EI KELTERTIDSGRAV FRÅ DET SENTRALE JÆREN

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "EI KELTERTIDSGRAV FRÅ DET SENTRALE JÆREN"

Transkript

1 Stavanger Museum I Årbok, Årg. 85(1975), s EI KELTERTIDSGRAV FRÅ DET SENTRALE JÆREN Av ARNVID LILLEHAMMER IUllleiing. Sommaren 1972 undersøkte arkeologisk avdeling ved Stavanger Museum (i dag Arkeologisk museum i Stavanger) ein gravhaug på Bekkeheien (Bekkjaheiå) i Hå kommune på Jæren. Undersøkinga er tidlegare kort omtalt i «frå haug ok heidni» (NYGAARD 1973). Då sentralgrava i haugen skriv seg frå ein etter måten funnfattig tidbolk i førhistoria vår - overgangen mellom bronsealderen og jarnalderen, har undersøkinga krav på ein noko meir detaljert presentasjon. Denne presentasjonen byggjer i hovudsak på gravingsleiaren mag. art. Signe Nygaard si innberetning (NYGAARD 1972). Då det er meininga å ta opp sider ved keltertidsproblematikken ved eit anna høve, vil denne presentasjonen i hovudsak bli ein gjennomgang av funntilhøva slik at andre som måtte arbeida med denne tidbolken kan gjera seg nytte av dette materialet. Haugen lor undersøkinga. Den undersøkte haugen låg på garden Bekkeheien gnr. 4, bnr. 10 og 15 i Hå kommune på toppen av eit høgdedrag, ein hodl, ikring 300 m i luftlinje SSA frå tunet og ikring 150 m NV frå Rv. 44. (Fig. 1). Haugen har vore kjent på antikvarisk hald sidan 1923 då Jan Petersen var på rundreise i Nærbø. Han nemner at det på eigedomen til Nils Bekkeheien «rett nord og opp for det lille tjern som ligger her, er... en flat rund haug 15 skritt i tverrmål, det er uvisst om den er utgravet (26).» (PETERSEN 1923:8.) Seinare vart haugen registrert for Økonomisk Kartverk i 1966 og fekk identifikasjonsnummer 514 G 4 R 10. Det var då framleis kulturbeite med ein del stein i dagen rundt haugen som hadde heller dårleg markerte ytterkantar. Registrator våga ikkje avgjera om haugen hadde vore. rørt (AANE STAD 1966:18a.) 35

