Utsleppsløyve etter forureiningslova for TINE Meieriet Hardanger Løyve er gjeve i medhald av forureiningslova, 11 jf. 16 og endra i medhald av 18. Løyvet erstattar Utsleppsløyve etter forureiningslova for TINE Meieriet Vest BA, Hardanger datert 7. mars 2012. Løyvet gjeld frå dags dato. Ved endringar som kan ha noko å seie for miljøet, skal verksemda søkje Fylkesmannen om dette, sjølv om utsleppa ligg innanfor dei fastsette grensene. Verksemdsdata Verksemd TINE Meieriet Hardanger Lokalisering/gateadresse Sjusetevegen 14 Postadresse Postboks 63 Postnummer og poststad 5604 Øystese Kommune og fylke Kvam i Hordaland Org. nummer (verksemd) 973 064 991 NACE-kode og bransje 10.510 Produksjon av meierivarer Referansane til Fylkesmannen Løyvenummer Anleggsnummer Risikoklasse 1 2012.050.T 1238.0009.01 4 Løyve gitt: 07.03.2012 Endringsnummer: 2 Sist endra: 06.10.2017 Sissel Storebø e.f. senioringeniør Magne Nesse senioringeniør 1 Jf. forureiningsforskrifta. Kapittel 39. Gebyr til statskassen for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova
Innhald 1. Produksjonstilhøve...3 2. Generelle vilkår...3 2.1 Plikt til å redusere forureining...3 2.2 Plikt til førebyggjande vedlikehald...3 2.3 Tiltak ved auka fare for forureining...3 2.4 Internkontroll...3 3. Utslepp til vatn...4 3.1 Utsleppsavgrensingar...4 3.2 Utsleppsreduserande tiltak, reinseanlegg m.m....4 3.3 Utsleppsstad for prosessavløp...5 3.4 Kjølevatn...5 3.5 Overflatevatn...5 3.6 Sanitæravløpsvatn...5 4. Utslepp til luft...5 4.1 Utsleppsavgrensing...5 4.2 Forbruk av brensel...5 4.3 Krav til utsleppshøgde...6 4.4 Støv...6 5. Støy...6 5.1 Støydempande tiltak...6 6. Energi...6 7. Grunnforureining...7 8. Testing og substitusjon av kjemikaliar...7 9. Avfall...7 9.1 Generelle krav...7 9.2 Handtering av farleg avfall...8 9.3 Handtering av næringsavfall...8 10. Førebyggjande og beredskapstiltak mot akutt forureining...8 10.1 Miljørisikoanalyse...8 10.2 Førebyggjande tiltak...9 10.3 Etablering av beredskap...9 10.4 Varsling om akutt forureining...9 11. Utsleppskontroll og rapportering til Fylkesmannen...9 11.1 Journalføring...9 11.2 Måleprogram...9 11.3 Prøvetaking...9 11.4 Analyse...10 12. Utskifting av utstyr...10 13. Eigarskifte...10 14. Nedlegging og driftsstans...10 15. Tilsyn...11 2
1. Produksjonstilhøve Løyvet gjeld forureining frå produksjon av kremost og kremostbaserte produkt på inntil 1 700 tonn per år. Løyvet gjeld også for vaskemiddelforbruk på inntil 200 tonn per år. 2. Generelle vilkår 2.1 Plikt til å redusere forureining All forureining frå verksemda, også utslepp til luft og vatn og dessutan støy og avfall, er isolert sett uønskt. Sjølv om ein held utsleppa innanfor fastsette utsleppsgrenser, pliktar verksemda å redusere utsleppa sine, også støy, så langt dette er mogleg utan urimelege kostnader. 2.2 Plikt til førebyggjande vedlikehald For å halde dei ordinære utsleppa på eit lågast mogleg nivå, og for å unngå utilsikta utslepp, skal verksemda syte for førebyggjande vedlikehald av utstyr som kan ha noko å seie for utslepp. System og rutinar for vedlikehald av slikt utstyr skal vere dokumenterte, jf. internkontrollforskrifta 5-7 2. 2.3 Tiltak ved auka fare for forureining Dersom unormale driftstilhøve eller andre grunnar fører til fare for auka forureining, pliktar verksemda å setje i verk dei tiltaka som trengst for å eliminere eller redusere den auka forureiningsfaren, også redusere eller innstille drift, om det er nødvendig. Verksemda skal så snart som mogleg informere Fylkesmannen om unormale tilhøve som har eller kan få noko å seie for forureining. Verksemda skal varsle akutt forureining i samsvar med pkt. 10.4. 