Liturgiske byggeklossar til å integrere den verdsvide kyrkja i gudstenesta. I det følgjande finn du framlegg til liturgiske ledd som høver til misjonsmarkeringa. Tenk igjennom og legg til rette for at dette kan bli ei gudsteneste som involverer mange; barn, ungdom, gjestar, kor, representantar frå misjonsorganisasjonar foreiningar, søndagsskule etc. Engasjer gjerne grupper i kyrkjelyden til pynting. Barn kan gjerne dekorere og lage teikningar som pryde gudstenesterom og våpenhus. Gudstenesterommet Gudstenesta kan innleiast med opningsord der liturgen står ved døypefonten, og minner kyrkjelyden om at dei i dåpen vart teikna med krossteiknet. Krossen har 2 kryssande liner. Den vertikale minner om at vi ved dåpen er gjort til Guds barn, grunnfesta i Jesu forsoning (Gåva). Den horisontale minner om at vi er døypt til eit liv i teneste for Gud og andre (Oppgåva). Begge liner høyrer med. Er det dåp kan dei to aksane vere disposisjon for kort preike om dåpen. Det kan også leggast til rette for dåpspåminning i starten av gudstenesta. Døypefonten bør vere godt synleg, sjølv om det ikkje er dåp. Inngangsord Den som har høve til det kan gjerne nytte lysglobe: Lyset i midten kan tennast og minne om Jesus, som lyset for verda. Det kan tennast eit lys for vår eigen kyrkjelyd. Det kan tennast eit lys for vår misjonsavtale, utsendingar frå kyrkjelyden, osb. Lystenninga kan avsluttast med følgjande ord: Tenninga av lys minner oss om vår einskap med den verdsvide kyrkja. Det utfordrar oss til omsorg, ansvar og fellesskap med verda. Det kallar oss til å fullføre det oppdrag Kristus gav oss; å bere Han, lyset for verda, fram til alle. Presentasjon av medliturgar i gudstenesta Barn, ungdom, gjestar, kor, representantar frå misjonsorganisasjonar foreiningar, søndagsskule etc. kan gjerne vere med å tenne lys til innleiing og deretter bli presentert. Syndsvedkjenning Alt. a) NoS 710,1v.: Vi rekker våre hender frem som tomme skåler. Kom til oss Gud, og gi oss liv fra kilder utenfor oss selv. (Sjå Glorialeddet under). Alt. b) L: Lat oss bøye oss for Gud. K: Vi vedkjenner for deg, Heilage Gud, at vi ofte berre ser det vi vil sjå, og berre høyrer det vi vil høyre. Tilgi oss at vi sjeldan bryr oss om den naud og smerte som 1
rammar andre. Tilgi oss at vi ikkje hindrar diskriminering og fordømming av menneske. Tilgi oss at vi ikkje nyttar våre krefter til å spreie evangeliet ut til alle. Alt. c) Den vanlege syndsvedkjenninga frå høgmesseliturgien Kyrie S97: 154, 156, 92 Syng håp s. 20 31 for fleire alternativ Gloria Alt. a) NoS 710 v. 2 ff, (Sjå syndsvedkjenninga over). Alt. b) Nos 943 Måne og sol med liturgisk innleiing frå Familiegudstenesta Alt. c) NoS 187 Deg være ære Alt. d) Den vanlige Gloria i høgmesseliturgien Samlingsbøn, kollektbøn Vil ein forme eiga samlingsbøn/kollektbøn, kan element frå kollektbøner i openberringstida også nyttast. Framlegg for familiegudsteneste: Treeinige Gud, vi kjem saman i ditt hus og stiller oss fram for deg. Far, du vil at alle skal finne ein heim her hjå deg. Jesus, du sender oss til alle menneske i heile verda. Du Heilage Ande kallar oss til fellesskap og glede. Vi takkar og lovar deg for din store kjærleik til alle mennesker. Opne hjarto våre så vi kan ta imot det du vil tale til oss. Amen Lesetekstar Der ein har framandspråklege gjestar kan ein vurdere å lese ein av tekstene på det aktuelle språket. Då tilrår vi at teksten blir trykt på norsk i programmet. Truvedkjenning Framlegg til innleiing: Lat oss samen med heile den verdsvide kyrkja vedkjennast vår heilage tru. Preiketekst Til preiketekstene ligg vedlagt tekstgjennomgåing frå Luthersk kyrkjetidene over sundagane i openberringstida. 2