2 Q ~G4 ~10 ':l.7h.o.i( N Fig. l; Topografisk kart over området kring fornminnet R 10.

3 Ei keltertidsgrav frå det sentrale Jæren Våren 1970 søkte grunneigaren Ole Bekkeheien om frigiving av haugen av jordbruksmessige grunnar. Ved synfaringa fekk ein inntrykk av at haugen måtte ha vore rørt og at stein måtte ha blitt fjerna frå midten slik at berre botnlaget låg att. Den tidlegare grunneigaren Otto Bekkeheien meinte at det var tale om ein nyare steinhaug som skulle ho vore lagt opp i hans ungdom. Dette er truleg delvis rett for han kunne fortelja at området kring haugen var blitt rydda til kulturbeite ikring Den gongen var haugen på lag like høg som i 1972, klart markert i terrenget og tilvaksen med lyng. Under ryddinga vart det lempa mykje stein opp på toppen av haugen, men denne steinen vart kort tid seinare fjerna og brukt ved byggjing av fjøs og steingjerde. Lang tid vart haugen også nytta som underlag for jonsokbål. Etter alt å døma har såleis haugen alt før 1925 vore ganske låg, kanskje ikkje stort meir enn cm høg, flat og vid. Eg har teke med så pass mykje detaljert om haugen før undersøkinga av to grunnar. For det første er det ikkje sjeldan at ein grunneigar vil gjera ein haug på eigedomen sin yngre enn han er. Og han kan ha rett i det - eit stykkje på veg. For svært ofte har gravhaugar vore høvelege stader å kasta frå seg rydningsstein slik det hadde vore gjort på denne aktuelle haugen. Dette er likevel ikkje så stort problem då det innan arkeologien etter kvart er bygt opp så mykje kunnskap og erfaring at ein langtp4,. veg kan avgjera kva fenomen som ligg fore. Langt viktigare er det andre momentet, nemleg arkeologane si forståing og vurdering av låge, vide haugar. Her har det vore synda mykje. Det er nokså karakteristisk at haugen på Bekkeheien er kalla botnlag eller haugrest i papira både før og under gravinga. Sjølv trur eg haugen har vore så godt som uskadd med omsyn til høgda. Om han har vore cm høgare spelar eigentleg ei mindre rolle. Trass i dei mange låge haugane vi eigentleg kjenner, tenkjel' vi kanskje umedvite på ein gravhaug som noko høgt kupla som Regehaugane eller andre store bronsealdershaugar. Eigentleg skulle alt tilseia at vi har alle overgangar frå dei høge kupla til flate hole, noko som undersøkingar på Jæren dei siste åra tykkjest stadfesta. Nemninga botnlag eller haugrest bør difor gå ut or nemningsbruken vår. Korleis haugen var bygt opp. I 1972 hadde området kring haugen vore dyrka og under plog i tre år. Av jordbruksmessige grunnar og med bakgrunn i det som vart rekna som dårlege bevaringstilhøve, gjekk museet med på frigiving under føresetnad 37

4 Arnvid Lillehammer \ Fig. 2: Haugen fnr gr'lving sett frå S. av føregåandeundersoking. I 1969 var det sett att så mykje udyrka jord at heile den opphavelege haugen synte seg å liggja intakt. (Fig. 2). Sidan haugen vart sett på som eit botnlag, vart det vedteke at han ikkje skulle gravast fullstendig ut. Det vart difor lagt ei i m brei og 18 m lang sjakt tvers over haugen SSA-NNV (sjakt A). Heile sjakt A vart avtorva og ovste steinlag framgrave. Deretter vart det lagt ein profil tvers over midten. Den nordre halvdelen vart først graven til botn ar lag for lag, så den søndre. Det vart opna to sjakter SV for hovudsjakta (sjakt Bi N og sjakt C i S) av to grunnar. For det første ville ein undersøkja om ein fann framhald et av eit par steinrekkjer som var framkomne i sjakt A. Og for det andre ville ein leita etter sekundærgraver. (Fig. 3). Sett under eitt var haugen meir 'eller mindre dekka av nevestor stein som låg laust i jorda over og mellom dei store steinane. Desse nevestore steinane såg ikkje ut til å hoyra til sjølve haugen, men skriv seg visscleg frå den gon- 38

5 Ei keltcrtidsgrav f ra det sentra I e Jæren i.i I / B R K Oct>oop D..... B.-----;..JORDTA57..,.,., SJAKT A Fig 3: Plan over observerte stru kturar J. I lau gen me d dei viktigaste funna avmc1:kte. 39

