ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR

Like dokumenter
Skulereglement for Sogn Jord- og Hagebruksskule

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL

ORDENSREGLEMENT HERØY VGS.

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

SKULEREGLEMENT MÅLSETJING

Skulereglement for Sogndal vidaregåande skule.

ORDENSREGLEMENT. 4.1 Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED SUNNDAL VIDAREGÅANDE SKOLE

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

oppmøte og fråvær orden og åtferd tiltak overfor elevar som bryt reglane og om framgangsmåten ved handsaming av slike saker.

ORDENSREGLEMENT. Ordensreglement for Tryggheim Strand

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

NOTAT. Forslag til felles forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam. Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam herad

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Rogaland fylkeskommune

Forskrift om reglement for orden og åtferd ved skulane i Herøy kommune

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR ved DALE VIDAREGÅANDE SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

Ordensreglement for Høyland skule

Sirdal kommune Skuleeininga

Ordensreglement for. Nærbø ungdomsskule

Ordensreglement. for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Vest-Agder

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

Innhald. Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune.

Forskrift om ordensreglar for skulane i Voss herad. Vedteken

Ordensreglement for elever ved Gauldal videregående skole

FORSKRIFT OM FELLES ORDENSREGLEMENT FOR FYLKESKOMMUNALE VIDEREGÅENDE SKOLER I OPPLAND

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune (Revidert etter høyring i brukargruppene)

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

FORSKRIFT OM ORDEN OG ÅTFERD I GRUNNSKOLEN. Aukra kommune

Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune. Innhald

REGLEMENT FOR ELEVER VED. VIDEREGÅENDE SKOLE

FORSKRIFT OM REGLEMENT FOR ORDEN OG ÅTFERD VED HARØY SKULE

FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I NORDDAL

Forskrift om ordensreglement for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal fylkeskommune

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

ORDENSREGLAR FOR TONNING SKULE

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULANE I FØRDE OG SFO I FØRDE

Forskrift om ordensreglar for skulane i. Voss kommune

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

ORDENS- REGLEMENT BØ SKULE

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Reglar for orden og oppførsel. Gol skule

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Ordensreglement for elever ved Heimdal videregående skole

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

NAMSSKOGAN SKOLE Namsskogan Tlf

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Forskrift om ordensreglement for skulane i Austevoll

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

Standpunktkarakterar 2016

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

/ : ---, B32, &00 Saksbehandler: Åse Holthe Deres dato Deres referanse FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Forskrift om ordensreglement for skolene i Tysfjord kommune

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKOLENE I SKAUN KOMMUNE

Forskrift om ordensreglement for kommunale grunnskular i Bergen Garnes skule

LOKAL FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I SEL OG SEL VAKSENOPPLÆRING. VEDTEKE..

Ordens- og åtferdsreglement for Fana Private Gymnas

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

TOKKE SKULE - Orden - og samspelsreglar på Tokke skule

Ordensreglement for Mo og Øyrane vidaregåande skule.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) kommunale grunnskulane i Vestnes

ORDENSREGLEMENT FOR HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE

STUDENTREGLEMENT FOR KRISTIANSUND VGS - FAGSKOLEN

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT. Forskrift om ordensreglement

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVER VED FYLKESKOMMUNALE VIDEREGÅENDE SKOLER I NORD-TRØNDELAG

Skulereglement for Sogn Jord- og Hagebruksskule

Forskrift om ordensreglement for kommunale grunnskular i Bergen

Vedtatt av fylkestingene i Nord og Sør-Trøndelag, og Fellesnemnda i Trøndelag, juni Gjeldende fra 1. august 2017.

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

REGLEMENT FOR ELEVER VED NORDBORG VIDEREGÅENDE SKOLE

2 VIRKEOMRÅDE Reglementet gjelder for alle elever ved skolen under opplæring og andre som tar del i opplæring i skolens regi.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) ved skulane i Time Kommune

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVER VED HEIMDAL VIDEREGÅENDE SKOLE

P-S-Ordensreglement for elever ved fylkeskommunale skoler i Troms

Transkript:

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR 1. INNLEIING Forskrift for ordensreglement er fastsett med heimel i Opplæringslova, kapittel 9A Elevane sitt skulemiljø( 9A-1-9A-15). Hovudutvalet for opplæring, Sogn og Fjordane fylkeskommune, vedtok forskrifta i sak 4/14. Revidert ordensreglement for Stryn vidaregåande skule vart vedteke på møte i skuleutvalet 10.11.17 og gjeld frå denne dato. 2. FORMÅL Formålet med reglementet er å medverke til godt samarbeid, god trivsel, tryggleik, respekt og medansvar. Reglementet skal fremje god orden og gode arbeidsvanar, og legge til rette for god læring. 3. VERKEOMRÅDE Reglementet gjeld for alle elevar som er under opplæring ved skulen. Det gjeld også for elevar i vaksenopplæringa, lærlingskule, hospitantar og andre når opplæringa går føre seg i skulen sin regi. Reglementet gjeld også ved opplæringsformer og aktivitetar som blir gjevne under skulen sitt ansvar og regi utanfor skulen sitt område. Dette så langt reglementet ikkje er i strid med lokalt gjevne påbod eller forbod. 4. RETTAR a) Elevane har rett til vidaregåande opplæring i samsvar med Opplæringslova, fylkeskommunale vedtak, gjeldande forskrifter og vedtak. b) I samarbeid med klassen/basisgruppa og lærarane har elevane rett til å medverke ved: Val av ulike arbeidsmetodar, opplæringsmetodar og vurderingsformer. Val av lærestoff og læremiddel innanfor rammene av læreplanen. Utarbeiding av mål og periodeplanar, og gjennomføring av desse. Utarbeiding av regler for godt arbeids- og læringsmiljø i klassen/gruppa. c) Elevane har rett til vurdering etter reglane i 3 i Forskrift til opplæringslova: Jamleg rettleiing og tilbakemelding undervegs i høve til mål den enkelte arbeider etter. Grunngjeving og rettleiing på prøver og anna arbeid som er vurdert med karakter. Delta i vurdering av eige arbeid. Jamleg dialog med kontaktlærar om utviklinga si opp mot overordna mål med opplæringa. Undervisningsvurdering i alle fag i løpet av skuleåret. d) Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har innverknad på opplæringa, har elevane rett til rådgjeving, oppfølging og hjelp til å finne seg til rette. Dei har vidare krav på tilgang til sosial- og spesialpedagogiske teneste. e) Elevane har rett til rådgjeving om utdanning og yrkesval. f) Elevane har rett til å ta del i skulevurdering. Det vil seie ei kontinuerleg vurdering av i kva grad skulen si organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa medverkar til å nå dei måla for eleven/gruppa/klassen. g) Elevane har rett til å ta opp med skulen tilhøve som: At læreplanen ikkje vert følgd

At eleven ikkje får den hjelp han ber om Manglar ved utstyr som vert nytta i undervisninga Manglande medverknad i planlegging m.m. (Jfr. punkt b) Dårleg læringsmiljø eller klassemiljø, t.d. mobbing. At arbeidsplassen er tilpassa behovet til eleven. h) Elevane har rett og plikt til å opprette elevråd ( 11-6 i Opplæringslova). Elevrådet skal ha regelmessige møte med skuleleiinga og arbeide for læringsmiljø og trivsel for elevane. Dei skal og kunne drive organisasjonsarbeid og politisk arbeid, etter avtale med rektor, i og utanfor skuletid. Skulen skal legge til rette for best moglege arbeidstilhøve for elevane og elevorganisasjonane sine tillitsvalde. Elevrådet skal følgje etiske retningslinjer ved informasjon. i) Elevane skal vere representerte i skuleutval og skulemiljøutval, jfr. Opplæringslova 11-5 og 11-5a 5. PLIKTER a) Elevane har plikt til å rette seg etter dei reglar, forskrifter og reglement som til ei kvar tid gjeld. b) Elevane pliktar å ta aktivt del i opplæringa. c) Elevane skal snarast mogleg ta kontakt med faglærar dersom dei ikkje kan følgje opp arbeidet til avtalt tid. d) Elevane skal følgje gjeldande verne- og sikringsreglar og bruke det arbeidstøyet og verneutstyret som blir kravd i læreplanar, eller som er påbode av arbeidstilsynet, departementet eller skulen. e) Elevane skal ved skulestart skaffe seg læremiddel, materiell og utstyr som skulen ikkje held. f) Skulen sin eigedom og utstyr skal behandlast med varsemd og omtanke. Hærverk og skade kan, i tillegg til reaksjonar etter punkt 12 og 13, medføre erstatningsansvar (jfr. skadeerstatningslova). 6. ORDEN Arbeidsvanane i vidaregåande opplæring skal vere prega av ansvar, orden og det å vere ryddig, punktleg og påliteleg. Det er viktig for trivselen at det blir halde god orden over heile skulen, både ut og inne. Alle skal opptre slik at kravet til trivsel, helse og hygiene blir ivareteke. Kriterier for karakteren god i orden: Har god arbeidsinnsats. Vere førebudd til opplæringsøkta. Kjem presis til timen eller andre avtalar. Leverer pålagt skriftleg arbeid til avtalt tid. Gjer pålagt arbeid i timane. Melder frå om planlagt fråvær. Gjev melding til kontaktlærar straks ved uventa fråvær. Skaffar seg dei læremiddel som er pålagt i dei ulike faga ved skulestart. Har med seg undervisningsmateriell ein treng kvar dag. Utfører dei pålagde oppgåvene når ein er ordenselev. Viser ansvar og vilje til å ta igjen arbeidsoppgåver/lærestoff ein har gått glipp av p.g.a. fråvær.

