MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 01.06.2017 Tid: kl.13:00-18:30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk 24.05.2017. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Agnete Digranes Årvik Turid Glesnes William Sandven Lindborg Magne Djuvik Lars Erik Dalland Ranveig Næss Marianne Borge Gustav Folkestad Parti Ap Ap Ap Frp H H Sp V Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Jan Birger Landøy Sp Roger Hoel uavhengig Frå administrasjonen møtte: Terje Raunsgard, fung. ass. Rådmann Arild Knutsen, byggesakshandsamar Helle Holte Bruland, arealplanleggar Jan Egil Leirstein, plan- og bygningssjef Møtenotat: Orientering: Plan- og bygningssjefen orienterte om overlevering av rapport vedkomande faresonekart i NVE sin regi. Overleveringa skjedde 9.mai og ein syner til heimesida til NVE. Faresonekart vil vera eit nyttig verkty i framtidig kommunal planlegging og byggesakshandsaming. Karta vil også vera nyttige med tanke på evt beredskapsplanlegging og samfunnstryggleik. Synfaring: Det vart gjennomført synfaring frå kl 1300 - til 1415 i saknr 44. Spørsmål og svar: Plan- og bygningssjefen orienterte om status i adressearbeidet(syner til info på kommunen si heimeside) og status i saker som var oppe sist møte. Heilt til slutt i møtet tok utvalsleiar Magne Djuvik opp fylgjande: På bakgrunn av nyleg vedteke arealplan opplever Fusa Kommune stor pågang av private reguleringsplanar som tiltakshavar ønskjer gjennomført. Dette er svært positivt for Fusa Kommune. I tillegg har kommunen på eige initiativ starta arbeid med ei rekkje planar og det er ei rekkje planar ein ønskjer å få fullført denne perioden. Av aktuelle planar kan nemnast:
Aquaplanen Områdeplan Eikelandsosen Heiane industriområde Evt rullering av bustaddelen i arealplanen, industriområde / tømmerkai på Samnøy, samt starte planarbeid for området rundt FNBS med tanke på ei utviding av institusjonen. Det er i dag knappe ressursar både på administrativ og politisk side når det gjeld denne type arbeid. På denne bakgrunn vil utvalet oppmoda Kommunestyret til å sjå på ressursituasjonen. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Magne Djuvik, Frp, leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 6.juni 2017 Magne Djuvik Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær Side 2
Sakliste Sak nr. Tittel 037/2017 Godkjenning av møteprotokoll 038/2017 Skriv og meldingar 039/2017 Delegerte saker 040/2017 GBNR 61/2 Handsaming av søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom 041/2017 Søknad om godkjenning av bestandsplan for hjort 2017-2019 042/2017 Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL 043/2017 Gbnr. 7/34 - Boge nedre - einebustad - annan gongs handsaming etter klage frå Fylkesmannen 044/2017 Gbnr. 34/18 - Opsal - dispensasjon til bygging av kai og naust på tomt nr. 10 045/2017 Framlegg til planprogram - Områdeplan for Samnøy Industriområde 046/2017 GBNR 77/2 m.fl. - Skåte - Søknad om oppstart - Detaljregulering for bustader, fritidsbustader og parsellhage på Skåte 047/2017 GBNR - 85/141 m.fl. - Strandvik - Detaljregulering for Strandvik bygdepark 048/2017 GBNR 24/2 - Lambanesheiane - Detaljregulering for Lambaneset bustadområde 049/2017 GBNR 25/1 m.fl. - Berge - Detaljregulering for Berge Naturstein 050/2017 GBNR 40/3 m.fl.- Nedre Skjørsand - Godkjenning av detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg 051/2017 GBNR 20/1 - Tollaneset - Detaljregulering for Todlaneset bustad og næring 052/2017 GBNR 114/1 m.fl. - Femanger - Oppstart av detaljregulering for Femanger laks 053/2017 GBNR 34/61 - Opsal - dispensasjon frå reguleringsplan Opsalmarka II 054/2017 Gbnr. 84/75 - Tuft - bygging av garasje 055/2017 GBNR 4/43 - Tveiten Søndre - bygging av tilbygg til hytte 056/2017 GBNR. 120/22 - Sundvor - dispensasjon - tilbygg til eksisterande fritidsbustad 057/2017 GBNR. 77/112 - Skåte - dispensasjon for bygging av terrasse 058/2017 Gbnr. 4/77 - Tveiten søndre - bygging av nytt kontorbygg for Hordaland rørteknikk as 059/2017 Gbnr. 15/22 - Ådland søndre - bygging av tilbygg til bustad 060/2017 GBNR 42/1- Skjelbreid - Deponering av restmasser frå Fusa Ferdigbetong - Søknad om rammeløyve og dispensasjon frå LNF - Område - Godkjenning Side 3
037/2017: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 20.04.17 vert godkjent. UPM- 037/2017 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 20.04.17 vert godkjent. 038/2017: Skriv og meldingar Skriv og meldingar vert teke til etterretning. UPM- 038/2017 Vedtak: Skriv og meldingar vert teke til etterretning. 039/2017: Delegerte saker Delegerte saker vert tekne til etterretning. UPM- 039/2017 Vedtak: Delegerte saker vert tekne til etterretning. 040/2017: GBNR 61/2 Handsaming av søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom Side 4
