FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 23.04.2015 Tid: 16:00-1730 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Anne Martinsen, Krf Gustav Folkestad, V Haldor Tuft, Sp Marianne Borge, Sp Aud May Boge, H Steinar Berland, H Stina Kvåle Bergesen, Krf Forfall og møtande varamedlemmer: Hans Ekeberg, Ap, hadde forfall. For han møtte Roald Samnøy, Krf, som vararepresentant. Roger Hoel, Frp, hadde også forfall. For han møtte Egil Rosvoll, Frp som vararepresentant. Andre som var tilstade på møtet: Einingsleiar Terje Raunsgard Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Anne Martinsen leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 27.april 2015 Anne Martinsen Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 015/15 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 20.02.2015 OG 05.03.2015 016/15 SKRIV OG MELDINGER TIL UPM 23.04.2015 017/15 DELEGERTE SAKER TIL UPM 23.04.2015 018/15 SØKNAD OM RAMMELØYVE - FRÅDELING AV BUSTADTOMT OG OPPFØRING AV EINEBUSTAD - DISPENSASJON FRÅ PLANGRUNNLAG 019/15 GBNR 54/9 - DRAGEIDE - TORIL & LEIV RØD - SØKNAD OM BYGGING AV NAUST 020/15 GBNR. 101/30 - REVNE - HANS OLAV LINDØEN - PÅBYGG PÅ HYTTE 021/15 GBNR. 112/10 - BÅRTVEIT STORE - TONE IRENE NORDTVEIT - OPPFØRING AV HYTTE 022/15 GBNR 23/54 - EIKELAND ØVRE - OLE BJØRN EIKELAND - LØYVE TIL TILTAK - UTESTOVE
015/15: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 20.02.2015 OG 05.03.2015 Møtebok frå møtet 20.02.2015 og 05.03.2015 vert godkjent. Saksdokument: Ikkje vedlegg : Møteprotokoll frå møtet 20.02.2015 og 05.03.2015 Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke med ei presisering: «Møtebok frå møtet 20.02.2015 og 05.03.2015 vert godkjent», vert endra til: «Møtebok frå møtet 19.02.2015 og 05.03.2015 vert godkjent.» UPM-015/15 VEDTAK: Møtebok frå møtet 19.02.2015 og 05.03.2015 vart samrøystes godkjent. 016/15: SKRIV OG MELDINGER TIL UPM 23.04.2015 Skriv og meldingar vert teke til orientering. Det var ei kort orientering ved plan- og bygningssjefen om administrasjonen sine tankar og syn på dei endringane i plan- og bygningslova(plandelen) som vart vedtekne ved lov 19.desember 2014 og som tredde i kraft 1.januar 2015. Skriv og meldingar vart etter dette tekne samrøystes til orientering.
UPM-016/15 VEDTAK: Skriv og meldingar vart tekne samrøystes til orientering. 017/15: DELEGERTE SAKER TIL UPM 23.04.2015 Delegerte saker vert tekne til orientering. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tekne til orientering med ei presisering til administrasjonen i delegert saknr DUPM 42/15: Utvalet for plan- og miljø ber adminstrasjonen fylgje opp vedtak i delegert saknr DUPM 42/15 slik: 1. Mellombels løyve til plassering av forflåte skal avsluttast innan 14.mai 2015. 2. Adminstrasjonen vert beden om å ta kontakt med Fylkeskommunen vedrørande sletting av lokalitet 34117- Skåtholmen i samsvar med vedtak i UPM saknr 43/14, der lokaliteten skulle ha vore avslutta innan 1.juni 2014. Den er ikkje rydda pr. d.d. Administrasjonen føl dette opp når mellombels løyve er gått ut på dato. Gustav Folkestad, V, sa seg ugild då drøftinga av denne aktuelle saka starta. Han vart samrøystes kjend ugild og gjekk i frå. Han tredde innatt i møtet etter gjennomført røysting. UPM-017/15 VEDTAK: Delegerte saker vart samrøystes tekne til orientering. 018/15: SØKNAD OM RAMMELØYVE - FRÅDELING AV BUSTADTOMT OG OPPFØRING AV EINEBUSTAD - DISPENSASJON FRÅ PLANGRUNNLAG Fusa kommune gjev dispensasjon frå plangrunnlag, LNF-område og gjev løyve til frådeling av bustadtomt på 2499m 2 på gbnr 13/2, Holmefjord nordre, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover dispensasjonen fylgja gjeldande lover og føresegn. 2. Ny frådelt hustomt skal fylgja retningslinjer gjeve for spreidd LNF bustadbygging i Arealdelen av kommuneplan for Fusa kommune.
