Dykkar ref FEDJE FLEIRBRUKSHALL - SØKNAD OM FYRTÅRNSMIDLAR

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Dykkar ref FEDJE FLEIRBRUKSHALL - SØKNAD OM FYRTÅRNSMIDLAR"

Transkript

1 FEDJE KOMMUNE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Hordaland Fylkeskommune v/strategi- og næringssjef Jan Per Styve Postboks BERGEN Saknr.WOCOmTDok.nr. 1 4 MÅR 2007 Arkivar. l^.q Saksh. Eksp. U. off. MILJØFYRTÅRN* Kommune nr. l Vår ref 06/529-K1-233//HAGI Dykkar ref Dato: FEDJE FLEIRBRUKSHALL - SØKNAD OM FYRTÅRNSMIDLAR Innleiing og bakgrunn I brev av søkte Fedje kommune om tilskott til Fedje Fleirbrukshall. I brevet var det gjort greie for bakgrunnen for prosjektet og for plan- og byggjeprosess, økonomi og "driftsfilosofi" hadde styreleiar Kristin Handeland møte på Fylkesbygget med strategi- og næringssjef Jan Per Styve, fungerande fylkesidrettssjef Jens Harald Garden og rådgjevar Tore Andersen. I møtet gjorde styreleiaren nærare greie for prosjektet og søknaden. Vi er glade for å kunne konstatera at prosjektet og søknaden vart møtt med ein svært positiv og konstruktiv haldning frå fylkeskommunens side. Drøftingane konkluderte med at vi burde retta søknaden inn mot "Fyrtårnmidlane". Dette søknadsbrevet og den vedlagte skjematiserte søknaden er ei oppfølging av det. Nærare om prosjektet I søknaden av er det gjeve ei brei presentasjon av prosjektet. Vi syner til denne, men tek her med nokre av dei sentrale punkta i den opphavelege søknaden: "Fedje kommunestyre gjorde vedtak om å reisa ein fleirbrukshall for idretts- og kulturføremål på kommunal tomt like ved barne- og ungdomsskulen. Anleggsarbeidet tok til i august 2006, og bygget skal etter planen stå ferdig til bruk i slutten av juni Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: 5947 FEDJE Organisasjonsnummer E post: postmottak@fedje.kommune.no

2 Bygget har ei t samla golvareal på om lag 1600 kvm. Det erførehandsgodkjent av Kultur- og kyrkjedepartementetfor søknad om spelemidlar etter krava som gjeld for volleyballhallar. I tillegg til sjølve speleflata/storsalen, garderobar, sanitæranlegg og styrketreningsrom, har bygget eit sosialt rom på 100 kvm, eit bowlinganlegg med fire baner, kjøkken og bruksvestibyle. Det er lagt stor vekt på fleksible løysingar. Det inneber mellom anna at også vestibylen, eventuelt såman med det sosiale rommet, skal kunne brukast til bordtennis, biljard, kulturføremål, klubb- og seminarverksemd og liknande. Målet er ei verkeleg storstove for idrett, kultur og andre byggjande aktivitetar på Fedje. Kommunestyrevedtaket om å byggja fleirbrukshall er realiseringa av ein gåmål draum - og svaret på eit sterkt behov for å skaffa eit innandørs anlegg for idretts- og kulturaktivitetar i øysamfunnet. Idrettsanlegget skal nyttast av skulen i undervisninga og vil såleis avløysa ein liten, gammal og etter kvart svært lite eigna gymnastikksal i skulen. Det inneber og at elevar medfunksjonshemmingar vil få eit tilbod som dagens skuleanlegg ikkje kan gi dei. Øykommunen Fedje har store utfordringar. Nedgang i folketalet er ei av dei. Fleirbrukshallen er derfor og eit viktig ledd i arbeidet for å holda på ungdomen gjennom å g/e dei eit tilbod på heimplassen som ikkje står noko tilbake for det andre stader har å by på. Det samla tilbodet som hallen og aktivitetane der byr på, vil heilt opplagt medverka til å g/era Fedje meir attraktivt både for vaksne og barn. For reiselivet vil hallen innebera ei utviding av tilbodet på fritids- og sosiale aktivitetar på staden. " " Fleirbrukshallen er eit svært kulturpolitisk løft for ein liten kommune som Fedje. Anbodssummen for sjølve anlegget og nærområdet er på 18,5 mill kroner. I tillegg kjem omlegging, utbetring og trafikksikring av tilkomstvegen - og inventar, utstyr og tribune. Totale utgifter, inklusive forskottering av spelemidlar, renteutgifter og uføresett er på 23,5 mill kroner. Refusjon av meirverdiavgift og kommande spelemidlar vil sjølvsagt redusera dei reelle utgiftene. Likevel inneber satsinga eit kjempestort økonomisk løft for ein av dei minste kommunane i landet " I søknaden viste vi og til det som er sagt i Fylkesdelsplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv om eventuell fylkeskommunal stønad til slike hallar: "Nokre kommunar har fått fylkeskommunalt tilskot over budsjettet til opplæringsavdelinga til å byggje idrettshallar i tilknyting til vidaregåande skular. For kommunar som ikkje har vidaregåande skular og må sende ungdomen til andre kommunar, verkar dette lite rettferdig. Desse kommunane bør stillast likt med dei kommunane som har fått fylkeskommunalt tilskott, slik at dei kan holda på dei unge etter skuletid og gje dei eit godt tilbod om fysisk aktivitet." Fleirbrukshallen som Fyrtårnprosjekt Som det går fram av det som er referert ovanfor, er fleirbrukshallen realiseringa av ein mangeårig draum - og svaret på eit sterkt behov for eit tidsmessig innandørs idretts- og kulturanlegg. Fleirbruksdimensjonen har vore heilt grunnlegg]ande for prosjektet frå første stund, og vi meiner at hallen som no er under bygging på ein god måte ivaretek dette. Side of 2 2

