SAMNANGER KOMMUNE 1 av 11 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: 30.10.2012 Møtetid: 14:00-18.30 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte7, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Bodil H Øpstebø Heidi Gjerde I staden møtte: Sigmund Dyrhovden Gunnveig Loe Andre som var til stades på møtet: Einingsleiar teknisk og rådmann møtte på heile møte. Planleggjar møtte under sakene 71 til 75 Merknader: Utvalet var på synfaring i samband med sak 64 Møtet vart heva kl 16.50. Søkjarane av konsesjon for kraftutbygging i Aldal informerte då om planane sine. Det var høve til å stilla spørsmål. Møtet vart sett på nytt kl 18.00. Ekstra møte. Utvalet vil ta eit ekstra møte 13.11. kl 12.00. Evt. merknader til protokollen må sendast Samnanger kommune innan 3 dagar. Tysse, 08.11.2012
2 av 11 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 064/12 12/638 Faste saker 065/12 11/485 Klagesak. Dispensasjon for ulovleg oppført mur. Gbnr. 18/213. 066/12 12/579 Dispensasjonssak. Bruksendring frå gjestehus til bustadhus. Gbnr. 40/33 067/12 12/517 Dispensasjonssak. Naust GBNR 26/11 068/12 12/527 Dispensasjonssak. GBNR 39/68 Frøland - Bustad og garasje 069/12 09/135 Delingssak gnr 4, bnr 1 070/12 12/553 Arealoverføring til offentleg veggrunn FV 134 071/12 12/557 Søknad om dispensasjon til frådeling av hyttetomter gbnr. 33/3 - Eikedalen Panorama 072/12 10/197 Høyring av revidert forskrift om handtering av hushaldningsavfall m.v. (BIR) 073/12 12/615 Dispensasjon frå reguleringsplan ovanfor Bjørkheim GBNR 18/33 074/12 12/605 Melding med forslag til utgreiingsprogram: Overføring av Vaksdalsvassdraget til Samnangervassdraget 075/12 12/509 Uttale til konsesjonssøknad med konsekvensutgreiing for Aldalselva kraftverk
3 av 11 SAKNR. 064/12 FASTE SAKER Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Protokollen frå førre møte vert godkjent NAT-064/12 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Protokollen frå førre møte vert godkjent SAKNR. 065/12 KLAGESAK. DISPENSASJON FOR ULOVLEG OPPFØRT MUR. GBNR. 18/213. Saka vert lagt fram utan tilråding. Utvalet var på synfaring. Partane var skriftleg orientert om at det var synfaring og at dei der ville få høve til å legga sitt fram sitt syn. Klagar møtte ikkje på synfaringa. Tiltakshavar møtte. Øyvind Strømmen (Bl) sette fram slikt framlegg til vedtak: Klagen vert ikkje teken til fylgje. Vedtaket i naturutvalet i sak 56/12 vert oppretthalde. Utvalet vedtok samrøystes framlegget frå Strømmen. NAT-065/12 VEDTAK: Klagen vert ikkje teken til fylgje. Vedtaket i sak 56/2012 vert oppretthalde. Det inneber at fylgjande vedtak vert gjort gjeldande: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon for å behalde allereie oppført mur på gbnr. 18/213 på vilkår: Det skal lages privat avtale mellom tiltakshavar av muren og kommunen som grunneigar, og kopi av denne avtalen skal sendast inn til teknisk eining som vedlegg til byggesøknad. Plass over muren skal vera fri for trær, buskvekstar, hekk, gjerde, byggverk og andre sikthindringar. Dersom det oppstår skade på kommunal eigedom der muren er oppført, er tiltakshavar av muren ansvarleg for kostnadar som oppstår dersom muren vert skada i samband med noko
arbeid på kommunal eigedom. 4 av 11 Saka vert oversendt fylkesmannen til klagehandsaming. SAKNR. 066/12 DISPENSASJONSSAK. BRUKSENDRING FRÅ GJESTEHUS TIL BUSTADHUS. GBNR. 40/33 Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til bruksendring frå gjestehus til bustadhus på gbnr. 40/33. NAT-066/12 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til bruksendring frå gjestehus til bustadhus på gbnr. 40/33. SAKNR. 067/12 DISPENSASJONSSAK. NAUST GBNR 26/11 Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert søknad om dispensasjon avslått. Vidar Tveiterås (Ap) sette fram slikt framlegg til vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert søknad om dispensasjon innvilga. Området er allerede sterkt privatisert, og søkjarar er muntlig tidlegare lova positiv handsaming frå kommunen. Det har og tidlegare stått eit sjøbu på staden. Strandsonerettleiaren Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland skal leggjast til grunn for tiltaket. Naustet skal ikkje utstyrast med element som tradisjonelt ikkje høyrer til eit naust, t.d. ark, altan, rekkverk m.m. Naustet skal oppførast i ein etasje og ha vindauge kor dagslysflata ikkje oversig 3 prosent. Maks storleik skal vere 40 m² og mønehøgda maks 5 meter. Det vart røysta alterntativt over rådmannen sitt framlegg til vedtak og framlegget frå Tveiterås. Tveiterås sitt framlegg vart samrøystes vedteke. NAT-067/12 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert søknad om dispensasjon innvilga. Området er allerede sterkt privatisert, og søkjarar er muntlig tidlegare lova positiv handsaming frå kommunen. Det har og tidlegare stått eit sjøbu på staden.
