Fylkeskommunenes landssamarbeid Eksamen 27.11.2018 SSA1006 Marknadsføring og sal / Markedsføring og salg Programområde: Service og samferdsle/service og samferdsel Nynorsk/Bokmål
Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Eksamen varer i 4 timar. Alle hjelpemiddel er tillatne, unntatt ope Internett, samskriving, chat og andre moglegheiter for å kunne utveksle informasjon med andre. Bruk av kjelder Informasjon om vurderinga Andre opplysningar Dersom du bruker kjelder i svaret ditt, skal dei alltid førast opp på ein slik måte at lesaren kan finne fram til dei. Du skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på både lærebøker og annan litteratur. Dersom du bruker utskrift eller sitat frå Internett, skal du føre opp nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato. Vurderinga tek utgangspunkt i følgjande nivå: Under middels (karakterane 1 og 2): Kandidaten viser under middels fagkunnskap og evne til å løyse problemstillingane som blir presenterte. Svaret er prega av reproduksjon (avskrift), og ein er i liten grad i stand til å bruke kunnskap til å løyse ei problemstilling. Middels (karakterane 3 og 4): Kandidaten viser middels fagkunnskap og evne til å løyse problemstillingane som blir presenterte. Svaret viser at ein er i stand til å bruke kunnskap til å finne praktiske løysingar på ei problemstilling. Over middels (karakterane 5 og 6): Kandidaten viser svært god fagkunnskap og evne til å løyse problemstillingane som blir presenterte. Svaret viser at ein i er i stand til å bruke kunnskap til å finne svært gode praktiske løysingar på ei problemstilling. Kandidaten viser god vurderingsevne, og er i stand til å få fram både positive og negative sider ved ulike løysingsalternativ. I tillegg blir det lagt vekt på desse grunnleggande ferdigheiter i Service og samferdsel: Å kunne skrive i service og samferdsel inneber utforming av materiell for å nå ut til kundar og leverandørar, å svare på førespurnadar, å utarbeide skriftlege planar og strategiar, og å dokumentere arbeidsprosessar som ledd i kvalitetssikringsarbeidet og utviklingsarbeidet i verksemdene. Digitale ferdigheiter i service og samferdsel inneber å strukturere og handsame data som grunnlag for vurderingar, tryggleik, kommunikasjon og framstilling av informasjon for ein effektiv utføring og støtte i arbeidet. Det er føresett at kandidaten brukar digitalt verkty for teksthandsaming. Eksamen Side 2 av 8
LAN I ei lita bygd i Sogn og Fjordane har ein friviljug gjeng tradisjon for å arrangere LAN ei helg i haustferien. Staden ligg like ved europavegen med mykje trafikk og mykje rutebussar forbi dagleg. Arrangørane er rundt femten ungdomar og vaksne i alderen 18 til 40 år som gjer dette på friviljug basis. Nokre har vore med i mange år og har difor lang erfaring, medan dei yngste er med for første gong i år. Overskota har ikkje vore store, men nok til at dei klarar å halde det gåande. Lokala får dei leige rimeleg frå det lokale ungdomslaget. På det meste har dette lokalet vore fullt. Nytt av året er at arrangøren ynskjer at deltakarane også skal få kome seg ut og røre på seg. Dei tilbyr difor både gokart og paintball som «pauseaktivitetar». LAN - Local Area Network. Dette er eit arrangement der deltakarane koplar seg opp på dette lokale nettverket eg spelar dataspel i lag. Den viktigaste sponsoren er den lokale breibandleverandøren som har sponsa alle datalinjene som må leggast inn til ungdomshuset. I tillegg har dei sponsa mykje av premiane i konkurransane på arrangementet. På si eiga heimesida skriv arrangøren: «Kvar gong samlar vi mellom 200 og 300 ungdomar til ei helg litt utanom det vanlege, der dei kan slå seg laus med sine interesser for data på alle plan. Hovudgruppa av deltakarar er frå Sogn og Fjordane, men folk frå Molde såvel som folk frå Bergen og Oslo vender tilbake år etter år. Vi legg også til rette for at dei som ikkje tek med seg datamaskin skal ha det kjekt, og på denne måten har vi blitt ein sosial møteplass og festival for ungdom generelt, uansett interesse. Kort sagt dette er ein ungdomsfestival for alle! blan er eit rusfritt arrangement med fokus på at alle skal trivast. Vi tilbyr ungdomen ein trygg, engasjerande, sosial og lærerik arena.» Kjelde: http://blan.no/om/. Lasta ned 11.10.18 Prisliste Produkt Pris Merknad Hovudsal - 80cm Hovudsal - 100cm Gamerlounge 349,- 449,- 549,- LAN Super 249,- Matbillett 199,- 80cm brei sitteplass i hovudsalen 100cm brei sitteplass i hovudsalen Ein eigen sal med rolegare miljø, avslapningskrok, tilgang til kjøleskap, gratis kaffi og snacks Oppvarma telt for 5.