Fylkesmannen i Sogn og Fjordane VIK ØRSTA AS AVD VIK I SOGN Leikanger, 19.12.2017 Elvegata 1 6893 Vik i Sogn Dykkar ref.: Ann Helen Krøvel Vår ref.(oppgi ved svar): Sakshandsamar: Dagny Ugulsvik Alvik Rapport etter inspeksjon ved Vik Ørsta AS, avd Vik Kontrollnummer: 2017.076.I.FMSF Kontaktpersonar ved inspeksjonen: Frå verksemda: Ann Helen Krøvel, Kjetil Nesset, Henning Melle, Nina Fuglebakk, Andre Laskerud, Kurt Helleland og Per Arvid Stølen Frå bedriftshelsetenesta: Ingvild Lien Molland og Inger Johanne Lomheim Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Dagny Ugulsvik Alvik Andre deltakarar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Grete Haugan Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten gjeld resultatet frå inspeksjon ved Vik Ørsta AS, avd Vik den 07.12.2017. Rapporten er å sjå på som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er motteken. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane avdekka 3 avvik og ga ingen merknader under inspeksjonen. Fylkesmannen ser alvorleg på at verksemda ikkje har følgt opp forhold som vart påvist ved førre kontroll, og at det manglar ei systematisk oppfølging i internkontrollen som sikrar forsvarleg drift som gjeld ureiningsregelverket. Avvik: Verksemda sitt systematiske internkontrollarbeid har manglar Verksemda har ikkje gjennomført beredskapsøving Verksemda sitt førebyggjande inspeksjons-/vedlikehaldssystem har enkelte manglar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Postadresse: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Besøksadresse: Njøsavegen 2, Leikanger Telefon: 57 64 30 00 Org. nr.: 974 763 907 E-post: fmsfpost@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/sogn-og-fjordane.no
Merknader: Det vart ikkje gitt merknader under inspeksjonen. Avvik og merknader er nærare omtalte frå side 4 og utover i rapporten. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtalt på side 3. Elektronisk dokumentert godkjenning, utan underskrift 19.12.2017 Grete Haugan Dagny Alvik dato senioringeniør fagdirektør Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Kopi av rapporten skal sendast til: Vik kommune Arbeidstilsynet Inspeksjonsrapport 2017.076.I.FMSF Side 2 av 6
1. Informasjon om den kontrollerte verksemda Ansvarleg eining Namn: VIK ØRSTA AS AVD VIK I SOGN Organisasjonsnr.: 980320677 Eigd av: 985001952 Bransjenr. (NACE-kode): 25.110 - Produksjon av metallkonstruksjoner og deler Kontrollert eining Namn: Vik Ørsta AS, avd Vik Anleggsnr.: 1417.0004.01 Kommune: Vik Fylke: Sogn og Fjordane Anleggsaktivitet: Kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling Løyve gitt: 20. august 1997 Sist endra: 1. september 2009 2. Bakgrunn for inspeksjonen Inspeksjonen vart gjennomførd for å kontrollere om gjeldande krav som er fastsette i eller med heimel i utsleppsløyve datert 16.04.09 vert overhaldne. Dette var oppfølging frå sist tilsyn, og eit fellestilsyn saman med Arbeidstilsynet. Fylkesmannen hadde under tilsynet hovudfokus på diffuse utslepp til luft. Inspeksjonstema Internkontroll Prosess og reinseutstyr Utslepp til luft Rapporten gjeld avvik og merknader som vart avdekka under inspeksjonen. Han gir ingen fullstendig tilstandsvurdering av miljøarbeidet eller miljøstatusen til verksemda. Definisjonar Avvik: Manglande etterleving av krav fastsette i eller med heimel i lov. Merknad: Eit tilhøve som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ivareta ytre miljø, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik. Andre tilhøve: Saker som kom fram under inspeksjonen og som det kan vere