Sensorrettleiing 13.11.2018 MAT1001 Matematikk 1P-Y Programområde: Alle
1. OM SENSORRETTLEIINGA Sensorrettleiinga er utarbeidd med bakgrunn i Utdanningsdirektoratet si sensorrettleiing for sentralt gitt eksamen i matematikk. Sensorrettleiinga inneheld kommentarar til enkeltoppgåver og blir publisert på eksamensdagen etter at eksamen er avvikla. Sensorane er forplikta til å følge anbefalingane i denne rettleiinga. Saman med sensorrettleiinga følger eit vurderingsskjema som sensorane kan bruke i vurderinga si. Sensorrettleiing MAT1001 1P-Y Hausten 2018 Side 2 av 6
2. GENERELT OM SENSUREN Sensorane skal sjå etter kva kandidatane har vist av kompetanse snarare enn å trekke for manglar. Ein vurderer kva kandidatane har fått til. Ved sensurering av oppgåvene skal det leggast vekt på kandidaten sitt kunnskapsgrunnlag og evna deira til å anvende matematikkunnskapane til å løyse eit problem, fastslå ein samanheng eller gjere ei vurdering, jf. Eksamensrettleiinga som gjeld frå våren 2018. Sensor bør starte med å grovplassere svaret etter grad av måloppnåing, i høve til karakterskalaen i karakterføresegna: Eleven har framifrå kompetanse i faget (karakteren 6) Eleven har mykje god kompetanse i faget (karakteren 5) Eleven har god kompetanse i faget (karakteren 4) Eleven har nokså god kompetanse i faget (karakteren 3) Eleven har låg kompetanse i faget (karakteren 2) Eleven har svært låg kompetanse i faget (karakteren 1) Etter grovplasseringa gjer ein ei heilskapsvurdering av svaret. Det må ikkje krevjast høgare grad av kompetanse enn det måla og hovudmomenta i læreplanen tilseier. Når kandidaten viser spesiell modenskap eller kunnskap i delar av svaret, skal dette kunne vege opp for mindre feil og manglar i andre delar, slik at resultatet likevel kan bli ein toppkarakter. Sensorrettleiing MAT1001 1P-Y Hausten 2018 Side 3 av 6
3. EKSAMEN HAUSTEN 2018 TIL SENSORANE Poengfordeling Alle sensorar skal følge denne poengfordelinga i sensuren sin: Del 1 1 2 3a 3b 3c 4a 4b 5a 5b 6a 6b 6c Del 1 1 4 2 2 2 1,5 1,5 2 2 2 2 2 24 Del 2 7a 7b 7c 7d 8a 8b 8c 8d 9a 9b 10 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 3 11a 11b 11c 11d 12a 12b 12c Del 2 Sum Del 1 og Del 2 1 2 2 2 2 2 2 36 60 4. KOMMENTARAR TIL OPPGÅVENE Mellomrekning og forklaring/resonnement er påkravd for å vise kva som er gjort, både i Del 1 og i Del 2 av eksamen. I utgangspunktet blir det gitt maksimalt 25 % utteljing dersom det kun er gitt eit svar utan forklaring eller utrekning. Unnatak er beskrivne nedanfor. Del 1 1 Det blir gitt full utteljing ved riktig svar utan forklaring eller utrekning. Del 2 9b Det blir ikkje gitt noko utteljing ved ja-/nei-svar utan forklaring eller utrekning. 10 Det blir ikkje gitt noko utteljing ved val av eit alternativ utan forklaring eller utrekning. 11a Det blir gitt full utteljing ved riktig svar utan forklaring eller utrekning. 11d Det blir gitt full utteljing ved riktig formel utan forklaring eller utrekning Sensorrettleiing MAT1001 1P-Y Hausten 2018 Side 4 av 6
5. KARAKTERSETTING Rettleiande karaktergrenser: Karakter 1 2 3 4 5 6 Poeng 13 24 35 45 55* Saman med poengsummen skal matematikkompetansen målast på tvers av kompetansemåla i læreplanen i matematikk. Sjå Eksamensrettleiinga (kap.5.2) for ei beskriving av kompetansen i dei ulike kategoriane gitt i tabellen nedanfor. Omgrep, forståing og ferdigheiter Problemløysing Kommunikasjon Karakter 2 Karakter 3-4 Karakter 5-6 * Karakteren 6 viser at eleven har framifrå kompetanse i faget. Når elevar viser spesiell modenskap eller kunnskap i delar av svaret, skal dette kunne vege opp for mindre feil og manglar i andre delar, slik at resultatet likevel kan bli ein toppkarakter. Hugs: Bruk av poeng er berre rettleiande i vurderinga. Karakteren blir sett på bakgrunn av ei heilskapsvurdering av svaret, bruk av kjenneteikn på måloppnåing og det faglege skjønnet til sensor. Sensorrettleiing MAT1001 1P-Y Hausten 2018 Side 5 av 6
Vurderingsskjema MAT1001 1P-Y Oppgåve Poeng 1 1 2 4 3a 2 3b 2 3c 2 4a 1,5 4b 1,5 5a 2 5b 2 6a 2 6b 2 6c 2 DEL 1 24 7a 2 7b 2 7c 2 7d 2 8a 2 8b 2 8c 2 8d 2 9a 2 9b 2 10 3 11a 1 11b 2 11c 2 11d 2 12a 2 12b 2 12c 2 DEL 2 36 SUM 60 Omgrep, forståing og ferdigheiter Problemløysing Kommunikasjon KARAKTER Kandidat Sensorrettleiing MAT1001 1P-Y Hausten 2018 Side 6 av 6