Generell del VELKOMEN TIL FAGPRØVE I ELEKTRIKARFAGET Kandidaten sitt namn: Firma:. Prøvenemnda ønskjer velkomen til fagprøve i elektrikarfaget, og er til stades for kandidaten på følgjande tider: Start: Møte med sensor: Avslutning:. Fagprøva skal utførast i prøvestasjon nr.:. Kandidaten må sjølv gi melding til prøvenemnda første dagen om det er særskilde grunnar til at vedkomande skal ha spesielle hjelpemiddel eller har behov for lenger tid til prøva. Slike meldingar skal ha vedlagt legeerklæring eller erklæring frå Hordaland Fylke si PP teneste. Kontaktpersonar prøvenemnd:. Alle hjelpemiddel som fagbøker, datamaskin, digitale kamera, andre digitale hjelpemiddel, brosjyremateriell, bruksrettleiingar, teikningar og skildringar er lovlege, og er ein del av den dokumentasjonen som kan gå inn i ei arbeidsoppgåve. Oppgåvene skal løysast av kandidaten. Side 1
Generell del GJENNOMFØRING AV FAGPRØVA: Arbeidsoppgåvene skal vere innanfor ramma av kompetansemåla i læreplanen: 1. Planlegging av arbeidet og grunngjeving for val av løysingar. 2. Gjennomføring av det planlagde og faglege arbeidet. 3. Vurdering av eige prøvearbeid. 4. Dokumentasjon av eige prøvearbeid. Prøvenemnda kan i ein oppsummerande samtale siste dagen stille spørsmål til det faglege arbeidet og dokumentasjonen. 1. Planlegging av arbeidet og grunngjeving for val av løysingar: Normal tidsbruk for planleggingsdelen er rekna til 1 2 av 6 arbeidsdagar. Du skal lage ein plan for korleis arbeidet skal utførast og planen skal innehalde følgjande element: Planlegging av tryggleik i arbeidsoppgåvene. Val av materiell, verktøy, instrument og andre hjelpemiddel. Framdriftsplan og timeliste for arbeidet. Val av nødvendig personleg verneutstyr og sikringstiltak. Val av framgangsmåte og referanseinstallasjonsmetode. Nødvendige utrekningar, planteikningar og skjema. Referansar til forskrifter og normer som gjeld for oppgåva. Eventuelt andre element 2. Gjennomføring av det planlagde og faglege arbeidet. Normal tidsbruk for arbeidet er rekna til 3 4 av 6 arbeidsdagar og det planlagde arbeidet skal utførast innanfor denne tida. Følgjande element inngår i den faglege gjennomføringsdelen: Helse, miljø og tryggleik (HMT). Installasjon i samsvar med gjeldande forskrifter, normer og planleggingsdelen. o For hovudoppgåva skal du vise at du kan utføre både open og skjult installasjon. Feilsøking og feilretting. Kontrollmåling. Rydding, reingjering og avfallssortering når oppgåva er ferdig. Side 2
Generell del 3 Vurdering av eige prøvearbeid. Skriv ei kort eigenvurdering av fagprøva og det faglege arbeidet du har utført. Skal vere skriftleg, men kan vere munnleg etter avtale med prøvenemnda. 4 Dokumentasjon av eige prøvearbeid. Normal tidsbruk for dokumentasjonsdelen er sett til ½ av 6 arbeidsdagar. Det utførte arbeidet skal dokumenterast slik: Materiell og timeliste og framdriftsplan. Teknisk dokumentasjon som utrekningar, teikningar, skjema og ev. skisser. Resultat av funksjonsprøving, feilsøking og feilretting. Sluttdokumentasjon i høve til gjeldande forskrifter og normer, bruk gjerne 5 sikre. Avvik frå innlevert planleggingsdel og/eller på utstyr/materiell. DOKUMENTASJONEN SKAL SAMLAST I MAPPE / PERM MED SKILLEARK, OG LEVERAST TIL PRØVENEMNDA FØR GJENNOMGANG SISTE DAGEN. DEMONTERING OG RYDDING AV PRØVESTASJON. Kandidaten skal kople frå, demontere og rydde etter at fagprøva og samtalen med prøvenemnda er ferdig. Alt utstyr og materiell skal ryddast på plass i hyller og øskjer, og avfall skal sorterast som restavfall, EE avfall og papiravfall. LYKKE TIL! Side 3
Oppgåve nr.: 1 Oppgåve 1 regelverk: Forklar skilnaden på forskrift og norm. Oppgåve 2 fordelingssystem: Dei mest vanlege fordelingssystema vi brukar i Noreg er TT, TN og IT. Kva spenningsgrenser gjeld for dei forskjellige fordelingssystema? Oppgåve 3 sluttkontroll: Forklar hovudelementa i ein sluttkontroll. Lag ditt eige eksempel og drøft forventa måleresultat, akseptkriterium og framgangsmåte for målingane.