nyttig for verksemda og sakshandsamarar å kjenne til. Informasjon om verksemda og kommentarar til tema som vart tekne opp under inspeksjonen, men som ikkje vart klassifisert som avvik eller merknader, kan også inngå her. 3. Oppfølging etter inspeksjonen Vik Ørsta AS, avd Vik pliktar å rette opp avvika som er omtalte i denne rapporten så snart som råd. For at Fylkesmannen skal kunne avslutte saka, ber vi om at Vik Ørsta AS, avd Vik innan 23.01.2018 sender ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvik er retta og kva tiltak som er gjennomførde eller planlagde. Inspeksjonsrapport 2017.076.I.FMSF Side 3 av 6
Vi ser alvorleg på at verksemda ikkje følgjer opp avvik som vi har påpeikt tidlegare, og som de sjølve har laga rutinar for å følgje opp. Gjennomføringa av tiltaka vil bli følgd opp ved ny kontroll. Vi ber om at de stiler svarbrev eller e-post (fmsfpost@fylkesmannen.no) til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane v/dagny Alvik. 4. Vedtak om gebyr Vi viser til informasjon og varsel om gebyrplikt som vart gitt til verksemda den 7. desember 2017. Verksemder skal betale gebyr for kontrollar utførte av Fylkesmannen i samsvar med 39-3 i ureiningsforskrifta. Gebyret skal dekke kostnader med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen. Gebyrsatsar for kontroll av verksemder er fastsette i ureiningsforskrifta 39-7. På bakgrunn av forventa ressursbruk må Vik Ørsta AS, avd Vik betale eit gebyr på kr 19 400,- for inspeksjonen, jf. ureiningsforskrifta 39-7. Dette svarer til gebyrsats 2 for tilsyn av inntil en dags varighet. Miljødirektoratet vil sende dykk ein faktura for innbetaling til statskassa. Fylkesmannen viser elles til ureiningsforskrifta kapittel 39 om innkrevjing av gebyr til statskassa. Klagerett Vedtaket om gebyr kan klagast på til Miljødirektoratet, jf. 28 i forvaltningslova. Ein eventuell klage bør vere skriftleg grunngjeven og adressert til Miljødirektoratet, men han skal sendast via Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen vil vurdere endring av vedtaket eller sende saka vidare til Miljødirektoratet for endeleg vedtak. Gebyret som er fastsett ovanfor, må likevel betalast inn. Dersom Miljødirektoratet tek klagen til følgje, vil for mykje innbetalt beløp bli refundert. 5. Innsyn Denne rapporten vil vere offentleg tilgjengeleg via postjournalen til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (jf. offentleglova). 6. Avvik Vi fann følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1 Verksemda sitt systematiske internkontrollarbeid har manglar Avvik frå: Internkontrollforskrifta, 2. ledd 5 Utsleppsløyvet datert 16.04.2009 Inspeksjonsrapport 2017.076.I.FMSF Side 4 av 6
Kommentarar: Diffuse utslepp Verksemda kunne vise til praktiske tiltak som var gjort for å forbetre luftkvaliteten i galvaniseringshallen. Dette er mellom anna bruk av antiblast og antivapor som reduserer sinkstøv og saltsyredamp, reingjering av hall og installering av filter i tak. Verksemda kunne ikkje dokumentere at dette har ført til mindre opne portar og diffuse utslepp. Det er ikkje gjennomført noko ny risikovurdering med fokus på diffuse utslepp, men det var på byrjinga av året utarbeid ei liste over aktuelle tiltak. Verksemda har ikkje dokumentert i styringssystemet korleis det har vore jobba med dei ulike tiltaka, eller eventuelle utfordringar som har vore. Det kom mellom anna fram under tilsynet at det har vore utfordringar kring bruken av Zehnderfilter i taket, men dette var ikkje registrert som avvik. Fylkesmannen fekk inntrykk av at verksemda framleis har lite