6 Amvid' Lillehammer gen området vart rydda til kulturbeite. Midt oppå haugen vart det funne spor av jonsokbåla, eit 5-20 cm tjukt grått sandet jordlag like under torva med rusta spiker og anna jarnskrot. På d,et høgaste var haugen bygt opp av tilnærma tre lag stein med ein god del jord mellom. Dei to underste steinlaga strekte seg ikkje så langt ut mot ytterkantane som det øvste. Det ser difor ut til at den opphavelege haugen berre har dekt det området som ved undersøkinga var dekt av alle tre laga. Haugen har såleis vore ikring 9,5 m NV-SA og ikring 10,5 mna-sv. Steinane i det øvste laget som ligg utanfor dette området må vera komne dit langt seinare, noko det opp til 25 cm tjukke jordlaget mellom steinane og undergrunnen her skulle tyda på. Det var ikkje råd å påvisa sikker kantsetjing rundt den opphavelege haugen. Men fleire stader låg storre steinar - tre i sjakt A, ein i sjakt B og ein i sjakt C - som må ha markert ytterkanten. Berre ein av desse var jordfast. Det var tydeleg at. den opphavelege haugen var bygt opp mellom desse steinane. (Sjå fig. 3). Det underste steinlaget låg ikkje direkte på undergrunnen, men var skilt frå denne med eit 2-5 cm tjukt brunt jordlag. Haugen var altså bygt oppå den gamle jordoverflata på staden av jord og stein med største mål mellom 10 og 60 cm, dei fleste mellom 25 og 40 cm. (Fig. 4). Det var ikkje råd å seia noko visst om opphaveleg høgde, men som nemnt ovanfor har eg lite tru på at haugen har vore stort meir enn opp mot 1 m høg. Eg tok sjølv del i undersøkinga nokre dagar og hadde såleis høve til å studera profilane og strukturen i massane. Eg fann liten grunn til å tru at høgda har vore stort meir enn opp mot 1 m. Steinrekkjene. På botnen av haugen i sjakt A kom det fram to ikring 7 m lange og mest parallelle steinrekkjer 5 m frå kvarandre i retning A-V. Steinane var plasserte med ujamne mellomrom, nokre 10 cm frå kvarandre, andre kant i kant. Rc:;kkjene var svakt boga med den konkave sida vendt nordover (sjå fjg. 3). Sjaktene B og C vart opna m.a. for å undersøkja om dei to steinrekkjene heldt fram inn i dette området og eventuelt korleis. Det viste seg umogleg å finna att dei to rekkjene både i sjakt B og sjakt C. Spørsmålet er då om dei kom fram i sjakt A som eit tilfelleleg resultat av gravinga og steinlempinga. Dei verkar unekteleg noko merkejege utan framhald av noko slag. 40

7 Ei keltertidsgra\' frå det sentrale Jæren Fig. 4: Foto som viser korleis steinane dominerte i haugslruklurcn. Merk kelterlidsgrava nede i venstre kanten. 41

8 Arm'id Lillehammer Dei fleste steinane i dei to rekkjene var jamt over noko større enn resten av steinanc i haugen, Det er difor mogleg at dei vart liggjande att til slutt av di dei var så store. At det ikkje vart funne framhald av rekkjene i sjaktene B og C kan på den andre sida skuldast seinare øydeleggjing. Nokre funn spreidd rundt i haugfyllen tyder på at det er nedsett ei sekundærgrav i søre delen av haugen (sjå seinare). Dei to steinrekkjene var svakt boga. Det kunne sjå ut som om dei høyrde til to steinringar med sentrum ein eller annan stad NV for haugen. Kan steinrekkjene ha høyrt til eit anlegg frå ein tidlegare tidbolk enn haugen? Gravingsleiaren finn det heilt usannsynleg. Ingen ting i haugen e1les vitna om at her skulle ha vore eit eldre anlegg. Det tykkjest difor som om berre denne eine undersøkinga er for lite til å gi svar på spørsmålet om dei to steinrekkjene høyrde til haugen eller vart konstruerte av utgravarane. Berre nye undersøkingar av andre anlegg kan avgjera det. I alle høve bør ein i framtida vera merksam på fenomenet. Heilt til sist bør det peikast på at keltertidsgrava låg på lag midt mellom dei to steinrekkjene, og rekkjene vart dels observert før grava. Keltertidsgrava. Ved oppreinsking av det andre steinlaget kom ein om lag midt i haugen ned på kanten av ei krukke som stod inneklemt mellom tre heller. Den vidare oppreinskinga avdekka meir keramikk som viste seg å liggja innanfor ei ujamn firkanta steinramme - eit kammer - som målt mellom ytterpunkta av steinanc var l m langt NA-SV og 62 cm breitt NV-SA. Innvendig var djupna ikring 30 cm, Kammeret var bygd opp av 2 heller og 5 steinar av ulik form og storleik, men alle med ei flat side som vende innover. (Fig. 5 og 6). Toppen av steinane i langsida var tydeleg pressa ut og ned. Kor mykje veggene i kammeret var skipla er vanskcleg å avgjera. På Jæren er det ikkje uvanleg at slike små kammer eller kister er ganske uregelmessig byg~e opp. Det er difor mogleg at steinane i veggene berre var skipla ganske lite 'i høve til slik dei opphavcleg hadde stått. ' Botnen av kammeret var laga til av tre ~ell~r, ei i SV-enden og to i NAenden. Innvendig i botnen var kammeret 60 cm A-Vog 40 cm N-S. Under og rundt kammeret var det eit tydeleg brannlag med mykje trekol. Det dekte eit område på ikring 4,25 m A-Y og 2,1 m N-S. Ytterkantane av 42

