OMBODSMØTE HARDANGER & VOSS SKYTTARSAMLAG 4. DES. 2011. I KANTINA I BANKBYGGET, SPAREBANKEN VEST, UTNE Frammøtte ombodsmenn vart servert betasuppe m/flatbrød og kaffi klokka 12.30 nåko som smaka svært godt og praten gjekk lett om laust og fast. Leiaren snakka litt om ting han hadde merka seg gjennom året og oppfordra og oppmuntra etter beste evne. Leiaren låva for sin del betring med referat etter styremøta og få dei lagt inn på heimesida til samlaget. Det var litt synspunkter vedr, samlagskyting som vart diskutert, men det aller meste er bra, ikkje minst fellesskapet med uttaksskytinga i Jondal og påfølgjande kos med grillmat, brus og kaffi. Me vart og enige om å flytta samlagstemna til 17. juni for 2012 då Ullensvang skyttarlag ikkje klarer å samla troppane søndag 26. august som er oppført i terminlista. OMBODSMØTET VART SÅ OPNA KLOKKA 13.00 Leiar Eilev Åsen snakka litt om det spesielle året med terrorangrepet, Oslo og Utøya 22. juli, om at DFS måtte innom Stortinget og Forsvarsdep. for klargjering av NC runden og LS i Bodø. Videre orientert han om forslaget til kutt på 6.2 mill. i tildelinga frå departemanget og det samlaget konkret har bidratt med. Han la og fram stor takk til samlag, skyttarlag og enkeltpersonar frå sentralt hold i DFS. Så vart skyttarprinsessa, for fjerde gong, Liv Sollesnes og veteran Nils Lothe, som vant både felt og bane i Bodø gratulerte med stor applaus og tilhøyrande blomar. Nils var ikkje tilstaes. 1. Konstituering a) Godkjenning av innkalling Godkjent b) Val av skrivar Gunnar Lussand c) Fullmaktsnemnd Liv Sollesnes og Asbjørn Hestad d) Val av to repr. skriva under møteprotokoll Fullmaktsnemnda e) Opptelling av ombodsmenn Aga & Vikebygd: Steinar Nilsen, Per K. Måkestad Odda: Sigve Vik, Knut Åkre, Olav Nesheim, Jon Strand, Magnar Leidland Norh.sund/Øystese: Johan Linga, Per N. Aalvik, Asbjørn Hestad Granvin: Svein Medås, Magnar Lussand Voss: Jostein Bjørke, Morten Helgaset, Knut Kvarekvål, John Almeland Jondal: Sverre krutnes, Liv Sollesnes, Eilev Åsen Strandebarm: Johs Skår Bakke, Jon Olav Bjørke, Harald Røyrvik Tørvikbygd: Dag Skår, Andreas Tveiten Ullensvang: Reidar Sekse Sum ombodsmenn: 25
2. Årsmelding 2011-12-06 Lagt fram av leiar og godkjent med ein merknad *Dag Midtun medalje felt LS Bodø 3 Årsmelding Ungdomsutvalet Lagt fram av leiar Dag Skår og godkjent med ein merknad *Åsne Skår nr 2 felt LS Bodø 4 Rekneskap 2011 lagt fram av Johan Linga *Forsikring av Haukelihytta Styret undersøker med forsikringsselskapet om forsikringssum, hytte og innbu om summen kan reduserast med event. annan forsikringsavtale. *I staden for å gå over til uekte medaljer vart forslaget om å gå opp til kr. 250.- for grovfelten, mot dagens 230.- vedteke Rekneskapen godkjent med ovannemnde merknad. 5 Busjett 2012 Johan Linga gjekk gjennom tala. Inntekt kr. 81.100.- utgifter kr. 81.100.- Busjett godkjent. 6. Fastsetjing av innskot / arr.avg. for opne stemner 2012 Leiar orienterte om saka og drøftingane som var gjort i forkant av møte. Styret refererte til kontakt med Hordaland og Sunhordland. Hordaland sin leiar melde at dei ikkje ville gå for auke no, på Hard & Voss sitt forslag å auka med kr 20.