Oppgåve nr.: 2 Oppgåve 1 regelverk: Kva forskrifter gjeld for deg som elektrikar når du skal bygge eit elektrisk anlegg? Oppgåve 2 fordelingssystem: Korleis reknar vi ut berøringspenninga for dei forskjellige fordelingssystema? Sett kryss Fordelingssystem IT TN TT Spenningsfall over jordelektrode Spenningsfall i jordleiar frå feilstad tilbake til installasjonen sin jordelektrode Ingen spesiell regel. Skal berre målast når installasjonen er ferdigstilt. Oppgåve 3 brannfare i el. anlegg: Ein elektrikar har gløymt å skru til ein koplingsskrue på ein stikkontakt. I feilpunktet blir det målt en motstand på 1,5Ω. Kor stor effektutvikling vil det bli i dette feilpunktet dersom du koplar til ein varmeomn på 2000W. Drøft resultatet.
Oppgåve nr.: 3 Oppgåve 1 regelverk: Kva normer gjeld når du skal bygge eit elektrisk anlegg i ein bustad? Oppgåve 2 fordelingssystem: Kva slags jordstraumar kan ein forvente ved dei forskjellige fordelingssystema? Sett kryss. Fordelingssystem ma A ka IT TN TT Oppgåve 3 berøringsfare i el. anlegg: Du har fått i oppdrag å montere tilførsel til ei varmepumpe som er montert i eit elektrisk anlegg frå 2001. Anlegget er eit TN anlegg utan jordfeilbrytar. Alle stikkontaktar er av type med jordtilknyting. Kva vil du tilrå kunden og kvifor?
Oppgåve nr.: 4 Oppgåve 1 regelverk: Er det mulig å bygge eit elektrisk anlegg, eller delar av det, og berre erklære samsvar til forskrift (FEL)? Grunngi svaret ditt. Oppgåve 2 fordelingssystem: Eit bustadhus er opphavleg forsynt med TT fordelingssystem (1 fase). Straumleverandøren byggjer om til TN C S fordelingssystem. Inn til bustaden blir det distribuert 1 fase + PEN. Drøft korleis du som elektrikar vil vurdere installasjonen med omsyn til eltryggleik før og etter ombygging av fordelingsnettet? Oppgåve 3 ekstraoppdrag i samband med servicejobb Du har nettopp sluttført ein jobb på ein bilverkstad. Som tilleggsoppdrag ber verkstadeigar deg å bytte ein skadd kabel som er tilførsel til lysarmaturane inne i eit lakkeringsanlegg. Korleis ville du løyst dette oppdraget?