9 Ei kcltcrtidsgra\" frå det sentmle Jæren Fig. 5: TopJlcn av kammeret framgrave. Vi ser store deler av kar a til hugrc og botnen av kar b til venstre. brannlaget var ujamne. Ein god del stein, f1eire skadde av eld, låg i brannlaget. leit 45 cm breitt område rundt kammeret var brannlaget feitare og rikare på trekolbitar enn elles. Det var mellom 5 og 10 cm tjukt, tjukkast inn mot kammeret og under dette. Men det fanst i lommar heilt ned mot 43

10 Arnvid Lillehammer Fig. 6: Kal1lnwr('( IItgraw til!lotnar. Vi ser den norclr.. st.. inr.. kkja i bakgrunnen. undergrunnen f1eire stader. Ikring l m A for kammeret, i ytterkanten av brannlaget og telt over del/l', låg ein konsentrasjon av keramikkskår, brende bein og litt trekol. Konsentrasjonen var id cm A-Vog 40 cm N-S og tyktest ikkje hoyra direkte med til brannlaget.

11 Ei keltertidsgrav frå det sentrale Jæren Jorda under brannlaget viste ikkje teikn på at bålet var blitt brent på staden. Nede på botnen i den SV halvedelen av kammeret stod restane etter eit knust leirkar (kar a). Skåra var pressa opp langs veggene i kammeret. Slik det såg ut ved gravinga, innehcldt karet noko jord, brende bein og litt trekol. Metallsaker vart ikkje funne slik at dei med visse kan seiast å ha lege i karet. Kar a er eit kraftig buka kar med markert hals, ikring 17,5 cm over munninga og nærare 25 cm på det vidaste over buken. Høgda er uviss, men må ha vore minst 17 cm. Under halsen er karveggen dekorert med tre parallelle linjer i eit 1,5 cm breitt band rundt heile karet. Godset er av god kvalitet, berre 5-6 mm tjukt og med skiftande lys og mørk brun avglatta overflate. (Fig. 7). I NA halvdel av kammeret var det bygt opp ei lita kiste av fire heller der det var sett ned eit anna leirkar (kar b). Dette karet inneheldt berre gråbrun sandet jord forutan cit 3 cm langt forrusta jarnstykkje..--,, ~ Fig. 7; Kar a delvis rekojlstruert. -=-=-=o f ~ ''''' 45