7. ÅTFERD Eit godt arbeids- og læringsmiljø er grunnleggande for god opplæring. Det skal difor leggast vekt på å skape eit godt miljø prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer. Det er viktig å vise respekt, legge til rette for medansvar og unngå eller hindre åtferd som har negativ innverknad på miljøet. Alle må ta omsyn, opptre realt og høfleg overfor kvarandre. Plaging, mobbing, vald, rasisme eller annan krenkjande åtferd blir ikkje akseptert, og alle pliktar å hindre at det skjer. Spreiing av bilete/film som kan opplevast som krenkjande, er ikkje tillate. Det same gjeld tekst- og lydfiler. Kriterier for karakteren god i åtferd: Syner høveleg åtferd mot medelevar, lærarar og andre tilsette, både på skulen og ved bruk av sosiale media. Deltek i undervisninga utan å uroe medelevar. Respekterer forbod mot inntak av mat i undervisningsrom. Følgjer reglementet for bruk av skulen sitt utstyr. Viser respekt for skulen sitt utstyr og skulen sin eigedom. Er ærleg i kommunikasjon med skulen sine tilsette. Følgjer pålegg frå skulen sine tilsette. Deltar på prøver uten å fuske eller forsøke å fuske. 8. FORBOD/IKKJE AKSEPTERT ÅTFERD Det er ikkje lov å oppbevare rusmiddel på skulen sitt område. Det er og forbode å vere påverka av rusmiddel i skuletida uavhengig av om undervisninga går føre seg på eller utanfor skulen sitt område. Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen som ikkje vert nytta i opplæringa, på skulen sitt område. Forstyrrande bruk av pc, mobiltelefon, musikk og liknande er ikkje tillate i undervisningstida. I undervisningsrom, grupperom og auditorium er det ikkje lov til å innta mat og drikke (unntatt vatn) bortsett ved heildagsprøver og eksamen. 9. FUSK ELLER FORSØK PÅ FUSK Følgjande vert sett på som fusk: - Bruk av hjelpemiddel som ikkje er tillate. - Kommunikasjon med andre under prøver når dette ikkje er tillate. - Å gje hjelp vert vurdert på same måte som å motta hjelp. - Avskrift av andre sitt arbeid som blir levert som eige produkt. - Nedlasting av informasjon frå internett som vert innlevert som eige produkt utan nødvendig kjeldetilvisning. Fusk eller forsøk på fusk fører normalt til nedsett karakter i åtferd. Karakteren på den prøva/innleveringa dette gjeld, blir annullert. Dersom ein elev blir teken i fusk eller forsøk på fusk i samband med eksamen, skal dette straks meldast til rektor og handsamast etter reglane i 3-37 i Forskrift til opplæringslova. 10. EKSKURSJONAR/STUDIETURAR Ekskursjonar, studieturar og internasjonale prosjekt skal planleggast i god tid, og førebuast og gjennomførast innan dei fagområda reisa er knytt opp mot.

