Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Anne Lise Eklund

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Anne Lise Eklund"

Transkript

1 Tokke kommune Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Utval: Møtestad: Møteron sentral, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Anne Lise Eklund Leiar Møteprotokoll Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Turid Varsi MEDL Birgit Johanne Kovajord Olsnes NESTL SP Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Laila Karlsen Taraldlien Birgit Johanne Kovajord SP Olsnes Joar Breivik Turid Varsi Til stades frå administrasjonen: Navn Stilling Olav Bjørn Seniorrådgjevar Bakken Protokollunderskrifter:

2 Saksliste Utvalssaksnr Innhald Politisk saker til handsaming PS 18/3 Budsjett Økonomiplan og handlingsprogram Rådmannen sitt førebelse framlegg PS 18/4 PS 18/5 PS 18/6 PS 18/7 Trafikksikringsplan : Slutthandsaming Strategi for redusert bruk- og forsøpling av plast i Tokke kommune Beredskapsplan for menneske med nedsett funksjonsevne Høyring - etablering av nasjonalt eldre-, pasient- og brukarombod Lukka

3 Politisk saker til handsaming PS 18/3 Budsjett Økonomiplan og handlingsprogram Rådmannen sitt førebelse framlegg Nytt handlingsprogram og økonomiplan og budsjett 2019, med vedlegg, jf pkt 10 og 11 i vedlegg 1 (tabell 1, 2 og 3) skal førebels leggjast til grunn for Tokke kommune si verksemd i perioden, og blir vedteke med netto rammer for kvart planområde, og med dei endringar som fylgjer av seinare handsaming i råd og utval. Kommunestyret gjer endeleg vedtak Saksprotokoll i Formannskapet Framlegg frå Hilde Alice Vågslid, Ap: Innsparingstiltak 2.2 pkt om skulemat blir fjerna ikkje lovpålagt. Går ut, kr i mindre innsparing. Aukar skatteanslaget tilsvarande. Det vart røysta over rådmannen sin tilråding fyrst: Samrøystes vedteke. Så røysting over framlegget til Vågslid. Framlegget vart samrøystes vedteke. Nytt handlingsprogram og økonomiplan og budsjett 2019, med vedlegg, jf pkt 10 og 11 i vedlegg 1 (tabell 1, 2 og 3) skal førebels leggjast til grunn for Tokke kommune si verksemd i perioden, og blir vedteke med netto rammer for kvart planområde, og med dei endringar som fylgjer av seinare handsaming i råd og utval. Kommunestyret gjer endeleg vedtak Innsparingstiltak 2.2 pkt om skulemat blir fjerna ikkje lovpålagt. Går ut, kr i mindre innsparing. Aukar skatteanslaget tilsvarande. Saksprotokoll i Eldrerådet Framlegg om å ta rådmannen si innstilling til orientering utan merknader. Eldrerådet tek rådmannen si innstilling til orientering utan merknader.

4 Saksprotokoll i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Tilleggsframlegg i møtet: Tiltak i trafikksikringsplanen bør innarbeidast i budsjettet allereie for Rådmannen si tilråding med tilleggsframlegg vart samrøystes vedteke. Nytt handlingsprogram og økonomiplan og budsjett 2019, med vedlegg, jf pkt 10 og 11 i vedlegg 1 (tabell 1, 2 og 3) skal førebels leggjast til grunn for Tokke kommune si verksemd i perioden, og blir vedteke med netto rammer for kvart planområde, og med dei endringar som fylgjer av seinare handsaming i råd og utval. Kommunestyret gjer endeleg vedtak Tiltak i trafikksikringsplanen bør innarbeidast i budsjettet allereie for 2019 PS 18/4 Trafikksikringsplan : Slutthandsaming Trafikksikringsplan for Tokke kommune blir vedteken slik den ligg føre. Oppfølging og økonomiske prioriteringar skjer gjennom årlege, prioriterte tiltak og vedteke budsjett/ økonomiplan. Saksprotokoll i Utviklingsutvalet Rådmannen si tilråding vart samrøystes tilrådd vedteke. Framlegg om tillegg frå UTU: 2. Prioritering i liste pkt 6.1. blir endra slik når det gjeld prioritering: a. Austheii b. Sikringstiltak c. Gateljos Åsland Tønsbergkrysset d. Fartsdempande tiltak Dalen sentrum e. Gateljos Hakesflot/ Huvestadlia Tillegg samrøystes vedteke. Framlegg om tillegg frå SP v/ Wigdis Eikland: Prioritet punkt 1: «Gateljos Austheii vert prioritert i 2019 for heile omsøkt strekning for å ferdigstille tiltak ( ikkje bare 200m), på grunnlag av svært uoversiktleg, svingete, mørk og trafikkfarleg veg med mykje aktivitet. Prosjektet vil då utløyse 60 støtte, og grendelaget ynskjer å bidra med mannskap. Søkt om frå 1995». Sett opp mot pkt 1 i tabell 6.1 i planframlegget. Eikland sitt framlegg blei vedteke med 4 mot ei røyst. Framlegg til tillegg frå UTU:

