Vedlegg 1: Eksempel på eksamensinstruks for privatister fra Hordaland fylkeskommune Eksamensinstruks for skriftleg eksamen Det er viktig at du gjer deg kjent med denne informasjonen. Oppmøte Seinast 30 min. før eksamen startar. Eksamen startar normalt kl 09.00. Kandidaten må ha med eksamensbrevet og gyldig legitimasjon. Kandidaten set seg på tilvist plass og kontrollerer at han/ho har motteke rett eksamensoppgåve. Kandidatar som kjem etter at oppgåvene er delte ut, får ikkje gjennomføra eksamen. Kandidatane kan tidlegast forlate lokalet etter ein time. Det skal vere ro i lokalet under heile eksamen. Det er ikkje mogleg å byte eksamensfag på eksamensdagen Hjelpemiddel I dei fleste fag er det tillate å bruke alle hjelpemiddel, med unntak av Internett og andre verktøy som tillet kommunikasjon. Der fag har to-delt eksamen, er del 1 utan hjelpemiddel og del 2 med hjelpemiddel. Vaktene har høve til å kontrollere hjelpemiddel som blir brukt ved eksamen. Oversikt over hjelpemiddel til eksamen finn du på www.hordaland.no/privatist Bruk av datamaskin Dersom du har kryssa av for PC då du meldte deg opp til eksamen kan du bruke datamaskin på eksamen. Følgjande gjeld:
Du må ha med eigen berbar datamaskin. Denne må ha nettverkskort for trådlaust nett og nettlesaren må vere Explorer eller Firefox. Det er ditt ansvar at datamaskinen fungerer. Du må sjølv vite korleis du bruker datamaskinen, programvare og du må kunne lage topptekst og botntekst i eksamensdokumentet. Du må kunne lagre heile eksamenssvaret i ei fil; i Word eller i pdfformat. Vi vil råd deg til å ha med ein minnepenn der du kan lagre ein sikkerhetskopi av eksamenssvaret undervegs i eksamen. Til all skriftleg eksamen i Kunnskapsløftet (unnateke MAT1001, MAT1006 og alle flyfag), kan dei som har kryssa av for det ved oppmeldinga, bruke eigen datamaskin. Husk ladar. Under eksamen Kandidatane skal ikkje ha noka form for kommunikasjon seg imellom. Mobiltelefonar skal vere slått av og lagt ned i veske/sekk. Kandidatar som ønskjer luftepause, signaliserer dette til ei vakt som følgjer ut. Eksamenstida er fastsett på oppgåvearket. Kandidaten kan få inntil 15 min. utover fastsett tid til klargjering av eksamenspapira. Alt papir som blir brukt skal vere merka med eksamenskontoret sitt namn. Kandidaten må bruke blå eller svart penn ved innføring av oppgåvesvar dersom eksamenssvaret blir skrive for hand. Til skisser, teikningar og grafiske framstillingar kan blyant og fargar nyttast. Kandidaten kan berre få med seg oppgåva og kladden dersom han sit tida ut. Innlevering Kandidatane fyller ut svararka slik det blir opplyst. På første side: Eksaminandnummer/kandidatnr, fagnamn, fagkode, eksamensdato, geografisk namn/ gruppe og antal innleverte svarark. Kandidaten skal ikkje merke noko svarark slik at han kan identifiserast. (Namn skal kun førast på rosa omslagsark). Når kandidaten skal levere oppgåvesvaret sitt, skal han/ho gi teikn om dette til vakt som hentar oppgåvesvaret. Dette skal leverast i
nummerorden med ark nr 1 som omslag rundt dei andre arka. Kladdeark blir ikkje vurdert. Dersom prøvesvaret blir levert digitalt, skal kvitteringsnummeret for levering noterast på det rosa arket. Dersom eksamenssvaret blir levert som utskrift, skal topptekst fyllast ut med same informasjon som skal skrivast på dei handskrivne arka. Kandidaten er sjølv ansvarleg for å kontrollere dei innleverte arka. Brot på reglement og fusk Den som bryt reglementet, fuskar eller prøver seg på fusk, vil få eksamen annullert. Vedtaket blir fatta av opplæringsdirektøren. Vedtaket kan påklagast til høgare instans. Fusk eller forsøk på fusk kan vere: Å gi eller prøve å gi eller formidle hjelp til andre Å ta imot slik hjelp Å ha eller å bruka hjelpemiddel som ikkje er tillatne etter at oppgåva er delt ut Å bruka mobiltelefon/internett under eksamen Tilrettelegging Kandidatar med behov for særskild tilrettelegging må søke om dette innan 1.oktober/1.mars. Det er Eksamenskontoret som avgjer kva tilrettelegging som blir gitt. Søknaden skal førast på eige skjema. Skjema og utfyllande informasjon finn ein på www.hordaland.no/privatist. Søknader utan godkjend dokumentasjon blir ikkje handsama. Eksamensinstruks for munnlege og munnleg-praktiske eksamenar Generell del Alle kandidatar må vise gyldig legitimasjon. Kun trykte og skrivne hjelpemiddel er tillatne. Under førebuinga kan det gjerast notat som kan nyttast som støtte under eksaminasjonen. Kommunikasjon under førebuingsdel er ikkje tillate. Eksamen: Inntil 30 min.
