Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer. Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer"

Transkript

1 Tokke kommune Møteprotokoll Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00 Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Tone Dale Solvang Varaordførar SP Kjell Magne Grave Medlem AP Birgit Johanne Kovajord Medlem SP Olsnes Thor Arne Heggtveit Medlem SP Hilde Alice Vågslid Medlem AP Vidar Ragnvaldson Vindal Medlem AP Jarand Felland Ordførar SP Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Til stades frå administrasjonen: Navn Stilling John Kleiv Rådmann Tjøstov Djuve Økonomisjef Niina Laaksonen Personalsjef Ann Wraa Helse- og omsorgsjef Gunhild Austjord Kommunalsjef for Plan, næring- og teknisk Finn Arne Askje Kommunalsjef for oppvekst, kultur- og idrett Ann Wraa Kommunalsjef for helse- og omsorg Margit Karlsen Næringsrådgjevar Bjørnar Christensen Kyrkjeverge Protokollunderskrifter:

2 Saksliste Utvalssaksnr RS 18/8 Innhald Referatsaker 105/32 Dispensasjon for frådeling/ arealoverføring til felles parkeringsanlegg Politiske saker til behandling PS 18/42 Budsjett Økonomiplan og handlingsprogram Rådmannen sitt førebelse framlegg PS 18/43 PS 18/44 PS 18/45 PS 18/46 PS 18/47 PS 18/48 PS 18/49 Reguleringsplan Dalen sentrum: Vurdering av innspel etter varsling om oppstart og høyring av planprogram; vegen vidare Prissetting og tildelingskriterier for næringstomter på Høydalsmo 143/94 - Søknad om kjøp av tilleggsareal til redusert pris Søknad om næringstilskot - Nova Dalen AS Høyring - endringar i LVK sine vedtekter og kontigentgrunnlag Kommunesamarbeid om kraftsaker Auka behov - klient ved Åheim bufellesskap Lukka... Orientering frå kyrkjeverge Bjørnar Christensen om Oppsporing av graveigarar Praksis vedr gebyr Søknad om tilskot, drift, vedlikehald og investeringar

3 Referatsaker RS 18/8 105/32 Dispensasjon for frådeling/ arealoverføring til felles parkeringsanlegg

4 Politiske saker til behandling PS 18/42 Budsjett Økonomiplan og handlingsprogram Rådmannen sitt førebelse framlegg Nytt handlingsprogram og økonomiplan og budsjett 2019, med vedlegg, jf pkt 10 og 11 i vedlegg 1 (tabell 1, 2 og 3) skal førebels leggjast til grunn for Tokke kommune si verksemd i perioden, og blir vedteke med netto rammer for kvart planområde, og med dei endringar som fylgjer av seinare handsaming i råd og utval. Kommunestyret gjer endeleg vedtak Framlegg frå Hilde Alice Vågslid, Ap: Innsparingstiltak 2.2 pkt om skulemat blir fjerna ikkje lovpålagt. Går ut, kr i mindre innsparing. Aukar skatteanslaget tilsvarande. Det vart røysta over rådmannen sin tilråding fyrst: Samrøystes vedteke. Så røysting over framlegget til Vågslid. Framlegget vart samrøystes vedteke. Nytt handlingsprogram og økonomiplan og budsjett 2019, med vedlegg, jf pkt 10 og 11 i vedlegg 1 (tabell 1, 2 og 3) skal førebels leggjast til grunn for Tokke kommune si verksemd i perioden, og blir vedteke med netto rammer for kvart planområde, og med dei endringar som fylgjer av seinare handsaming i råd og utval. Kommunestyret gjer endeleg vedtak Innsparingstiltak 2.2 pkt om skulemat blir fjerna ikkje lovpålagt. Går ut, kr i mindre innsparing. Aukar skatteanslaget tilsvarande. PS 18/43 Reguleringsplan Dalen sentrum: Vurdering av innspel etter varsling om oppstart og høyring av planprogram; vegen vidare 1. Endring av reguleringsplan Dalen for det avgrensa, varsla planområdet ved Dalen bryggje og Tangane, vert avslutta. Tokke kommune førebur i staden oppstart av arbeid med ny reguleringsplan for heile Dalen sentrum, med sikte på å regulere areal til bustader, leilegheiter, GS veg, nye næringsområde, turvegar, m.m. jfr planstrategien for Tokke kommune