5 av 11 Strandsonerettleiaren Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland skal leggjast til grunn for tiltaket. Naustet skal ikkje utstyrast med element som tradisjonelt ikkje høyrer til eit naust, t.d. ark, altan, rekkverk m.m. Naustet skal oppførast i ein etasje og ha vindauge kor dagslysflata ikkje oversig 3 prosent. Maks storleik skal vere 40 m² og mønehøgda maks 5 meter. SAKNR. 068/12 DISPENSASJONSSAK. GBNR 39/68 FRØLAND - BUSTAD OG GARASJE Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon for riving av eksisterande bustad og oppføring av ny tomannsbustad og 2 garasjar på gbnr. 39/68, samt dispensasjon for utslepp av sanitært avløpsvatn. NAT-068/12 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon for riving av eksisterande bustad og oppføring av ny tomannsbustad og 2 garasjar på gbnr. 39/68, samt dispensasjon for utslepp av sanitært avløpsvatn. SAKNR. 069/12 DELINGSSAK GNR 4, BNR 1 Med heimel i plan og bygningslova 19 2 vert det gjeve dispensasjon til å dela i frå ein parsell i Lnf- område, på Gnr. 4, Bnr.1. Med heimel i plan og bygningslova 20-1m, vert det gjeve delingsløyve for ein parsell på Gnr.4, bnr.1, parsellen skal tilførast Gnr.4, Bnr.89. Med heimel i Jordlova 12, vert det gjeve delingsløyve for ein parsell på Gnr.4, Bnr.1. Løyvet er gjeve i samsvar med søknad av 03.10.12, alternativ 1. Saka vert sendt Fylkesmannen, som har klagerett på vedtaket. NAT-069/12 VEDTAK: Med heimel i plan og bygningslova 19 2 vert det gjeve dispensasjon til å dela i frå ein parsell i Lnf- område, på Gnr. 4, Bnr.1.
6 av 11 Med heimel i plan og bygningslova 20-1m, vert det gjeve delingsløyve for ein parsell på Gnr.4, bnr.1, parsellen skal tilførast Gnr.4, Bnr.89. Med heimel i Jordlova 12, vert det gjeve delingsløyve for ein parsell på Gnr.4, Bnr.1. Løyvet er gjeve i samsvar med søknad av 03.10.12, alternativ 1. Saka vert sendt Fylkesmannen, som har klagerett på vedtaket. SAKNR. 070/12 AREALOVERFØRING TIL OFFENTLEG VEGGRUNN FV 134 Med heimel i plan og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til arealoverføring i Lnfområde til offentleg veggrunn. Med heimel i plan og bygningslova 20-1m vert det gjeve løyve til arealoverføring av eit areal på 1443 m 2 frå Gnr. 31, Bnr.1 i Grønsdal. Med heimel i plan og bygningslova 21-3, vert søkjar friteken for nabovarsling. Løyve er gjeve i samsvar med søknad av 12.09.12 Utvalet vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg til vedtak. NAT-070/12 VEDTAK: Med heimel i plan og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til arealoverføring i Lnf-område til offentleg veggrunn. Med heimel i plan og bygningslova 20-1m vert det gjeve løyve til arealoverføring av eit areal på 1443 m 2 frå Gnr. 31, Bnr.1 i Grønsdal. Med heimel i plan og bygningslova 21-3, vert søkjar friteken for nabovarsling. Løyve er gjeve i samsvar med søknad av 12.09.12 SAKNR. 071/12 SØKNAD OM DISPENSASJON TIL FRÅDELING AV HYTTETOMTER GBNR. 33/3 - EIKEDALEN PANORAMA Med bakgrunn i uavklarte problemstillingar for forureining (avløp) og rasfare finn Samnanger kommune at eit dispensasjonsvedtak vil vera i strid med plan- og bygningslova sin føremålsparagraf 1-1 tredje ledd: Byggesaksbehandling etter loven skal sikre at tiltak blir i samsvar med lov, forskrift og planvedtak. Det enkelte tiltak skal utføres forsvarlig. Det vert difor ikkje gjeve