Først får kandidaten tid til ein presentasjon der han legg fram resultatet av arbeidet i førebuingsdelen. Presentasjonen skal ikkje lesast opp frå eit ferdigskrive manus, men framførast munnleg med utgangspunkt i ein kort disposisjon eller ei momentliste han har med. Disposisjonen/ momentlista kan leggjast fram for eksaminator og sensor. Eksaminator gir beskjed når presentasjonsdelen er over og eksamineringa tar til. Resten av eksamenstida vil bli brukt til ein vidare diskusjon og samtale i faget. Alle kompetansemål kan bli trekte inn i denne samtalen. Eksaminator og sensor skal i samråd fastsetje karakteren. Når kandidaten får karakteren, kan han be om ei grunngjeving der og då. Denne grunngjevinga blir gitt munnleg. Fagspesifikk del SAMFUNNSFAGA Oppgåve: Kandidaten trekker oppgåve Hjelpemiddel i førebuingstida: Alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tillatne Eksamen: Inntil 30 min. Kandidaten gjer greie for oppgåva frå førebuingsdelen og svarar på oppfølgingsspørsmål. Dessutan skal kandidaten få høve til å kome med utfyllande kommentarar og svare på nye spørsmål der han kan få vist kompetansen sin i så stor del av faget som mogleg. Hjelpemiddel under eksamen: Notat frå førebuingsdelen. I rettslære også lovsamling. RELIGION OG ETIKK Kandidatane må levere ei leseliste til Eksamenskontoret. Sjå frist for dette på heimesida. NORSK Kandidatane må levere ei leseliste til Eksamenskontoret. Sjå frist for dette på heimesida. Oppgåve: Kandidaten får utlevert ein ukjent tekst eller ei anna oppgåve frå eit hovudområde i læreplanen. Kandidaten førebur seg på å vise kompetansen sin innanfor hovudområdet og/eller i tekstanalyse. Hjelpemiddel i førebuingstida: Alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tillatne.
Eksamen: Inntil 30 minutt. Kandidaten gjer greie for oppgåva frå førebuingsdelen og svarar på oppfølgingsspørsmål. Kandidaten blir eksaminert i ei anna oppgåve, med spørsmål som kan kome frå alle hovudområde i læreplanen, inkludert den sjølvvalde fordjupingsoppgåva. Hjelpemiddel under eksamenstida: Notatark frå førebuingsdelen.
