Styremøte Øvre Guddal Storvald Dato: Onsdag 22.02.2017 Stad: Telefonmøte Frammøtte: Arne Heggheim, Sture Dingsøyr, Roald Ødemark Sak 1/2017: Årsmøte 2017 Det vert halde Årsmøte i Øvre Guddal Storvald på Guddal Skule Torsdag 16.03.2017 kl 20:00. Skriftleg innkalling skal sendast til alle medlemar per post innan torsdag 01.03.2017. Gjennomgang av saksliste til årsmøtet. Sak 2/2017: Fellingsrapport Fellingsrapportar er samla inn og ser slik ut: Faktura vert sendt ut til jaktfeltleiar basert på innleverte fellingsrapportar av Sture. Sak 3/2017: Sett hjort og slaktevektspapir Desse er samla inn elektronisk via settogskutt.no Sak 4/2017: Valnemnd til neste årsmøte Tabellen under viser kva postar som skal veljast for 2017
Rolle 2016 2017 2018 Styreleiar Sture Dingsøyr Styremedlem Roald Ødemark Styremedlem Arne Heggheim Arne Heggheim Varamedlem Geir Helge Møller Varamedlem Morten Langeland Morten Langeland Valnemnd Håkon Langeland Valnemnd Geir Helge Møller Geir Helge Møller Revisor Jan Sigurd Kalstad Revisor Jan Ove Steinseth Det skal veljast: - Styreleiar for 1 år - 1 styremedlem for 2 år - 1 varamedlem for 2 år - 2 revisorar for 2 år - 1 valnemd for 2 år (årsmøte føreslær dette) Valnemnd (Håkon og Geir Helge) vert kontakt for å ordne med dette til årsmøtet. Sak 5/2017: Revisorar og rekneskap/årsmelding Arne ordnar rekneskap til årsmøte, der revisorar underskriv. Så snart rekneskapen er på plass sender Arne dette over til Sture som ordnar årsmelding og legg denne ut på heimesida. Sak 6/2017: Framlegg til bestandsplan og avskytingsplan Vi har ikkje lenger gjeldande bestandsplan. Årsmøtet 2017 må ta stilling til om ØGS skal melde seg inn i Ytre Sogn og Sunnfjord bestandsplanområde. Styret si anbefaling er at ØGS melder seg inn i bestandsplanområdet. Styret si anbefaling i høve avskytingsplan er å halde fram med 115 dyr. Sak 7/2017: Vårteljing Halde fram vårteljing som i 2017. Sture kontaktar og høyrer om Roald, Anton og Geir Helga kan gjere dette i år og. Sak 8/2017: Utlegg styreleiar 2017 Styreleiar har hatt utlegg i høve til postutsending. Totalt kr 545,00. Kasserar set dette inn på konto: Sture Dingsøyr Austaberg 2 6863 Leikanger Kontonr: 3741.10.35108 Styreleiar sender over vedlegg til kasserar, slik at han kan ha dette i rekneskapen.
Dette er: Kva Utelegg Brev 341 Brev 204 Totalt 545 Sak 9/2017: Klage løyvetildeling Grøvlen 2016 Styret har motteke klage på løyvetildeling for Grøvlen jaktfelt. I og med at styret ikkje har myndigheit til å endre på årsmøtet si løyvetildeling, må denne klaga avgjerast av årsmøtet som vanleg sak. Styret har gått gjennom saka og vil leggje fram forslag til årsmøtet om at dette ikkje gjev Grøvlen jaktfelt medhald i klaga. Sjå vedlegg 1 for handsaming. Styreleiar Styremedlem Styremedlem Sture Dingsøyr Arne Heggheim Roald Ødemark Austaberg 2 Årset 6966 Guddal 6863 Leikanger 6847 Vassenden Tlf: 97 58 14 05 Tlf: 402 93 331 57 73 65 89 Epost: sd@avinet.no Epost: arne.heggheim@helse-forde.no Epost: roaldodemark@hotmail.com
Vedlegg 1: Handsaming av klage Grøvlen jaktfelt Bakgrunn klage innsendt av Inger Helen 08.02.2017: "Jeg viser til tidligere kontakt vedrøredne at Grøvlen burde blitt stående på 4 løyver sesongen 2016. Begrunnelsen er den relativt sett store nedjusteringen dette jaktfeltet er påført på få år - fra 5 til 3 løyver fra 2014-2016. Videre vises til at det i årene fom 2011 tom 2013 ble tildelt ett løyve på grunnlag av min eiendom til fordel for annen grunneier - mot mine protester." Handsaming styret: Grøvlen jaktfelt har i perioden 2014-2016 hatt ei nedjustering frå 4-3 løyver, ikkje frå 5-3 som det vert hevda. Rett nok står det på nettsidene til ØGS at Grøvlen hadde 5 løyve i 2013, men dette er grunna den såkalla 20% regelen som var i bruk i den planperioden. Det vil seie at jaktfelta kunne overføre inntil 