FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 12/471 Løpenummer: 12/7851 Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 27.11.2012 Tid: 17:00 - Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 22.11.2012. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Ingebjørg Naa Helle Roald Samnøy Hanne Solvang Turid Ekeberg Geir Inge Eide Haldor Tuft, Sp Forfall og møtande varamedlemar: Steinar Berland, H, hadde forfall. Ingen vararepresentant kunne møta. Andre som var tilstade på møtet: Rådmann Berit Fløisand, orienterte og svara på spørsmål i sak 16/12 til kl 18.15. Kontorsjef Gunn Sissel Teigen Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Møtet starta ved at det vart gitt orientering og svara på spørsmål i sak 16/12. Etter at sak 15/12 vart handsama vart det gitt orientering frå Eldrerådskonferansen i sak 17/12. Roald Samnøy leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 27. november 2012 Roald Samnøy Leiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 015/12 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 18.09.12 016/12 BUDSJETT 2013 MED AVGIFTSBUDSJETT. HANDLINGSPROGRAM MED ØKONOMIPLAN 2013-2016 017/12 SKRIV OG MELDINGER 27.11.12 018/12 UTARBEIDING AV VEDTEKTER FOR SENIOR- OG FUNKSJONSRÅDET - OPPFØLGING AV SAK 1/12, 5/12, 12/12 OG 14/12
015/12: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 18.09.12 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Møtebok frå møtet 18.09.12 vert godkjend. 27.11.2012 RÅD FOR SENIORAR OG MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Handsaming: Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. RAAD-015/12 VEDTAK: Møtebok frå møtet 18.09.12 vert godkjend.. 016/12: BUDSJETT 2013 MED AVGIFTSBUDSJETT. HANDLINGSPROGRAM MED ØKONOMIPLAN 2013-2016 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Saka vert lagt fram for handsaming slik det framgår i saksutgreiinga 27.11.2012 RÅD FOR SENIORAR OG MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Handsaming: Rådmann Berit Fløisand, orienterte og svara på spørsmål. Følgjande felles uttale vart samrøystes vedteke: Følgjande felles uttale vart samrøystes vedteke: Det siste 10 året har det vore ei nedskjering på ca 9 mill i helsesektoren i Fusa inkludert kutta som framgår av arbeidsnotatet. Fusa kommune må - verna sårbare grupper - unngå kutt som fører til personellflukt og mangel på fagkompetanse - behalda tenester som forebyggjer og sikrar at brukarar kan bu heime
Derfor må kommunen prioritera slik: Innan PU må kommunen: - behalda Dagsentertilbud (Kløvertun) - oppretthalda Fritidsklubb kvar veka. Senior- og funksjonsrådet legg til grunn at Fritidsklubben er førebyggjande psykisk helsevern for klubbdeltakarane. Rådet kan ikkje sjå at den antyda økonomiske innsparinga vil vege opp for det menneskelege tapet av livskvalitet ein reduksjon av Fritidsklubben vil medføra. Psykisk helseteneste er svært sårbar pga. at dei er ei lita avdeling -samhandlingsreforma gjeld også desse tenestene frå 1.1.13 noko som vil medføra auka press på kommunen og tenesteytinga. Kommunen kan ikkje redusera på desse tenestene. Vaktmeistertenesta