2.4 Internkontroll Verksemda skal ha internkontroll som skal sikre og dokumentere at verksemda følgjer opp krava i dette løyvet og i forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter til desse lovene. Verksemda pliktar å halde internkontrollen oppdatert. Verksemda pliktar alltid å ha oversikt over alle aktivitetar som kan føre til forureining og kunne gjere greie for risikotilhøva. Systemet må også innehalde rutinar for registrering og dokumentasjon av produksjon, råstofforbruk, avfall osv. Eventuelle avvik frå gjeldande krav og korleis avvik blir følgt opp, skal også registrerast. Under dette skal registrering av klager på utslepp, lukt og støy inngå, og dessutan tiltak som er gjennomført i tilknyting til dette. 2 Internkontrollforskrifta. Systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder 3
3. Utslepp til vatn 3.1 Utsleppsavgrensingar Verksemda skal i størst mogleg grad jamne utsleppet ut over døgnet eller delar av døgnet etter nærare avtale med kommunen. Følgjande utsleppsgrenser gjeld: Utsleppskomponent Mengde per døgn (kg) Konsentrasjon (mg/l) Gj.snitt Maksimalt Gj.snitt Maksimalt Organisk stoff (BOF 5 ) 42 63 1200 1800 Kjemisk oksygenforbruk (KOF Cr ) 70 105 2000 3000 Feitt 7 10 200 300 Suspendert stoff (SS) 16 25 450 700 ph 6 10 Temperatur C 25 50 Verksemda må halde så jamn ph som mogleg innanfor intervallet. Temperatur i samla avløpsvatn skal vere så låg at interne reinseprosessar og måleutstyr fungerar optimalt og slik at nedstraums reinseanlegg ikkje får driftsproblem. Temperaturen skal ikkje overstige 50 C. Verksemda skal registrere vassforbruket kontinuerleg. Verksemda må vurdere kontinuerleg ph-overvåking av prosessavløpsvatnet der all logging av ph vert arkivert. Det bør etablerast alarm på ph-målaren. Signaloverføring av ph-verdiane bør skje til kontrollrom i verksemda. 3.2 Utsleppsreduserande tiltak, reinseanlegg m.m. Verksemda skal generelt avgrense vassforbruket i så stor grad som mogleg. Lagertankar og liknande skal sikrast på ein slik måte at eventuelle uhell ikkje medfører utslepp. Avløpsvatn som inneheld olje frå verkstader eller liknande skal reinsast tilfredsstillande i oljeavskiljar eller tilsvarande reinseeining i samsvar med gjeldande krav til utslepp 3. 3.3 Utsleppsstad for prosessavløp (endra i vedtak av 06.10.2017) Verksemda skal føre prosessavløpet sitt inn på offentleg avløpsnett via reinseanlegget for kommunalt avlaupsvatn på Notaneset med utslepp i Ytre Samlafjorden, fram til produksjonen vert avslutta i juni 2019. Heradet kan eventuelt sette eigne krav for påslepp med heimel i forureiningsforskrifta kapittel 15A. 3 Jf. forureiningsforskrifta. Kapittel 15. Krav til utslepp av avløpsvatn som inneheld olje 4
Verksemda må informere heradet dersom avløpsvatnet si samansetjing og mengde vert endra i høve til det som vert sleppt ut på leidningsnettet i dag. 3.4 Kjølevatn Verksemda har utslepp av kjølevatn frå homogenisatorar og skrapekjølarar. Noko kjølevatn og isvatn går til gjenbruk. Verksemda pliktar så langt det er mogleg å resirkulere kjølevatnet. 3.5 Overflatevatn Verksemda skal handtere avrenning av overflatevatn frå uteareal slik at det ikkje fører til skade eller ulempe for miljøet. 3.6 Sanitæravløpsvatn Verksemda skal føre sanitæravløpsvatn til offentleg avløpsnett 4. 4. Utslepp til luft 4.1 Utsleppsavgrensing Verksemda skal utføre produksjonen på ein måte som ikkje medfører ulemper for naboar og lokalmiljø. Diffuse utslepp må ikkje vere til vesentleg sjenanse utanfor anlegget. Verksemda skal avgrense diffuse utslepp mest mogleg. I samband med unormale driftssituasjonar eller driftsstans som kan medføre luktulemper utanfor område til verksemda, skal verksemda varsle naboar som blir råka av dette. Planlagt driftsstans ved vedlikehald og liknande skal verksemda utføre på tidspunkt som gir minst mogleg luktspreiing til omgjevnadane. 4.2 Forbruk av brensel Verksemda kan bruke inntil 125 000 liter fyringsolje med lågt innhald av svovel i året. Svovelinnhaldet i fyringsolje som blir brent i fyringsanlegg utan røykgassreinsing skal ikkje overstige 0,10 vektprosent svovel 4. 4.3 Krav til utsleppshøgde Verksemda skal leie røykgassar frå kjelanlegget ut gjennom eksisterande skorstein 2,7 meter over taket. Verksemda skal sikre at avgassar og røykgassar får nok løft for å unngå nedslag, gjennom tilstrekkeleg utsleppsfart og røykgasstemperatur. Fylkesmannen kan setje krav om endring av utsleppshøgde og/eller andre tiltak viss miljøulempene i nærmiljøet blir større enn medrekna. 4 Jf. forureiningsforskrifta. Kapittel 8. Svovelinnhald i fyringsolje 5