3 Den store, funksjonelle "volleyballsalen", med stor scene og "skyvetribune" kan nyttast til det meste av idrettslege innandørs-aktivitetar og ein rad kulturelle og sosiale aktivitetar. I tillegg kan rommet nyttast til utstillingar, messer og kommersielle arrangement, så langt det ikkje kjem i konflikt med dei idrettslege og kulturelle aktivitetane. I tillegg rommar bygget eit sosialt rom på over 100 m2. Rommet ligg på grunnplanet og vert tilrettelagt slik at det kan delast av og/eller integrerast med det store vestibyleområdet. Eit funksjonelt og svært velutstyrt kjøkken, med stor kapasitet, ligg strategisk til i høve til volleyballsalen, det sosiale rommet og vestibylen. Vekttreningsrom og garderobe- og dusjanlegg ligg og i 1. etasje. 12. etasje ligg Bowlinghallen, med komplett 4-baners bowlinganlegg. Heile anlegget er universelt (lagt til rette for funksjonshemma), med heis opp til Bowlinghallen og heis til scena frå garderobene. Anlegget ligg sentralt på Fedje, like ved skulen og sømjehallen, og nær Husavatnet. Plasseringa ved Husavatnet (sjø) opnar for ein rad aktivitetar som roing, padling, dykking og bading, med hallen som base. Eit varmepumpeanlegg som hentar energi frå sjøvatnet er sentralt i oppvarminga av bygget. Eit prosjekt av regional karakter Sidan øysamfunnet vart eigen kommune i 1947 har det vore arbeidd systematisk for å gjera samfunnet så komplett og sjølvforsynt som mogleg med arbeidsplassar, offentlege tenester, privat tenesteyting og kulturtilbod. Kommunen si geografiske plassering gjorde det heilt nødvendig å leggja til grunn ein slik politikk. Strategien har vore vellykka, men det innber ikkje at situasjonen er problemfri. Folketalet har sidan 1960 gått ned frå 850 til om lag 630 i dag, og mange arbeidsplassar har gått tapt, spesielt innan hermetikk- og fiskeindustrien. Sjølv om det no er godt mogleg å ta vidaregåande utdanning ved å dagpendla til Austrheim, så er det like fullt ei stor utfordring å halda på dei unge. Det er ei problemstilling som har mange sider, og ei av utfordringane knytt til dette er å kunna tilby dei unge eit fritids- og aktivitetstilbod som ikkje står tilbake for det ungdommen har andre stader. Den nye fleirbrukshallen er ei svært viktig brikke i arbeidet for å gjera heimstaden så attraktiv som mogleg for alle, men kanskje aller mest for dei unge. Nokre av verksemdene på Fedje gjer det godt, medan andre slit og har slitt over tid. Utfordringane har vore særleg store innan fiskeindustrien og reiselivet dei siste åra. For både den offentlege verksemda og dei private verksemdene er det krevjande å få tak i folk med den rette fagkompetansen. I dagens situasjon, med ein svært pressa arbeidsmarknad på fastlandet, byr det sjølvsagt på ekstra vanskar å rekruttera til arbeidsplassar i ein øykommune som Fedje. Også i dette biletet er det svært viktig å ha ei kultur- og fritidstilbod som er så attraktivt som mogleg. Hallen vil i stor mon medverka til det. Side of 3 3