12 Arnvid Lillehammer _'===-_a o, Fig. fl: K;\I' b I'ckonsll'llcrt. nng-dn Cl' liok" uviss. 46

13 Ei keltertidsgrav frå det sentrale Jæren Kar b er av ein meir kjennesleg type, nemleg eit slikt som i litteraturen gjerne vert kalla situlaform. Det ligg nær opp til R 354 (RYGH 1885), er ikring 17 cm over munninga som er svakt utbretta. Høgda har vore ikring 25,5 cm og største bukvidde vel 20 cm. Rundt botnen er det laga til ein liten fotavsats. Godset er grovare enn i kar a; karveggen er opp til 12 mm lengst nede og magringa er grovare. Fargen er dels raudbrun, dels gulbrun. Karet er ikkje ornert. (Fig. 8). I jorda mellom dei to kara, ut an at ein med visse kan kny ta han til nokon av dci, låg ein beltehake av jarn, inntil 2,0 cm brei og nå 6,3 cm lang, men tydeleg korodert bort eller avbroten i eine enden. Beltehaken bar ikkje spor elter å ha vore i eld. (Fig. 9). Innhaldet i kammeret er ikkje heilt greitt å tolka. Det er alt nemnt at sjølve kammeret tykkjest vera nok skadd. I tillegg til det kjem at skår fra kar a vart funne under botnen av kar b. Den vesle kista rundt kar b forvirrar og noko. Det vesle jarnstykkjet i kar b plasserer dette i jarnalderen, noko forma også tilseier. Det fell godt inn i den gruppa kar med høgt opptrukne skulderparti som Hinsch i si tid sette til eldre keltertid (HINSCH 1953:68). Fig. 9: Beltehake av jam frå kelterlid. 1972/42 o

14 Arnvid Lillehammer Vissast med omsyn til dateringa er likevel beltehaken. Han er ein såkalla tungebeltehake, laga av ei flat plate der begge endane er bøygde inn som to tynne hakar. På vårt eksemplar manglar den eine haken. Typen skal visstnok ha kome nordover frå Hallstatt over Schlesien og Jastorf til det sørlege Skandinavia (LARSEN 1949:31). Slike beltehakar er ved fleire høve funne saman med tidlege draktnåler både i bronse og jarn (m.a. NYLJ;:N 1972:18 og STENBERGER 1940:300) så ei datering til eldste jarnalder skulle vera klar. I årstal skulle dette liggja mellom ikring 500 og ikring 350 f. Kr. (SLO MANN 1971 :36). Korleis kar a passar inn i dette er nok o uvisst. Det er i alle høve ingen tvil om at kar b enten må vera sett nedi etter at kar a var knust eller at dei er sett nedi samtidig og at det har vore folk nedi kammeret ved eit seinare høve og skipla tilhøva der. Kar a er etter det eg kan skjøna langt på veg eineståande i norsk keltertidsmateriale. Men det kan minna noko om eit kar frå Li i Sandnes (S. 2340) avbilda hjå Hinsch (1953:67, fig. 10,3). Og kanskje kan det same seiast om karet frå Bekkeheien som om karet frå Li at både «formen, orneringen på skulderpartiet og den gode kvaliteten henviser til Jylland og Nordvest Tyskland». Kar a tykkjest i forma ikkje vera så ulikt mange av dei kara ein kan sjå avbilda i tyske publikasjonar over urnefeltkeramikk. Alt i alt finn eg det rimeleg å sjå kar a som behaidar for dei brende beina og kar b forutan beltehaken og det andre j arnstykkj et, som det vi med eit misbrukt ord kall ar gravgoas. At kammeret og innhaldet i det seinare er blitt noko skipla kan ha s~r.:anheng med ei sekundærgrav som må ha blitt sett ncd i haugen fleire hundre år seinare. SeklllllJærgrava. Ein eller annan stad i søre halvedelen av haugen; det let seg ikkje påvlsa nøyaktig kor, må det i romertid ha" blitt sett ned ei ubrent grav. Nokre funn tyder på at ei slik tolking er rett. Under oppreinskinga av det underste steinlaget i søre halvedelen av sjakt A vart det funne ein stor glatt fingerring av gull. Han låg saman med ein del keramikkskår som let seg delvis setja saman til eit lite kar (kar c) med glatt svart overflate. Fleire skår av same karet vart funne andre stader i søre halvedelen av haugen. 48

15 Ei keltertidsgrav frå det sentrale Jæren Kar c har vore vel 9,5 cm over munninga, var huka med største bukvidde noko over 11,5 cm. Halsen er markert innknipen. Høgda let seg nå ikkje avgjera med visse, men har truleg vore ikkje så langt frå 10 cm. (Fig. 10). I same nivå, ikkje så langt frå desse funna, låg eit stykkje av ein jarnkniv (fig. 11) og ei beltespenne av bronse (fig. 12). Det kunne under gravinga ikkjc påvisast noko kiste eller ramme i samband med desse funna. Fig. 10: Kar c delvis rekonstruert. 1972/43 A o 1 Fig. 12: Beltespenne av bronse. Fig. 11: Fragment av jarnkniv, sterkt korodert. 1972/43 B o 1 Jcnl 4. Stavanger museum 49