Oppgåve nr.: 5 Oppgåve 1: Forklar med eksempel kva ein meiner med selektivitet i elektriske anlegg. Oppgåve 2: I ein sluttkontroll måler du ein kontinuitet på 0,9Ω i beskyttelseslederen til ein stikkontakt som er montert 15m frå sikringsskapet. Kursen til stikkontakten er 1,5mm 2. Forklar kva du ville gjort i eit slikt tilfelle. Oppgåve 3 dokumentasjon Ein bustad er ferdigstilt og sluttkontroll utført. Huset vil då gå over i ein bruks og vedlikehaldsfase. Dokumentasjon av den elektriske installasjonen i bustaden er då viktig. Det er elektroinstallatøren sitt ansvar å dokumentere akseptabelt tryggleiksnivå. Kva vil du som utførande elektrikar bidra med i denne dokumentasjonen? (Forklar gjerne med eksempel.)
Oppgåve nr.: 6 Oppgåve 1: Du har fått i oppdrag å montere tilførsel til ei varmepumpe som er montert i eit elektrisk anlegg frå 1985. Anlegget er eit IT anlegg utan jordfeilbrytar. Kunden ønskjer tilførsel frå stova. Stikkontaktene i stova er utan jordtilknyting. Kva vil du tilrå kunden og kvifor? Oppgåve 2: Som elektrikar og privatperson får du spørsmål om å montere elektrisk anlegg i eit tilbygg til ein kjenning. Kva for reglar gjeld for deg i ein slik situasjon? Med bakgrunn i og tilvising til regelverket, grunngi svaret ditt til denne kjenningen. Oppgåve 3: Eksplosjonsfarlege område. Kva norm gjeld for eksplosjonsfarlege område? Beskriv målet med områdeklassifisering av elektriske installasjonar for eksplosjonsfarlege område.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 1 ELENERGISYSTEM. Romkategori: Verkstad. Nettsystem: IT / TT Spenning: 230 V Inntaksdata: o Ik max.: 4,8 ka. o Ik min.: 1,1 ka. Jordingssystem. Jordspyd. Skildring av oppgåva: I ein verkstad skal du installere fire doble 16A stikkontaktar og ein 3 fase 16A stikkontakt for dreiebenk. Stikkontaktane skal ha kapslingsgrad tilpassa informasjon frå brukar (deg). Du skal også installere to lysarmaturar i tak. Armaturane skal styrast av ein impulsbrytar på vegg, samt impulsrelé i fordeling. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 2 ELENERGISYSTEMER. Romkategori: Gang og bad. Nettsystem: TN Spenning: 230/400 V Inntaksdata: o Ik max.: 5,0 ka. o Ik min.: 0,9 ka. Jordingssystem. Ringjord. Skildring av oppgåva. Du skal installere ein gang med to lyspunkt med ulik tenning over brytar, samt to doble 16A stikkontaktar. Du skal også installere eit bad med tre spottar og lys over speil, samt varmekabel og termostat m/sparetemperatur og golvfølar. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 3 ELENERGISYSTEMER. Romkategori: Verkstad. Nettsystem: IT / TT Spenning: 230 V Inntaksdata: o Ik max.: 5,8 ka. o Ik min.: 1,6 ka. Jordingssystem. Ringjord. Skildring av oppgåva. I ein verkstad skal du installere to lysarmaturar styrt av to impulsbrytarar, samt to doble 16A stikkontaktar over arbeidsbenk og ein 3 fase 16A stikkontakt for kompressor. Verkstaden har ein liten garderobe med eige dusjrom som skal utførast med varmekabel og termostat m/golvfølar. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 4 ELENERGISYSTEMER. Romkategori: Opphaldsrom 20m 2 Nettsystem: TN Spenning: 230/400 V Inntaksdata: o Ik max.: 4,8 ka. o Ik min.: 1,4 ka. Jordingssystem. Ringjord. Skildring av oppgåva. I eit opphaldsrom i ein underetasje med parkett på betonggolv skal du installere tre spottar over dimmer, samt nok 16A stikkontakter i høve til NEK400. Romet skal ha elektrisk oppvarming med varmekabel og termostat m/golvfølar og du skal utføre utrekning av varmebehov for denne installasjonen. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 5 ELENERGISYSTEMER. Romkategori: Kjøkken Nettsystem: TN Spenning: 230/400 V Inntaksdata: o Ik max.: 5,8 ka. o Ik min.: 1,9 ka. Jordingssystem. Ringjord. Skildring av oppgåva. I eit kjøkken med 5 meter benkeplate skal du installere nok stikkontaktar over benkeplate og stikkontaktar for separat steikeomn og platetopp i høve til NEK 400. Belysning skal vere tre spottar over dimmer og lys under overskap på brytar. Det skal vere opplegg for varmtvasstank på 2 kw i benkeskap. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 6 ELENERGISYSTEMER. Romkategori: Garasje med betonggolv. Nettsystem: IT / TT Spenning: 230 V Inntaksdata: o Ik max.: 5,1 ka. o Ik min.: 0,9 ka. Jordingssystem. Jordspyd. Skildring av oppgåva. I ein garasje skal du installere to lampar styrt av rørslesensor, samt stikkontakt for portopnar og ein dobbel 16A stikkontakt over arbeidsbenk. Du skal også installere ein 3 fase 16A stikkontakt over arbeidsbenk for kompressor. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 7 ELENERGISYSTEMER. Romkategori: Vaskehall. Nettsystem: TN Spenning: 230/400 V Inntaksdata: o Ik max.: 5,5 ka. o Ik min.: 1,7 ka. Jordingssystem. Jordspyd. Skildring av oppgåva. I ein vaskehall skal du installere to lampar styrt av brytar, samt ein 3 fase 16A stikkontakt for høgtrykkspylar ved dør. Du skal definere romet etter informasjon frå eigar (deg) for nødvendig klassifisering av utstyr. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 8 ELENERGISYSTEMER. Romkategori: Stoverom 20m 2. Nettsystem: TN Spenning: 230/400 V Inntaksdata: o Ik max.: 5,1 ka. o Ik min.: 1,4 ka. Jordingssystem. Ringjord. Skildring av oppgåva. I ei stove skal du installere tre spottar styrt av dimmer, samt stikkontaktar ved TV og stereobenk. Romet skal varmast opp med panelomn styrt av termostat med sparetemperatur. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Hovudoppgåve Oppgåve nr.: 9 ELENERGISYSTEMER. Romkategori: Kjøkken Nettsystem: IT / TT Spenning: 230 V Inntaksdata: o Ik max.: 5,9 ka. o Ik min.: 1,6 ka. Jordingssystem. Ringjord. Skildring av oppgåva. I eit kjøkken med fire meter benkeplate skal du installere nok stikkontaktar over benkeplate, og stikkontaktar for oppvaskmaskin og komfyr i høve til NEK 400. Belysning skal vere tre spottar over dimmar og lys under overskap på brytar. Det skal vere opplegg for varmtvasstank på 1,7 kw i benkeskap. Du skal dimensjonere og installere inntak og fordeling som har tilstrekkelig med kurssikringar og utstyr til oppgåvene du skal løyse, samt eit fornuftig tal på kursar i ein slik installasjon.
Oppgåve nr.: 1 AUTOMATISERTE SYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg og vern til 3 fase motor som skal direktestartast med motorvernbrytar. Motor er av type 3 fase asynkron. I n les du av på motorskilt. Lag ei funksjonsskildring med fordelar og ulemper.
Oppgåve nr.: 2 AUTOMATISERTE SYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg og vern til 3 fase motor som skal ha start, stopp og naudstopp, samt varsellampar for Stopp, Drift og Feil (motorvern utløyst). Motor er av type 3 fase asynkron. I n les du av på motorskilt. Lag ei funksjonsskildring med fordelar og ulemper.
