Plassering av tang til klippekortet er markert med blå prikk på karta.
|
|
- Gunhild Nesse
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Ti Turar i Time
2
3 Oversikt turar 1. Bursfjell 2. Brusaknuten 3. Melsvatnet 4. Njåskogen 5. Ulvarudlå 6. Synesvarden 7. Låglia 8. Karten 9. Sælandsskogen 10. Rundtur på Lyefjell Plassering av tang til klippekortet er markert med blå prikk på karta. Påminningar Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor tek me med tre små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet: Respekter bandtvangen. Lukk eventuelle grinder. Ta avfallet med heim att. HUGS SKIKKELEG FOTTØY! God tur i jærsk natur! Foto forside: Oddgeir Teigen Ti turar i Time 3
4 1. Bursfjell Fottur, 5 km, middels, 2-3 timar Tilkomst Turen startar ved Eikeland skule, der er det parkering. For å koma dit tek du av Ålgårdsvegen ved busshaldeplassen (rute 56), der tilvisingsskiltet er. Turinformasjon Bursfjell ligg i Time, og grensar til Gjesdal. Toppen er 365 moh., så om vêret er med deg, kan du nyta ei imponerande utsikt frå toppunktet. Turen til Bursfjell er ei rundløype, så du kan velja om du vil gå medurs mot Riset, eller moturs mot Ødegård. Turen er merka frå begge desse gardsbruka. 4 Ti turar i Time
5
6 2. Brusaknuten Fottur, 6 km, middels, 2-3 timar Dyr på beite heile året Tilkomst Turen startar frå Ognedalsstølen. Det er skilta til parkering frå fv. 504, Buevegen, mellom Oslandsvatnet og Mellomstrandsvatnet. Turinformasjon Turen er ein topptur til Brusaknuten, som er den høgste toppen på Jæren (432 moh.). Turen kan kombinerast med ein rundtur til Karten. Karten er omtalt seinare i boka. Turen startar på gardsveg og held fram i terreng. Det kan vera blaute parti undervegs. 6 Ti turar i Time
7
8 3. Melsvatnet Fottur, 4 km, enkel, 1 time Dyr på beite heile året Denne turen er mogleg med rullestol og barnevogn Tilkomst Denne turen kan du starta på ein av dei tre parkeringsplassane rundt Melsvatnet. Parkering er skilta frå Ålgårdsvegen mellom Lye og Ålgård. Turinformasjon Dette er eit populært område, der du òg finn fleire badeplassar. Og ja, det er fin fisk i vatnet! Turen går på godt underlag gjennom vekslande terreng. Stien er solid og godt fundamentert, med slake opp- og nedoverbakkar, stort sett med godt overblikk over vatnet. Fleire flotte utsiktspunkt undervegs på turen, mellom andre den godt merka Brunshammaren (179 moh.) like ved gangbrua i den austre enden. 8 Ti turar i Time
9
10 4. Njåskogen Fottur, 2,3 4,5 km, enkel, passar for folk flest Denne turen er mogleg med rullestol og barnevogn Tilkomst Kjem du i bil parkerer du på parkeringsplassen ved innkjøringa til skogen frå Kvernelandsvegen. Avgift på 20 kroner. Buss 53 har haldeplass ved Njåskogen. Turinformasjon Der er fleire turalternativ i Njåskogen. Alle turane går på skogsveg med grusbelegg. Med parkeringsplassen som utgangspunkt kan du velja ein kort (2,3 km) eller ein lang rundtur (4,5 km). Du kan òg bruka lysløypa (2,7 km, sjå kartet), som har noko av det finaste av det som det varierte terrenget i området har å by på. Det går an å sykla gjennom skogen. Følg skilta som viser kor sykkelruta går. 10 Ti turar i Time
11
12 5. Ulvarudlå Fottur, 6 km, middels, 2-3 timar Tilkomst Du kan starta turen både på Tjåland og på Aurenes. Det er skilta til parkering begge stadene frå fv. 201, Sikvalandsvegen. For å koma til parkeringsplassen på Tjåland må du passera gjennom grinda. Hugs å lukka grinda. Turinformasjon Rundturen via Ulvarudlå er om lag 6 km og tek 3 timar. Frå Tjåland er det mogleg å gå til Fiskelaustjødn med barnevogn. Turen går på gardsveg og i terreng. I dette landskapet møter du både sauer og geiter som er ein viktig del av skjøtselen av kystlyngheiområda våre. 12 Ti turar i Time
13
