ORDENSREGLEMENT. 4.1 Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Like dokumenter
Skulereglement for Sogn Jord- og Hagebruksskule

ORDENSREGLEMENT FOR HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR

ORDENSREGLEMENT FOR HAFSTAD VIDAREGÅANDE SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED FYLKESKOMMUNALE VIDAREGÅANDE SKOLAR I MØRE OG ROMSDAL

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULEN I SVEIO KOMMUNE

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

ORDENSREGLEMENT HERØY VGS.

Skulereglement for Sogndal vidaregåande skule.

SKULEREGLEMENT MÅLSETJING

ORDENSREGLEMENT. Ordensreglement for Tryggheim Strand

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ordensreglement. for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Vest-Agder

oppmøte og fråvær orden og åtferd tiltak overfor elevar som bryt reglane og om framgangsmåten ved handsaming av slike saker.

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

FORSKRIFT OM FELLES ORDENSREGLEMENT FOR FYLKESKOMMUNALE VIDEREGÅENDE SKOLER I OPPLAND

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR VED SUNNDAL VIDAREGÅANDE SKOLE

Sirdal kommune Skuleeininga

Forskrift til ordensreglement for grunnskulane i Skodje kommune

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Rogaland fylkeskommune

Forskrift om reglement for orden og åtferd ved skulane i Herøy kommune

Innhald. Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune.

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Skulereglement for Sogn Jord- og Hagebruksskule

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Ordensreglement. Bremnes ungdomsskule

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

NOTAT. Forslag til felles forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam. Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam herad

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Ordensreglement for elever ved Heimdal videregående skole

Forskrift om ordensreglement for dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal fylkeskommune

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORSKRIFT OM REGLEMENT FOR ORDEN OG ÅTFERD VED HARØY SKULE

Ordensreglement for elever ved Gauldal videregående skole

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR ELEVER VED FYLKESKOMMUNALE VIDEREGÅENDE SKOLER I VEST-AGDER

Forskrift om ordensreglement for elever i grunnskolen i Kongsvinger kommune

P-S-Ordensreglement for elever ved fylkeskommunale skoler i Troms

Forskrift for ordens- og åtferdsreglement for grunnskulen i Etne kommune. Innhald

Vedtatt i Skulemiljøutvalet

LÆRING FOR LIVET Ordensreglane i Bergen kommune, Salhus skule:

Ordensreglementet er vedtatt i skolestyret , og er gjeldende så snart reglementet er offentliggjort.

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

FORSKRIFT OM ORDEN OG ÅTFERD I GRUNNSKOLEN. Aukra kommune

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR SKOLENE I SKAUN KOMMUNE

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

Forskrift om ordensreglar for skulane i Voss herad. Vedteken

Ordensreglement ved fylkeskommunale videregående skoler i Nordland fylke

Ordensreglement for. Nærbø ungdomsskule

Forskrift om ordensreglement for skulane i Austevoll

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVAR ved DALE VIDAREGÅANDE SKULE

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Forskrift om ordensreglement for elever ved videregående skoler i Telemark. Gjeldende fra

Forskrift om felles ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Trøndelag

ORDENSREGLEMENT VED FYLKESKOMMUNALE VIDEREGÅENDE SKOLER I NORDLAND FYLKE

Standpunktkarakterar 2016

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune (Revidert etter høyring i brukargruppene)

STANDPUNKTKARAKTER 2015

Forskrift om ordensreglement for grunnskolene i Tinn kommune.

Forskrift om felles ordensreglement for grunnskulane i Flora kommune

ORDENS- REGLEMENT BØ SKULE

Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Bømlo

Forskrift om ordensreglement for skolene i Tysfjord kommune

Forskrift om ordensreglement for Telemark fylkeskommunes videregående skoler

Ordensreglement for Høyland skule

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

REGLEMENT FOR ELEVER VED. VIDEREGÅENDE SKOLE

Forskrift om reglement for orden og åtferd (ordensreglement) kommunale grunnskulane i Vestnes

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR GRUNNSKULANE I FØRDE OG SFO I FØRDE

FELLES ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I NORDDAL

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Forskrift om ordensreglement for grunnskoler i Nittedal kommune

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT

ORDENSREGLEMENTET KAPITTEL 1. FORMÅL

Ordensreglementet Kapittel 1. Formål Kapittel 2. Virkeområde Kapittel 3. Rettigheter Kapittel 4. Orden og atferd Nærmere regler om orden:

Forskrift om ordensreglement for Telemark fylkeskommunes videregående skoler

Vedtatt av fylkestingene i Nord og Sør-Trøndelag, og Fellesnemnda i Trøndelag, juni Gjeldende fra 1. august 2017.

