INFORMASJON SUNDE BARNEHAGE



Like dokumenter
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Plan for Liabygda SFO

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

10/60-14/N-211//AMS

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Informasjon til foreldre

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Bli kjent med Orre Barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Til deg som bur i fosterheim år

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Barnehagebruksplan

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Askeladden barnehages ABC

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Velkommen til nytt barnehageår!

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Transkript:

INFORMASJON SUNDE BARNEHAGE

EIN DEL PRAKTISKE OPPLYSNINGAR OM SUNDE BARNEHAGE. TILVENNING / DEN FØRSTE TIDA I BARNEHAGEN: Det er viktig at barn og foreldre får ein god start i barnehagen. Barnet må få tid til å bli kjend med oss og bli trygg på barnehagen.foreldra skal føla seg trygge på at barnet har det bra, slik at dei og får ei positiv haldning til barnehagen. Me vil at barnet dei første dagane ( som ikkje bør vera for lange ) skal ha mor, far eller ein annan nær person med seg i barnehagen. Første dagen bør barnet ha følgje heile tida, dagane etter vert barnet meir åleine med oss. Behovet for tilvenning vil vera ulikt frå barn til barn. I lag med foreldra vil personalet avtala korleis og kor lang kvar dag skal vera. INFORMASJON / SAMARBEID: Sunde barnehage vil prøva til ei kvar tid å halda dykk oppdaterte på kva me gjer, og til dette brukar me årsplan, månadsplan eller vekeplan, og foreldreperm. Årsplan: Denne seier noko om korleis me vil arbeida dette året Månadsplan: Denne vert skreve for ein månad om gongen. Her set me opp kva me vil bruka ein del tid på i månaden som kjem, kva dag me har dei ulike aktivitetane på, kva fellesaktivitetar som er på huset o.l. Denne heng i garderoben slik at de får lesa den.det kan koma endringar undervegs, avdi det er vanskeleg å planleggja detaljert for ein heil månad. Derfor kan det vera lurt å kikka på den innimellom. Vekeplan: Her er me enno meir detaljerte, fordeler ansvar oss vaksne imellom, skriv på ting me må hugse o.l. Dette er kanskje først og fremst eit arbeidsredskap for personalet. Foreldreperm: Denne permen skal hengja i garderoben og inneheld informasjon som de som foreldre / føresette skal ha tilgong til,t.d lover og reglar, skriv frå kommunen, korleis me arbeidar i høve sosialt samspel, måltid, grupper, leik / leikebasar, bursdagsfeiring, jul. Der vil og vera skriv om foreldrearbeidsutvalet, forsikring, m.m. Årsplan for det inneverande året finn de og der. Me ynskjer de vil lesa foreldrepermen og ha stor nytte av den. Foreldresamtale: Me har to foreldresamtalar pr. barn pr. år, ein i haust- og ein i vårhalvåret. Når nye barn byrjar, prøver me å få til ein samtale så snart som råd

etter oppstart. I tillegg til dette er det sjølvsagt høve for både dykk og oss å be om fleire samtalar dersom det er behov for det. Foreldremøter: Me har 1-2 foreldremøter. Møtet på hausten vert med utgangspunkt i planar for året der de kan vera med å påverka kva barnehagedagen skal innehalda.møtet på våren kan vera eit temamøte som har samanheng med det me jobbar med i barnehagen akkurat no. Her er me opne for forslag frå foreldra. Dette er dei formelle måtane me informerer på, men den viktigaste informasjonen er den de får kvar dag når de leverer og hentar barnet dykkar. Me prøver alltid å få til ein liten prat om kva ditt barn har gjort på i løpet av dagen, kven det har leika med og kva det har vore oppteken av. Me ynskjer og informasjon frå dykk dersom det har hendt noko som kan påvirka dagen i barnehagen. Samarbeid: I tillegg til foreldre- og personalsamarbeid, har me eit forpliktande samarbeid med ulike instansar utanfor, t.d. skulen, andre barnehagar, PP- tenesta, barnevernstenesta. Sunde barnehage og Sunde skule utgjer Sunde oppvekstsenter. NY OPNINGSTID: Kvinnherad kommunestyre vedtok 24.05.07 at ordinær opningstid for kommunale heildagsbarnehagar i Kvinnerad frå 15.08.07 vert kl. 06.45 16.30 ( me opnar 06.30 ) Sidan dette skal finansierast innafor vedtekne ressursar, er det viktig at me til ei kvar tid veit kor mange born som kjem før kl 07.30, og kor mange som skal vera lengre enn til kl. 16.00. Me kjem til å ha ein fast «base» tidleg og seint, og må tilpassa antal vaksne i høve antal born.