Kunngjering Viktig at ein på denne søndagen nytter høvet til å informerer om kyrkjelyden sin misjonsavtale og dagens misjonsoffer. Nemn gjerne også nokre bøneemnar som kyrkjelyden kan ta med heim og be for. Sett dei gjerne ned på eit ark, og del dei ut ved utganga når gudstenesta er slutt. Forbøner/bønevandring Alt. a) Framlegg til Forbønn IV Forbønsleiar: Når vi no er samla i Jesu namn, så lat oss etter hans ord og lovnad be for kyrkjelyden vår og for Guds folk over heile jorda. 1. (Dette er framlegg. Arbeid gjerne med eigne tema). - dei som skal døypast i dag - borna og dei unge i kyrkjelyden - dei som er kalla til leiaransvar i kyrkja og misjonsorganisasjonane - alle frivillige medarbeidarar - rett bruk av våre ressursar slik at stadig fleire vedkjenner Jesus som herre og frelsar - misjonærane - misjonsprosjektet/vennskapskyrkjelydar - fornying av misjonsarbeidet L: Himmelske Far, du som har gjeve oss ein heim i de kyrkje på jorda, vi bed deg, hald oss oppe i ei sann tru, så vi alltid lever i samfunn med deg, og i ord og gjerning ærar ditt namn, ved Jesus Kristus, vår Herre. Framlegg bønesvar: Høyr vår bøn Syng Håp nr 33 (Iver Kleive) Forbønsleiar: Lat oss be for folket vårt og for dei som styrer og har ansvar i samfunnet. 2. (Dette er framlegg. Arbeid gjerne med eigne tema). - statsmenn og leiarar i alle land - dei folkevalde lokalt og sentralt i vårt land - leiarar i industri og næringsliv - lærarar i lokalmiljøet L: Himmelske Far, verna i nåde om folk og fedreland. Velsigna kongen og hans hus, og gjev visdom og kraft til alle i ansvarsfulle stillingar, så dei kan gjere si gjerning til ære for deg og til signing for folket, ved Jesus Kristus, vår Herre. 3
Framlegg bønesvar: Høyr vår bøn Syng Håp nr 33 (Iver Kleive) Forbønsleiar: Lat oss be for dei som har kome ut for sjukdom og ulykker, for alle einsame og for dei som har tungt å bera 3. (Dette er framlegg. Arbeid gjerne med eigne tema). - dei som søkjer forbønn - fornying av vår omtanke for medmenneske rundt oss - aktuelle katastrofar - offer for menneskehandel L: Miskunnsame Gud, du som i kjærleik tek deg av alle dine skapningar, vi bed deg, høyr vår bøn for alle som er i naud og trengsel, og for dei som strir med døden. Fri dei frå motløyse og fortviling. Styrk dei i lidinga, og lat dei få kjenna din nådige hjelp, ved Jesus Kristus, vår Herre. Framlegg bønesvar: Høyr vår bøn Syng Håp nr 33 (Iver Kleive) Forbønsleiar: La oss be om fred i verda og om rettferd og fridom for alle menneske. 4. (Dette er framlegg. Arbeid gjerne med eigne tema). - dei som lid for evangeliet si skuld - kristen einskap - kyrkjeleg freds- og forsoningsarbeid (t.d. dei palestinske kyrkjene) - statsmenns vilje til å fremje rettferd og fred - aktuelle internasjonale kriser L: Himmelske Far, miskunne seg over vår angstfylde verd. Hjelp oss så vi ikkje vert skuld i ufred og strid, men lever saman i fred og etter din vilje, til du gjer alle ting nye, ved Jesus Kristus, vår Herre. Framlegg bønesvar: Høyr vår bøn Syng Håp nr 33 (Iver Kleive) Når det ikkje er dåp eller nattverd sluttar forbøna med Herrens bøn. Alt. b) Framlegg til Bønevandring I Bruk god tid til å førebu bønevandringa saman med alle medarbeidarane i gudstenesta. Ta omsyn til kyrkjerommet kvar ein kan plassere stasjonar og korleis ein kan bevege seg i rommet. Syt for at det ikkje skjer for mykje oppe ved alteret. Kyrkjelyden må få god informasjon på forhand, anten ved innbyding til gudstenesta, i velkomstorda og/eller i det trykte gudstenesteprogrammet. Det er viktig å understreke at vandringa er eit tilbod, og at ein gjerne kan bli sitjande i benken. 4
Undervegs i vandringa bør det vere dempa orgelmusikk. Eksempel på stasjonar i bønevandringa: dåpspåminning ved døypefonten bønekrukke ein kan skrive bønelappar, og borna kan teikna bøne lystenning- bruk gjerne lysgloben som ein stasjon der vi ber for den verdsvide kyrkja, eller for personlege behov. Eigen stasjon for misjonsprosjekt; bruk bilete, gjenstand frå det aktuelle landet (om ein har) og lag aktuelle bønneemne for prosjektet, kanskje i form av lappar ein kan ta med heim, og bære med seg i kvardagen På gusteneste utan nattverd skal bønevandringa avsluttast med Herrens bøn. Alt. c) Framlegg til Bønevandring II utan nattverd under takkoffer Dersom ein nyttar Forbøn IV kan leiaren av forbøna legge til i det 4.leddet: Forbønsleiar: Lat oss samstundes i takk og tilbeding bere fram våre takkegåver. Nytt gjerne lysgloben eller bønealtaret (eller andre bønestasjonar) og ber