fokus på utfordringa med opne portar. Det var ikkje registrert avviksmeldingar på opne portar til tross for eigne prosedyrar og krav i utsleppsløyvet. Det kom fram at det har vore problem med brytar på porten, og at ein fjernkontroll i trucken ville ha gjort det lettare å stenge porten ved bruk. Dette var ikkje følgt opp. Oppfølging av interne rutinar Verksemda har fleire rutinar og prosedyrar som skal sikre forsvarleg drift, men klarer ikkje å følgje opp desse i praksis på ein systematisk måte. Det er fleire forhold som viser at interne prosedyrar ikkje blir følgt: Mellom anna har det det siste året vore overutslepp til vatn fordi ein har gløymt å skifte sandfilter etter plan. Under tilsynet kom det fram at verksemda ikkje har følgt opp beredskapsplan og krav i utsleppsløyvet om årleg beredskapsøving, jf. avvik 2. Etter førre tilsyn skulle det etablerast rutine med dokumentert førebyggande/frekvensstyrt inspeksjons- og vedlikehaldsprogram på tankanlegget. Verksemda kunne ikkje vise til at dette er gjort, jf. avvik 3. Avviksmeldingar Verksemda brukar TQM til å handsame avvik, men ikkje alle tilsette har tilgang. Inntrykket er at det har vore lite fokus på avvik i forhold til ytre miljø. Avvik 2 Verksemda har ikkje gjennomført beredskapsøving siste året Avvik frå: Utsleppsløyvet datert 16.04.2009 Kommentarar: Det er eit krav i utsleppsløyvet at verksemda, på bakgrunn av ein miljørisikoanalyse og dei risikoreduserande tiltaka som er sett i verk, skal etablere og vedlikehalde ein beredskap mot akutt ureining. Beredskapen skal vere tilpassa den miljørisikoen som Inspeksjonsrapport 2017.076.I.FMSF Side 5 av 6
verksemda til ei kvar tid representerer. Beredskapen mot akutt ureining skal øvast minst ein gong pr. år. Etter førre tilsyn oppdaterte verksemda beredskapsplanen etter påpeiking frå oss. Vi lukka avviket med kommentar om at beredskapsøving ikkje var nemnt i planen. Vi signaliserte klare forventningar om at verksemda følgde krav i løyvet om årleg beredskapsøving. Verksemda har ikkje gjennomført øving med fokus på ytre miljø. Fylkesmannen ser alvorleg på dette med tanke på at verksemda har store mengder kjemikaliar og difor høg risiko ved eventuelle uhell eller utslepp. Avvik 3 Verksemda sitt førebyggjande inspeksjons-/vedlikehaldssystem har enkelte manglar Avvik frå: Ureiningsforskrifta kapittel 18 (Tanklagringsforskrifta) 18 6 pkt. d Kommentarar: Alle tankar og røyrsystem med tilhøyrande utsleppsrelatert utstyr og barrierar skal vere underlagt eit dokumentert førebyggande/frekvensstyrt inspeksjons- og vedlikehaldsprogram. Det er viktig å ha årleg revisjon på alle prosedyrane ved anlegget, og få inn varsel når eksterne skal utføre reparasjonar. Det er viktig at dette kjem med i system for overvaking, og viser att i det førebyggande inspeksjons-/ vedlikehaldssystemet for verksemda. Dette avviket vart påvist ved førre tilsyn, som hadde hovudfokus på tanklagring. Vi lukka avviket etter førre kontroll under føresetnad om at årleg revisjon vart gjennomført etter intensjonen. Når vi etterlyste status i dette arbeidet no, kunne ikkje verksemda vise til kva som er blitt gjort. 7. Merknader Det vart ikkje gitt merknader under inspeksjonen. 8. Dokumentunderlag Lovgrunnlaget for inspeksjonen var: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (ureiningslova) med underliggjande forskrifter Forskrift om begrensning av forurensning (ureiningsforskrifta) Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) Løyve til verksemd etter ureiningslova frå Fylkesmannen Inspeksjonsrapport 2017.076.I.FMSF Side 6 av 6