2012
Velkommen til ein ny sesong! Sogn og Fjordane Fotballkrets ønskjer alle miniputtar velkommen til ein ny sesong. Kongleriket miniputt turneringar gjev tette arrangementet, med god intimitet mellom barn, trenarar og foreldre. Kretsen ønskjer i lag med klubbane å nytte turneringane til positivt haldningsskapande arbeid. Vårt mål er at så mange miniputtar som mogeleg skal få eit flott fotballtilbod og oppleve meistring og trivsel i trening og kamp. I frå 2011 har vi innført færre, men større turneringar. Vi konkluderar med at resultatet vart betre arrangement og meir variert kampoppsett. SFFK skal i år gjennomføre ca. 20 klubbkveldar, geografisk fordelt i heile fylket. Målet er å sette fokus på barnefotballen sine verdiar og verkemiddel. Fotball er den største idretten i Noreg, og det er den klart raskast veksande idretten for jenter? Kretsen sitt mål er å få med like mange jenter som gutar, og vi utfordrar kvar einaste klubb til å stille med reine jentelag. På tinget i november vedtok klubbane at kretsen i 2012 skal ha reine 6 års klasser. Arrangørklubbane må hugse å ha med påmelding også for denne årsklassa. Miniputt turneringane er kretsen sitt obligatoriske tilbod i miniputt, men i løpet av 5 år med minifotball bør det vere progresjon, og frå 2011 tilbyr vi friviljug seriespel 9-10 åringar. Husk refleksvest i mørke SFFK har i samarbeid med vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Sogn og Fjordane laga retningslinjer for gode arrangement. Kampar og turneringar er ein viktig del av barna sin Spis sunt aktivitet, og vi veit gode opplevingar gjev mykje motivasjon. året rundt Kretsen har kvar turneringsrunde fokus på haldningsskapande arbeid. Alle arrangørar skal gjennomføre Fair Play, frukt og grønt sal og trafikktrygging men kvar runde har i tillegg eit særskild hovudfokus. Minip turner 2012 Nytt i fjor var barn hjelper barn. Tiltaket fikk både nasjonal og internasjonal merksemd, og blir vidareført i 2012. Miniputtspelarane i Sogn og Fjordane skal i lag med krets/nff/norsk Folkehjelp følgje opp og hjelpe Hong Tien landsbyen i Huong Tra distriktet. Tida er no inne for å måle krefter med andre, men hugs at over kampen om poenga står respekten for kvarandre, andre spelarar, leiarar og dommarar. Hugs at Fair Play er meir enn gule og raude kort, det handlar om framferda mot andre. Ha ein feiande flott sesong, og vi vonar at fotballengasjement, glede og flotte arrangement gjer at endå fleire får lyst til å vere med Sogn og Fjordane FK Robert Endestad Kretsleiar Svein Olav Myklebust Dagleg leiar
ar for årets arrangement 1. Søndag 06.05 Hovudfokus: Fair Play Fagkveldar for trenarar i barnefotballen 6-12 år 2. Søndag 10.06 Hovudfokus: Frukt og grønt 3. Søndag 26.08 Hovudfokus: Barn hjelper barn SFFK skal i 2012 arrangere fagkveldar for trenarar i miniklassane i alle kommunar i fylket. Ein klubb vert sett opp som arrangør og alle klubbane i kommunen/regionen vert innvitert. Tema for desse kveldane er trening av spelarar i barnefotballen. Fagkveldane vil innehalde litt teori og ei praksisøkt. Opplegget er bygt opp av NFF sentralt. Det er ein del av NFF si satsing på å auke kvaliteten i barnefotballen rundt om i heile landet. SFFK brukar sine beste instruktørar i barnefotballen på desse fagkveldane. Dersom du ikkje har høyrt noko frå klubben din om ein sånn kveld kan ein kontakte SFFK. SFFK tilbyr i også fleire einkveldsmodular og enkle trenar/leiarkurs rundt barnefotball. Interesserte klubbar kan kontakte SFFK. 4. Søndag 16.09 Hovudfokus: Trafikksikker klubb Vi ønskjer at Meir Idrett, trafikktryggleik og Fair Play er tema på alle turneringar, men vi har eit særskild hovudfokus for kvar turnering. I tillegg vil vi at alle arenaer skal vere røykfrie.