4 Mange av dei yrkesaktive på øya har sin arbeidsplass i petroleumsverksemd og maritime næringar. Fleire og fleire er langtidspendlarar med lange friperiodar heime. Også for desse gruppene vil dei tilboda fleirbrukshallen har å by på, vera svært viktige. Reiselivet er ei ung næring på Fedje. Sjølv om næringa har sine problem å stri med, så er det ei næring som utan tvil har eit stort potensial for framtida. Fedje er eit heilt særprega kystsamfunn med mange kvalitetar. I sommarsesongen aukar folketalet betydeleg. For reiselivet i Nordhordland er Fedje utan tvil eit fyrtårn i seg sjølve, med Hellisøy Fyr som eit spesielt landemerke og fyrtårn i fyrtårnet. For reiselivet vil fleirbrukshallen vera ein ekstra kvalitet, som medverkar til å setja Fedje på kartet - og som representerer eit interessant idretts-, fritids- og kulturtilbod for dei tilreisande. Bowlinghallen vil nok raskt verta populær! Fleirbrukshallen, og kanskje særleg vestibyleområdet, vil og kunne nyttast meir direkte i reiselivssamanheng, til dømes gjennom utstillingar eller som base for direkte informasjonsverksemd. Fedje si geografiske plassering, med ferje som bruker 1/2 time over Fedjefjorden og siste ferje kl frå fastlandet (Sævrøy), gjer det så godt som praktisk umogleg å nytta idretts- og kulturanlegg på fastlandet til vanleg. For Fedje vil Fedje Fleirbrukshall vil ha ei rolle og representera tilbod som i andre de lar av Hordaland vert ivaretekne gjennom regionale tilbod. I tillegg vil hallen og tilboda der vera ein markør for staden og komma både lokalsamfunnet og nordhordlandsregionen til gode. Fylkesplan og Regionalt utviklingsprogram 2007 Vi viser til Fylkesplanen der det mellom anna står: "Kultur er den raskast veksande næringa i landet og har stort utviklingspotensial i seg sjølv og som leverandør til næringslivet. Samarbeid mellom næringslivet og kulturlivet kan utviklast vidare til nytte og glede for begge par tar. " og "Lokalsamfunn skal ha livskraftig næringsliv basert på eigne før emoner og særtrekk,..." I Regionalt Utviklingsprogram f or 2007 er Livskraftige lokalsamfunn ført opp som eitt av dei prioriterte innsatsområda, med mellom anna slike målformuleringar: skal innsatsen særleg rettast slik: 1. Medverke til lokalt / regionalt utviklings- og omstillingsarbeid i område som opplever nedlegging av arbeidsplassar og fraflytting. 2 Tettstad- og nærmiljøutvikling som medverkar til at sentra, tettstader og lokale område blir meir attraktive. " Side of 4 4

5 Slik vi ser det, er prosjektet Fedje Fleirbrukshall eit sterkt lokalt og regionalt svar på mange av måla og utfordringane som ligg i Fylkesplanen og Regionalt Utviklingsprogram. Eit regionalt tilskott vil styrka økonomien i prosjektet Fedje Fleirbrukshall og opna for å auka kvaliteten på anlegg, inventar og utstyr. Vi søkjer om eit tilskott på 2 mill kroner. Med vennleg helsing ErlirwfWalderhaug ordrørar Kristin Handeland styreleiar Vedlegg. Side of 5 5

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI MIDSUND ARBEIDERPARTI Kommunevalgprogram 2015 DETTE ER VIKTIG FOR OSS For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. https://www.facebook.com/midsund.arbeiderparti

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201101622-5 Arkivnr. 146 Saksh. Imset, Øystein Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2011 FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 SAMANDRAG