5 2. Ein ny reguleringsplan for heile Dalen sentrum vil fornye og utvikle gjeldande plan med føresegner, sett i høve til nye føringar og lovkrav, endra føresetnader som følgje av ny kunnskap, klimatilpassingar, m.m. 3. Planarbeidet vert førebudd med ny avgrensing og nytt/ revidert planprogram, før det blir lagt fram til politisk handsaming, som grunnlag for nytt varsel om oppstart og høyring av planprogram. Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. 1. Endring av reguleringsplan Dalen for det avgrensa, varsla planområdet ved Dalen bryggje og Tangane, vert avslutta. Tokke kommune førebur i staden oppstart av arbeid med ny reguleringsplan for heile Dalen sentrum, med sikte på å regulere areal til bustader, leilegheiter, GS veg, nye næringsområde, turvegar, m.m. jfr planstrategien for Tokke kommune Ein ny reguleringsplan for heile Dalen sentrum vil fornye og utvikle gjeldande plan med føresegner, sett i høve til nye føringar og lovkrav, endra føresetnader som følgje av ny kunnskap, klimatilpassingar, m.m. 3. Planarbeidet vert førebudd med ny avgrensing og nytt/ revidert planprogram, før det blir lagt fram til politisk handsaming, som grunnlag for nytt varsel om oppstart og høyring av planprogram. PS 18/44 Prissetting og tildelingskriterier for næringstomter på Høydalsmo

6 1. Pris på nye næringstomter innanfor regulert næringsareal Høydalsmo aust vert sett til kr 90,-/ m2. Omkostningar ved kjøpet, tilkoplingsavgifter og oppmåling dekkast av kjøpar. Prisane indeksregulerast kvart 5. år. 2. Rådmannen får fullmakt til å engasjere eigedomsmeglar. 3. Utvikling og opparbeiding av tomtane er ment for å skape aktivitet, kommunen vil ikkje tildele tomt for planar om lagerbygg utan at dette er knytta til aktivitetsskapande verksemd som byggast på tomta. 4. Tildelingskriterier for næringstomter på Høydalsmo er som føljar: Bedrifter som tilfører kommunen fleire arbeidsplasser prioriterast. Tomt tilbydast til eksisterande bedrifter som har behov for ny etablering eller utviding av sin bedrift. Tomt tilbydast nye bedrifter som kan sannsynliggjøre at de kan etablere en bæredyktig verksemd. 5. Kommunen har forkjøpsrett ved eventuell sal. Dersom det er ikkje oppført bygg på tomta innan 2 år etter salsdato, seljast tomta tilbake til kommunen for kjøpsprisen. 6. Det vil bli kontraktfestet at kjøper skal medverke til estetisk vedlikehald/forbetring av området ved bl.a vegetasjon og beplantning. Området utanfor bygningsmasser skal haldast fri for visuell forsøpling. 7. Rådmannen får fullmakt til å tildele tomtene og gjennomføre sal. Framlegg frå kommunalsjef for plan, næring- og teknisk: 1. Formannskapet ynskjer å få utgreie diffrensierte tomtepriser, samt evnt reglar for å leige/feste av næringstomter. 2. Pkt 7 i rådmannens tilråding utgår. 3. Saka blir deretter lagt fram for ny handsaming i formannskapet. Det vart røysta over rådmannen sin tilråding mot framlegget. Framlegget vart samrøystes vedteke. 1. Formannskapet ynskjer å få utgreie diffrensierte tomtepriser, samt evnt reglar for å leige/feste av næringstomter. 2. Pkt 7 i rådmannens tilråding utgår. 3. Saka blir deretter lagt fram for ny handsaming i formannskapet.

7 PS 18/45 Søknad om næringstilskot - Nova Dalen AS 1. Tokke kommune løyver kr til etablering og kr til investering i NOVA Dalen AS. 2. Midlane vert løyvd frå næringstiltak, konto Tilskottet gis som bagatellmessig støtte. 4. Reglar for støtte frå næringsfondet gjeld. Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vdeteke. 1. Tokke kommune løyver kr til etablering og kr til investering i NOVA Dalen AS. 2. Midlane vert løyvd frå næringstiltak, konto Tilskottet gis som bagatellmessig støtte. 4. Reglar for støtte frå næringsfondet gjeld. PS 18/46 143/94 - Søknad om kjøp av tilleggsareal til redusert pris Terje Stava og Gunvor Dahle får kjøpe omsøkt tilleggsareal på om lag 600 m 2 til kr. 20,-/ m 2, som blir lagt til gnr 143 bnr 94. Tilsvarande pris blir lagt til grunn for framtidige kjøp av tilleggsareal innanfor reguleringsplan Åmdals Verk, der arealet ikkje har anna funksjon og det er naturleg at blir lagt til ei etablert bustadeining. Same pris på kr 20,-/ m 2 gjeld òg ved sal av tilleggsareal frå kommunale eigedomar utanfor regulerte felt, til eksisterande, bebygde bustadtomter. Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. Terje Stava og Gunvor Dahle får kjøpe omsøkt tilleggsareal på om lag 600 m 2 til kr. 20,-/ m 2, som blir lagt til gnr 143 bnr 94.