Årets arrangementplassar SOGN 1 Lærdal 06.05 Jortun 10.06 Aurland 26.08 Årdalstangen 16.09 SOGN 2 Kaupanger 06.05 Hafslo 10.06 Bjørn 26.08 Sogndal 16.09 SOGN 3 Balestrand 06.05 Syril 10.06 Vik 26.08 Høyang 16.09 SUNNFJORD 1 Askvoll/Holmedal 06.05 Gaular 10.06 Hyllestad 26.08 Dale 16.09 Luster, Norane Vadheim, Kyrkjebø, Atløy, Fure, Viksdalen, Lavik, Bjordal SUNNFJORD 2 Tambarskjelvar 06.05 Svelgen 10.06 Eikefjord 26.08 Florø 16.09 NORDFJORD 1 Sandane 13.05* Breimsbygda 10.06 Vikane 26.08 Jølster 16.09 NORDFJORD 2 Stryn 06.05 Loen 10.06 Hornindal 26.08 Eid 16.09 NORDFJORD 3 Skavøypoll 06.05 Selje 17.06* Stadlandet 26.08 TMFK 16.09 Kvammen, Førde Oppstryn, Olden, Veten, Heia Haugen, Bremanger, Stårheim, Kjølsdalen, Flatraket, Leirgulen/Davik, Ålfoten I minifotballen skal det spelast 5ar fotball. SFFK ber om at arrangørane organiserar turneringane med seks baner. Ein kan gjerne spele med ulik storleik på banene, slik at dei minste spelar på mindre bane enn dei største, t.d. variere frå 20x40 og ned til 15x30. Vi tek atterhald om korrigeringar, sjå www.sffk.no Fleire baner gjev meir speletid for laga, og mindre baner for dei minste gjev meir ballkontakt. God organisering gjev altså auka kvalitet. Elles håpar vi at arrangørane kan lage kampoppsett som gjev like mange kampar på kvart lag og at laga får møte nye lag frå andre klubbar, som deltek i turneringa. Miniputtane bør spele minimum 3 kampar og samla speletid bør vere omlag 60 minutt.
Hovudfokus 1 Hovudfokus 2 HOVUDFOKUS SØNDAG 6. MAI: Fair Play Med Fair Play skal vi styrke fotballen si rolle som formidlar av positive verdiar til barn og unge. Fair Play er mykje meir enn gule og raude kort. Det handlar om respekt, og vår framferd på og utanfor bana. SFFK vil vere tilstades med representantar på alle miniputturneringane Tiltak på miniputturneringa: Arrangør har eit hovudansvar for å følgje opp retningslinjer for Fair Play og stimulere til god framferd gjennom eit godt og velordna arrangement. Arrangør skal bruke kampvertvestar og vere eit godt vertskap for publikum, eigne og gjestande lag. Foreldrevettreglane er eit lite kort som blir delt ut på cupar, turneringar og fotballskular. Målet er å påverke foreldre og føresette til å vise ein sunn og fornuftig oppførsel på sidelinja. Les meir om foreldrevettreglane bak i brosjyren. Oppfølging av Fair Play helsing. Fair Play helsing skal gjennomførast etter alle kampar. Laga stiller opp på to rekker på midten i lag med lagleiar/trenar og dommar. Heimelag går forbi og handhelsar. HOVUDFOKUS SØNDAG 10. JUNI: Frukt og grønt Sogn og Fjordane FK ønskjer å stå for sunne verdiar og godt kosthald. I lag med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Opplysningskontoret for frukt og grønt tilbyr vi no ei grøn kioskløysing, som også gjev god økonomi. Vi oppfordrar difor arrangørar om å selje frukt og grønt på alle miniputturneringar i 2012. Gå inn på www.frukt.no/mer for å bestille startpakke og få råd og vink. Sjå også på www.sffk.no og klikk på kampanjeboksen MER. SFFK støttar alle større fotballtiltak (dvs. cupar og turneringar) med opp til kr 500,- (etter rekning). Bruk mal og retningslinjer som er sendt klubbleiar. Bama held fram med rabattordninga som sikrar idretten 50% refusjon ved kjøp av frukt og grønt (mot kvittering). Les alt om ordninga på www.bama.no Er du førstegangsbrukar og framleis usikker? Då er Hildegunn i fotballkretsen klar til å hjelpe deg. Ring 57628700 eller bruk e-post Hildegunn. Hove@fotball.no REMA 1000, Meny, Matvarehuset Ultra, CC Mat, Jacobs, Joker, Kiwi, Centra, Spar og Eurospar, Safari, Helgø Matsenter. BAMA refunderer 50% til idrettslaget mot innsendt kvittering og faktura. Sjå www.bama.no
