VELKOMMEN TIL HARØY BARNEHAGE



Like dokumenter
VELKOMMEN TIL HARØY BARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Informasjon til foreldre

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Bli kjent med Orre Barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Plan for Liabygda SFO

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for ROSA mars 2015

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Til deg som bur i fosterheim år

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månadsbrev for Rosa september 2014

Velkommen til nytt barnehageår!

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Plassebakken Barnehage

SEIM BARNEHAGE Velkomen til nytt barnehageår

Vedtekter for kommunale barnehagar

Plassebakken Barnehage

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

INFORMASJONSHEFTE OM. Åmotsdal barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

VELKOMMEN TIL TEMPLARHEIMEN BARNEHAGE

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

Bli kjent med Bergetippen barnehage

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Bjørnehiet SFO - informasjon

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Årsplan for. Harøy barnehage 2009/2010

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

VELKOMMEN SOM BUKER AV FORSET BARNEHAGE

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Velkomen til Mork barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

INFORMASJON SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Definisjon og formål. Målsetjing

Transkript:

VELKOMMEN TIL HARØY BARNEHAGE Velkomsthefte til foreldre og barn ved oppstart i barnehagen Vi ønskjer alle barn og foreldre velkomne i Harøy barnehage, og håper de vil trivast saman med oss. Vi legg vekt på å skape eit godt samarbeid med heimen, og vi har som mål å: møte foreldre venleg og med respekt arbeide for openheit og dialog ha gode formaliserte samarbeidskanalar gje god informasjon I dette heftet finn de informasjon vi trur er viktig for dykk som foreldre når barna skal starte i barnehagen hos oss. 1

STYRINGSDOKUMENT Barnehagane i Noreg vert regulert av Lov om barnehagen (2005) og kunnskapsdepartementet fastsette i 2006 Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. For dykk som foreldre vil særskilt kapittel I og II i barnehagelova kunne vere av interesse. Desse handlar om barnehagen sitt formål og innhald, og om barn og foreldre sin medverknad i barnehagen. Rammeplan for barnehagen er ei forskrift til lova, og beskriv innhaldet og oppgåvene til barnehagen, og gjev informasjon til dykk som foreldre, slik at de får innsikt i barnehageverksemda og høve til medverknad og medbestemming. I samsvar med barnehagelova har kommunen utarbeidd Vedtekter for Harøy barnehage der de finn viktig lokal informasjon om barnehagen, slik som t.d samarbeid med heimen, opptak, foreldrebetaling, opnings- og opphaldstid, ferie m.m Med utgangspunkt i desse dokumenta utarbeider vi ein årsplan som beskriv arbeidet i Harøy barnehage. Denne vert delt ut til heimen etter godkjenning i samarbeidsutvalet. Alle desse dokumenta kan de finne på heimesida til barnehagen. PRESENTASJON AV BARNEHAGEN OG AVDELINGANE Lokaler: Harøy barnehage har hatt stor vekst, og har to bygg tilknytt same tomt. I det raude storbarnsbygget har vi tre avdelingar, samt kontor- og personalfløy, og i småbarnsbygget har vi fire avdelingar i tillegg til kjøkken, kontor- og personalfløy. Barnegruppene vil variere i størrelse, samansetning og alder, I hovudsak vert småbarnsbygget brukt for barn i alderen 1-3 år, og storbarnsbygget for barn 3-6 år 2

Storbarnsbygg: Kråkebollen Krabben Sjøstjerna Personalfløy Kråkebollen 3

Småbarnsbygg: Hummaren og Sjøhesten Kamskjelet og Sneglehuset Personalfløy Kamskjelet og Sneglehuset Hummaren og Sjøhesten Personal: Frå hausten 2014 vil det verte endringar i den kommunale strukturen innanfor barnehage, undervisning og kultur. Desse tenestene vert samla i ei felles eining Oppvekst og kultur, og vil ha einingsleiar på kommunalt nivå. 4

