ÅRSRAPPORT for PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK 2018 Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU!

Like dokumenter
ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2016

Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD!

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2009

3. Statistikk ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2005

Har alt det ein driv med innan diakonien i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid noko for seg: Evidens er vel fagordet?

ÅRSRAPPORT FOR OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2015

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Velkomen til soknerådskurs

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2006

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Diakoniplan Ulstein sokn

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

Eilev Erikstein Mobil / e-post heimeside: ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2008

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2013

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Jesus taler om sin død

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Plan for diakonal verksemd

Herdla kyrkjelyd Sommar 2017 sommar 2021 Diakoniplan

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Møteprotokoll for møte i

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

Vigsling til andre tenester

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet

Brødsbrytelsen - Nattverden

DEN NORSKE KYRKJA Agder og Telemark biskop

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

SLUTTRAPPORT TRENINGS- OG SAMTALEGRUPPE FOR PÅRØRANDE 2017/HE

Gi muligheter for å møte andre i samme livssituasjon, kunne dele sorghistoriene, og få hjelp til å gå videre i livet.

Velkomen til Røde Kors!

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Foreldregruppe i barnehagen

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Plan for undervisning

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 4. mars 2015

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Til deg som bur i fosterheim år

Tale ved prost Svein Arne Theodorsen ved Nyårsmottaking i Sunnhordland prosti :

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Plan for diakonal verksemd

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Nissedal kyrkjelege fellesråd

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Eit friminutt frå sorga

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

STRATEGI FOR FRIVILLIGHET

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Strategidokument

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Kyrkjeverje. Funksjon. Medlem. Medlem Medlem.

KORLEIS BLIR VEST- TELEMARK.NO BRUKT?

INNKALLING TIL SOKNERÅDSMØTE. Du vert med dette kalla inn til soknerådsmøte tysdag 22.november 2016 kl på kyrkjelydshuset (møterom 2.etasje).

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017

Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje.

Vår grøne. kyrkjelyd

Månadsbrev for Rosa september 2014

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Månadsplan for juni -Nøtteliten-

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Diakoniplan for Herdla sokn - vår 2010 sommar 2013.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Møteprotokoll for Radøy sokneråd

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Saksliste Møteinnkalling 5/17 Godkjenning av møteinnkalling Møteprotokoll 5/17 Godkjenning av protokoll Saker til behandling

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Transkript:

Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU! Visjonen for diakonien i Vest-Telemark er «Å gjera Vest-Telemark til ein varmare stad å bu!». Når kyrkja engasjerer seg i diakonien er det for å lindre naud, bygge gode fellesskap, framme rettferd og verne Skaparverket. Diakonien syner seg i det kvardagslege kyrkjelivet. I eit handtrykk på gudstenesta, i organisering av Fasteaksjonen eller i oppvasken etter føremiddagstreffet for eldre. Diakonien er eit bankande hjarte i kyrkjelydens liv. Somme av oss har fått arbeidet med fagleg leiing av dette arbeidet. Denne rapporten fortel om diakoniarbeidet i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal i regi av prostidiakonen. Brubygging og aktiv lytting. Å jobbe med diakon er å bygge bruer og fellesskap. Grupper er ein god måte å gjere dette på. «Kvart menneske er ei øy som kjent. Så det trengs bruer. Uendelig mange bruer, «skriv Tarjei Vesaas ( 1897-1970). Jesus lyfter opp dei små fellesskap og seier at «der to eller tre er samla i Hans namn, kan det skje noko (Matteus 18,20). Difor har det vore eit ekstra fokus gjennom året på gruppearbeid. Det kan vere ei Ung-sorg gruppe i Vinje, Håpsgruppa ved DPS i Seljord, Guysgroup ved Kvitsund, Samtale om Livet- gruppe ved Psykisk helse i Tokke, Leva- Vidare gruppe for Kviteseid og Seljord i Brunkeberg eller ei Samtale om Dødengruppe i Fyresdal. Diakoni er eit oppdrag. Gjeve i Jesus lære, og diakonen er den som vert sendt for utføre dette oppdraget. Diakonen er det som på engelsk vert kalla «the go-between», ein mellommann mellom dei marginalisera og sentrum. Kyrkjas øyro mellom dei som lever på grensa. I Matteus 25 listar Jesus opp seks kjærleiksgjerningar. Me vert utfordra til å hjelpe ; dei svolten, tyrst,framand, dei som ikkje har klede, sjuk eller sit i fengsel. Slik er fengselsarbeid ein sentral del av diakonien. Prostidiakonen har ansvaret for det diakonale arbeidet i Skogsleiren i Fyresdal, og det gjev store glede å få vera ein del av denne

