Til: Alle lag i SFGT Kretsstyret m.varamedlemmer Valnemnda NGTF SFIK Innkalling til ordinært kretsting for Sogn og Fjordane Gymnastikk- og Turnkrets. Stad: Rica Parken Hotel, Storgt. 16, ÅLESUND tlf 70 13 23 00 faks 70 13 22 80 E-post: parken@parkenhotel.no Heimeside: www.rica.no Tid : 2.-3. Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag) Møre og Romsdal held også sitt kretsting i Ålesund denne helga. Vi gler oss til å dele synspunkt og sosialt samver med vår nabokrins. DET ER VIKTIG AT REPRESENTANTAR FRÅ ALLE TURNGRUPPER I SOGN OG FJORDANE MØTER!!! I tillegg til at det er sosialt og kjekt, blir viktige avgjerder for komande 2-års periode tekne på tinget. Det er dei laga som møter på kretsting som blir prioritert ved søknad til kretsen om eventuelle tilskot komande 2-års periode. Frist for bestilling av rom til hotellet : 15. februar 2011. FRISTEN MÅ OVERHALDAST!!
Utdrag frå lovene til SFGT: 8 Kretstinget i SFGT SFGT sitt øverste organ er Kretstinget som vert avvikla kvart innan februar / mars. Kretstinget vert innkalla av styret med minst 1 månads varsel direkte til idrettslaga. Ved innkalling skal det presiserast at delegasjonar skal vere samansatt i høve NIF si lov 2-4. Framlegg som skal behandlast på Kretstinget må vere sendt til styret seinast 2 veker før Kretstinget. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere sendt ut seinast 1 veke før tinget. Lovleg innkalla Kretsting er vedtaksført med det talet av godkjende representantar som møter, jfr. NIF si lov 2-5. På Kretstinget kan det ikkje behandlast framlegg om lovendring som ikkje er ført opp på den utsende saklista. Andre saker kan behandlast når 2/3 av dei godkjende røystene vedtar det, i samband med godkjenning av saklista. 9 Representasjon på Kretstinget På Kretstinget møter med stemmerett: a) Kretsstyret b) ar frå idrettslaga etter følgjande skala: For medlemstal til og med 50: 1 representant For medlemstal frå 51 til og med 100: 2 representantar For medlemstal over 100: 3 representantar, som er det høgste tal av representantar eit lag kan ha. ane må vere valde på ordinært eller ekstraordinært årsmøte eller oppnemnde av styret etter fullmakt og meldt SFGT seinast ei veke før tinget. Dessutan møter utan stemmerett, men med tale- og forslagsrett i dei saker som ligg innan for utvalet/komiteen sitt arbeidsområde: a) Leiarane i dei faglege utval og komitear, eventuelt nestleiar eller medlem dersom leiar er forhindra frå å møte. b) Kontrollkomiteen sine medlemmer c) Valkomiteen sine medlemmer d) Revisorar Kretsstyret kan dessutan invitere gjester til tinget. Dersom tinget bestemmer det, kan einskilde av desse innvilgast talerett under tingforhandlingane. På Kretstinget til SFGT skal det nyttast reisefordeling for lagsrepresentantane. HUGS at observatørar er velkomne! Merk viktige punkt: Kjønnsfordeling: NIFs lov 2-4. Sjå vedlegget med fullstendig ordlyd av 2-4 og dispensasjonsreglane. Vi ber alle lag melde på representantar slik at tinget oppfyller denne paragrafen. Forslag frå laga: Alle lag er velkomne til å sende inn forslag på saker som dei ynskjer at tinget skal ta opp. Årsmelding: med fullstendig sakliste og alle innkomne forslag blir utsendt seinast ei veke før tinget. Reisefordeling : Det vert nytta reisefordeling for lagsrepresentantane. Reisefordelinga vert gjort opp i Ålesund. (Ta med kontantar). Opphald : Kvart lag betaler opphaldet for sine representantar. Oppgjer direkte til hotellet. Evt.fakturering må avtalast på førehand. Merk : Berre valde representantar har røysterett.