I barnehagen vil det vere ein styrar de kan ta kontakt med for spørsmål om foreldrebetaling, søknad om plass / endring av plass, vedtekter o.l, Styrar har hovudansvar for det pedagogiske arbeidet, samt personal- og administrativ leiing. Kontoret finn de i personalfløya i småbarnsbygget. Administrasjon utover dette er ikkje klarlagt på dette tidspunkt. På kvar avdeling skal det vere pedagogiske leiarar. Desse er utdanna barnehagelærarar, og spørsmål / tankar utover den daglege informasjonen om dykkar barn kan de ta opp med desse. Pedagogiske leiarar har ikkje administrative arbeidsoppgåver, men arbeider med det pedagogiske opplegget på avdelingane og oppfølging av barna og barnegruppene i det daglege. Kven som er pedagogisk leiar på avdelinga kan variere frå år til år. Pedagogane har fastvakter, og vil som regel vere å treffe på avdelingane mellom 9.00 16.00 Ta gjerne kontakt pr. telefon eller mail. Vidare har vi fleire fagarbeidarar, barnepleiarar eller assistentar som er med på å arbeide for at dykkar barn skal få det bra i barnehagen. Også desse rullerer mellom avdelingane. HEIMESIDE, EPOSTADRESSER OG TELEFONNUMMER Heimeside - Sandøy Kommune: http://www.sandoy.kommune.no/ Nasjonalt foreldreutvalg for barnehage: http://www.fubhg.no Epostadresser til pedagogiske leiarar og telefonnummer til avdelingane, vil stå i informasjonsfolder for avdelingane. Telefonnummer: Styrar 71 27 75 50 Arbeidsrom i storbarnsbygg 71 27 75 52 Arbeidsrom i småbarnsbygg 71 27 75 56 5

SAMARBEID MELLOM BARNEHAGEN OG HEIMEN Barnehagen skal i samarbeid og i forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. (Barnehagelova 1) For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg (Barnehagelova 4) Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle barn og skal fremme dykkar fellesinteresser, og bidra til at samarbeidet skaper eit godt samarbeidsmiljø. Leiar og nestleiar i foreldrerådet velgast på foreldremøte om våren, og er dykkar representantar i SU. Her møter og representantar for tilsette og eigar (politikarar). SU har m.a uttalerett i viktige barnehagesaker. I tillegg samarbeider vi med heimen på fleire måtar: Samarbeid i kvardagen ved bringing og henting av barn er kanskje den viktigaste møtestaden mellom foreldre og personal, og gjev mange høve til å utveksle informasjon om korleis barnet har det i dag. Nyttig informasjon finn ein på white-board tavler Informasjonsavisa Barnehagenytt formidlar nytt frå barnegrupper, samarbeidsutval, personal og andre saker av interesse for foreldre. Foreldre kan søkje pedagogisk personale om råd og rettleiing i høve problemstillingar om barns utvikling og læring. Foreldre kan kontakte pedagogiske leiarar på epost og telefon Foreldremøte ein eller to gongar i året Foreldresamtalar fast ein gong pr år. Tilbod om samtale for nye ved oppstart og elles for foreldre som ønskjer fleire samtalar Felles sosiale arrangement og dugnad 6

OPNINGSTID Barnehagen er open frå 7.00-16.30. Det kan vere personal frå ulike avdelingar som opner og stenger. Barn som kjem før kl 08.00 og vert henta etter 16.00, er samla på Sjøstjerna på storbarnsbygget, og på kjøkkenet i småbarnsbygg. Personalet vurderer når det er formålstenleg å dele gruppene, ut frå antal barn og personal morgon og ettermiddag. Erfaring viser at nokre barn vert slitne av å vere i barnehagen heil dag over lengre tid, og ein anbefalar difor at dei ikkje skal ha opphaldstid som er lenger enn 8.5 time. Barnehagen er open måndag fredag heile året, med unntak av fem planleggingsdagar pr år, jul- og nyttårsaftan, romjula og onsdag i påskeveka. Barnehagerute for året finn de på heimesida. BARNA SIN FERIE I vedtektene 8 står det slik: Barna skal ha fire veker ferie i løpet av eit barnehageår. Sommarferie: Barnehagebarna skal ha tre veker samanhengande ferie i perioden frå 1. juni til 1. september. Juleferie: Barnehagen har stengt i romjula, jul- og nyttårsaftan. Ein reknar dette som 4. ferieveka til barna. Juleferie overstig aldri 4 dagar, og onsdag i påska reknast inn i 4. ferieveka. Dei fire vekene totalt barna må ta ferie, tilsvarar fire betalingsfrie veker, då foreldrebetalinga går over 11 månader. KJØP AV EKSTRADAGAR I Harøy barnehage sel ein ikkje ekstradagar utover avtalt opphaldstid. Det kan gjerast unntak ved særskilte tilhøve, t.d alvorleg sjukdom, dersom barnehagen har ledig kapasitet. 7

