Fylkesmannen i Hordaland KOBBEVIK OG FURUHOLMEN OPPDRETT AS Bergen, 20. november 2017 Alfabygget 5392 Storebø Dykkar ref.: Ingebrigt Landa Vår ref.(oppgi ved svar): Sakshandsamar: Britt Solheim Rapport frå inspeksjon ved Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS- lokalitet Øksneset Kontrollnummer: 2017.066.I.FMHO Kontaktpersonar ved inspeksjonen: Frå verksemda: Ingebrigt Landa Isak Jolma Eirik Matre Frå Fylkesmannen i Hordaland: Henriette Ludvigsen Britt Solheim Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omfattar resultatet frå inspeksjon ved Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS, lokalitet Øksneset den 31.10.2017. Rapporten er å sjå på som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er motteken. Fylkesmannen i Hordaland avdekka 1 avvik. Det vart ikkje gitt merknader under inspeksjonen. Avvik: Verksemdas internkontroll for ytre miljø har manglar Avviket er nærare omtalt frå side 4 og utover i rapporten. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtalt på side 3. Elektronisk dokumentert godkjenning, utan underskrift Britt Solheim kontrollør Fylkesmannen i Hordaland Henriette Ludvigsen senioringeniør Kopi til: Austrheim kommune Fylkesmannen i Hordaland Postadresse: Postboks 7310, 5020 Bergen Besøksadresse: Statens hus, Kaigaten 9 Telefon: 55 57 20 00 Org. nr.: 974 760 665 E-post: fmropost@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Informasjon om den kontrollerte verksemda Ansvarleg eining Namn: KOBBEVIK OG FURUHOLMEN OPPDRETT AS Organisasjonsnr.: 947607855 Eigd av: Bransjenr. (NACE-kode): 03.211 - Produksjon av matfisk, bløtdyr, krepsdyr og pigghuder i hav- og kystbasert akvakultur Kontrollert eining Namn: Øksneset, matfisk Anleggsnr.: 1264.0015.01 Kommune: Austrheim Fylke: Hordaland Anleggsaktivitet: Laksefiskproduksjon i sjø Løyve gitt: 12.06.2015 Sist endra: 1. Bakgrunn for inspeksjonen Miljødirektoratet og fylkesmennene gjennomfører ein tilsynsaksjon ved akvakulturselskap i haust. Tilsyna vert gjennomført som ein kontroll av akvakulturselskapet sin internkontroll for ytre miljø og oppfølging av selskapet sitt matfiskeanlegg i sjø. Inspeksjonen vart gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav som er fastsette i eller med heimel i forureiningslova og produktkontrollova, vert overhaldne. Inspeksjonstema internkontroll knytt til ytre miljø, med hovudvekt på miljømål, risikovurdering og rutinar kunnskap om og oppfølging av eigen miljøpåverknad inkludert miljøgranskingar kjemikal avfall, forsøpling utsleppsløyvet Rapporten gjeld avvik og merknader som vart avdekka under inspeksjonen. Han gir ingen fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeidet eller miljøstatusen til verksemda. Definisjonar Avvik: Manglande etterleving av krav fastsette i eller med heimel i lov. Merknad: Eit tilhøve som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ivareta ytre miljø, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. Andre tilhøve: Saker som kom fram under inspeksjonen og som det kan vere nyttig for verksemda og sakshandsamarar å kjenne til. Informasjon om verksemda og kommentarar til tema som vart tekne opp under inspeksjonen, men som ikkje vart klassifisert som avvik eller merknader, kan også inngå her. 2
2. Oppfølging etter inspeksjonen Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS pliktar å rette opp avviket som er omtalt i denne rapporten så snart som råd. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, ber vi om at Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS innan 15. februar 2018 sender ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvik er retta og kva tiltak som er gjennomførde eller planlagde. Vi ber om at de stiler svarbrevet til Fylkesmannen i Hordaland eller e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no v/britt Solheim. 3. Varsel om pålegg om innsending av prøveresultat Fylkesmannen varslar at vi vil påleggje Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS, lokalitet Øksneset å sende inn analyseresultat til Fylkesmannen frå kopar- og sinkmålingane, som verksemda opplyste å ha gjennomført i tråd med krav i utsleppsløyvet punkt 3.4. Varselet er gitt i medhald av forureiningslova 49. De har høve til å kome med merknader til dette varselet. Eventuelle merknader må sendast til Fylkesmannen i Hordaland innan to veker etter at denne rapporten er motteken. 4. Vedtak om gebyr Vi viser til informasjon og varsel om gebyrplikt som vart gitt til verksemda den 5. oktober 2017. Verksemder skal betale gebyr for kontrollar utførte av Fylkesmannen i samsvar med 39-3 i forureiningsforskrifta. Gebyret skal dekke kostnader med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Gebyrsatsar for kontroll av verksemder utan løyve etter forureiningslova er fastsette i forureiningsforskrifta 39-7 og 39-8. På bakgrunn av forventa ressursbruk må Øksneset, matfisk betale eit gebyr på kr 19 400,- for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta 39-7 og 39-8. Dette svarer til gebyrsats 2 for tilsyn av inntil ein dag. Faktura blir ettersendt frå Miljødirektoratet. Klagerett De har rett til å klage på val av gebyrsats innan tre veker etter at de har fått denne rapporten, jf. forvaltningslova 28. Klagen må innehalde den eller dei endringane de ønskjer. Han bør vere grunngjeven og skal sendast til Fylkesmannen. Gebyret som er fastsett, må likevel betalast inn. Dersom Miljødirektoratet tek klagen til følgje, vil for mykje innbetalt beløp bli refundert. 5. Offentligheit i forvaltninga Denne rapporten vil vere offentleg tilgjengeleg via postjournalen til Fylkesmannen i Hordaland (jf. offentleglova). I tillegg vil rapporten vere tilgjengeleg på nettstaden www.norskeutslipp.no. 3