4.4 Støv Verksemda må leggje aktivitetane opp på ein slik måte at sjenerande støv ikkje slepp ut av produksjons- og transportsystema. 5. Støy Utandørs støy frå verksemda ved bustader, sjukehus, pleieinstitusjonar, fritidsbustader, utdanningsinstitusjonar og barnehagar, blir målt eller rekna ut som frittfeltsverdi ved den mest støyutsette fasaden, og skal ikkje overskride desse grensene: Kvardagar Laurdagar Søn- og helgedagar Kveld kl. 19 23 kvardagar Natt kl. 23 07 alle døgn Natt kl. 23 07 alle døgn 55 Lden 50 Lden 50 Lden 50 Levening 45 Lnight 60 LAFmax Lden er A-vega ekvivalent støynivå for dag/kveld/natt med 10 db/5 db tillegg på natt/kveld. Levening er A-vega ekvivalent støynivå for kveldsperioden 23 07. Lnight er A-vega ekvivalent støynivå for nattperioden 23 07. LAFmax er A-vega maksimalnivå for dei 5 10 mest støyande hendingane innanfor perioden, målte/utrekna med tidskonstant Fast på 125 ms. Verksemda skal halde seg innanfor alle støygrenser alle driftsdøgn. Støygrensene gjeld all støy frå den ordinære drifta til verksemda, medrekna intern transport på verksemdsområdet og lossing/lasting av råvarer og produkt. Støy frå bygg- og anleggsverksemd og frå ordinær persontransport av dei tilsette er likevel ikkje omfatta av grensene. 5.1 Støydempande tiltak Trafikk på område til verksemda, samt lasting og lossing, skal i størst mogleg grad gå føre seg på dagtid. Trafikk i tidsrommet kl. 23 07 bør verksemda unngå. Dei same krava gjeld for eventuelle andre støyande operasjonar. Portar til lokale som lagar støy, samt portar som vender mot bustadar, skal i størst mogleg grad haldast lukka. 6. Energi Verksemda skal ha eit system for kontinuerleg vurdering av tiltak som kan setjast i verk for å oppnå ein mest mogleg energieffektiv produksjon i anlegga. Energistyringssystemet skal vere i samsvar med norsk standard for energileiing og vere ein del av internkontrollen i verksemda, jf punkt 2.4. 7. Grunnforureining Verksemda skal vere innretta slik at det ikkje skjer utslepp til grunnen som kan føre til nemnande skader eller ulemper for miljøet. Verksemda pliktar heile tida å ha oversikt over mogleg forureina grunn som finst på anleggsområdet. Det same gjeld faren for spreiing, og om det er trong for 6
undersøkingar og tiltak. Dersom det er nødvendig å setje i verk undersøkingar eller andre tiltak, skal forureiningsstyresmakta varslast om dette. 8. Testing og substitusjon av kjemikaliar Med kjemikaliar meiner ein her kjemiske stoff og stoffblandingar som vert brukte i verksemda, både som råstoff i prosess og som hjelpekjemikaliar som til dømes vaskemiddel, hydraulikkvæsker og brannsløkkingsmiddel. Kjemikaliar som vert nytta på ein slik måte at det kan medføre fare for forureining, skal vere testa for kor lett dei lar seg bryte ned, toksisitet og kor lett dei vert akkumulerte i naturen. Berre laboratorium som er godkjende i samsvar med Good Laboratory Practice (GLP) og /eller akkreditert i samsvar med NS-EN/IEC 17025:1999, kan gjere testane. Verksemda pliktar å etablere eit system for substitusjon av kjemikaliar. Verksemda skal heile tida vurdere faren for skadelege effektar på helse og miljø av dei kjemikaliane som vert nytta, og om det finst alternativ. Både skadelege effektar knytt til produksjon, bruk og endeleg disponering av produkt, skal vurderast. Der det finst betre alternativ, pliktar verksemda å nytte desse så langt ein kan utan urimeleg kostnad eller ulempe. 