Hovudfokus 3 Hovudfokus 4 HOVUDFOKUS SØNDAG 26. AUGUST: Barn hjelper barn HOVUDFOKUS SØNDAG 16. SEPTEMBER: Trafikksikker fotballklubb SFFK vidarefører bistandsprosjektet Barn hjelper Barn i 2012, kor vi rettar fokus på miniputtane i Hong Tien i Vietnam. Hong Tien i Hue-provinsen, ligg midt i eit område kor det var harde kampar under Vietnam-krigen, frå 1954 til 1975. Området kryr av ueksploderte bomber og granatar, og dette utgjer eit trugsmål, særleg for barna. Befolkninga i dette området består av ulike minoritetsgruppar og fattigdommen er særs stor. NFF og Norsk Folkehjelp har åpna ein fotballklubb for barna i barneskulen, der barna har fått ein bane å vere på (fri for minar), det er rydda vegar som er trygge å gå på, og barna får opplæring i korleis dei kan oppdage og gjenkjenne miner. Medlemskontigenten er på 60 øre i månaden, men i Hong Tien har mesteparten ikkje råd å betale. I 2011 vart det for første gang arrangert turnering i området, kor barna gikk i opptog på trygge stiar gjennom jungelen for å komme til bana. SFFK utfordrar miniputtlaga i Sogn og Fjordane til å samle inn litt pengar/ arrangere tiltak til inntekt for barna i Hong Tien, gjerne under seriekampar eller andre arrangement i regi av klubben. Hugs å ta bilete frå tiltaka. Tiltaka bør vere avslutta til 26.08. I runde 3, den 26.08, vil SFFK ha eit eige opplegg på våre 8 turneringar. SFFK får med gode samarbeidspartnarar til å løyve kr.1,- pr.scoring, kor pengane uavkorta går til prosjektet i Hong Tien. Vi håpar også at arrangørar kan sette ekstra fokus på prosjektet denne dagen. Meir info blir gitt i eiga brosjyre. Dette er dagen da det verkeleg er lov å ha krut i støvlane. Kvart mål gjer utteljing. Dommarane registrerer kampresultat, og alle arrangørar sender samla oversikt på scora mål til kretsen. Innsamla midlar går til konkrete utviklingsprosjekt og forbetring av infrastruktur i Hong Tien. SFFK vil legge ut saker på eiga heimeside rundt prosjektet etterkvart. Sjå www.sffk.no Konto for innsamla midlar: 3705.19.42214 Sogn og Fjordane FK samarbeider med Statens Vegvesen, Fylkestrafikktryggingsutvalet, Trygg Trafikk og politiet om å gjere transport til og frå trening og kamp så trygg og god som mogeleg. Sjå meir om vårt tryggleiksarbeid på vår heimeside www.sffk.no og trykk på 0-0 visjonen. Ein arrangør må ha fokus på følgjande: Parkering Alle miniputtarrangørar skal fokusere på trygg og ordna parkering. Bilar på kryss og tvers, kombinert med små ivrige fotballspelarar er ein farleg kombinasjon. Arrangørar kan bli nekta å få terminfesta turnering, om dei ikkje kan syte for parkeringsareal med aktive parkeringsvakter. Spot Kvar arrangør vil i forkant av arrangementet få tilsendt ein trafikktryggleiks spot med oppfordring om bruke bilbelte. Denne skal lesast opp 2-3 gonger i løp av arrangementet, og spesielt før heimreise. Refleks til alle i runde 4 I runde 4 deler SFFK i lag med samarbeidspartnarar ut refleks til alle deltakarane, slik at borna er klar til å møte haustmørke. Tips for ei god og trygg reise 1. Kollektiv transport til kamp Bruk klubb-buss eller fast avtale buss/drosjeselskap 2. Ved privat køyring/foreldrekøyring til kamp Ansvarleg reisekoordinator Køyr i følgje Bruk erfarne sjåførar Ha god tid til kamp. Køyr til avtalt tid. Somling skapar stress. Bruk bilbelte Sei ifrå Alkohol/rus og idrett høyrer ikkje saman Ikkje driv øvingskjøring med andre spelarar i bilen
