FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: Løpenummer: Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 25.11.2014 Tid: 17:00-19:30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt gjort kjent for medlemene og varamedlemene via utlegging på heimesida og informasjon i e-post 19.11.14. Møtet vart kunngjort på heimesida og i ei avis. Desse medlemene møtte: Ingebjørg Naa Hjelle Roald Samnøy Geir Inge Eide Steinar Berland Turid Ekeberg Haldor Tuft Harald Hjartåker Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Roald Samnøy leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 08.12.2014 Roald Samnøy Leiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 032/14 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 033/14 PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2014 034/14 KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET 2014-2025 035/14 HANDLINGSPLAN FUSA KOMMUNE. ØKONOMIPLAN 2015-2018. ÅRSBUDSJETT 2015 MED AVGIFTSBUDSJETT. 036/14 GBNR. 19/95 OG DEL AV NR. 1, REGULERINGSPLAN NAUSTDALEN - DETALJREGULERING - ENDRING TIL BUSTADFØREMÅL 037/14 SKRIV OG MELDINGER 038/14 EVALUERING AV- ELDREDAGEN 01.10.14 039/14 ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST I MØTET 25.09.14
032/14: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteprotokoll frå møtet 23.09.14 vert godkjent Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. RAAD-032/14 VEDTAK: Møteprotokoll frå møtet 23.09.14 vert godkjent 033/14: PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2014 Prosjektrapporten vert teken til etterretning. Roald Samnøy fremja følgjande forslag: Framlegget frå Roald Samnøy vart samrøystes vedteke. RAAD-033/14 VEDTAK:
034/14: KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET 2014-2025 Fusa kommune prioriterer søknader om spelemidlar i 2015 slik ved rullering av handlingsprogrammet: Ordinære anlegg: Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1 Rehabilitering av Eikelandsosen Fusa kommune 4. symjehall 2 Ombygging av Holdhus Fusa kommune 3. rulleskibane 3 Krøllgrasbane Eikelandsosen Eikelandsfjorden 2. IL 4 Rehabilitering av 7-ar fotballbane Baldersheim Fusa kommune 1. Nærmiljøanlegg: Prioritet Anleggtype Stad Søkjar Søknadsår 1 Ballbinge Baldersheim Søre Fusa idrettslag 1. Utbetalingsplan for utbetaling av kommunale tilskot til investeringar i private idrettsanlegg vert teke til orientering. Roald Samnøy fremja følgjande forslag: Framlegget frå Roald Samnøy vart samrøystes vedteke. RAAD-034/14 VEDTAK: Saka vert teke til orientering
035/14: HANDLINGSPLAN FUSA KOMMUNE. ØKONOMIPLAN 2015-2018. ÅRSBUDSJETT 2015 MED AVGIFTSBUDSJETT. Saka vert lagt fram for handsaming slik det framgår i saksutgreiinga. Turid Ekeberg fremja følgjande forslag: Redusert dagsenterfunksjon? Samanslåing av dagsenterfunksjonar bryt med Utviklingsmål 3 s. 36-37 i Handlingsplan for Fusa kommune. I pkt. 2.15 heiter det: Vi skal ha forebygging og rehabilitering som perspektiv i tenesteytinga. I pkt. 2.16 heiter det: Vi har fokus på fysisk aktivitet og sosial stimulering på FBBS og på dagsenter for eldre. Me har forstått det slik at dagsenter står i fare for å bli lagt ned grunna nedskjering. Dersom eldre frå Søre Fusa ynskjer dagsentertilbod, må dei reisa til Eikelandsosen. Dette kan verta praktisk vanskeleg og lite motiverande å reisa så langt for relativt korte opphald samt ein vanskeleg køyrekabal. Resultatet kan bli at ein del eldre ikkje lenger ynskjer å oppsøkja dagsenteret. Dersom det vert resultatet, er det stikk i strid med målsetjingane sitert ovanfor. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne ber politikarane føra midlar opp på budsjettet for denne gruppa. Det kostar litt, men dei eldre får eit betre liv både sosialt og fysisk. Følgjande felles framlegg vart fremja av Ingebjørg Naa Helle og Harald Hjartåker: Rådet er særs uroa over forslaget om reduksjon av dagsentertilbud, institusjonsplasser og heimetenester. Rådet ber om at tenestetilbudet til eldre og svakarestilte må oppretthaldast på dagens nivå ved at ein heller aukar inntektene til kommunen. Framlegga fremja av Turid Ekeberg, Ingebjørg Naa Helle og Harald Hjartåker vart samrøystes vedteke. RAAD-035/14 VEDTAK: Samrøystes uttale frå senior og funksjonsrådet
Rådet er særs uroa over forslaget om reduksjon av dagsentertilbud, institusjonsplasser og heimetenester. Rådet ber om at tenestetilbudet til eldre og svakarestilte må oppretthaldast på dagens nivå ved at ein heller aukar inntektene til kommunen. Redusert dagsenterfunksjon? Samanslåing av dagsenterfunksjonar bryt med Utviklingsmål 3 s. 36-37 i Handlingsplan for Fusa kommune. I pkt. 2.15 heiter det: Vi skal ha forebygging og rehabilitering som perspektiv i tenesteytinga. I pkt. 2.16 heiter det: Vi har fokus på fysisk aktivitet og sosial stimulering på FBBS og på dagsenter for eldre. Me har forstått det slik at dagsenter står i fare for å bli lagt ned grunna nedskjering. Dersom eldre frå Søre Fusa ynskjer dagsentertilbod, må dei reisa til Eikelandsosen. Dette kan verta praktisk vanskeleg og lite motiverande å reisa så langt for relativt korte opphald samt ein vanskeleg køyrekabal. Resultatet kan bli at ein del eldre ikkje lenger ynskjer å oppsøkja dagsenteret. Dersom det vert resultatet, er det stikk i strid med målsetjingane sitert ovanfor. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne ber politikarane føra midlar opp på budsjettet for denne gruppa. Det kostar litt, men dei eldre får eit betre liv både sosialt og fysisk. 036/14: GBNR. 19/95 OG DEL AV NR. 1, REGULERINGSPLAN NAUSTDALEN - DETALJREGULERING - ENDRING TIL BUSTADFØREMÅL Detaljreguleringsplan for gbnr. 19/95 og del av bnr. 1, Naustdalen, med tilhøyrande planskildring og føresegner vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 20-10 og 20-11. Roald Samnøy fremja følgjande forslag: Framlegget frå Roald Samnøy vart samrøystes vedteke.