Fusa kommune gjev Sindre Helland konsesjon for kjøp av landbrukseigedommen 61/2 Aspeneset på Tegland. Vedtaket har heimel i Konsesjonslova 1 og 9 UPM- 040/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev Sindre Helland konsesjon for kjøp av landbrukseigedommen 61/2 Aspeneset på Tegland. Vedtaket har heimel i Konsesjonslova 1 og 9 041/2017: Søknad om godkjenning av bestandsplan for hjort 2017-2019 Fusa kommune godkjenner 3 årig bestandsplan for hjort for Hålandsdal viltlag. Det vert tildelt 114 fellingsløyve i perioden 2014-2016. Dette gjev eit teljande areal på 515 da pr løyve og er i tråd med kommunens minsteareal. Avskytinga skal vere som planen synar. og det skal ikkje vere større avvik enn 10 % iden totale avskytinga eller av dei ulike kjønnsog alderskategoiriane. Vedtaket har heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt 19 Side 5
UPM- 041/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner 3 årig bestandsplan for hjort for Hålandsdal viltlag. Det vert tildelt 114 fellingsløyve i perioden 2014-2016. Dette gjev eit teljande areal på 515 da pr løyve og er i tråd med kommunens minsteareal. Avskytinga skal vere som planen synar. og det skal ikkje vere større avvik enn 10 % iden totale avskytinga eller av dei ulike kjønnsog alderskategoiriane. Vedtaket har heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt 19 042/2017: Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL Fusa kommune godkjenner Lokal strategi for tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) for perioden 2017-2020, slik han ligg føre i saka. Vedtaket er heimla forskrift tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket, 1 og 8. UPM- 042/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner Lokal strategi for tildeling av tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) for perioden 2017-2020, slik han ligg føre i saka. Vedtaket er heimla forskrift tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket, 1 og 8. 043/2017: Gbnr. 7/34 - Boge nedre - einebustad - annan gongs handsaming etter klage frå Fylkesmannen Fusa kommune tek klagen frå Fylkesmannen i Hordaland til følgje, og gjev ikkje dispensasjon for rammeløyve til bygging av einebustad på gbnr. 7/34, Boge nedre. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og jordlova 9. Side 6
Utvalet sette fram eit felles framlegg: Saka vert utsett til tiltakshavar har fått avklart vegrett. Dette framlegget vart samrøystes vedteke. UPM- 043/2017 Vedtak: Saka vert utsett til tiltakshavar har fått avklart vegrett. 044/2017: Gbnr. 34/18 - Opsal - dispensasjon til bygging av kai og naust på tomt nr. 10 Fusa kommune gjev ikkje løyve til bygging av kaianlegg med utfylling i sjø, bryggje med utfylling i sjø, bygging av båtoppdrag og bygging av naust, på gbnr. 34/18, Opsal. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2. Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM- 044/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev ikkje løyve til bygging av kaianlegg med utfylling i sjø, bryggje med utfylling i sjø, bygging av båtoppdrag og bygging av naust, på gbnr. 34/18, Opsal. Side 7
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2. 045/2017: Framlegg til planprogram - Områdeplan for Samnøy Industriområde Fusa kommune godkjenner oppstart av planarbeid med områdeplan for Samnøy industriområde. Planprogrammet vert lagt på høyring og til offentleg ettersyn i minimum seks veker frå vedtak. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-9. Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. Ranveig Næss, H, stilte spørsmål om ho er ugild då far hennar er styreleiar i Hordaland rørteknikk som er lokalisert i Nore Fusa industriområde som igjen er ein del av heile området som no er tenkt områderegulert. Ho gjekk i frå. Utvalet vedtok samrøystes at ho ikkje var ugild. Ho tok plass igjen i møtet. Rådmannen sitt framlegg vart etter det samrøystes vedteke. UPM- 045/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner oppstart av planarbeid med områdeplan for Samnøy industriområde. Planprogrammet vert lagt på høyring og til offentleg ettersyn i minimum seks veker frå vedtak. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-9. 046/2017: GBNR 77/2 m.fl. - Skåte - Søknad om oppstart - Detaljregulering for bustader, fritidsbustader og parsellhage på Skåte Fusa kommune gjev løyve til at det startast arbeid med detaljregulering på Skåte, og ser Side 8