God planlegging er halve gleda FØR TURNERING Invitasjon til laga 14 dagar før. * Kampoppsett blir sendt ut i god tid * Prøv gjerne å få med nye lag Planlegg annonsering/kunngjering og omtale i media Merk opp banene Planlegg kioskdrift (frukt/grønt) Skaffe premiar Innhent diplomar Avtal med speaker Planlegg trygg parkering- ha parkeringsvakter med vest Varsle vakthavande lege om turneringa * Sjekk ut kven som er kretsen sin representant. Ver godt vertskap. Dommarane skal vere skulerte og enten ha ordinært dommarutstyr, eller dommar t-skjorte frå SFE. ARRANGEMENTET Heng opp flagg (klubbflagg, norske flagg) Arrangør ønskjer laga velkommen Gode og reine garderobar Kiosk med fruktsal Organisert parkering God speakerteneste Synlege vakter Hugs Fair Play tiltak Banene må haldast reine (boss, toalett osv.) Førstehjelpsutstyr (båre etc.) Sparebanken Sogn og Fjordane sine flagg som arrangørane mottar skal plasserast godt synleg Arrangør skal syte for at dommarane brukar tilsendte t-skjorter frå kretsen. Dersom Sparebanken Sogn og Fjordane, tillitsvalde, eller andre samarbeidspartnarar er tilstades, er det viktig at klubben er godt vertskap. BANENE Seks godt merka minibaner. Del ei stor bane i seks. Vrimleplass i midten av banene Gode og veltesikre mål. Bruk 2x5m, men 3x2m og 2x4m kan òg nyttast Nok ballar til kamp og oppvarming 40m 40m 20m 20m 20m TERMINLISTE - KAMPGJENNOMFØRING Sikre ca. 1 time speletid samla, td. ved 4 x 13 min. eller 4x 13 min. kampar. Sikre at laga får møte motstandarar frå andre klubbar Legg vekt på jamn motstand Legg vekt på likeverdig tilbod på gute/jenteseriar Ikkje bruk resulatservice NB! Alle skal spele like mykje, og det skal rullerast på startoppstilling. Topping av lag er ikkje tillete
Tips til vaksne FORELDREVETTREGLAR: Våre miniputtarrangement er sjølvsagt røykfrie! Enten du er mor, far, bestemor, bestefar eller fotballinteressert. Ver ein god rollemodell, og hjelp oss å holde fotballarrangementa røykfrie. 1. Møt opp på trening og kamp - barna ønskjer det 2. Gje oppmuntring til alle spelarane - ikkje berre ditt eige barn 3. Gje oppmuntring i medgong og motgong 4. Respekter trenar/lagleiar sin bruk av spelarar - seriøse innspel kan du gje etter kampen 5. Sjå på dommaren som ein rettleiar - respekter avgjerdslene 6. Stimuler og oppmuntre ditt barn til å delta - ikkje press 7. Spør om kampen var morosam og spanande - ikkje berre spør om resultat 8. Sørg for riktig og fornuftig utstyr - men ikkje overdriv 9. Vis respekt for klubben sitt arbeid - delta på foreldremøte for å avklare haldninger og ambisjonar TRENINGSTIPS: Bruk få spelarar på kvart lag i treningssamanheng Unngå lange køar på trening - involver barna Gje alle barn lik merksemd Leik, trivsel og utvikling er viktigare enn kampresultat Ein leikprega barnefotball stimulerer ungane til eigenaktivitet Treningstilbod kan gjevast året rundt 10. Tenk på at det er ditt barn som spelar fotball - ikkje du 11. Vis respekt for andre - ikkje røyk på sidelinja 12. Hugs at barna gjer som du gjer - ikkje som du seier Vi står saman om Fair Play Norsk Tipping og Norges Fotballforbund
Heilt Kongle! Vi ønskjer at unge fotballspelarar skal få utvikle seg i sitt eige nærmiljø. Difor har vi vore med å opne omlag 100 balløkker. I Kongleriket, like ved ei av balløkkene, bur Lucy Lemen. Ho bles seg opp så ho blir like rund som ein fotball når ho blir sint. Les meir om dyra i Kongleriket og sparing for born på www.kongleriket.no