FERIE / FRI: Personalet er pålagde å ta ut mesteparten av avspasering / ferie når her er mindre barn enn vanleg. Derfor vil de få skjema for avkryssing for kva tid barna skal ha fri / ferie ved jul-, påske- og sommarferie. Dersom barna skal ha fri / ferie andre tider, er det og viktig å gje oss beskjed, så planlegg me dagane / vekene utifrå det. FADDERBARN: Sunde barnehage har eit fadderbarn i SOS barnebyen Kairo i Egypt.Han heiter Gamal, og er ein gut på snart 10 år. Fleire gonger i løpet av året får me brev der me får høyra litt om korleis han har det, og kor viktig hjelpa frå oss er. På Verdensbarnedagen, som er i byrjinga av oktober kvart år, arrangerer barnehagen eit kakelotteri. Det er inntekta frå dette som dekkar fadderskapet vårt.

PLANLEGGINGSDAGAR 2007-08: Onsdag 15. August Mandag 12. November Fredag 8. Februar Fredag 2. Mai Ferdag 30.mai DAGSRYTME: Kl. 06.30 Tidleg-tidleg opning 07.30 Avdelingane opnar 09.00 Frukost 12.00 Midtmåltid 14.00 Frukt 16.30 Barnehagen stengjer MÅLTIDA: Barna må ha med seg niste til frukost og midtmåltid. Mjølk til maten får dei i barnehagen. Dei barna som ikkje tåler mjølk, får anna drikke ( juice eller vatn ). Behovet for kor mykje mat ein treng, varierer frå barn til barn, og kan og variera frå dag til dag. Det kan derfor vera lurt å ha knekkebrød, gryn e.l. liggjande i barnehagen, som barnet kan få dersom det går tom for niste. KLER: Barnet må ha med seg minst eit sett med skiftekler til å ha her i barnehagen, barnet får eigen skuffe til det. I tillegg må barnet ha med seg kler til å vera ute i allslags ver. Regnkler og støvlar må dei alltid ha her, veret skiftar fort i løpet av dagen. Når veret tilseier det; tjukkegensar, hue, sokkar, dress og vottar. Det er høve til å oppbevara desse kleda i barnehagen, dersom de ynskjer det. I barnehagen er det mange barn og mykje kle, og me ber derfor om at de merkar kleda med barna sine namn. KVILING: Dei barna som har trong for å sova eller kvila litt i løpet av dagen, får høve til det. Barnehagen har sengkle og senger. Me har nokre vogner til dei som skal sova ute.

KOSEDYR O.L.: Mange barn har ofte ein spesiell ting eller eit kosedyr dei likar godt. Det er sjølvsagt lov å ha det med i barnehagen. Likeeins sutt for dei som brukar det. LEIKER: Nokre barn vil gjerne ha med seg sine eigne leiker. Dette er det høve til, men me i barnehagen har ikkje høve til å passa på desse leikene. (lurt m/ namn på desse og!) BRANNØVING: Me har utarbeida gode rutinar for kva me skal gjera dersom det skulle byrja brenna i barnehagen. Me øver med barna 2 gonger i året. De vil ved henting få vita om dei gongene me har hatt brannøving, slik at de heime er førebudde på å møta evt. reaksjonar hos barna. Hugs det er kraftig lyd i klokkene! FOTOGRAFERING: Me prøver å ta ein del bilete av borna i barnehagen. Nokre av desse samlar me i eigne mapper som borna får med seg heim når dei sluttar. Det hender og at me tar video i barnehagen. Då vil me innhenta løyve frå foreldre/føresette. SOLKREM: På fine solskinnsdagar er det viktig med solkrem. Det er fint om barnet er smurd med solkrem før det kjem om morgonen, og så tar me meir på seinare på dagen. Barnehagen har solkrem.