KJEMI, FYSIKK, BIOLOGI OG NATURFAG Desse faga har ein munnleg-praktisk eksamen. Oppgåve: Kandidaten trekker ei problemstilling som er relevant i høve til eitt eller fleire av kompetansemåla i læreplanen for faget. Kandidaten førebur seg på å vise kompetansen sin i aktuelle kompetansemål med utgangspunkt i den trekte problemstillinga. Hjelpemiddel i førebuingstida: Alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tillatne. Eksamen: Om lag 30 minutt, inklusiv tid til å utføre praktisk arbeid Kandidaten gjer greie for arbeidet frå førebuingsdelen og svarar på oppfølgingsspørsmål. Avskrift frå lærebok vil ikkje gi utteljing. Kandidaten blir eksaminert i eitt eller fleire naturleg avgrensa emneområde som dekkjer fleire kompetansemål enn den trekte problemstillinga. Kandidaten skal utføre forsøk. I Biologi 2 skal kandidaten utføre eller beskrive forsøk. I Kjemi 2 og Fysikk 2 kan eksaminator velje å la heile eksamenspartiet gjennomføre den praktiske delen samla før ein startar med individuell høyring. I dette tilfellet kan individuell høyring vere på 20 30 minutt. Hjelpemiddel under eksamenstida: Notatark frå førebuingsdelen. I NAT1002 vil karakteren vere ei samla vurdering av den skriftlege og munnlege delen. I geofag REA3008 og REA3010 skal kandidaten ha med seg ei prosjektoppgåve innan hovudområdet i læreplanen som heiter Geoforsking. Tema for oppgåva må leverast Eksamenskontoret. Sjå frist for dette på heimesida. ENGELSK og FRAMANDSPRÅK I, II, og III Kandidatane må levere ei leseliste til Eksamenskontoret. Sjå frist for dette på heimesida. Oppgåve: Kandidaten trekker ei oppgåve som dekkjer fleire kompetansemål. Kandidaten førebur seg på å vise kompetansen sin innanfor det trekte temaet.
Hjelpemiddel i førebuingstida: Alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tillatne. Eksamen: Inntil 30 min. Kandidaten gjer greie for arbeidet med emneområdet/teksten og svarar på oppfølgingsspørsmål. Hjelpemiddel under eksamenstida: Notatark frå førebuingsdelen. Dersom leseliste ikkje er levert, kan eksaminator eksaminere kandidaten etter eksamenskontoret sitt forslag til leseliste. KROPPSØVING Sjå retningslinjer for dette faget på www.hordaland.no/privatist Informasjon om klagerett Kva det kan klagast på Det kan klagast på eksamenskarakterar i skriftlege fag, og formelle feil ved munnleg/praktisk eksamen. Kven som kan klage Kandidatar eller dei desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller kandidatar har sjølvstendig klagerett. Avgjerd i klagesaka Handsaming av klage over karakter kan føre til at karakteren blir ståande eller til at han blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. Avgjerda skal grunngjevast. Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på. Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg/praktisk eksamen, blir karakteren annullert og klagaren får rett til å gå opp til ny eksamen. Fører klagehandsaminga til endring av vitnemålet/innhaldet i dokumentasjonsbeviset, skal det skrivast nytt, og tidlegare vitnemål/dokumentasjon skal leverast tilbake. Saksgangen ved klage Dei som har klagerett etter forskrifta 5-2, skal få opplysningar om høve til å klage, klagefristen og om kva klagen skal innehalde i medhald av forskrift til Opplæringslova. Dei som har klagerett, skal
også få informasjon om retten til å få retningslinjer som er gitt sensorane. Kandidatar sender klagen til Eksamenskontoret i Hordaland Fylkeskommune. Klagefristar Frist for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar er 10 dagar. Fristen skal reknast frå det tidspunktet då melding om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller då den som har klagerett, burde ha gjort seg kjent med vedtaket. Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Fristen er 10 dagar frå eksamen er avhalden. Formkrav Klage må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller eventuelt av fullmektig. Hugs å skriv fødsels- og personnummer. Klagen skal nemne det vedtaket som blir påklaga, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden. Klagen bør innehalde årsaka til klagen, bortsett frå klagar etter 5-9. Rett til grunngiving Det er ikkje mogleg å krevje grunngiving for karakterar til skriftleg eksamen. Vurderingsrettleiingar Du finn vurderingsrettleiingar i ein del fag med lokal eksamen på www.hordaland.no/privatist under Vurderingsrettleiingar i menyen i venstre marg. Eksamenskontoret Agnes Mowinckels gt 6 PB 7900, 5020 BERGEN tlf: 55 23 95 55 www.hordaland.no/privatist