Detaljer

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ Kommunereforma - eit val mellom to alternativ Stortinget har vedteke at kommunane innan 30. juni skal vedta om dei vil etablera ein ny større kommune i lag med nabokommunar. Regjeringa sitt mål for ny

Detaljer

Til veljarane i Tysnes

Til veljarane i Tysnes Til veljarane i Tysnes Tysnes er ein god kommune å bu i. Samfunnet vårt er stabilt og det er trygt å veksa opp og bu i Tysnes. Tysnes Senterparti vil arbeida for at Tysnes også i framtida skal vera ein

Detaljer

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats. Fyresdal Senterparti stiller til val med ei liste av nye og tidlegare folkevalde som gjennom kontakt med innbyggjarane og gode demokratiske prosessar, ynskjer å kome fram til dei beste løysingane og best

Detaljer

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND Plan- og næringsavdelinga Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstuen 0301 OSLO Dykkar ref.:201801666-33 Vår ref.: 2018000824-10/2018016181 Arkiv: N - 658 Dato: 07.11.2018 INNSPEL OM

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017 Vedteke i ungdomsrådet: 19.06.2017 UNG sak 047/17 Saksnummer: 17/479-10 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal tilby eit godt opplæringstilbod som sikrar alle unge ei

Detaljer

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2010-2013 Vedtatt i Kommunestyret, sak nr 18/10 16.september 2010 1 2 Innhald 1. Innleiing...3 2. Planprosessen...3 3. Planperiode, revidering og evaluering...4

Detaljer

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting Side 1 av 5 Næringsavdelinga Notat Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: kristin.arnestad@sfj.no Tlf: 57 65 62 45 Vår ref. Sak nr.: 11/5776-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 34646/11

Detaljer

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Formannskapet. Tilleggsinnkalling Finnøy kommune Formannskapet Tilleggsinnkalling Møtedato: 23.08.2017 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt

Detaljer

Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE

Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE Program 2015-2019 OSTERØY HØGRE OSTERØY Framtidas Osterøy Høgre vil at Osterøy skal vere ei god kommune å leve i og ei attraktiv kommune å busetje seg og etablere bedrifter i. Tryggleik for den einskilde

Detaljer

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE KOMMUNEPLAN FOR SELJORD KOMMUNE 2006-2021 Langsiktig del Vedteke i kommunestyret 15.06.2006 sak nr. 019/06. Seljord kommunen sine langsiktige mål 2006 2021 Strategidel Overordna mål Seljord kommune skal

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15 FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 18.09.2012 Tid: 11:30 14:15 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2017/416-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 07.02.2017 Høyring- endringar i opplæringslova Direkte

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018 Vedteke i ungdomsrådet: 19.06.2018 UNG sak 042/18 Saksnummer: 17/479-14 Prioriterte tiltak: (rekkefølgja er ikkje prioritert) 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal

Detaljer

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200801229-5 Arkivnr. 540 Saksh. Haugen, Birthe Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 16.11.2010 24.11.2010-25.11.2010 FØRESPURNAD

Detaljer

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune 1 Innhold 1.1 Generelt... 3 1.2 Ordinære kulturmidlar (driftstilskot):... 3 1.3 Selje kommune sin Kulturpris:... 4 1.4 Ungdommens kulturpris:...

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00 FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/2858-3 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 24.04.2012 Tid: 11:30-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Kristin Nåmdal FE - 144, TI - &76 17/194 Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS 07.02.2017 Temaplan for barn og unge- oppstartsmelding Saksopplysningar:

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Arkivsak 200801439-108 Arkivnr. 015 Saksh. Smørdal, Jon-Rune Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 26.01.2012 VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Detaljer

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale Side 1 av 5 Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding til vedtak: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå Aukra kommune Arkivsak: 2018/334-3 Arkiv: 223 Saksbeh: Jan Erik Hovdenak Dato: 28.03.2018 Saksframlegg Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 16/18 Livsløpsutvalet 05.04.2018 26/18 Formannskapet 09.04.2018 27/18

Detaljer

SOGN driftig raus ekte

SOGN driftig raus ekte SOGN driftig raus ekte Regionalplan for splan 2013-2014 Næringsutvikling Fylkesgrenser grenser hinder eller utvikling? Sogn skal styrka seg som region og bli interessant for nye etableringar. må bli meir

Detaljer

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4 SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4 Planlagt behandling: Formannskapet Kommunestyret NY IDRETTSHALL -TOMTEALTERNATIV Bakgrunn for saka: Denne saka vart

Detaljer

Program for. Årdal Venstre

Program for. Årdal Venstre Program for Årdal Venstre for perioden 2015-2019 Venstre prioriterar Unge fyrst. Årdal Venstre vil vera eit tydeleg alternativ i kommune politikken. Vår visjon er å gjera Årdal meir attraktiv som vertskommune.