Alle pliktar å bidra på ein positiv måte, slik at turen får ei positiv sosial ramme og gir stort fagleg utbytte. Alle plikter å møte presis og å delta i det fastsette programmet. Det skal skrivast fagleg rapport/fordjupingsoppgåve frå turen. Eleven skal vere kjende med krav, presentasjon og vurderingskriterier på førehand. Elever kan ferdast åleine utanom det fastsette programmet. Minst tre elevar skal vere i lag. Det skal gjerast avtale med ansvarleg lærar om kor ein skal og når tid ein skal vere tilbake. Skulen sitt ordensreglement gjeld på heile reisa. Grove brot kan føre til heimsending. Eventuell heimsending skjer på eleven si rekning. 11. INTERNETTBRUK Det er ikkje tillate å bruke skulen sitt internettabonnement til å lese, laste ned eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som etter norsk lov kan oppfattast som krenkjande. Det er heller ikkje lov til å nytte internett til gambling, spel eller krenkande ord og handlingar. 12. BROT PÅ ORDENSREGLEMENTET Brot på ordensreglementet vil resultere i sanksjonar mot eleven i form av refsingstiltak eller særskilde tiltak. Melding om dette skal gjevast skriftleg til eleven/føresette. Brot på reglementet kan føre til nedsett termin- og standpunktkarakter i orden og åtferd. Åtferd som er brot på norsk lov, vil bli meldt til politiet. 13. REFSINGSTILTAK Refsingstiltak kan vere: Påtale frå ein av dei tilsette på skulen. Påtale frå overordna og melding til føresette for elevar under 18 år. Bortvising frå klasse/gruppe for resten av timen. Bortvising for resten av skuledagen. Merknad og eventuelt nedsett orden/åtferdskarakter. Alvorlege brot på ordensreglementet eller brot fleire gonger ( 9A-11 i Opplæringslova) kan føre til: - Bortvising frå skulen inntil 5 skuledagar. - Bortvising for resten av skuleåret. - Alle typar straffbare forhold som skjer på skulen sitt område, vert meld til politiet. I tillegg til refsingstiltak, kan elevar som bryt reglementet få: Avgrensa tilgang til spesielle aktivitetar når ein bryt reglar som gjeld for aktiviteten. Pålegg om oppgåver som reingjering/istandsetjing/betaling av skade på skulen sin eigedom. Beslaglegging av ulovlege/farlege gjenstandar og evt. overlate desse til politiet. 14. SAKHANDSAMINGSREGLAR Før det vert teke avgjerd om refsingstiltak, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som tek avgjerda. For dei mest alvorlege refsingstiltaka gjeld Forvaltningslova 2. Den som tek avgjerd om refsingstiltak, er ansvarleg for å dokumentere saka.

15. SÆRSKILDE TILLEGGSREGLAR Reglar for tentamen/heildagsprøve Fråvær: Ein elev som er hindra frå å møte opp skal straks gje melding om dette til kontaktlærar. Dette gjeld også for førebuingsdagar knytt til tentamen. Elevar som av helsemessige grunnar eller andre årsaker er borte frå tentamen eller heildagsprøve kan få ny og utsett prøve. Eleven må sjølv skaffe dokumentasjon for fråværet. Tilhøva i prøverommet: Før prøva tek til skal mobiltelefonar leverast fram til tavla. På pulten skal det berre vere skrivesaker, tillatne hjelpemiddel, mat og drikke. Vakta plasserer seg slik i rommet at ein har full oversikt. Dette gjeld særleg i fag der elevane nyttar PC. Her skal elevane snu pultane eller vakta sette seg bak i klasserommet. 16. SAMARBEID MELLOM SKULE OG HEIM Skulen skal legg til rette for eit samarbeidstilhøve mellom heim og skule. Foreldra/føresette skal vere godt informerte om innhald i planverk, metodikk og undervisningsmåtar. Det skal haldast minst eit foreldremøte årleg for Vg1 og Vg2. I tillegg skal kontaktlæraren minst ein gong i året, ha ein planlagt og strukturert samtale med foreldre/føresette. Når eleven fyller 18 år, må skulen ha løyve frå eleven for å kunne gje foreldre/føresette informasjon. Elevar og foreldre/føresette har rett til følgjande informasjon/melding om: Termin- og standpunktkarakterar. Refsingstiltak. Ekskursjonar/studieturar. Klagerett ved karaktersetjing. Stort fråvær og fare for nedsett karakter i orden og åtferd. Særlege problem som oppstår hos ein elev. Særlege tilhøve ved opplæringa som kan ha negativ innverknad på helsa til ein eller fleire elevar. 17. FORBOD MOT TOBBAKSBRUK I SKULEN SINE LOKALE OG PÅ SKULEN SINE OMRÅDE, HEILE DØGNET All tobakksbruk, inkludert E-sigarettar, er forbode i skulen sine lokale og uteområde og andre område teke i bruk i regi av skulen (jfr 27 i Lov om endringar i tobakksskadelova). 18. FORBOD MOT TOBAKKSBRUK I SKULETIDA Elevar ved skulen skal vere tobakksfrie i skuletida. Forbodet gjeld i timane, i friminutt, på skulevegen og på ekskursjonar/studieturar (jfr 27 i Lov om endringar i tobakksskadelova).