ORDENSREGLEMENT FOR SKAUN UNGDOMSSKOLE

2 VIRKEOMRÅDE Reglementet gjelder for alle elever ved skolen under opplæring og andre som tar del i opplæring i skolens regi.

/ : ---, B32, &00 Saksbehandler: Åse Holthe Deres dato Deres referanse FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

ORDENSREGLAR FOR TONNING SKULE

Forskrift om ordensreglement for elever ved fylkeskommunale videregående skoler i Nord-Trøndelag

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVER VED FYLKESKOMMUNALE VIDEREGÅENDE SKOLER I NORD-TRØNDELAG

ORDENSREGLEMENT VED FYLKESKOMMUNALE VIDEREGÅENDE SKOLER I NORDLAND FYLKE

ORDENSREGLEMENT FOR ELEVER VED HEIMDAL VIDEREGÅENDE SKOLE

NAMSSKOGAN SKOLE Namsskogan Tlf

ORDENSREGLEMENT FOR MYSEN VIDEREGÅENDE SKOLE

Ordensreglement. Kapittel 1. Formål. Kapittel 2. Virkeområde

Reglementet gjelder fra og med skoleåret og er vedtatt i skolestyret

Transkript:

Din kunnskap Vår framtid! ORDENSREGLEMENT 1 HEIMEL Ordensreglementet er heimla i opplæringslova, kapittel 9A Elevane sitt skulemiljø, forskrift til opplæringslova og forskrift til ordensreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Ordensreglementet for Hafstad vidaregåande skule er revidert og vedteke i skuleutval 31.10.2017. 2 FØREMÅL Reglementet skal gje retningsliner for utvikling av eit godt samarbeid for å fremje trivsel og helse, respekt og medansvar. Reglementet skal òg fremje god orden og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring. 3 VERKEOMRÅDE Reglementet gjeld alle som er under opplæring i skulen sin regi. Det gjeld ved opplæringsformer og aktivitetar som skulen organiserer og har ansvar for, også utanfor skulen sitt område òg utanom ordinær skuletid, t.d. på ekskursjonar. 4 ELEVEN SINE RETTAR Du har rett til vidaregåande opplæring i samsvar med opplæringslova, fylkeskommunale vedtak og gjeldande forskrifter og læreplanar. 4.1 Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dette inneber at alle som jobbar i skulen har plikt til å følgje med, gripe inn og varsle ved mistanke og kjennskap til at elevar ikkje opplever skulemiljø som trygt og godt. Skulen skal då undersøkje og setje inn tiltak, nedfelt i ein skriftleg plan. 4.2 Du har rett til opplæring, hjelp og rettleiing i samsvar med gjeldande lov og forskrifter, inkludert yrkesrettleiing. 4.3 Du har rett til opplæring tilpassa evnene og føresetnadene dine. 4.4 I samarbeid med læraren skal du kunne delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa i samsvar med lov, forskrift og læreplanar. 4.5 Du har rett til vurdering av kunnskap og ferdigheiter du oppnår i høve til måla i læreplanane. 4.6 Du har rett til jamleg vurdering og framovermelding undervegs, og sluttvurdering. 4.7 Du har rett til førebudd elevsamtale med skulen, vanlegvis med kontaktlærar eller faglærar, minst ein gong kvart halvår. 4.8 Du har rett til å, og bør, ta opp med skulen tilhøve som ikkje fremjar trivsel og eit godt læringsmiljø, Dårleg læringsmiljø, t.d. mobbing, trakassering og utestenging 1