Detaljer

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Jølster har vakker og særmerkt natur; vatn og elv, daler og lier, fjell og bre. Jølster er strategisk plassert i fylket der Skei er eit naturleg knutepunkt for

Detaljer

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/21484-4 Saksbehandlar: Britt Karen Spjeld og Hanne Espe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 19.01.2016 Framlegg

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015 Dokumentnummer15/8971 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015 Vedteke i ungdomsrådet: 2.06.2015 UNG sak 016/15 Saksnummer: 13/1125-16 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal tilby eit godt opplæringstilbod

Detaljer

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Tysnes kommune Postboks 110 5685 UGGDAL Vår ref.: (nyttast ved korrespondanse) Dykkar ref.: Bergen, 16. mai 2007 200606323-6/135.3/HIND 06/00188 REGIONALT

Detaljer

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING Arkivref: 2008/2372-6629/2009 / D11 Saksh.: Kjell Nesbø Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING Framlegg til vedtak:

Detaljer

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007 FUSA UNGDOMSRÅD Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007 KVEN ER VI? 7 medlemer 6 ungdomar 13-20 år: 2 frå elevråd på ungdomsskulen 2 frå elevråd Fusa vidaregåande 2 frie representantar 1 folkevald

Detaljer

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF Tid: Måndag 28. februar 2005, kl 1100 kl 1400 Stad: Scandic Bergen Airport Hotell, Bergen Styremøtet var ope for publikum og presse Saker: Sak 16/05 B Godkjenning

Detaljer

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh SAMNANGER KOMMUNE Side 1 av 6 MØTEINNKALLING Utval: Kommunestyret Møtedato: 12.02.2013 Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller

Detaljer

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200306601-10 Arkivnr. 815 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.05.2008 22.05.2008 FRAMTIDIG FERJELEIE

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval: MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 07.04.2017 Tid: kl.12:00-14:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk

Detaljer

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld: MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

FLEIRBRUKSHALL ROMPROGRAM

FLEIRBRUKSHALL ROMPROGRAM Idrettshall 1602 m 2 Standard idrettshall 23x44 = 1012 m 2 Denne hallstorleiken gir plass til alle tradisjonelle innandørsidrettar. Tribune på den eine langsida med plass til 250 personar = 220 m 2 Hallen

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

Den kulturelle nistepakken

Den kulturelle nistepakken Den kulturelle nistepakken Revidert mai 2006 Sentrale føringar Hausten 2002 gjekk startskotet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i. I samarbeid med fylkeskommunen var Kvinnherad ein av dei første kommunane

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg Kva? Opne idrettsanlegg er aktivitetsflater som er opne og gratis for deltakarar som ønskjer å drive eigenorganisert aktivitet. Det er ein sosial og aktiv møteplass for

Detaljer

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan Politisk og administrativt sekretariat Kjartan Thoresen Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Kjartan Thoresen 2018/2058-5 25.02.2019 Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

Anleggs- og tildelingspolitikk for Vestland fylkeskommune Anleggskonferansen, Bergen

Anleggs- og tildelingspolitikk for Vestland fylkeskommune Anleggskonferansen, Bergen Anleggs- og tildelingspolitikk for Vestland fylkeskommune Anleggskonferansen, Bergen 20.03.19 Atle Skrede, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Britt Karen Spjeld, Hordaland fylkeskommune Vestland fylkeskommune

Detaljer

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1 Program for Nesset Venstre for perioden 2011-2015 www.venstre.no 38196_Programmal 2011 A5 8s.indd 1 1 04.08.11 17:46 Eit liberalt Nesset Venstre sitt grunnsyn, sosialliberalismen, byggjer på demokratiet

Detaljer

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200809360-112 Arkivnr. 656 Saksh. Bjørsvik, Elisabeth, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200804110-4 Arkivnr. 522 Saksh. Mjelstad, Torbjørn Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 27.01.2009 18.02.2009-19.02.2009 ETABLERING

