGANE.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Stemnehandboka for NKSF

Samansette tekster og Sjanger og stil

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Vegvisar til vilbli.no

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Kva er økologisk matproduksjon?

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

PÅSKEKVISS frå Allkunne!

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 39 og 40

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

KULTURSKOLE

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

mmm...med SMAK på timeplanen

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vekeplan veke 43 4A og 4B

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

MEDLEMSINFO. april 09

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

FAG: MÅL: ARBEID PÅ SKULEN: ARBEID HEIME: KOMMENTAR: Til tysdag: Sjå gjennom utgangspunkt i forkunnskapane sine, digital kompetanse.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

FRÅ BUENOS AIRES TIL RIO Eventyr, tango og samba

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Transkript:

[ ] Vinjehuset Program våren 2015

januar februar BLACK DEBBATH Black Debbath er eit norsk Heavy metal/hard rock-band som er kjend for tunge riff og humoristisk og politiske tekstar. Black Debbath har levert tung politisk rock sidan 1999. Sidan den gong har dei gjennom sin innsats som ein overordna femte statsmakt i Noreg sett så vel den politiske som musikalske dagsorden. Dei har gong på gong påvist feil og manglar i det norske samfunn med sin blytunge riffsynsing og akademiske stoner-rock. I 2015 er Black Debbath klare med nytt studioalbum og turné, og albumet har fått tittelen Universell Riffsynsing. Skiva er spela inn i Caliban Studios og Velvet Recording av Ole Petter Andreassen, Roar Nielsen og Christer Krogh. Mix: Mike Hartung på Propeller Music Divisjon. Mastering: Propeller Mastring av Chris Sansom. Bandet sine medlemmar er Lars Lønning, Egil Hegerberg, Ole Petter Andreassen og Aslag Guttormsgaard som tidligare har vært med i band som Gartnerlosjen, Bare Egil Band, Hurra Torpedo, Thulsa Doom, The Cumshots, El Doom and the Born Electric og MarOder. DATO: Laurdag 17. januar KLOKKESLETT: 20:00 PRIS: 150,- (Rusfritt). Ståande konsert. Foto: L-P Lorentz HVITMALT GJERDE Hvitmalt Gjerde er ein gjeng surfrockerar som helst vil leike cowboy og indianer og drøymer om å spele på månen! Hvitmalt Gjerde er eit band frå planeten Merkur, som spelar med skoa og trua på det gode liv. Det finn dei gjennom å spele sin musikk. Hvitmalt Gjerde består av fire gutar frå Bergen som spelar surfrock inspirert av 60-tallspop, psykedelia og garagerock med tekstar på bergensk. Bandet blei starta på eit loft i forstaden Minde på krigstrommer, men held no på å spreie seg utover Noregs land. Dei har spela fleire konsertar bl.a. Hulen i Bergen, Trashpop i Kristiansand og Musikkfest i Oslo 2012. Dei spela på Trondheim Calling og By:larm 2013, hadde med ein låt på fjorårets Alternative jolekalender og gav ut albumet Hvitmalt Gjerde i juni 2013! Hvitmalt Gjerde har som mål å turnere verdsromet. Før den tid vil me sjå og høyre mykje til dei i Noreg! DATO: Torsdag 5. februar PRIS: Opp til 10. klasse 50,- Medlem 150,- ordinær 200,- (Rusfritt). Ståande konsert. og Folkeakademiet [ 2 ] [ 3 ]