fantastiske institusjonen. Kvart år kjem det framlegg om nedlegging, men nok ein gong har leiren fått eit nådeår. Ønsker ein rehabilitering av innsette, må ein ta vare på slike soningsplassar. Kampen om Skogsleiren handlar om kva for kriminalomsorg me vil ha. Arbeidsplassane er ei sak for seg sjølv. Men det er mennesket som er verdien både i kriminalomsorga og diakonien. Det diakonale grasrotarbeidet i sorg og kriser er viktig i prostidiakonarbeidet. Sist år har det vore 470 samtaler. Ein nedgang på ti prosent frå i fjor, som nok skuldast pilegrimsvandringar, meir fokus på grupper og vidareutdanning innan vegleiing. Kyrkjas folk ikkje mist diakonane har nærleikskompetanse. Heilt umissande i sorg og krisearbeid. Evne til å tole og ikkje minst ha syn for dei lange oppfølgingane er ei styrke, og ligg i den kyrkjelege ryggmargen. Å gå gjev håp. Går du, så er ikkje alt håplaust. Pilegrimsarbeidet er eit håpsprosjekt som flettar saman mange gode ting. Folkehelse, eksistensielle spørsmål, sorg, soning, lengt og samanheng. Kultur og historie. Etter kvart har det vorte mange gode røynsler med pilegrimsvandringar frå Vest-Telemark til Røldal. Å vandre med håp i samarbeid med KVITO, DPS- Seljord og dei kommunale psykiatritenestene og Vandring mot fridom i samarbeid med Arendal Fengsel avdeling Kleivgrend, er viktige tiltak. Pilegrimsvandring er samarbeid og samhandling. Så skal ein ikkje gløyme at samhandling er komplisert. Men folk som likar kvarandre kan samarbeide om alt. Trass i livssyn. Det er dette som er så fint i Vest-Telemark. Alt det gode samarbeidet som fins. Pilegrimsvandringar er opplevingar, også opplevingar om kor sårbar jord og menneske er. I år leia eg ei fem-dagars vandring for Korsvei til Røldal. Det var midt i den verste tørken, og det kom melding om at all bruk av eld var forbod på fjellet. Slik fekk me ikkje kokt morgonkaffien vår, og fekk merke ørlite grann klima utfordringane. Og kanskje er det von i at den Diakonispalta som skapte mest merksemd i år handla om klima. Mellom anna i NRK Telemark. KLIMA FOR ENDRING Same dag som Statsbudsjettet, kjem ein dramatisk Klimarapport frå FN. Me har bare nokre få år til å gjera hindre at temperturen stig meir enn 1,5 grad. Klimagassane må halverast innan 12 år. Heile Skaparverket ligg med alvorleg feber. Febersenkande medisin er naudsynt. Dei aller sterkaste. Så lever ei sterk tru på fikse energiløysinga som skal berge oss. Løysingar som kan gjera at me i vestlege verda kan halde fram med vårt overforbruk. Etterkvart nyttar det ikkje med febernedsettande medisin. Det går meir mot amputasjon av den verste materialismen fot å berge heile verdas kretsløp. Spørsmålet er berre kor mykje ein må skjere bort.