at læreplanane ikkje blir følgde at du ikkje får den hjelp og rettleiing du har bede om manglar ved utstyret som blir nytta i opplæringa at du ikkje får delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. 4.9 Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar, som har innverknad på opplæringa, har elevane rett til rådgiving og oppfølging. Elevane har krav på tilgang til sosial- og spesialpedagogisk teneste. 4.10 Eleven har rett til rådgiving om utdanning og yrkesval. 4.11 Elevane har rett og plikt til å opprette elevråd. Skulen skal leggje til rette for best mogelege arbeidstilhøve for elevane og elevorganisasjonane sine tillitsvalde. Elevrådsrepresentantar har rett til regelmessige møte med skuleleiinga. 5 ELEVEN SINE PLIKTER Du har plikt til å rette deg etter pålegg frå dei tilsette ved skulen og det som er fastsett i lov, reglement og instruksar. 5.1 Du skal møte til undervisninga til fastsett tid og ha med deg lærebøker og anna nødvendig utstyr for aktiv deltaking i opplæringa 5.2 Du har plikt til å føre og grunngje fråværet ditt i Skulearena. I høve fråvær blir det elles vist til gjeldande fråværsreglementet for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. 5.3 Du har plikt til å skaffe deg det undervisningsutstyret og det opplæringsmateriellet som vert kravt 5.4 Du har plikt til å vere aktivt med i opplæringa. 5.5 Du har plikt til å samarbeide med faglærar slik at faglærar får tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag 5.6 Du har plikt til å følgje dei vernereglane og bruke det verneutstyret som vert kravt. 5.7 Du har plikt til å vere med å skape eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer som fremjar trivsel og respekt for alle elevar og tilsette ved skulen. 5.8 Du har plikt til å ta omsyn til og opptre realt og høfleg overfor andre. Plaging, mobbing, vald eller anna krenkande åtferd blir ikkje akseptert og alle har plikt til å hindre at slikt skjer. 5.9 Dersom du ønskjer å avslutte opplæringa di før kurset er fullført, må du gje skriftleg melding om det. 5.10 Du har plikt til å følgje IKT- reglementet for elevar og tilsette i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, i tillegg til skulen sine eigne IKT-reglar. Viser elles til reglement for elev-pcàr. 2

6 ORDEN Orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr. Viser til 3-5 i forskrift til oppll. 6.1 God orden er mellom anna følgjande: At du viser vanleg god arbeidsinnsats At du møter fram presis At du har med deg det du treng av bøker, notat eller anna nødvendig undervisningsmateriell At du skaffar deg nødvendig undervisningsmateriell så fort som mogeleg At du rettar deg etter instruksar, meldingar og påbod At du melder frå om planlagt fråvær og fører og grunngir fråværet ditt i Skulearena At du leverer arbeid o.a. til avtalt tid 7 ÅTFERD Åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre. Viser til 3-5 i forskrift til oppll. 7.1 God åtferd er mellom anna følgjande: At du er omsynsfull, real og høfleg At du ikkje mobbar eller plagar nokon (gjeld også mobiltelefon, Internett etc.) At du respekterer andre sine meiningar At du ikkje fuskar eller prøver å fuske (sjå punkt 3.2-3.4) At du respekterer ei avgjerd som er teken At du held avtalar At du ryddar opp etter deg At du ikkje er årsak til bråk og uro i timen At du følgjer avtalte spelereglar 8 FORBOD / IKKJE AKSEPTERT ÅTDERD 8.1 Det er forbode å vise seg rusa og bruke eller oppbevare rusmiddel på skuleområdet. Ved mistanke om at enkeltelevar bruker, oppbevarer eller sel narkotiske stoff på skulen sitt område, vil forholdet bli meldt til politiet. Politiet kan då med heimel i kap. 15 i Straffelova utføre ransaking av desse elevane og eignelutane deira, dersom det ligg føre rimeleg grunn til mistanke. 8.2 Det er forbod mot tobakksbruk, inkludert e-sigarettar både med og utan nikotin, i skulen sine lokale og på skulen sine område, heile døgnet. 8.3 Det er forbod mot tobakksbruk i skuletida. 8.4 Det er ikkje lov til å nytte skulen sitt datautstyr til å laste ned, lese eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan oppfattast som krenkande eller i strid med norsk lov. 8.5 Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område. 3

