Velkommen til nytt barnehageår!



Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsbrev for Rosa september 2014

Plassebakken Barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Plassebakken Barnehage

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Informasjon til foreldre

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Bjørnehiet SFO - informasjon

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Bli kjent med Orre Barnehage

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

Plan for Liabygda SFO

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månedsbrev april 2015

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Maurtuå Barnehage. SAMAN SET ME SPOR

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Plassebakken Barnehage BA

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

10/60-14/N-211//AMS

Plan for overgangar. for barn og unge

INFORMASJON om førestellinga:

Transkript:

Velkommen til nytt barnehageår! Då er nytt barnehageår godt i gang, og me vil ønskje alle velkommen tilbake etter sommaren. Eit ekstra velkommen også til dei nye barna og foreldra som nok no er over den førte skumle tilvenninga i barnehagen i desse dagar. De kjenner det nok likevel godt i magen for tida, men de skal veta at det er erfarne folk som tek i mot barna dykkar, og me gjer alle det me kan for at dei skal få ein så god start som mogleg. Kjøkken / mat Barna får alle måltid i barnehagen, og me har for tida to kjøkkenhjelper (Baw Meh og Inga) frå kantina til Opero. Dei er hos oss måndag, tysdag og onsdag. Rutinane for måltida er som før sommaren: Frukost ca.8.00 8.45 (oppe). Dei som kjem etter dette må ha ete frukost heime. Dei som tilhøyrer Tusenbeingruppa et frukost på tusenbeinrommet, medan Gashoppe-,Tissemaur- og Sommarfuglgruppa et frukost i kantina. Lunsj ca 11.30, middag stort sett onsdagane. Frukt i tida kring 14.00 15.00. I avdelinga nede for dei minste har dei eigne tider for måltida, dei kan informere meir om det. Tilsette Me er delt i 6 grupper, med 1 pedagogisk leiar og faste assistentar/fagarbeidarar i kvar gruppe. I tillegg til den faste bemanninga har me også med ekstra personale som er inne i ulike attføringstiltak gjennom NAV og Opero AS. I haust har me jobba litt med å få inn nok pedagogressurs på huset. Lena Egelandsdal Stokken som har vore tilsett som vikar før ferien er no inne i ein fast stilling hos oss. Me meiner me har vore storheldige som har fått henne med på laget. I tilsettingsprosessen stod det då att eit vikariat på humlegruppa som pedagogisk leiar. Sidan det no berre er to månadar att til ei av våre tilsette kjem tilbake etter foreldrepermisjon fekk me løyve frå kommunen å nytta interne vikarar til denne stillinga. Me frigjer Sissel som er assisterande

styrar, slik at den pedagogiske planlegginga skal vera på plass. Dei tre som no er der i kvardagen er trygge og dyktige fagpersonar som me har stor tiltru til. Dei er gode på å ta var på både borna og foreldra. Håpar også de har fått intrykk av dette. Avgjera i denne tilsettingsprosessen har vore eit samarbeid med både tillitsvalte, verneombod, styrar, kommunen og eigar. Rundt 1. november vil Malin Eriksen vera tilbake. Ho går då inn att med den gruppa ho hadde før ho gjekk i permisjon og Siv vil vera den som tar over pedagogansvaret nede på Humlegruppa. Marte vil då miste den faste engasjementet, men vil vera ringevikar ved behov. Fordelinga av personalet blir slik i haust: Humlene Marihøne Tusenbein Grashoppe Tissemaur - Siv-Camilla Bernersson, Ingrid Nysæter og Marte Hillesdal Sissel er her pedagogisk vegleiar fram til Siv overtar rundt 1.november - Lene Presthaug (pedagogisk leiar), Inger Marit Larsen og Margrethe som er ekstra assistent. - Linda Amundsen Rogne (pedagogisk leiar), Jessica Hauan og Agnethe Koppang (Kvalifisering). - Lena Egelandsdal Stokken (pedagogisk leiar), Jillian Moores og Kjellaug Larsen Kine Dommersnes (pedagogisk leiar), Audhild Sørensen, Anna Jespersen og Kari Ågotnes(Kvalifisering) Sommarfugl Siv Miljeteig (pedagogisk leiar), Hilde Nysæter, Anne Bente Østraat og Anita Aga(Kvalifisering) Malin tar over som pedagogisk leiar her ca 1. november. Styrar er Aud Jorunn Vedøy. Eg har kontor i kjellaren og er vanlegvis å treffa mellom 7:30 og 15.00. Er det noko de lurer på, eller har de ein tilbakemelding er det berre å komme innom meg, ringe, eller ta kontakt via e-post: post@aasbarnehage.no. Assisterande styrar er Sissel Gravdal. Ho har også kontor i kjellaren, og er til vanleg å treffa mellom 7.30 og 15.00. Ho er stedfortreder for styrar, og har også ansvar for tilrettelegging og oppfølging av deltakarane i attføring.