Vår velstand, mitt forbruk fører andre inn i direkte naud. Dei som òg er mine sysken, og skapte i Guds bilete. I Kalahari må ein buskmann rømme for ørkenen, i Alaska forsvinn inuittanes livsgrunnlag med is smeltinga. Barn døyr av dei aller enklaste sjukdomar. Langt borte, likevel heng det saman med vårt forbruk. For ikkje å seia, mi synd. Kamelar kan me sluke. Det gjer meg kvar dag om me trur at det er godt for noko. Men når ein samstundes vil smyge seg gjennom nålaugo, vert det vanskeleg. Kor mange utgreingar og klimapanel treng me? Kven kan hjelpe oss å med handlingsalternativ? Er det no me skjønar alvoret? (Vest- Telemark Blad 8.10.18) 2. ARBEIDSOMRÅDE OPPRETTING OG OPPFYLGING AV DIAKONIORGANA I KYRKJELYDANE I TOKKE, VINJE, NISSEDAL, KVITESEID OG FYRESDAL Det er diakoniutval i Kviteseid, Nissedal/, Grunge og Fyresdal. Utvala har ansvar for blomehelsingar, helgemesse og diakonidagar. Desse sokna har i 2018 oppdatera Diakoniplanar Vinje/Nesland, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. Samt at Eidsborg/Mo/ Skafså har ein ny plan under arbeid. FORKYNNING OG UNDERVISNING OM DIAKONI. Dette skjer gjennom gudstenester ( 21 ),diakoniundervisning for alle konfirmantane, kursverksemd, soknerådsmøte og diakonispalta i Vest Telemark Blad. OPPLÆRING OG UTDANNING AV FRIVILJUGE MEDARBEIDARAR. Så godt som råd vert det prøvd å følgje opp dei friviljuge. Målet at dei ein eller annan gong gjennom året, får ei rose. Diakonisamlinga for Vest-Telemark er eit årleg og godt samlingspunkt. SAMARBEID MED SOKNERÅD OG KYRKJELEGE TILSETTE Samarbeidet skjer på mange felt. Mellom anna gjennom møte med sokneråd og diakoniutval. Siste år har eg delteke på møte med sokneråd i Nissedal, Tokke og Kviteseid. Samt stabsmøter i Kviteseid, Tokke og Vinje ARBEID MED Å STYRKE FELLESSKAP OG OPPRETTEOMSORGSGRUPPER. Sist år har eg hatt ei sorggruppe eller rettare - Gå vidare - gruppe i Åmot og Leva Vidare gruppe i Kviteseid samt ei Ung- sorg gruppe i Vinje. Tilsaman 78 deltakarar. I samarbeid med Psykisk helse i Tokke vert det arrangert ei Samtale om Livet gruppe (4 gonger med 9 deltakarar ) På Distrikts Psykiatrisk Senter i Seljord vert det gjeve tilbode om samtaler gjennom trefftider annankvar veke dag, og HÅPSgruppe 14 gonger med 42 deltakarar. På Kvitsund er det Guys -Group på Kvitsund. (3 gonger med 31 deltakarar)

ARBEID MELLOM DEI INNSETTE I SKOGSLEIREN I FYRESDAL Diakoniteneste for Skogsleiren held fram som før. Det er månadlege visitorvitjingar. Kvar gong er det om lag 15 innsette som drikk kaffi og et kake med oss.statistikken seier 220. Andreas, Ragnhild, Else og Siv deler på visitor-tenesta. I samband med påska vart det halde nattverdmesse med 15 deltakarar i Tv-brakka. På Diakoniens Dag i Moland kyrkje deltok innsette under forbøna. For sjette året vart det arrangert ei pilegrimsvandring for innsette kalla Vandring mot fridom. Fem innsette deltok saman med Harald Hervik frå leiren. Elles vart Verdsdagen for Psykisk helse markert i leiren med ei samtale knytt til tema for dagen:» Å vera raus. «. Som vanleg kom sosialklassa ved Kvitsund Gymnas på ekskursjon til leiren. Julesamlinga i Skogsleiren er elles ein god inngang til julehøgtida for inn- og tilsette, visitorar og andre knytt til leiren. GJE HJELP TIL MENNESKE I AKUTTE, VANSKELEG LIVSSITUASJONAR. Jamt over tredje kvar veke kjem det nye kontaktar. Elles er det utrykkingar i samband med arbeid i krisegruppene. Fem slike dette året. STOFF TIL KYRKJELYDSBLAD, AVISER, RADIO OG NETTSTADER. Diakonispalta i Vest Telemark Blad er ein fin måte å få ut diakonale drypp på. (46). I Telemark Tidende i Telemarksavisa har eg ei spalte kalla Påfyll. (33) I samband med Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp får me disponere tre avissider i VTB. Prostidiakonen har heimeside og Facebookside, (No er det 1138 som likar det. Opp 98 frå i fjor) Kyrkjelydsblada får og jamleg stoff. Elles prøver ein så godt ein kan å gje formidle stoff til avisene og NRK. HA KONTAKT MED OFFENTLEG SOSIALTENESTE OG HUMANITÆRE ORGAN. Prostidiakonen er med i dei kommunale krisetema i Nissedal, Vinje, Tokke og Kviteseid og Fyresdal. Kontakten med Vest-Telemark Rådet, skular, sosialkontor, barnevern og arbeidsmarknadsbedriftene er god. Samarbeidet med psykisk helse i dei seks Vest -Telemark kommunane (samt KVITO og DPS ) om Å vandre med håp, vart gjennomført for tiande gong. Samla tal på deltakarar var 150. I samband med ny organisering av NAV i Vest- Telemark, er underteikna beden om å vera med i eit Brukarutval for NAV- Vest-Telemark. Sidan 1985 har Vest-Telemark hatt Prostidiakon. Prostidiakonen i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Pengane til stillinga kjem dels frå dei samarbeidande partane og Agder og Telemark bispedømeråd. Diakonatet har eit valt styre. Styreleiar er Oscar J. Garnes, Vinje. Tokke kyrkjelege er vertsfellesråd, har arbeidsgjevaransvar og fører rekneskapen. Dalen er kontorstad for prostidiakonen.