14 6. Synesvarden Fottur, 4 km, middels, 1 time, passar for alle Tilkomst Frå Undheim kjører du mot sør på fv Etter Storamos og Litlamos svinger du til høgre mot Brusand. Turen startar frå parkeringsplassen (avgift) ved Topdalsvegen (fv. 133). Turinformasjon Turen er ein topptur til Synesvarden (359 moh.). Herifrå kan du sjå sju kyrkjesokn! Turen tek om lag ein time. Du kan òg ta ein fin rundtur mellom Synesvarden, Steinkjerringa og Holmavatnet. Området rundt Synesvarden er eit flott eksempel på gammal kulturmark og viser korleis mykje av Jæren såg ut for meir enn 50 år tilbake. Området er verna. Formålet med vernet er å ta vare på eit større jærsk hei-, myr- og utmarksbeitelandskap med eit særmerkt dyre- og planteliv, kulturminne, kvartærgeologiske landskapsformer og område med stor verdi for naturoppleving. 14 Ti turar i Time
15
16 7. Låglia Fottur, 5 km, middels, 2-3 timar Tilkomst Frå Undheim fylgjer du fv. 201, Sikvalandsvegen, forbi Knudaheio mot Sikvaland. Det er skilta parkeringsplass på høgre side av vegen, omlag 400 m etter Tjålandsbakken. Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje stenger for nokon. Turinformasjon Turstien følgjer jordbruksvegar første delen, og deretter godt merka stiar i terrenget. Nokre plassar er det ganske bratt, men ikkje over lange strekk. Låglia er ein gammal buplass, der folka budde og levde året rundt. Det var ikkje nettopp noko lettvint liv dei hadde! Men «steinauga» hadde dei. Sjå sjølv og vert imponert, ikkje minst av steinarbeidet deira. Ver merksam på at det er storfe på beite store delar av året i dette området. Dei er stort sett snille og greie, men kan vera lettskræmde og forvitne på framande hundar! 16 Ti turar i Time
17
18 8. Karten Fottur, 5 km, middels, 3 timar Tilkomst Turen startar frå parkeringsplass ved fv. 504, Buevegen, mellom Husavatnet og Mellomstrandsvatnet. Turinformasjon Turen er ein topptur til Karten, som er 421 meter høg. Utsikten frå toppen er flott. For ein gongs skuld ser du vindmøllene ovanfrå! Sjølv om det er ei viss stigning på denne turen, er det relativt lett og greitt terreng, stort sett på gode og tørre traktorvegar og grasunderlag. Turen kan kombinerast med rundtur til Brusaknuten. 18 Ti turar i Time
19
20 9. Sælandsskogen Fottur, 6,5 km, middels, 3 timar Tilkomst Denne turen begynner på parkeringsplassen i sørenden av Sælandsskogen, på Sælandsvegen mellom Undheim og Eikeland. Turinformasjon Turen er ein rundtur rundt Sælandsfjellet. Turen går først gjennom Sælandsskogen, deretter vidare langs Taksdalsvatnet. Etter nokre hundre meter langs vatnet kjem du til utløpet til Uråna. Nå går du oppover langs elva til du kjem til kjelda, som er Engjavatnet. I bakkane sør for vatnet ligg den gamle husmannsplassen Bjødnaliå. Her er det flott å ta ein pause og kanskje eit garantert kjøleg bad? Ta grusvegen på andre sida av vatnet tilbake til p-plassen. Vegen går til Sjelset og ned til Kleiva. Følg skilta tilbake til p-plassen. Urådalen er verna. Formålet med vernet er å ta vare på det eigenarta natur- og kulturlandskapet i Urådalen. 20 Ti turar i Time
21
22 10. Rundtur på Lyefjell Fottur 5 km, middels, 1-2 timar Tilkomst Utgangspunktet for denne turen er enten på parkeringsplassen ved Monsanut barnehage på toppen av Lyefjell, eller på parkeringsplassen i Åsen, ved Åsvatnet. Turinformasjon Turen er ein rundtur som stort sett følgjer skogsvegar og grusvegar. Turen kan kombinerast med ein topptur til Varden. Turen går over flott kulturlandskap og passerar store myrareal som er dei finaste myrane me har i Time. Rådyr er vanleg i området så her er det viktig å halda hundar i band. Ved Ulvatjørn er der ein fin rasteplass. Ver merksam på at vatnet bør kokast før drikking. 22 Ti turar i Time
23
24 Har du lyst å gå fleire turar? Sjå Jæren turlag si nettside. Her finn du oversikt over turar med turleiar. Nærturar - Gå på tur der du bur! I samarbeid med Jæren Turlag har kommunen merka åtte nærturar. Sjå Postboks 38, 4349 Bryne h Tlf h Faks h E-post: post@time.kommune.no h
Plassering av tong til klippekortet er omtala i teksten til kvar tur.
Ti Turar i Time Oversikt turar 1. Bursfjell 2. Brusaknuden 3. Lyngaland 4. Kalbergrunden 5. Ulvarudlå 6. Skårlandskula 7. Lauvlia 8. Karten 9. Blåfjellet 10. Varden Plassering av tong til klippekortet
DetaljerN Æ R T U R. i Førde
N Æ R T U R A R i Førde Her finn du 16 flotte turar i Førde. Turane rangerer frå enkel til krevjande, så her er det noko for alle. Scroll, les om turen du skal på og trykk på linken for kart og meir informasjon.