- 7.klassingar. Kun dagtid Frukost laurdag, søndag, måndag. Middag laurdag, søndag. I år kom arrangøren opp i ein kjedeleg situasjon. Det viste seg at hovudsponsoren deira, breibandleverandøren, også var blitt sponsor for eit anna, mykje større og meir profesjonelt LAN i ei bygd ca. ein time unna. Dette LAN-et skulle arrangerast to veker før. Den tradisjonsrike arrangøren meinte at dette var veldig uheldig, og dei frykta at dei kom til å tape i konkurransen mot dette nye LAN-et. Hovudsponsoren meinte på si side, at marknaden var stor nok for begge arrangementa. Eksamen Side 3 av 8
Oppgåve 1 På bakgrunn av teksten over skal du lage ein situasjonsanalyse for dette arrangementet. Du kan ta dei føresetnadane du meiner er naudsynte. Desse skal i tilfelle grunngjevast. Oppgåve 2 Dei seinare åra har arrangøren merka at deltakarane blir stadig meir kravstore til servicenivået på slike arrangement. a) Kva meiner du høyrer til service på slike arrangement? b) Korleis bør arrangørane tenkje kring servicen til dette arrangementet? Oppgåve 3 Å arrangere eit slikt arrangement inneber mange arbeidsoppgåver. Det skal planleggast. Ein skal gjere avtale om innkjøp, og sponsorar skal på plass. Vidare er det viktig med budsjett og rekneskapsføring. Arrangørkomiteen må lage vaktlister for dei som skal jobbe der. Ein må rigge lokalet med bord, stolar, videokanon, kjøleskap og sjølvsagt installere kraftige internettlinjer. I og med at dei også serverer mat, må dette planleggast og riggast. Arrangementet må også sjølvsagt marknadsførast, og dei må ha eit godt system for bestillingar. På bakgrunn av desse arbeidsoppgåvene til arrangøren, skal du sortere dei i hovudaktivetar og støtteaktivitetar og gjere greie for verdikjeda for arrangementet. Eksamen Side 4 av 8
Bokmål Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemidler Bruk av kilder Informasjon om vurderingen Eksamen varer i 4 timer. Alle hjelpemidler er tillatt, unntatt åpent Internett, samskriving, chat og andre muligheter for å kunne utveksle informasjon med andre. Hvis du bruker kilder i besvarelsen din, skal disse alltid oppgis på en slik måte at leseren kan finne fram til dem. Du skal oppgi forfatter og fullstendig tittel på både lærebøker og annen litteratur. Hvis du bruker utskrift eller sitat fra Internett, skal du oppgi nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato. Vurderingen tar utgangspunkt i følgende nivå: Under middels (karakterene 1 og 2): Kandidaten viser under middels fagkunnskap og evne til å løse problemstillingene som blir presentert. Svaret er preget av reproduksjon (avskrift), og en er i liten grad i stand til å bruke kunnskap til å løse en problemstilling. Middels (karakterene 3 og 4): Kandidaten viser middels fagkunnskap og evne til å løse problemstillingene som blir presentert. Svaret viser at en er i stand til å bruke kunnskap til å finne praktiske løsninger på en problemstilling. Over middels (karakterene 5 og 6): Kandidaten viser svært god fagkunnskap og evne til å løse problemstillingene som blir presentert. Svaret viser at en i er i stand til å bruke kunnskap til å finne svært gode praktiske løsninger på en problemstilling. Kandidaten viser god vurderingsevne, og er i stand til å få fram både positive og negative sider ved ulike løsningsalternativ. Andre opplysninger I tillegg blir det lagt vekt på disse grunnleggende ferdighetene i service og samferdsel: Å kunne skrive i service og samferdsel innebærer utforming av materiell for å nå ut til kunder og leverandører, å svare på henvendelser, å utarbeide skriftlige planer og strategier, og å dokumentere arbeidsprosesser som ledd i kvalitetssikringsarbeidet og utviklingsarbeidet i virksomhetene. Digitale ferdigheter i service og samferdsel innebærer å strukturere og behandle data som grunnlag for vurderinger, sikkerhet, kommunikasjon og fremstilling av informasjon for en effektiv utførelse og støtte i arbeidet. Det er forutsatt at kandidaten bruker digitalt verktøy for tekstbehandling. Eksamen Side 5 av 8