5 9. Avfall 9.1 Generelle krav Verksemda pliktar, så langt det er mogleg utan urimelege kostnader eller ulemper, å unngå at verksemda fører til at det blir danna avfall. Særleg skal verksemda avgrense innhaldet av skadelege stoff i avfallet mest mogleg. Verksemda pliktar å syte for at alt avfall, også farleg avfall, blir handtert i samsvar med gjeldande reglar for dette fastsette i eller med heimel i forureiningslova, under dette avfallsforskrifta 6. Avfall som oppstår i verksemda, skal ein søkje å få gjenbrukt i produksjonen i verksemda eller i produksjonen til andre verksemder, eller for avfall som kan brennast søkje å utnytte det til energiproduksjon internt/eksternt. Slik utnytting må likevel vere i samsvar med gjeldande reglar fastsette i eller med heimel i forureiningslova og krav som er fastsette i dette løyvet. Brenning av avfall er ikkje tillate. 5 Jf Produktkontrolloven 3a 6 Avfallsforskrifta. Gjenvinning og handtering av avfall 7
9.2 Handtering av farleg avfall Verksemda skal handtere farleg avfall i samsvar med gjeldande reglar for farleg avfall 7. Farleg avfall som blir lagra i påvente av levering/henting skal verksemda sikre, slik at lageret ikkje fører til avrenning til grunnen, overflatevatn eller avløpsnett. Lageret skal også vere sikra mot avdamping av forureining til luft. Lageret skal dessutan vere sikra mot uvedkommande. 9.3 Handtering av næringsavfall Næringsavfall og restar av råstoff skal verksemda ta hand om på ein slik måte at det ikkje gir sjenerande lukt, verken inne i produksjonslokala/-lagera eller utanfor verksemda. Verksemda skal levere næringsavfallet til gjenvinning når det finst tilgjengelege mottaks- og gjenvinningsmoglegheiter for sortert avfall, eller at avfallet blir brukt i eigen produksjon. Ut over dette har verksemda ansvar for at næringsavfallet blir levert til kommunal avfallshandtering eller til anna avfallshandteringsanlegg med løyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet eller Fylkesmannen. Dette løyvet grip ikkje inn i kommunen sin rett til å stille spesielle krav til samansetninga av avfallet. 10. Førebyggjande og beredskapstiltak mot akutt forureining 10.1 Miljørisikoanalyse Verksemda skal gjennomføre ei miljørisikoanalyse av verksemda si, og vurdere resultata med tanke på akseptabel miljørisiko. Verksemda skal kartleggje moglege kjelder til akutt forureining av vatn, grunn og luft. Verksemda skal dokumentere miljørisikoanalysen som skal omfatte alle tilhøve ved verksemda som kan medføre akutt forureining med fare for helse- og/eller miljøskadar inne på eller utanfor området. Om produksjonstilhøva blir modifiserte og endra, skal verksemda oppdatere miljørisikoanalysen. Verksemda skal ha oversikt over dei miljøressursane som ei akutt forureining, med dei helse- og miljøkonsekvensane ho fører med seg, kan få følgjer for. 10.2 Førebyggjande tiltak På grunnlag av miljørisikoanalysen skal verksemda setje i verk risikoreduserande tiltak. Verksemda skal vurdere tiltak med tanke både på å redusere utslepp. Verksemda skal ha eit oppdatert oversyn over dei førebyggjande tiltaka. 10.3 Etablering av beredskap Verksemda skal, på bakgrunn av miljørisikoanalysen og dei risikoreduserande tiltaka som er sette i verk, etablere og vedlikehalde ein beredskap mot akutt forureining om det trengst. Beredskapen skal heile tida vere tilpassa den miljørisikoen som 7 Avfallsforskrifta. Kapittel 11. Farleg avfall 8