8.6 Det er forbod mot å bade i elva i skuletida utan tilsyn av lærar. 9 FUSK / FORSØK PÅ FUSK 9.1 Fusk, eller forsøk på fusk, blir sett på som ei uærleg handling, og er brot på gjeldande forskrifter og reglement. Fusk eller forsøk på fusk er t.d. å gje eller prøve å gje eller formidle hjelp til andre i ein prøvesituasjon å ta imot slik hjelp å ha eller bruke hjelpemiddel som ikkje er tillatne etter at prøva er delt ut å utveksle Feide-passord eller nytte mobilt breiband, Dropbox o.l. Fusk fører til at karakteren på prøva blir annullert. Fusk fører normalt til nedsett karakter i åtferd. Ved fusk kan eleven bli prøvd på nytt ved første høve utan melding på førehand. 9.2 Når alle hjelpemiddel er tillatne, blir følgjande rekna som plagiat: Avskrift/kopi av andre sitt arbeid (t.d. tekstar frå Internett, bøker eller elevarbeid) som er innlevert som eige produkt utan å gje opp kjelder. Dersom eleven ikkje gir opp kjelder som er brukte, blir den delen av arbeidet som er plagiat, vurdert til låg måloppnåing. Plagiat fører ikkje til merknad eller nedsett åtferdskarakter. 10 ESKURSJONAR / STUDIETURAR Når du deltek på ein ekskursjon organisert av Hafstad vidaregåande skule, er tidsrommet mellom avreise og heimkomst å sjå på som skuletid, og skulen sitt reglement gjeld. 10.1 I tillegg til ordensreglementet må du rette deg etter: ekskursjonsreglementet ved skulen reglar som ekskursjonsansvarleg lærar utarbeider saman med elevane påbod frå ekskursjonsansvarleg/medreisande lærar(-ar). 10.2 Ekskursjonar er eit ledd i opplæringa. Alle arrangement er ein del av det faglege opplegget og er difor i utgangspunktet obligatoriske. 11 PC OG INTERNETTBRUK Det er eit mål at elevane får utvikla «godt nettvett», auka medvit om kjelder, kjeldekritikk og eit reflektert forhold i høve fagleg relevans. 11.2 Det er den enkelte faglærar som avgjer om bruk av internett har relevans i høve det faglege opplegget for timane. 11.3 Viser elles til punkt 5.10. i høve IKT- reglement og elev-pc. 12 SANKSJONAR MOT BROT PÅ ORDENSREGLEMENTET Brot på ordensreglementet kan, i tillegg til nedsett karakter i orden og/eller i åtferd, føre til refsingstiltak eller særskilte tiltak ved alvorlege brot på ordensreglementet. 12.1 Refsingstiltak kan t.d. vere: Påtale/ irettesetting frå (overordna) ein av dei tilsette ved skulen Merknad/registrering av uønskt åtferd eller orden 4

Faglærar kan vise eleven bort frå ei undervisningsøkt for inntil to klokketimar Ved skade og liknande på skulen sin eigedom kan det bli stilt krav om reingjering/istandsetjing eller økonomisk erstatning. 12.2 Særleg tiltak ved alvorlege brot: Tap av tilgang til spesielle aktivitetar eller rettar, etter avgjerd frå rektor Rektor kan, etter å ha samrådd seg med eleven sin lærar, vedta bortvising for inntil fem dagar. Fylkeskommunen kan vedta bortvising for resten av skuleåret. 13 SAKSHANDSAMINGSREGLAR 13.1 Før refsingstiltak vert sett i verk, skal eleven ha høve til å forklare seg (direkte til den som fattar vedtak om refsing). 13.2 Særskilt tiltak kan nyttast dersom tilhøva ikkje betrar seg etter bruk av refsingstiltak og dei hjelpetiltaka skulen rår over. 13.3 Særskilte tiltak blir rekna som enkeltvedtak etter Forvaltningslova. Eleven har såleis rett til å bli orientert om rettane sine med omsyn til dokumentinnsyn, partsuttale, saksgang og klage, i tråd med FVL kap. IV-VI. 13.4 Før særskilt tiltak vert sett i verk, skal det sosialpedagogiske personalet ha hatt høve til å uttale seg. 13.5 Før det blir fatta vedtak om særskilte tiltak, som bortvising eller tap av rettar, skal eleven ha skriftleg varsel med opplysningar om grunnlaget for vedtaket, jf. Forvaltningslova, 16 13.6 Klage på vedtak om særskilte tiltak, frå rektor, skal rettast til Opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane. 13.7 Klage på vedtak, gjort av fylkeskommunen, om bortvisning for resten av skuleåret skal rettast til Fylkesmannen. 14 SÆRSKILTE TILLSREGLAR 14.1 Skuleanlegg og skulen sitt utstyr skal vernast om og brukast med varsemd og omtanke. Du kan gjerast økonomisk ansvarleg for det du eventuelt øydelegg. Elevane skal nytte tilviste oppslagstavler. Alle oppslag skal daterast og underskrivast med fullt namn. Alle oppslag, plakatar o.a. skal ha skulen sitt stempel. 14.2 Parkeringsplassane på skulen sitt området er for tilsette og besøkande. Parkering skal skje på merkt område. Elevar skal nytte parkeringsplassen ved Festplassen fram til parkeringskapasiteten ved skulen blir utvida. Syklar skal setjast på tilviste stader. 14.3 Mobiltelefon skal vere avslått og i veska i timane. Det er normalt ikkje høve til å nytt MP3-spelar, I-pod og liknande i timane. 5