Oppgåve nr.: 3 AUTOMATISERTE SYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: I eit naust skal du installere kursopplegg og vern til 3 fase motor for vinsj som skal ha dreieretningsvending samt varsellampar for Stopp, Drift begge retningar, samt Feil (motorvern utløyst). Motor er av type 3 fase asynkron. I n les du av på motorskilt. Lag ei funksjonsskildring med fordelar og ulemper.
Oppgåve nr.: 4 AUTOMATISERTE SYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg og vern til 3 fase motor som skal ha automatisk stjerne/trekantvending i startarskap. Motor er av type 3 fase asynkron. I n les du av på motorskilt. Lag ei funksjonsskildring med fordelar og ulemper.
Oppgåve nr.: 5 AUTOMATISERTE SYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg og vern til 3 fase motor for pumpestasjon for avløpsvatn. Anlegget skal ha ein beteningsbrytar (av/på) og pumpa skal starte og stoppe automatisk, avhengig av nivå i tanken. Automatikk skal også gi varselsignal ved for høgt nivå og for lavt nivå (sjå skisse). Motor er av type 3 fase asynkron. I n les du av på motorskilt. Lag ei funksjonsskildring med fordelar og ulemper.
Oppgåve nr.: 6 AUTOMATISERTE SYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg og vern til 1 fase motor for ein dreiebenk. Motoren skal direktestartast med ein motorvernbrytar. Foreslå motortype og forklar virkemåte. I n les du av på motorskilt. Lag ei funksjonsskildring med fordelar og ulemper.
Oppgåve nr.: 7 AUTOMATISERTE SYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg og vern til 3 fase motor som skal styre eit transportband. Motoren skal styrast via ein frekvensomformar. Det skal vere naudstopp i begge endar av transportbandet. Motor er av type 3 fase asynkron. I n les du av på motorskilt. Lag ei funksjonsskildring med fordelar og ulemper. ut frå valde referanseinstallasjonsmetode.
Oppgåve nr.: 1 TELE OG DATASYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg for to doble Cat5e/Cat6 kontaktar for data med tilhøyrande kablar. Lag koplingsskjema, forklar virkemåte og utfør/skildre: Korleis sluttkontroll skal utførast, inkludert kva målingar som skal utførast. Kva regelverk som gjeld for installasjon av eit slikt anlegg. Kva dokumentasjon som vert kravd for eit slikt anlegg. Kven som har kontrollfunksjon med eit slikt anlegg.
Oppgåve nr.: 2 TELE OG DATASYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg for kunde som ønskjer RiksTv med tilhøyrande antenne, kabel og ein kontakt. Lag koplingsskjema, forklar virkemåte og utfør/skildre: Korleis sluttkontroll vert utført, inkludert kva målingar som skal utførast. Kva regelverk som gjeld for installasjon av eit slikt anlegg. Kva dokumentasjon som vert kravd for eit slikt anlegg. Kven som har kontrollfunksjon med eit slikt anlegg.
Oppgåve nr.: 3 TELE OG DATASYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg for porttelefonanlegg med eit utvendig apparat og ein innvendig svartelefon. Korleis sluttkontroll skal utførast, inkludert kva målingar som skal utførast. Kva regelverk som gjeld for installasjon av eit slikt anlegg. Kva dokumentasjon som vert kravd for eit slikt anlegg. Kven som har kontrollfunksjon med eit slikt anlegg.
Oppgåve nr.: 4 TELE OG DATASYSTEM. Romkategori: Som hovudoppgåve. Nettsystem: Spenning: Inntaksdata: o Ik max.: o Ik min.: Jordingssystem. Skildring av oppgåva: Du skal installere kursopplegg for to stykk branndetektorar med tilhøyrande straumforsyning. Lag koplingsskjema, forklar virkemåte og utfør/skildre: Korleis sluttkontroll skal utførast, inkludert kva målingar som skal utførast. Kva regelverk som gjeld for installasjon av eit slikt anlegg. Kva dokumentasjon som vert kravd for eit slikt anlegg. Kven som har kontrollfunksjon med eit slikt anlegg.