8 Tilsvarande pris blir lagt til grunn for framtidige kjøp av tilleggsareal innanfor reguleringsplan Åmdals Verk, der arealet ikkje har anna funksjon og det er naturleg at blir lagt til ei etablert bustadeining. Same pris på kr 20,-/ m 2 gjeld òg ved sal av tilleggsareal frå kommunale eigedomar utanfor regulerte felt, til eksisterande, bebygde bustadtomter. PS 18/47 Høyring - endringar i LVK sine vedtekter og kontigentgrunnlag Tokke kommune godkjenner vedlagte forslag til nye vedtekter for LVK og nytt kontingentgrunnlag. Framlegg frå ordførar i møtet: Ber om meir informasjon om kostnader og inntekter i LVK før kommunen tek stilling til kontigentauken. Det vart røysta over rådmannen sin tilråding mot framlegget. Framlegget vart samrøystes vedteke. Ber om meir informasjon om kostnader og inntekter i LVK før kommunen tek stilling til kontigentauken. PS 18/48 Kommunesamarbeid om kraftsaker 1. Tokke kommune deltek i stifting og etablering av «Kraftkompetanse KO» på dei vilkår som går fram av tilråding frå styringsgruppa for utgreiing av kommunesamarbeidet. 2. Etableringa av «Kraftkompetanse KO» vert gjennomført som eit hovudprosjekt. Hovudprosjektet skal vere ferdig innan der alle formelle dokument er utforma slik at kommunestyra/fylkeskommunen kan gjere endelege vedtak om samarbeidsavtale, representantskap m.m. 3. Rådmennene/fylkesrådmannen i dei deltakande kommunane får fullmakt til å organisere eit hovudprosjekt for etablering av «Kraftkompetanse KO». Tokke kommune skal medverke til finansieringa av hovudprosjektet i høve til sin

9 fastsette eigarandel/deltakaransvar. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne finansieringsplanen for hovudprosjektet. Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke. 1. Tokke kommune deltek i stifting og etablering av «Kraftkompetanse KO» på dei vilkår som går fram av tilråding frå styringsgruppa for utgreiing av kommunesamarbeidet. 2. Etableringa av «Kraftkompetanse KO» vert gjennomført som eit hovudprosjekt. Hovudprosjektet skal vere ferdig innan der alle formelle dokument er utforma slik at kommunestyra/fylkeskommunen kan gjere endelege vedtak om samarbeidsavtale, representantskap m.m. 3. Rådmennene/fylkesrådmannen i dei deltakande kommunane får fullmakt til å organisere eit hovudprosjekt for etablering av «Kraftkompetanse KO». Tokke kommune skal medverke til finansieringa av hovudprosjektet i høve til sin fastsette eigarandel/deltakaransvar. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne finansieringsplanen for hovudprosjektet. PS 18/49 Auka behov - klient ved Åheim bufellesskap Tokke kommune opprettar 200 % stilling i helse og omsorgsetaten, for tida på Åheim bufellesskap. Stillinga fyljer brukarbehovet og blir vurdert ved endring i tilbodet. Utgifter vert dekt innanfor tilskott til særleg resurskrevjande brukar Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet Endringsframlegg i møtet: Tokke kommune opprettar 200 % vernepleierar stilling i helse og omsorgsetaten, for tida på Åheim bufellesskap. Stillinga fyljer brukarbehovet og blir vurdert ved endring i tilbodet. Utgifter vert dekt innanfor tilskott til særleg resurskrevjande brukar. Rådmannen sin tilråding vart samrøystes vedteke.

10 Tokke kommune opprettar 200 % vernepleierar stilling i helse og omsorgsetaten, for tida på Åheim bufellesskap. Stillinga fyljer brukarbehovet og blir vurdert ved endring i tilbodet. Utgifter vert dekt innanfor tilskott til særleg resurskrevjande brukar. Nytta Kommuneloven 13, hasteparagrafen i saka. Administrasjonsutvalets vedtak vart samrøystes vedteke. Tokke kommune opprettar 200 % vernepleierar stilling i helse og omsorgsetaten, for tida på Åheim bufellesskap. Stillinga fyljer brukarbehovet og blir vurdert ved endring i tilbodet. Utgifter vert dekt innanfor tilskott til særleg resurskrevjande brukar.