RAAD-036/14 VEDTAK: 037/14: SKRIV OG MELDINGER : Skriv og meldingar vert teke til orientering. Det vart orientert om at i følgje informasjon i fleire aviser så har ein i budsjettforliket på Stortinget sikra vidareføring av ordninga med den kulturelle spaserstokken. Roald Samnøy fremja følgjande fellesforslag: Senior- og funksjonsrådet viser til tidlegare handsaming og vedtak vedk. den kulturelle spaserstokken. Rådet ber om at den kulturelle spaserstokken vert lagt fram som sak. Vedk. friluftslivets år: Steinar Berland vert senior- og funksjonsrådet sin representant i evt. arbeidsgruppe eller liknande. Felles framlegg fremja av Roald Samnøy vart samrøystes vedteke. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. RAAD-037/14 VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Senior- og funksjonsrådet viser til tidlegare handsaming og vedtak vedk. den kulturelle spaserstokken. Rådet ber om at den kulturelle spaserstokken vert lagt fram som sak. Vedk. friluftslivets år: Steinar Berland vert senior- og funksjonsrådet sin representant i evt. arbeidsgruppe eller liknande.
038/14: EVALUERING AV- ELDREDAGEN 01.10.14 SAKA VERT LAGT FRAM TIL DRØFTING Eldredagen 2014: Pr no er det 8.010 i inntekter etter at nokre utgifter var betalt. 28 betalande Følgjande felles forslag vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet er tilfreds med gjennomføring av eldredagen 2014.12.09 Harald Hjartåker, som er medlem i styret i Fusa senioruniversitet, undersøkjer på komande styremøte 20.01.15 om det er aktuelt å samarbeida om arrangement 01.10.15. Evt. kan andre samarbeidspartnarar /målgruppe for arrangementet vera PU m.m Saka vert sett opp til handsaming på neste møte. RAAD-038/14 VEDTAK: Senior- og funksjonsrådet er tilfreds med gjennomføring av eldredagen 2014. Harald Hjartåker, som er medlem i styret i Fusa senioruniversitet, undersøkjer på komande styremøte 20.01.15 om det er aktuelt å samarbeida om arrangement 01.10.15. Evt. kan andre samarbeidspartnarar /målgruppe for arrangementet vera PU m.m Saka vert sett opp til handsaming på neste møte.
039/14: ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST I MØTET 25.09.14 SAKA VERT LAGT FRAM TIL ORIENTERING Følgjande sak vart teke opp i møtet: Kollektivtilbodet i Søre-Fusa jf. m.a. avisartikkel. Følgjande felles forslag fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke : Senior- og funksjonsrådet i Fusa kommune har gjort følgjande samrøystes vedtak: Fusa kommune må be Skyss om å oppretthalda rutetilbodet i søre luten på same nivå som våren 2014. Eit alternativ kan evt. vera tilbringarteneste til desse reisande. Redusert rutetilbod vil særleg ramma eldre som kun har dette som reisetilbod. Slik det er i dag, er det uråd å koma til helsetenester som lege, tannlege og andre kommunale tenester ved hjelp av kollektiv reisemåte. Følgjande framlegg fremja av Geir Inge Eide vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet ynskjer informasjon kring saksgangen for nytt dagsenter. Saka har tidlegare vore til handsaming. Det viser seg no at det er kome fram nye element i saka eks. samlokalisering av funksjonshemma og gruppe for psykisk sjuke. Saka vart elles teke til orientering. RAAD-039/14 VEDTAK: Senior- og funksjonsrådet i Fusa kommune har gjort følgjande samrøystes vedtak: Fusa kommune må be Skyss om å oppretthalda rutetilbodet i søre luten på same nivå som våren 2014. Eit alternativ kan evt. vera tilbringarteneste til desse reisande.
Redusert rutetilbod vil særleg ramma eldre som kun har dette som reisetilbod. Slik det er i dag, er det uråd å koma til helsetenester som lege, tannlege og andre kommunale tenester ved hjelp av kollektiv reisemåte. Senior- og funksjonsrådet ynskjer informasjon kring saksgangen for nytt dagsenter. Saka har tidlegare vore til handsaming. Det viser seg no at det er kome fram nye element i saka eks. samlokalisering av funksjonshemma og gruppe for psykisk sjuke. Saka vart elles teke til orientering.