har ein viktig funksjon m.o.t. utkøyring av mat og hjelpemidlar samt vedlikehald. Tenesta er viktig m.o.t. samhandling og for å leggja til rette for at folk får bu lengst mogeleg heime. Innan heimetenesta/fbbs: - det er viktig å sjå dette i samanheng m.o.t. Samhandlingsreforma. - Må ein behalda 4 nattevakter på FBBS særleg med tanke på akuttsenga - Må ein behalda Fagutviklingssjukepleiar for å samordna og sikra fagleg god utvikling av fellestenester - Må ein behalda Dagsenter FBBS slik at brukarane kan bu lenger heima - Må ein behalda sjukepleiar på kveld Kommunen må arbeida for få fleire støttekontaktar då dette vil føra auka trivsel til fleire til ein rimeleg kostnad. Kommunen må i enda større grad samarbeida med Frivillighetsentralen og frivillig sektor som eit supplement og støttefunksjon i tenesteytinga. RAAD-016/12 VEDTAK: Følgjande felles uttale vart samrøystes vedteke: Det siste 10 året har det vore ei nedskjering på ca 9 mill i helsesektoren i Fusa inkludert kutta som framgår av arbeidsnotatet. Fusa kommune må - verna sårbare grupper - unngå kutt som fører til personellflukt og mangel på fagkompetanse - behalda tenester som forebyggjer og sikrar at brukarar kan bu heime Derfor må kommunen prioritera slik:
Innan PU må kommunen: - behalda Dagsentertilbud (Kløvertun) - oppretthalda Fritidsklubb kvar veka. Senior- og funksjonsrådet legg til grunn at Fritidsklubben er førebyggjande psykisk helsevern for klubbdeltakarane. Rådet kan ikkje sjå at den antyda økonomiske innsparinga vil vege opp for det menneskelege tapet av livskvalitet ein reduksjon av Fritidsklubben vil medføra. Psykisk helseteneste er svært sårbar pga. at dei er ei lita avdeling -samhandlingsreforma gjeld også desse tenestene frå 1.1.13 noko som vil medføra auka press på kommunen og tenesteytinga. Kommunen kan ikkje redusera på desse tenestene. Vaktmeistertenesta har ein viktig funksjon m.o.t. utkøyring av mat og hjelpemidlar samt vedlikehald. Tenesta er viktig m.o.t. samhandling og for å leggja til rette for at folk får bu lengst mogeleg heime. Innan heimetenesta/fbbs: - det er viktig å sjå dette i samanheng m.o.t. Samhandlingsreforma. - Må ein behalda 4 nattevakter på FBBS særleg med tanke på akuttsenga - Må ein behalda Fagutviklingssjukepleiar for å samordna og sikra fagleg god utvikling av fellestenester - Må ein behalda Dagsenter FBBS slik at brukarane kan bu lenger heima - Må ein behalda sjukepleiar på kveld Kommunen må arbeida for få fleire støttekontaktar då dette vil føra auka trivsel til fleire til ein rimeleg kostnad. Kommunen må i enda større grad samarbeida med Frivillighetsentralen og frivillig sektor som eit supplement og støttefunksjon i tenesteytinga.. 017/12: SKRIV OG MELDINGER 27.11.12 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Saka vert teke til orientering 27.11.2012 RÅD FOR SENIORAR OG MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Handsaming: Turid Ekeberg, som deltok frå Fusa, orienterte frå fylkeseldrerådet sin konferanse for kommunale eldreråd 30. og 31.10.12. Konferansen var svært bra med hovudtemaet samhandlingsreforma og folkehelse.