DAGSRYTME Dagsrytma vil variere noko mellom småbarnsavdelingar (1-3 år) og avdelingar for større barn (3 6 år). Ei grunnrytme vil likevel vere felles. 7.00 Barnehagen opnar God morgon og velkomen 08.00 Vi et frukost Vi leiker inne eller ute 09.30 Uteleik / inneleik Diverse aktivitetar leia av dei vaksne Turar og utflukter i nærmiljøet 11.00 Måltid Bleieskifte og stell ved behov Sove / kviletid for dei som treng dette (småbarnsavdelingar) (dersom barna treng å sove fleire gongar for dag, tilpassar vi dagen til dette. For dei som etterkvart ikkje vil ha behov for soving prøvar vi og å tilpasse oss til dette) Uteleik (avdelingar for større barn) 14.00 lettare måltid med påsmurt mat og godt med frukt Vi leikar inne eller ute Vi ryddar og tek avskjed for dagen 16.30 Barnehagen stenger Alle tidspunkt er omtrentlege, bortsett frå opnings- og stengetid, og de som foreldre vel sjølv når de vil kome på barnehagen med barna. Det einaste vi ber om er at de gjev beskjed om dei kjem eller ikkje dersom de vert seinare enn 9.30. De kan og hente barna når de vil, men vi vil gjerne ha beskjed dersom dei skal hentast før 14.00 då vi kan vere ute på tur o.l Barn som skal ete frukost i barnehagen må kome seinast 8.45. 8

TILVENNING Det er ulikt korleis barna reagerer på det å starte i barnehage, men alle treng ekstra merksemd dei første dagane. Vår erfaring er at god tilvenning er det beste utgangspunktet for eit godt barnehageopphald. Den første tida legg vi vekt på å skape tryggheit for barna gjennom å verte kjent med kvarandre og kvardagsaktivitetane. Vi prøver å skape ro og ha god tid til kvart einskild barn. Her er nokre råd og tips for å få til ein god start på det nye året: Førebu barnet ved å snakke positivt om barnehagen. Samtal om andre barn, dei vaksne, om leiken og om kvardagsaktivitetane i barnehagen Pass på å alltid seie hadet til barnet når du går, gjerne med ein avskjedskos. Då gjer ein barnet merksam på at mor/far skal gå. Det er lettare for barnet når du som forelder gjev tydeleg beskjed når du skal gå, istaden for å spørje barnet om du kan gå. Ta kontakt med personalet om dette er vanskeleg. Dersom barnet er vant til kosebamse, koseklut, smokk o.l, ta med dette. Vi har god erfaring med at barna har med seg ein liten album med bilete av seg sjølv og sine næraste. Ved oppstart er det mange inntrykk som skal fordøyast og barna kan verte slitne. Dersom det let seg gjere, er det ein fordel om barnet ikkje har for lange dagar i starten. Barn som startar i barnehagen for aller første gong: Dei første dagane bør mor/far vere tilgjengeleg for barnet, og etterkvart som ein ser korleis det går, tek personalet over. Vi prøver at barn og personale får nærme seg kvarandre og verte kjent i eige tempo, utan tvang 9