DetaljerTurmål 2009 - Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)
1 Bergstjednet (856 moh) Posten er sett opp ved nordenden av Bergstjednet (856 m.o.h.), som er det einaste tjednet på Slidreåsen/Magistadåsen. Parker ved fylkesvegen over Magistadåsen der skogsbilvegen
DetaljerTurmål. Kvithøvd. Vil du legg inn koordinatane på GPS er dei: Nord: Aust: kartformat EUREF89 (WGS84)
Turmål Kvithøvd Her har du og mange startmulegheiter. Dersom du parkerer nedanfor Finneberg, fylgjer du stølsvegen opp til Slidrestølane, vidare traktorvegen som går over til Volbu. NB! Sjå etter små turmålpiler.
DetaljerGJEMNES KOMMUNE KULTURAVDELINGA
10 turmål i Gjemnes Storlandet Stokknoken 811 m.o.h. Nord: 6980720.43 Øst: 434554.43 Skogsveg ca 300 m før Maihaugen i retning Høgset. Parker ved Maihaugen, eller i enden av skogsvegen(ved bom) Middels
DetaljerTurmål Vestre Slidre kommune - 2012 1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng
1. Eggjiåsen 910 moh 10 poeng Kjør vegen over Eggjiåsen mot Beitostølen. På toppen av Eggjiåsen parkerar du ved lysløpeanlegget og følgjer turmålskilt derifrå mot kommunegrensa til Vang kommune. GPS-koordinatar:
DetaljerTurpostar i Sogndal. Namn:
2013 Turpostar i Sogndal Namn: Informasjon: Turane: 1. Stedjeberget (sykkeltur) 2. Flot 3. Olavskjelda 4. Sauradn (sykkeltur/gåtur) 5. Vikane Lem 6. Jeiskedalen 7. Nuken (frå Årvollåsen) 8. Nuken (frå
DetaljerØnsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:
FJELLTRIMMEN I GRANE 2015 Nr. Postnavn Gradering MOH Kartblad Besøkt dato 1 Stavvatnet Enkel 318 1925 IV Svenningdal 2 Steinhytta /Tosenfjellet Enkel 535 1825 I Tosbotn 3 Storklumpen/Blåfjellet Meget krevende
DetaljerEmleimsfjellet/Eikenos Eikenos ligger sør for Emblemsfjellet. Vår vurdering
Emleimsfjellet Fra Eikenos Fra Høgkubben mot øst. Navn Emleimsfjellet/Eikenos Eikenos ligger sør for Emblemsfjellet Vår vurdering med toppen Høgkubben (450 moh). Sted Eikenos Fordelen med å starte her
Detaljer1. SKAVDALSFJELLET, 362 M.O.H, NÆRØY.
1. SKAVDALSFJELLET, 362 M.O.H, NÆRØY. Rød: Fra Kolvereid kjører man mot Rødseidet og parkerer på høyresiden av vegen ved Blåvatnet. Derfra går du forbi noen hytter og en liten demning. Videre går vegen
DetaljerTurmål 2010 - Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)
1 Kvithøvd (1001 moh) Parkerer ned for Finneberg, følg stølsvegen opp til Slidrestøladn. Vidare følgjer du traktorvegen som går over til Volbu til denne flatar ut. Her står det skilta til Kvithøvd inn
Detaljer2008-2010 UTARBEIDET AV AGDENES KOMMUNE
KJENTMANN I AGDENES 2008-2010 UTARBEIDET AV AGDENES KOMMUNE KJENTMANN I AGDENES 20 turmål i Agdenes er valgt ut som kjentmannsposter. I heftet er det informasjon om postene og hvordan en kommer dit. Det
DetaljerFotturer i Jostedalen
Kai A. Olsen og Bjørnar S. Pedersen Fotturer i Detaljerte og komplette beskrivelser for turer til Nigard- og Bergsetbeen og topptur på Myrhorna. Nigardsbreen. Nigardsbreen er kremen av breene i. Den kommer
DetaljerTurbeskrivelser for Eide Tolv turer 2015
Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2015 Lysløypa til Eide Il Utgangspunktet er Eide sentrum. Kjør opp til Eidehallen, og ta til høgre i krysset rett ovafor Eidehallen. I neste kryss er det skiltet til
DetaljerTURER I RISSA KOMMUNE. Med god tilrettelegging
TURER I RISSA KOMMUNE Med god tilrettelegging. 1 Innhold 5 turer langs Perler på en snor!... 3 1. Stykket helleristninger, Stadsbygd... 3 2. Reins Kloster, ved Rissa sentrum... 4 3. Nebbesheia, Hysnes,
DetaljerTurmål Vestre Slidre kommune - 2014. 1. Kvithøvd 1001 moh 25 poeng
1. Kvithøvd 1001 moh 25 poeng Her har du og mange startmulegheiter. Dersom du parkerer nedanfor Finneberg, fylgjer du stølsvegen opp til Slidrestølane, vidare traktorvegen som går over til Volbu. NB! Sjå
DetaljerSjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING
Sjutoppsturen FAKTA Startpunkt: Rosenlund Trimpoeng: 4 + 3 + 10 + 3 + 5 = 25 Målstad: Rosenlund Høgdeendring totalt: + 1007 m, - 1007 m Trimpostar på turen: Kletten, Kulen, Total løypelengd: 15 km Rinden,
DetaljerPOSTJAKTÅ Velkommen til Postjaktå Klepp 24
POSTJAKTÅ 2019 Velkommen til Postjaktå Klepp 24 Sommer er her. For 6. år på rad er vi i gang med «Postjaktå Klepp 24» Vi inviterer deg, din familie/dine venner ut på tur der dere finner poster med spørsmål
DetaljerHolmshatten. 620 moh 3, 9 km
Holmshatten 620 moh 3, 9 km Følg riksvei 17 mot Holm, og på den lange sletten før kirken, like ved 60 km skilter, er det merket ved siden av veien. Følg veien ca. 300 meter. Der er det parkering og stien
Detaljer«10 PÅ TOPP» I SANDNES 2014
«10 PÅ TOPP» I SANDNES 2014 www.stf.no/sandnesturlag «10 på topp» i Sandnes 2014 1. Bynuten 671 moh. dato: 2. Dalsnuten 323 moh. dato : 3. Bjørndalsfjellet 362 moh. dato: 4. Lifjell 282 moh. dato: 5. Vedafjell
DetaljerUtsikt fra Kattabergsfjell, tur 6. Foto: Thomas Førde
2008 Utsikt fra Kattabergsfjell, tur 6. Foto: Thomas Førde DnB NOR-turen er et landsomfattende samarbeid mellom DnB NOR og Norges Orienteringsforbund. Informasjon og deltagerregistrering finner du på.