14.4 Skulen syter for transport av elevar i samband med aktivitetar i skulen sin regi (t.d. fjelldagar). Elevar har difor ikkje lov til å nytte eigne transportmiddel i slike høve. I heilt spesielle tilfelle kan lærarar gjere avtale om andre ordningar med myndige elevar. 14.5 Etter avtale med rektor kan elev- og ungdomsorganisasjonar, inkludert politiske parti, drive organisasjonsarbeid og politisk aktivitet på skulen, i og utanom skuletida. Aktivitetane skal gjennomførast på tilvist plass, og dei skal ikkje gå ut over undervisninga. 14.6 Elevar ved Hafstad vidaregåande kan gi ut skuleavis. Avisa skal ha ein ansvarleg redaktør. Dersom denne eleven ikkje er myndig, må han/ho ha skriftleg løyve frå foreldre/føresette. Personforfølging og sjikane må ikkje få rom i avisa. 14.7 Russedress skal ikkje nyttast på skulen før 1. mai. Russeaktivitetar skal ikkje uroe undervisning, heildagsprøver og eksamen. Skulen skal ikkje vere ein arena for negative handlingar som følgje av t.d. knutereglar. Det skal inngåast forpliktande avtale mellom russen og rektor. 14.8 Billettsal eller anna kommersiell verksemd må ikkje gå føre seg på skulen sitt område, utan etter godkjenning frå skuleleiinga. 15 SAMARBEID MELLOM SKULE OG HEIM/FØRESETTE Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsforhold mellom skule og heim. Foreldre og føresette til elevar som ikkje er myndige, har krav på informasjon om tilhøve som kan ha noko å seie for i kva grad eleven når måla i opplæringa. 15.1 Slikt samarbeid vert organisert gjennom foreldremøte og/eller ved konferanse mellom foreldre/føresette og skulen. 15.2 Elevar og foreldre/føresette til elevar under 18 år har rett til slik informasjon: Informasjon om ordensreglementet Melding om termin- og standpunkt-karakter Melding om at eleven har høgt fråvær Varsel om fare for at eleven ikkje får vurdering i fag, og grunnen til dette. Varsel om fare for nedsett karakter i orden og/eller åtferd, og grunnen til dette. Informasjon om rettane til eleven og om saksgangen i samband med refsingstiltak, særskilte tiltak og klage Informasjon dersom ein vesentleg del av opplæringa skal gå føre seg utanfor skulen Informasjon om spesielt risikofull opplæring/aktivitet Informasjon om særskilde problem i forhold til opplæringa/skulegangen og behov for spesialundervisning og/eller sosialpedagogiske tilbod Informasjon om høve til å samarbeide om å utforme sosialpedagogiske tilbod til eleven 16 ORGANISASJONSARBEID OG POLITISK AKTIVITET I SKULETIDA / PÅ SKULEN 16.1 Etter avtale med rektor kan elev- og ungdomsorganisasjonar, inkludert politiske parti, drive organisasjonsarbeid og politisk aktivitet på skulen i og utanom skuletida. Aktivitetane skal gjennomførast på tilvist plass, og dei skal ikkje gå ut over undervisninga 6