6. Avvik Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen Avvik 1 Verksemdas internkontroll for ytre miljø har manglar Avvik frå: Internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt 6 og 7 Utsleppsløyve etter forureiningslova for matfiskproduksjon til Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS datert 12.06.2015, punkt 2.3 Internkontroll Kommentarar til regelverket: Internkontrollforskrifta gjev reglar om kva arbeidet med HMS skal innehalde, og kva som skal dokumenterast skrifteleg, jf. 5 andre ledd, punkt 1-8. Internkontrollen skal sikre at verksemda kjenner til det regelverket som gjeld for verksemda, og at verksemda har rutinar som sikrar at krav stilt i regelverket vert overhalde. Miljømål: Verksemda skal ha vurdert kva som er akseptabel forureining og påverknad av resipienten ved drift av anlegget. Ut frå dette skal verksemda setje miljømål som sikrar at drifta ikkje medfører unødig forureining av ytre miljø. Måla skal gjelde for anlegget/lokaliteten, og dei skal vera konkrete og dokumenterte, slik at ein veit om måla er nådde eller ikkje. Miljømåla skal føre til redusert risiko for dei tilhøva som er skissert i risikovurderinga til verksemda. Miljørisikovurderingar: Internkontrollforskrifta har krav om at verksemda må kjenne til risikoen for forureining ved vanleg drift, ved alle arbeidsoperasjonar og alle uønskte hendingar som kan oppstå på anlegget. På bakgrunn av dette skal verksemda utarbeide tilhøyrande planar og gjennomføre konkrete tiltak for å redusere risikoforholda. Skriftlege rutinar: Der det finns rutinar og prosedyrar for å ta i vare helse,- miljø og tryggleik, betyr kravet om at arbeidet med internkontrollen skal vere systematisk. Verksemda skal vidareutvikle dei prosedyrane og rutinane som allereie finns. Skriftlege arbeidsrutinar, instruksar og liknande må systematiserast, slik at dei kan inngå i internkontrollen. Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall, gjev opplysningar mellom anna om 11-5 (lagring), 11-8 (levering), 11-12 (deklarering av farleg avfall) Avviket er basert på følgjande observasjonar: Miljømål Verksemdas har miljømål, men dei kan betrast. Miljømåla var ikkje spesifikke for anlegget Øksneset, men var generelle for alle anlegga i selskapet. 4
Miljørisikovurdering Verksemdas risikovurdering omfattar ikkje alle potensielle kjelder til forureining frå anlegget. Risikovurderinga mangla til dømes for forsøpling og for risiko ved innhald av kjemikal i fôr. Skriftlege rutinar Følgjande rutinar var mangelfulle ved tilsynet: rutine for substitusjon av lusemiddel og andre kjemikal/legemiddel handtering av avfall Verksemda har skjema til bruk for å overhalde substitusjonsplikta. For å kunne nytte mindre kjemikal, har verksemda tatt i bruk varmt vatn ved avlusing. Rutine for korleis verksemda skal overhalde substitusjonsplikta mangla ved tilsynet. Verksemda har skriftleg rutine for handtering av avfall som er oppdatert 3. januar 2017. Rutinen mangla mellom anna opplysningar om kor ofte farleg avfall skal leverast til godkjent mottak, og at avfallsdeklarering.no skal nyttast for deklarering. 7. Merknader Det blei ikkje gitt merknader ved tilsynet. 8. Andre tilhøve MOM C Revisjon av standarden NS9410 i 2016 har ført til endring av MOM C-granskingane. MOM C skal no kartlegga kor langt frå matfiskanlegget botntilhøva vert påverka av utslepp frå det. MOM C granskinga vart og gjort frekvensbasert. Eldre utsleppsløyve der det ikkje er sett krav om MOM C gransking, kan få varsel om revisjon av løyvet. Framandstoff i fôr Fôret inneheld ulike framandstoff både som aktive tilsetjingar i fôret (t.d. Zn og Cu) og ulike forureiningar frå fôrkjeldene (som t.d. Cd og ulike miljøgifter). Oppdrettarar pliktar å kjenne til om dei held seg innanfor dei grenseverdiar som er sette. Verksemda bør risikovurdere utsleppa av framandstoff i fôr. Dei bør også vurdere om dei treng å gjere målingar av miljøgifter i sedimentet under anlegget. 9. Dokumentunderlag Lovgrunnlaget for inspeksjonen var: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova) med underliggjande forskrifter Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrollova) 3 og 3a Forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) 5
Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) Løyve til utslepp for Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS på lokaliteten Øksnes i Austrheim kommune av 12. 06.2017. 10. Informasjon til verksemda Brosjyrar/infoark vart utdelte: Avfallsdeklarering.no (M421/2015) Avviksbehandling: «Det er bedre å lære av en feil enn å gjenta den» Håndtering av farlig avfall (M-284) Farlig avfall fra virksomheter (TA-2945) Substitusjonsplikten (M104) Gebyr ved kontroll (M-297) Marint søppel (http://miljodirektoratet.no/no/tema/avfall/forsopling/marintsoppel/) Forurensningsmyndighetenes forventninger til oppdrettsanlegg i sjø (M-735) 6