februar februar / mars UNGDOMENS KULTURMØNSTRING Ungdommens kulturmønstring (UKM) i Vinje blir arrangert på Vinjehuset. Publikum vil få høyre rock, pop, hardingfele, ukulele, trommesolo og mykje meir. Kanskje vil det vere ein kjendis blant jurymedlemane? Sikre deg billett i god tid for å få plassen du ynskjer. Me sjåast! DATO: Fredag 6. februar. KLOKKESLETT: 18:00 PRIS: 50,- LA PATITA - Den lille anden, teater/dans. La Patita er historia om ei lita and i møte med den store verda, fortalt gjennom musikk, dans og spel. Med eit breidt spekter av kulturtradisjonar i botn blir det skapt nye referansar til kjende og mindre kjende melodiar, historiar og eventyr. Barna blir invitert inn i verda til anda, og blir sjølve deltakarar i forteljinga om hennar liv. Tekstar er henta frå Asbjørnsen og Moe samt Jon Fosse - og songen og musikken har ulike latinamerikanske kjelder. DATO: Laurdag 28. februar KLOKKESLETT: 16:00 PRIS: 50,- / ARR. Folkeakademiet HADDY N JIE Haddy er nok kjend for dei fleste som journalist og programleiar i bl.a. TV-aksjonen og Julemorgen på NRK, men ho er også ein dyktig låtskrivar og songar. Ho har til no gitt ut tre album, alle er engelskspråklige. Men no! kjem den fyrste med norskspråklige tekstar. Me er stolte av å kunne tilby Haddy med band til alle med sans for vakre melodiar i eit tidsriktig jazz/pop-prega ljodbilete. SHABANA REHMAN Foredrag, «Latter og lidelse» Kva skjer med mi røyst når den møter omverda? Og kva skjer når stemma kjem attende og eg som individ må handle; fyrst i det små så i det store Folkeakademiet TeVeBu er stolte av å kunne presentere ein av dei sterkaste røyster i tida og i den norske samfunnsdebatten! Med mot, sterkt engasjement og befriande klarsyn ber Shabana at me ser verda og oss sjølv i augo. Ho tek oss med inn i fabuleringar omkring vår rett til og ansvar for å heve røysta vår. I ei tid med mange og store utfordringar for klode og moral, tviheld ho på enkeltrøysta og på latterens plass. På meisterleg vis gjev Shabana oss eit skråblikk og heilt nye perspektiv på det å vere menneske i ein komplisert og vakker verden. DATO: Onsdag 25. februar PRIS: 200,-/ 250,- DATO: Laurdag 7. mars PRIS: Medlem 150,- Ordinær 200,- i døra 250,- ARR. Folkeakademiet [ 4 ] [ 5 ]

mars mars TEATER IBSEN, EN FOLKEFIENDE EN FOLKEFIENDE handlar om badelegen Thomas Stockmann som oppdagar at vatnet i byens store stoltheit «Badet» er forgifta. Han meiner å ha gjort ein oppdagelse som byen vil takke han for. Men Thomas sin pragmatiske bror, borgermeistar Peter Stockmann, viser byens innbyggjarar kor mykje tid og pengar det vil koste samfunnet og rydde opp, og at det er innbyggjarane som må betale for dette. Det er klart for ein klassisk kamp mellom det idealistiske og det realistiske. DATO: Onsdag 18. mars KLOKKESLETT: 18:00 PRIS: Student 150,- Honnør 200,- ordinær 250,- Gruppe på 10 eller fleir 200,- pr.pers. UKM TELEMARK, FYLKESMØNSTRING Velkomen til ein helg fullpakka med kulturprogram som er produsert av ungdom frå heile Telemark. Her skal alle innslaga som har kome vidare frå lokalmønstringane i kommunane bli vist fram. Velkomen til ei innhaldsrik helg! UKM OG VINJEHUSET FYLLER 30 ÅR i 2015! DATO: Laurdag 21. og sundag 22. mars KLOKKESLETT: Meir info kjem og Telemark fylkeskommune BYTING Med beina planta innanfor country, rock `n roll og norsk folkemusikk, er Byting eit nytt og spanande band frå Bø. Bandet vart danna av Thomas Hellekås og oppsto i kjølvatnet etter studioinnspelinga av «Høvdingen» ein hyllest til spelemannen Jon Elling Buen Garnås som omkom i ei trafikkulykke i 2012. I studio hadde Thomas med seg Jon Ellings bror, Per Anders Buen Garnås, til å traktere hardingfela, og undervegs i innspelinga byrja Thomas og Per Anders å prate litt om å starte eit band saman. Låtar om livets realitetar, sjølvopplevd eller gjenfortalde på godt og vondt står i fokus for Byting; «Høvdingen» handlar om bortgangen til ein god ven, mens til dømes «Med håndjønna på» er ein alvorlig, men munter låt om ein tur til byen med begge hendane lenka fast på ryggen begge kledt i ei musikalsk drakt som har element frå dei nemnde sjangrar. Byting for dei som måtte lure - blir bruka som skildring av ein person som til tider er ein villbasse, eller som dei kan seie i Bø; «- Eru heilt forbanna byting eller?!». DATO: Laurdag 28. mars KLOKKESLETT: 18:00 for alle (rusfritt). Ståande konsert. 21:00 18 års aldersgrense. Ståande konsert. PRIS: 150,- (Kl. 18:00) 250,- (Kl. 21:00.) [ 6 ] [ 7 ]