Det er ønskjeleg å få foredraga frå eldrerådskonferansen og sekretariatet følgjer opp. Roald Samnøy og Haldor Tuft orienterte om arrangementet på eldredagen. På tross av kort planleggingstid vart det eit vellykka arrangement. Til neste år startar ein planlegging av markering av eldredagen tidleg på året. Brev om referansegruppe til Kommunedelplan for idrett, frilufts og fysisk aktivitet vert teke til orientering. Roald Samnøy har møtt på eit møte og vert oppnemnt som rådet sin representant i denne referansegruppa. Senior- og funksjonsrådet ber om at framtidig oppnemning av representantar til referansegrupper, ad-hoc-grupper, arbeidsgrupper o. l. vert lagt fram som sak for rådet og at det vert teke omsyn til så tidleg involvering som mogleg i planprosessar o.l. Roald Samnøy orienterte frå samling på Stord rehabiliteringssenter, 20 september arrangert av SAFO Vest. Målgruppa for samlinga var representantar i kommunale råd for funksjonshemma i Austevoll, Bømlo, Fitjar, Fusa, Kvinnherad, Tysnes og Stord. Skriv og meldingar vart elles teke til orientering. RAAD-017/12 VEDTAK: Det er ønskjeleg å få foredraga frå eldrerådskonferansen og sekretariatet følgjer opp. Til neste år startar ein planlegging av markering av eldredagen tidleg på året. Brev om referansegruppe til Kommunedelplan for idrett, frilufts og fysisk aktivitet vert teke til orientering. Roald Samnøy har møtt på eit møte og vert oppnemnt som rådet sin representant i denne referansegruppa. Senior- og funksjonsrådet ber om at framtidig oppnemning av representantar til referansegrupper, ad-hoc-grupper, arbeidsgrupper o. l. vert lagt fram som sak for rådet og at det vert teke omsyn til så tidleg involvering som mogleg i planprosessar o.l. Skriv og meldingar vart elles teke til orientering. 018/12: UTARBEIDING AV VEDTEKTER FOR SENIOR- OG FUNKSJONSRÅDET - OPPFØLGING AV SAK 1/12, 5/12, 12/12 OG 14/12 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK:
Saka vert lagt fram til refleksjon og drøfting 27.11.2012 RÅD FOR SENIORAR OG MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Handsaming: Følgjande samrøystes uttale vart gjort: Fusa kommune vedtek følgjande RETNINGSLINJER/VEDTEKTER FOR RÅD FOR SENIORAR OG MENNNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE (MED KORTFORM: SENIOR- OG FUNKSJONSRÅDET) I FUSA KOMMUNE Senior- og funksjonsrådet vart oppretta av kommunestyret i møte 1 HEIMEL Senior- og funksjonsrådet, er eit felles råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne, som er heimla i 4a i lov om eldreråd og i 4 a i lov om om råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne. 2 SAMANSETJING OG OPPNEMNING Kommunestyret gjev vedtekter for arbeidet i og samansetjing av rådet. Reglane om høvetalsval i 36 og 37 i kommunelova gjeld ikkje ved val av råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne. Leiar og nestleiar for rådet vert utpeika av kommunestyret. Oppnemninga av medlemer skal gjelda for kommunestyrevalperioden. Rådet skal ha 7 representantar med minst 2 vararepresentantar som vert utpeikt av kommunestyret. Seniorar og funksjonshemma sine organisasjonar sender forslag på representantar i forkant av oppnemninga. Ein skal søkja breiast mogleg representasjon frå brukarorganisasjonane. Inntil 2 representantar skal også vera kommunestyremedlemer. Rådmannen, eller den vedkomande peikar ut, har møte og talerett. Det same gjeld for ordførar. 3 FORMÅL Seniorar skal sikrast innverknad i alle saker som gjeld levekåra for eldre. Menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast åpen, brei og tilgjengelig medverknad i arbeidet med saker som er spesielt viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. 4 OPPGÅVER Senior- og funksjonsrådet er eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen og skal ha til handsaming saker som gjeld begge målgruppene. Alle saker av spesiell interesse for seniorane i kommunen skal leggjast fram for rådet.