KØYRING AV BARN I BIL I samband med turar o.l. vil det vera trong for å ta barna med i private bilar. Personalet vil berre ta med barna i den grad det er høve til å sikra dei forsvarleg med selar og puter, og det føreligg skriftleg samtykke frå foreldra. BADING Det hender at me i barnehagen har turar til sjøen kor det er høve til å bada. Det vert sett strenge krav til dei vaksne som skal vera med, minst ein av dei skal ha livbergingskurs, og alle dei andre førstehjelps- og gjennopplivingskurs med Røde Kors eller Kvinnherad undervisning v/ Sturla Rydningen. Me vel sjølvsagt badeplassar som er eigna for små barn, og det er alltid nok vaksne i forhold til antal barn. KLATRING FAU i barnehagen har vore med og finansiert klatrevegg på Sunde skule. Nokre av personalet har gjennomført klatrekurs og er godkjende som sikrarar. Me ynskjer av og til å kunna ta nokre av dei største borna med for å klatra i denne veggen, og då vil ein eller fleire av dei som har kurs vera med. Me vil be om at du / de fyller ut svarslippane nederst på arket, klipper dei ut og tar med til barnehagen når barnet byrjar. Eg godkjenner / godkjenner ikkje at mitt barn vert køyrt i privatbil i den tida det er i barnehagen, dersom det er forsvarleg sikra. ------------------ ------------- ------------------------------------ stad dato underskrift Eg godkjenner / godkjenner ikkje at mitt barn kan bada på turar til stranda, der minst eit av personalet har livbergingskurs. ------------------ ------------- ------------------------------------ stad dato underskrift Eg godkjenner / godkjenner ikkje at mitt barn får klatra i klatreveggen på Sunde skule dersom dei er forsvarleg sikra av godkjende vaksne. ------------------- ------------- ------------------------------------- stad dato underskrift

DEN FØRSTE FORELDRESAMTALEN For at kvart barn skal trivast og ha god nytte av opphaldet i barnehagen, må me ta omsyn til det einskilde barnet sine behov og ynskje. Foreldra kjenner barnet sitt best, og ilag med dykk ynskjer me å få til det beste for barnet i kvardagen. Foreldresamtalen vil hjelpa oss med dettte arbeidet. I løpet av den første tida i barnehagen ynskjer me å ha den første samtalen. Samtalen kan vara opptil ein halv time. Barnet sin kontaktperson eller pedagogisk leiar på avdelinga, møter på samtalen. Tid og stad vert avtala med avdelinga. Til denne samtalen har me nokre punkt som kan vera utgangspunkt for samtalen vår. KORLEIS HAR BARNET DET HEIME? GRENSESETTING OG REGLAR HEIME KVA ER VIKTIG FOR DYKK OG DYKKAR BARN?

Kvinnherad kommune 2006/3846 OPPLYSNINGAR OM BARNET OG FORELDRA barnehage Barnets namn...født... Barnets adresse......tlf... Mors namn... Arbeidsplass...tlf....mobil... Fars namn... Arbeidsplass...tlf....mobil... Kven har foreldreansvar (kryss av)......... mor far begge Dagleg omsorg (kryss av)......... mor far begge Dersom foreldra ikkje bur saman, korleis er samværet fordelt:.... Kven andre enn føresette kan kontaktast når barnet er i barnehagen?...tlf.... Særskilte opplysningar om barnet - sjukdommar / allergi, mat barnet ikkje skal ha, medisinar, særlege familietilhøve eller anna som vi bør vita:... Vaksinasjonar Dersom barnet ikkje har følgt normalt vaksinasjonsprogram ved helsestasjonen, treng vi helseerklæring frå lege / helsesøster før barnet startar i barnehagen Jfr. Lov om barnehagar 25 Barnet vert vaksinert... Barnet vert ikkje vaksinert... (kryss av) Eg forpliktar meg til at desse opplysningane er rette og at eventuelle endringar må meldast til barnehagen....... stad / dato underskrift