7 av 11 dispensasjon til frådeling av seks hyttetomter slik det er omsøkt på gbnr. 33/3., jf. pbl 19-2 andre og tredje ledd. Monica Tjønna (Sp) ba om å få vurdert om ho var ugild. Utvalet fann samrøystes at ho var gild. NAT-071/12 VEDTAK: Med bakgrunn i uavklarte problemstillingar for forureining (avløp) og rasfare finn Samnanger kommune at eit dispensasjonsvedtak vil vera i strid med plan- og bygningslova sin føremålsparagraf 1-1 tredje ledd: Byggesaksbehandling etter loven skal sikre at tiltak blir i samsvar med lov, forskrift og planvedtak. Det enkelte tiltak skal utføres forsvarlig. Det vert difor ikkje gjeve dispensasjon til frådeling av seks hyttetomter slik det er omsøkt på gbnr. 33/3., jf. pbl 19-2 andre og tredje ledd. SAKNR. 072/12 HØYRING AV REVIDERT FORSKRIFT OM HANDTERING AV HUSHALDNINGSAVFALL M.V. (BIR) Samnanger kommune gjev følgjande uttale til høyring av revidert avfallsforskrift: Forskriftsutkastet ligg berre føre på bokmål, før vedtak ynskjer me at den også ligg føre på nynorsk. Den reviderte forskrifta er meir oversiktleg enn den gamle. Det er eit godt grep at forskrifta er gjort meir overordna og at nærare detaljar og retningsliner skal koma i ein eigen rettleiar. Definisjonar er sortert ut i eit eige innleiande kapittel, dette gjer resten av forskrifta meir lettlest og forståeleg. Reglane for næringsavfall er presisert, dette rettar opp i at formuleringane i den gjeldande forskrifta er direkte misvisande til kva som er kjem innunder definisjonen av næringsavfall. Krav om renovasjonsteknisk plan for utbyggjarar er kome til, dette er svært positivt. Det har i mange planar og byggjesaker vore manglar på dette området. Reglar om kontroll er nye, og gjer det såleis enklare for BIR å handheva forskrifta. Naturutvalet ynskjer at det skal leggjast til rette for at barnehagar og skular skal oppmuntrast til å sortera ut plastikk. Dette må takast inn i forskrifta.
8 av 11 Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke med tillegg av at barnehagar og skular skal ha same regelverk for sortering av plastikk som hushaldningsabonnentane.. NAT-072/12 VEDTAK: Samnanger kommune gjev følgjande uttale til høyring av revidert avfallsforskrift: Forskriftsutkastet ligg berre føre på bokmål, før vedtak ynskjer me at den også ligg føre på nynorsk. Den reviderte forskrifta er meir oversiktleg enn den gamle. Det er eit godt grep at forskrifta er gjort meir overordna og at nærare detaljar og retningsliner skal koma i ein eigen rettleiar. Definisjonar er sortert ut i eit eige innleiande kapittel, dette gjer resten av forskrifta meir lettlest og forståeleg. Reglane for næringsavfall er presisert, dette rettar opp i at formuleringane i den gjeldande forskrifta er direkte misvisande til kva som er kjem innunder definisjonen av næringsavfall. Krav om renovasjonsteknisk plan for utbyggjarar er kome til, dette er svært positivt. Det har i mange planar og byggjesaker vore manglar på dette området. Reglar om kontroll er nye, og gjer det såleis enklare for BIR å handheva forskrifta. Forskrifta må endrast slik at barnehagar og skular får same vilkår for sortering av plastikk som hushaldningsabonnentane. SAKNR. 073/12 DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN OVANFOR BJØRKHEIM GBNR 18/33 Med heimel i pbl 19-2 vert det gjeve dispensasjon til å byggja ein seksmannsbustad på Tomt 4 og Leik 2 innanfor reguleringsplan for gbnr. 18/33. Nytt tilsvarande leikeareal skal etablerast innanfor tilgrensande friluftsområde. BYA 30 % skal gjelda for arealet av den nye tomta (tomt 4 + leik 2). NAT-073/12 VEDTAK: Med heimel i pbl 19-2 vert det gjeve dispensasjon til å byggja ein seksmannsbustad på Tomt 4 og Leik 2 innanfor reguleringsplan for gbnr. 18/33. Nytt tilsvarande leikeareal skal etablerast innanfor tilgrensande friluftsområde. BYA 30 % skal gjelda for arealet av den nye tomta (tomt 4 + leik 2). SAKNR. 074/12 MELDING MED FORSLAG TIL UTGREIINGSPROGRAM: OVERFØRING AV VAKSDALSVASSDRAGET TIL SAMNANGERVASSDRAGET