Saker som gjeld mellom anna tilgjenge, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne, skal leggjast fram for rådet i god tid før dei skal avgjerast. For å sikra reell og større innverknad i saker som vedkjem seniorar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne, er det viktig at sakene vert lagt fram på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaminga slik at rådet har høve til å påverke sakene. Uttaler frå rådet skal følgja saksdokumenta til det kommunale organet som har avgjerdsmynde i saka, jf. Lov om eldre 3 og Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne 5. Det skal ikkje leggjast forvaltningsoppgåver til rådet, som til dømes forvaltning av kommunale tilskot til lokale interesseorganisasjonar eller forvaltning av tilskot til særskilte tiltak for målgruppene. Rådet kan og sjølv ta opp saker. Rådet skal ikkje handsama saker som gjeld einskildpersonar. Rådet skal i sitt arbeid leggja hovudvekta på handsaming av overordna planer samt andre større og sektorovergripande saker. Rådet skal mellom anna kunna ta opp forhold innafor plan og bygningssektoren, samferdsle, oppvekst, kultur, helse og omsorg, idrett, friluftsliv og universell utforming. Rådet vert og held seg løpande orientert om aktuelle saker for seniorar og funksjonshemma som er under arbeid i kommunen. Rådet arbeider med og får seg forelagt saker som m.a. gjeld : økonomiplan og årsbudsjett kommunal og regional planlegging etter kap 7 12 i plan og bygningslova planprogram og konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova jf. kap 4 og 14 andre overordna planar samhandlingsreforma arbeid for å sikre universell utforming tiltak for seniorar og/eller funksjonshemma som spesielle målgrupper allmenne tiltak og tenester som også vedkjem seniorar og/eller funksjonshemma saker av prinsipiell interesse der rådet bør få uttala seg på førebuande stadium av sakshandsaminga uttale i saker som kommunale organ legg fram for rådet rådet driv informasjonsarbeid innad i kommunen, overfor organisasjonar, ålmenta osv. rådet tar initiativ til å betra samarbeid og samordning i saker av interesse for seniorar/eldre og/eller funksjonshemma i kommunen ansvar for gjennomføring av 1 årleg arrangement for seniorane ( eldredagen ) 5 MØTER OG MØTEINNKALLING
Leiar kallar inn til møte. Møte kan og haldast dersom 1/3 av rådet sine medlemer meiner det er rett å halda møte. I rådet gjeld vanleg fleirtal med avstemming. Ved stemmelikheit i andre saker enn val, er møteleiar si stemme avgjerande. Rådet kan berre gjera vedtak dersom minst halvparten av medlemene er til stades. Referat frå rådet sine møter skal distribuerast til samtlege medlemer, varamedlemer og andre med møterett. Møteinnkallingar og protokollar vert publiserte på internett. Dessutan gjeld reglane i kommunelova kap. 6 - Sakshandsamingsreglar i folkevalde organ. Rådet skal kvart år utarbeida ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret. Årsmeldinga vert send til seniorane og funksjonshemma sine organisasjonar i Fusa, samt andre rådet meiner det er naturleg å senda årsmeldinga til. 6 SEKRETARIAT Rådmannen skal ivareta sekretærfunksjon. 7 ØKONOMI Fusa kommune dekker utgiftene til rådet si verksemd. Medlemene i rådet skal ha godtgjersle i samsvar med vedtekne retningslinjer for godtgjersle til folkevalde i Fusa Kommune. 8 NAMN Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne. Kortversjon: Senior- og funksjonsrådet. RAAD-018/12 VEDTAK: RETNINGSLINJER/VEDTEKTER FOR RÅD FOR SENIORAR OG MENNNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE (MED KORTFORM: SENIOR- OG FUNKSJONSRÅDET) I FUSA KOMMUNE Senior- og funksjonsrådet vart oppretta av kommunestyret i møte 1 HEIMEL Senior- og funksjonsrådet, er eit felles råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne, som er heimla i 4a i lov om eldreråd og i 4 a i lov om om råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne. 2 SAMANSETJING OG OPPNEMNING Kommunestyret gjev vedtekter for arbeidet i og samansetjing av rådet. Reglane om høvetalsval i 36 og 37 i kommunelova gjeld ikkje ved val av råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne. Leiar og nestleiar for rådet vert utpeika av kommunestyret. Oppnemninga av medlemer skal gjelda for kommunestyrevalperioden. Rådet skal ha 7 representantar med minst 2 vararepresentantar som vert utpeikt av kommunestyret. Seniorar og funksjonshemma sine organisasjonar sender forslag på