VEDTEKTER FOR KVINNHERAD KOMMUNE SINE BARNEHAGAR Mål for levekår i vedteken kommuneplan: I Kvinnherad vil vi arbeida for å skapa engasjement og ansvarleggjera menneske i nærmiljøet. Vi vil ha trygge og gode oppvekstvilkår for barn i lokalsamfunnet. Kommunale tiltak og ressursbruk skal ha samanheng og samordnast på tvers av sektorgrensene. Vi vil leggja vekt på tiltak som skal betra levekåra for menneske med særlege behov. SUNDE BARNEHAGE Sunde barnehage skal drivast i samsvar med lov om barnehagar m.v og dei gjeldande føresegner og retningslinjer som til ei kvar tid er fastsette av barne- og familiedepartementet, og gjeld frå 1.januar 1996. EIGAR Kvinnherad komune eig og driv barnehagen. Levekårskomiteen fører tilsyn med barnehagen og ser etter at gjeldande lover, føresegner og retningslinjer vert haldne. Sunde barnehage skal visa til eigen dokumentasjon på sitt internkontrollsystem. Frå 01.01.04 er Sunde barnehage ein del av Sunde oppvekstsenter. SAMARBEIDSUTVAL Sunde oppvekstsenter har eit samarbeidsutval (SU). Barnehagen sin representasjon i SU er 2 foreldre og 2 tilsette. Skulen har det same talet på representantar, og kommunen som eigar har 2 representantar. FORELDRERÅD Foreldrerådet omfattar foreldre/føresette til alle barna i barnehagen. Dei kan velja eit arbeidsutval (FAU), som gjerne kan vere identisk med foreldrerepresentantane i SU. DRIFTSFORM Sunde barnehage har 4 heildagsavdelingar for barn frå 0-6 år. OPNINGSTID Barnehagen er open måndag fredag frå kl. 06.30 16.30, 12 månader i året. Jule- og nyttårsafta, og onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagen kl 12.00. Fem dagar i året er sett av til planlegging, barnehagen vert då stengt. Barnet skal ha 4 veker ferie i løpet av året, og 3 av desse er skal vera samanhengande mellom 15.06 og 15.08. Barnehageåret går frå 15.august til 15.august.

NETTO LEIKE- OG OPPHALEDAREAL Kvinnherad kommune sine barnehagar har netto leike-og opphaldsareal på 4 m² pr. barn i alderen 3 6 år, og 5,4 m² pr. barn i alderen 0 3 år. Inkludert i omgrepet netto leike- og opphaldsareal er opphaldsrom, leikerom, terapirom og garderobe for barn. Sunde barnehage disponerer 321 m² med leike- og opphaldsareal på dei 4 avdelingane: Nordigarden: 89 m², Sørigarden 87 m², Midtimellom: 68,6 m², og Nerigarden 58,6 m². OPPTAK AV BARN Kvinnherad kommune ahr kontinuerlig opptak til ledige plassar i barnehagane, jfr. Kvinnhead kommune sine retningslinjer for opptak av barn. OPPSEIING Kvinnherad kommune har 1 månads oppseingsfrist. Unnatek for juni månad, jfr. Kvinnherad kommune sine retningsliner for oppseiing av barnehageplass. FORELDREBETALING Kvinnherad kommune fastset satsane for eigenbetaling i barnehage. Jfr. Kvinnherad kommune sine retningslinjer for foreldrebetaling.