DetaljerSTI GJENNOM LERKESKOG
Turstiar frå Eikesdalsvegen i Øvre Vats: 1. Thorsgruva 7. Eikås/Bjoa 2. Dyrhaug (260 mo.h.) 8. Vikebygd 3. Ørnaberget (340m.o.h.) 9. Morgonsvatnet (500m.o.h.) 4. Stemmetjørna (300m.o.h.) 10. Ulserhaug
DetaljerToppturer på Gautefallheia
Toppturer på Gautefallheia Gautefallheia Turlag har i 2010 merket seks toppturer i området rundt Gautefall heia. Mer informasjon om turene og løypebeskrivelse med kartutsnitt fås ved Gautefall Sentralen,
DetaljerFORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg
FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn
DetaljerVeibeskrivelser - 10 på topp 2019.
Veibeskrivelser - 10 på topp 2019. Veslekletten 465 moh. Koordinater: 32V 0614906 6847758. (kort og litt bratt i skogen) Lengde: Ca 1 km (en vei) Ta av Rv 30 på Otnes og kjør Gamleveien til Balstad (Gamleveien
Detaljer6-åringar på skuleveg
6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel
DetaljerTi-på-topp GOD TUR! Samla poengsum. Navn, adresse og alder på deg som har vært på tur: dato dato dato dato dato dato dato dato dato dato Totalt
Ti-på-topp 10 -topper Gapahuken på Brunåsen 1 poeng Næring Tyttebærfjellet Kjelleren Himmelrike Langmyrheia Braknesheia Nås-nibben Toskefjell Fiskeplass ved Korsvann dato dato dato dato dato dato dato
DetaljerSommervandring Trillemål
Sommervandring 2014 - Trillemål På oppfordring fra entusiastiske turgåere har vi valgt å utvide årets sommervandring, og har nå tilrettelagt en egen sommervandringskonkurranse med 5 trillemål. Dette er
DetaljerTopptrimmen - Turbeskrivelser
Topptrimmen - Turbeskrivelser Utarbeidet av FAU i samarbeid med Seim Idrettslag som arrangørene av Topptrimmen NB Vi gjør samtidig oppmerksom på at poeng for overnatting ute kun gis ved overnatting i forbindelse
DetaljerTurbok for Molde og Omegn
Turbok for Molde og Omegn Rutebeskrivelsene Demoutgave med 4 av over 30 turer Kai A. Olsen og Bjørnar S. Pedersen Forord På selve fotturen kan det være behov rutebeskrivelser. Hvor begynner stien? Skal
Detaljer1. Info om Sørre Brurskardknappen (1458moh)
1. Info om Sørre Brurskardknappen (1458moh) Køyr FV51 til parkeringa ved bommen i Heimdalsmunnen. Fjellstafettskilt står ved vegen, følg sti langs eggen til toppen. Lengde: Ca 2,6 km ein veg Høgdeforskjell:
DetaljerSommervandring Vinnerbilde sommervandringa Binnhøvdsknatten. Foto: Anne Berit Gunderhuset
Sommervandring 2018 Vinnerbilde sommervandringa 2017 Binnhøvdsknatten Foto: Anne Berit Gunderhuset I år er det valgt ut 11 turmål rundt om i kommunen, der 3 stk er tilrettelagt som trillemål. Vi har i
DetaljerRomsdalseggen. Vengedalen
Denne turbeskrivelsen er en del av boken Turbok for Romsdal. Andre bøker vi har laget: Turbok for Sydenferien Turbok for Ålesund og Omegn Skibok for Romsdal Turbok for Bergenshalvøyen Se www.turbok.no
DetaljerAktuelt kart for området er Turkart Kristiansund 1:50 000, utarbeidet av Nordmøre - og Romsdal Friluftsråd
KJENTMANNSPOSTER I NESSET 2010 Turmål: Vistdal - Svarttinden Koordinat: Alle opplysningene ble oversendt i 2009 - Høyde 1094 m : 1. Følg skogsvei fra lunningsplassen på Nerland ca 400 meter frem til veikryss.