16 Arnvid Lillehammer Andre lunll. Gjennom heile haugen og på alle nivå vart det funne flint og keramikkskår, utan tvil for det meste kome tilfellcleg inn i massanc. Spesielt skal berre nemnast og avbildast ein avsi egen stein med skaftfure som er tydcleg slitt på den eine sida. (Fig. 13). Han vart funnen over øvste steinlag i sjakt C og er vel komen frå området ikring haugen. Kan han vera ein.iordbruksreiskap ~ Avnmdillg. Med funnet frå Bekkeheien har vi fått eit nytt tilskott til dei elles få keltertidsfunna vi har i Norge. Karakteristisk nok ligg dateringa tidleg i keitertid, ein tidbolk som eigentleg ikkje er så funnfattig på Sørvestlandet om vi samanliknar han med den furegåande og den påfylgjande (jfr. SLOMANN 1971 :8). Vi skal og merka oss at dette er den fot'ste bcltehaken som er funnen i I~ogaland. Det er ikkje utruleg at det vil bli f1eire. Vi skal merka oss at haugen ligg over 1,5 km N A for gamlctunet på den historiske garden Hoyland 50 o -~- I, Fig. 13. Skadd stdll mcd skaftfure, kanskje cin jordbruksn iskap.

17 Ei keltertidsgrav {rå det sentrale Jæren som Bekkjaheiå opprinncleg var ein husmannsplass under. Det er difor grunn til å rekna med at mange av kcitertidsgravene vil bli funne perifert i høve til historisk innmark og folkevandringstids gardsanlegg, noko som kan ha med næringsstruktur å gjera. I tillegg må vi nok vera mcir påpasselege når det gjeld låge, vide haugar enn vi kanskje har vore til nå. Dei er truleg ikkje botnlag likevel, men keltcrtids eller hronsealders gravhaugar. Hinsch, Erik Larsen, Knud A. Kygaard, Signe Nygaard, Signe Nylen, grik Pctersen, Jan Rygh, Oluf Slomann, \Venckc Stenberger, Mårtcn Aancstad, G. M. LITTERATUR 1953: FOJTomcrsk jernalder i Norge. FFl\IF Tidsskrift LI I s Helsingfors. 1949: BOfllholm i ældrc jernalder. Aarb. for nord. oldk. og hist s København. 1972: Innberetning om utgravning av rest av gravhaug på Bekkeheien, gnr. 4, bnr , Nærbø s., Hå p. Rogaland. Top.ark. Arkcologisk museum i Stavanger. 1973: Et nytt funn fra keltertid. Frå haug ok hei~ni nr s. 43-'~5. Stavanger. 1972: MeJlan brons- oeh jårnåldcr. Antikvariskt arkiv 44. Lund. 1923: Innberetning om antikvarisk-topografiske undersøkelser i Nærbø. 22/8-31/ Top.ark. Arkeologisk museum i Stavanger. 1885: Norske Old sager ordncdc og forklarede. Christiania. 1971: Bosetning og bosetningsproblemcr i Sydvest-NOI"ge i eldre jernalder. Stavanger l\iuscum Arbok 1971 s Stavanger. 1940: Gravfyndet från Autsarve i Fole. Form'annen 1940 s : Topografisk-arkeologisk registrering av faste fornminncr i Rogaland. Nærbø s. Hå p. Stcnsil. Top.ark. Arkeologisk muscum i Stavanger. 51

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar

Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar Ung i utkant tankar om framtida blant ungdom frå utkantkommunar Finn Ove Båtevik Artikkelen byggjer på ei undersøking blant ungdom i utkantkommunar. Undersøkinga viser store variasjonar i kva grad ungdom

Detaljer

Íslendingabók vurdert som bispestolskrønike

Íslendingabók vurdert som bispestolskrønike Else Mundal Íslendingabók vurdert som bispestolskrønike Det vesle verket Íslendingabók av Ari inn fróði har ein heilt spesiell plass i den islandske litteraturhistoria i kraft av at dette er eit av dei

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt Førsteamanuensis Liv Engen (Samtale mellom tre gutar på femte trinn) Platon synest at sånn derre demokrati var bra. Han ville at alle skulle snakke på likt.