Telefonnummer til barnehagen: Styrar: 53402430 Styrarassistent: 53402432 Gruppene oppe: 53402433 Gruppene nede: 53402436 Dei ulike gruppene har eigne mobiltelefonar. Daglege beskjedar om at barn er sjuke, tek fri osb. kan sendast som melding til desse. De får nummer til dykkar gruppe frå pedagogisk leiar. Me ønskjer å få beskjed innan 9.00 om barnet ikkje kjem i barnehagen, sidan samling, turar og andre gruppeaktivitetar startar på den tida. I år har me også kjøpt inn eit arbeidsverktøys som heiter Vigilo. Dette skal de få meir informasjon om, til dømes på foreldremøte onsdag 23. september kl 18:00. Gjennom dette verktøyet kan de installerer ein app på smart-telefonen dykkar og gi korte beskjedar til gruppene. Meir informasjon kjem altså her. Heimeside Barnehagen har eiga heimeside der de finn generell informasjon om barnehagen, planar, vedtekter, månadsbrev og bilete frå aktivitetar i barnehagen. Adressa er www.aasbarnehage.no Opningstider Me har open frå 06.45 16.15 kvar dag. Dei tilsette må arbeide i vakter for å dekke heile opningstida, og det er difor ikkje alltid du vil treffe nokon frå di gruppe når du leverer tidleg, eller hentar seint på ettermiddagen. Me vaksne prøver å gjere oss godt kjende med alle barna, så barnet ditt vert likevel teken godt hand om, og har du beskjedar til di gruppe formidlar me sjølvsagt det vidare til rette vedkommande.

Fødselsdagar Fødselsdagar vert markert på gruppa barnet høyrer til. Me heiser flagget, og har ei bursdagssamling der me gjer stas på barnet med bursdagskrone, song og moro, og eit fint fruktfat til slutt. Me minner om at me ikkje ønskjer at bursdagsinvitasjonar til privat feiring vert delt ut i barnehagen dersom ein ikkje inviterer heile gruppa. Dette er fordi me ser at det oppleves sårt for dei barna som ikkje vert invitert, og me ønskjer at barnehagen skal vere ein stad der alle kjenner at dei vert inkludert i fellesskapet. Personalet kan likevel vere behjelpelig med kontaktinformasjon til andre foreldre om ein har vanskar med å finne fram til dei barna ein vil invitere. Eigne leiker Regelen om at barna ikkje skal ha med eigne leiker kan nok opplevas som trøblete for enkelte, men me ser at det er viktig å halde på den. Det oppstår fort konfliktar og vanskelige situasjonar når barna har eigne leiker med. Barnehagen har leiker tilpassa dei ulike aldrar og behov, og me får ein betre leik når ikkje nokon eig leikene meir enn andre. Tutt og kos for dei minste er sjølvsagt ikkje medrekna her, det som trengst til soving og trøyst må sjølvsagt vere med. Merking av klede Me gjentek det kvar haust, og her kjem det igjen: Me har mange barn her i barnehagen, og det blir mykje klede å halde styr på, særleg dei dagane me vert våte og må byte. Då går det fort i surr med bukser, genserar, strømpebukser, sokkar og truser. For at me skal kunne ha best mogleg oversikt ber me om at de merkar alt med namn, også dei små plagga. Byteklede Me lever etter mottoet at det fins ikkje dårleg ver, berre dårlege kler eller av og til for lite kler. Me er ute i all slags ver, og ein del blir våte kanskje fleire gonger kvar dag. Det er difor viktig at de med jevne mellomrom sjekkar innhaldet i byttekorga, og har rikeleg av dei mest utsette kleda, som strømpebukser, sokkar, bodyar/undertrøyer. Våte dressar og regnklede må takast med heim til tørk, sidan det er vanskeleg for oss å få alt tørt til dagen etter når det skal i bruk igjen.

Dersom barna manglar det dei treng av utanpåkler/byttekler kan det hende me må ringe og be dykk komme med det. Me har ikkje anledning til å halde ekstrakler her i barnehagen, og det er foreldra sitt ansvar at alt nødvendig utstyr er på plass til ei kvar tid. Informasjon via e-post Me sender mest mogleg av fellesinformasjonen frå barnehagen via e-post, for å redusere papirbruken samstundes som det vert lettare tilgjengeleg for dykk som foreldre. De som er nye har no fått utdelt eit skjema der de fører på om de ønskjer informasjon via e-post, og evt. adresser. Til dykk andre er det fint om de gjev beskjed dersom de endrar e-post adresse. Det same gjeld telefonnummer og anna kontaktinformasjon til foreldre. Det er viktig at me har oppdaterte telefonnummer dersom me kjem opp i akutte situasjonar og må varsle raskt. Då gjenstår det å ønskje alle ein fin haust i barnehagen ta berre kontakt om det er noko de lurer på. Styrar