Den første dagen får de ein liten start-samtale med pedagogisk leiar eller ein av dei andre på avdelinga. Her ber vi om relevant informasjon om barnet. Første gongen borte frå barnet bør vere i kort tid, ca 1-2 timar, alt etter kor trygt barnet føler seg. Ta kontakt med personalet og gjer avtalar. INFORMASJON I LØPET AV ÅRET Årsplan og kalender beskriv det pedagogiske arbeidet og planane ein har for året på dei ulike avdelingane. Meir informasjon om kvardagen i barnehagen, vert hengt opp i garderobene eller delt ut på kvar avdeling. I Harøy barnehage ønskjer vi at barna skal få vere medverkande i sin eigen kvardag. Som ein følgje av dette legg vi meir vekt på å formidle kva barna faktisk har vore med på enn å skriftleggjere detaljerte planar på førehand. Vi lagar dokumentasjonsskriv og tek bilete gjennom året, og heng opp på avdelingane. Vidare har barna kvar sin perm som følgjer dei heile barnehagelivet, og som dei får med heim når dei sluttar i barnehagen. I denne legg vi bilete av noko av det barna har vore med på, og ein del av teikningar og andre produkt barna har laga. For at vi skal kunne ta best mogleg vare på barna i barnehagen, er det viktig at barnehagen og heimen utvekslar informasjon omkring barnet. Nokre moment er særskilt viktig for personalet å vite om dykkar barn, og vi har difor laga nokre skjema de må fylle ut og levere til barnehagen ved oppstart Desse er: Kjekt-å-vite-skjema; opplysningar om mat, allergi, sovevanar o.l Medisineringsavtale: for barn som har behov for medisin i løpet av barnehagedagen Samtykkeerklæring; løyve til å fotografere barna og ta dei med i bil/buss 10

Vidare er det viktig for oss i barnehagen å få tidleg beskjed dersom barnet dykkar skal ha fri, eller vert borte pga sjukdom, slik at vi kan benytte ressursane best mogleg, og ikkje ventar med å sette i gang ulike aktivitetar fordi vi ventar på eit barn som ikkje kjem. Ved inneklemte dagar sender barnehagen ut førespurnad om kor mange som kjem til å benytte plassen sin, fordi vi av erfaring ser at vi på denne måten kan utnytte personalet på ein betre måte. Dersom de som foreldre /føresette ikkje er tilgjengeleg medan barnet er i barnehagen, må vi ha tlf.nr til ein person vi kan kontakte dersom det oppstår kritiske situasjonar. BRINGING OG HENTING Vi arbeider kontinuerleg med at Harøy barnehage skal vere ein trygg stad å vere. For at personalet skal ha full oversikt og at barna skal ha det trygt og godt, må foreldre bidra med: Gje alltid beskjed til personalet på avdelinga at de har komme med barnet i barnehagen. Gje alltid beskjed til personalet på avdelinga når du hentar barnet. Følg trafikkmønsteret, og anviste inn- og utkøyrsler STOPP alltid motoren når du går frå bilen. Ta alltid ut nøklane. Morgon og ettermiddag er vi færre personal tilgjengeleg, og ein kan ikkje møte alle barn i garderoba. Foreldre/føresette må levere barna til personalet der barnegruppa er samla. Alle som skal ha løyve til å hente barnet på generelt grunnlag, må førast på kjekt-å-vite skjema. Ved henting av andre enn dei som er oppført her, må barnehagen ha informasjon om dette på førehand, anten munnleg, eller via SMS/epost. 11

MÅLTID I BARNEHAGEN Vi har tre måltid i barnehagen; frukost, lunsj og fruktmåltid. Dei som skal ete frukost i barnehagen (kl.08.00), må ha med dette sjølv. Dersom barnet t.d ikkje et brødmat til frukost, kan de sende med graut, morsmjølkerstatning o.a. Elles får barna all anna mat i barnehagen. Saman med barnehagerekninga kjem kr. 14,- pr. opphaldsdag for dette. Ca. kl 11.00 har vi brødmåltid, der barna får vere med og lage til maten sjølv, og kl. 14.00 smør vi brødskiver og knekkebrød, og vi har mykje frukt. Til drikke får barna mjølk og vatn. Vi gjer avtalar med foreldre ved andre behov. Vi legg vekt på eit sunt og variert kosthald i det daglege i barnehagen, og innimellom har vi t.d varm mat, youghurt, fruktsalat eller anna variasjon til brødmaten NØTTEALLERGI I barnehagen har vi hatt fleire tilfeller med alvorleg nøtteallergi. I forebyggingsarbeidet har vi sett i verk tiltak som gjeld alle avdelingane. Det er forbod mot å ta med mat som inneheld nøtter/peanøtter eller matvarer/pålegg som inneheld spor av dette i barnehagen. Vi ber om at de som foreldre hjelper oss å til å sørge for at alle barn er trygge i vår barnehage. SJUKDOM Sjuke barn skal ikkje vere i barnehagen. Med sjuke barn meiner ein barn med smittsame sjukdomar, barn med feber, omgangssjuke, utslett eller andre sjukdomar som gjer at barnet ikkje kan vere ute eller må ha ro. Allmenntilstanden til barnet må vere så god at det kan følgje vanlege aktivitetar inne og ute. Vi følger retningsliner for Folkehelseinstituttet og informasjonsskriv frå lege / helsestasjon omkring dette. 12