Detaljer

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar Marte Fanneløb Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud Rapport nr. 52 Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar 2 Møreforsking Volda Postboks 325, NO-6101 Volda Tlf. 70 07 52 00 NO 991 436 502 Tittel

Detaljer

Om skriftspråket vårt

Om skriftspråket vårt Ivar Aasen Om skriftspråket vårt Omsett frå dansk med merknader av Ottar Grepstad 1. Etter at fedrelandet vårt på ny er blitt slik det ein gong var, nemleg fritt og sjølvstendig, må det vere om å gjere

Detaljer

Ivar Aasen nynorskens far

Ivar Aasen nynorskens far Nettopp norsk Ivar Aasen nynorskens far Av Lars Sigurdsson Vikør forkorta og tilrettelagt av Elisabeth Smith Bakgrunn og oppvekst Ivar Aasen (1813 1896) vart fødd den 5. august i Hovdebygda i Ørsta på

Detaljer

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? Gro Marit Grimsrud Finn Ove Båtevik Marte Fanneløb Giskeødegård Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? 2 Møreforsking

Detaljer

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp!

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp! nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp! Påske 2015 Vi serverer med dette eit fyldig påskenummer. Med temaet «Han har stått opp», kan det bli mange sider. Vi takkar flinke bidragsytarar!

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

Kva folk trudde før og no

Kva folk trudde før og no Kva folk trudde før og no Menneskja har alltid hatt ein trong til å forstå og tolke det dei opplever og ser rundt seg. Det kan vere merkelege hendingar som synest uforståelege, og som ein prøver å finne

Detaljer

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr. 13-09 November 2009

Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr. 13-09 November 2009 Varsling av kritikkverdige forhold i Hordaland fylkeskommune AUD- rapport nr. 13-09 November 2009 Innhald: 1 Innleiing...3 2 Oppsummering...4 3 Om undersøkinga...5 4 Kjennskap til og synspunkt på varslingsrutinane

Detaljer

Eigedomstvistar og matrikkelsystem

Eigedomstvistar og matrikkelsystem Vitenskapelig bedømt (refereed) artikkel Leiv Bjarte Mjøs and Hans Sevatal: Boundary disputes and cadastral systems KART OG PLAN, Vol. 71, pp. 151 171, P.O.B. 5003, NO-1432 Ås, ISSN 0047-3278 In Norway

Detaljer

Undersøking av formbruken i ulike typar upublisert materiale på nynorsk

Undersøking av formbruken i ulike typar upublisert materiale på nynorsk Undersøking av formbruken i ulike typar upublisert materiale på nynorsk Åse Wetås 1. Innleiing Denne delundersøkinga tek for seg formbruken i upubliserte nynorsktekstar skrivne under varierande grad av

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Har du nokon å snakke med om dette?

Har du nokon å snakke med om dette? Utpostens dobbelttime Har du nokon å snakke med om dette? Jørgen Roll-Hansen intervjuet av lisbeth homlong Jørgen Roll-Hansen kom til Ørsta som turnuskandidat i 1979. Og her, med sunnmørsalpane som næraste

Detaljer

Rapport om kommunereforma frå Askvoll til Åseral

Rapport om kommunereforma frå Askvoll til Åseral Kåre Lilleholt og Jens Kihl Rapport om reforma frå Askvoll til Åseral Innhald Innleiing 5 Kva er reforma? 7 Språkspørsmål i reforma 8 Framdrift 9 Reformstøtte 10 Det regionale nivået 10 Førre reform 11

Detaljer

Mellom Nar og New York

Mellom Nar og New York Mellom Nar og New York Ein studie av innverknaden migrasjonen har på indiansk identitet og bruk av kichwa hjå ungdom i Cañar, Ecuador. Hildegunn Stokke Juni 2011 Abstract This work explores the effects

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Gamal diktar prøver seg som modernist?