5 3. UTU ynskjer framlagt eigen sak om enkeltljospunkt langs fylkesvegar og kommunale vegar, som er drifta av kommunen. I saka skal det vurderast omfang og plassering av slike punkt i høve til skuleborn og trafikktryggleik, og alternativ ljoskjelde som led-ljos, drift med solcelle, tidsinnstilling i høve til når tid plassen treng ljossetting, m.m. Framlegg frå UTU samrøystes. Framlegg til tillegg frå UTU: 4. Plandokumentet blir retta opp som følgje av vedtak og visse justeringar frå administrasjonen før vidare handsaming i utval og kommunestyre. Framlegg frå UTU samrøystes. 1. Trafikksikringsplan for Tokke kommune blir vedteken slik den ligg føre. Oppfølging og økonomiske prioriteringar skjer gjennom årlege, prioriterte tiltak og vedteke budsjett/ økonomiplan. 2. Prioritering i liste pkt 6.1. blir endra slik når det gjeld prioritering: a. Austheii b. Sikringstiltak c. Gateljos Åsland Tønsbergkrysset d. Fartsdempande tiltak Dalen sentrum e. Gateljos Hakesflot/ Huvestadlia Prioritet punkt 1: Gateljos Austheii vert prioritert i 2019 for heile omsøkt strekning for å ferdigstille tiltak ( ikkje bare 200m), på grunnlag av svært uoversiktleg, svingete, mørk og trafikkfarleg veg med mykje aktivitet. Prosjektet vil då utløyse 60 støtte, og grendelaget ynskjer å bidra med mannskap. Søkt om frå UTU ynskjer framlagt eigen sak om enkeltljospunkt langs fylkesvegar og kommunale vegar, som er drifta av kommunen. I saka skal det vurderast omfang og plassering av slike punkt i høve til skuleborn og trafikktryggleik, og alternativ ljoskjelde som led-ljos, drift med solcelle, tidsinnstilling i høve til når tid plassen treng ljossetting, m.m. 4. Plandokumentet blir retta opp som følgje av vedtak og visse justeringar frå administrasjonen før vidare handsaming i utval og kommunestyre.