9 av 11 Vidar Tveiterås (Ap) sette fram slikt framlegg til vedtak: Samnager kommune tek konsekvensutgreiingsprogrammet om overføring av Vaksdalsvassdraget til orientering. BKK har allereie søkt om fleire overføringar til Samnangervassdraget, og fleire er på teiknebrettet. Samnanger kommune eterlyser eit oversyn over samla belastning for alle omsøkte og planlagte overføringar til Samnangervassdraget, og at konsekvensane for vassdraga og fjorden vert skikkeleg utgreidd før det vert teke stilling i saka. Helst burde alle (eller fleire) overføringar vore omsøkt under eitt, dette ville gjort sakshandsaminga meir oversiktleg, og det ville ha sikra at innbyggjarane fekk ei skikkeleg oversikt over eksisterande og framtidige inngrep i ein stor del av kommunen sitt areal og naturverdiar. Framlegget frå Tveiterås vart samrøystes vedteke. NAT-074/12 VEDTAK: Samnager kommune tek konsekvensutgreiingsprogrammet om overføring av Vaksdalsvassdraget til orientering. BKK har allereie søkt om fleire overføringar til Samnangervassdraget, og fleire er på teiknebrettet. Samnanger kommune eterlyser eit oversyn over samla belastning for alle omsøkte og planlagte overføringar til Samnangervassdraget, og at konsekvensane for vassdraga og fjorden vert skikkeleg utgreidd før det vert teke stilling i saka. Helst burde alle (eller fleire) overføringar vore omsøkt under eitt, dette ville gjort sakshandsaminga meir oversiktleg, og det ville ha sikra at innbyggjarane fekk ei skikkeleg oversikt over eksisterande og framtidige inngrep i ein stor del av kommunen sitt areal og naturverdiar. SAKNR. 075/12 UTTALE TIL KONSESJONSSØKNAD MED KONSEKVENSUTGREIING FOR ALDALSELVA KRAFTVERK Møtet vart heva før saka vart teke til handsaming. Representantar for grunneigarane orienterte om bakgrunnen for søknaden sin og om sjølve søknaden. Det vart særleg vekt på å visa kva konsekvensane vart for Fitjavatnet. Monica Tjønna (Sp) sette fram slikt framlegg: Naturutvalet utset saka til neste naturutvalsmøte grunna ein del ny informasjon som representantane vil setja seg betre inn i, og som me ønsker å diskutere med våre partikollegaer. To røysta for utsettingsframlegget (Tjønna og Tveiterås) og 5 mot.
10 av 11 Øyvind Strømmen (Bl) sette fram slikt framlegg: Utbygginga som omsøkt inneber til dels store inngrep i eit, etter kommunen sitt syn, verdifullt natur- og kulturområde, både med tanke på naturmangfald, friluftsliv, landbruk og kulturminne. Me rår til at det ikkje vert gjeve konsesjon til Aldalselva kraftverk. Me er uroa for at ein ved å tillata eit slikt inngrep i vassdraget bidreg til at vassdraget ved seinare høve gradvis får fastsett lågare og lågare verdi, med grunngjeving i at det allereie er tillete store inngrep der. Kvart nye inngrep som vert tilført trekk ned verdien av, og utøvar negativ belastning på dei kvalitetane som no er kartlagde i Aldalen. Samnanger kommune kan derfor ikkje tilrå at det vert gitt konsesjon til Aldalselva kraftverk. Vidar Tveiterås (Ap) sette fram slikt framlegg: Samnanger kommune rår til at konsesjon vert gjeven. Dette under føresetnad av at konsekvensane for Fitjavatnet som drikkevasskjelde vert nærare utgreidd, og at ei slik utgreiing ikkje viser nokon negative verknader. Likeeins er det ein føresetnad at reguleringa av vatnet er på maksimalt - 1,1m, og at høgaste og lågaste naturlege vannstand ikkje vert endra. Det vart røysta over framlegget frå Tveiterås. 4 røysta for, Tveiterås, Tjønna, Loe og Bogevik og 3 mot. Det vart røysta over framlegget frå Strømmen. 3 røysta for, Strømmen, Marken og Dyrhovden og 4 mot. NAT-075/12 VEDTAK: Samnanger kommune rår til at konsesjon vert gjeven. Dette under føresetnad av at konsekvensane for Fitjavatnet som drikkevasskjelde vert nærare utgreidd, og at ei slik utgreiing ikkje viser nokon negative verknader. Likeeins er det ein føresetnad at reguleringa av vatnet er på maksimalt - 1,1m, og at høgaste og lågaste naturlege vannstand ikkje vert endra.
11 av 11 11