STATISTIKK FOR SAMTALER/ HUSBESØK I DEI EINSKILDE FELLESRÅDSOMRÅDA SAMT DPS I SELJORD OG SKOGSLEIREN I FYRESDAL 4. AKTIVITET VINJE Tre stabsmøter/delteke på Diakoniens dag i Grunge og Rauland/ ansvarleg for Verdiseminaret i Vinje kyrkje i oktober med tema Åsmund O. Vinjes livssyn/deltek på gudsteneste under snøformingsfestivalen i Åmot og Palmesundag Møsstrond/delteke på Helgemesse i Rauland/ leia ei Gå - Vidare gruppe (sju samlingar med 62 deltakarar og ei Ung- sorggruppe (5 samlingar med 15 deltakarar).snakka om Kriser og sorg for Vaksenopplæringa i Åmot og teke initiativ til markering av 7-årsdagen for krigen i Syria/deltek på Trafikkaksjon og pilegrimsvandring med konfirmantane i Vinje/ delteke på 200- årsmesse for Åsmund O. Vinje i Vinje kyrkje/ delteke på Luciafest på Rauland skule/leia to gravferder/ halde appell på Tvaksjons kveld i Vinje huset /deltek på «Levande bok» på Biblioteket i Åmot/

KVITESEID delteke i VIP prosjekt på Kvitsund/ delteke på Diakonidag i Kviteseid kyrkje og Helgemesse same stad /delteke på Stbsdag/ andakt på to føremiddagstreff på Misjonshuset/ andakt på sundagsmøte på Betel/ tala på Sundagsmøte på Misjonshuset og halde festtale på Kvitsund/ forretta i ei gravferd/ eitt møter i Psyko- sosial kriseteam/ i lag med miljøarbeidar på Kvitsund Gymnas leia Guys Group (3 gonger/ 31 deltakarar)/ tala på eit Torsdagsmøte på Kvitsund /delteke på sommarfest og julefest for Lundenjordet på Misjonshuset /organisert ein besøksdag for elevar frå Sosialklassa på Kvitsund i Skogsleiren i Fyresdal / lest juleevangeliet på Krodokk/ hatt ein vegleiingskveld for Besøkstensta i Kviteseid/ tre Etisk Refleksjonsamlingar på KOS/ halde appell under Helgemessekonsert i Kviteseid kyrkje FYRESDAL Elleve samlingar i skogsleiren/ delteke på adventssamling for flyktningar på Betel/ Diverse møter i Psyko- Sosialt kriseteam i samband med drukningsulukke / ansvar for Diakoniens Dag i Moland kyrkje/medlem av kommunal gruppe som arbeider for å ta vare på Skogsleiren/ NISSEDAL eitt diakoniutvalsmøter/ delteke på Bli -Vaksen dag for 10 klasse/ to konfirmanttimar/delteke på Peiskos og suppe for nye innbyggarar i Nissedal/halde appell under Verdsdagen for Psykisk helse i Trungen/ delteke på julelunsj på Dagsenteret på Mila/ delteke under bispevisitas og på Diakoniens Dag i Treungen TOKKE Fire stabsmøte pluss ein stabsdag /ansvarleg for Diakonisamling for Vest- Telemark på Kulturhuset på Dalen med besøk av generalsekrtæri i Kirkens Bymisjon Adelheid Firing Hvambsal / ansvarleg for Diakonidag Dag og TV- aksjonsmesse på Kulturhuset / eitt krisegruppemøte/ansvarleg for Kirkens Nødhjelp - aksjonen i Eidsborg/Mo/Skafså/leia seks gravferder/ spist julemiddag med Psykisk Helse/to soknebod/ Leia ei Samtale om Livet gruppe ( 3 gonger med 9 deltakarar)/ Styremedlem i nyoppretta Tokke Frivillig Sentral/ Leia ei Mannsgruppe i regi av Vaksenopplæringa i Tokke ( to gonger med 13 deltakarar) tent julegrana på Dalen / delteke under TV- aksjonen i Tokke / delteke på Verdiseminar for ungdomskulane i Tokke/ i samarbeid med kreftsjukepleiar i kommunen starta opp ei Samtale om Døden-gruppe