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/10160-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Opplærings- og helseutvalet 11.02.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Høyring Forslag

Detaljer

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre Vaksdal Venstre «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre Eit liberalt Vaksdal Næring og nyskaping Venstre vil legge betre til rette for næring

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298 OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 18.03.03 Tid: 08.30 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ

Detaljer

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen

Detaljer

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune SAMFERDSELSAVDELINGA Arkivnr: 2016/34309-1 Saksbehandlar: Bente Utne Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for miljø og samferdsel 01.12.2016 Fylkesutvalet 08.12.2016 Fylkestinget 13.12.2016

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida  og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen. INNKALLING Utval: Ungdomsrådet Møtestad: 26 Møtedato: 9.06.207 Tid: kl.08:30 Forfall eller inhabilitet: Grunngjeve forfall til møtet, eller inhabilitet, må meldast snarast råd til post@fusa.kommune.no

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK Møtedato: 24.11.2016 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00 Gloppen kommune 21. november 2016 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand Oppvekstsjef

Detaljer

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Gründercamp Samarbeid skule næringsliv Kva er gründercamp? Treningsleir i kreativitet og nyskaping Elevane får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling Skal presentere ei løysing innanfor eit

Detaljer

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram 2015-2019 VÅRE VERDIAR arbeide for ei trygg og forutsigbar framtid for innbyggjarar, næringsliv og lag/ organisasjonar. Vi engasjerer oss, jobbar for ansvarlege løysingar

Detaljer

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet: Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. Desse retningslinene definerer krava og omfang av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg. Ordninga er finansiert av overskot frå

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAMLA SAKSFRAMSTILLING Side 1 SAMLA SAKSFRAMSTILLING Arkivsak: 09/1467-19413/09 Saksbeh.: Jofrid Fagnastøl Arkivkode: PLAN soneinndeling Saksnr.: Utval Møtedato 109/09 Formannskap/ plan og økonomi 05.11.2009 SAMLA SAK - DETALJREGULERINGSPLAN

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/ TIME KOMMUNE Arkiv: K2-C60 Vår ref (saksnr.): 07/1187-5 JournalpostID: 07/8733 Saksbeh.: Helge Herigstad NYTT BIBLIOTEK PÅ BRYNE Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/07 12.06.2007

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS Sakspapir Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Alf Magnar Strand FA - B09, TI - &35 18/410 Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS 11.06.2018 034/2018 Kommunestyret PS 18.06.2018 Samanslåing av ungdomsskular

Detaljer

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 22.04.2014 Dykkar dato Vår referanse 2014/5086 Dykkar referanse Kommunane i Hordaland Nordhordland Utviklingsselskap IKS, Postboks 13, 5902

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune TILSYNSRAPPORT Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav Hordaland fylkeskommune 1 Innholdsfortegnelse 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Hordaland fylkeskommune... 3 2.1 Fylkesmannen

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding: SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522 Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne Rådmannen si tilråding: Formannskapet godkjenner konkurransegrunnlaget for kjøp

Detaljer

Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform Frivilligpolitisk plattform 2018-2021 1 Frå kafedialogen om samspel og samarbeid mellom frivillig kommunal sektor: «Kva kan di foreining bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen Innhald: 1. Mål...

Detaljer

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2014 Kort om handlingsprogrammet Årleg handlingsprogram som er tufta på «Regional Næringsplan for Hordland 2014 2017». Vedtatt av fylkesutvalet 20. februar.

Detaljer

Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015

Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015 Ulvik Arbeiderparti Program 2011-2015 Program for Ulvik Arbeiderparti 2011-2015 Kjære sambygding Ulvik Arbeiderparti har dei siste 4 åra arbeidd målretta med måla me sette oss for perioden 2007-2011. Me

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste Austevoll kommune Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 23.09.2014 Møtetid: 15:00 Tilleggsinnkalling Utval for plan og byggesak Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB Kultur og fritid ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB Velkomne inn i Valle ungdomsklubb! 2016 Vedlagt finn du årsmeldinga vår for 2016. Det har vore eit spennande år med mykje aktivitet. Vi

Detaljer

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre Arkiv: K1-002 Vår ref: 2014000344-45 Journalpostid: 2015018302 Saksbeh.: Elin Wetås de Jara KOMMUNEREFORMA - VIDARE FRAMDRIFT Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre Framlegg