representantar i forkant av oppnemninga. Ein skal søkja breiast mogleg representasjon frå brukarorganisasjonane. Inntil 2 representantar skal også vera kommunestyremedlemer. Rådmannen, eller den vedkomande peikar ut, har møte og talerett. Det same gjeld for ordførar. 3 FORMÅL Seniorar skal sikrast innverknad i alle saker som gjeld levekåra for eldre. Menneske med nedsett funksjonsevne skal sikrast åpen, brei og tilgjengelig medverknad i arbeidet med saker som er spesielt viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. 4 OPPGÅVER Senior- og funksjonsrådet er eit samarbeids- og rådgjevande organ for kommunen og skal ha til handsaming saker som gjeld begge målgruppene. Alle saker av spesiell interesse for seniorane i kommunen skal leggjast fram for rådet. Saker som gjeld mellom anna tilgjenge, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne, skal leggjast fram for rådet i god tid før dei skal avgjerast. For å sikra reell og større innverknad i saker som vedkjem seniorar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne, er det viktig at sakene vert lagt fram på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaminga slik at rådet har høve til å påverke sakene. Uttaler frå rådet skal følgja saksdokumenta til det kommunale organet som har avgjerdsmynde i saka, jf. Lov om eldre 3 og Lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne 5. Det skal ikkje leggjast forvaltningsoppgåver til rådet, som til dømes forvaltning av kommunale tilskot til lokale interesseorganisasjonar eller forvaltning av tilskot til særskilte tiltak for målgruppene. Rådet kan og sjølv ta opp saker. Rådet skal ikkje handsama saker som gjeld einskildpersonar. Rådet skal i sitt arbeid leggja hovudvekta på handsaming av overordna planer samt andre større og sektorovergripande saker. Rådet skal mellom anna kunna ta opp forhold innafor plan og bygningssektoren, samferdsle, oppvekst, kultur, helse og omsorg, idrett, friluftsliv og universell utforming. Rådet vert og held seg løpande orientert om aktuelle saker for seniorar og funksjonshemma som er under arbeid i kommunen. Rådet arbeider med og får seg forelagt saker som m.a. gjeld : økonomiplan og årsbudsjett kommunal og regional planlegging etter kap 7 12 i plan og bygningslova planprogram og konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova jf. kap 4 og 14 andre overordna planar
samhandlingsreforma arbeid for å sikre universell utforming tiltak for seniorar og/eller funksjonshemma som spesielle målgrupper allmenne tiltak og tenester som også vedkjem seniorar og/eller funksjonshemma saker av prinsipiell interesse der rådet bør få uttala seg på førebuande stadium av sakshandsaminga uttale i saker som kommunale organ legg fram for rådet rådet driv informasjonsarbeid innad i kommunen, overfor organisasjonar, ålmenta osv. rådet tar initiativ til å betra samarbeid og samordning i saker av interesse for seniorar/eldre og/eller funksjonshemma i kommunen ansvar for gjennomføring av 1 årleg arrangement for seniorane ( eldredagen ) 5 MØTER OG MØTEINNKALLING Leiar kallar inn til møte. Møte kan og haldast dersom 1/3 av rådet sine medlemer meiner det er rett å halda møte. I rådet gjeld vanleg fleirtal med avstemming. Ved stemmelikheit i andre saker enn val, er møteleiar si stemme avgjerande. Rådet kan berre gjera vedtak dersom minst halvparten av medlemene er til stades. Referat frå rådet sine møter skal distribuerast til samtlege medlemer, varamedlemer og andre med møterett. Møteinnkallingar og protokollar vert publiserte på internett. Dessutan gjeld reglane i kommunelova kap. 6 - Sakshandsamingsreglar i folkevalde organ. Rådet skal kvart år utarbeida ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret. Årsmeldinga vert send til seniorane og funksjonshemma sine organisasjonar i Fusa, samt andre rådet meiner det er naturleg å senda årsmeldinga til. 6 SEKRETARIAT Rådmannen skal ivareta sekretærfunksjon. 7 ØKONOMI Fusa kommune dekker utgiftene til rådet si verksemd. Medlemene i rådet skal ha godtgjersle i samsvar med vedtekne retningslinjer for godtgjersle til folkevalde i Fusa Kommune. 8 NAMN Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne. Kortversjon: Senior- og funksjonsrådet..