PROGRAM: Fredag 1.mars : 19.00-21.00: Styremøte for styre og utval i SFGT og MRGTK 21.00 Middag Laurdag 2.mars: 10.30-11.00: Registrering innlevering av fullmakter 11.00: Fellesmøte S&Fj. Og M&R. Velkommen og opning. Informasjon frå NGTF v/ Reidun Skretting 11.30: MySoft v/ Gill Johannesen. (Nytt medlemsregistreringssystem for alle lag) 12.00: Lunsj 13.00: Kurs: Styrearbeid i praksis v/ Laila Edvardsen. (Gratis for dei som deltek på kretstinget søndag) 17.00: Laga sin time trenerløypa, Convention, andre ting de vil ta opp. 18.00: Slutt 19.30: Tingmiddag felles for Sogn og Fj. Og Møre og R. Søndag 3.mars: 09.30: Registrering kontroll av mottekne fullmakter 10.00: Opning av Kretstinget i Sogn og Fjordane. 10.15: Informasjon frå Sogn og Fj. Idrettskrins 10.45: Tingforhandlingane startar 11.30: Pause m/utsjekk. 12.00: Tingforhandlingar 13.00: Lunsj 14.00: Tingforhandlingar Ca 16.00: Tinget 2013 er slutt. Stryn, 31. januar 2013 Med venleg helsing for SFGT Janne Elin Alsaker krinsleiar Mobil: 47715618 E-post: janneelin@yahoo.no
: Det er sett av ein kvote rom på Rica Parken Hotel laurdag til søndag. Det er også ledige rom frå fredag dersom nokon ønskjer å kome då. PRISAR: 1.-3. mars (fredag-søndag): Kr 1.145,- pr natt i dobbeltrom Kr 1.295,- pr natt i enkeltrom Inkludert: med 3-retters middag fredag, frukost, lunsjbuffet og 3-retters middag laurdag, samt frukost og lunsjbuffet søndag. Pausematbuffet heile dagen under møta; buffeten inneheld bl.a.; kaffi/te, isvatn, frukt, grønnsaker, nøttemiks, rosiner, kaker, kjeks, yoghurt m.m. Leige av plenumsal og ordinært AV-utstyr Fri tilgang til trådløst internett (WLAN) 2.-3. Mars (laurdag-søndag): Kr 1.730,- pr person i dobbeltrom Kr 1.880,- pr person i enkeltrom Inkludert: med lunsjbuffet og 3-retters middag laurdag, samt frukost og lunsjbuffet søndag. Pausematbuffet heile dagen under møta; buffeten inneheld bl.a.; kaffi/te, isvatn, frukt, grønnsaker, nøttemiks, rosiner, kaker, kjeks, yoghurt m.m. Leige av plenumsal og ordinært AV-utstyr Fri tilgang til trådløst internett (WLAN) Dagpakke, ikkje-buande (laurdag el. søndag): Kr 585,- pr person Inkludert: Lunsjbuffet med dessert og kaffi Pausematbuffet heile dagen under møtet; buffeten inneheld bl.a.; kaffe/te, isvann, frukt, grønnsaker, nøttemiks, rosiner, kaker, kjeks, yoghurt m.m. Leige av plenumsal og ordinært AV-utstyr Fri tilgang til trådløst internett (WLAN)
Sogn og Fjordane Gymnastikk - og Turnkrets Påmeldingsskjema til Kretsting på Rica Parken Hotel, Ålesund, 2.-3. mars 2013: Lag/gruppe: Namn: PÅMELDINGSSKJEMA: (kryss av) i DB fre-søn i Enk. fre-søn i DB laur-søn Lunsj laur i Enk. laursøn Lagsmøte laur. Tingmiddag laurdag KRETSTING søndag Lunsj søn Diverse informasjon: Ver venleg og kryss av det som passar, skriv inn navn på kven som skal bu på romma, og returner skjemaet til Janne Elin Alsaker på e-post; janneelin@yahoo.no snarast og seinast innan 11. februar 2013. Kontaktperson for informasjon og bestilling av overnatting: Janne Elin Alsaker / mobil 477 15 618 / telefon jobb 57 87 50 33
FULLMAKT Som representant til kretsen sitt ordinære Kretsting søndag 3.mars 2013 på Rica Parken Hotel Ålesund, møter følgjande frå vårt lag: Laget sitt navn Underskrift Underskrift Skjemaet må takast med til tinget i Ålesund, elles misser ein stemmeretten sin.