LAN I en liten bygd i Sogn og Fjordane har en frivillig gjeng tradisjon for å arrangere LAN en helg i høstferien. Stedet ligger like ved europavegen med mye trafikk og mange rutebusser forbi daglig. Arrangørene er rundt femten ungdommer og voksne i alderen 18 til 40 år som gjør dette på frivillig basis. Noen har vært med i mange år og har derfor lang erfaring, mens de yngste er med for første gang i år. Overskuddet har ikke vært store, men nok til at de klarer å holde det gående. Lokala får de leie rimelig fra det lokale ungdomslaget. På det meste har dette lokalet vært fullt. Nytt av året er at arrangøren ønsker at deltakerne også skal få komme seg ut og røre på seg. De tilbyr derfor både gokart og paintball som «pauseaktiviteter». LAN - Local Area Network. Dette er et arrangement der deltakarene kobler seg opp på dette lokale nettverket og spiller dataspill sammen. Den viktigste sponsoren er den lokale bredbåndleverandøren som har sponset alle datalinjene som må legges inn til ungdomshuset. I tillegg har de sponset mye av premiene i konkurransene på arrangementet. På sin egen hjemmeside skriver arrangøren: «Kvar gong samlar vi mellom 200 og 300 ungdomar til ei helg litt utanom det vanlege, der dei kan slå seg laus med sine interesser for data på alle plan. Hovudgruppa av deltakarar er frå Sogn og Fjordane, men folk frå Molde såvel som folk frå Bergen og Oslo vender tilbake år etter år. Vi legg også til rette for at dei som ikkje tek med seg datamaskin skal ha det kjekt, og på denne måten har vi blitt ein sosial møteplass og festival for ungdom generelt, uansett interesse. Kort sagt dette er ein ungdomsfestival for alle! blan er eit rusfritt arrangement med fokus på at alle skal trivast. Vi tilbyr ungdomen ein trygg, engasjerande, sosial og lærerik arena.» Kjelde: http://blan.no/om/. Lasta ned 11.10.18 Prisliste Produkt Pris Merknad Hovudsal - 80cm Hovudsal - 100cm Gamerlounge 349,- 449,- 549,- LAN Super 249,- Matbillett 199,- 80cm brei sitteplass i hovudsalen 100cm brei sitteplass i hovudsalen Ein eigen sal med rolegare miljø, avslapningskrok, tilgang til kjøleskap, gratis kaffi og snacks Oppvarma telt for 5.- 7.klassingar. Kun dagtid Frukost laurdag, søndag, måndag. Middag laurdag, søndag. I år kom arrangøren opp i en kjedelig situasjon. Det viste seg at hovedsponsoren deres, bredbåndleverandøren, også var blitt sponsor for et annet, mye større og mer profesjonelt LAN i en bygd ca. en time unna. Dette LAN-et skulle arrangeres to uker før. Den tradisjonsrike arrangøren mente at dette var veldig uheldig, og de fryktet at de kom til å tape i konkurransen mot dette nye LAN-et. Hovedsponsoren mente på sin side, at markedet var stort nok for begge arrangementene. Eksamen Side 6 av 8
Oppgave 1 På bakgrunn av teksten over skal du lage en situasjonsanalyse for dette arrangementet. Du kan ta de forutsetningene du mener er nødvendige. Disse skal i tilfelle grunngis. Oppgave 2 De senere årene har arrangøren merket at deltakerne blir stadig mer kravstore til servicenivået på slike arrangement. a) Hva mener du hører til service på slike arrangement? b) Hvordan bør arrangørene tenke rundt servicen til dette arrangementet? Oppgave 3 Å arrangere et slikt arrangement innebærer mange arbeidsoppgaver. Det skal planlegges. Man skal gjøre avtale om innkjøp, og sponsorer skal på plass. Videre er det viktig med budsjett og regnskapsføring. Arrangørkomiteen må lage vaktlister for de som skal jobbe der. En må rigge lokalet med bord, stoler, videokanon, kjøleskap og selvsagt installere kraftige internettlinjer. I og med at de også serverer mat, må dette planlegges og rigges. Arrangementet må også selvsagt markedsføres, og de må ha et godt system for bestillinger. På bakgrunn av disse arbeidsoppgavene til arrangøren, skal du sortere de i hovedaktiviteter og støtteaktiviteter og gjøre rede for verdikjeden for arrangementet. Eksamen Side 7 av 8
www.vigoiks.no/eksamen