Gamal diktar prøver seg som modernist? Gamal diktar prøver seg som modernist? Om Olav H. Hauge og Profil-gruppa Hilde Kristin Strand Masteroppgåve Nordisk institutt Universitetet i Bergen Februar 2007 Han med fekk hug å prøva desse nye styltrone.

Detaljer

Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta

Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta 01 Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta I område med spreidd busetnad eller på hytta er det ofte ikkje mogleg å kople seg på kommunale eller private vassverk,

Detaljer

MANGE VIL HA, MEN FÅ VIL SELJE!

MANGE VIL HA, MEN FÅ VIL SELJE! MANGE VIL HA, MEN FÅ VIL SELJE! Småbruk som ressurs for busetting Av Henry Mæland Rapport nr 222 2005 TELEMARKSFORSKING-BØ Telemarksforsking-Bø 2005 Rapport nr. 222 ISBN 82 741 243 7 ISSN 1501 9918 Pris:

Detaljer

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning

LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning LOKALSAMFUNNET SOM KREATIV ALLMENNING? Ein rettleiar av Dag Jørund Lønning 1 INNLEIING OG BAKGRUNN Denne rettleiaren byggjer på eiga erfaring gjennom snart 20 år med forsking og utviklingsarbeid for å

Detaljer

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder Et forslag til strategi Språkrådet 2005 Innhald 1 Samandrag... 3 2 Innledning... 10 3 Språk på spel i 2005... 18 4 Språk en demokratisk

Detaljer

RAPPORT FRA HAVFORSKNINGEN

RAPPORT FRA HAVFORSKNINGEN RAPPORT FRA HAVFORSKNINGEN Nr. 14-2012 Akustisk overvaking av seien sin vandring i Ryfylkebassenget Av Håkon Otterå og Ove Skilbrei April 2012 www.imr.no 3 Innhaldsfortegnelse Samandrag... 5 1 Innleiing...

Detaljer

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET? KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET? 2 Vi som går i 6. klasse ved Tokke skule, fekk i år eit nytt norskverk: Ord for alt 6, nynorsk utgåve. Dette

Detaljer

Bruk av tvang i psykisk helsevern

Bruk av tvang i psykisk helsevern Internrevisjonen Bruk av tvang i psykisk helsevern Helse Vest RHF, september 2014 INNHALD Målgruppene for denne rapporten er styret og revisjonsutvalet på regionalt nivå, styra i helseføretaka, formelt

Detaljer

Ola Tandstad SYKKYLVEN I ELDRE TID. Første bandet av Bygdebok for Sykkylven. 1962 Utgjeve av Sykkylven Sogenemnd

Ola Tandstad SYKKYLVEN I ELDRE TID. Første bandet av Bygdebok for Sykkylven. 1962 Utgjeve av Sykkylven Sogenemnd Ola Tandstad SYKKYLVEN I ELDRE TID Første bandet av Bygdebok for Sykkylven 1962 Utgjeve av Sykkylven Sogenemnd Bok» er trykt av Møre-Trykk på 100 gr. sat. trefri trykkpapir fra A/S Borregaard. Innbinding:

Detaljer

FORHOLDET MELLOM DRIFTSSTYRE OG LOKALT EIGARSKAP

FORHOLDET MELLOM DRIFTSSTYRE OG LOKALT EIGARSKAP FORHOLDET MELLOM DRIFTSSTYRE OG LOKALT EIGARSKAP Dette er eit viktig spørsmål for mange av dei konsoliderte musea, og det er bra det blir sett på dagsorden. Det er ei problemstilling som i all hovudsak

Detaljer