TAL OG ARRANGEMENT FELLES FOR TOKKE, VINJE, NISSEDAL, FYRESDAL OG KVITESEID. Tre styremøte i Diakonatet samt årsmøtet/ansvarleg for Diakonisamlinga for Vest Telemark på Dalen /(Diakoniprisen for 2018 gjekk til Kakeringen i Åmot/Ansvarleg for Diakonispalta og Fasteaksjonsidene i Vest-Telemark Blad / Prosjektansvarleg for pilegrimsvandringa frå Grungedal til Røldal med namnet Å vandre med håp/ delteke på julebord for Psykisk helse i Seljord/ undervist på eit Pårørandekurs for Vest- Telemark om Demens i Fyresdal/ undervist om Fasteaksjonen på konfirmant treff for prostiet i Seljord samt undervisningstime på konfirmantleir for Øvre Telemark på Gjennestad. SAKER OG TING OG UTANOM VEST-TELEMARK. Tredje vara til sentralstyret i Det Norske Diakonforbund (2017-2020)/ avslutta leiarvervet i DNDF Agder og Telemark stift i februar/ Delteke på Landstyremøte for DNDF / delteke på inspirasjonssamling for KNkontaktar i Oslo/går på ei treårig AVUutdanning ( Kyrkjeleg Arbeidsvegleiarutdanning) på MF (2016-19)/ Leia ei ABV- gruppe i samband med utdanninga (7 samlingar) Delteke på samlingar for vegeleiarar i Agder og Telemark( 3 samlingar)/ Deltek på Fagsamling for diakonen i Agder og Telemark/saman med diakonkollegar i Øvre Telemark organisert markering av FNs Internasjonale Flykningdag. I år med pilegrimsvandring i Sauherad/ halde seminar om pilegrimsvandringar på Stiftsdagar for A/T bispedømme/ Leia ei fem dagars pilegrimsvandring for Korsvei til Røldal ( 25 deltakar) / Tre undervisningsdagar på AOFs Vidareutdanning innan Psykisk helse i Seljord/ to besøk på Stortinget i arbeidet for å berge Skogsleiren/halde føredrag om diakoni på Diakoniens Dag i Heddal/ snakka om Pilegrimsvandringar for Skien KFUM/ engasjert i ei prosjekt kalla «Health Assets in local Churches and Communities in Norway under leiing av Tor Haugstad/ Takk til alle gode samarbeidspartar. I kyrkje og kommunar. Alle gode medarbeidarar i, sokneråd og diakoniutval, tilsette, innsette og friviljuge på mange nivå. Takk til styre, og styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes. Takk til dei som trufast stiller opp på Årsmøte i Diakonatet. Takk til kyrkjeverja i Tokke som legg ting så praktisk godt til rette for diakonjobben min. Det er framleis godt å vera prostidiakon i Vest-Telemark. Eilev Erikstein Dalen 31.12.18