fordelar med at eldre plan vert oppdatert, då særskilt med omsyn til nye bustader. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8. Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 046/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev løyve til at det startast arbeid med detaljregulering på Skåte, og ser fordelar med at eldre plan vert oppdatert, då særskilt med omsyn til nye bustader. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8. 047/2017: GBNR - 85/141 m.fl. - Strandvik - Detaljregulering for Strandvik bygdepark Fusa kommune gjev oppstart til arbeid med detaljregulering for Strandvik bygdepark. Plangrensa inkluderar elva og deler av vegen som går igjennom sentrumsområdet. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8. Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 047/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev oppstart til arbeid med detaljregulering for Strandvik bygdepark. Plangrensa inkluderar elva og deler av vegen som går igjennom sentrumsområdet. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8. Side 9
048/2017: GBNR 24/2 - Lambanesheiane - Detaljregulering for Lambaneset bustadområde Fusa kommune gjev oppstart til arbeid med detaljregulering for Lambaneset bustadområde, med plan-id 1241201706. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8. Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 048/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev oppstart til arbeid med detaljregulering for Lambaneset bustadområde, med plan-id 1241201706. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8. 049/2017: GBNR 25/1 m.fl. - Berge - Detaljregulering for Berge Naturstein Fusa kommune vedtek å leggja detaljregulering for Berge Naturstein på høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist er 6 veker. Vedtaket er gjort i medhald av plan og bygningslova 12-10 og 12-11. Side 10
Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 049/2017 Vedtak: Fusa kommune vedtek å leggja detaljregulering for Berge Naturstein på høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist er 6 veker. Vedtaket er gjort i medhald av plan og bygningslova 12-10 og 12-11. 050/2017: GBNR 40/3 m.fl.- Nedre Skjørsand - Godkjenning av detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg Fusa kommune godkjenner detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg, 28.04.2017 (plankart 27.04.2017), med plan-id 1241200810. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-12. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. Roger Hoel, uavhengig, sette fram fylgjande framlegg: Saka krev konsekvensutgreiing før ein tek stilling til detaljplanen. Dette framlegget fekk 2 røyster: Roger Hoel, uavhengig og Magne Djuvik, Frp. Resten av utvalet røysta i mot. Roger Hoel, uavhengig, sette så fram fylgjande framlegg: Saka vert utsett for å gjennomføre synfaring. Dette framlegget fekk 2 røyster: Roger Hoel, uavhengig og Magne Djuvik, Frp. Resten av utvalet røysta i mot. Side 11
Gustav Folkestad, V, sette fram fylgjande framlegg: Å tilrå rådmannen sitt framlegg med fylgjande tillegg under føresegn 1: 1.4. Det skal leggjast fram driftsplan for næringsdelen av planen (hotell, utleie,båthamn) før det vert gitt rammeløyve. Utvalet røysta deretter for dette og vedtok med 7 mot 2 røyster, å tilrå rådmannen sitt framlegg med tillegg under føresegn 1: 1.4. Det skal leggast fram driftsplan for næringsdelen av planen (hotell, utleie,båthamn) før det vert gitt rammeløyve. Dei som røysta for dette var: Gustav Folkestad, V, Turid Glesnes, William Lindborg, Agnete Årvik, alle Ap, Marianne Borge, Sp, Ranveig Næss og Lars Erik Dalland, H. Roger Hoel, uavhengig og Magne Djuvik, Frp, røysta i mot. UPM- 050/2017 Vedtak: Utvalet tilrår rådmannen sitt framlegg med fylgjande tillegg under føresegn 1: 1.4. Det skal leggast fram driftsplan for næringsdelen av planen (hotell, utleie,båthamn) før det vert gitt rammeløyve. 051/2017: GBNR 20/1 - Tollaneset - Detaljregulering for Todlaneset bustad og næring Fusa kommune gjev løyve til at det startast arbeid med detaljregulering for bustad og næring på GBNR 20/1 Tollaneset i Eikelandsosen, med plan-id 1241201704. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8. Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. Roger Hoel, uavhengig, sette fram fylgjande framlegg: Utvalet for plan og miljø avviser oppstart av planarbeid, og syner til Fylkesmannen sin uttale der det peikast på at bruk av sjøareal ikkje er i tråd med kommuneplanen. Dette framlegget fekk ei røyst: Roger Hoel, uavhengig. Side 12