april mai Foto: Luke Tennant VÅRKONSERT Vinje kulturskule arrangerar «den store vårkonserten 2015» på Vinjehuset. Dette er det årlege høgdepunktet for alle elevane i kulturskulen og me lovar ein forrykande konsert der publikum vil få høyre rock, folkemusikk, ballader, pop, filmmusikk og mykje meir. Over 100 elevar vil opptre og me garanterer full trøkk av svært høg kvalitet. Sikre deg billett i god tid for å få plassen du ynskjer. Velkomen! DATO: Torsdag 7.mai KLOKKESLETT: 18:00 Pris: 50,- HEDDA KORTNES Bærekraft på kjøkenet ei reise i grøftekantens sitt matrike. Bli med inn i ei verd av mat- og helsemoglegheitar. Er det til grøftekantane me må for å få attende dei verkelege gode matvarene og for å bidra til ein berekraftig morgondag? Hedda Iren Kortnes er i utgangspunktet gartnar, men fekk etter kvart augo opp for det som finst utanfor drivhus og jorde. I dag baserar ho matkurs og foredrag blant anna på ei overtyding om at me i naturen sjølv kan finne ein mengde ingrediensar til eit heilskapleg kosthald. I tillegg fokuserar ho på belgvekster og urkorn og den enklaste sjølvlaga vitaminbomba: spirer på eigen kjøkenbenk. Hedda er og yogainstruktør og terapeut - og dagleg leiar i God Helhet AS. Som sjølvutnemnt «grøftekantkokk» er det med ei fantastisk mengde kunnskap og smittande engasjement Hedda tek oss med på reise i grøftekantens sitt matrike og gjer enkle grep og grunnar til å endre små eller store vanar. Kom og få både smaksprøver og overrasking! DATO: Tysdag 14. april PRIS: Medlem 150,- ordinær 200,- (Maks 30 personar!) ARR. Folkeakademiet og Frivilligsentralen Me markerar 70 år med fred. 8. mai 2015. Markering ved Forsvarsmuseet Taler Omvising på museet Vising av film [ 8 ] [ 9 ]

mai juni ROCKEMUSIKAL Alle 8. og 9. klassene i Vinje skal i år sette opp ein rockemusikal det luktar svidd av! Her blir det eit gjensyn med rockens forskjellige tiår. 50-90 talet blir å sjå og høyre att denne kvelden. DATO: Torsdag 18. juni KLOKKESLETT: 16:00 og 19:00 PRIS: Gratis i samarbeid med skulen SISSEL GJERLAND EKRA OG RUNI WOLD KRISTIANSEN Hildringstimen - Ei reise i Eriks Byes mangfaldige songproduksjon i nye innpakningar og arrangement for vokal og harpe. Erik Bye er ein av Norges mest folkekjære songar og formidlar, og Gjerland Ekra og Wold Kristiansen gjer Bye sin arv levande og verdig! Repertoaret spenner frå dei tidlegaste produksjonar som Anna Lovinda - og fram til Blå Salme, som var noko av det siste han skreiv. DATO: Fredag 8.mai PRIS: Medlem 150,- ordinær 200,- i døra 250,- ARR. Folkeakademiet og Vinje kommune PUBQUIZ I BLÅMANN Fredag 16. januar Fredag 13. februar (Denne kvelden på Kroa, Snoformingsfestivalen) Fredag 13. mars Onsdag 1. april (Påskequiz) Fredag 24. april Fredag 12. juni Kvar onsdag i juli på Groven camping. KLOKKESLETT: 21:00 PRIS: Ordinær 50,- Medlem gratis ARR. Vinje folkeakademi VINJE VISEKLUBB I BLÅMANN Tysdag 27. januar Tysdag 24. februar Tysdag 24. mars Tysdag 28. april KLOKKESLETT: 18:00 PRIS: Ordinær 50,- Medlem gratis [ 10 ] [ 11 ]