Detaljer

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida Vestnes eit lokalsamfunn for framtida Foto: Roar Nerheim 2019 2023 Eit Lokalsamfunn for framtida Vestnes Arbeiderparti vil utvikle Vestnes til eit lokalsamfunn for framtida der sterke fellesskapsløysingar

Detaljer

ETNE VENSTRE

ETNE VENSTRE ETNE VENSTRE 2015 2019 Vår visjon Etne endrar seg. Me møter nye utfordringar. Etne Venstre vil sikra eit godt lokalsamfunn ved å løysa morgondagens utfordringar i dag. Korleis Det gjer me ved å skapa fleire

Detaljer

Etne kommune SAKSUTGREIING

Etne kommune SAKSUTGREIING Utval Formannskap Etne kommune SAKSUTGREIING HORDALANDTYLKES KOMMUNE Arkivnr, S- To? 3 O NOV. 2006 Møtedato Saksh. 21.11.2006 09j0a?6ff. ELS Saksh.m*. Sakshandsamar: Elisabeth Silde Arkiv: N-700 Arkivsaknr:

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 1.2.2012. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale næringsfond.

Detaljer

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM 2019-2023 Ynskje du vekst og utvikling for Eidfjord Stem Høgre! Eidfjord Høgre meiner at Eidfjord kommune og denne valperioden er best tent med å vera eigen kommune, men me ynskjer

Detaljer

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: 57 68 55 00 Faks: 57 68 55 01 E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr. Kva meiner bygdemøte i Gaupne; 1) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere for Lustrasamfunnet/ Luster kommune? 2) Kva er viktige område, tilbod/tiltak (3 stk) å satse på/prioritere

Detaljer

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune Kommuneplanen sin handlingsdel Eid kommune 2014-2017 1 Innhald 1 Bakgrunn... 3 2 Definisjonar... 3 3 Plan og styringssystem i Eid... 4 3.1 Rapportering og evaluering... 4 4 Handlingdel 2014-2017... 5 4.1

Detaljer

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Organisasjonsavdelinga IT-seksjonen Arkivsak 201011409-3 Arkivnr. 036 Saksh. Svein Åge Nottveit, Birthe Haugen Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 23.02.2011-24.02.2011

Detaljer

Planstrategi for Balestrand kommune

Planstrategi for Balestrand kommune Planstrategi for Balestrand kommune 02.05.2017 Planstrategi Etter plan og bygningslova skal ein gjennom arbeidet med ein kommunal planstrategi drøfte kommunens strategiske val knytt til samfunnsutvikling.

Detaljer

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell? Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell? -eller: korleis rører vi oss, og korleis padlar vi vidare mot 2018? Fjell Noregs beste kystkulturkommune Eit skifte av fokus?

Detaljer

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: rådhuset Møtedato: 01.04.2009 Tid: 15.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 4/09 09/254

Detaljer

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL GARANTI - SØFTELAND TURN & IL. 310 OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS KOMMUNESTYRE Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 13.02.2007 Tid: 17.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 13/07 06/2305 KOMMUNAL

Detaljer

-fl- P4AR HAIVIAR

-fl- P4AR HAIVIAR -fl- DET KONGELEGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT Statsråden Hedmark fylkeskommune Fylkeshuset 2325 HAIVIAR Dykkar ref Vår ref Dato 13/371-1 P4AR 21 Statsbudsjettet 2013 - Kap. 551, post 61 Næringsretta

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Julie Aakre Bratland Helge Mjånes

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Julie Aakre Bratland Helge Mjånes MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: 126 Møtedato: 19.06.2017 Tid: kl.08:30-10:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk 16.06.2017.

Detaljer

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling. Vedteken i Sogn regionråd 31. mars 2017 Handlingsplan 2017 1 Næringsutvikling Etablering av nye og vekst i eksisterande private og offentlege verksemder i regionen. Regionen skal ha eit samhandlande og

Detaljer

Audit & Advisory November 2009. Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen

Audit & Advisory November 2009. Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen Audit & Advisory November 2009 Forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune Hordalandsavtalen 1. Innleiing... 2 2. Revisjonskriterium... 3 3. Data... 5 4. Vurderingar og tilrådingar... 8 Vedlegg

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

2015-2019. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

2015-2019. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram 2015-2019 Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Handlingsprogram 2015-2019 Kvinnherad Kommune 2015-2019

Detaljer