DetaljerSommervandring 2013 Nord-Aurdal
1 Kviteberg 543 moh Parkering: Fagernes sentrum, evt Valdres Folkemuseum Turbeskrivelse: Godt skiltet fra Fagernes sentrum (turistinformasjonen): Følg strandpromenaden langs vannet vestover, gjennom parken
DetaljerUt på tur i Vindafjord
Ut på tur i Vindafjord 2016 Turkart og informasjon finn ein på www.vindafjord.kommune.no (kultur og fritid - friluftsliv) Foto Dagny Nernes 9 turar: Vikebygd Sætrafjellet 524 m.o.h. Denne turen går frå
DetaljerSlotthø Sunndalsfjella
Slotthø Sunndalsfjella Slotthø (1833 moh) er en storslått og krevende topptur i villreinens kalvingsområde. Turen bør gås i starten av juni når veien er åpnet og kalvingen er ferdig. På bildet ser vi nedkjøringen
DetaljerHolmshatten. 620 moh 3, 9 km
Holmshatten 620 moh 3, 9 km Følg riksvei 17 mot Holm, og på den lange sletten før kirken, like ved 60 km skilter, er det merket ved siden av veien. Følg veien ca. 300 meter. Der er det parkering og stien
DetaljerTopptrimmen 2014 Svalbard Turn
Topptrimmen 2014 Svalbard Turn Trollsteinglede. Halvard Pedersen Sveinung Bertnes Råheim 2014 Versjon 1.2 Side 2 T o p p t r i m m e n 2 0 1 4 Karlskronadjupet 0 1 2 3 4 km Criocerasaksla Konusen Forkastningsfjellet
DetaljerSUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:
SUND KOMMUNE Dok.dato: 18.05.2017 Vår Ref: 17/1067-1 Arkiv: INFORMASJON OM TRAFIKKAVVIKLING FOR SUND KOMMUNE KNYTT TIL SYKKEL VM Innhald Dok.dato: 18.05.2017 Vår Ref: 17/1067-1 Arkiv:... 1 Informasjon
DetaljerBispen. Trollstigen. Bispen (1462 moh) er den mest tilgjengelige av de tre høye toppene på vestre side av Trollstigen. Her sett fra Isterdalen.
Bispen Bispen (1462 moh) er den mest tilgjengelige av de tre høye toppene på vestre side av. Her sett fra Isterdalen. En flott alpin topp med fantastisk utsikt. I topp-partiet er det luftig og mye ur,
DetaljerTI TOPPER I NORE OG UVDAL 2016
TI TOPPER I NORE OG UVDAL 2016 Velkommen alle som deltar i årets TI TOPPER i Nore og Uvdal. Dette trim opplegget er organisert av Rødberg Idrettsforening i samarbeid med Nore og Uvdal kommune for å motivere
DetaljerKystfort. 1 km Start ved parkeringa oppe ved Storbakken. Følg traktorveien etter pekerne til kystfortet.
Løypebeskrivelser for turløyper i Kåfjord: Spåkenes og Nordmannvik Kystfort. 1 km Start ved parkeringa oppe ved Storbakken. Følg traktorveien etter pekerne til kystfortet. Fugleutkikk. 1,9 km Start ved
DetaljerParkering ved søppelcontainer v/sølvsmia. Følg stølsvegen til det høgste punktet på vegen. Kasse på open varmestue.