kjøken anna BYGDEKINO Hugs bygdekino annakvar måndag (partalsveker). Komande filmar: Madagaskarpingvinene (2D, norsk tale) Paddington Sjå heile programmet på www.bygdekinoen.no VINJEHUSET KJØKEN Vinjehuset Kjøken ligg under kultureininga i Vinje kommune og er hjartet av det regionale kulturhuset. Kokken er opphavleg spansk og heitar Pedro Molero Perez. Han diskar opp med gode rettar på bestilling til møter og andre arrangement. Last ned menyen frå kommunen si heimeside å sjå kva me byr på. For bestilling må bestillingsark sendast inn digitalt. Sjekk ut: www.vinje.kommune.no og skriv «Vinjehuset» i søkjefeltet. VINJE FOLKEBIBLIOTEK 2 etg. i Coopbygget Tysdag og torsdag kl. 12.00-19.00 Onsdag, fredag og laurdag kl. 12.00-15.00 Tlf: 35 06 22 42 TYSDAGSMIDDAG I VESTIBYLA Kvar tysdag kl. 16-17. Eller så langt maten rekk. Pris: 75,- for vaksen 50,- for barn og gratis for dei under skulealder. FRIVILLIGSENTRALEN Ved biblioteket, 2 etg. Coopbygget Måndag, onsdag og fredag 08:30-16:00 Tysdag 11:30-19:00 Torsdag, tilgjengeleg på telefon: Tlf: 959 39 201 For meir informasjon eller endringar, sjekk ut: www.facebook.com/vinjehuset www.vinje.kommune.no Kva skjer [ 12 ] [ 13 ]

annonser annonser Kultur og næringsliv blir best ved bruk, - takk for at du nyttar oss! Folkeakademiet i Vinje Målet vårt er å skape gode møtestader der barn, unge, vaksne og eldre kan deltaka i kulturaktivitetar. Me samlar folk på tvers av kulturar og generasjonar. Og bidreg til å auke trivselen i nærmiljøet. Me legg vekt på kulturen sin eigenverdi men ser og kultur som eit viktig element i utvikling av einskildmenneske og i helsefremmande og førebyggande arbeid. www.folkeakademiene.no Me ynskjer å samarbeide med andre lag og einskildpersonar. Er dette noko du har lyst til å vera med på så meld deg inn i FA Vinje. Kontakt: Åse Hylland / aase.hylland@air.no Våren 2015 startar me opp med: YOGA STYRKE OG BALANSE Kl. 17.00 18.00 YOGA PUST OG AVSPENNING Kl. 18.45 19.45 Desse tilboda varar over 8 gonger. Startar opp torsdag 22. januar (ingen yoga i vinterferien) YTRE VINJE PENSJONISTLAG Har sine møter fyrste tysdagen i månaden bortsett frå januar, juli og august. Møta tek til kl. 14.00 og held på til cirka kl. 17.00. Møtene held til på Eldresenteret/Trevet. AASMUND OLAVSSON VINJE 197 ÅR Feiring av A.O. Vinje sin 197 års dag blir markera laur 11. april på Vinjar. Sjå nærare program på «Kva skjer». B-Young Blomen Bratlands Forretning AS Coop Prix DnB Bank ASA Fristadsenteret AS Elkjøp-Sport1-Jernia Groven Camping og Hyttegrend AS Heimat Vinje Hyllandsfoss Camping Klyppekroken Midtgarden Villmarksbygg Mjonøy AS Ottar Ringhus AS Qmatec Drilling AS Rema 1000 Rogn Belysning og Interiør Salong Beauty Silkevippa Sparebanken Din Statkraft Energi AS Telemark Bilruter AS Vinje Gullsmedforretning Vinje Kro Eigedom AS Vinje Rekneskapskontor AS Vinje Rør AS Vinje Sag & Høvleri AS Vinje Servicesenter AS Vinje Taxisentral Vinje Vekst AS Vinjebue AS Helsing oss i Vinje Næringslag SNOFORMINGSFESTIVALEN 2015 «Snokrystallen» ynskjer at barn, ungdom og vaksne skal koma til Åmot i Vinje for å vera med på å skape kreativ snokunst. Snoforming er å lage ein skulptur eller installasjon av sno. Deltakarlaga byrjar med ein firkanta snokloss, og skaper den om til eit kunstverk ved å nytte enkel reiskap som spade, sag og snorasp. Festivalen 2015 er 13.-15. februar, med program på hotelltomta i Åmot på laurdag og sundag. Sjå www.snoforming.no for meir informasjon, påmeldingsskjema og flotte bilete frå festivalane som har vore til no. [ 14 ] [ 15 ]

[ ] Kjøp billettar på: facebook.com/vinjehuset www.vinje.kommune.no Med atterhald om endringar i programmet. Kontaktinfo Vinjehuset/Kultur: Kultursjef Signe Marie Kittelsaa tlf. 350 62 350 / 958 97 895 Kultur Arnfinn Algarheim tlf. 350 62 355 / 975 94 073 Kulturskulerektor Anders Blystad tlf. 350 62 353 Vaktmeistar tlf. 916 83 146 (Måndag- fredag 08:00-22:00 Laurdag 11:00-15:00) Adresse: Vinjehuset kulturhus Raulandsvegen 60, 3890 Vinje.