6 Saksprotokoll i Eldrerådet Saksprotokoll i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne RFH sluttar seg til UTU sitt vedtak med tilleggsframlegg: RFH peikar på strekninga langs RV38 frå avkøyring til Bilstad og gjennom Skafså sentrum som trafikkfarleg særleg for av- og påstigning av skuleborn. På denne strekninga bør ein gjera ei grundig vurdering for å finne gode løysingar. 1. Trafikksikringsplan for Tokke kommune blir vedteken slik den ligg føre. Oppfølging og økonomiske prioriteringar skjer gjennom årlege, prioriterte tiltak og vedteke budsjett/ økonomiplan. 2. Prioritering i liste pkt 6.1. blir endra slik når det gjeld prioritering: f. Austheii g. Sikringstiltak h. Gateljos Åsland Tønsbergkrysset i. Fartsdempande tiltak Dalen sentrum j. Gateljos Hakesflot/ Huvestadlia Prioritet punkt 1: Gateljos Austheii vert prioritert i 2019 for heile omsøkt strekning for å ferdigstille tiltak ( ikkje bare 200m), på grunnlag av svært uoversiktleg, svingete, mørk og trafikkfarleg veg med mykje aktivitet. Prosjektet vil då utløyse 60 støtte, og grendelaget ynskjer å bidra med mannskap. Søkt om frå UTU ynskjer framlagt eigen sak om enkeltljospunkt langs fylkesvegar og kommunale vegar, som er drifta av kommunen. I saka skal det vurderast omfang og plassering av slike punkt i høve til skuleborn og trafikktryggleik, og alternativ ljoskjelde som led-ljos, drift med solcelle, tidsinnstilling i høve til når tid plassen treng ljossetting, m.m. 4. Plandokumentet blir retta opp som følgje av vedtak og visse justeringar frå administrasjonen før vidare handsaming i utval og kommunestyre.

7 RFH peikar på strekninga langs RV38 frå avkøyring til Bilstad og gjennom Skafså sentrum som trafikkfarleg særleg for av- og påstigning av skuleborn. På denne strekninga bør ein gjera ei grundig vurdering for å finne gode løysingar. PS 18/5 Strategi for redusert bruk- og forsøpling av plast i Tokke kommune «Strategi for redusert bruk- og forsøpling av plast i Tokke kommune» blir vedteken slik den ligg føre. Saksprotokoll i Utviklingsutvalet UTU sette fram tillegg til pkt 1.2: Sende ut informasjon i samband med varsel om flaum ryddig av plast og anna søppel som kan kome ut i vassdraget. Rådmannen si tilråding med tillegg frå UTU vart samrøystes tilrådd vedteke. Strategi for redusert bruk- og forsøpling av plast i Tokke kommune» blir vedteken slik den ligg føre. Sende ut informasjon i samband med varsel om flaum ryddig av plast og anna søppel som kan kome ut i vassdraget. Saksprotokoll i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne RFH sluttar seg til UTU sitt vedtak med tilleggsframlegg: RFH vil peike på problemet med rundballar som kan bli teke av flaum. Det bør vere forbode å lagre slike i flaumutsett område. Tokke kommune bør også oppmode lag, foreiningar og innbyggarane generelt om å redusere bruken av eingongsplast. Strategi for redusert bruk- og forsøpling av plast i Tokke kommune» blir vedteken slik den ligg føre. Sende ut informasjon i samband med varsel om flaum ryddig av plast og anna søppel som kan kome ut i vassdraget.

8 RFH vil peike på problemet med rundballar som kan bli teke av flaum. Det bør vere forbode å lagre slike i flaumutsett område. Tokke kommune bør også oppmode lag, foreiningar og innbyggarane generelt om å redusere bruken av eingongsplast. PS 18/6 Beredskapsplan for menneske med nedsett funksjonsevne Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tek vedlagte beredskapsplan for Helse- og omsorgstenestane til vitande. Saksprotokoll i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tek vedlagte beredskapsplan for Helse- og omsorgstenestane til vitande. PS 18/7 Høyring - etablering av nasjonalt eldre-, pasient- og brukarombod Rådet tek forslaget om eit nasjonalt eldre-, pasient og brukarombod til vitande. Saksprotokoll i Eldrerådet Saksprotokoll i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Rådmannen sin tilråding med tilleggsframlegg vart samrøystes vedteke. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne støttar forslaget om å utvide pasientog brukaromboda sitt ansvarsområde til også å femne om den fylkeskommunale tannhelsetenesta, men meiner at dagens pasient- og brukarombodsordning dekkjer gruppa eldre godt nok. Rådet tek forslaget om eit nasjonalt eldre-, pasient og brukarombod til vitande.

9 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne støttar forslaget om å utvide pasientog brukaromboda sitt ansvarsområde til også å femne om den fylkeskommunale tannhelsetenesta, men meiner at dagens pasient- og brukarombodsordning dekkjer gruppa eldre godt nok.