1 Fjellsenden (920 moh) Parkering ved søppelcontainer v/sølvsmia. Følg stølsvegen til det høgste punktet på vegen. Kasse på open varmestue. Nord: 6782865 Aust: 493101 kartformat EUREF89 (WGS84) 2 Kvithøvd
DetaljerSkålatårnet. Stryn. Vår vurdering
Skålatårnet Stryn Turen til Skålatårnet (1848 moh) er Nord-Europas største stigning. Men med storslagen utsikt på en av Norges beste stier går turen mye lettere enn stigningen tilsier. Den sylindriske
DetaljerStølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen
Postadresse Njøsavegen 2 6863 Leikanger Besøksadresse Fjordsenteret 5745 Aurland Kontakt Sentralbord: +47 57 64 30 00 Direkte: +47 57643129 fmsfpost@fylkesmannen.no www.nasjonalparkstyre.no/stolsheimen
DetaljerLuster hundeklubb sine trimpostar 2010
Luster hundeklubb sine trimpostar 2010 1: Molden Fjelltopp, utsiktspunkt 2: "Spegelen" på Indre-Hafslo Fjelltopp, utsiktspunkt 3: Vardanosi i Fortun Fjelltopp, utsiktspunkt 4: Gamle kongevegen ned Årøyane
DetaljerOpplev Trollheimens svar på Preikestolen
TUR 16 Ekkertinden, 1189 moh Opplev Trollheimens svar på Preikestolen Visste du at Trollheimen også har en «preikestol»? Den heter Ekkertinden, er dobbelt så høy som nasjonalikonet Preikestolen og stuper
DetaljerTurbeskrivelser for Eide Tolv turer 2012
Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2012 Halåssetra Ta av fra riksveg 64 og følg skiltet mot Derinngarden på Halåsen, og følg merkinga til Derinngarden. Parker ved lysløypa like etter. Følg vegen rett
DetaljerRETTLEIAR REGISTRERING PÅ WWW.MOROTUR.NO
RETTLEIAR REGISTRERING PÅ WWW.MOROTUR.NO 15.01.11 Friluftsliv i Møre og Romsdal til 2012 For å lagre å redigere senere trykk forhåndsvisning i bunn av registreringssiden, følg instruksjoner derfra. PUNKT
DetaljerSjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen Sjekkpunkt 11 Roensætra 22,34 km 637 høydemeter
2.juni 2012 Sjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen Sjekkpunkt 11 Roensætra 22,34 km 637 høydemeter 6-7 Tverrsjøstallen-Pershusfjellet* 2,92 km / 17,92 km** 128 hm / 628 hm** 7-8 Pershusfjellet*-Spålsætra 5,41 km
DetaljerTurmål: Skistua. Velkommen til storstua i Bymarka
Turmål: Skistua Velkommen til storstua i Bymarka Vullumsgården/Ferista Skistua Start fra Ferista, går gjennom grinda og ned mot Theisendammen, Stokkejordet og Blyberget, videre til demningen på Theisendammen.
DetaljerTingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2
Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere
DetaljerTurstier sør for Røverhilleren
2013 Turstier sør for Røverhilleren 01.06.2013 Innledning I Flora kommune er ein så heldige at ein har svært lettilgjengelege friluftsområde med både turvegar og turstiar i nær tilknyting til der folk
DetaljerGRATIS! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Tonje og Finn Terje. Ut på tur. i Iveland mai september
God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Tonje og Finn Terje GRATIS! Ut på tur i Iveland 2017 15. mai - 30. september I år består prosjektet av 9 postkasser. To av dem finner du i Birkenes kommune.
DetaljerTrafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune
Dato: Avgrensing: Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune 23.9.2017 24.9.2017 (laurdag og søndag) Sykkel-VM 2017 vert halde i perioden 16.-24.sept, men det er berre avslutningshelga 23.-24.sept
DetaljerPOSTJAKTÅ HOVEDTREKNING Bokstav pr post, skal bli setning av 15 bokstaver
POSTJAKTÅ 2018 Velkommen til Postjaktå Klepp 24 Velkommen til «Postjaktå Klepp 24» - 2018 Sommer er her. For 5. år på rad er vi i gang med «Postjaktå Klepp 24» Vi inviterer deg, din familie/dine venner
DetaljerTilskuddsordninger for friluftsliv: - Turskiltprosjektet. -Tilskudd til friluftsaktivitet (kap. 1420 post 78)
Tilskuddsordninger for friluftsliv: - Turskiltprosjektet -Tilskudd til friluftsaktivitet (kap. 1420 post 78) -Tiltak i statlig sikret friluftslivsområde (kap. 1420 post 78) - - Sikring av friluftslivsområder
Detaljer1. Gråhø (1779moh) Lengde: Ca 5 km ein veg Høgdeforskjell 729 meter Tid. Ca 2,5-3 timer opp
1. Gråhø (1779moh) Ta av frå fv 51 nord for Bygdin. Følg Jotunheimvegen mot Skåbu. Bombillett kr. 100. Køyr ca 13,5 km til mellom Haugseter Fjellstue og Listølen. Fjellstafettskilt står ved parkeringsplassen.
DetaljerForvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder 2013-2017. Fakta om kommunen (pr. 10.12.12)
DEL 1: Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Bokn kommune 2013-2017 Fakta om kommunen (pr. 10.12.12) Antall innbyggere Ant innbyggere per km2 Antall statlig sikra friluftslivsområder Andre
DetaljerHøyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av
DetaljerForvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Bokn kommune Fakta om kommunen (pr
DEL 1: Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Bokn kommune 2013-2017 Fakta om kommunen (pr 10.12.2012 Antall innbyggere Ant innbyggere per km2 Antall statlig sikra friluftslivsområder Andre
DetaljerEidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.
Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre Laurdag 13. juni 2009 DEVOLD NIBBERITTET 0-1500 meter over havet For fyrste gong vert
DetaljerNapp ut STOLPEJAKTEN ALVER. 6. april - 1. november 2019 ALVER KOMMUNE. Vi byggjer Alver kommune
Napp ut STOLPEJAKTEN ALVER 6. april - 1. november 2019 ALVER KOMMUNE Vi byggjer Alver kommune 2019 Velkomen til Stolpejakten i Alver! Me ynskjer deg velkomen til stolpejakt-sesong! Stolpejakten i Alver
DetaljerResultat trivselsundersøkinga våren 2019
Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle
DetaljerGjelder for perioden 20. juni 30. september
Gjelder for perioden 20. juni 30. september I år har vi satt ut 10 postkasser rundt i kommunen, to av turmålene er nye av året! Oppsøk stedene sammen som familie, med venner, på en treningstur eller helt
DetaljerVedtaksbrev - Innspel til Nasjonal ramme for vindkraft på land
GRANVIN HERAD Stab og støtte Norges Vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Dykkar ref.: Vår ref.: Arkivkode: Dato: 201801666-58 18/306-6 K2 - S82 01.11.2018 Vedtaksbrev - Innspel
DetaljerSykling i Castellabate
Sykling i Castellabate Litt om oppholdet: Vi bor i Santa Marco di Castellabate som ligger 12 mil syd for Napoli. Se mer her www.santa-maria-di-castellabate.com. Vi bor på Hotell Hermitage som er et 4*
DetaljerJuvet Landskapshotell
ei norsk oppleving Juvet Landskapshotell I tunet Burtigard på Alstad i Norddal kommune blir det etablert ei reiselivsbedrift utanom det vanlege; eit landskapshotell som tilbyr eit kortferiekonsept basert
DetaljerKJENTMANN I AGDENES Vinterbilde fra Holmtjønna
KJENTMANN I AGDENES 2016-2017 Vinterbilde fra Holmtjønna Kjentmannspostene er laget av Joar Tøndel, Oddvar Størdal, Bård Ølstøren, Astrid Nora Tøndel og Gunnhild Størdal. Takk til Agdenes kommune som har
DetaljerLøypenettet på Vågslid. Info frå Løypelaget Vågslid
Løypenettet på Vågslid Info frå Løypelaget Vågslid 2 Løypelaget kva og kven er det? Vågslid Grunneigarlag (GL) har ansvaret for løypenettet og løypekøyringa på Vågslid GL har invitert hytteeigarforeiningane
DetaljerSjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen Sjekkpunkt 11 Roensætra
TVERRSJØSTALLEN 2.juni 2012 Sjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen Sjekkpunkt 11 Roensætra 22,34 km 637 høydemeter 6-7 Tverrsjøstallen-Pershusfjellet* 2,92 km / 17,92 km** 128 hm / 628 hm** 7-8 Pershusfjellet*-Spålsætra
DetaljerFrøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland
Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Etter suksessen frå byggetrinn I og II, er me nå klare for sal av siste byggetrinn med 18 bustader. Her finn du gode løysingar
Detaljer2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.
HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I
DetaljerGJERDERETTLEIAR. Godkjent i plan og miljøutvalet, , sak 84/19
GJERDERETTLEIAR Lov om grannegjerde regulerer retten til å ha og plikta til å sette opp og vedlikehalde gjerder mellom naboeigedomar, og korleis gjerdet skal vere utforma. Viktige punkt frå lov om grannegjerde:
DetaljerToppvandring, med orienteringsgruppa i Torpa IL. -for 26.gang-
Toppvandring, 2018 med orienteringsgruppa i Torpa IL -for 26.gang- Sommeren 2018 er turkassene plassert på følgende steder Smørbukktoppen vest, 1148 moh, (Synnfjellet) Utgangspunkt: Gammelsetra (Nord-Torpa)
DetaljerJon Fosse. Olavs draumar. Forteljing
Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til
DetaljerFølg oss gjerne på Facebookgruppa Fjelltrimmen i Grane. Ønsker å bestille diplom: Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Navn:
FJELLTRIMMEN I GRANE 2018 Nr. Postnavn Gradering MOH Kartblad Besøkt dato 1 Stavvatnet Enkel 318 1925 IV Svenningdal 2 Steinhytta /Tosenfjellet Enkel 535 1825 I Tosbotn 3 Storklumpen/Blåfjellet Meget krevende
DetaljerStatens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune
Statens vegvesen Reguleringsplan for Fossatromma Vøringsfossen Fossli i Eidfjord kommune AKTUELLE TILTAK INNAN PLANOMRÅDET I eit forprosjekt som er utarbeidd av arkitekt CarlViggo Hølmebakk AS, er det
DetaljerSansehage Kleppheimen
2012 Sansehage Kleppheimen Anne Reidun Garpestad Ressurskommune universell utforming Klepp og Time 01.06.2012 Sansehagen ved Kleppheimen Sansehagen vart opna vår 2012. Det er eit gammalt utområde ved Kleppheimen
DetaljerTURORIENTERING SKIGRUPPA T.I.L. 2017
TURORIENTERING SKIGRUPPA T.I.L. 2017 Det er i år lagt ut 6 nye poster. Postene består av en hvit/oransje orienteringspost i plast, samt en rød klippetang. Pass på å klippe i rett rute. Du trenger bare
DetaljerMadeira MD4 MD1 MD5 MD3 MD6 MD2. 5 km
MD4 Madeira MD2 MD6 MD1 MD5 MD3 5 km MD1 00 Til Santana 00 1600 Fjellformasjoner 10 9 Archada do Teixeira Kafé 1600 ico Ruivo 00 00 00 ico Ruivo fra Achada do Teixeira Følg den steinsatte turveien. Denne
DetaljerResultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017
Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir
DetaljerEit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge 11.12.2012
Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge 11.12.2012 Prosjekta kan sjåast på som ein totrinnsrakett, der Gjensidigemidlane skal nå ut
DetaljerVEILEDER REGISTRERING PÅ
VEILEDER REGISTRERING PÅ WWW.MOROTUR.NO For å lagre og redigere senere, trykk lagre kladdf i bunn av registreringsskjemaet, følg instruksjoner derfra. Husk å legge inn e-postadresse først. PUNKT I SKJEMA
DetaljerLEIRVÅGEN - TILKOMST PARKERINGSAREAL - FRILUFTSOMRÅDE
Tekstvedlegg til temakart - friluftsliv 1 INNLEIING STATUSOVERSYN OVER FRILUFTSLIVTEMAET I VESTNES KOMMUNE, KREV AT EIN BÅDE SER PÅ TEMAET I KOMMUNEPLANEN SIN AREADEL VED SISTE RULLERING, OG AT EIN TEK
DetaljerKulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.