BURSDAGAR I BARNEHAGEN: Alle barna får feire bursdagen sin i barnehagen, og vi feirar bursdagen på dagen eller før bursdagen. Vi har ein eigen bursdagsperm på avdelingane, og utifrå den får barna vere med på å planlegge si eiga feiring i barnehagen. Dei velgjer: Korleis krona skal sjå ut, form, farge og pynt Aktivitetar/turar/bøker og liknande. Bursdagsmat, middag/ kake/ fruktfat el. I tillegg får dei vere hjelper, der dei får vere med på å førebu, bestemme og hjelpe til med ulike ting. Det er ikkje tradisjon for at foreldre tek med noko til bursdagsfeiring. DEI ALLER MINSTE Bleier og salve til såre stumper må de ha med sjølv. Vi gjev beskjed når bleiepakken snart er tom ved å legge den tomme posen i hylla. Vi ber om at de ikkje har med Up and Go i barnehagen. Vanlege bleiar er meir hensiktsmessig og praktisk for oss, særskilt når vi er ute og har på mykje klede. Dei som brukar smokk må ha med dette, (Vi kokar ikkje smokkar, ta med nye ved behov), og gjerne ein kosebamse til trøst og kos når ein er lei seg eller skal sove. For dei av barna som ikkje et brødmat enno, kan vi gjere andre ordningar i høve graut, morsmjølkerstatning o.l. SOVING I BARNEHAGEN Barn som skal sove i barnehagen, søv ute i vogner. Foreldre/føresette må sjølv stille med vogner til dette. Vognene kan oppbevarast i vognboda i barnehagen, og må utstyrast med 13

seler, regntrekk, myggnetting og vognpose e.l. Bremser på vognene må vere i orden. Barna må ha klede som dei kan sove ute i. Det er viktig med jamnleg og god dialog mellom tilsette og foreldre/føresette for å sikre at barna har passande utstyr i høve dei ulike årstidene. Vi har fleire områder ute som vil vere skjerma mot vêr og vind, og det vil alltid vere personal som har vakt ute når barna skal sove. LEIKER HEIMANFRÅ I Harøy barnehage har vi ikkje forbud mot å ta med leiker heimanfrå, men oppmodar foreldre til å vere varsam med dette. Samspel og leik barna mellom inneheld mange små og store mekanismer. Det å ha med leiker heimanfrå kan m.a gi barnet ei slags makt ovanfor andre barn, og ein kan oppleve at barnet vert populær. Både vi i barnehagen og de som foreldre må arbeide for at barna skal klare å ha eit godt samspel med alle barn uavhengig av leikemateriell, og om det er barnehagen sine leiker eller barnet sine leiker som vert nytta. Hovudregelen i barnehagen er at ein må dele det ein har med seg med andre (Unntaket her er t.d dei minste sine kosebamsar), men heller ikkje dette er heilt utan utfordringar. Spørsmål som då kjem opp er t.d kven som skal få vurdere kven ein skal dele leikene med, når ein skal dele og kor lenge andre skal få låne? Barnehagen tek ikkje ansvar for leiker som vert øydelagt eller vert borte, og vi brukar ikkje tid på å leite. KLEDE Det er viktig at barna alltid har med skifteklede, og i periodar kan det vere godt å ha to skift liggande. Dei bør ha med både dress og regnklede kvar dag, då veret er skiftande og nokre er ute fleire 14