fram dine bøner der, under takkofferet. Du er sjølvsagt fri til å bli sitjande i benken som før. Offring og bønevandring skjer til svak orgelmusikk Den som leier bøna, hentar bønekrukka, gir henne til liturgen Den som leier bøna, hentar deretter offerkorga og gir henne til liturgen Liturgen går til altaret og lyfter først opp bønekrukka. Forbønsleiar: Lat oss løfta opp til Gud alle våre bøner. Stille bøn. L: I dine gode hender, Gud, legg vi alt og alle, som vi no har bedt for i Jesu Kristi namn. Liturgen lyfter deretter opp offerkorga. Forbønsleiar: Lat oss be for takkofferet. Stille Bøn. L: Himmelske Far, alt det vi eig, høyrer deg til. Velsign desse gåvene, så dei kan verta til gagn for ditt rike og vår neste, for Jesu Kristi skuld. K: Herre høyr vår bøn. Amen Fadervår blir leia av liturgen frå alteret. Alt. d) Framlegg til Bønevandring III ved nattverdgang (Informasjon frå lesepulten under kunngjeringa) I dag inviterer vi til bønevandring samtidig med nattverdmåltidet. Her framme ved altarringen kan du bøye kne og ta imot Herrens nattverd. Ved lysgloben kan du tenne lys og be for ein du er glad i ein som er sjuk noko du treng hjelp til dei som lid for evangeliet si skuld kristen einskap kyrkjeleg freds- og forsoningsarbeid Ved bønekrukka kan du skrive dine bøner og legge dei i krukka. Du er sjølvsagt fri til å bli sitjande i benken som før. 5
( Etter tilseiingsorda etter nattverdutdelinga hentar Tekstlesar/den som leier forbøna bønekrukka, gir henne til presten og går til lesepulten og innleier til bøn medan presten løfter opp bønekrukka ) Forbønsleiar: Lat oss løfta opp til Gud alle våre bøner. L: I dine hender gode Gud, legg vi alt og alle, som vi no har bedt for, i Jesus Kristi namn. (Deretter bed presten takkekollekten for nattverden) Nattverden Brødet som vi bryter og deler, er eit vakkert misjonsmotiv hjelp kyrkjelyden til å sjå det! Nattverden er rik på innhald og motiv. Det er eit himmelvend måltid og eit styrkemåltid på veg ut i kvardagen. Her mottar vi Guds nåde på ein synlig måte. Jesus deler seg sjølv med oss. Brødet som vert brote, synliggjer det som skjedde med vår Herre. At han gav seg sjølv for oss. Jesus Kristus døde og stod opp. Denne bodskapen gjeld alle menneske. Som mottakar av dei gåver Gud har gjeve oss, blir vi kalla til å dele dei. Vi går ikkje einsame ut i kvardagen. Kristus er med oss, og han ønsker gjennom oss å bringe livets brød ut til mennesker som trenger det. Utgangsord Refleksjon over Ite missa est. Ordrett betyr det oversett: "Gå, det er sending". Høgmessa hentar sitt namn frå "missa." Misjon kjem frå same rota. Missa - messe - misjon. Kvar gudsteneste er misjon. Gudstenesta er staden der vi samlast og deler kristent fellesskap, vedkjenning, tilbeding, Ordet og bordet og tilslutt blir vi sendt ut. Vi blir sendt ut til kvardagen til kvar vår stad for å vere kyrkje der. Vi blir sendt ut for å tene, for å dele Kristus med alle. Gå i fred ten Herren med glede. Salmeframlegg Det er eit eige avsnitt i den nye salmeboka (NS-13) over salmar for både Kristi Openberringsdag(88-92) og Openberringstida (93-107). Det finns også tematiske oversikt over salmar frå den verdsvide kyrkja på side 1418 i NS- 13. Det finnes også mange spesifikke misjonsalmer. Vi nemner fylgjande: NS-13 101 NS-13 482 NS-13 532 NS-13 690 NS-13 695 Kristus er verdens lys Deg å få skoda Guds kirkes grunnvoll ene Reis deg Guds menighet Rop det ut med hjertets jubel 6
NS-13 608 NS-13 87 NS-13 258 NS-13 393 NS-13 691 NS-13 698 NS-13 697 NS-13 609 NS-13 991 NS-13 633 NS-13 479 NS-13 434 Når vi deler det brød som du oss gir Jesus, ja han alene Himmelen tonar av lovsong Cantai ao Senhor/Kom syng for vår Gud Din rikssak Jesus være skal Åkrane kvitnar mot hausten Der det nye livet lever Hører du den hemmelige sangen Slik som min Fader sendte meg Gå du med oss for vegen er lang. Fordi han kom og var som morgenrøden Det er navnet ditt jeg roper /Kallet Barnesalmeboka: 146 Kum ba yah, my Lord 150 Fortell dem om mitt rike 152 Jeg vil være med å si det høyt til alle 155 Lyset er kommet til verden 285 Alle barn kan komme 7