20% av ikkje skotne løyver frå 2012 til 2013. Det same gjeld mange av dei andre jaktfelta. Til dømes så var den faktiske tildelinga til Langeland i 2013 på 17 dyr, men grunna overføring frå 2012 så hadde Langeland 21 løyve i 2013. I perioden 2014-2016 har det vore to omgangar med reduksjon i løyvetildeling. I 2014 vart det vedteke ein reduksjon frå 165 til 135 dyr. I 2016 vart det vedteke ein reduksjon frå 135 til 115 dyr. Begge desse var ein flat %vis lik reduksjon mellom jaktfelta. Flat reduksjon 2013-2014: Avrunda 17%, mål var samla reduksjon på 30 dyr Flat reduksjon 2015-2016: Avrunda 16%, mål var samla reduksjon på 20 dyr Det er klart at ein %vis lik reduksjon mellom jaktfelta ikkje er mogleg å få til, difor vart reduksjonen avrunda etter vanlege reknereglar til næraste heile tal. Til dømes vart Dingsøyr jaktfelt redusert med 2 dyr frå 13 til 11 i 2014, sjølv om den matematisk korrekte reduksjonen skulle vore 2,2 dyr (13 dyr * 17% reduksjon = 2,2 dyr). Difor ligg det innbakt i ein slik reduksjonsmodell at det vil vere skilnader mellom dei ulike jaktfelta i høve kva reduksjon ein vil få. Det er klart at ein ikkje kan redusere noko anna enn heile dyr, så dermed vil nokre jaktfelt bli avrunda oppover, medan andre vert runda nedover. I dømet over (for Dingsøyr) vart dette runda nedover frå 2,2 til 2 dyr. Steinseth hadde til dømes ein reduksjon på 2,9 dyr i 2014, noko som vart runda oppover til 3 dyr. Sjølv om modellen gjer at det vil vere skilnader, skal desse bli avgrensa til maksimalt 0,5 dyr positivt eller negativt for det enkelte jaktfeltet. Vidare har det vore to tilfelle av reduksjon, slik at skilnader mellom jaktfelta og har ein stor sjanse for å bli utjamna. Dette er altso ein modell som årsmøtet har vedteke samrøystes i begge dei to nemnde tilfella. Vedlagt regneark viser skilnaden mellom teknisk og faktisk reduksjon. Som vi ser av kolonna Reduksjon er det ingenting som tyder på at Grøvlen har hatt ein større reduksjon enn andre jaktfelt.
Styret i ØGS har tidlegare handsama tilhøva i arealgrunnlag og fordelinga av denne mellom jaktfelta Grøvlen og Nyland. Den 24.03.2013 vart svar på førespurnad gjeve. Styret var med andre ord gjort merksame på dette i 2013, ikkje i 2011 som hevda. I dette svaret gjer styret det klart at styret ikkje kan avgjere ei privat tvist mellom 2 grunneigarar i høve kva som skal vere teljande areal eller ikkje. Sidan saka då var oppe i rettssystemet vart det gjeve svar om at styret ville rette seg etter avgjersla til jordskifte når den var klar. I mai 2014 var jordskiftesaka avgjort og styret retta seg etter denne umiddelbart og oppdatert dei teljande arealet for Nyland og Grøvlen. Dette medførte at Nyland vart redusert 1 ekstra dyr i 2014, medan Grøvlen ikkje fekk noko reduksjon. Dette svara Inger Helen sjølv på i epost av 06.06.2014 slik: Hei og takk for utfyllende svar. Enig i å se fremover, og jeg var ikke ute etter flere løyver... poenget mitt er at jeg i lys av konsekvensene av jaktavtalen også er med på reduksjonen av løyver - men at jeg ikke taper dobbelt ved å miste ett til (altså hvis jeg nå fikk tre løyver så har jeg reelt sett mistet 2 som følge av jaktavtalen). Betraktningen min underbygger at det er rettferdig overfor de som får reduksjon at Grøvlen står på 4. IH Styret oppfattar det då slik at Inger Helen var vel nøgd med handsaminga i 2014. Konklusjon: Grøvlen har vorte nedjustert frå 4-3 løyver i perioden 2014-2016, ikkje frå 5-3 løyver. Grøvlen har ikkje hatt noko større nedjustering i perioden enn kva andre jaktfelt har, og heller ikkje større enn kva reduksjonsmodellen inneber. Grøvlen har sjølv akseptert handsaminga av arealfordelinga mellom Nyland og Grøvlen i 2013 og 2014. Med bakgrunn i nemnde punkt er det styret si anbefaling at årsmøtet ikkje gjev Inger Helen medhald i klaga.