3. Vegrett for ny parsell skal tinglysast. Tiltaket er heimla i plan og bygningslova 20-1,19-2, Og i Jordlovas 12. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke med eit tillegg: «4. At Fylkesmannen i Hordaland ikkje har merknader til tiltaket.» UPM-018/15 VEDTAK: Fusa kommune gjev dispensasjon frå plangrunnlag, LNF-område og gjev løyve til frådeling av bustadtomt på 2499m 2 på gbnr 13/2, Holmefjord nordre, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover dispensasjonen fylgja gjeldande lover og føresegn. 2. Ny frådelt hustomt skal fylgja retningslinjer gjeve for spreidd LNF bustadbygging i Arealdelen av kommuneplan for Fusa kommune. 3. Vegrett for ny parsell skal tinglysast. 4. At Fylkesmannen i Hordaland ikkje har merknader til tiltaket. Tiltaket er heimla i plan og bygningslova 20-1,19-2, Og i Jordlovas 12. 019/15: GBNR 54/9 - DRAGEIDE - TORIL & LEIV RØD - SØKNAD OM BYGGING AV NAUST RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK Fusa kommune gjev ikkje løyve til dispensasjon frå Plan- og bygningslova 19-2, og arealdelen av kommuneplanen for bygging av naust på gbnr. 54/9, Drageid. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-019/15 VEDTAK: Fusa kommune gjev ikkje løyve til dispensasjon frå Plan- og bygningslova 19-2, og arealdelen av kommuneplanen for bygging av naust på gbnr. 54/9, Drageid.
Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2. 020/15: GBNR. 101/30 - REVNE - HANS OLAV LINDØEN - PÅBYGG PÅ HYTTE Fusa kommune vil delvis godkjenna omsøkt tiltak på gbnr. 101/30, på fylgjande vilkår: 1. At tiltaket skal fylgjer gjeldande lover, føresegner og byggjetekniske forskrifter (TEK 10). 2. At Fusa kommune får melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-020/15 VEDTAK: Fusa kommune vil delvis godkjenna omsøkt tiltak på gbnr. 101/30, på fylgjande vilkår: 1. At tiltaket skal fylgjer gjeldande lover, føresegner og byggjetekniske forskrifter (TEK 10). 2. At Fusa kommune får melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. 021/15: GBNR. 112/10 - BÅRTVEIT STORE - TONE IRENE NORDTVEIT - OPPFØRING AV HYTTE Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon for rammeløyve til bygging av hytte på gbnr. 112 /10, Baldersheim, på fylgjande vilkår: 1. At tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner.
2. At tiltakshavar må få løyve til avkøyrsle og løyve til avlaup før ein søkjer om igangsetjing. 3. At Bjørnefjorden landbrukskontor og Fylkesmannen i Hordaland ikkje har merknader til tiltaket. 4. At Fusa kommune skal ha tilsendt søknad om igangsetjing før tiltaket kan startar. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-021/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon for rammeløyve til bygging av hytte på gbnr. 112 /10, Baldersheim, på fylgjande vilkår: 1. At tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. At tiltakshavar må få løyve til avkøyrsle og løyve til avlaup før ein søkjer om igangsetjing. 3. At Bjørnefjorden landbrukskontor og Fylkesmannen i Hordaland ikkje har merknader til tiltaket. 4. At Fusa kommune skal ha tilsendt søknad om igangsetjing før tiltaket kan startar. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. 022/15: GBNR 23/54 - EIKELAND ØVRE - OLE BJØRN EIKELAND - LØYVE TIL TILTAK - UTESTOVE Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, til bygging av utestove på gbnr. 23/54, Eikeland Øvre, på fylgjande vilkår: 1. At tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. At Fylkesmannen i Hordaland ikkje har merknader til tiltaket. 3. At Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-2.
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-022/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, til bygging av utestove på gbnr. 23/54, Eikeland Øvre, på fylgjande vilkår: 1. At tiltaket skal fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. At Fylkesmannen i Hordaland ikkje har merknader til tiltaket. 3. At Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-2.