KULTURSKATTEN 1 Om Kulturskatten: Hjelmeland kommune gøymer på mange kulturminne, eller kulturskattar. Nokre av desse er kjende langt utover kommunen sine grenser, andre er det berre nokre få som kjenner
DetaljerI denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.
Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon
DetaljerInformasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober
Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2016 2017 Nr 2 - Oktober Hausten blei finare enn sommaren! Sjølv om ikkje turdagen til Synesvarden var den finaste dagen, så blei det ein gild tur med alle
DetaljerSøndagsturen 2013. 13 gode turforslag
S 203 3 gode turforslag Skiklub Skiklub ondhjems S S 203 3 flotte merkede turer i ondheims markaområder og turterreng! Våren har gjort sitt inntog og det er klart for den. S. ondhjems Skiklub legger i
DetaljerFurunebba. Sunndalsøra
Furunebba Sunndalsøra Furunebba (1516 moh) er et av de store fjellene som henger over Sunndalsøra. De tunge stigningene i solsiden tilsier at turen bør gjøres i kjølig høstluft. Underveis passerer du fylkets
DetaljerFØRDE TOMTESELSKAP. Brendeholten
FØRDE TOMTESELSKAP Brendeholten Plassering Slåttebakkane er eit godt etablert byggefelt i Førde, med ferdig utbygd infrastruktur. Det nye feltet ligg mellom den eldre delen av Brendeholten og Hjortefaret.
DetaljerProsjektplan Oppgradering av stisystemet i Brandsøyåsen Utkast pr. 29 oktober 2013.
FLORA KOMMUNE Prosjektplan Oppgradering av stisystemet i Brandsøyåsen Utkast pr. 29 oktober 2013. 1 Innhald 1. BAKGRUNN... 3 1.2 Brukarar av Brandsøyåsen... 3 1.3 Potensiale framover... 3 1.4 Politiske
DetaljerTURPROGRAM 2009 Stordal Turlag - Tur og Trim SIL
TURPROGRAM 2009 Stordal Turlag - Tur og Trim SIL VEL MØTT TIL TURSESONG Stordal turlag har blitt stifta for å arrangere fellesturar med varierande utfordring i tid, lengd og tyngd. For å gjennomføre det,
DetaljerRavnåskollen (167 m.o.h), fiskestien rundt Vikevannet
Ravnåskollen (167 m.o.h), fiskestien rundt Vikevannet Rundløype, 7,5 km, 1 t. 45 min. Parkeringsplass ved Vikestranda badeplass. Følg Vikeveien over elva og ta til høyre ved første veikryss. Ta av til
DetaljerMedverknad: Samtaler med turgrupper
NOTAT OPPDRAG Langelandskogen og deler av Frekhaug nord Områdereguleringsplan EMNE Medverknad: Samtaler med turgrupper - samanfatting DOKUMENTKODE TILGJENGELIGHET OPPDRAGSGIVER Meland kommune og Vest-Land
DetaljerEXPLORE. Actionfylte opplevelser. Det fine Vestlandet. 5 plasser å besøke denne sommeren NORWAY
Det fine Vestlandet EXPLORE NORWAY 5 plasser å besøke denne sommeren Actionfylte opplevelser INNHOLD Om oss, informasjon 1-2 Turheisa i Spjelkavik 3-6 Vardane, Sulafjellet 7-10 Wild Life Sea Safari,
DetaljerBli med i konkurransen Turmål i Ålesund og omegn! Alle som har funnet minst fem turkoder er med i trekninga av fine premier.
ålesund kommune Bli med i konkurransen Turmål i Ålesund og omegn! Alle som har funnet minst fem turkoder er med i trekninga av fine premier. Konkurransen varer fra og med mai til og med oktober. Konkurransen
Detaljer