gonger for dag. Vi ber om at dei har med støvlar kvar dag, då ein kan gå på tur t.d i fjøra. Vi trenar på barna si sjølvstende i barnehagen, og dette inneber m.a at dei skal legge på plass klede i hyllene og i garderobene sjølv. (også dei minste trenar på dette) Då er det ikkje alltid kleda kjem på rett plass, og sidan vi ikkje kjenner att alle kleda, ber vi om at dei er merka. Klede med namn på vil som oftast kome til rette, men klede kan forsvinne. TURAR OG TURGRUPPER I Harøy barnehage er vi i periodar ofte ute på tur, både heile avdelinga og i mindre grupper. Dei eldste barna kan gjerne vere på tur i 2-4 timar. Ein tek med mat og godt med varme klede, og går på lengre turar. Vi har mange turmål, men Mummiskogen vert ofte brukt. Her har vi i samarbeid med foreldre fått laga eit eldorado for barna til å vere fysisk aktiv og oppleve naturen på ein god måte. På neste side står ein del tips /råd vedr. klede. Vi oppmodar om å ha liggande ein liten tursekk og drikkeflaske i barnehagen for barn over 3 år. Andre turmål vi kan nytte er t.d Husefjøra, Lyngneset, naturstien, Vågen, leikeplassen på Steinshamn. På turar for dei yngste legg vi vekt på at dei skal få sjå og oppleve ting i nærmiljøet, og at dei skal få bruke kroppen sin. Samstundes legg vi vekt på sikkerheita til barna, og har med vogn når vi går langs bilvegen. Turane for dei yngste vert naturleg nok kortare og vi er ikkje ute heile dagar i vinterhalvåret, men vi kan gjerne ta med mat på tur når veret tillet dette. Utover våren tek vi lengre turar også for dei små, og har gjerne med vogner til å sove i. På neste side står nokre tips (ikkje krav) som erfaringsmessig er greie ved valg av klede, med tanke på best mogleg ute-trivsel. 15

Ytterklede - regnbukse/dress bør ha elastisk strikk under foten (dei strikka som er festa med knapp er lettare å skifte enn dei som er fastsydde) - regnbukse/dress må vere lang nok i fotane, (det blir vanskeleg å bøye seg ned når den er for kort), og dei er vanskelege å få utanpå skotøyet om dei er for trange nede - regnbukser med seler gjer at barnet slepp å bli mellombar, vatn og kald luft kjem ikkje så lett til på magen og ryggen - mange regnklede og dressar med lause fleecefòr er gode, men ofte vanskeleg for dei yngre barna å få på aleine, særleg om fòret er smalt og ikkje er festa nederst i hendene og føtene - regnjakke/dress må vere lang nok i hendene og ikkje for trang rundt livet - det er ein fordel med dressar som er ekstra vannavstøtende på knea, i baken og nederst på foten Innerklede - tynne, lette klede er best å ha innerst mot kroppen, gjerne ull - trange dongeribukser er ikkje godt å ha under regnklede/dress - hetta på genseren tek mykje plass og lager klumper under regnjakka/dressen, ligg hetta utanpå blir den ofte våt og kald - fleire tynne lag med klede varmer bedre enn få og tjukke klede - stilongs er lettare å få på enn strømpebukse, og om du er våt på føtene, treng du berre å skifte strømper Skotøy - sko med borrelås er enklare å få på enn sko med snøring og glidelås - støvlar/sherox/vintersko må vere romslege, trange sko vert kalde Tursekk - gode seler/reimer som kan strammast nok inn, slik at sekken ligg godt inn til ryggen og ikkje henger for langt ned - det bør vere plass til eit lite klesskift og ei drikkeflaske (som er tett) - snøring med lås er lettare å beherske enn glidelås - ein fordel med lokk, evt reimer utanpå sekken, for å feste skitne/våte ytterklede, då slepp ein å pakke dei ned i sekken om vèret blir varmare og tørrare utover dagen 16