- for alle klassar. Sunnhordland svara ikkje på henvendelsen. Bakgrunn for drøftingane er i hovudsak at prisen på sølv har stege dramatisk, om lag 40 %, slik at arrangsjører som nyttar ekte med. kan halda fram med det. Det kom forslag til å gjera følgjande vedtak: Auka innskotet med kr. 20.- til kr. 150.- fordeling kr. 75.- arr.avg 75.- til premiar. I rekrutteringskl. R, ER, Jun. auka innsk. med kr. 20.- til kr. 80.- med fordeling kr. 35.- arrang. kr. 45.- til premie. ASP alt til premie. Vedteke med 19 stemmer 7 a) Forslag frå Johan Linga b) Forslag frå Jondal skyttarlag a) Same ordning for alle samlagstemner. 1 medalje pr påbyrja 30 skyttarar med same stjerne ordning og 10 % regel som i dag. I dag er det gylt, sølv og bronse på 15 m i klasse 3-5. Vedteke med 17 stemmer. b) Jondal skyttarlag føreslår 2 skyttarar på lagskyting for veteranar, samlagstemna bane. Ein i klasse V55 og ein i V65 / V73. om laget ikkje har V55 skyttar kan ein frå
V65 / V73 skyta V55 programmet. V55 skyt til slutt. Det er mogeleg å stilla med fleire lag dersom det er skivekapasitet. Vedteke med 19 stemmer. 7. Val Jon Olav Bjørke la fram forslaga. Leiar. framlegg om attval av Eilev Åsen Styre medl. framlegg om val av Trine Flotve framlegg om attval av Per K, Måkestad Styre består elles av Svein Medås og Dag Skår. Ungd.leiar. framlegg om attval av Dag Skår Varamedl. Ytrekr. Trygve Djuvsland Varamedl. Vossakr. Morten Helgaset Varamedl. Sørfjordkr. Reidar Kleivkås Varamedl. Ungd.leiar om val av Jon Sindre Rødland Ungdomsutvalet. Framlegg om attval av Dag Skår Ytrekrinsen. framlegg om Einar Bolstad Vossakrinsen. framl. om Jon Sindre Rødland Sørfjordkrinsen. Framlegg om Audun Kvandal Varamedl. Ytrekr. Arvid Steinsland Varamedl. Vossakr. Frode Helle Varamedl. Sørfj.krinsen Olav Seim IT kontakt. Framlegg om attval av Svein Medås Utdanningskontakt Svein Medås Samlagsinstruktør. Framlegg om val av Harald Brekke og Chris Andre Fauske Kaserer. Framlegg om attval av Johan Linga Revisor. Johannes Berge Uttakskomite. Samlagskyting, Styret Skyttartinget, Samlagsleiar Vara Skyttartinget. Nestleiar Valnemnd. Jon Olav Bjørke, leiar, Nils Gunvald Hamre, Og Knut I. Kvarekvål Valget godkjent. I samband med LS på Voss i 2012 orienterte Jostein Bjørke Ombodsmøte om slik det er i dag, om standplassar, lydvegger, maskiner, kjøyretøy store som hus og om vidare framdrift. Det høyrest bra ut og me gleder oss til LS på Voss 99 år etter sist gong LS vart skipa til i Hard. & Voss i Øystese der 383 skyttere deltok.
Per K. Måkestad, skytebanekontakt og Terje Mala frå Odda Politistasjon, skytebanekontrolør i Hordaland, refererte så frå skytebaneseminar i Trondheim. Dei vil no bidra med rettleiing og frammøte om nødvendig slik at alle skyttarlaga følger rettningslinjene med kontroll av banen, vår og haust, fører protokoll og får den registrert og godkjent. Krava til skytebanen er der og dei må me retta oss etter både med rydding i feltet, skilting, sikkerhetsvinklar og oversikt i tillegg til nemte potokoll. Dei vart og orienterte om ulike tilskotsordningar. Leiar Eilev Åsen takka så for svært god hjelp og velvilje frå skyttarane og frå enkeltpersonar utanom. La det gå sport i det. Det er moro, godt og nødvendig å stilla opp både som skyttar og leiar på alle plan. Takk for frammøte! Utne, 4. desember 2011 Skrivar: Gunnar Lussand Liv Sollesnes, sign. Asbjørn Hestad, sign.