verksemda representerer. Minst ein gong i året skal ein øve på beredskapen mot akutt forureining. 10.4 Varsling om akutt forureining Akutt forureining eller fare for akutt forureining skal verksemda varsle i samsvar med gjeldande forskrift 8. Ved akutt utslepp av prosessavløpsvatn skal verksemda også varsle Kvam herad. 11. Utsleppskontroll og rapportering til Fylkesmannen 11.1 Journalføring Verksemda skal føre journal over utsleppstilhøve og avfallsmengde som blir levert til godkjent mottakar. Journalføringa skal skje slik at krav til dokumentasjon gitt av myndigheita blir følgt. Journalane skal vere skriftlege og bli tatt vare på i minimum 3 år. 11.2 Måleprogram Verksemda skal gjennomføre kontrollmålingar av utslepp til vatn. Formålet med målingane er å sikre og dokumentere at gitte krav blir haldne. Tidspunktet for prøvetaking skal vere i samsvar med ein tidsplan som er laga på førehand og inngår i internkontrollen til verksemda. 11.3 Prøvetaking Verksemda skal ta prøver av prosessavløpsvatnet for innhald av organisk stoff, (BOF 5 og KOF Cr ), suspendert stoff (SS), feitt og ph. Prøvetakinga skal vere mengdeproporsjonal og skal takast minimum 4 gonger per år. BOF, KOF og SS skal takast som døgnblandeprøver. Prøvane skal konserverast og oppbevarast i samsvar med Norsk standard eller annan anerkjent laboratoriepraksis. Vassforbruket, avløpsmengda og produksjonsdata skal verksemda registrere kvar dag i prøvetakingsperioden. Verksemda skal ta prøvene under normale driftstilhøve, også i høve der produksjonen er høgare enn vanleg. Resultata etter kvar prøveserie skal sendast til Kvam herad. Fylkesmannen kan krevje vidare prøvetaking av avløpsvatnet for innhald av andre relevante parametrar. 11.4 Analyse Prøvetaking og analyse skal utførast etter CEN-standard eller Norsk standard (NS). Dersom det blir brukt andre metodar skal verksemda dokumentere at metoden gir tilsvarande nøyaktige resultat som NS. Verksemda er ansvarleg for at metodar og 8 Forskrift om varsling av akutt forureining eller fare for akutt forureining 9
utføring er forsvarleg kvalitetssikra, og at prøvetakingspunkt blir etablert på stader som gjer det mogleg å ta prøver av utsleppa i samsvar med aktuelle standarar. Verksemda skal bruke akkrediterte laboratorium for prøvetaking og analyse der det er mogleg. 12. Utskifting av utstyr Dersom verksemda skal skifte ut utstyr som gjer det teknisk mogleg å motverke forureiningar på ein vesentleg betre måte enn då løyvet vart gitt, skal Fylkesmannen på førehand få melding om dette. Når verksemda byter ut utstyr skal det liggje til grunn at ein nyttar dei beste, tilgjengelege teknikkane med sikte på å motverke forureining. 13. Eigarskifte Dersom verksemda blir overdregen til ny eigar, skal verksemda sende melding til Fylkesmannen så snart som mogleg og seinast ein månad etter eigarskiftet. 14. Nedlegging og driftsstans Dersom anlegget blir nedlagt eller verksemda stansar for ein lengre periode, skal eigaren eller brukaren til ei kvar tid gjere det som trengst for å motverke fare for forureiningar. Viss anlegget eller verksemda kan medføre forureiningar etter nedlegginga eller driftsstansen, skal verksemda på førehand og i rimeleg tid gi melding til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan fastsetje nærare kva tiltak som trengst for å motverke forureining. Ved nedlegging eller stans skal verksemda syte for at det blir teke hand om råvarer, hjelpestoff, halvfabrikat eller ferdig vare, produksjonsutstyr og avfall på forsvarleg måte, og syte for at farleg avfall blir handtert i samsvar med gjeldande forskrift 9. Tiltaka verksemda set i verk i samband med dette skal rapporterast til Fylkesmannen innan 3 månader etter nedlegging eller stans. Rapporten skal også innehalde dokumentasjon på korleis kjemikalierestar og ubrukte kjemikalium blir disponerte og namn på mogleg(e) kjøpar(ar). Ved nedlegging skal verksemda syte for at driftsstaden blir sett i tilfredsstillande stand att med tanke på miljøet. Viss verksemda ønskjer å starte verksemda på nytt, skal ho gi melding til Fylkesmannen i god tid før planlagt oppstart. 9 Avfallsforskrifta. Kapittel 11. Farleg avfall 10
15. Tilsyn Verksemda pliktar å la representantar for forureiningsmyndigheitene føre tilsyn med anlegget til ei kvar tid. 11