Rådmannen sitt framlegg vart vedteke med 8 mot 1 røyster. Roger Hoel, uavhengig, røysta i mot. UPM- 051/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev løyve til at det startast arbeid med detaljregulering for bustad og næring på GBNR 20/1 Tollaneset i Eikelandsosen, med plan-id 1241201704. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1, 12-3 og 12-8. 052/2017: GBNR 114/1 m.fl. - Femanger - Oppstart av detaljregulering for Femanger laks Fusa kommune gjev løyve til oppstart av detaljregulering for Femanger laks på GBNR 114/1 m.fl. med plan-id 1241201610. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1 og 12-3. Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 052/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev løyve til oppstart av detaljregulering for Femanger laks på GBNR 114/1 m.fl. med plan-id 1241201610. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-1 og 12-3. 053/2017: GBNR 34/61 - Opsal - dispensasjon frå reguleringsplan Opsalmarka II Side 13
Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå reguleringsplan på gbnr 34/61, Opsal, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket må vera i samsvar med innsend søknad, dagsett 19.12.2016. 3. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Uttaler frå ungsområdet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 053/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå reguleringsplan på gbnr 34/61, Opsal, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket må vera i samsvar med innsend søknad, dagsett 19.12.2016. 3. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. 054/2017: Gbnr. 84/75 - Tuft - bygging av garasje Fusa kommune gjev dispensasjon til oppføring av omsøkt garasje på gbnr. 84/75, Tuft, på følgjande vilkår: Side 14
1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er dagsett 06.01.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og forskrifter. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. UPM- 054/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev dispensasjon til oppføring av omsøkt garasje på gbnr. 84/75, Tuft, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er dagsett 06.01.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og forskrifter. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. 055/2017: GBNR 4/43 - Tveiten Søndre - bygging av tilbygg til hytte Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå pbl. 1-8, til tilbygg på fritidsbustad, Side 15
gbnr. 4/43, Tveiten søndre, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. UPM- 055/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå pbl. 1-8, til tilbygg på fritidsbustad, gbnr. 4/43, Tveiten søndre, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. 056/2017: GBNR. 120/22 - Sundvor - dispensasjon - tilbygg til eksisterande fritidsbustad Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå pbl. 1-8, til tilbygg på fritidsbustad, gbnr. 120/22, Sundvor, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. Side 16
UPM- 056/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå pbl. 1-8, til tilbygg på fritidsbustad, gbnr. 120/22, Sundvor, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. 057/2017: GBNR. 77/112 - Skåte - dispensasjon for bygging av terrasse Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon til bygging av terrasse til bustadhus på gbnr. 77/112, Skåte, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. UPM- 057/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon til bygging av terrasse til bustadhus på gbnr. 77/112, Skåte, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. Side 17
058/2017: Gbnr. 4/77 - Tveiten søndre - bygging av nytt kontorbygg for Hordaland rørteknikk as Fusa kommune gjev løyve til oppføring av nytt kontorbygg på gbnr. 4/77, Tveiten søndre, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad med utskriftsdato 05.04.2017 og dispensasjonssøknad dagsett 10.05.2017, og i samsvar med vedlegg til desse. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald av gjeldande lover og forskrifter, og vera godkjent av Arbeidstilsynet. 3. Bygget må ha ein minsteavstand på 6 meter frå høgspentlina i området. 4. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. 5. Det eksisterande kontorbygget for Hordaland rørteknikk kan ikkje rivast før det er søkt kommunen om dette og kommunen har gjeve løyve til dette. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Ranveig Næss, H, stilte spørsmål om ho var ugild då far hennar er styreleiar i Hordaland rørteknikk som er tiltakshavar. Ho gjekk i frå. Ho vart samrøystes kjend ugild, jfr fvl 6, 2. ledd. Det var ikkje kalla inn varamedlem for henne. Rådmannen sitt framlegg vart etter det samrøystes vedteke. UPM- 058/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev løyve til oppføring av nytt kontorbygg på gbnr. 4/77, Tveiten søndre, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad med utskriftsdato 05.04.2017 og dispensasjonssøknad dagsett 10.05.2017, og i samsvar med vedlegg til desse. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald av gjeldande lover og forskrifter, og vera godkjent av Arbeidstilsynet. 3. Bygget må ha ein minsteavstand på 6 meter frå høgspentlina i området. Side 18
4. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. 5. Det eksisterande kontorbygget for Hordaland rørteknikk kan ikkje rivast før det er søkt kommunen om dette og kommunen har gjeve løyve til dette. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. 059/2017: Gbnr. 15/22 - Ådland søndre - bygging av tilbygg til bustad Fusa kommune gjev dispensasjon frå LNF-føremålet til å byggja eit tilbygg til bustadhus på gbnr. 15/22, Ådland søndre, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket må vera i tråd med søknad, dagsett 04.04.2017, og i tråd med avstandserklæring, underteikna av grunneigar til gbnr. 15/8, jf. avstandserklæring dagsett 23.03.2017. 3. Tiltaket må ikkje få konsekvensar for vasskvaliteten eller vasstilsiget til brønnen til nabo, jf. merknad til nabovarsling. 4. Ved tiltak i den lokale skråninga for å få tilbygget på plass, bør entreprenør vurdera om det i etterkant er naudsynt med sikringstiltak (t.d. mur eller liknande), jf. fråsegn frå kommunegeologen, dagsett 09.05.2017. 5. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Tiltakshavar har sendt skriftleg inn til kommunen at han ynskjer saka trekt. UPM- 059/2017 Vedtak: Tiltakshavar har sendt skriftleg inn til kommunen at han ynskjer saka trekt. Side 19
060/2017: GBNR 42/1- Skjelbreid - Deponering av restmasser frå Fusa Ferdigbetong - Søknad om rammeløyve og dispensasjon frå LNF - Område - Godkjenning Fusa kommune gjev godkjenning for rammeløyve til vesentleg terrengendring og oppretting av midlertidig anleggsvirksomheit/parkering på Gbnr 42/1, Skjelbreid. Fusa kommune gjev også midlertidig dispensasjon frå planstatus LNF- Område. Løyve vert gjeve på fylgjande vilkår: 1. Utover gitt dispensasjon, må tiltaket fylgja gjeldande lovar og føresegner. 2. Nydyrkingsplan må væra godkjend av landbrukskontoret før det vert gjeve ferdigattest for tiltaket. 3. Volum og arealdekning må ikkje vesentleg overstiga vedlagte berekningar utan nabovarsla endringsmelding om dette. 4. Annleggsveg og parkering/opplag må fjernast før det vert gjeve ferdigattest for tiltaket. 5. Tiltaket skal ha utvida nabovarsling med utsending av driftsplan før det vert gjeve igangsettingsløyve. 6. Tiltaket må væra i tråd med Bjørnefjorden landbrukskontor si uttale. 7. Detaljavklaringar med vassleidning og avkjøyringsløyve må føreliggja før det vert gjeve igangsettingsløyve. Vedtaket er heimla i Plan og bygningsloa 20-1og 19-2. Og i Jordlova 9. Ranveig Næss, H, stilte spørsmål om ho var ugild då ho hadde utført landmålararbeid for tiltakshavar. Ho tredde i frå. Utvalet vedtok samrøystes at ho ikkje var ugild. Ho tok plass igjen i møtet. UPM- 060/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev godkjenning for rammeløyve til vesentleg terrengendring og oppretting av midlertidig anleggsvirksomheit/parkering på Gbnr 42/1, Skjelbreid. Fusa kommune gjev også midlertidig dispensasjon frå planstatus LNF- Område. Løyve vert gjeve på fylgjande vilkår: Side 20 1. Utover gitt dispensasjon, må tiltaket fylgja gjeldande lovar og føresegner. 2. Nydyrkingsplan må væra godkjend av landbrukskontoret før det vert gjeve ferdigattest for tiltaket.
3. Volum og arealdekning må ikkje vesentleg overstiga vedlagte berekningar utan nabovarsla endringsmelding om dette. 4. Annleggsveg og parkering/opplag må fjernast før det vert gjeve ferdigattest for tiltaket. 5. Tiltaket skal ha utvida nabovarsling med utsending av driftsplan før det vert gjeve igangsettingsløyve. 6. Tiltaket må væra i tråd med Bjørnefjorden landbrukskontor si uttale. 7. Detaljavklaringar med vassleidning og avkjøyringsløyve må føreliggja før det vert gjeve igangsettingsløyve. Vedtaket er heimla i Plan og bygningsloa 20-1 og 19-2. Og i Jordlova 9. Side 21